
8 minute read
Rauland Skisenter gjennom 40 år
RAULAND HAR EI LANG REISELIVSHISTORIE, IKKJE MINST INNAN ALPINBRANSJEN.
DET HAR VORE MANGE ANLEGG MED ULIKE EIGARAR, LEIARAR OG TILSETTE.

Gjester var det også på 80-tallet! T-krok og det første barneområdet ny heis og bakke. Freestylebakken, som stod ferdig i 1986, kvalifiserte til verdscuprenn i freestyle. Bakken og halfpipen i Rjupebakken gjorde Rauland Skisenter til ein pioner innan freestyle og snowboard. Dette bidrog til å etablere «Uvyrdslåmi snobrettlag», med kjende utøvarar som Terje Håkonsen og Åshild Loftshus.
Anlegget hadde store konkurransar, som NM og uttak til World Cup. Mange klubbar frå heile Noreg trena i Rauland, og Rauland Skisenter tok imot norske alpinlandslag til treningssamlingar. Også her var Erling Svalastog utroleg viktig.
KONKURS OG VIDARE DRIFT
Allereie i 1959 opna Hotellheisen ved Rauland Høgfjellshotell. Dette var då heis nummer 20 i Noreg!
• I 1959 opna Hotellheisen
• I 1972 opna Vierli Turistsenter skianlegget på Vierli
• I 1984 opna Rauland Skisenter
• I 1985 opna Rauland Alpinsenter
• I 2000 opna Heimvegliheisen
• I 2002 opna Parken på Vierli
• I 2008 opna Holtardalen
STARTEN PÅ EVENTYRET I RAULAND SKISENTER
Gjennom 40 år har Rauland Skisenter utvikla seg i takt med hyttebygging og auka fokus på reiseliv.
Erling Svalastog dreiv Caravanplassen og utleige av hytter rett ved dagens skisenter. Frå
Faksimile fra VTB gjestene kom det ønskje om skianlegg. Knut Lødøen ved Rauland Høgfjellshotell gjekk inn med 20 %, Geir Midtbø på Austbø Hotell med 10 %, Svalastog hadde dei resterande 70 %, og Rauland Skisenter AS blei etablert.


Tråkkemaskin med breidde på 3,80 meter blei kjøpt hausten 1984. Dagens maskiner er nesten 7 meter breie. Året etter kom ei ny maskin som òg kunne brukast til å preparere skiløyper. Rauland Skisenter opna i desember 1984.
Det var viktig å hente inn kompetanse, og Erling reiste difor rundt i Noreg, Sverige, Austerrike og Sveits for å studere alpinanlegg. Desse studieturane la grunnlaget for utforminga av skianlegget.
UTBYGGING
Anlegget fekk seks hovudbakkar, to barnebakkar og eit 1200 meter langt skitrekk. Frå starten blei det òg etablert ein garasje for tråkkemaskiner i kjellaren av sentralbygget. Garasjen er det vi i dag kjenner som skiutleiga, medan garasje og verkstad er nå flytta til eit eige bygg.
VIDARE UTVIKLING
I 1987 overtok skisenteret drifta av Hotellheisen og kopla denne til sitt eige løypesystem. Hotellbakken fekk lysanlegg i 2007.
Totalt blei det investert rundt 27 millionar kroner i skisenteret. For å sikre vassforsyning til snøproduksjonen blei Leirbekk demt opp. Dette anlegget er framleis i drift, sjølv om kompressorar og anna utstyr gradvis er bytta ut.
I 1987/88 blei Rugdeheisen bygd, og det gamle barneskianlegget blei erstatta med
Tunge tider med høge renter kombinert med store investeringar råka Rauland Skisenter, som gjekk konkurs 30. august 1988. Krava var på heile 20,3 millionar kroner.
Gjennom harde og raske forhandlingar blei Nye Rauland Skisenter AS etablert berre to månader seinare. Grunneigarane til festegrunnen bidrog sterkt i forhandlingane ved å stille tøffe krav til bustyret for vidare utleige.
Nye Rauland Skisenter gjorde ei avtale med buet som innebar ein kjøpesum på 8 300 000 kroner.
Nye Rauland Skisenter blei stifta med desse eigarane:
• Gunnar Stenberg AS: 58 %
• Erling Svalastog: 24 %
• Rauland Høgfjellshotell: 12 %
• Austbø Hotell: 3,5 %
• Roar Berg Hansen: 1,75 %
• Halvor Lognvik: 0,3 %
• Halvor Skeie: 0,3 %
• Kjell Torp: 0,3 %
At tobakk-, vin- og brennevinsimportøren Gunnar Stenberg AS kom inn i drifta, sette store spor i Rauland. Selskapet eigde 50 % av Vestlia Høgfjellshotell og var medeigar i fleire andre reiselivsbedrifter. Stenberg eigde og dreiv Rauland Høgfjellshotell fram til januar 2004.
Drifta i Skisenteret var tung også seinare, og då det blei nødvendig med kapital via emisjonar, overtok Gunnar Stenberg etter kvart selskapet åleine. Etter at Gunnar Stenberg døydde i 2003, tok kona Birgitte Stenberg over Rauland Skisenter.
To-setaren blei bygd i 1998. Det er mange historier knytt til denne. Nokre meiner eigarane delvis trudde at det var noko anna som blei bestilt og betalt for enn denne godt brukte heisen frå Vrådal. Uansett har stolheisen tent anlegget vel i snart 25 år utan lenger driftsstansar eller problem. Gjestene er ikkje alltid samde i dette, men mange bør vera glade for at dette sannsynlegvis er ein av Noregs mest lønsame skiheisar.
TILSETTE
Rauland Skisenter har hatt tusenvis av tilsette gjennom desse 40 åra. Driftsleiar Frode Hamarsnes har arbeidd i selskapet sidan starten. Andre har vore tilsette i ein sesong eller to.



TAL FAKTA
• 110 000 skidagar
• 68,4 millionar i omsetning
• 112 tilsette
• 2 stolheisar, 9 skitrekk, 1 skiband
• 26 nedfartar
• Nr. 15 i omsetning i Noreg (av ca. 270 anlegg)


Daglege leiarar har vore Jan Vidar Sandengen, Jan Sletten, Åshild Loftshus, Stein Engel, Bjørn Svalastog, Stein Birger Johnsen og Kristin Larsen, som er dagens leiar og eigar.
For mange lokale ungdommar har dette vore starten på arbeidslivet. I dei første åra var det rundt 25 tilsette i vintersesongen, medan det i sesongen 2023/24 var 112 tilsette.
RAULANDSFJELL
Rauland Skisenter har vore involvert i Rauland Alpinsenter som eigar og drivkraft. Driftsleiar Frode Hamarsnes var òg lenge ein av eigarane.
Rauland Alpinsenter, seinare Raulandsfjell Alpinsenter, opna i desember 1985. Dette anlegget blei bygd etter ein enorm dugnadsinnsats frå lokale eldsjeler. Vinje kommune, IL Dyre Vaa og andre personar var aksjonærar. Anlegget var svært omstridt, og diskusjonane gjekk hardt for seg i aviser og nabolag. Då som no handla diskusjonane om kor turistane skulle vera, og om dette øydela bygdas eigenart.
Raulandsfjell har visa seg vanskeleg å drive økonomisk, og er no stengt etter konkurs. Det er framleis mange positive krefter som prøver å gjenopne det spennande anlegget.
HOLTARDALEN
Stein Birger Johnsen starta utbygginga i Holtardalen sommaren 2006 gjennom selskapet Rauland Invest AS. Rekkefølgjekrav kravde bygging av alpin infrastruktur, og den 12. januar 2008 opna den nye fireseters stolheisen i Holtardalen. Samstundes opna «Tverrliheisen», som knytte dette anlegget saman med Rauland Skisenter. Seinare blei det bygd skiband og skitrekket «Hytteheisen».
Anlegget i Holtardalen har fleire nedfartar, og samla bidrog dette til at skiareala i Rauland Skisenter blei nesten dobla på kort tid. Investeringane i Holtardalen utgjer over 75 millionar kroner.
Rauland Skisenter dreiv anlegget i Holtardalen mot eit fast vederlag. I praksis var det då fem selskap som dreiv skiheisar i Rauland. Rauland var, saman med mellom anna Geilo, blant dei første med felles skikort for fleire anlegg med ulike eigarar.
Rauland Invest kjøpte så Rauland Skisenter av Stenberg Finans før sesongen 2010/2011.
Holtardalen har etter kvart blitt eitt av Noregs største hytteområde. Dette speglar seg i omsetning og aktivitet. Området har snart 800 hytter, og samla gjer rundt 1200 fritids-eigedomar med ski ut/inn til skianlegget det mogleg å drive ei lønsam verksemd i Rauland Skisenter.
VIERLI
Vierli har ei lengre historie enn Rauland Skisenter. Såve og Bjarne Larsen dreiv Vierli Fjellstoge frå 1969. Allereie i 1972 bygde dei det første skitrekket på Vierli.
Sonen Erlend kom heim og overtok Vierli i 1991. Saman med kona Anne Grete starta han ei stor utbygging av aktivitetar,

Snøsikre Rauland med ski ut/ski inn for tusenvis av hyggelege gjester
skianlegg, utleigehytter og fritidsbustader. Erlend blei kjend over heile Noreg for å «finne opp» bruken av kjelkar i norske skisenter i 1993, og han bygde det som blei kåra til Noregs beste ski-park.
Heimvegliheisen blei bygd i 2000 av eit eige selskap, Heimvegliheisen AS, stifta av Erlend Larsen, Sigmund Tvitekkja og Helge Aasen. Selskapet eksisterar framleis, men skitrekket er stengt.
Erlend Larsen døydde i 2013, og dottera Kristin tok over bedrifta berre 24 år gammal.
Ho hadde då utdanning og erfaring frå reiseliv på Geilo. Saman med Håvard Bjørke frå Ål, som ho no er gift med, var ho godt rusta til å drive familiebedrifta vidare.
DAGENS SKISENTER
Aksjonærkonfliktar førte til at situasjonen i Rauland Invest endra seg, og Vierli Eigedom kjøpte Rauland Skisenter etter sesongen 2015/2016. Vierli og Rauland Skisenter blei deretter slått saman.
Store krav til tryggleik i drifta og økonomi gjorde at anlegget på Vierli blei stengt etter sesongen 2018. Dette har skapt noko misnøye, men ei gradvis utbygging av park i Hotellbakken gjev ei meir praktisk og fornuftig drift.
Gjennom oppkjøp, nedleggingar og konsolideringar er situasjonen i dag slik at Rauland Skisenter no er åleine om å drive skisenter i Rauland. Men historia sluttar neppe etter 65 år med drift av skianlegg. Kven veit kva framtida vil koma med for heisar og reiseliv i Rauland?