7 minute read

Frå trestolpar til toppmoderne skiopplevingar

I 40 ÅR HAR FRODE HAMARSNES VORE EIN DEL AV HISTORIA VED RAULAND SKISENTER, EI UTVIKLING DRIFTSLEIAREN HAR SETT OG UTFORMA MED SINE EIGNE HENDER

TEKST: PER APELSETH • FOTO: PER STIAN JOHNSEN

Det er utruleg kor mykje som har skjedd, seier Frode og trekkjer på smilebandet, mens han rettar blikket mot skiheisane som strekkjer seg mot himmelen. Han er ekte raulending, begynte sitt virke med alpinbakkar og skiheisar allereie som tolvåring. Unge Frode hjelpte til på det lokale høgfjellshotellet med heisar og løyper. Den gongen var skiheisane spent mellom tremaster, og utstyret bar preg av den enkle teknologien på 1980-talet. Det var ikkje mykje fancy utstyr den gongen, nei. Dei bruka telefonstolpar til heismaster, fortel Frode lattermildt. I dag er han driftsleiar for skisenteret, ei verksemd som har vakse til å bli ein hjørnestein i Rauland både økonomisk og sosialt. Senteret har opptil 100 tilsette i høgsesongen.

Frå Ungdomsskule Til Skiheis

For Frode var det lite tilfredsstillande å sitje stille i eit klasserom. Eg var skuletrøytt og fekk heldigvis lov til å arbeide i staden. Arbeidet ved skiheisen passa han som hand i hanske. Her kunne han bruke praktiske evner, og lære på ein måte som var langt meir meiningsfylt enn skuleteori. Gjennom åra har han tatt alle nødvendige sertifikat, og lært seg det meste om alt frå tråkkemaskiner til avanserte skiheisanlegg. I dag er arbeidsoppgåvene langt meir samansette og krevjande enn då han jobba med manuelle skikrokheisar og klyppekort. Den gongen stod vi med saks og klypte hol i korta til folk, humrar driftsleiaren. No går alt føre seg digitalt, med skannerar og avanserte system. Men teknologien kjem ikkje utan utfordringar: Det kan vera eit mareritt å få tak i reservedelar, spesielt til eldre anlegg. Alt må vera godkjent av fabrikken, elles får vi ikkje driftsløyve.

Ein Heilårleg Livsstil

Frode er kjent for sin pliktoppfyllande dedikasjon. Når vinteren set inn, er driftsleiaren tidleg på jobb og blant dei siste som dreg heim. Eg har arbeidd døgnet rundt for at alt skal vera klart for gjestene. Frå tråkkemaskiner til snøkanoner – alt må fungere. Vinteren er hektisk, men sommaren gjev pusterom – i alle fall på papiret. Då går tida til vedlikehald av skiheisane, utskifting av slitedelar og førebuingar til neste sesong. Sjølv om det er sommar, er det alltid noko som må gjerast. Eg likar å seie at me driv på heiltid, sjølv om vi berre har gjester halve året. For Frode har det også vore mogeleg å involvere familien i drifta av skisenteret. Alle dei fire døtrene har på eitt eller anna tidspunkt jobba på skisenteret saman med far sin. Det er tydeleg at Frode er glad i familien sin.

Utviklinga I Rauland

Sidan Frode starta på 1980- talet, har Rauland opplevd ein voldsom vekst. Skisenteret har utvida med fleire heisar, nye trasear og kunstsnøanlegg. Hyttebygginga har utvikla seg positivt og gjeve mange arbeidsplassar, og Rauland har gått frå å vera ei lita fjellbygd til ein destinasjon med internasjonale gjester:

Vi har fått fleire utanlandske gjester, spesielt frå Danmark. Danske familiar set pris på dei familievennlege bakkane, og nokon av dei har til og med slått seg ned i bygda. Det er moro å sjå korleis reiselivet har bidratt til å skape arbeidsplassar og utvikle Rauland. Men veksten har også sine utfordringar. Frode peikar på byråkratiet som har blitt stadig meir omfattande. I dag kan eg nesten ikkje bruke ungdomar til å hjelpe til, slik eg sjølv gjorde som ung, på grunn av strenge tryggingsreglar. Omtrent alt arbeid ved senteret krev kurs og sertifikat.

KREVJANDE, MEN GJEVANDE

Arbeidet ved skisenteret er alt anna enn rutine. Det hender alltid noko. Enten det er ei maskin som streikar, eller ein heis som må reparerast, seier Frode. Sjølv i dag, etter over 40 år, trivst han best ute i felten. Om det er på ein snøskuter eller oppe i ei heismast, er raulendingen i sitt ess når han får jobbe med hendene. Den dagen Raulandsmagasi- nets utskremde skal møte altmogelegmannen ligg han flat ute på ei myr med eitt øyra mot bakken. Han lyttar seg fram til lekkasje i nedgravde vassrør som høyrer til snøkanonene lenger oppe. Lekkasjen blir funnen, og mannskapet grev ned i myra og skifter ut det gamle, sprukne vassrøret.

Driftsleiaren delar også historiar som viser kor viktig tryggleiken er i eit slikt skianlegg. Vi har heldigvis aldri tronge å evakuere nokon frå heisane, men vi er godt førebudde om noko slikt skulle skje, understrekar skisenterets ressursperson. Og så er det dei små augneblinkane som gjer alt strevet verdt det. Som når Frode møter gamle kjente og tidlegare kollegaer som hugsar han frå ungdomstida på skisenteret, eller når fornøgde kundar let høyre frå seg. Det er artig når folk kjenner meg att og opplever at eg har vore med heile vegen, innrømmer den erfarne og yrkesstolte raulendingen.

FRAMTIDA FOR SKISENTERET

Når Frode ser framover, er han optimistisk, men også realistisk. Klimaendringar har allereie begynt å påvirke skisesongen: Snøen kjem seinare og vinteren blir kortare, seier han. For å kompensere for dette har skisenteret investert i fleire kunstsnøanlegg, men det fins ingen enkel løysing. Frode ser også med uro på dei mindre skianlegga rundt om i Noreg. Mange alpinbakkar har vore nødt til å leggje ned fordi dei ikkje har råd til å oppfylle alle dei tekniske krava. Dette er også negativt med tanke på rekruttering og utvikling av nye alpintalent. Det er viktig at jenter og gutar som har lyst til det får høve til å drive med alpinsport.

For Rauland er nykelen å halde fram med å tiltrekkje seg turistar og hyttefolk. Rauland og områda rundt har fantastiske vilkår for friluftsliv og rekreasjon heile året. Og Frode sjølv? Han ser ikkje for seg å pensjonere seg med det fyrste. Så lenge eg kan jobbe og bidra, ser eg ingen grunn til å gjeva meg.

FAMILIEN, MOTORSPORT OG MYKJE JOBB

For Frode har livet på skisenteret vore meir enn berre ein jobb – det har vore ein livsstil. Sambuaren hans har hatt full forståing, sjølv når vintersesongen har kravd lange dagar og arbeid i helgene. Det er sjeldan eg rekk middagar heime om vinteren, tilstår han, men legg til at familien nyt sommaren saman på hytta i Tvedestrand. Som ekte raulending er Frode opptatt av isfiske i ferskvatn, men også havfiske utanfor hytta på Sørlandet, som gjev annan fangst enn røye og aure. Han avslørar og at han gjerne ser motorsport, særleg Formel 1, når tida strekk til. Eg lika spesielt godt å sjå den gong Michael Schumacher køyrde. Egentleg ikkje så merkeleg at han likar motorsport. Driftige Frode er motorkyndig, likar å skru på maskiner og har eigen verkstad heime. Familiens bustad var forresten nedbetala då Frode var 28 år gamal. Det er ikkje berre på jobben Frode står på.

Framtida På Rauland

Når Frode ser framover, er han optimistisk, men også klar over utfordringane. Vi må tilpasse oss klimaendringar og nye krav. Det blir ikkje lettare, men det er også det som gjer jobben spennande, seier han. Og sjølv om han ikkje planlegg å gjeva seg med det fyrste, har Frode allereie gjort seg nokre tankar om livet som pensjonist: Eg ser fram til meir tid på hytta og kanskje litt isfiske på Totak, avsluttar han med eit smil. Rauland Skisenter hadde ikkje vore det same utan Frode Hamarsnes. Gjennom fire tiår har han sett sitt preg på både skisenteret og bygda – og blitt eit symbol på ståpå-vilje og god arbeidsmoral.

Eit Liv I Skibakken

For Frode er Rauland Skisenter meir enn berre ein arbeidsplass. Det er ein livsstil, ein lidenskap og ein del av identiteten hans. Det er her eg høyrer heime, avsluttar driftsleiaren, mens han tar eit overblikk over skibakkane som har vore så stor del av livet hans. Rauland Skisenter er ein stad for fastbuande og turistar på ski, men for Frode Hamarsnes har det nesten vore ein heim.

This article is from: