

GRATIS SKIBUSS
Elektrisk skibuss!
Den kÞyrer sjÞlvsagt pÄ rein, elektrisk kraft. TenkpÄmiljÞet-takbussen



Skann QR koden for Ä sjÄ rutetabellen
Elektrisk skibuss pÄ Rauland
Rauland Turist.
SKIBUSSEN I RAULAND
Gratis for alle som har gyldig heiskort, betalt Gje lÄm eller voucher som overnattingsgjester
Telefon direkte til bussen: 90 19 77 02
RUTETIDER
AFTERSKIBUSS
fra Heishuset/Rauland HĂžgfjellshotell
Raulandsfjell
Nesland V/ Kryss
Raulandsakademiet
Krossen (Sentrum)
Camp Vierli Hotell
Holtardalen
Rauland Skisenter/Tiur
Rauland HĂžgfjellshotell
Vierli
TorvetjĂžnn/Heimvegli
Vierli
Rauland HĂžgfjellshotell
Rauland Skisenter/Tiur
Holtardalen
Camp Vierli Hotell
Krossen (Sentrum)
Raulandsakademiet
Nesland V/ Kryss
Raulandsfjell
Bussen kjÞrer ekstraturer pÄ kveldstid ved spesielle arrangementer (annonseres)


Vi hentar deg gjerne!
*) Bussen stopper ved Raulandsakademiet ved bestilling.
Vi inviterer matglade gjester til vÄr utmerkte restaurant eller til Ä feire eit jubileum i vÄr eksklusive «Vinstoge». Denne har plass til inntil 20 personer.
Telemarkstoga kan huse 50 personar og hovudrestauranten Falkeriset 170 - 250 gjester. VÄr dyktige kjÞkkensjef med sin stab gÄr pÄ ein ny sesong og vi er sikre pÄ at alle i ditt fÞlgje vil bli imponert. Ved reservasjon av bord for Ä eta kan de spÞrje om henting og levering. Nyt maten og vit at de kjem trygt heim utan venting og uvisse om transport!
FÞlg hjarte i vinter, kontakt oss pÄ telefon 99 35 90 00 eller hotell@rauland.no, sÄ sees vi.

www.rauland.no
INNhald:






Cover er illustrert av Torgrim NĂŠrland & Alexander Luzio
RAULANDMAGASINET
Opplag: 30.000 ex.
Distribusjon med Ferie Danmark pÄ Jylland, hytteeiere Telemark med HeltHjem / Posten, husstander i Agder, magasinstativer i Þvre og nedre Telemark, hos annonsÞrer og samarbeidspartnere.
Ansvarlig Utgiver: Rauland Turist AS, 35 06 26 30 - www.visitrauland.com
Layout/produksjon: DET SKJER I KRAGERĂ MAGASINPRODUKSJON AS tlf 97 00 44 60 - www.detskjerikragero.no
MACRELL WEB & DESIGN AS - Ingvild Langeland tlf 92 22 41 41 - ingvild@macrell.no
PERS DESIGN OG ILLUSTRASJON - Per Stian Johnsen tlf. 92 64 21 25 - psj@pers-kommunikasjon.no
Tekst: Rauland Turist Per Apelseth - tlf 91 69 80 81 - per.apelseth@yahoo.no
Foto:
Per Stian Johnsen, Dag Jensen, Jarle Sveen, Hans Kristian Krogh-Hanssen. Danny Seterdal, Stian Servoss, Terje Rakke, CH/www.visitnorway.com, Live Skinnes, Torben Andersen, Anja Alme Gardli, Marius Hansen, Henrik Ulleland, Lillian Julsvik og Vibeke Heiberg.
Idé & innhold: Rauland Turist AS
Trykk: STIBO COMPLETE
Papir omslag: 200 gram WFC glatt
Papir innmat: 70 gram MWC silk Raulandmagasinet er trykket pÄ miljÞvennelig og Svanemerket papir.
ANNONSERING
Har dere spÞrsmÄl vedrÞrende utgivelsene, bestilling av annonser eller annet, ta kontakt med Rauland Turist AS, 35 06 26 30 www.visitrauland.com



Det er med stor glede vi no gjev ut ei ny utgÄve av Raulandsmagasinet!
à rets Raulandsmagasin er ei slags jubileumsutgÄve, dÄ ei rekkje lokale verksemder og idrettslag feirar med runde tal.
Rauland Skisenter 40 Är
IL Dyre Vaa 100 Är
Rauland Turist 30 Är
Raulandsakademiet 50 Är
Rauland Fjellsport 20 Är
Du kan lese om desse verksemdene og mykje anna i Ärets Magasin. Bruk hÞvet til Ä handle lokalt i alle vÄre verksemder og hjÄ vÄre annonsÞrar. Bidra pÄ denne mÄten til berekraftig utvikling i Rauland!
Me investerer framleis store belĂžp i skilĂžypene, ved at lĂžypenettet blir rydda og tilrettelagt. Kostnadene til preparering er store, og vi er heldige i Rauland som har eit spleiselag mellom Vinje kommune, innbyggjarar, nĂŠringsliv og hyttefolk!
Takk for at de alle hugsar Gje lÄm!
Alt gÄr an pÄ Rauland, og tilbod og opplevingar ventar. Bli med oss pÄ aktivitetane og kom gjerne med innspel til anna som bÞr skje her hjÄ oss.
Vi ventar som vanleg mykje besĂžk i vinter, godt hjelpte av gunstig kronekurs og gode vĂȘrutsikter.
Velkomen til fjells


RAULAND
Rauland Skisenter gjennom 40 Är
RAULAND HAR EI LANG REISELIVSHISTORIE, IKKJE MINST INNAN ALPINBRANSJEN.
DET HAR VORE MANGE ANLEGG MED ULIKE EIGARAR, LEIARAR OG TILSETTE.

Ă pningsdag 18. november 1995. Som vanlig blant de fĂžrste i Norge. VĂŠrgudene var ikke alltid snille den gangen hellerâŠ

Gjester var det ogsÄ pÄ 80-tallet! T-krok og det fÞrste barneomrÄdet
ny heis og bakke. Freestylebakken, som stod ferdig i 1986, kvalifiserte til verdscuprenn i freestyle. Bakken og halfpipen i Rjupebakken gjorde Rauland Skisenter til ein pioner innan freestyle og snowboard. Dette bidrog til Ä etablere «UvyrdslÄmi snobrettlag», med kjende utÞvarar som Terje HÄkonsen og à shild Loftshus.
Anlegget hadde store konkurransar, som NM og uttak til World Cup. Mange klubbar frÄ heile Noreg trena i Rauland, og Rauland Skisenter tok imot norske alpinlandslag til treningssamlingar. OgsÄ her var Erling Svalastog utroleg viktig.
KONKURS OG VIDARE DRIFT
Allereie i 1959 opna Hotellheisen ved Rauland HÞgfjellshotell. Dette var dÄ heis nummer 20 i Noreg!
âą I 1959 opna Hotellheisen
⹠I 1972 opna Vierli Turistsenter skianlegget pÄ Vierli
âą I 1984 opna Rauland Skisenter
âą I 1985 opna Rauland Alpinsenter
âą I 2000 opna Heimvegliheisen
⹠I 2002 opna Parken pÄ Vierli
âą I 2008 opna Holtardalen
STARTEN PĂ EVENTYRET I RAULAND SKISENTER
Gjennom 40 Är har Rauland Skisenter utvikla seg i takt med hyttebygging og auka fokus pÄ reiseliv.
Erling Svalastog dreiv Caravanplassen og utleige av hytter rett ved dagens skisenter. FrÄ
Faksimile fra VTB

gjestene kom det Þnskje om skianlegg. Knut LÞdÞen ved Rauland HÞgfjellshotell gjekk inn med 20 %, Geir MidtbÞ pÄ AustbÞ Hotell med 10 %, Svalastog hadde dei resterande 70 %, og Rauland Skisenter AS blei etablert.

TrĂ„kkemaskin med breidde pĂ„ 3,80 meter blei kjĂžpt hausten 1984. Dagens maskiner er nesten 7 meter breie. Ă ret etter kom ei ny maskin som ĂČg kunne brukast til Ă„ preparere skilĂžyper. Rauland Skisenter opna i desember 1984.
Det var viktig Ă„ hente inn kompetanse, og Erling reiste difor rundt i Noreg, Sverige, Austerrike og Sveits for Ă„ studere alpinanlegg. Desse studieturane la grunnlaget for utforminga av skianlegget.
UTBYGGING
Anlegget fekk seks hovudbakkar, to barnebakkar og eit 1200 meter langt skitrekk. FrĂ„ starten blei det ĂČg etablert ein garasje for trĂ„kkemaskiner i kjellaren av sentralbygget. Garasjen er det vi i dag kjenner som skiutleiga, medan garasje og verkstad er nĂ„ flytta til eit eige bygg.
VIDARE UTVIKLING
I 1987 overtok skisenteret drifta av Hotellheisen og kopla denne til sitt eige lĂžypesystem. Hotellbakken fekk lysanlegg i 2007.
Totalt blei det investert rundt 27 millionar kroner i skisenteret. For Ă„ sikre vassforsyning til snĂžproduksjonen blei Leirbekk demt opp. Dette anlegget er framleis i drift, sjĂžlv om kompressorar og anna utstyr gradvis er bytta ut.
I 1987/88 blei Rugdeheisen bygd, og det gamle barneskianlegget blei erstatta med
Tunge tider med hÞge renter kombinert med store investeringar rÄka Rauland Skisenter, som gjekk konkurs 30. august 1988. Krava var pÄ heile 20,3 millionar kroner.
Gjennom harde og raske forhandlingar blei Nye Rauland Skisenter AS etablert berre to mÄnader seinare. Grunneigarane til festegrunnen bidrog sterkt i forhandlingane ved Ä stille tÞffe krav til bustyret for vidare utleige.
Nye Rauland Skisenter gjorde ei avtale med buet som innebar ein kjÞpesum pÄ 8 300 000 kroner.
Nye Rauland Skisenter blei stifta med desse eigarane:
âą Gunnar Stenberg AS: 58 %
âą Erling Svalastog: 24 %
âą Rauland HĂžgfjellshotell: 12 %
âą AustbĂž Hotell: 3,5 %
âą Roar Berg Hansen: 1,75 %
âą Halvor Lognvik: 0,3 %
âą Halvor Skeie: 0,3 %
âą Kjell Torp: 0,3 %
At tobakk-, vin- og brennevinsimportĂžren Gunnar Stenberg AS kom inn i drifta, sette store spor i Rauland. Selskapet eigde 50 % av Vestlia HĂžgfjellshotell og var medeigar i fleire andre reiselivsbedrifter. Stenberg eigde og dreiv Rauland HĂžgfjellshotell fram til januar 2004.
Drifta i Skisenteret var tung ogsÄ seinare, og dÄ det blei nÞdvendig med kapital via emisjonar, overtok Gunnar Stenberg etter kvart selskapet Äleine. Etter at Gunnar Stenberg dÞydde i 2003, tok kona Birgitte Stenberg over Rauland Skisenter.
To-setaren blei bygd i 1998. Det er mange historier knytt til denne. Nokre meiner eigarane delvis trudde at det var noko anna som blei bestilt og betalt for enn denne godt brukte heisen frÄ VrÄdal. Uansett har stolheisen tent anlegget vel i snart 25 Är utan lenger driftsstansar eller problem. Gjestene er ikkje alltid samde i dette, men mange bÞr vera glade for at dette sannsynlegvis er ein av Noregs mest lÞnsame skiheisar.
TILSETTE
Rauland Skisenter har hatt tusenvis av tilsette gjennom desse 40 Ära. Driftsleiar Frode Hamarsnes har arbeidd i selskapet sidan starten. Andre har vore tilsette i ein sesong eller to.



TAL FAKTA
âą 110 000 skidagar
âą 68,4 millionar i omsetning
âą 112 tilsette
âą 2 stolheisar, 9 skitrekk, 1 skiband
âą 26 nedfartar
âą Nr. 15 i omsetning i Noreg (av ca. 270 anlegg)


Daglege leiarar har vore Jan Vidar Sandengen, Jan Sletten, Ă shild Loftshus, Stein Engel, BjĂžrn Svalastog, Stein Birger Johnsen og Kristin Larsen, som er dagens leiar og eigar.
For mange lokale ungdommar har dette vore starten pÄ arbeidslivet. I dei fÞrste Ära var det rundt 25 tilsette i vintersesongen, medan det i sesongen 2023/24 var 112 tilsette.
RAULANDSFJELL
Rauland Skisenter har vore involvert i Rauland Alpinsenter som eigar og drivkraft. Driftsleiar Frode Hamarsnes var ĂČg lenge ein av eigarane.
Rauland Alpinsenter, seinare Raulandsfjell Alpinsenter, opna i desember 1985. Dette anlegget blei bygd etter ein enorm dugnadsinnsats frÄ lokale eldsjeler. Vinje kommune, IL Dyre Vaa og andre personar var aksjonÊrar. Anlegget var svÊrt omstridt, og diskusjonane gjekk hardt for seg i aviser og nabolag. DÄ som no handla diskusjonane om kor turistane skulle vera, og om dette Þydela bygdas eigenart.
Raulandsfjell har visa seg vanskeleg Ă„ drive Ăžkonomisk, og er no stengt etter konkurs. Det er framleis mange positive krefter som prĂžver Ă„ gjenopne det spennande anlegget.
HOLTARDALEN
Stein Birger Johnsen starta utbygginga i Holtardalen sommaren 2006 gjennom selskapet Rauland Invest AS. RekkefÞlgjekrav kravde bygging av alpin infrastruktur, og den 12. januar 2008 opna den nye fireseters stolheisen i Holtardalen. Samstundes opna «Tverrliheisen», som knytte dette anlegget saman med Rauland Skisenter. Seinare blei det bygd skiband og skitrekket «Hytteheisen».
Anlegget i Holtardalen har fleire nedfartar, og samla bidrog dette til at skiareala i Rauland Skisenter blei nesten dobla pÄ kort tid. Investeringane i Holtardalen utgjer over 75 millionar kroner.
Rauland Skisenter dreiv anlegget i Holtardalen mot eit fast vederlag. I praksis var det dÄ fem selskap som dreiv skiheisar i Rauland. Rauland var, saman med mellom anna Geilo, blant dei fÞrste med felles skikort for fleire anlegg med ulike eigarar.
Rauland Invest kjÞpte sÄ Rauland Skisenter av Stenberg Finans fÞr sesongen 2010/2011.
Holtardalen har etter kvart blitt eitt av Noregs stÞrste hytteomrÄde. Dette speglar seg i omsetning og aktivitet. OmrÄdet har snart 800 hytter, og samla gjer rundt 1200 fritids-eigedomar med ski ut/inn til skianlegget det mogleg Ä drive ei lÞnsam verksemd i Rauland Skisenter.
VIERLI
Vierli har ei lengre historie enn Rauland Skisenter. SÄve og Bjarne Larsen dreiv Vierli Fjellstoge frÄ 1969. Allereie i 1972 bygde dei det fÞrste skitrekket pÄ Vierli.
Sonen Erlend kom heim og overtok Vierli i 1991. Saman med kona Anne Grete starta han ei stor utbygging av aktivitetar,

SnĂžsikre Rauland med ski ut/ski inn for tusenvis av hyggelege gjester
skianlegg, utleigehytter og fritidsbustader. Erlend blei kjend over heile Noreg for Ä «finne opp» bruken av kjelkar i norske skisenter i 1993, og han bygde det som blei kÄra til Noregs beste ski-park.
Heimvegliheisen blei bygd i 2000 av eit eige selskap, Heimvegliheisen AS, stifta av Erlend Larsen, Sigmund Tvitekkja og Helge Aasen. Selskapet eksisterar framleis, men skitrekket er stengt.
Erlend Larsen dÞydde i 2013, og dottera Kristin tok over bedrifta berre 24 Är gammal.
Ho hadde dÄ utdanning og erfaring frÄ reiseliv pÄ Geilo. Saman med HÄvard BjÞrke frÄ à l, som ho no er gift med, var ho godt rusta til Ä drive familiebedrifta vidare.
DAGENS SKISENTER
AksjonÊrkonfliktar fÞrte til at situasjonen i Rauland Invest endra seg, og Vierli Eigedom kjÞpte Rauland Skisenter etter sesongen 2015/2016. Vierli og Rauland Skisenter blei deretter slÄtt saman.
Store krav til tryggleik i drifta og Þkonomi gjorde at anlegget pÄ Vierli blei stengt etter
sesongen 2018. Dette har skapt noko misnĂžye, men ei gradvis utbygging av park i Hotellbakken gjev ei meir praktisk og fornuftig drift.
Gjennom oppkjÞp, nedleggingar og konsolideringar er situasjonen i dag slik at Rauland Skisenter no er Äleine om Ä drive skisenter i Rauland. Men historia sluttar neppe etter 65 Är med drift av skianlegg. Kven veit kva framtida vil koma med for heisar og reiseliv i Rauland?
Lett/
Middels/
Ekspert/
Skivei/
Upreparert/Not preperd
LavfartsomrÄde/
Flombelysning/
Langrenn/Cross
Parkering/
Hurtiglader/
Servering/
Skiskole/
Utleiehytte/ Rental
Overnatting/
Avfallscontainere/Recycling





Din fritidsmegler pÄ Rauland
Lene Killingtveit er fÞdt og oppvokst pÄ Rauland og har derfor en meget god lokalkunnskap om omrÄdet.
Hun er en engasjert megler som har hyttesalg pÄ Rauland som sin spisskompetanse.
Hun har over de siste 10 Ärene satt de fleste prisrekorder, og etterstreber en optimal salgsprosess hvor ingenting overlates til tilfeldighetene. Med flere hundre salg pÄ Rauland de siste Ärene er hun godt kjent med markedet og har til enhver tid en stor portefÞlje med interessenter.
Lene er tilgjengelig pÄ fjellet hver uke gjennom hele sesongen.
Vi strekker oss langt for Ä yte den beste servicen du som kunde kan fÄ bransjen.
Ta kontakt for en hyggelig prat og veiledning angÄende din fritidsbolig.
Lene Killingtveit, tlf 993 68 456 eller pÄ lene@privatmegleren.no
Bli hytteutleier - tjen penger nÄr hytta stÄr ubrukt

Rauland Feriesenter kan hjelpe deg med utleie i perioder du selv ikke bruker din bolig. Rauland Feriesenter er en del av Rauland Skisenter og har lang og god erfaring med utleie av hytter og leiligheter. Vi jobber Äret rundt med salg og markedsfÞring av destinasjonen der et av mÄlene er Ä fylle opp overnattingskapasiteten.
Du fÄr gode muligheter for en ekstra inntekt i de ukene du selv ikke er der.
Trygt, fleksibelt og enkelt gjennom Rauland Feriesenter
FĂ„ tilgang til Raulandskortet
10 % pÄ mat pÄ vÄre serveringssteder Scanmegfor merinformasjon

30 % pÄ sesongkort
20 % pÄ skiservice

Ta kontakt med oss: Mail: booking@raulandferiesenter.no
Tlf: 350 72 300

FrÄ trestolpar til toppmoderne skiopplevingar
I 40 Ă R HAR FRODE HAMARSNES VORE EIN DEL AV HISTORIA VED RAULAND SKISENTER, EI UTVIKLING DRIFTSLEIAREN HAR SETT OG UTFORMA MED SINE EIGNE HENDER
TEKST: PER APELSETH âą FOTO: PER STIAN JOHNSEN

Den gongen stod vi med saks og klypte hol i korta til folk.
Det er utruleg kor mykje som har skjedd, seier Frode og trekkjer pÄ smilebandet, mens han rettar blikket mot skiheisane som strekkjer seg mot himmelen. Han er ekte raulending, begynte sitt virke med alpinbakkar og skiheisar allereie som tolvÄring. Unge Frode hjelpte til pÄ det lokale hÞgfjellshotellet med heisar og lÞyper. Den gongen var skiheisane spent mellom tremaster, og utstyret bar preg av den enkle teknologien pÄ 1980-talet. Det var ikkje mykje fancy utstyr den gongen, nei. Dei bruka telefonstolpar til heismaster, fortel Frode lattermildt. I dag er han driftsleiar for skisenteret, ei verksemd som har vakse til Ä bli ein hjÞrnestein i Rauland bÄde Þkonomisk og sosialt. Senteret har opptil 100 tilsette i hÞgsesongen.
FRĂ UNGDOMSSKULE TIL SKIHEIS
For Frode var det lite tilfredsstillande Ă„ sitje stille i eit klasserom. Eg var skuletrĂžytt og fekk heldigvis lov til Ă„ arbeide i staden. Arbeidet ved skiheisen passa han som hand
i hanske. Her kunne han bruke praktiske evner, og lÊre pÄ ein mÄte som var langt meir meiningsfylt enn skuleteori. Gjennom Ära har han tatt alle nÞdvendige sertifikat, og lÊrt seg det meste om alt frÄ trÄkkemaskiner til avanserte skiheisanlegg. I dag er arbeidsoppgÄvene langt meir samansette og krevjande enn dÄ han jobba med manuelle skikrokheisar og klyppekort. Den gongen stod vi med saks og klypte hol i korta til folk, humrar driftsleiaren. No gÄr alt fÞre seg digitalt, med skannerar og avanserte system. Men teknologien kjem ikkje utan utfordringar: Det kan vera eit mareritt Ä fÄ tak i reservedelar, spesielt til eldre anlegg. Alt mÄ vera godkjent av fabrikken, elles fÄr vi ikkje driftslÞyve.
EIN HEILĂ RLEG LIVSSTIL
Frode er kjent for sin pliktoppfyllande dedikasjon. NÄr vinteren set inn, er driftsleiaren tidleg pÄ jobb og blant dei siste som dreg heim. Eg har arbeidd dÞgnet rundt for at


Vi har heldigvis aldri tronge Ä evakuere nokon frÄ heisane, Men vi er godt fÞrebudde om noko slikt skulle skje.
alt skal vera klart for gjestene. FrĂ„ trĂ„kkemaskiner til snĂžkanoner â alt mĂ„ fungere. Vinteren er hektisk, men sommaren gjev pusterom â i alle fall pĂ„ papiret. DĂ„ gĂ„r tida til vedlikehald av skiheisane, utskifting av slitedelar og fĂžrebuingar til neste sesong. SjĂžlv om det er sommar, er det alltid noko som mĂ„ gjerast. Eg likar Ă„ seie at me driv pĂ„ heiltid, sjĂžlv om vi berre har gjester halve Ă„ret. For Frode har det ogsĂ„ vore mogeleg Ă„ involvere familien i drifta av skisenteret. Alle dei fire dĂžtrene har pĂ„ eitt eller anna tidspunkt jobba pĂ„ skisenteret saman med far sin. Det er tydeleg at Frode er glad i familien sin.
UTVIKLINGA I RAULAND
Sidan Frode starta pÄ 1980- talet, har Rauland opplevd ein voldsom vekst. Skisenteret har utvida med fleire heisar, nye trasear og kunstsnÞanlegg. Hyttebygginga har utvikla seg positivt og gjeve mange arbeidsplassar, og Rauland har gÄtt frÄ Ä vera ei lita fjellbygd til ein destinasjon med internasjonale gjester:
Vi har fÄtt fleire utanlandske gjester, spesielt frÄ Danmark. Danske familiar set pris pÄ dei familievennlege bakkane, og nokon av dei har til og med slÄtt seg ned i bygda. Det er moro Ä sjÄ korleis reiselivet har bidratt til Ä skape arbeidsplassar og utvikle Rauland. Men veksten har ogsÄ sine utfordringar. Frode peikar pÄ byrÄkratiet som har blitt stadig meir omfattande. I dag kan eg nesten ikkje bruke ungdomar til Ä hjelpe til, slik eg sjÞlv gjorde som ung, pÄ grunn av strenge tryggingsreglar. Omtrent alt arbeid ved senteret krev kurs og sertifikat.
KREVJANDE, MEN GJEVANDE
Arbeidet ved skisenteret er alt anna enn rutine. Det hender alltid noko. Enten det er ei maskin som streikar, eller ein heis som mÄ reparerast, seier Frode. SjÞlv i dag, etter over 40 Är, trivst han best ute i felten. Om det er pÄ ein snÞskuter eller oppe i ei heismast, er raulendingen i sitt ess nÄr han fÄr jobbe med hendene. Den dagen Raulandsmagasi-

nets utskremde skal mÞte altmogelegmannen ligg han flat ute pÄ ei myr med eitt Þyra mot bakken. Han lyttar seg fram til lekkasje i nedgravde vassrÞr som hÞyrer til snÞkanonene lenger oppe. Lekkasjen blir funnen, og mannskapet grev ned i myra og skifter ut det gamle, sprukne vassrÞret.
Driftsleiaren delar ogsÄ historiar som viser kor viktig tryggleiken er i eit slikt skianlegg. Vi har heldigvis aldri tronge Ä evakuere nokon frÄ heisane, men vi er godt fÞrebudde om noko slikt skulle skje, understrekar skisenterets ressursperson. Og sÄ er det dei smÄ augneblinkane som gjer alt strevet verdt det. Som nÄr Frode
mÞter gamle kjente og tidlegare kollegaer som hugsar han frÄ ungdomstida pÄ skisenteret, eller nÄr fornÞgde kundar let hÞyre frÄ seg. Det er artig nÄr folk kjenner meg att og opplever at eg har vore med heile vegen, innrÞmmer den erfarne og yrkesstolte raulendingen.
FRAMTIDA FOR SKISENTERET
NÄr Frode ser framover, er han optimistisk, men ogsÄ realistisk. Klimaendringar har allereie begynt Ä pÄvirke skisesongen: SnÞen kjem seinare og vinteren blir kortare, seier han. For Ä kompensere for dette har skisenteret investert i fleire kunstsnÞanlegg, men
det fins ingen enkel lÞysing. Frode ser ogsÄ med uro pÄ dei mindre skianlegga rundt om i Noreg. Mange alpinbakkar har vore nÞdt til Ä leggje ned fordi dei ikkje har rÄd til Ä oppfylle alle dei tekniske krava. Dette er ogsÄ negativt med tanke pÄ rekruttering og utvikling av nye alpintalent. Det er viktig at jenter og gutar som har lyst til det fÄr hÞve til Ä drive med alpinsport.
For Rauland er nykelen Ä halde fram med Ä tiltrekkje seg turistar og hyttefolk. Rauland og omrÄda rundt har fantastiske vilkÄr for friluftsliv og rekreasjon heile Äret. Og Frode sjÞlv? Han ser ikkje for seg Ä pensjonere seg med det fyrste. SÄ lenge eg kan jobbe og
bidra, ser eg ingen grunn til Ă„ gjeva meg.
FAMILIEN, MOTORSPORT OG MYKJE JOBB
For Frode har livet pĂ„ skisenteret vore meir enn berre ein jobb â det har vore ein livsstil. Sambuaren hans har hatt full forstĂ„ing, sjĂžlv nĂ„r vintersesongen har kravd lange dagar og arbeid i helgene. Det er sjeldan eg rekk middagar heime om vinteren, tilstĂ„r han, men legg til at familien nyt sommaren saman pĂ„ hytta i Tvedestrand. Som ekte raulending er Frode opptatt av isfiske i ferskvatn, men ogsĂ„ havfiske utanfor hytta pĂ„ SĂžrlandet, som gjev annan fangst
Vi mÄ tilpasse oss klimaendringar og nye krav. Det blir ikkje lettare, men det er ogsÄ det som gjer jobben spennande.
enn rÞye og aure. Han avslÞrar og at han gjerne ser motorsport, sÊrleg Formel 1, nÄr tida strekk til. Eg lika spesielt godt Ä sjÄ den gong Michael Schumacher kÞyrde. Egentleg ikkje sÄ merkeleg at han likar motorsport. Driftige Frode er motorkyndig, likar Ä skru pÄ maskiner og har eigen verkstad heime. Familiens bustad var forresten nedbetala dÄ Frode var 28 Är gamal. Det er ikkje berre pÄ jobben Frode stÄr pÄ.
FRAMTIDA PĂ RAULAND
NĂ„r Frode ser framover, er han optimistisk, men ogsĂ„ klar over utfordringane. Vi mĂ„ tilpasse oss klimaendringar og nye krav. Det blir ikkje lettare, men det er ogsĂ„ det som gjer jobben spennande, seier han. Og sjĂžlv om han ikkje planlegg Ă„ gjeva seg med det fyrste, har Frode allereie gjort seg nokre tankar om livet som pensjonist: Eg ser fram til meir tid pĂ„ hytta og kanskje litt isfiske pĂ„ Totak, avsluttar han med eit smil. Rauland Skisenter hadde ikkje vore det same utan Frode Hamarsnes. Gjennom fire tiĂ„r har han sett sitt preg pĂ„ bĂ„de skisenteret og bygda â og blitt eit symbol pĂ„ stĂ„pĂ„-vilje og god arbeidsmoral.
EIT LIV I SKIBAKKEN
For Frode er Rauland Skisenter meir enn berre ein arbeidsplass. Det er ein livsstil, ein lidenskap og ein del av identiteten hans. Det er her eg hÞyrer heime, avsluttar driftsleiaren, mens han tar eit overblikk over skibakkane som har vore sÄ stor del av livet hans. Rauland Skisenter er ein stad for fastbuande og turistar pÄ ski, men for Frode Hamarsnes har det nesten vore ein heim.




DESEMBER
24. Julenissen besĂžker Vierli Kafeteria
24. Julenissen besĂžker Tiurstoga
27. Paviljongen Äpner
27. SesongÄpning Heishuset
28. Afterski pÄ heishuset
28. Julelatter med Ruben KvÄlseth og Tor Olav Aase KÄsa pÄ Vierli Kafeteria
28. Romjuls-afterski i peisestoga - Vierli Kafeteria
29. Barneskirenn Rugdebakken
31. NyttÄrsfeiring i Holtardalen
JANUAR
6. Draumkvedet - Neset Telemark
18. Kom deg ut dagen - Barnas turlag- Vierli
22. Konsert med Birgit HaukÄs og Svein Kjerland (à restoga)
26. Inbyggerdag i Rauland Skisenter
FEBRUAR
01. Fjelltapas lunsj - Vierli Kafeteria
08.-09. Vaffelbua Uvatn
11. Morgenski i hotellheisen- Vaffler og kaffe til de fĂžrste 50 gjestene
12.-16. Rauland Vinterfestival
14.2 Danseforestilling: Bill.merk. Heil ved m/ Ă dne Geike KolbjĂžrnshus
15.2 Vinterkappleiken
15.2 ReolĂŽ
16.2 Bergekongen
13. Dansk mesterskap - Rugdebakken
15. Tiurlekene barneskirenn - Rugdebakken
14. Barnas skidag pÄ Vierli (IsbjÞrnen LÞvetann kommer, grilling mm.)
18. Morgenski i Hotellheisen- Vaffler og kaffe til de fĂžrste 50 gjestene
20. Musikkbingo m/ bordsnacks - Vierli Kafeteria
20. Telemark Wintertour -
21. Telemark Wintertour - Rauland Skisenter, Tiur
22. Italiensk aften m/ olivenoljesmaking- UlivetiVierli Kafeteria
22. Tiurlekene barneskirenn - Rugdebakken
22. Alpinkurs, Rauland skisenter, gratis i regi av Rauland Hyttevelforening
25. Morgenski i Hotellheisen- Vaffler og kaffe til de fĂžrste 50 gjestene
27. Vestlandsmesterskap - Rugdebakken
28. Barnas skidag (IsbjĂžrnen LĂžvetann, grilling mm.) - Holtardalen
MARS
08. Tiurlekene barneskirenn - Rugdebakken
08. Mat og prat med Bodil Nordjorde - Vierli Kafeteria
09. Morsdagen - Ta med familien pÄ lunsj, vi spanderer lunsj til mor- Vierli Kafeteria
21-23 Jubileumshelg (Rauland Skisenter fyller 40 Är og vi gir
40 % pÄ heiskortet. Subkids og Dj Astronaut lager liv og rÞre i bakken! - Tiur
22. Stor retroafterski (back to 1984) - Tiurstoga
22. Fjelltapas lunsj - Vierli kafeteria
26. Guro Kvifte Nesheim og Floating Sofa QuartetRaulandsakademiet
APRIL
05. Bierstube - Tiurtelt
05. Ălbollerenn - Rugdebakken
05. Ălsmaking med Aass bryggeri og FjelltapasVierli Kafeteria
09. Liv Bernhoft Osa og Knut Hamre - Raulandsakademiet
12. Fjelltapas lunsj - Vierli Kafeteria
12. Halva Priset - Tiurtelt
16-20. Vaffelbua i Silkedalen
17. Gratis familie konsert pÄ Vierli - Kevin Lauren
17. Afterski Peisestoga - Vierli Kafeteria
17. Stor afterski og konsert Billboards - Tiur Telt
17. Afterski pÄ Heishuset
18. PÄske 0-renn- Rugdebakken
18. PÄskegÞy- Holtardalen
18. PÄskeskirenn for barn - gratis i regi av Rauland Hyttevelforening - Vierli
18. PÄskequiz m/ Per O RomÞren og Thomas F Fredriksen - Vierli Kafeteria
18. Afterski pÄ Heishuset
18. Afterski og fest med DJ Howard - Tiur Telt
18. Ă rsmĂžte Rauland Hyttevelforening, Vierli
19. Ta sjansen - Rugdebakken
19. PÄskeafterski pÄ Heishuset
19. PÄskefest med Tix - Tiurtelt
JUNI
13. Lady Hardanger - Raulandsakademiet
KEVIN LAUREN
Gratis familiekonsert pÄ Vierli



Priset

med Dj Howard visitrauland.com for komplett program.

SPAR RAULAND
Din nĂŠrbutikk -Velkommen til fjells

Velkommen til SPAR Rauland
Hos oss fÄr du et godt utvalg av delikatesser og lokalmat. Vi har nystekte bakevarer,stor frukt og grÞnt-avdeling med egen salatbar,stor avdeling med leker og spill, bank, post og tipping, el-bil ladere m.m.
Den gode handleopplevelsen.
SPAR Rauland vil gi kunden det lille ekstra. Vi er opptatt av god personlig service og legger vekt pÄ Äskape den beste lokale handleopplevelsen for deg, hver dag -hele Äret!
Vi er sikre pÄ at vÄr nye butikk vil bidra til en enda bedre handel for deg!




SNĂSCOOTER

Rauland i Telemark er nesten aleine i Noreg om Ă„ tilby rekreasjonskĂžyring med snĂžscooter i eigne tilrettelagde lĂžyper.
Det blir arrangert bÄde guida turar, og det er mogeleg Ä dra heilt pÄ eiga hand - fleire aktÞrar tilbyr utleige av snÞscooter. DagslÞyve kjÞpast pÄ vinjenett.no
SjÄ meir pÄ visitrauland.com/vinteraktiviteter
ALPINT PĂ RAULAND

RAULAND SKISENTER TIUR
Rauland er ein av Telemarks stÞrste vinterdestinasjonar og Rauland Skisenter er blant dei stÞrre anlegga i Norge. Hos oss legg me til rette for gode skiopplevelser for heile familien i eit snÞsikkert fjellomrÄde. Tiur er familiens klare favoritt med sitt store utvalg av nedfartat for born, ungdom og vaksne. Stolheis og skitrekk tar deg til toppen av Rauland, I Rugdebakken kan heile familien prÞve seg i vÄr selftimerlÞype.
I Hotell-bakken (5) ligg parken vÄr. Nyheit 2025: Det er bygd to jord kuler slik at me kan garantere hopp i parken gjennom sesongen. Det er ein blÄ park med bÄde rails og mindre hopp. Tiurstoga held ope kvar dag gjennom sesongen og har same opningstid som heisane. Her tilbyr me varmlunsj, drikke og enkle kioskvarer. I skiutleia pÄ Tiur kan du leie alpint og snowboard. Husk Ä booke utstyr pÄ raulandskisenter.no fÞr du kjem. Da slepp du ekstra kÞ.
RAULAND SKISENTER HOLTARDALEN
Holtardalen har eit flott skiomrÄde for heile familien. OmrÄdet har gode parkeringsmoglegheter og hurtigladere for El-biler, men du kan ogsÄ stÄ pÄ ski frÄ Tiur til Holtardalen. Merk at ein dÄ mÄ kjÞyre raude nedfartar.
I Holtardalen finn du vÄr fire seters stolheis, Holtarheisen, to skitrekk og eit skibÄnd. SkibÄndet ligg i barneomrÄdet som er ein favoritt blant dei aller minste. Holtarstoga held ope kvar helg og alle dagar i feriar gjennom sesongen og har same opningstid som heisane. Her tilbyr me varmlunsj, drikke og enkle kioskvarer. I Paviljongen byr me pÄ skikkeleg god «alpestemning» kvar laurdag og enkelte dagar i feriar.
I skiutleiga i Holtardalen, Loftet kan du leie alpint for heile familien Husk Ä book utstyr pÄ raulandskisenter.no fÞr du kjem.
Da slepp du ekstra kĂž.
RAULAND SKISENTER VIERLI
Langrennseldorado og barnas favoritt. PÄ Vierli er det ekstra tilrettelagt for dei minste med Vierli barneheis (eit ekstra saktegÄande skitrekk), kulelÞype, figurar, barnekjelkar til bruk i heisen, Vierli Snoborg og egen aktivitetslÞype for dei pÄ langrennsski.
PÄ Vierli kan ogsÄ dei miste prÞve seg i skuterlÞypa med vÄre miniskutere. Ved Vierli skiutleige leiger vi ut alpinski til barn, langrennsski til vaksne og barn og pulk.
BarneomrÄdet har ope kvar helg og alle dagar i feriane, mens Vierli Skiutleie har ope kvar dag.
FrÄ Vierli har du ogsÄ eit perfekt utgangspunkt til 150 km med langrennslÞyper.
I Gapahuken eller i lavvoen kan familien hygge seg saman, pÄ bÄlpanna kan alle grille eigen mat.
Vierli kafeteria opnar med ny meny, og har ope kvar dag gjennom vintersesongen.
raulandskisenter.no

VINTERKART RAULAND
RAULAND
HĂGFJELLSHOTELL
Tradisjonsrikt Telemarkshotell ved foten av Hardangervidda.
Destinasjonskart > Opplevelser > Rauland - Rjukan
Bakeri, kafé og hÄndverksutsalg i tradisjonsrike omgivelser. à pent hele sommeren.
HARDANGERVIDDA NASJONALPARKSENTER Interaktiv utstilling om naturen og villreinen pÄ Hardangervidda.
KROSSOBANEN
Scandinavias eldste og mest originale to-tausbane som fremdeles er regulĂŠr trafikk.
SELSTALI SETER
Ekte norsk seter ved foten av Gaustatoppen. Servering av tradisjonell seterkost.
GAUSTABANEN
SpektakulĂŠr og dramatisk flĂžybane midt inne Gaustatoppen.
FALKERISET
Familievennlig tur vakker hĂžyfjellsnatur med panoramautsikt mot Hardangervidda.
VIERLI
Kafeteria, frisbeegolf, minigolf, fiske, badstuer, bÄt/kano, vandreturer, lekeplass m.m.
FJELLVĂ KEN II
HÞyfjellscruise pÄ idylliske MÞsvatn med MF FjellvÄken, fra Skinnarbu til Mogen Turisthytte.
VEMORK MUSEUM
Bli kjent med industri- og krigshistorien fra Rjukan og 2. verdenskrig.
Hardangervidda
GAUSTATOPPEN
Telemarks hÞyeste fjell med utsiktsplatÄ der du kan se hele 1/6 av fastlands-Norge!
SKULPTUREN VIDSYN
BesÞk den mystiske skulpturen pÄ Vierlinuten, laget av kunstner Hilde MÊhlum. Mer informasjon: www.visitrauland.com / www.visitrjukan.com






Rauland HĂžgfjellshotell
Raulandsakademiet

Rauland Feriesenter
AustbĂž Hotell



Avstander fra Rauland
Gardermoen 265 Bergen 280 Oslo 215 Sandefjord Torp 195 Skien 145 Kristiansand 240






GJE LĂ M
ER VIKTIG FOR RAULAND!
«GJE LĂ M» ER NYNORSK OG BETYR «GI SPOR». DETTE KAN DU ROPE NĂ R DU VIL SUSE FORBI EIN ANNAN SKILĂYPAR SOM HAR
BETRE TID ENN DEG.

Rauland har 150 kilometer oppkĂžyrde langrennslĂžyper. Dette gjer oss til Telemarks og ein av Noregs stĂžrste og beste langrennsdestinasjonar. Rauland Turist AS har ansvaret for lĂžypenettet, medan Rauland Skisenter AS og Vinje Maskin AS utfĂžrer arbeidet etter avtale.
Stort sett fÞrer langrennslÞypenettet berre glede med seg. Nokre smÄ utfordringar skal vi likevel tenkje litt pÄ. Grunneigarane i Rauland stiller sine areal til rÄdvelde for oss. Vis derfor respekt for skog og mark. Ikkje glÞym att grillar, hundeposar eller anna som ikkje hÞyrer heime i lÞypene. Motorferdsel utan kommunalt lÞyve er sjÞlvsagt forbode.
Mange meiner noko om kvaliteten. Av og til kan det pÄ fÄ timar koma store snÞmengder i Rauland, og alle kan derfor ikkje gÄ i nypreparerte lÞyper heile tida. Ein stad mÄ lÞypemaskina starte og stoppe, og vi mÄ fylgje ein fast runde. NÄr du gÄr ut pÄ skituren, har vi allereie vore ute i 5-6 timar. Kostnadane for lÞypenettet er over 4 500 000 kroner kvart Är, og ein auke i kvaliteten vil fÞre til kostnadar vi ikkje greier Ä dekkje.
Vi har ein heilt ny og svÊrt bra maskinpark, sÄ det skal ikkje stÄ pÄ det! Det er investert over 9 millionar i lÞypemaskiner! BÄe maskinene har no full breidde.
Vi har rydda og hogd i heile haust!
Vinje kommune og reiselivsbedriftene saman med anna nĂŠringsliv skal sjĂžlvsagt ta mykje av kostnadane.
Det er likevel heilt nÞdvendig at ogsÄ innbyggjarane og hytteeigarane bidreg. Drifta av lÞypenettet aukar i pris, samtidig som krava frÄ langrennslÞyparane stig. Det er her ordninga med Gje lÄm kjem inn! Denne ordninga gjer det mogeleg for alle Ä bidra til Ä halde oppe lÞypenettet.
I ein del hyttefelt er Gje lÄm heldigvis for oss alle ei tinglyst plikt, mens det mange stader er ei friviljug ordning.

Enkelte er lei seg for at lÞypenettet ikkje gÄr akkurat der dei bur. Det vil alltid vera slik at nokon mÄ fÄ ein viss avstand til lÞypene. Vi kan likevel ikkje argumentere med at nokon skal betale meir eller mindre. LÞypenettet vÄrt heng saman med rettar, historie, topografi, snÞforhold, klima, kostnadar og mykje anna. NÄr de i djup snÞ har brÞyta dykk fram til sylskarpe lÞyper, blir jo nettopp turen perfekt.
Det er ofte slik at enkelte meiner at nokon andre er nÊrare til Ä betale. Sanninga er at vi alle saman mÄ bidra til det fantastiske lÞypenettet vÄrt.
Vi ser ein auke i inntektene frÄ Gje lÄm, men Þnskjer oss ein ytterlegare auke i Ära framover. Gje lÄm kostar ikkje mykje for den enkelte samanlikna med anna vi brukar pengar pÄ. à betale til Gje lÄm gjev ikkje stor meirkostnad pr time eller meter i nydelege langrennslÞyper. Tenk over kva desse lÞypene gjer med verdiane pÄ hytter, hus og fritid!
Billigare og flottare trim fÄr du ikkje!
VisitRauland - APP FOR RAULAND!
Appen gjer det enklare for deg som gjest:
- FĂ„ rask oversikt over webkamera
- SjÄ oppkÞyrde lÞyper via GPS
- SjÄ alpinkart og Äpne bakkar / heisar
- KjĂžp skikort online
- Betal Gje lÄm enkelt
- SjĂ„ VĂȘr & FĂžreforhold
SĂžk etter VisitRauland i App Store eller Google Play.
Vi har ogsÄ utvikla eit CRM-system som gjer det enklare Ä ha oversikt over Gje lÄm og vÄre bidragsytarar. PÄ denne mÄten har vi no eit godt system for Ä drifte langrennsnettet vidare!

150 KM LANGRENN

VARIERT LĂYPENETT
Rauland er eit suverent langrennsomrÄde med til saman 150 km velpreparerte langrenns-lÞyper i variert terreng. Ca. 60 km av lÞypene er skÞytetrasé med eitt klassisk spor, resten er preparert med to doble klassiske spor. Ca. 70 km er hÞgfjellslÞyper og 80 km skogslÞyper.
LÞypenettet er dessutan sÄ variert og omfattande at du ikkje treng Ä ta same turen fleire gonger, men kan mÞte nye opplevingar kvar dag. Ein tur i Silkedalen frÄ Vierli eller Rauland Skisenter er verdt Ä prÞve. Her gÄr lÞypene heilt opp pÄ hÞgfjellet i eit vakkert og variert landskap.
Dei aller fleste av turane kan starte eller avsluttast med skibuss, avhengig av kvar i Rauland du bur.
LANGRENNSARENA / LJOSLĂYPE
For Ă„ sikre tidleg sesongopning i byrjinga av november, har vi 6 km ljoslĂžype med kunstsnĂž tur-retur mellom Rauland HĂžgfjellshotell og Vierli.
TO LJOSLĂYPER
Rauland har ogsÄ ei 8 km samanhengande ljoslÞype frÄ sentrum til Rehabiliteringssenteret AiR. Det er ljos i lÞypene fram til kl. 22.00 kvar kveld.

DET ER INVESTERT OVER
9 MILLIONAR I LĂYPEMASKINER!
Moderne lÞypemaskiner trÄkkar langrennspora pÄ Raluand
GJE LĂ M- BIDRAG GJEV DEG RETT TIL:
âą Gratis skibuss i Rauland
⹠KjÞpast online. Tak med deg bevis for betalt Gje lÄm. StikkprÞver vil bli utfÞrt.
Her kan du betale med Vipps
Enkelte lĂžyper blir prioritert framfor andre i dĂ„rleg vĂȘr. Dette gjeld ogsĂ„ nĂ„r lĂžypene er isete og harde etter mildvĂȘr.
DÄ kan det vera aktuelt Ä bruke meir tid pÄ Ä preparere ein mindre del av lÞypenettet.
Du kan fÞlgje lÞypemaskinene direkte pÄ www.visitrauland.com/skiferie FÞlg ogsÄ Rauland LÞypeinfo pÄ Facebook.
FÞlg lÞypeoppdateringen pÄ visitrauland.com/skiferie/langrenn Velkomen til ein flott langrennstur pÄ Rauland!
BETAL GJE LĂ M LĂYPEBIDRAG
BETAL VIA VIPPS: Send kr. 1250,til: 540032 eller sĂžk opp Rauland Turist. Ditt bidrag er viktig for oss.
MAT OG DRIKKE PĂ RAULAND
NÄr behovet for mat eller ein kopp kaffe melder seg, finst det rÄd for det pÄ Rauland. Enten du legg turen innom ein av dei koselege
serveringsstadene nede i sentrum, eller tett pÄ skiomrÄda, kan du eta og drikke godt pÄ Rauland. Her finst eit svÊrt godt og variert tilbod til svoltne gjester, alt frÄ enkle rettar til ein velsmakande festmeny. Her er den komplette oversikten.

RAULAND SKISENTER
TIURSTOGA OG HOLTARSTOGA
Tiurstoga og Holtarstua serverer hamburgar, pÞlser, pizza og annan enkel mat. Kald og varm drikke fÄr ein ogsÄ bÄe stader. Tiurstoga held ope kvar dag, mens Holtarstoga held ope kvar helg og alle dagar i feriane.Gratis WIFI pÄ bÄe serveringsstadane.Ved begge stader kan medbrakt drikke og mat nytast ute, me har eigne bÄlpanner som du kan varme maten pÄ.
35 07 23 00 post@raulandskisenter.no raulandskisenter.no

VIERLI KAFETERIA
Vierli kafeteria ligg nesten 1000 m.o.h med ei avslappande og vennleg atmosfĂŠre. Ny meny, med fleire lokale rĂ„varer pĂ„ menyen. PrĂžv den nye hamburgaren vĂ„r med kjĂžt frĂ„ Ăyfjell, eller vĂ„r heimelaga gulasjsuppe. Gjennom vinteren har me fleire arrangement Som Fjelltapaslunj , Vinsmaking, Mat og Prat med Bodil Nordjordet, Italiensk aften osv. Ope kvar dag sesong, vinter og sommar. Grupper, selskap og arrangement heile Ă„ret pĂ„ bestilling.
35 07 23 00
post@raulandskisenter.no raulandskisenter.no

KROSSEN PUB
Puben har ein veldig tradisjonell stil, med utskjering i tre og tÞmmerveggar. Pizzaservering tillegg til bar. Her kan du trekkje inn for ei pause frÄ kvardagen.Iblant tar ogsÄ ein musikar eller to turen innom oss. Lokalet kan dessutan leigast ut til private arrangement.
976 58 088 - krossenpub@gmail.com facebook.com/KrossenPub/

RAULANDSAKADEMIET
Raulandsakademiet tek imot grupper frĂ„ 8â250 personar. KjĂžkkenet har fokus pĂ„ gode heimelaga rettar. Alkoholservering. Hotellet har frokostservering for gjester og andre som be-stiller. Peisestua, Telemarkstunet og Rauland Vandrerhjem ligg pĂ„ same eigedomen. Ved overnatting er frokost inkludert. Lunsj og middag kan bestilles bĂ„de om man overnatter og om man kommer som gruppe.
35 07 32 92 - post@raulandsakademiet.no raulandsakademiet.no

RAULAND SERVICESENTER
Rauland Servicenter er ein fullservice bensinstasjon i Rauland sentrum. Storkiosk med sal av gatekjĂžkkenmat.
35 07 31 03 - rune@rs-as.no visitrauland.com/rauland-servicesenter

PAVILJONGEN
Nederst Holtarbakken finn du Paviljongen. Her kan du oppleve skikkeleg «Alpestemning» og hyggeleg Afterski. Paviljongen har ope kvar laurdag, og fleire dagar i feriar. Utservering nÄr veret tillÚt det. Her serverar me den populÊre Paviljongburgeren, samt god drikke for bÄde store og smÄ. Ope frÄ kl 12.00

RAULANDSTOGA
Lun og triveleg spisestad i Rauland sentrum med alle skjenkerettar. Menyen er variert og bestÄr av enkle lunsjrettar, kaker, kaffemeny, burgerar, heimelaga steinsovnsbakt pizza og ein tradisjonell middagsmeny som alltid inneheld innslag av lokale rÄvarer. I tillegg har vi eigne menyar for catering/takeaway.
35 07 31 10 - stoga@online.no - stoga.no

LEGA YSTERI, BAKERI OG KAFĂ PĂ RAULAND

RAULAND HĂGFJELLSHOTELL
Rauland HÞgfjellshotell tilbyr «Fine Dining» i restauranten vÄr Falkeriset alle dagar frÄ kl 19.00. Ikkje buande gjester blir oppfordra til Ä bestilla bord pÄ fÞrehand. OgsÄ moglegheit Ä fÄrespÞr om transport for alle som bestiller bord.
99 35 90 00 - hotell@rauland.no rauland.no

HEISHUSET
Velkommen innom til Lega sin lokalmatbutikk og kafé som berre ligg eit steinkast frÄ Spar pÄ Rauland. Her finn du eit utval av eigne og andre sine ostar, som til dÞmes brun og kvit geitost. I tillegg har me nybaka bakevarer kvar dag og andre herlege produkt som du kan ta med deg heim. Du er og hjarteleg velkomen til Ä nyte ein steinomnsbaka pizza og kaffe inne hjÄ oss.
Alle ostane og varene me tilbyr er nÞye utvald frÄ norske produsentar, og me er stolte av kunne sei at dei er i verdsklasse. Me har ope kvar dag.
45316213 - post@lega.no - lega.no


Afterski pÄ Heishuset kvar laurdag 16.0020.00. Ekstra dagar i feriar (jol/vinterferie og pÄske). 18 Ärs aldersgrense. Afterskibussen kÞyrer deg trygt heim, frÄ kl. 20.00. Bursdagsfeiringar eller andre arrangement pÄ bestilling.
350 72 300 post@raulandskisenter.no raulandskisenter.no
AUSTBĂ HOTELL
AustbĂž Hotell tilbyr ei uformell og hyggeleg atmosfĂŠre med fasilitetar bĂ„de for familier, grupper og konferansegjester âsamt ein variert a la carte meny. Ope kvar dag heile Ă„ret. Texmex / pizzabuffe kvar fredag 18-21 heile Ă„ret. Takeaway og catering til enhver hĂžve.
988 90 333
post@austbohotell.no austbohotell.no

FrÄ Danmark til Rauland og extraeventyret
KOMBINASJONEN AV BUTIKKFAGLEG KOMPETANSE OG LIDENSKAP FOR NORSK NATUR HAR GJORT DANSKE MIE ANDERSEN TIL EIN UNG OG DYNAMISK BUTIKKSJEF FOR EXTRA PĂ RAULAND.

Butikksjef Mie mÞter Raulandsmagasinets utsende, og ho er akkurat sÄ blid og omgjengeleg som ein kan fÞrestille seg ei ung dansk kvinne i Noreg. Ein undrar seg utan vidare kva som fekk henne til Ä flytte til den norske fjellheimen frÄ det danske lÄglandet. Mies svar er bÄde raskt og gjennomtenkt: For meg har det alltid vore noko spesielt med Noreg. Familien min og eg har i Ärevis reist hit pÄ ferie. Faktisk har eg gjennom oppveksten min og fram til no reist fram og tilbake til Noreg meir enn femti gonger. DÄ er det vel
like greitt Ä flytte. Eg vaks opp med historiar om fjella, jaktturar, og den fantastiske norske naturen. DÄ det blei mogeleg for meg Ä flytte hit og jobbe som butikksjef pÄ Extra i Rauland fÞlte eg at det var ein sjanse eg ikkje kunne la gÄ frÄ meg. Eg har alltid kjent Noreg som min andre heim. à ta steget frÄ Danmark til Rauland var bÄde spennande og skremmande. Danmark er jo heilt flatt samanlikna med Rauland, der ein er omkransa av fjell og skog. Men det var nettopp denne kontrasten eg Þnskte meg. Livet her
er meir roleg og nÊr naturen. Eg likar ogsÄ det sosiale samspelet i bygda, folk er opne og vennlege, noko som hjelpte meg til Ä finne meg til rette.
Mie blei tidleg inspirert til Ä begynne Ä arbeide i butikk, og vegen fram til stillinga hjÄ Extra har vore lang: Eg starta som butikkarbeidar allereie dÄ eg var 12 Är heime i Danmark. Den gongen var det berre ein deltidsjobb, men eg treivst godt med Ä hjelpe kundar og vera ein del av lokalsamfunnet. Etter Ä ha jobba meg oppover og blitt sous-

For meg har det alltid vore noko spesielt med Noreg. Familien min og eg har i Ärevis reist hit pÄ ferie.
sjef, flytte eg til Noreg med sambuaren min. Eg begynte i Jysk pÄ Notodden og jobba der ei stund fÞr stillinga pÄ Rauland dukka opp. à fÄ ansvaret som butikksjef har vore ein fantastisk sjanse.
VARIERT KVARDAG PĂ RAULAND
Mie fortel om ein kvardag som skifter mykje. PÄ jobb er eg opptatt med Ä sÞrgje for at butikken gÄr som den skal. Det er mykje planlegging og organisering, men eg likar det hÞge tempoet. NÄr eg kjem heim, brukar eg tid pÄ
garden saman med Eirik, sambuaren min. Me har alltid noko Ă„ gjera â enten det er Ă„ rydde snĂž pĂ„ vinteren eller fikse noko ute pĂ„ tunet. Eg prĂžvar ogsĂ„ Ă„ nyte naturen rundt oss, enten det er pĂ„ snĂžbrett, turar eller jakt. Apropos naturen â korleis trivst Mia med dei norske fjella og friluftslivet? Svaret er kontant: Eg elskar det! Omgjevnadene er heilt annleise enn i Danmark, der alt er meir urbant og flatt. Her kan eg stĂ„ pĂ„ snĂžbrett, gĂ„ pĂ„ tur i fjella eller fiske i vatna. Eg var litt skeptisk til Ă„ prĂžve ski fyrste gongen, men det gjekk overraskande bra. No er det nesten blitt ein del av kvardagen.
Men sjÞlvsagt har det knytt seg utfordringar til Ä tilpasse seg livet i Noreg. SprÄket var ein liten barriere i starten, sjÞlv om dansk og norsk er ganske like. Eg mÄtte venje meg til dialektane her oppe. Elles var det ei tilvenjing Ä koma inn i ein rolegare og mindre
stressa livsstil. Nordmenn er veldig avslappa samanlikna med danskar, og det tok litt tid fĂžr eg lĂŠrte Ă„ setje pris pĂ„ det. Det eg likar best med Ă„ bu i Rauland er samhaldet og nĂŠrleiken til naturen. Rauland er ein liten plass der alle kjenner alle. Det gjev ein tryggleik og eit fellesskap eg set stor pris pĂ„. Eg elskar ogsĂ„ den friske lufta og den vakre naturen â kvar dag kjennest som ein liten ferie.
Livet som butikksjef pÄ Extra har vore utruleg gjevande, fortel den relativt nyinnflytta raulendingen. Eg likar ansvaret som fylgjer med jobben, og det er ei glede Ä vera ein del av eit lokalsamfunn. Mange av kundane er faste, og me fÄr ogsÄ ein del turistar innom. Eg prÞvar alltid Ä tilpasse butikken etter behova i bygda, enten det handlar om Ä fÄ inn spesielle varer eller vera fleksibel med opningstider.


Rauland er ein liten plass der alle kjenner alle. Det gjev ein tryggleik og eit fellesskap eg set stor pris pÄ.
Mie delar gjerne erfaringane sine som ny i bygda. Eg vil seie: Ver open og nysgjerrig. Livet pĂ„ landet er annleis enn i byen, men det har ogsĂ„ sine fordelar. Det er viktig Ă„ delta i lokalsamfunnet og bli kjent med folk. Ă lĂŠre seg sprĂ„ket og gjera seg kjent med kulturen er ogsĂ„ ei stor hjelp. Og til slutt â ikkje ver redd for Ă„ prĂžve nye ting. Ă kaste seg ut i det ukjende har gjeve meg mykje. Som raulending har Mie klare tankar og forventningar om framtida. Eg ser for meg Ă„ bli her lenge. Eg har funne ein plass der eg kjenner meg heime, bĂ„de pĂ„ jobb og privat. Sambuaren min og eg har ogsĂ„ snakka om Ă„ utvide gardsdrifta og kanskje opne for fleire turismerelaterte prosjekt. Det er mykje som gĂ„r an her, og eg gler meg til Ă„ sjĂ„ kva framtida kan fĂžre til.
Den unge danske kvinna som no bur pĂ„ garden Nord Ăygarden ved Lognvikvatn delar favorittopplevinga si frĂ„ tida i Rauland sĂ„ langt. Det mĂ„ vera fyrste gongen eg prĂžva
Ä gÄ pÄ ski. Eg var heilt nybegynnar, og det var nok litt komisk Ä sjÄ meg prÞve Ä halde balansen. Men det gav meg ei kjensle av mestring som eg aldri kjem til Ä glÞyme. Det knytte meg ogsÄ nÊrare naturen og kulturen her pÄ ein fantastisk mÄte. Etter litt ettertanke dukkar nokre sakn frÄ livet i Danmark opp: SjÞlvsagt saknar eg av og til familien min og vennene mine. SjÞlv om vi ser kvarandre ofte, er det noko spesielt med Ä vera samla i Danmark. Eg saknar ogsÄ dansk mat, som rugbrÞd og smÞrrebrÞd, men heldigvis har eg lÊrt meg Ä laga mykje av det sjÞlv her oppe.
Mie Andersen smiler og ser ut over fjell, dal og Lognvikvatn. Ho er eit levande eksempel pÄ korleis ein kan ta ein sjanse, fylgje draumane sine og finne lykka ein ny stad.
Det er deilig Ă„ vera dansk i Rauland.

VELKOMEN TIL Ă MOT
HANDELSSENTRUM











Her fÄr dei fleste ordna det meste, - prÞv oss du ogsÄ.
Her fÄr dei fleste ordna det meste, - prÞv oss du ogsÄ.
KLYPPEKROKEN














FrÄ idrettsjente til personleg coach
I HYTTA PĂ VIERLI, BLANT SNĂDEKTE TOPPAR OG SILKEMJUKE SKILĂYPER, FINN VI KRISTINE HOLAND - EIN PERSONLEG COACH MED EI HISTORIE SOM KAN INSPIRERE KVEN SOM HELST
TEKST: PER

âą FOTO: PER

Eg elskar Ä sjÄ andre lykkast med ein balansert livsstil
Kristine Holand, kjent som @treningskris, er ein energisk og inspirerande trenar og livsstilvegleiar, og har samtidig rukke Ă„ bli smĂ„barnsmor. Mange kjenner henne ogsĂ„ som «trenerân til Vegard Harm». Larviksjenta har ekte lidenskap for trening og ein sporty livsstil. @treningskris tek opp tema som trening, ernĂŠring, mangel pĂ„ svevn, og korleis ein kan finne balansen mellom karriere og familieliv. Med meir enn 7 Ă„rs erfaring som livsstilvcoach gjev Kristine gode rĂ„d til dei som Ăžnskjer Ă„ fĂ„ livet til Ă„ fungere i ein hektisk kvardag. Gjennom reisa si frĂ„ Ă„ vera ei aktiv idrettsjente til Ă„ overvinne bĂ„de overvekt og alvorleg spiseforstyrring, har Kristine skapt ei karriere der ho hjelper andre med Ă„ finne balanse og glede i ein sunn livsstil.
EIN BARNDOM I IDRETTENS TEIKN
Kristine fortel at ho var aktiv frÄ barnsbein av. Eg har alltid vore idrettsjente, slÄr ho fast med eit smil. I oppveksten spela ho fotball og handball i 12 Är fÞr ho som tenÄring oppdaga
styrketrening pÄ treningssenter. Toppidrettslinja pÄ «Thor Heyerdahl videregÄende skole» blei neste steg for den sportsinteresserte ungdomen. Livet som idrettsutÞvar skulle ogsÄ fÞre med seg utfordringar. Det var ein krossbandskade i handballen som endra mykje for meg, fortel ho. Rehabiliteringa fÞrte til at Kristine oppdaga styrketrening som erstatning for lagidrettane, og snart blei ho hekta. Det var i denne perioden at eg verkeleg fekk smaken pÄ Ä setje eigne mÄl og nÄ dei gjennom hardt arbeid.
FRĂ OVERVEKT TIL UNDERVEKT
â OG TILBAKE TIL BALANSE
Kristines veg til Ă„ bli personleg coach starta med hennes eigen kamp for helse og sjĂžlvbilde. Eg har vore bĂ„de overvektig og alvorleg undervektig, seier ho ĂŠrleg. I tenĂ„ra opplevde ho korleis overvekt pĂ„verka bĂ„de helsa og sjĂžlvskjensla, og ho gjekk ned 20 kilo heilt pĂ„ eiga hand. Men den ekstreme fokuseringa pĂ„ vektreduksjon fĂžrte henne ut i ei anna utfordring â spiseforstyrring.


Ei erfaring eg ikkje unner nokon, seier ho. Eg trena opptil 6 timar om dagen med eigentrening, gym og lagidrett, og slutta nesten heilt Ä eta. Kristine fortel korleis denne perioden forma henne, men ogsÄ korleis ho fann vegen tilbake til helse og balanse. Det var ein annan coach som hjelpte meg til Ä forstÄ kor viktig mat og sunn trening er. Eg fekk ein matplan og lÊrte korleis eg kunne oppnÄ betre resultat utan Ä Þydeleggje kroppen. Etter Ä ha fÄtt kontroll pÄ eiga helse, tok Kristine utdanning som personleg trenar og starta karriera si i coaching. I dag arbeider ho for Entirebody, ei digital vegleiingsteneste som tilbyr skreddarsydde trenings- og kosthaldsplanar. Eg Þnskjer Ä hjelpe folk med Ä finne gleda i trening og ein sunn livsstil,
seier Kristine entusiastisk. Trening skal vera morosamt, ikkje ei plikt, Eg hjelper kundane mine med Ă„ finne greia si â enten det er styrketrening, eller berre Ă„ koma seg ut pĂ„ tur. Gjennom sosiale medier som Instagram delar ho treningsĂžkter og tips, og ho skaper kontakt med kundar som Ăžnskjer vegleiing i alt frĂ„ vektnedgang til livsstilsendringar.
HYTTELIV OG NATURGLEDE PĂ VIERLI
NĂ„r Kristine ikkje jobbar med kundane sine, finn ein henne ofte i naturen rundt hytta pĂ„ Vierli. Ho og familien bygde hytta i 2022, og dette har blitt ein fristad bĂ„de for jobb og fritid. Eg elskar hyttelivet, seier ho. Her har vi alt â langrenn, skĂžyting, fjellturar og slalĂ„m. Kristine fortel korleis hyttelivet gjev ho hĂžve
til Ä kombinere arbeid og fritid. Eg tek med PC-en hit opp og arbeider frÄ sofakroken med utsikt til fjella. Samtidig fÄr eg bruka naturen til Ä trene. Eg har til og med laga treningsÞkter med vedkubbar. Det handlar om Ä vera kreativ og finne glede i det ein har rundt seg. Som ein coach med personleg erfaring er Kristine opptatt av Ä bruke si eiga historie som ein ressurs i mÞte med kundane sine. Eg har vore der sjÞlv, bÄde pÄ den eine og andre sida, seier ho. Erfaringane hennes med overvekt, spiseforstyrring, idrettsskader, graviditet og trening etter svangerskap gjev henne unik innsikt i dei utfordringane kundane hennes stÄr framfor. Eg tilpassar trenings- og kosthaldsplanar til kvar enkelt kunde. Ingen er like og derfor skal heller ikkje planane vera
det. Nokon Þnskjer Ä gÄ ned i vekt, andre vil opp i vekt, og nokon treng hjelp til Ä finne motivasjon til Ä koma i gang.
LITT AV ALT, OG ALT MED MĂ TE
Ein av Kristines kjerneverdiar som coach er balanse. Litt av alt, og alt med mÄte. Det er lov Ä eta sjokolade pÄ ein tysdag, seier ho. Alt handlar om moderasjon og Ä finne ei rytme som passar. Det viktigaste er at det blir ei varig og berekraftig endring, ikkje ein rask diett med kortvarig lykke.
Kristine jobbar ogsÄ med Ä bryte ned frykta mange har for mat og trening. Dagens samfunn har sÄ mange reglar og press rundt kva som er lov og ikkje lov. Eg Þnskjer Ä hjelpe folk med Ä sleppe Ä ha dÄrleg samvit,

NÄr Kristine ikkje jobbar med kundane sine, finn ein henne ofte i naturen rundt hytta pÄ Vierli.
og heller fokusere pÄ Ä leve eit sunt og balansert liv utan Ä ha skuldkjensle.
Gjennom arbeidet sitt pÄ Instagram og andre sosiale medier har Kristine bygd ei plattform der ho inspirerar og motiverar tusenvis av fylgjarar. Ho delar alt frÄ enkle oppskrifter til treningstips og augneblinkar frÄ hyttelivet. Sosiale medier er ein fantastisk mÄte Ä nÄ ut til folk pÄ, seier ho. Det gjev meg hÞve til Ä dele min kunnskap og erfaring, og samtidig skape eit fellesskap. Eg elskar at eg er i stand til Ä inspirere andre til ein balansert livsstil.
DRAUMAR OM FRAMTIDA
Kristine lever allereie draumelivet sidan ho kan jobbe med det ho brenn aller mest for,
nemleg folkehelse og gleda rundt ein livsstil i balanse. NÄr ho ser framover er mÄlet klart: Kristine vil halde fram med Ä hjelpe folk med Ä nÄ mÄla sine, enten det er gjennom individuelle coachingtimar, treningsreiser eller kanskje ein dag Ä skrive ei bok: Eg drÞymer om Ä nÄ ut til endÄ fleire, og vise dei at ein sunn livsstil ikkje treng Ä vera komplisert, avsluttar ho. Med sin genuine entusiasme og djupt personlege erfaring er Kristine Holand ein inspirasjon for alle som Þnskjer Ä finne balansen mellom kropp, sinn og natur.
NYBEGYNNER ELLER PROFF?
TELEMARK SUPERSKI ER FOR ALLE!
5 SKISENTER1 HEISKORT
Telemark SuperSki er Norges stĂžrste skiregion med 5 skisenter, fantastisk variasjon i lĂžyper og snĂžsikre skiforhold hele sesongen!
SkiomrÄdene Gausta, Rauland, VrÄdal, Haukeli og Lifjell byr pÄ et komplett familietilbud med alt fra barnevennlige skilÞyper til Norges beste heisbaserte off-piste med Gaustabanen.
Med kun ett heiskort har du tilgang til over 120 bakker, 54 heiser og flest alpine kilometer i Norge - samt over 450 kilometer med langrennslĂžyper.
Velkommen til fjells - velkommen til Telemark SuperSki!

TELEMARK WINTERTOUR 2025
Bli med pÄ gÞyale konkurranser og aktiviteter for hele familien. Vinn flotte premier, fÄ sampling og give-aways til store og smÄ.
VrÄdal Skisenter LÞr 15.feb
VrÄdal Skisenter SÞn 16.feb
Gausta Skisenter Man 17.feb
Gausta Skisenter Tirs 18.feb
Lifjell Skisenter Ons 19.feb
Rauland Skisenter - Vierli Tors 20.feb
Rauland Skisenter - Tiur Fre 21.feb
Haukelifjell skisenter LĂžr 22.feb
Det blir masse gĂžyale aktiviteter under hele dagen.
Stikk innom Telemark Wintertour sin landsby og bli med pÄ det dere synes er spennende. Dette er et familie-arrangement hvor vi legger spesielt til rette med familieaktiviteter. Det er selvsagt lettere for barn Ä vinne enn voksne! Det blir ufarlige og morsomme Þvelser for store og smÄ.
FELLES HEISKORT!
Alle gyldige dagskort og flerdagerskort (kun sammenhengende) i fra ett anlegg utlĂžser gratis skikort i andre anlegg i samme tidsperiode.
*Gjelder for betalende kort.
HAR DU SESONGKORT FRA ET SKIANLEGG?
Da fÄr du 50% pÄ sesongkort i de andre skianleggene. Har man sesongkort i et av anleggene fÄr man ogsÄ 50% pÄ alle vanlige fullpriskort i Þvrige anlegg inkl variable, weekend og dagskort.
Barnas eldorado pÄ Vierli
PÄ Vierli kan barna stÄ pÄ ski, gÄ pÄ ski, ake, kÞyre mini-snÞscooter pÄ bane og mykje meir.
I uteomrÄdet vÄrt kan barna leike heile dagen med trampoliner, husker og tarzanslynge.
I peisestoga pÄ Vierli Kafeteria har vi ein innandÞrs leikekrok.
Ta ogsÄ med heile familien pÄ ein ekstra morosam og spennande skitur i Vierli aktivitetslÞype.

VINTERAKTIVITETAR PĂ RAULAND
www.telemarksuperski.com


Kiting
Den populÊre sporten snÞkiting har sjÞlvsagt kome til Rauland, og dei store snÞdekte viddene byr pÄ fantastiske forhold for kiting.
Powerkite.no held kurs i snÞkiting og har dyktige instruktÞrar som sÞrger for at du kan teste denne sporten og ikkje minst trygt utÞve kiting pÄ eigen hand. Kursa har ein teoridel og ein praktisk del.
Hardangervidda Nasjonalparksenter, Skinnarbu
Velkommen til vÄr prisbelÞnte interaktive utstilling om naturen og villreinen som lever pÄ Hardangervidda.
Ă pent hver dag 10.00 - 18.00 fra 10. juni til 1. september
Daglig Insektskurs i juli og august kl. 10.00 - 12.00 for barn 3-11 Är
⹠PrisbelÞnnet natur og villreinutstilling pÄ 12 sprÄk
âą VR rollespill
âą VR film âOpplev den vakre naturen pĂ„ Hardangerviddaâ
⹠Kino, ulike filmer ogsÄ barnefilmer
âą Insektskurs hver dag i Juli og August
âą Oldemorstien 2,4 km med guideapp
âą Kafe Panorama med fantastisk utsikt over Hardangervidda







SOMMAR pÄ Vierli
HOS RAULAND SKISENTER KAN HEILE FAMILIEN VERA AKTIVE SAMAN. VIERLI ER VĂ R SOMMAR DESTINASJON.
Her kan heile familien utfordre seg pÄ Frisbeegolfbanen, eller med eit slag minigolf. Du og familien kan ogsÄ prÞve vÄr egen turorientering der mÄlet er Ä finne dei Ätte postane som er satt ut i omrÄdet. I Barnas seter kan du oppleve geiter, kaniner, ender og hÞner pÄ nÊrt hold.

Vierli kafeteria held open kvar dag gjennom sommarsesongen, og helger utover hausten. Her tilbyr me varme og kalde lunsj og middagsrettar.
PÄ Vierli tilbyr me kano og bÄt utleige i Uvatn. Ved Uvatn har me flytebrygge kor ein kan bade frÄ og det er etablert ein flott rasteplass med bÄlpanne.
Tilgjengeleg kvar dag. Stor leikeplassen med element til bÄde store og smÄ born.
Skulpturen Vidsyn er verdt et besÞk, for hele familien. Dette er ei skulpturvandring som byr pÄ bÄde utsyn og innsikt! PÄ toppen av Vierlinuten tronar skulpturen Vidsyn.
Treng du overnatting bur du sjÞlvsagt godt i ein av vÄre hytter eller leiligheter. Mange i kort avstand til vÄre sommaraktiviteter og med flott utsikt over Raulandsfjell.






PĂ SKEFEST
PĂ SKA PĂ RAULAND BYR IKKJE BERRE PĂ GLITRANDE SKIFĂRE. FRĂ KONSERTAR
MED KJENTE ARTISTAR TIL ENERGISK AFTERSKI â RAULAND HAR ALT DU TRENG FOR Ă GJERA PĂ SKEFERIEN KOMPLETT. ENTEN DU FĂRETREKKJER EIN AKTIV DAG
I BAKKEN ELLER EIN KVELD FYLT MED MUSIKK OG GLEDE, BYR RAULAND PĂ NOKO FOR ALLE. GJER DEG KLAR FOR FJELLPĂ SKE.
















Hytteeigar i Vinje?
Last ned appen og fÄ med deg kva som skjer i Vinje!






Vi holder til pÄ Raulandsfjell. Salg av Scooter og tilbehÞr.






Raulandstoga i sentrum av Rauland tilbyr god, hjemmelaget mat til de fleste anledninger
Se vÄre takeaway-menyer pÄ stoga.no





RAULAND MASKIN
Rauland Maskin er ein lokal maskinentreprenÞr som tilbyr eit vidt spekter av tenester innan graving, transport og vintervedlikehald. Med moderne utstyr og erfarne operatÞrar sikrar dei effektiv gjennomfÞring av prosjekt bÄde for private og bedrifter i Rauland og omland. Rauland Maskin AS har ansvar for vintervedlikehald i hyttefelta rundt Rauland Skisenter og Holtardalen, brÞyter og strÞr alle hovudvegane og alle parkeringsareala. I periodar kan det snÞ store mengder i fjellet og vi er alltid fÞrebudde pÄ dette.

ENTREPRENĂRAR PĂ RAULAND



LILJEDAHL MASKINTJENESTER AS
Liljedahl Maskintjenester AS er eit entreprenÞrfirma heimehÞyrande i Rauland, Vinje kommune. Dei tilbyr tenester som graving, tomteutgraving, drenering, massetransport og vintertenester som brÞyting og strÞing. Med fokus pÄ kvalitet og Ä gjera kundane fornÞgde leverer dei arbeid til avtala tid og pris.

KĂ SA & RINGHUS
ENTREPRENĂR AS
KÄsa & Ringhus EntreprenÞr AS er ein erfaren maskinentreprenÞr med rundt 40 tilsette, inkludert fagfolk og lÊrlingar. Med ein omfattande maskinpark utfÞrer dei eit vidt spekter av tenester innan bygg- og anleggsbransjen. Firmaet er kjent for profesjonalitet og hÞg standard pÄ utfÞrt arbeid. Tenestene deira omfattar grunnarbeid, bygging av kraftverk, rehabilitering av dammar, natursteinsmuring, terskelbygging, transport, boring, sprenging og brÞyting. Selskapet driv ogsÄ med utvikling av hyttefelt og har eige steinbrot pÄ Edland i Vinje. I tillegg tilbyr dei knusing av masser med mobilt elektrisk knuseverk.
VINJE MASKIN
Vinje Maskin er ein etablert aktÞr innan anleggsbransjen i Vinje kommune. Dei spesialiserar seg pÄ grunnarbeid, vegbygging og andre entreprenÞrtenester. Tenester som tilbys er graving, transport, rÞrlegging, sveising, montering, brÞyting, landmÄling og konsultering. Vinje Maskin er kjent for Ä vera pÄlitelege og Ä halde hÞg kvalitet pÄ utfÞrt arbeid. Vinje Maskin trÄkkar langrennsnettet pÄ Rauland saman med Rauland Skisenter.


BYGGER'N RAULAND
Bygger'n Rauland er eit moderne byggevarehus som opna dÞrene i mars 2023. Butikken tilbyr eit omfattande utval av byggevarer og verktÞy. Bygger'n Rauland er ogsÄ leverandÞr av HIBA Hus, Hytter og Garasjer, og hjelper kundar gjennom heile prosessen frÄ planlegging til ferdig bygg.
SNĂSCOOTERSERVICE
SnÞscooterservice AS pÄ MÞsvatn i Rauland har ein stor butikk som tilbyr et vidt utval av produkt bÄde for vinterog sommeraktivitetar. I fyrste etasje finn du eit romsleg salsareal, mens ei vindeltrapp leier opp til utstillings- og showroom i andre etasje. Butikken fÞrer kjente merker som Polaris, Mercury bÄtmotorar, Ariens, FXR, Scott, Talvikas, Baffin og MJM, og tilbyr alt frÄ snÞscooterar og til sledar, pulkar, klede og utstyr. I tillegg har dei ein velutstyrt verkstad som utfÞrer service og vedlikehald pÄ produkta dei sel.. Enten du brukar snÞscooter til nyttekÞyring eller berre til moro, sÞrgjer SnÞscooterservice for at du kan kÞyre trygt og problemfritt i Raulands vakre vinterlandskap.

AKTIVITETAR & HANDEL PĂ RAULAND

SNOWMOBILE CAMP RAULAND
Elskar du snÞ og fart? Opplev Raulands vinterlandskap pÄ ein heil ny mÄte! Snowmobile Camp Rauland tilbyr utleige av snÞscooterar og hjelmar, perfekt bÄde for dei som ikkje har prÞva det fÞr og erfarne eventyrarar som Þnskjer Ä utforske omrÄdet pÄ ein spennande mÄte. Vi held til pÄ Raulandsfjell med gode parkeringstilhÞve for alle som kjem. Har du spÞrsmÄl eller Þnskjer Ä tinge ein tur? Velkomen til eit uforglÞymeleg snÞscootereventyr!

RAULAND SERVICESENTER
Rauland Servicesenter er ein naturleg stoppestad bÄde for hyttefolk og turistar pÄ veg til fjellet. Her finn du eit variert utval av kiosk/daglegvarer, drivstoff og stort og smÄtt som gjer turen til Rauland enkel og praktisk. Kanskje har bilen behov for litt ekstra omsorg etter ein dag i fjellet? Rauland Servicesenter har alt du treng for Ä vera godt rusta til hytteopphaldet.
RAULAND JERNVARE AS
Rauland Jernvare AS er ein lokal jernvarehandel som tilbyr et vidt spekter av produkt, inkludert verktÞy, mÄling, el-artiklar, hagereiskap, arbeidskleder og kjÞkkenutstyr. Butikken ligg i Juvlandsvegen 18, like ved Rauland Handelshus.


Vinje Motorsenter er ein spennande stoppestad for deg som er opptatt av motor og fart. Senteret tilbyr ei rekkje tenester innan bil- og motorsykkelvedlikehald. Dette inkluderar verkstad med tilhÞyrande utstyr for den som Þnskjer Ä halde kÞyretÞyet i topp stand. Med den sentrale plasseringa i Rauland er Vinje Motor-senter tilgjengeleg bÄde for bygdefolk og tilreisande som treng hjelp med kÞyretÞyet sitt, enten det er eit lite servicebehov -eller ein stÞrre reparasjon. Vinje Motorsenter er forhandlar av snÞscooter og ATV fra BRP med produkt som Ski-Doo, Lynx, -Can-Am og Husqvarna.
RAULAND
FJELLSPORT
Sportsbutikk i Rauland sentrum. Me har eit godt utvalg av klede og utstyr for sport og fritid. Rauland Fjellsport finn du i 2. etasje i Rauland Handelshus sammen med Tinn Sparebank. I 1. etasje finn du Spar Rauland med post i butikk og tipping.


AKTIVITETAR & HANDEL PĂ RAULAND

VINJE FJELLFLORA
Velkomen til ei blÞmande tuve pÄ fjellet. Vinje Fjellflora er blomsterbutikken som ligg midt i sentrum av Rauland, bak Coop. Fjellflora har ett stort utvalg av blomar til bÄde innebruk,utebruk og hytte bruk.
Treng du blomar til spesielle anledningar,hjelper me deg gjerne med bÄde brudebinder,bordekorering, sorgbinderi-uansett anlednig skaper me den rette stemninga for deg.
EXTRA RAULAND
Dagligvarebutikk i Rauland sentrum. I tillegg til supermarkedsutval til billige prisar har me eit lite medisinutsalg, pakkeutlevering (PostNord), Norsk Tipping og Coop medlemskupp. Me sel ogsÄ ved sekk og har ei lita avdeling for kjÞkkenutstyr og hobbyartiklar.





SPAR RAULAND
Spar Rauland Varesenter ligger i 1.etasje pÄ Rauland Handelshus i Rauland sentrum. Her fÄr du kjÞpt dagligvarer, kjÞkkenutstyr og leker. Ferskvareavdeling og alltid varm mat klar til servering. Vi har ogsÄ reinsdyr, elg, hjort, Bodils pÞlser og annen lokalmat. DnBNOR Bank i butikk, tipping/rikstoto og post i butikk.

SORTERINGA BLIR BETRE
HYTTEFOLKET BLIR FLINKARE TIL Ă SORTERE AVFALL FOR KVART Ă R SOM GĂ R.
I 2024 LIGG ME AN TIL Ă SAMLE INN 54 % MINDRE RESTAVFALL FRĂ HYTTERETUR-
PUNKT ENN DET ME GJORDE I 2017. SAMTIDIG SAMLAST DET INN TIL SAMAN
207 % MEIR AV DET KJELDESORTERTE AVFALLET, SLIK SOM MATAVFALL, PAPP OG
PAPIR, PLASTEMBALLASJE OG GLAS OG METALLEMBALLASJE


PLUKKANALYSER
I 2023 var heile 76,7 % av innhaldet i ein restavfallscontainer avfall som kunne vore levera som anna type avfall. Ved plukkanalysa i 2024 var dette talet redusert til 61,5 %. Sorteringa blir betre, sjÞlv om me framleis har ein lang veg Ä gÄ.
TEKSTILAVFALL
I 2024 var 7,8 % av restavfallet tekstilar. FrÄ komande nyttÄr skal tekstilar leverast som eigen avfallstype, og helst til ombruk. UFF (U-landshjelp frÄ Folk til Folk) har sett ut tekstilcontainerar pÄ returpunktet ved Raulandsvegen 1725 i Rauland sentrum
Her kan du levere tekstilar sÄ lenge dei er heile, reine og tÞrre.

Eksempel pÄ tekstilar som kan leverast:
âą Klede
âą Sko
âą Accessoirar
âą Dukar
âą Handklede
âą Gardiner
âą Puter
âą SengetĂžy
âą Mjuke leiker av tĂžy
Pakk tekstilet i lukka posar/sekkar. Skal du levere sko mÄ desse festast saman slik at dei ikkje kjem frÄ kvarandre under omlasting, transport og sortering. UFF samlar inn tÞy som kan ombrukast. Det som ikkje kan brukast om att direkte blir i mange tilfelle reparera eller materialgjenvunne dersom dette let seg gjera.
Har du store mengder med tekstil, eller du er heilt sikker pÄ at det ikkje kan brukast om att, kan du levere dette pÄ Hovdestadmoen avfallsmottak i à mot. Hovdestadmoen er open onsdagar klokka 14-19 og fredagar klokka 09-15.
Tekstil som er vÄtt, tilgrisa og/eller illeluktande kan ikkje leverast saman med andre tekstilar, korkje til ombruk eller materialgjenvinning. Det mÄ framleis leverast som restavfall til energigjenvinning.
Oversikt kor dei ulike returpunkta er, og kva avfall som kan leverast kor, finn du pÄ: https://renovest.no/renovasjon-hushaldning/ returpunkter/
Rauland Hyttevelforening
- over 800 hytteeiere pÄ samme lag
Sammen stÄr vi sterkere og kan blant annet bidra til
âą Ă ivareta hyttefolkets interesser gjennom god dialog med Vinje kommune
âą Samarbeid med Rauland Turist om utvikling av Rauland som attraktivt feriested
âą Ăkt trafikksikring i hytteomrĂ„dene og langs veiene omrĂ„det
âą Videreutvikling av et godt skilĂžypenett og turstier
⹠à realisere nye aktivitetstilbud bÄde sommer og vinter
âą At hyttefolkets interesser blir hĂžrt Rauland Kraftforsyningslag
⹠At alle opplever en hyggelig atmosfÊre og ro pÄ hyttefeltene Rauland
âŠ. og en rekke andre aktuelle saker som er viktige for hytteeiere
Er dette saker som opptar deg? Da vil vi Þnske deg velkommen som medlem i Rauland hyttevelforening (RHVF). Foreningen har i over 30 Är vÊrt en paraplyorganisasjon for hele Rauland og har dag over 800 medlemmer.
⹠PÄskeskirenn med premier for alle barn
⹠Gratis alpinkurs pÄ Rauland Skisenter i vinterferien
âą HĂžsttreff med underholdning og god mat
âą Kulturarrangement
âą Nyhetsbrev og aktuell informasjon til medlemmene
âą Kollektivmedlem i Norges Hytteforbund
⹠StÞtte til GjeLÄm for Ä sikre gode skilÞyper

Blir du med pÄ laget?



For kun kr. 250,- i Ärsavgift kan ogsÄ du bli medlem. Lokale hyttelag kan tegne kollektivt medlemskap; da er Ärsavgiften kr. 125 per medlem/hytte. Meld deg inn pÄ www.raulandhyttevelforening.no
Allerede medlem men mottar ikke informasjon fra RHVF? Send oppdatert e-post adresse og mobilnummer til post@rhvf.no.
Hyttevelforening
www.raulandhyttevelforening.no post@rhvf.no

GAPAHUKAR
i langrennslĂžypenettet!
Kanskje du har lagt merke til dei allereie- me har fleire gapahukar langs langrennslĂžypenettet.
Dei siste Ära er det satt opp tri Gapahukar langs langrens-lÞypene pÄ Rauland. Du finn ein pÄ Vierli, ein pÄ Heimvgeli (ved TorvetjÞnn og ein i à dalen).
Me veit at Gapahukane vert nytta godt og er til stor glede for store og smÄ. Til sesongen i fjor blei det ogsÄ satt opp nye stolper, kart og retningsskilt i alle lÞypekryss.
Gapahuken I à dalen er finansiert av Gje LÄm-ordninga og Rauland Turist. Tusen takk til deg som bidreg. Det monnar.
VINTERVANDREVEG
- rundt Uvatn
I perioder i vinterhalvÄret kan du vandre pÄ beina eller med truger i trÄkka og tilrettelagt lÞype rundt Uvatn med start og slutt pÄ Vierli.

Dette er rett og slett ei lÞype for de som ikke Þnsker Ä gÄ pÄ ski, men fortsatt vil ut pÄ tur.
Vi hÄper med dette tiltaket at flere kommer seg ut i den fantastiske naturen vi har pÄ Rauland.











Du fÄr mellom anna lÊre meir om dette:
FĂžlgjer du opp personar med helseplager, sjukemelde eller personar utanfor arbeid og utdanning, og vil lĂŠre meir om korleis du kan fremje god helse og arbeidsdeltaking?
Bli med pÄ kurs pÄ Rauland 6. - 7. mars 2025! I dette kurset delar vi kunnskap og erfaring frÄ mange Ärs forsking og praksis innan arbeidsretta rehabilitering, der mÄlet er klart: Hjelpe personar med helse- og livsutfordringar til Ä stÄ i arbeid.

Korleis halde fokus pÄ ressursar og arbeidsdeltaking nÄr brukaren helst vil snakke om helse?
Kva betyr arbeid for psykisk helse?
Slik jobbar vi med arbeid som mÄl nÄr livet flokar seg til
Finn ut meir og meld deg pÄ: www.arbeidoghelse.no/kurs-og-arrangement
Alle Coop-medlemmer fÄr 11% pÄ frukt og grÞnt. Er du ikke medlem ennÄ? Send SMS Coop til 2330

Rauland Turist AS
EIT VIKTIG VERKTĂY TIL AUKA
VERDISKAPING
I VINJE KOMMUNE I 30 Ă R
Rauland Turist AS blei etablert hausten 1994. Selskapet blei starta for ytterlegare Ä profesjonalisere det store reiselivsarbeidet i Vinje kommune. Vinje har sidan 1950-talet vore ein stor reiselivskommune. Politikarar, kommunens tilsette og innbyggjarane har i ei Ärrekkje utvikla reiselivet til ei av dei viktigaste nÊringane i kommunen.
Vinje kommune starta i 1990 eit stort reiselivsprosjekt. Kommunen var allereie langt framme i sine tankar dÄ Innovasjon Noreg, den gong SND, Þnskte profesjonalisering av reiselivet pÄ destinasjonsnivÄ.
Spennande prosessar blei gjennomfÞrt pÄ alle stÞrre destinasjonar og etter tre Är med offentleg stÞnad blei dei nyoppretta destinasjonsselskapa overlatne til seg sjÞlve.
Rauland Turist er organisert som eit aksjeselskap med over 70 aksjonÊrar frÄ mange bransjar. AksjonÊrane er viktige for finansieringa, men minst like viktig er det Ä syne mangfaldet og engasjementet i heile nÊringslivet.
Selskapets daglege drift blir finansiert gjennom kommunale driftstilskot, kommunale tilskot til lÞypekÞyring, serviceavtaler med aksjonÊrane og bidrag frÄ hytteeigarane og bygdefolk gjennom lÞypebidraget Gje LÄm.
Omsetninga i selskapet har sidan oppstarten vore pÄ langt over 125 millionar kroner! Omkring 55% av inntektene har kome frÄ nÊringslivet og hyttefolket. Resterande 45% har kome frÄ Vinje kommune. Det er ikkje tvil om at denne fordelinga har vore avgjerande for selskapets eksistens.
Historia har visa at dei destinasjonsselskapa som har klara Ä etablere ei profesjonell drift med stort nok volum, har vore dei med stÞrst suksess. Rauland Turist er i dag eitt av dei fÄ destinasjonsselskapa som har vore og framleis er ein viktig pÄdrivar i reiselivsutviklinga pÄ destinasjonsnivÄ i Noreg.

OPPGĂ VENE ER MELLOM ANNA:
âą MarknadsfĂžring av destinasjonen, slik som Raulandsmagasinet og digitale kampanjer
âą Produksjon av video, bilete, kart, skilt og brosjyrer
âą Samarbeid med media, TV-produksjonar og diverse arrangĂžrar
âą Drift og utvikling av felles IT-lĂžysingar som www.visitrauland og kundesystemet CRM
âą KompetanseoverfĂžring til bedriftene
⹠Drift av skilÞyper, innkrevjing av Gje LÄm
âą Skibuss
âą Arbeid med sommarlĂžyper
âą Digitale lĂžysingar for bedriftene i destinasjonen
âą Drift av badestranda Fagersand
âą Turistkontortenester
«LÊringskurva var bratt, og det rekrutteringsselskapet glÞymde Ä fortelje meg pÄ intervjuet var at eg hadde ansvaret for 100 km langrennslÞyper»
Audun Pettersen
MARKNADSFĂRE RAULAND OG VINJE KOMMUNE
HovudoppgÄva for selskapet har heile tida vore Ä marknadsfÞre Rauland og Vinje kommune for Ä skaffe tilreisande. Rauland Turist arbeider etter eit system som mange i reiselivet kallar «Raulandsmodellen». AktÞrane har i stor grad ei felles heimeside, og desse har dÄ saman bygd opp Rauland som eit sterkt merkenamn. AktÞrane har blant anna samla seg om ein felles farge og at «Det gÄr an pÄ Rauland». SvÊrt ofte brukar aktÞrane marknadsmidlane sine pÄ reklame som ikkje eingong inneheld deira eige namn!
Enkelte meiner kanskje at det no er i overkant mange turistar i Vinje. Slik sett kan ein kanskje seia at dette er tilfelle nettopp fordi prosjektet Rauland Turist til dei grader har vore vellykka.
Det er gjennomfÞrt ei rekkje ringverknadsanalyser bÄde lokalt, regionalt og nasjonalt som syner dei store ringverknadene frÄ reiselivet. Hytteturismen er den klart dominerande ferieforma, men gjester frÄ inn og utland som leiger seg inn pÄ hytter og hotell er ogsÄ godt synlege bÄde sommar som vinter.
Selskapet dreiv tidlegare med booking og nokre fleire aktivitetar. Desse oppgÄvene blir no i hovudsak lÞyst i verksemdene. Mykje av arbeidet i Rauland Turist blir gjort pÄ dugnad i bedriftene, gjennom arbeid i diverse utval, styre og prosjekt. Dette gjer at det meste av Þkonomien kan nyttast direkte mot dei oppgÄvene som skal lÞysast.
Digitalisering og fokus pĂ„ destinasjonens eigenart og profil har gjort oss betre i stand til Ă„ mĂžte tidas krav om effektiv informasjonsformidling. Selskapet har valt Ă„ utvikle eigne digitale lĂžysingar. Nettsider og Rauland â App har visa seg Ă„ dekkje vĂ„re behov godt, og eit eige kundedatasystem, CRM, har gjeve oss god oversikt over kven kundane vĂ„re er, sĂŠrleg knytt til Gje LĂ„m.
STYRELEIARAR I RAULAND TURIST AS
Jan Vidar Sandengen, Malene Gundlach, Erlend Larsen, Geir MidtbĂž, Stein Birger Johnsen og Kristian SamnĂžen.
DAGLEGE LEIARAR I RAULAND TURIST AS
Audun Pettersen, Marianne Baugerud, Terese JemtegÄrd, Ann-Helene Lia, Synne à sland, Gunn Janicke Larsen, BjÞrn Gudmund Larsen.
DAGENS STYRE
Kristian Johan SamnĂžen
Liv Bente Tvenge
Oddmund Skeie
Toril Nicolaisen
Torhild Naustvik-Jortveit
Kristin Larsen
Jostein Engum
Kjersti TorvetjĂžnn
Sebastian Magnesen
Marianne Haugen Solstad
NĂKKELTAL (CA)
1 000 000 000 Kroner i verdiskaping av reiselivet i Tinn og Vinje
792 000 GjestedĂžgn i hytter i Vinje
276 000 Brukarar pÄ web og sosiale media 2023/24
110 000 Skidagar i Rauland Skisenter
14 000 Timar prosjektarbeid pÄ dugnad i 2023
3 800 Private hytter i Rauland
1 500 Varme senger i Rauland i hotell, hytter og leilighetar
350 Private einingar pÄ Airbnb
165 DÞgn kvar hytte blir bruka i snitt pr Är


VI HAR TATT EIN PRAT MED TO TIDLEGARE DAGLEGE LEIARAR I RAULAND TURIST:

Audun Pettersen er bransjedirektĂžr for reiseliv i VIRKE

Terese JemtegÄrd er ordfÞrar i Fjord kommune
KORLEIS VAR DET I RAULAND
Jobben som turistsjef i Rauland var min fyrste jobb etter studia. Det var ei ganske stor endring Ä flytta frÄ London til Rauland, ikkje minst sidan eg hadde med meg min dÄverande kjÊrast, noverande kone som den gong ikkje kunne snakke norsk.
LÊringskurva var bratt, og det rekrutteringsselskapet glÞymde Ä fortelje meg pÄ intervjuet var at eg hadde ansvaret for 100 km langrennslÞyper. Det var ein periode dÄ eg var turistsjef pÄ dagen og lÞypekÞyrar om natta. Tida i Rauland var til tider slitsam, men svÊrt lÊrerik. Det var ei glede Ä jobbe for nokon av dei flottaste folka og reiselivsselskapa eg veit om.
KVA GJER DU NO?
Akkurat no er eg bransjedirektÞr for reiseliv i VIRKE og eg har ansvar for omlag 600 reiselivsbedrifter, hovudsakleg turoperatÞrar, reisebyrÄ, men ogsÄ hotell, guideselskap og destinasjonsselskap.
KVA ER DET BESTE MINNET DITT FRĂ RAULAND?
Folka â utan tvil! Tone og Geir pĂ„ AustbĂž, Anne Grete og Erlend pĂ„ Vierli, Malene pĂ„ LauvĂ„sen, Toril Nicolaisen, og mange fleire. Det er sĂ„ mange eg kunne nemnt. Eg er ofte tilbake pĂ„ Rauland â som turist.
KORLEIS VAR DET I RAULAND?
Tida pÄ Rauland ser eg tilbake pÄ med stor glede, det var ein fantastisk sjanse Ä fÄ. Eg hadde akkurat blitt ferdig med reiselivslinja og sÄ dukka tilbodet om eitt Ärs stipendiat i Rauland Turist opp. FrÄ fyrst av var eg heilt klar pÄ at eg ikkje skulle bli buande i bygda, eg skulle til byen. Rauland var sÄ vakker og spennande at eg blei der frÄ 1996 til 2009!
KVA GJER DU NO?
No er eg ordfĂžrar i Fjord kommune.
KVA ER DET BESTE MINNET DITT FRĂ RAULAND?
Det er mange gode minne, og eg mÞtte sÄ mange flotte menneskje, men det mÄ vera nÄr mannen min fridde utanfor turistkontoret pÄ Raulandshuset.

RAULANDSAKADEMIET
I JUNI 1974 VAR DET STOR OFFISIELL
OPNING AV DET NYE AKADEMIET I RAULAND. SKULEN I NYBYGGET PĂ
HADDLAND HADDE DĂ VORE I DRIFT
SIDAN HAUSTEN FĂR. FRĂ 1972 TIL
73 BLEI DET DESSUTAN GJENNOMFĂRT EIT PRĂVEĂ R PĂ RAULAND FJELLSTOGE, DET SOM I DAG ER AUSTBĂ HOTELL.

Skulen var i utgangspunktet planlagt som eit slags bygdeuniversitet. Etter at Rauland nokre Är tidlegare var blitt slÄtt saman med Vinje var det ein del raulendingar som syntest bygda trong eit stÞrre prosjekt for Ä fÄ opp sjÞlvtilliten. Dei som stod i spissen for dette la ned mykje arbeid for Ä gjennomfÞre planane, men bygdeuniversitet blei det likevel ikkje. Staten innfÞrte distriktshÞgskulane i 1970, noko som la planane i Rauland heilt daude. Det blei «berre» ein folkehÞgskule. Likevel var det eit storhende for den vesle bygda Rauland Ä fÄ ein ny skule med plass til om lag 100 elevar. Nye arbeidsplassar og aktivitetar pÄ mange plan var ogsÄ eit positivt resultat av dette.
Alt frÄ starten blei det arrangert kurs i ulike handverksteknikkar, noko som drog folk frÄ heile landet til bygda. Dette kan ein seie var starten pÄ Akademiets






rolle som reiselivsaktÞr i Rauland. I dag har ein og eit godt samarbeid med Studieforbundet kultur og tradisjon, som i tillegg til Ä vera samarbeidspartnar for kursa, har samlingar i bunad- og vevopplÊringa pÄ Akademiet.
Det som i utgangspunktet var eit internat pÄ folkehÞgskulen, blei gjort om til eit heilÄrsope overnattingstilbod, dÄ studentane etter kvart heller leigde seg hyblar i bygda og fekk eigne butilbod gjennom Studentsamskipnaden.
Etter at folkehÞgskulen blei lagt ned midt pÄ Ättitalet, skifte staden namn til Raulandsakademiet AS, Norsk senter for folkekultur. FrÄ fyrst pÄ 80-talet har Telemark LÊrarhÞg-
skole, seinare HÞgskolen i Telemark, og no Universitetet i SÞraust-Noreg (USN), vore samarbeidspartnar, og er no eige institutt, Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk. Mykje av plassen og aktivitetane pÄ staden har etter kvart blitt tatt over av universitetet.
I dag er det om lag 150 studentar som kvart Är kjem til Rauland. Ein kan no ta bÄde bachelor og master ved Campus Rauland. Studentsamskipnaden har bygd nye hyblar, og Vinje kommune har saman med USN kosta eit studenthus pÄ staden.
Vinje kommune har sitt lokalhistoriske arkiv pÄ Akademiet. Der er ope ein dag i veka for publikum.
PÄ 90-talet blei Telemarkstunet bygd med kopiar av gamle lafta hus frÄ Rauland. Om sommaren og nokre helger fÞr jol er her mange aktivitetar pÄ tunet, med ope handverksutsal, kafé og ulike verkstader. Gjennom heile Äret blir det arrangert konsertar i à restoga.
Raulandsakademiet tek i dag ogsÄ pÄ seg arrangement som selskap, seminar og andre samlingar. Kvart Är i februar blir det i samarbeid med USN arrangert ein internasjonal vinterfestival, med mange kurs, konsertar og kappleik.

ENTREPRENĂR AS KĂ SA & RINGHUS

KÄsa & Ringhus EntreprenÞr AS er et maskinentreprenÞrfirma som har hovedkontor og verksted i à mot i Vinje. Vi har eget steinbrudd i Edland, samt verksted og kontor pÄ VÄgslid. Her utvikler og bygger vi hyttefelt og tomter. Vi har ogsÄ hyttefelt pÄ Rauland og Hovdeli som vi utvikler.
Grunnarbeid
Bygging av kraftverk
Rehabilitering av dammer
Natursteinsmuring
Terskelbygging
Transport og brĂžyting
OmrÄde vi har spesialisert oss pÄ er VA-anlegg, rehabilitering av steinfyllingsdammer, sprengning, utbygging av hyttefelt og bygging av smÄkraftverk.



KÄsa & Ringhus EntreprenÞr AS

Velkommen til Byggerân Rauland
â midt i sentrum!
Hos oss fÄr du god hjelp og oppfÞlging pÄ dine prosjekter, store som smÄ.
âą LagerfĂžrt det meste du trenger innen trelast og byggevarer
âą LagerfĂžrt torv fra Nittedal Torv
âą Maling og fargeveiledning
âą Utleie av henger
âą Prisgunstig frakt med kranbil



Setali 5, 3864 Rauland tlf: 350 72 000 info@rauland.byggern.no

Jubileumsboka kan du kjÞpe i forretningane pÄ Rauland.


I.L. Dyre Vaa 100 Är
IDRETTSLAGET
DYRE VAA VAR 100 Ă R I 2024. MED BAKGRUNN I DET, BLEI DET SKRIVE EI HISTORIE OM AKTIVITETEN.
Som elles i frivillige organisasjonar, har det gÄtt opp og ned for laget. I enkelte Ärgangar kan laget syne til god oppslutning og aktivitet, andre Är til det motsette.
Laget blei stifta i 1924 av nokre idrettsinteresserte karar med Aanund Lid som leiar. I starten var det vaksne karar som dominerte resultatlistene, i nyare tid har det vore ungdom. Fram til siste halvdel av 1940-talet var kvinner ikkje Ä sjÄ i konkurransane. Derimot var kvinnene
gode nok nÄr det galdt Ä skipe til fest med bakevarer og middag.
Men kappestrid har vore vanleg lenge fÞr 1924. Her kan me nemne gutar som Sveinung Svalastoga og Knut Svendsen Gardsjord pÄ 1880- og 90-talet. Den same Knut tok kongepokal i militÊrt langrenn i 1893.
Laget har hatt utÞvarar i fleire disiplinar, men dei fleste har nok vore pÄ ski og i friidrett. I fleire store nasjonale konkur-
ransar, sÄ som t.d. i Holmenkollen, har laget hatt med utÞvarar. UtÞvarar frÄ andre nasjonar har ogsÄ vore pÄ vitjing i Rauland, sÄ som frÄ Sverige og Island. Det stÞrste arrangementet laget har hatt, er truleg Junior VM i orientering 2015. Interesserte som vil ha betre kjennskap til I.L. Dyre Vaa, kan kjÞpe boka. Ho er i sal i forretningane i Rauland.



Natur, kultur og tradisjon: Utforsk Neset gard i Rauland
Vakkert plassert ved Totak i Rauland, Telemark, finn du Neset gard, eit tradisjonelt norsk gardstun rik pÄ kulturarv. à besÞke denne idylliske perla er som Ä reise tilbake i tid, med ei historie som strekkjer seg tilbake til 1700-talet. Garden, med sine 16 historiske bygningar, tilbyr unike opplevingar i naturskjÞnne omgjevnader.
Her finn du blant anna tennisbane, badstoge og konsertscene, i tillegg til tradisjonelle hytter med moderne komfort. Gjester omtalar opphaldet som Ă„ vakne opp i eit magisk eventyr.
Neset gard er eit mekka for natur- og friluftselskarar. Med 150 km skilĂžyper



Halvor Lognvik
AustbĂžvegen 89 , 3864 Rauland
m 40071900 - tel 35073470
Halvor Lognvik
halvor@lognvik.no
AustbĂžvegen 89 , 3864 Rauland
om vinteren og flotte hÞve til fotturar, kajakkpadling og fiske, er det eit heilÄrs reisemÄl. Rauland byr ogsÄ pÄ rike kulturtradisjonar, med museum og handverk som fortel om regionens arv.
Vertskapet pÄ Neset satsar pÄ Ä fÞre vidare gardens unike atmosfÊre og byr gjestene pÄ skreddarsydde opplevingar. Dette inkluderar matkurs med den anerkjente turbobudeia Bodil Nordjore, og kulturelle arrangement som musikkfestivalen pÄ Nesetdagane.
For mer informasjon:
Web: www.neset-telemark.no
Facebook: Neset Gard Instagram: @nesetgard.no


Rauland ynskjer Ä bli meir berekraftig og er nÄ et berekraftig reisemÄl
RAULAND OG VINJE ER SAMAN MED DE ANDRE VEST-TELEMARK KOMMUNANE TILDELT «MERKET FOR BEREKRAFTIG REISEMà L» AV INNOVASJON NORGE 13. SEPTEMBER.
Merkeordninga er bÄde ei sertifisering og ein strukturert arbeidsprosess. Sentralt i ordninga er ein standard som skal innfriast. MÄlet med «Merket for berekraftig reisemÄl» er Ä legge til rette for at destinasjonsselskap, kommunar og andre som utgjer destinasjonsleiinga pÄ eit reisemÄl, saman kan planlegge, iverksette, mÄle, forbetre og formidle den jobben dei gjer for eit meir berekraftig reiseliv.
Merket er eit verktÞy for Ä forbetre klima og miljÞ, men det betyr pÄ ingen mÄte at destinasjonen er berekraftig pÄ alle omrÄder per i dag, men at destinasjonen skal jobbe for Ä bli meir berekraftig, ved Ä gjere nÞdvendige og berekraftige tiltak, for Ä etterlate mindre fotspor.
Ein viktig del av ei berekraftig utvikling er at om nÊringslivet skal overleve i framtida mÄ dei vere Þkonomisk levedyktige. Parallelt med berekraftsprosessen har me i Rauland saman med dei to andre destinasjonselskapa i kommunen utarbeida ny reiselivsstrategi for Vinje. Berekraft er godt integrert i denne strategien og planen er knytt opp mot FNs bÊrekraftmÄl.
For Ä sikre kontinuerlig forbedring og god miljÞstyring mÄ alle MiljÞfyrtÄrn-sertifiserte virksomheter resertifiseres hvert tredje Är.
Reiseliv har vore, er og skal vere ei hovudnÊring i Vinje. Satsinga pÄ reiselivsnÊringa har gjeve og gjev grunnlag for reiselivsverksemder og arbeidsplassar i andre nÊringar. Ein rapport om ringverknader av reiselivet i Vinje frÄ 2016 syner at den reiselivsrelaterte omsetnaden i Vinje bidrog til ei verdiskaping pÄ 255 millionar kroner i kommunen, eller 32 prosent av total verdiskaping. Same rapport viste at reiselivet danna grunnlag for om lag 410 arbeidsplassar i kommunen (Kjelde: Menon Economics).
m 40071900 - tel 35073470
www.facebook.com/Killingnuten
halvor@lognvik.no
www.facebook.com/Killingnuten
Rauland Skisenter er og resertifisert som MiljÞfyrtÄrnbedrift.

Salg av maling
Salg av maling
RĂžrleggerdeler
RĂžrleggerdeler
KjĂžkkenartikler
KjĂžkkenartikler

VerktĂžy / Jernvarer
VerktĂžy / Jernvarer
El-produkter

ALT I JERNVARER
Maling â Redskap â InteriĂžr â Belysning


El-produkter
ArbeidsklĂŠr
ArbeidsklĂŠr
Sjekk oss pÄ nettet: visitrauland.com/trend-rauland-jernvare
BesÞk oss pÄ nett: visitrauland.com/trend-rauland-jernvare
Telefon: 35 06 21 95 - tove@rauel.no
Telefon: 35 21 95 - tove@rauel.no






Telefon: 35 06 21 95
Ă pningstider
MĂ„n-fre 09.00 â 16.30
Laurdag 09.00 â 15.00

Kom innom, ring eller send oss ein e-post â me hjelper deg med lĂžysingar som passar for deg.


Juvlandsvegen 18, 3864 Rauland raulandjernvare.no
Har du behov for finansiering eller forsikring av fritidsbustad?
Som lokalbank kjenner me den lokale marknaden og kan gje deg personleg rÄdgjeving og lÞysingar som passar deg. Tinn Sparebank har lokalavdelingar bÄde pÄ Rauland og i à mot.
Du finn oss i Rauland Handelshus og Fristadsenteret i Ă mot.
Tlf.: 35 08 08 00
E-post: post@tinnbank.no
For meir informasjon, sjÄ: www.tinnbank.no.



Rauland Fjellsport finn du 2. etasje i Rauland Handelshus.
Rauland Fjellsport finn du i 2.etasje i Rauland Handelshus.
Velkomen til ein sporty handel hjÄ kÞnn!
MĂ„nâtors: 9.00â16.30
Velkomen til ein sporty handel hjÄ kÞnn!
Freâlaur: 9.00â17.00
MĂ„nâtors: 9.00â16.30
Tlf. 35 07 18 00 info@raulandfjellsport.no facebook.com/RaulandFjellsport www.raulandfjellsport.no
Freâlaur: 9.00â17.00



Opplev Norges vakreste hÞyfjellcruise med lunsj pÄ Mogen Turisthytte
SommerĂ„pent fra 27 juni â 1 september
Bli med pÄ en klassisk tur til hjertet av Hardangervidda. Her har folk ferdes siden forrige istid og Mogen har tatt imot gjester siden 1896. Mogen er kjent for gjestfrihet, god mat og tilpasset dagsturer samt lengre turer pÄ Hardangervidda.
Nytt i Är! Leie Mogen og FjellvÄken til firmatur eller selskap. Mellom 1-15. september tilbyr vi utleie med guiding, foredrag, mÞtefasiliteter, aktiviteter og festmÄltid. Ta kontakt pÄ mogen@dnt.no Book hÞgfjellscruise pÄ fjellvaaken.no Book overnatting her





Panoramautsikt
NĂŠrhet til Silkedalen
Familievennlig
Kontakt Kristin Larsen / HÄvard BjÞrke, Vierli Eigedom 90127462 / 97095162

Me tilbyr lokal kraft til svÊrt konkurransedyktig pris! Med vÄr spotprisavtale fÄr du:
- Billig straum over tid
- Avtale som fĂžlgjer prisane i marknaden
- Ingen bindingstid
- Ingen lokketilbod
- Landsdekkande
Samanlikn gjerne med din noverande leverandĂžr, og ikkje nĂžl med Ă„ ta kontakt!
www.rauland-kraft.no
epost@rauland-kraft.no / tlf. 35 06 20 75

LOKAL STĂTTESPELAR, Me gir tilbake til lokalsamfunnet
Kortreist lokal kraft til hytta!





Vinje Maskin AS utfÞrer graving, transport, infrastruktur med vatn, avlÞp og straum, muring, brÞyting, trÄkking, landmÄling, konsultering, boring og sprenging.
Ta kontakt om du har byggeplaner, me samarbeidar med lokale hyttefelt og hÄndtverkerar.
Vinje Maskin AS Fiskestigen 1022 3890 Vinje 91327285/90977634
post@vinjemaskin.no

Museet der du kan fÄ innblikk i kva dikting og journalistikk fortel om og tyder for oss som menneske og samfunn. Forteljingane er mange. Nokre har hendt, andre er dikta opp.
VELKOMEN TIL VINJESENTERET
Me held til langs E134, pÄ Vinjeflaten midt mellom à mot og Haukeli.
Ynskjer du omvising? Kontakt oss pÄ tlf. 467 06 073.
I museumsbutikken vÄr finn du eit stort utval bÞker heile Äret!


OPNINGSTIDER
Januar 2024

FĂžr 14. juni og etter 15. august
Tysdagâfredag 12.00â15.00
Stengt, men ope etter avtale.
Laurdag 12.00-17.00 15. juniâ15. august
MĂ„ndagâsĂžndag 12.00â17.00 Fast omvising Vinjestoga. nynorsk.no


SOMMERKART RAULAND
RAULAND
HĂGFJELLSHOTELL
Tradisjonsrikt Telemarkshotell ved foten av Hardangervidda.
TELEMARKSTUNET
Bakeri, kafé og hÄndverksutsalg i tradisjonsrike omgivelser. à pent hele sommeren.
Interaktiv utstilling om naturen og villreinen pÄ Hardangervidda.
KROSSOBANEN
Scandinavias eldste og mest originale to-tausbane som fremdeles er regulĂŠr trafikk.
SELSTALI SETER
Ekte norsk seter ved foten av Gaustatoppen. Servering av tradisjonell seterkost.
GAUSTABANEN
SpektakulĂŠr og dramatisk flĂžybane midt inne Gaustatoppen.
FALKERISET
Familievennlig tur vakker hĂžyfjellsnatur med panoramautsikt mot Hardangervidda.
VIERLI
Kafeteria, frisbeegolf, minigolf, fiske, badstuer, bÄt/kano, vandreturer, lekeplass m.m.
FJELLVĂ KEN II
HÞyfjellscruise pÄ idylliske MÞsvatn med MF FjellvÄken, fra Skinnarbu til Mogen Turisthytte.
VEMORK MUSEUM
Bli kjent med industri- og krigshistorien fra Rjukan og 2. verdenskrig.
Hardangervidda
GAUSTATOPPEN
Telemarks hÞyeste fjell med utsiktsplatÄ der du kan se hele 1/6 av fastlands-Norge!
SKULPTUREN VIDSYN BesÞk den mystiske skulpturen pÄ Vierlinuten, laget av kunstner Hilde MÊhlum. Mer informasjon: www.visitrauland.com / www.visitrjukan.com







Rauland HĂžgfjellshotell
Raulandsakademiet
Rauland Feriesenter
AustbĂž Hotell









Avstander fra Rauland Gardermoen 265 Bergen 280 Oslo 215 Sandefjord Torp 195 Skien 145 Kristiansand 240






Det blir stor sankthansfeiring sommaren 2025. Infokjem.


Fagre Fagersand!
FAGERSAND BLIR BERRE BETRE OG BETRE! KVAR VĂ R BLIR FAGERSAND RYDDA
OG STELT SLIK AT OMRĂ DET ER KLAR FOR EIN NY SOMMAR. ARBEIDET GJERAST PĂ DUGNAD.
Det har vore eit godt besÞk ogsÄ denne sommaren, og det er liten tvil om at dette er blant dei viktigaste tiltaka som er igangsatt i dei seinare Ära for besÞkande til Rauland.
Det gÄr fÞre seg store diskusjonar lokalt og nasjonalt knytt til kvar turistar og andre legg turen sin i naturen. Det kan vera mange meningar om dette, men uansett er det pÄ det reine at nokre omrÄde er svÊrt sÄrbare for flora og fauna. Fagersand ligg derimot

sentralt i hÞve til der folk bur og held seg, og omrÄdet har blitt nytta til badeplass i ei Ärrekkje.
NÊrleiken til AustbÞ Hotell gjer at mat, drikke er ivaretatt. AustbÞ Hotell leiger ogsÄ ut SUP-brett og kanoar pÄ idylliske Tansvatn.
Parkeringsavgifta gÄr til Ä dekke vedlikehaldet av omrÄdet, og avgifter knytt til containerleige og toalettvognleige.
Det er sannsynleg at Korona-epidemien har fÞrt til eit ekstra stort besÞk i Rauland dei siste somrane, men nÊringslivet og andre i Rauland hÄpar at blant anna Fagersand vil fÞre til at sommarbesÞket blir oppretthalde ogsÄ i framtida!
Me ynskjer deg velkomen.










Vinje Taxi AS
Representes i Rauland og Vinje med felles tlf nr.
Vi har vanlige drosjer og har ogsÄ en 12-seter minibuss.
Vi Þnsker dere velkommen ombord i en av vÄre Taxiere.




Alt innen graving
Tomtearbeid
Veibygging
Drenering
Vann og avlĂžp
Natursteinsmuring
Skiferlegging utvendig
Massetransport
Rivning og planering
Oppussing av hus og hyttetun



www.liljedahlmaskintjenester.no


LĂYPEKART
SkilĂžyper Rauland



