Page 1

13. - 16. juli 2017

Hellbillies

Silya & The Sailors Hilde Selvikvåg Tom Roger Aadland The Shee Belfast Lads Susie & the Spuds Bohem Strengeplukk Sassy Kraimspri Gaffoot Trygve Skaug Pakkers trio The Poor Boys CC Revival Band

–1–

www.rootsfestival.no Følg oss på Facebook


VELKOMEN TIL VIKEDAL! Det er ikkje mange festivalar som klarar å overleva så lenge som Vikedal Roots Music Festival har gjort. I heile 18 år har festivalen gått av stabelen i Vikedal med både lokale, nasjonale og internasjonale artistar som har fått teltduken til å vibrera! Det er ei lang liste med artistar som har vitja festivalen opp gjennom desse åra. Blant andre Bo Kaspers Orkester, Thåström, Edward Sharpe & The Magnetic Zeros, Hellbillies, Fairport Convention, The Dubliners, Bjørn Berge, Morten Abel, Wolfstone, Jarle Bernhoft,  Kaizers Orchestra, The Commitments, Madrugada, Susanne Sundfør, Vamp, Sinead O`Connor, Jethro Tull,  DUMDUM BOYS for å nemne nokre!  Det er fleire og fleire som har fått augene opp for festivalen etter alle desse åra. I 2009 vart det sett publikumsrekord på 10 500 vitjande! Noko som er heilt fantastisk i ei lita bygd som Vikedal med sine litt over 800 innbyggjarar. Festivalen i år som i fjor blir arrangert nede i Vikedal Båthamn alle dagar, både dag og kveld. Kyrkjekonserten vil fortsatt være i Vikedal Kyrkje laurdagen. Programmet for årets festival er me veldig stolte av. Her er det artistar som har besøkt festivalen tidligare som me veit lagar god stemning og flotte konsertopplevingar. Samtidig er det nye, spanande namn som ein absolutt bør få me seg i løpet av helga. Som alltid vil Vikedal Båthamn vera klar for å ta i mot båtfolket til bygda. Båthamna vil være ein del av festivalområdet slik som i fjor. Vikedal Roots Music Festival vil retta ein stor takk til Vindafjord Kommune og Norsk Kulturråd for tilskot, samt våre samarbeidspartnarar, publikum og dykk som jobbar på dugnad under festivalen. Utan slik dugnadsinnsats, ville det ikkje vera mogleg å arrangera  festival for attende året på rad her i Vikedal. Dette set me utruleg stor pris på! Håpar dokke får ei fantastisk musikkfylt helg her i Vikedal! Me vil iallfall gjera alt for at du skal kosa deg med god musikk uansett vêr og vind!

Olav Krokedal Landhandel En nærbutikk med tradisjoner

Dagligvarer Fiskeutstyr Norsk Tipping Rikstoto Medisinutsalg Bank i butikk MyPack Telefon: 52 76 01 78

Jarle Nes, festivalleiar.       

–2–

–3–


Telefon 03240

PRISER - Festivalpass - Fredagspass - Laurdagspass - Torsdag, talentkveld - Fredag, kun ettermiddag - Laurdag, kun ettermiddag - Kyrkjekonsert

950,650,650,150,- Barn 5-14 år 50,250,- Selges kun i døra 250,- Selges kun i døra 150,-

Barn under 5 år gratis på alle konsertar. Barn 5 til og med 14 år: 50% avslag. Pass: Festivalpass gjeld for alle konsertar, også kyrkjekonsertar og familiekveld. Strips: Billett bytast inn i strips ved inngangen. Ver tidleg ute.

BILLETTAR / FØREHANDSSAL Joker Vikedal: Tlf. 52 76 01 78 Coop Marked, Vikedal Knapphus bensinstasjon Vikedal festivalkontor (opent festivalveka) På Vikedal Rootsfestival si facebook-side www.ticketmaster.no

TRANSPORT / FESTIVALINFO Overnatting: www.visitvikedal.no - Følg med på www.rootsfestival.no for info! Ledsager: ”Ledsagerbevis” til betalande handikappa person, har gratis inngang. Aldersgrense: 15 år. Open dagtid, og viss i følgje med føresette kveldstid T-skjorter: Kjøpast på festivalkontoret, festivalområdet og Joker/Coop Vikedal. Internett: rootsfestival.no – facebook.com/rootsfestival - twitter.com/rootsfestival Transport : Buss frå Vikedal – Ølen – Haugesund fredag og laurdag kl. 0200: 200 kroner. Betalast kontant på førehand eller om bord. Ikkje garantert plass.

www.haugesund-sparebank.no

Vi støtter kulturen på hele Haugalandet. Haugesund Sparebank er en lokal bank som er med på å støtte nyskaping og utvikling av kulturlivet på hele Haugalandet. Vi ønsker alle våre samarbeidspartnere lykke til med alle skapende aktiviteter!

Elles Buss-, båt- og ferjeruter til Vikedal: se: www.kolumbus.no og www.tide.no Baren stengjer 01.30 alle dagar. Overstadig berusa personar vil bli avviste utan refusjon av billettane. –4–

–5–


KONSERTOVERSIKT 2017

NB! Ca.-tider. Kan bli endringar

Torsdag 13. juli kl. 17.00-21.00 • Underhaldning for både barn og vaksne • Talentkonkurranse i samarbeid med ABC Studio, Knapphus bensin og Grannar • Minikonsert med Olav og Berge Ohm

14.00-16.00 i teltet: Lær deg halling! Frå 5.klasse og oppover

Påmelding på festivalkontoret, eller 936 64 995 Instruktør: Halldis Folkedal. Sponsa av Haugesund Mållag og Ungdomslag og www.bygdadansar.no

KONSERTOVERSIKT 2017 Laurdag 15. juli

1445: Pakkers trio 1530: Strengeplukk 1700: Hilde Selvikvåg 1830: Sassy Kraimspri 2030: Silya & The Sailors 2230: The Shee 0015: Bohem Changeoverband: Pakkers trio

Kyrkjekonsert laurdag 15. juli 1800: Trygve Skaug i Vikedal kyrkje

Søndag 16. juli

Fredag 14. juli

1645: The Poor Boys CC Revival Band 1730: Tom Roger Aadland 1900: Gaffoot 2045: Hellbillies 2245: Susie & The Spuds 0015: Belfast Lads Changeoverband: The Poor Boys CC Revival Band –6–

1200: Rootsgudsteneste med kyrkjekaffi på Vindafjordmuseet

–7–

NB! Ca.-tider. Kan bli endringar


Fredag 20.45

HELLBILLIES

Laurdag

SILYA & THE SAILORS

20:30

Fredag kveld spelar brødrene Aslag og Lars Håvard Haugen saman med resten av medlemene i Hellbillies - Bjørn Gunnar Sando, Lars Christian Narum og Egil Stemkens – i Vikedal. Sist dei var i bygda var i 2007, altså nøyaktig ti år sidan. For same året blei det kåra til Årets spellemann, og elles har dei også tre Spellemannsprisar å dekorera hylla si med. No er det på tide med eit gjensyn med gode, gamle songar som «Den Finast Eg Veit», «Ei Krasfaren Steinbu» for ikkje å snakka om dei nye songane frå plata «Søvnlaus» som kom hausten 2016. Så møt opp i båthamna, både «By & Land», og bli med å gjera Vikedal eit godt minne for Hellbillies sine «20 år på vegen»!

Laurdag kveld blir det fullt orkester på scena i båthamna når Silya Nymoen med sine ti sjømenn kjem til Vikedal! Etter ei tid i USA deltok Silya i programmet «Stjernekamp» på NRK1, og det er nok ikkje feil å seia at heile Noreg etter kvart oppdaga talenta hennar. I løpet av dei to siste åra slapp ho ut ein trilogi der blant anna kringkastingsorkesteret var med, og albumet «Unanchored» frå 2014 blei spelt rundt om kring i norske byar under sommarturnéen same året. Dette året var også Silya å sjå på familiekvelden i Vikedal, kor dei som var der fekk ei utruleg oppleving dei ikkje kjem til å gløyma med det første. Det er ikkje ofte det er så mange artistar på scena vår samstundes, så kom deg ut av godstolen og ned til båthamna!

–8–

–9–


Laurdag

Fredag

17:00

17:30

HILDE SELVIKVÅG

TOM ROGER AADLAND

Hilde Selvikvåg frå Bryne spelte i Vikedal sist i 2015, og i år kjem ho tilbake med fullt band. Mange kjenner henne kanskje frå TV2 sin konkurranse «Idol», kor ho blant anna song Hellbillies sin song «Den finast eg veit» til rein jærsk («Den finaste æg vett»). I 2015 kom ho med debutalbumet «Slepp meg fri», som blei nominert til Spellemannsprisen i visekategorien. Det siste året har du kanskje høyrt låtane «Karusell» og «Indie» på radioen, då dei var på A-lista til NRK P1 i heile 26 veker til saman! Nyleg har ho også omsett den amerikanske musikaren John Legend si låt «All of me» til jærsk, som resulterte i songen «Alt for deg». Møt opp i båthamna på laurdag for å få med deg deilig norsk musikk – ikkje berre på norsk – men til og med på jærsk!

Rockepoeten Tom Roger Aadland frå Vikebygd blei lagt merke til for alvor då han gjendikta og song Dylan på nynorsk på albumet «Blod på spora». Låten «Vikla inn i blått» frå denne suksessplata blei nyleg kåra til ein av tidenes 25 beste norske coverlåtar av WiMP(Tidal). Då det nye albumet hans «Rapport frå eit grensehotell» kom ut, gjekk låten «Like til mi dør» rett inn på A-lista på P1, og albumet fikk strålande kritikkar. «På grensen til genialt» og «Ganske nært et mesterverk», var blant karakteristikkane av plata, som blei hylla av eit samla kritikarkorps. I tillegg må me ikkje gløyma at han har skrive åtte av songane på Hellbillies si plate «Søvnlaus» som kom i haust. Tom Roger Aadland spelar tidleg fredag kveld.

a – 10 –

– 11 –


– 12 –

– 13 –


• KJØKKEN • BAD • GARDEROBE • VASKEROM 52 76 70 70 knapphus-kjokkensenter.no

Laurdag 22:30

THE SHEE The Shee kjem eins ærend til Vikedal heile vegen frå Storbritannia for å spela for oss laurdag kveld. Bandet består av seks dyktige kvinner frå både Skottland og England som meistrar blant anna vokal, fløyte, fele, harpe, mandolin og trekkspel, og dersom me er heldige får me til og me sjå noko stepping! Det nyaste albumet «Continuum» fekk god kritikk frå både musikkbladet fRoots og den britiske avisa The Guardian, og dersom du vil oppleva ekte folkemusikk i Vikedal bør du absolutt vera igjen etter Silya sin konsert tidlegare på kvelden.

– 14 –

– 15 –


Fredag 22:45

Fredag

BELFAST LADS

00:15

Belfast Lads består av Garry Gillespie frå Irland på vokal og gitar, Sebastian Crancenco frå Romania på fele, og nordmenna Arnt Gisnås og Henrik Gustavsen på bass og slagverk, høvesvis. Dei har spelt saman sidan 2003 og spelar både tradisjonelle og nye irske låtar, samt eigenkomponerte låtar. Opp gjennom åra har dei spelt over 1000 konsertar og endeleg kjem dei altså til Vikedal. Dersom du ynskjer å få med deg litt deilig, irsk folkerock med dyktige musikarar frå fleire land bør du møta opp i båthamna fredag kveld!

– 16 –

SUSIE & THE SPUDS Susie & The Spuds består av Silje Fossli, Bjørnar Flaa, Jørund Flaa, Terje Ellefsen og Marin Stallemo Bakke. Når dei står på scena kan du sjå og høyra blant anna gitar, ukulele, banjo, trekkspel, fele og til og med vaskebrett! I 2014 spelte dei inn debutalbumet sitt «Shindig» i sjølvaste ABC Studio i Etne. Året etter spelte dei på Rootsen som changeoverband, og ut frå folkelivet og dansinga i teltet då dei gjekk på scena, er det nok ikkje feil å seia at bandet utgjorde høgdepunktet for veldig mange. I løpet av 2017 kjem eit nytt album, og dersom me er heldige får me høyra blant anna singelen «I Love My Baby» som blei slept no i vår. I år kjem dei altså endeleg tilbake til Vikedal og spelar etter Hellbillies!

– 17 –


Laurdag

Laurdag 00:15

BOHEM

STRENGEPLUKK

15:30

Det Stavanger-baserte rockebandet Bohem består av Svein André Davidsen Olsen, Carlos Sánchez og Samuel Nimoson Jr. og skal avslutta laurdagskvelden. Dei dreg inspirasjon frå The Beatles og Led Zeppelin, og då kan det vel ikkje gå gale. Songen «The Caravan Song» frå debutplata «Nomadsland» blei lista på heile elleve franske radiokanalar, og dei har til og med vore A-lista på spansk MTV. I haust gjorde dei ein nydeleg coverversjon av «99 Luftballons» i 84/85 på P1, og no er tida inne for å spela for oss i Vikedal. Sørg for å få med deg denne gode avslutninga av Rootsen 2017!

Det Stavanger-baserte bandet Strengeplukk består av Andreas Barsnes Onarheim, Nikolai Storevik, Thorbjørn André Bilstad Olsen, Jakob Folke Ossum og Lasse Gjestrud. Til saman meistrar dei gitar, mandolin, bass, fele og ikkje minst trestemt kauking. Sjangeren er bluegrass og dei spelar både tradisjonelle, amerikanske bluegrassviser du gjerne har høyrt før og eigenkomponerte songar. Hausten 2016 slapp dei sin første EP, «Carolina Special» - som du også finn på Spotify. Til hausten slepp dei ei heil plate, og i løpet av våren/sommaren kjem dei også med ei singel frå denne plata! Strengeplukk kan du få sjå og høyra laurdag dag!

– 18 –

– 19 –


Laurdag

SASSY KRAIMSPRI

18:30

Fredag 19:00

GAFFOOT

Sassy Kraimspri er eit Stavanger-basert band med medlemer frå rundt om i verda som skal spela i båthamna på laurdagen. Med ei enorm mengde energi blei dei stemt fram som årets vestlandssatsing på 100 Dagar på Stord, noko som betyr at dei er å sjå på fleire festivalscenar rundt om i både Rogaland og Hordaland denne sommaren. Sjangeren er hovudsakleg punk/rock og dei trekk inspirasjon frå blant anna Black Sabbath, PJ Harvey og Billie Holiday. «En porsjon garasjeblues og en porsjon knallhard grunge som Babes in Toyland ville nikket anerkjennende til.» (NRK Pyro, 2014). «Fusing together punk, grunge, and alt-rock elements, the four-piece are out to captivate the world with their on-point killer tracks» (Big Cheeze Magazie, 2014).

Duoen Gaffoot består av Vidar Seljen Melby og Jonathan Fimland Kleven. Sjangeren er blues/bluegrass og instrumenta er ikkje få. Blant anna syng dei og spelar tamburin, gitar og munnspel. I tillegg kan ein ikkje sjå vekk frå at vaskebrettet og bensinkanna dukkar opp på scena.

– 20 –

– 21 –

Den kjende roots- og bluesklubben Buckleys i Oslo omtala Gaffoot som «en eksplosiv duo som spiller skjorten av de fleste». Nokre songar du sannsynleg får høyra er «Pick me up» og «Ragdoll Dan» (begge kan du finna på Spotify om du er nysgjerrig). Gaffoot går på scena tidleg fredag kveld, ikkje gå glipp av dei!


Laurdag

Vikedal kyrkje 18:00

Laurdag 14:45

TRYGVE SKAUG

PAKKERS TRIO

Låtskrivaren, artisten og poeten Trygve Skaug står for årets kyrkjekonsert i Vikedal kyrkje. Skaug har sidan 2010 vore å høyra på A-, B-, og C-listene til P1, og har sidan 2012 reist rundt om i landet i sin solokarriere. Kanskje hugsar du Maria Mena sin norske versjon av «Home for Christmas» som blei vist på NRK i jula som var? Den var det Trygve Skaug som hadde oversett. Han har gitt ut fleire album og også heile tre diktsamlingar. Våren 2017 gav han ut singelen «Skuddsikker» og i løpet av året kjem det også ei ny diktsamling ut.

I år er det Pakkers trio som er changeoverband på laurdagen. Dei spelar når festivalområdet opnar og utover kvelden. Du har nok sett og høyrt dei før, anten saman med resten av Pakkers (eller kanskje du hugsar dei som Matpackers), eller åleine. Og då veit du at det er fort gjort at stemninga blir god.

– 22 –

– 23 –


Vi støtter man Mer enn 33.000 Haugalendinger også medlemmer i de lokale lagene og dere handler i våre butikker, jo mer k Og jo mer k

Fredag 16:45

THE POOR BOYS CC REVIVAL BAND Bergenbaserte The Poor Boys CC Revival Band består av Karl Henrik Svensson på gitar/vokal, Helge Laastad på gitar, Tormod Kayser på trommer og Hans Tore Hansen på bass/vokal. Som namnet tilseier er dei eit såkalla «Creedence Clearwater Revival tribute band». Det betyr at med dei på scena får me høyra kjende Creedence-låtar som til dømes «Proud Mary, «Have you ever seen the rain», «Bad Moon Rising» og mange fleire du heilt sikkert får lyst til å syngja med på.

Coop Vikedal Åpningstider Man – Fre: 08 Du– 19 får Lør: 09 - 18

Bandet spelar som changeoverband på fredag, så då blir det god stemning mellom konsertane!

– 24 –

– 25 –

2% kjøpeut


www.knapphus.no

VIKEDAL

Vindafjord Kommune

– 26 –

– 27 –


– 28 –

Welcome to Haugesund

Tlf +47 52 86 30 00 www.hotelmaritim.no post@hotelmaritim.no

Vikedal Roots Music Festival 2017  
Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you