

FYRSTEN
Emil André Erstad
FYRSTEN
Ei innsidehistorie
[START KOLOFON]
Copyright © Vigmostad & Bjørke AS 2025
Grafisk produksjon: John Grieg, Bergen
Omslagsdesign: Marius Renberg
Omslagsfoto: Christian Belgaux/Morgenbladet
Forfatterfoto: Leikny Havik Skjærseth
Papir: 70 g Holmen Book Cream 1,8
Boka er sett med Adobe Garamond Pro 11,7/15,7 pkt.
Forfatteren har mottatt støtte frå Fritt Ord og Det faglitterære fond.
1. opplag 2025
ISBN: 978-82-419-6325-4
Spørsmål om denne boka kan du rette til Vigmostad & Bjørke AS Kanalveien 51 5068 Bergen
Telefon 55 38 88 00 Eller e-post til post@vigmostadbjorke.no www.vigmostadbjorke.no
Det må ikkje kopierast frå denne boka i strid med åndsverklova eller avtalar om kopiering som er gjorde med Kopinor.
Vigmostad & Bjørke AS er Miljøfyrtårn-sertifisert, og bøkene er produserte i miljøsertifiserte trykkeri.
[START KAP]
FORORD
Jonas Gahr Støre manglar fleire av tennene i underkjeven, og ei av framtennene er ikkje ekte.1 Det har ikkje vore synleg for folk flest, fordi tannlegane gjorde ein kløktig jobb med å gje han nye protesar. Ingen som har kasta eit blikk på Støre, har sett dei kunstige tennene. Dei færraste har visst om historiene om kva slåstkjempe han var som liten gut på Ris, vest i Oslo.
Dei fleste av oss såg aldri korleis han fleire gonger rauk i tottane på jamaldringane sine. Korleis han allereie den gongen, på 1960-talet, i kamp mot ein eldre gut på Slemdal skole, barka saman og slåst. Ein stabeis som stod på sitt, med meiningars mot. Støre var ein av dei som ikkje gav etter om nokon hadde slengt med leppa, eller gav seg i disputtar om å stå på toppen av snøhaugar. Det var lite statsmannstakter eller diplomatferdigheiter å spore den gongen.
Heile livet har Støre kjempa.
Denne boka handlar om den største kampen i Jonas Gahr Støre sitt liv.
Den kampen kjempa han som statsminister og partileiar for Arbeidarpartiet.
Boka forsøker også å svare på eit enkelt, men likevel komplisert spørsmål:
Kven er han eigentleg?
Eg hugsar godt første gongen eg møtte Jonas Gahr Støre til ein fortruleg samtale. Det var lenge før eg vart journalist eller tenkte på å skrive bok om han. Denne samtala var mellom folk som i all løyndom forsøkte å bli politiske allierte. Derfor måtte ingen vite om at ho fann stad.
Det skjedde i tredje etasje i Stortingsbygningen på det romslege kontoret hans, med utsikt til Akersgata. Utanfor var varmare vêr på veg, og kalenderen skreiv 2018. Vi var få i rommet. Så hemmeleg var alt at nokon av oss som var til stades, gav Støre eit kodenamn. Det kunne få konsekvensar på Oslo Børs om nokon fekk vite kva som gjekk føre seg.
Vi hadde kikka oss over skuldra då vi lista oss gjennom det som er kalla keisarfløya, i Stortingsbygningens tredje etasje, i den delen som er vendt ut mot Karl Johans gate. For å unngå at nokon oppdaga oss, fann møtet stad etter vanleg kontortid, men på Stortinget finst mange arbeidsmaurar som aldri kvilar.
Vart ei uventa dør opna? Stakk det eit hovud ut for å sjå? Var det nokon som hadde sett oss? Risikerte vi at nokon kom til å banke på døra under møtet? Ville dei sladre til partivener, fiendar eller pressa?
På agendaen stod tema av største politiske sprengkraft.
Størst ville konsekvensane bli for Jonas Gahr Støre sjølv.
Vi, som på den tida utgjorde ein liten sirkel frå det vesle Kristeleg Folkeparti, i krinsen rundt partileiar Knut Arild Hareide, hadde bestemt oss for å sjekke ut moglegheitene for å gjere mannen som sat framfor oss, til statsminister. Det ville bety slutten for Erna Solberg si regjering og eit heilt nytt politisk klima i Norge. Eit samarbeid mellom arbeidarrørsla og kristenrørsla. Den gongen såg vi på samarbeidet som
nytenkande, banebrytande og noko som hadde potensial til å endre maktforholdet i norsk politikk i mange tiår fram.
Vi skulle berre finne ut om vi kunne stole på han som vi såg sånn opp til, og om han var den han såg ut som. Det var så mange historier og ulike oppfatningar av denne mannen. Frå utsida såg han ut som ein sosialdemokrat som tenkte nytt, som ville bygge alliansar til miljø Arbeidarpartiet tradisjonelt ikkje hadde hatt tette band til – som ein liten gjeng kristendemokratar. Vi meinte han var veltalande, gjennomtenkt og ideologisk sterk. Han peikte ut ein ny, tredje veg i norsk politikk som vi gjerne ville gå saman med han. Møtet med han i hemmelegheit på Stortinget gjorde oss styrka i trua på at han hadde det som skulle til for å bytte ut Erna Solberg som statsminister. Den gongen lét vi oss imponere av politikaren vi møtte. Faktisk i så stor grad at vi var villige til å ofre dei politiske karrierane våre og den skjøre freden i vårt politiske parti, for å krone han til statsminister.
Vi var samde om at han hadde eigenskapane som trongs til å styre landet. Han var i stand til å formulere ein visjon som skapte ein høgare himmel over politikken. Han hadde oversikt og erfaring. Han hadde gjennomtenkte svar på vanskelege spørsmål. Det var ingen andre enn han som kunne få til det vi prøvde på, der i keisarfløya.
Kodenamnet var «Fyrsten».
Den gongen tenkte eg aldri å skrive bok om denne mannen. Eg hadde heller ikkje eit nært forhold til Niccolò Machiavelli, mannen bak boka med same namn som denne. Det var ikkje derfor vi gav Støre kallenamnet Fyrsten. I 2018 hadde Støre i fire år på rad blitt skulda for å vere tåkefyrste. Kanskje var
kodenamnet vårt ein måte å fortelje oss sjølve at vi sette pris på den forsiktige, nølande måten Støre kommuniserte på –ved å kalle han noko som spelte vidare på maktperspektivet i tåkefyrstetittelen? Hans måte å leie på opna eit rom for nye samarbeid og større idear enn det sjølvsikre og altfor pragmatiske Arbeidarpartiet Jens Stoltenberg hadde representert.
Sidan den gongen har eg lese den over fem hundre år gamle boka Fyrsten fleire gonger. I stadig sterkare grad meiner eg at ein politikar på toppnivå i vår tid kan ha mykje å lære av Machiavelli si gamle bok om maktkunst.
I tida etter det hemmelege møtet på kontoret hans i 2018 skjedde det mykje både i Støre sitt og i mitt liv. Han vart til slutt statsminister, medan eg vart politisk kommentator.
Støre fekk nokre av sine tøffaste år som politikar.
Perspektiva våre endra seg, men med jamne mellomrom kryssa vegane våre kvarandre. Min hovudgeskjeft skulle bli å følge statsministeren sitt og regjeringa sitt arbeid og kvardag, som ein kritisk observatør. Eg skulle komme stadig nærare innpå denne mannen eg såg sånn opp til.
Beundring vart til undring.
Resultatet vart denne boka.
Heilt sidan Jonas Gahr Støre tok sine første skritt i norsk politikk, har folk kjempa om å forstå kven han eigentleg er. Han har blitt kalla ein fisk på land, ein framand fugl, eit eksotisk dyr i nordisk fauna, ein veltalande franskmann, ein verdsborgar, ein dialogens mann, som nemnt tåkefyrste, ein politisk meisterhjerne, eit geni og ein som er for smart for sitt eige beste.
Ein gong kalla vi han altså Fyrsten.
Tok eg feil den gongen i 2018, då eg med liv og lyst prøvde å gjere han til statsminister? Kva sa og tenkte alle dei som har jobba tettast på Støre gjennom hans etter kvart lange politiske liv? Kvifor fekk han det så tøft som partileiar og statsminister?
«Alle» har hatt ei meining om Jonas Gahr Støre. Sannsynlegvis finst det ingen norsk politikar fleire har hatt ei meining om.
Slik har det gjerne vore med leiarar i Arbeidarpartiet. Det finst eigne bibliotek om dei. Ikkje noko anna parti har vore gjenstand for same interesse og nærstudiar. Det finst allereie nokre få bøker om Jonas Gahr Støre, men desto fleire sterke meiningar.
Eg har lese dei fleste bøkene som hittil er skrivne, om han og partiet. Spesiell nytte har eg hatt av skildringane i bøkene til Ståle Wig (Seierherren, 2014) og Nina Stensrud Martin og Erik Aasheims bok (Jonas, 2017). Felles for mange av dei er at lesaren sit att med ei stor undring om kven Støre eigentleg er.
Gradvis vaks det fram i meg ein ambisjon om å finne svaret på det.
Det som står mellom desse permane, er resultatet av timevis med intervju, både med kjelder som har namnet i boka, og kjelder som har gitt god og grundig bakgrunnsinformasjon.
Eg har snakka med Jonas Gahr Støre sjølv, folk i og rundt
Arbeidarpartiet si partileiing, statsrådar, tidlegare statsrådar, stortingsrepresentantar, rådgjevarar, vener og fiendar. Dei som har stått Støre aller nærast i kvardagen dei siste åra, er blant dei som har gitt dei mest verdifulle innspela. Det står meir om korleis eg har jobba, i metodekapittelet lengst bak i boka.
Korleis har Støre vore når kameraet og opptakaren har vore skrudde av?
Kva har han sagt når han ikkje har trudd nokon kunne høyre han?
Kven har han vore når han er mest seg sjølv?
Denne boka er inga objektiv sanning. Politikken er full av inntrykk, prega av ståstad, rolle og farge. Eg har derimot prøvd å komme så nær som det er mogleg for meg å gjere, ved å dobbeltsjekke og trippelsjekke opplysingane som har flytt min veg.
Nokre stader har eg også lagt på mine analytiske vurderingar av det kjeldene har fortalt meg, for å bidra til at det som kom fram, har kunne bli mest mogleg korrekt historieskriving.
Fleire stader har eg også sleppt til kjeldene med sine nyansar der desse er tydeleg usamde i mi framstilling. Men minnet er lunefullt. Vi hugsar ofte feil om både oss sjølve og dei rundt oss. Derfor vil boka også innehalde feil, ingen politikar, menneske eller forfattar er ufeilbarleg.
«En fyrste må virke barmhjertig, trofast, menneskelig, helstøpt og som en god kristen», skriv Machiavelli, men hevdar samstundes at ein god fyrste også må vere det motsette når situasjonen krev det.2
Machiavelli er undervurdert og misforstått i vår tid. Mange nyttar omgrepet «machiavellisk» om omsynslause, kyniske leiarar og maktmenneske som berre tenker på seg sjølv og sin eigen veg til toppen. Ein bør revurdere denne forståinga av Machiavelli. Alle som er interessert i leiing, bør interessere seg for Machiavellis over fem hundre år gamle råd til fyrsten. Spesielt dei av oss som er interesserte i temaet politisk leiarskap. Hans viktigaste råd til fyrsten er ikkje å vere maktsjuk, kynisk eller grisk, men nemleg rådet om å styre til folkets felles beste. Det var eit godt råd for fem hundre år sidan, men også i dag.
Hovudspørsmålet i denne boka er derfor:
Hvis Støre har dei evnene som Machiavelli skildrar, som partileiar og statsminister, kva gjekk i så fall gale?
Det var nesten ikkje nokon som visste at han var ei slåstkjempe frå barnsbein av. Men det var meir dei ikkje visste om Jonas Gahr Støre.
KAPITTEL 1
SIGERHERREN
Klokka var 23.34, måndag 13. september 2021.
Vallokala hadde vore stengde i over to og ein halv time.
På bakrommet i Folkets Hus, på den andre sida av veggen der Arbeidarpartiet heldt valvake, sat ein mann i sofaen med mørk dressjakke, kvit skjorte og raudt slips, omkransa av sine næraste rådgjevarar, partisekretær Kjersti Stenseng og nestleiarane Hadia Tajik og Bjørnar Skjæran. På bordet stod glasflasker med brus, vatn og øl, nokre halvtomme glas og litt chips.
Mannen lukka augo, knytte nevane og heva dei til vêrs. Ikkje jublande, men lågmælt triumferande. Meir melankolsk enn glad. Meir letta enn begeistra.
I handa heldt mannen ein tynn bunke med ark.
Det var talen han straks skulle halde for partiet.
«Nå kan vi endelig si, vi klarte det», stod det på eit av arka.
Akkurat der i sofaen på bakrommet hadde Jonas Gahr Støre fått vite at han hadde vunne stortingsvalet i 2021.
Han skulle bli statsminister.
Endeleg kunne han seie det høgt til partiet, og til seg sjølv.
Gjennom heile valkampen hadde Støre fortalt at det var vanlege folks tur.
Endeleg var det også hans tur.
Vi veit at denne augneblinken var akkurat slik fordi minst ein av dei som var til stades, festa han til kameralinsa på mobiltelefonen.3 Det var eit heilt spesielt uttrykk i Støre sitt ansikt på biletet: som om det romma nedturane frå dei sju magre åra han hadde sete som Ap-leiar. Som om vi kunne sjå letta over at han ikkje skulle hamne på dei få sidene i historiebøkene om partiet sine leiarar som aldri vart statsministrar.
Tok det eigentleg så lang tid for Støre å bli statsminister?
På grunn av valtapet i 2017 var svaret ja, men det finst også andre perspektiv.
Det var først i vaksen alder at Støre melde seg inn i Arbeidarpartiet, då han tok steget i 1995. Det året fylte han 35 år og jobba for Gro Harlem Brundtland på Statsministerens kontor (SMK).
Knappe 26 år seinare vart han statsminister. Samanlikna med dei fleste andre politikarar var det relativt kort tid frå han melde seg inn til han nådde toppen. Dei fleste statsministrane i norsk politikk før han hadde klatra heile partistigen frå ungdomspolitikken. Støre valde vegen via offisersutdanning ved Sjøkrigsskulen i Bergen, statsvitskap i Paris, forsking på Harvard, arbeid for Brundtland på SMK, FN-jobb i Genève, stabssjef i Verdas Helseorganisasjon (WHO), generalsekretær i Røde Kors, utanriksminister, helseminister og til slutt: partileiar og statsminister.
Det var dei færraste som skulda Støre for å ha ein svak CV. Dei fleste var samde om at han hadde rukke mykje på kort tid. Desto viktigare var det at Støre sin CV var eit slags prov på sosialdemokratiets suksess: målet med å få slutt på den
økonomiske ulikskapen og urettferda som prega Norge fleire tiår etter krigen. Det var lenge sidan sosialdemokratar også kunne vere folk utan skit under neglene og beina på golvet.
Det var derfor på sin plass at ein med Støre sin bakgrunn også kalla seg sosialdemokrat. Det samfunnet sosialdemokratiet hadde skapt, måtte jo ikkje slutte å romme sosialdemokratar.
Derfor måtte definisjonen av kven som var sosialdemokrat, bli utvida.
Kjensla av at det endeleg var hans tur, den kjensla vi kunne skimte på biletet frå bakrommet i Folkets Hus valnatta i 2021, handla derimot om det som hadde skjedd fire år tidlegare, på valnatta og i valkampen 2017 – og dei fire åra som følgde i kjølvatnet av det.
Det ville vore umogleg å skrive ei bok om Støre si tid som statsminister utan å gå nærare inn på dei fire åra.
Derfor må vi tilbake til podiet i det same Folkets Hus, på det ekstraordinære landsmøtet i Arbeidarpartiet i 2014. Det hadde byrja som ei forteljing om kronprinsen som skulle arve halve kongeriket og heile partiet. Han som var ei av det norske sosialdemokratiet sine største stjerner. Han som dei fleste venta at berre kunne spasere inn til neste valsiger. Høgre ville vere sjanselause mot denne nykomlingen. Han var lillaveljarane sin våte draum.
Det var nesten aldri reell kamp om kven som skulle ta over leiarvervet etter Jens Stoltenberg. På eit tidleg tidspunkt hadde riktig nok namn som Raymond Johansen, Helga Pedersen, Hadia Tajik og Trond Giske blitt nemnde arvtakarar. Då Stoltenberg trakk seg, var det likevel berre ein som var aktuell.
Det var han som i juni 2014 vart klappa inn som ny Ap-høvding til ståande applaus i det same Folkets Hus, der
EIT UFILTRERT INNBLIKK I STATSMINISTERLIVET TIL
JONAS GAHR STØRE – mannen som steig til toppen av norsk politikk, men som aldri heilt klarte å riste av seg stempelet som rikmannssonen i Arbeidarpartiet.
Midt i ei nasjonal tillitskrise til leiarskapen hans vart
Senterpartiet kasta ut av regjeringa og stjerna Stoltenberg henta inn. Det som såg ut som slutten for Støre, vart i staden forvandla gjennom eit politisk meisterstykke.
Emil André Erstad tek oss i denne boka med inn i dei stengde korridorane der politiske alliansar vert smidde og maktkampar blir utkjempa. Med skarpe analysar av alt frå
Hurdal-forhandlingane til regjeringas handtering av nasjonale og internasjonale kriser, avdekkjer boka korleis makt og mytar har forma Støres reise i norsk politikk.
For første gong får vi tilgang til Støres eigen versjon av Trond Giske-historia. Erstad avslører også korleis Høgre dreiv ein strategisk spinnoperasjon på midten av 2010-talet for å forme forteljinga om politikaren Jonas Gahr Støre.
Fyrsten er eit tankevekkande og avslørande innsyn i maktas mange fasettar.

ISBN 978-82-419-6325-4