For at me skal kunna bistå og vegleia dykk ynsker me å møtast for å dela naudsynt informasjon. Eit slikt møte har me gjerne i eit av våre lokaler, men me kan og komma heim til dykk eller avvikla det digitalt om det skulle væra naudsynt. Konferansen tek ofta mellom ein og to timar.
I løpet av konferansen er aktuelle tema:
• Juridisk informasjon - til dømes kven har rett til å syta for gravferda?
• Personalia på avdøde og den som skal syta for gravferda
• Ta stilling til henting av avdøde, val av kiste og kleda som skal avdøde skal ha på seg
• Er det ynskje om minnestund / syning?
• Gravleggingsform (gravlegging eller kremasjon)
• Gravstad
• Seremoni:
• Skal det vera ein gravferdsseremoni, og korleis skal den i tilfelle vera?
• Tidspunkt og stad for seremonien
• Innhald i seremonien
• Songar
• Helsingar
• Minneord
• Deltakarar (talar, musikar, solistar)
• Programhefter - utforming og antal
• Filming / streaming
• Inn- og utbæring av kista
• Pynting av seremonirom
• Dødsannonser og evt takkeannonser
• Utforming
• Aviser for innrykk
• Dato for innrykk
• Digital publisering og minneside
• Blomar
• Skal byrået eller familien bestilla blomar til ein eventuell seremoni?
• Utforming av blomar
• Sløyfetekstar
• Minnealbum med bilder av blomar, helsingar på kort/sløyfebånd og frå seremonien
• Økonomi:
• Stønadar frå NAV og fagforeningar
• Prisar
• Arv og skifte av dødbu
• Skjema til det offentlege (Tingrett, gravplassadministrasjon, dødsattest etc)
• Praktisk informasjon om gravmonument
Minneside
På nettsida vår verdiggravferd.no/minne kan det vera digital dødsannonse, minneside, minnegåver, informasjon om seremonien samt bestilling av blomar.Det er og mogleg å ha påmelding til seremonien eller minnesamvær,og syning av streaming frå seremonien.
Ei minneside fungerer som ein digital minnelund der de kan lasta opp bilete og skriva eit minneord/helsing frå næraste pårørande. Familie, naboar, vener og andre kan tenna digitale lys, legge til eit hjarta og skriva kondolansehelsingar.
Filming av seremoni
Me tilbyr filming av seremonien.Dette kan vera aktuelt i tilfeller der nokon vert forhindra frå å komma i gravferd,eller dersom ein kan tenkja seg at nokon kan ynskje å sjå video frå gravferda ved eit seinare høve.Videoen kan overførast direkte i ei lukka visning til dei som de ynskjer, eller som ei offentleg visning på minnesida til den avlidne.
Me kan også tilby meir komplekse videoprodukter.Til dømes kan dette være videohelsing frå nokon som ikkje kan delta i seremonien eller bruk av fleire kamera og tillaging av grafikk eller bileteframsyningar. Ein vil i slike høve ofte nytta lyd frå lydanlegget i seremoniommet, eller setje opp egne mikrofonar for strøyminga. Me kan også organisere strøyming og visningsutstyr til andre lokaler i nærleiken. Opne visningar av slik video krev samtykke frå alle som vert filma.
Kostnadar ved gravferd.
Me ynskjer at de skal kunna setja personleg preg på avskjeden med dykkar kjære og samstundes ha forutsigbare ramer. De får eit prisoverslag som viser eksakte kostnader så snart me har fått ein oversikt over korleis gravferda skal gjennomførast, men satt opp 3 grunnprisar som viser kostnadar for våre varer og tenester i ulike gravferder
Tradisjonell gravferd
kr 40 137*
Sett saman slik fleirtalet av gravferdene vert gjennomført:
• Valfri kiste med pris opp til 10 000. (std storleik, inkl skjorte)
• planleggingssamtale på eit av våre kontor innanfor kontortid (kl.09-16)
• Byråhonorar
• henting av avdød busett i Norge ved dødsfall i Norge og transport til seremonirom og gravstad i Bømlo, Fitjar, Stord,Tysnes og Sveio, evt transport til krematorium*
• normalt stell av avdøde, nedlegg i kiste
• assistanse i seremoni og leige seremoniutstyr
• 150 personleg utforma og trykte programhefter og bilde i ramme
• minnebok med bilder av alle blomar og helsingar gitt til seremonien
• ventemerke på gravstad
• utfylling og innsending av nødvendige skjema for gravferda
• utfylling av skjema vedr val av skifteform
• minneside med digital dødsannonse
Enkel gravferd kr 33 242*
Gravferd med enkel seremoni der det er lagt opp til kostnadsbesparande val:
• minneside med digital dødsannonse
• enkel naturkiste (std storleik, inkl skjorte)
• planleggingssamtale på eit av våre kontor innanfor kontortid (kl.09-16)
• byråhonorar
• henting av avdød busett i Norge ved dødsfall i Norge og transport til seremonirom og gravstad i Bømlo, Fitjar, Stord,Tysnes og Sveio, evt transport til krematorium*
• normalt stell av avdøde, nedlegg i kiste
• assistanse i seremoni og leige liten pakke med seremoniutstyr
• 50 enkle trykte programhefter og bilde i ramme
• ventemerke på gravstad
• utfylling og innsending av alle nødvendige skjema for gravferda
Utan seremoni
kr 21 247*
Bistand etter dødsfall der det ikkje skal vera seremoni:
• kiste valgt av gravferdsbyrået (std storleik)
• henting av avdød busett i Norge ved dødsfall i Norge og transport til seremonirom og gravstad i Bømlo, Fitjar, Stord,Tysnes og Sveio, evt transport til krematorium*
• planleggingssamtale på eit av våre kontor eller pr telefon innanfor kontortid (kl.09-16)
• byråhonorar
• stell av avdøde, nedlegg i kiste
• utfylling og innsending av alle nødvendige skjema for gravferda
*I priseksempelet er det tatt høgde for at det er grunnlag for båretransportstønad frå NAV. Les meir om slik stønad på side 4.
Det er eigeandelen der som er inkludert i denne prisen. Dersom det ikkje er grunnlag for slik stønad vil prisen auka. Ofte mellom 2000-7000kr.
I tillegg til prisane over kan komma:
• Dødsannonse på trykk i avis, prisar på side 12 i dette heftet
• Blomar, prisar på blomar viser frå side 18 i dette heftet
• Assistanse ved syning/minnestund (etter medgått tid.Timepris:kr 908,-,tillegg 299,-/time kveld og 598,-/time helg)
• Honorar til solist/musikar (ofte mellom 3000 - 5000)
• Filming av gravferda
• Avgifter – til dømes kremasjonsavgift
• Leige seremonilokale, musikar og gravferdstalar eller nødvendig teknisk utstyr
• Utgifter til gravminne
Betaling av gravferdsutgifter
Det er“den som syt for gravferda” som er ansvarleg for at utgiftene til gravferd vert betalt.Me sender normalt ut faktura for gravferda eit par dagar etter gravferda med 10 dagars forfall, men andre betingelsar kan avtalast ved behov.
Om det er usikkert om avdøde etterlot seg tilstrekkelige midlar til å dekka gravferdsutgifter kan arving få formuesfullmakt frå tingretten for innsyn i innskudd/gjeld frå bankar o.l.Verdig gravferd bestiller dette for deg om det trengs. Me har og anledning til å bestille siste skattemelding frå skatteetaten, men dette tar ofte nokre veker å få. Ektefelle kan hente skattemelding direkte på skatteetaten sine nettsider.
Andre sin tilgong til bankkontoane etter avdøde vert ofte sperra etter at dødsfallet er meldt.Rekningar i avdøde sitt navn og utgifter til gravferda vil allikevel kunna bli betalte av banken frå avdøde sine kontoar. Nødvendige utgifter til gravferd skal dekkast før anna gjeld avdøde hadde.
Kven har rett til å syte for gravferda?
Dei etterlatte vil ofte i samarbeid ta dei viktige avgjerslene i forbindelse med ei gravferd, men det skal vera ein person som formelt tek på seg ansvaret.
Gravferdslova seier kven som har førsteretten, men det er ikkje ei plikt. Næraste etterlatte over 18 år har denne retten om ikkje avdøde skriftleg har gitt retten til andre. “Næraste” er prioritert slik: ektefelle/sambuar, barn, foreldre, barnebarn, besteforeldre, søsken, søsken sine barn, foreldre sine søsken. Om den næraste ikkje ynskjer å syte for gravferda er det neste ledd i rekka som har retten.Viss fleire like nære ynskjer å syte for gravferda må dei sjølv einast om kven av dei som skal ha retten.Ved usemje er det kommunen som avgjer. Om ingen pårørande syt for gravferd vert dette utført av kommunen. Gravferda bør respektera den avdøde sin religion og livssyn, og avdøde og dei ettelatte sine ynskjer bør etterkommast. Men det er den som har “rett til å syte for gravferda” som får siste ordet.
Stønad
Ved transport over 20km frå dødsstad til gravstad eller om dødsstaden ligg over 20km frå næraste byrå kan me under visse forutsetningar søkja NAV om båretransportstønad. Eigenandel på 2985 erstattar i tilfelle alle transportkostnadar. Om den døde ikkje har formue til å dekke gravferd kan ein ha rett på behovsprøvd gravferdsstønad frå NAV på opp til 29 853 kroner. Om den døde er under 18 år får ein alltid innvilga stønad.
Det er siste tilgjengelege skattemelding som vert lagt til grunn ved berekning av evt stønad frå NAV. Om denne ikkje er tilgjengeleg kan gravferdsbyrået med fullmakt, eller arvingane sjølv, kontakte skatteetaten for å få kopi av siste skattemelding.
Gravferdsstønad for einslege vert berekna med grunnlag i nettoformue frå sist skattemelding:
Døme:
29 853 Gravferdsstønad
- 1 000 Nettoformue (frå siste skattemelding)
- 0 Forsikring som utbetales etter dødsfallet
- 2 500 Tjenestepansjon for mnd etter dødsfallet
- 1 700Gravferdskasse frå fagforening e.l. .
= 24 653 Gravferdsstønad til utbetaling
Gravferdsstønad frå NAV for gifte og sambuarar vert rekna ut med grunnlag i paret si samla finansformue (bankinnskudd og omsetlege verdipapir) frå skattemelding.
- 1 700Gravferdskasse frå fagforening e.l. . = 25 506 Gravferdsstønad til utbetaling (max 29 853,-)
Dødsattest, dødsmelding
Det som tidligare vart kalla "dødsattest" finnes ikkje lengre. Dødsfall bekreftast av lege ved å skriva digital “legeerklæring om dødsfall” til dødsårsaksregisteret og folkeregisteret. Melding går automatisk ut til NAV og Skatteetaten om at dødfallet har skjedd. De kan få spørsmål om ein bekreftelse på at dødsfallet har skjedd når de skal avslutta t.d. abonement på avdøde sin vegne.Då er det mogleg å be om ein“bekreftelsesattest” frå tingretten Om de treng kopi av erklæringen som legen fylte ut (med medisinske årsakar) har de rett til å få dette frå Folkehelseinstituttet. Me bistår med dette. Næraste pårørande er ansvarleg for å melda frå om dødsfallet til tingretten.Verdig gravferd melder inn dette med fullmakt frå dykk. Når dødsmeldinga er motteken av tingretten vil dei starta prosessen med å kartlegga kven som har rett til å skifta (fordele) buet (eigedelane/formuen) til den avdøde. Om ein er i eit samliv er det kun avdøde sin andel av fellesbuet som skal delast.Tingretten sender normalt innan ei veke ut eit orienteringsbrev om skifte til kontaktperson hjå dei pårørande med kontaktinformasjon til sakshandsamar i tingretten. Personar som har hatt tilgang til avdøde sine bankkontoar kan oppleva at tilgangen vert oppheva når dødsfallet er meldt.
Å sjå den døde (syning)
Erfaring frå sorgarbeid visar at mange etterlatte, også born, opplever det som betydningsfullt å få sjå den døde, og det kan vera til god hjelp i den vidare sorgbearbeidinga.Om tanken kjennest framand når ein står midt i det er sorga og saknet noko som skal vera med i ei eller anna form resten av livet, og me vil i dei fleste tilfelle oppmode dei næraste pårærande å sjå. Me legg til rette for dette i ei enkel samling for dei næraste.Om det kjennes naturleg kan det haldast ein båreandakt i forkant. Det er opp til dykk som pårørande å velja kvar syninga skal gjennomførast - de kan ha den i heimen,i eit kapell,eller i eit anna egna lokale.Personar som ønskjer å avstå frå å sjå den døde må sjølvsagt få full respekt for dette.Gravferdskonsulenten bistår med syninga og kan pynte syningsrommet, tenne lys og ha musikk i bakgrunnen. I dei fleste tilfella er kan den døde synast heilt fram til gravferdsdagen.
Gravleggingsform
Uttrykka som vert nytta ved gravferd kan vera mange, og til tider forvirrande. "Gravferd" er ofte brukt som ein fellesbetegnelse for både den seremonielle handlinga og ferda mot den "siste kvilestaden". "Gravlegging" vert nytta om det å begrave ei kiste eller ei urne på ein gravplass. Me nyttar ofte uttrykket "begravelse" når kista skal i ei kistegrav i jorda, og "bisetjing" nyttast om seremonien før ein kremasjon.
Kiste/Urne må gravleggjast på offentleg gravplass. Unntak om ein ynskjer å spreia oska for vinden.
Ved bisetjing vert vanlegvis seremonien avslutta ved at gravfølget fører båra ut i bårebilen, og bårebilen kjører frå gravfølget til krematoriet. Det tek ofte nokre veker før urna kjem attende til gravplassforvaltninga i kommunen.
Bisetjing (kremasjon) opnar moglegheitar for å setje urna ned i ei stellfri urnegrav,i ei familiegrav,eller å spreia oska for vinden. Tidspunkt for urnenedsetjing vert avtala mellom gravplassforvaltninga og den som syt for gravferda/gravferdsbyrået. Urnenedsetjing/oskespreiing må utførast innan 6mnd. Det er mogleg å ha ein enkel samling på gravplassen når urna skal senkast i jorda.
Kremasjon kan finna stad før seremonien. Dette kan til dømes vera eit alternativ ved dødsfall utanlands. Urna kan då vera med i seremonien, og deretter senkast i urnegrav.
Gravstad
Den som syt for gravferda må ta stilling til gravstad for den avlidne. I Noreg har avlidne rett på fri grav i kommunen der vedkommande hadde siste bupel. Rett til fri grav gjeld under visse vilkår. Når ein tek i bruk ei ny kistegrav kan ein velgja å reservera/festa ei grav ved sida av. Ei slik grav kan vera aktuell å reservera for til dømes lengstlevande ektefelle. Merk at det oftast er ei avgift for å reservera grav. Det kan og, dersom det er ynskjeleg, vera mogleg å nytta opp att ei grav der fredningstida er over. I ei urnegrav kan det setjast ned 4 urner. I jordlaget over ei kistegrav kan det setjast ned 6 urner.
Det kan vera høve til å utføre ei symbolsk flytting av ei grav.Dette vert gjennomført ved å flytta noko jord frå den gamle grava til den nye grava og samla namna på eit felles gravminne. Ein kan velja å nytta gravminnet frå ein av dei to gravene, eller setje opp eit nytt. Navn kan tilføyast eksisterande gravminne, eller det kan pregast på ei metallplate som vert montert på steinen. Gravminne som ikkje skal brukast lengre fjernast og navn og data vert fjerna.
Gravferdslova opnar for at det etter kremasjon kan søkjast om å spreie oska “for vinden”. Statsforvaltaren behandler slik søknad og set vilkår for spreiing av oska. Det er høve til å søkje om dette på egne vegner medan ein lever, eller den som syt for gravferda kan søkje om det dersom det er kjent at avlidne ynskte dette.Ved oskespreiing mistar ein retten til å få namnet sitt på eit gravminne.
Arv og skifte
Eigedelane og gjelda etter ein avdød vert kalla dødsbu, og fordeling av eit dødsbu kallas skifte. Arvelova, eventuelt testamente og slektskap avgjer korleis dødsbuet kan fordelast. Arvingar må sjølv ta stilling til om dei vil ta på seg gjeldsansvaret etter avdøde, kva skifteform som skal nyttast og kven som skal fordela arva etter den avdøde. Buet kan skiftast offentleg (tingretten fordeler då arv) eller privat (arvingane vel då å sjølv, eller med help frå andre) å fordele arva til rettmessige arvingar. Offentleg skifte medfører kostnader i form av rettsgebyr og honorar til bubestyrar (advokat). Den som ber om offentlig skifte er ansvarleg for desse kostnadane om ikkje buet innheld tilstrekkelege verdiar. Gjenlevande ektefelle, og i enkelte tilfelle sambuar, kan ha rett til å sitje i uskifte. Då utset ein skifte av buet til eit seinare tidspunkt, feks når gjenlevande ektefelle døyr eller innleier nytt partnerskap. Uskifte er allikevel ikkje alltid den gunstigaste løysinga. Om det er deponert testamente hjå dei vil arvingane som er tilgodesett i testamentet motta kopi av dette frå tingretten når dødsmelding vert mottatt. Når skiftesform er valt og alle papir er sendt inn utferdar tingretten ein skiftesattest/uskiftesattest. Det er denne som vil gje tilgang til kontoar, og høve til å selge/overdra eigedomar og eigedelar.
Bistand ved arv og skifte
Me kan gje innledande informasjon om dei ulike skifteformene som de kan velgja mellom, men råd om arv og skifte ligg utanfor vårt fagområde.Alle våre kundar får tilbud om gratis digital informasjonssamling med advokat. I dette møtet får de grunnleggande informasjon om arv og skifte frå ein av distriktets leiande fagpersonar på arverett. Møtet kan de ha heime på dykkar eigen pc/nettbrett og det varer om lag 15 minutter. De kan nytta våre lokaler om de ynskjer det.
Det vert stillt strenge krav til ein advokat sin uavhengighet. Om de ynskjer rådgjevning frå advokaten i etterkant må de registrerast hjå dei slik at det kan kontrollerast at advokaten ikkje har interessekonflikter. Me kan bistå dykk med registrering og å kartlegge kva informasjon de bør ha med for å stille forberedt hjå advokaten. Me kan og innhente skattemeldingar o.l. om det er behov for det.
Kister
Kister kan vera tidlause, tradisjonelle eller individuelt tilpassa. De kan velja ulike fargar, håndtak, skruar, ja jamvel få egne tekstar prega på kista. Uansett kva de vel, så kan de vera trygg på at vår lokale kisteprodusent på Os leverer høg kvalitet på sine produkt, og strekk seg langt for å imøtekomma dykkar ynskjer.
Deira kister er av tre, utforma med båtform - breiare i hovudenden. På våre nettsider finn du heile utvalet: verdiggravferd.no/kister
Kister i større lengde/bredde enn standard kan kun leveres som standard kvit, natur og eikebeisa.
Prisane gjeld komplett kiste i avbilda standardutførelse, dei fleste med innvendig beheng/postring. Skjorte er inkludert. Tillegg for lakkering av kiste i andre fargar: 2 500 Tillegg hengehåndtak i gull-/sølvfarge 1 080 Tillegg for 10cm ekstra lengde eller bredde kr 1 051
Der det er behov for veldig store kister lages dei etter mål. Pris på forespørsel
Klassisk kvit kiste med hengehåndtak i sølv kr 10 368
ORBIT har fått ein del omtale i det siste som “papirkista”.
Den kan nyttast både ved kistegrav og kremasjon.
Sidan det vert nytta om lag 80% mindre tre til å produsera ORBIT veg den berre 12kg.
Treverket i plantematerialet som Orbit er laga av kjem frå bærekraftig skandinavisk skogbruk. Plantematerialet er utvikla med den flotte finishen, så ingen ytterlegare behandling er naudsynt.
Orbit vert produsert i éin operasjon og vert satt saman utan bruk av tungt maskineri eller metall. Utslepp av CO2 vert redusert med meir enn 94 % berre ved å velja dette platematerialet.
Kista har eit elegant, minimalistisk design som eliminerer unødvendige produksjonsprosessar og overflødig materialforbruk. Innvendig har den eit økotex-sertifisert papirtekstil.
Kista er 100 % brennbar / nedbrytbar.
Den er heilt metallfri, kjemikaliefri og fri for måling og lakk
Orbit oppfyller alle krav til miljø, styrkje og handtering.
Den er tilgjengeleg i natur, kvit, svart eller i blanding/miks.
Orbit kan og leverast med personleg design.
KVIT
Kr 16 906
MIX
Kr 18 781
BLOMEMOTIV (forbehold om tilgjegelighet)
Kr 26 906
(forbehold om tilgjegelighet/leveringstid) EIGE MOTIV
Kr 28 156 + Grafisk design, pr 1500,-/time
Dødsannonse
Digital publisering av dødsannonse på minnesidene våre er gratis. De kan i tillegg velje å setje inn dødsannonse på tykk i avisene de ønsker. Kostnad reknast frå høgda på annonsa og pris pr mm. varierer frå avis til avis. Ei "normal" dødsannonse kostar mellom 2 500 og 4 000.
1
Alltid andres ve og vel.
Aldri sparte du deg selv. En inderlig takk fra dine kjære. Din godhet og omsorg vi i minnet vil bære.
2
Alltid kjærleg, god og snill, aldri me deg gløyma vil
3
Alt av nåde
4
Borte for alltid, men likevel nær, du var for oss alle så inderlig kjær.
5
Det led mot aften, din sol gikk ned. Din smerte stilnet, og du fikk fred.
6
Godt å få kvila når kreftene sviktar, trøytt etter åra sitt arbeid og slit. Trygt i den evige kvila få sova. Ha takk frå oss alle og kvil no i fred.
7
Ditt hjarte som banka så varmt for oss alle, ditt auge som lyste av godleik og varme, har stansa og slokna til sorg for oss heime. Men kva du har vore, me aldri vil gløyme.
8
Du var så full av godhet som du oss alle gav. Så meningsløst for tidlig du borte for oss var.
9
Din godhet og varme vil aldri bli glemt, innerst i hjertet har vi deg gjemt.
10
Du gikk fra oss så alt for fort, følte ennå du hadde så mye ugjort.
11
Du var så vond å miste. Du var så god å ha.
Men alle gode minner, Kan ingen fra oss ta.
12
Du kjempet så tappert sykdom til tross.
Du gav aldri opp håpet du trøstet oss.
13
Du sovna så stilt då reisa var slutt. Frå alt som deg plaga, no kviler du ut.
14
Du ønsket så gjerne å flytte. Endelig fikk du bud.
De jordiske klær fikk du bytte. Nå er du hjemme hos Gud.
15
En liten engel til oss kom, hilste blott og vendte om.
Minnet om den du var, er en skatt vi alltid har.
16
En liten engel til oss kom, smilte blidt og vendte om.
17
Et strevsomt liv har ebbet ut, en flittig hånd er dovnet
Din arbeidsdag har nu tatt slutt, ditt gode hjerte sovnet
18
Frå livet til døden er vegen så kort, vi kan ikkje fatte at du er gått bort.
19
Gjennom sorgens tåke skinner en vakker krans av gode minner
20
Hjertet som banket for andre, for alltid har stilnet av.
To flittige hender er foldet som aldri tok, men gav.
21
Kva du lei, det ingen kjenner, stilt du sjølv smerta bar, smilte godt blant dine venner, takk for alt du for oss var.
22
Hvil i fred
23
I vårt hjerte, i vårt sinn, Er du for alltid lukket inn.
24
Kjære er minnene
Ørn Fisker Jødestjerne
Islamsk halv-måne m/ stjerne
Human-Etisk forbund Hindu Buddist Livssirkel
Anker Anker med 3 fugler Tru, håp & kjærleik Hammer og sag Sol, tre og duer Fugler i solnedgang Fugler i solnedgang Due med kvist
Engel Bamse Fotball Trekkspill Laks Lastebil
Latinskors Åpent kors Gotisk kors Hjerte med kors Hjerter med rose Rose Hjerte Duer og hjarta
25
La ankret falle! Jeg er i havn i ly for brenningens vover! Jeg kaster meg i min Frelsers favn, han som har hjulpet meg over. Og kjente, elskede stemmer kaller, mens ankret sakte og stille faller i evighetens lyse land.
26
Nå er du borte, og din plass er tom. Du har alltid vært tilstede for oss og fylt våre liv med glede og latter. Du lever videre i våre hjerter.
27
Salig er den som når alt farer hen, har Jesus og himmelen igjen!
28
Stille du led, hvil nå i fred.
29
Stille kom døden, den kom som en venn. Tok deg/mor/far ved hånden og førte deg/henne/han hjem.
30
Stille, så stille du sovnet, Tålmodig din smerte du bar. Dine flittige hender har dovnet. I minnet vi alltid deg har.
31
Så let me deg i hjarta inn og gøymer deg innerst inne. Der skal du fredfullt bu i våre sinn, som eit kjært og dyrebart minne.
32
Så vart det kveld og sola gjekk ned, ditt hjarta stilna og du fekk fred.
33
Så meningsløst for tidlig du borte for oss var.
34 Sårt vert du sakna.
35 Takk for alt.
36 Takk for alle gode minne.
37
Takk for smil og gode minner. Vi vil savne deg.
38
Vi lukker deg i våre hjerter inn, og gjemmer deg innerst inne. Der skal du for alltid bo i våre sinn, som et kjært og dyrebart minne.
39
Å leve er å samle opp perler på en tråd. En for de lyse minner, en annen for de grå. Hver enkelt har sitt perlebånd med dyrebare minner. For minner lever evig Selv om livet selv forsvinner.
40
Stilt susar trea rundt heimen du elska. Farvel nikkar blomane du stelte der fint. Takk kvitrar fuglane du helsa kvar morgon. Stilt kviskrar vinden: «Kvil i fred!»
41
Ingen er med oss for alltid, tida, ho svinn så fort. Men minna får me behalde til trøyst når saknet er stort.
42
Så kom dagen og siste timen. Livets veg til endes var. Takk for år og alle stunder, takk for alt du for oss var.
43
Det kom ein dag ein stille vind, den strauk så vart ditt trøytte kinn. Lik eit ljos som vert blese ut, din arbeidsdag er no slutt.
Seremoniar
Tradisjonelt har dei fleste gravferder vore gjennomført frå kyrkje eller gravkapell, men så lenge verdigheten for den avdøde og praktiske hensyn vert ivaretekne kan det velgjast andre stadar. Det er opp til den som syt for gravferda å avgjere dette, men avdødes ynskjer og livssyn skal respekterast. Gravferd kan og gjennomførast heilt utan seremoni, eller "i stillhet" der dødsfallet først vert annonsert etter seremonien.
Livssynsopen seremoni
Seremoniar kan vera i regi av ulike trussamfunn,eller de kan velgja å ha ein livssynsopen seremoni.I ein slik seremoni står de etterlatte heilt fritt til å velgje innhald og fokus, og kven som skal leia og tala i seremonien. Innhaldet kan då vera både av religiøs og ikkje-religiøs art. Me bistår gjerne med å finna egna lokaler.
Kyrkjeleg seremoni
Ved kyrkjeleg seremoni føl ein Den norske kyrkja sin liturgi for gravferd. Seremonien inneheld faste ledd, men det er gode rom for personleg preg på seremonien gjennom val av sangar, solosong, minneord, pynt mm.
Ordning
for gravferd frå kyrkje eller krematorium:
Ordninga som er opplista her er ordninga som vert nytta i den norske kyrkja. Andre trusamfunn har sine egne ordningar, men dei fleste liknar på denne, og ho kan gjerne nyttast som eit utgangspunkt om ein ynskjer å planlegga ein livssynsopen seremoni.
Mulighet for instrumentell musikk frå orgelet 15min før start
1. Klokkeringing.
2. Preludium: Instrumental eller solosong
3. Fyrste felles salme
4. Inngangsord
5. Inngangsbøn
6. Minneord (familiens del)
Lesing av minnordet av representant frå familien, byrået, eller prest
Kransepålegging
Avspelt musikk
Lystenning o.a.
7. Salme eller musikkinnslag
8. Skriftlesning
9. Salme (dersom 7 er salme kan 9 gå ut)
10. Tale
11. Bøn
12. I dine hender
13. Herrens bøn
14. Salme
Før postludium kan det framførast musikkinnslag
15. Postludium (kista vert boren ut)
Ved grava:
16. Salme
17. Skriftlesing
18. Bøn
19. Nedsetjing
20. Jordpåkasting
21. Skriftord og velsigning
22. Salme
Bisetjing:
Ved bisetjing vert ikkje ledd 14-19 brukt, og seremonien avsluttast då med jordpåkasting i kyrkja/kapellet.
Etter 13: Herrens Bøn:
14. Jordpåkasting (inne i kyrkja/kapellet)
15. Skriftord og velsigning
16. Salme
17. Postludium (kista vert boren ut/senka)
Forslag til salmar
Alltid freidig når du går
Blott en dag
Da Jesus satte sjelen fri
Den dag du gav oss
Den fyrste song
Det hev ei rose sprunge
Det er makt i de foldede hender
Deg å få skode
Deilig er jorden
Dype stille, sterke milde
Eg er ein gjest i verda
Eg veit i himmelrik ei borg
Ein fin liten blome
Fagert er landet
Guds kjærliek er som starnda og som havet
Gje meg handa di, ven.
Han tek ikkje glansen av livet
Hvilken venn
Han er oppstanden, halleluja
Ikke en spurv til jorden
Ingen er så trygg i fare
Jesus er kongen min
Jeg er en seiler på livets hav
Jeg går til himlen, der er mitt hjem
Jesus det eneste
Forslag til salmar ved jordpåkasting
Så ta da mine hender
Fager kveldsol smiler
Tenk når engang samles skal
Deg være ære
Alltid freidig når jeg går
Å leva, det er å elska
Salige visshet, Jesus er min!
Skal vi møtast etter ferda
Forslag til instrumentalmusikk
Adagio Albinoni
Air fra Orkestersuite i D av J S Bach
Air fra Holberg-suiten av Grieg
Amazing grace
Ave Maria - Bach / Gounod
Ave Maria - Schubert
Den hellige stad
Ved Rondane - Grieg
Våren - Grieg
We`ll meet again
Gabriel´s Oboe
Jeg har en engel
Kjærlighet fra Gud
Klippe, du som brast for meg
Lei, milde ljos
Lov Jesu navn og herredom
Lær meg å kjenne dine veier
Løftene kan ikkje svikte
Med Jesus vil eg fara
Mitt hjerte alltid vanker
Navnet Jesus
No livnar det i lunder
Nærmere deg min Gud
O bli hos meg
Ren og rettferdig
Som en herlig Guddomskilde
Salige visshet
Send bud på han
Skriv deg Jesus på mitt hjerte
Store Gud, vi lover deg
Tenk når ein gong
Velt alle dine veier
Vær meg nær o Gud
Å, tenk når engang samles skal
Å leva det er å elska
Å salige stund
Ved barnegravferd
Ikke en spurv
Ingen er så trygg i fare
Kjære Gud, jeg har det godt
Jeg folder mine hender små
Jesus er kongen min
Gamal fabodsalm från Dalorna
You raise me up
Ut mot havet
Pie Jesu - Faurè
Pie Jesu - LloydWebber
You`ll never walk alone
Angel - Sarah McLachlan
Time to say goodbye
The Sally Gardens (Gje meg handa di ven)
Svanen - Saint-Saëns
Forslag til solosong
Alt eg såg
Amazing grace
Den hellige stad
Deg være ære
Det fine vi hadd saman
Den finaste eg veit
Draumespor
Eg ser
Ein farfar i livet
Gje meg handa di ven
Gabriellas sang
Himlen i min favn
Har du fyr
Himmelhøge sti
Hjemme i himlen
Herligste navn
I himmelen, i himmelen
Ja engang mine øyne skal
Jeg vet meg en søvn
Jag har hørt om en stad
Kjære Gud når jeg ber
Krist stod opp av døde
Men går jag over engorna
Når mitt øye trett av møye
O helga natt
O bli hos meg
Påskemorgen slukker sorgen
Rop det ut
Ro meg over
Som den gylne sol frembryter
Tenk når jeg min frelser skuer
Tears in heaven
Time to say goodbye
Tirna`no ir
Vi vandrar saman
You`ll never walk alone
Öppna landskap
Jeg glemmer deg aldri
Programhefter
Om de ynskjer kan me lage programhefter til seremonien.Her har ein ofte med dei ulike ledda i seremonien,informasjon om musikarar, forretter/gravferdstalar osv, og songane som skal syngast. Det er stort rom for å setje personleg preg ved hjelp av egne bilder, papirvalg og ulike format. Prisen inkluderer alltid fargetrykk og papir av høg kvalitet.
Verdig gravferd har eige trykkeri som gjev oss stor fleksibilitet.Me treng ikkje forhalde oss til faste maler,bestillingsfrister etc. Grunnpakken med grafisk oppsett, prøvetrykk og 50 programark kostar kr2115. Fleire hefter kostar kr 8/stk. Om det er mykje arbeid med bilderedigering eller oppsett av egne utformingar kostar dette kr 850,-/time.
Innside på hefte i 6siders format med bildebakgrunn
Framside 6siders format
Framside 4siders format
Framside 4siders format
Blomebestillingar
De som pårørande står fritt til å velgje om de vil bestille blomar direkte frå blomebutikk,eller om de ynskjer om me skal ta hand om dette.Fargane de vel i kistedekorasjonen kan nyttast som eit tema for seremonien. Om de ynskjer å delta i pyntinga av sermonirommet eller innbæring av båra er de velkomne til det - viss ikkje tek me hand om det og seremonirommet er ferdig pynta og båra på plass ein time før sermonistart. På minnesidene kan det opnast for bestilling av blomar til seremonien og blomar til heimen. Blomebestillingar i “seremonien sine fargar” på nettsidene vil være i harmoni med fargetemaet som de var valgt på produkta frå næraste familie.
Kondolansehelsingar på blomesløyfe bestilt frå nettbutikken kan visast på minnesida til den avdøde.
Kistedekorasjon
Vegledande pris med sløyfe og kort: liten kr 3 450 middels kr 4 450 stor kr 5 450
Alle dekorasjonane kan leverast i fargar og storleik etter eige ønske.
Val av leverandør, fargeval, blomeval og storleik kan endra prisen
Liten
Haustfargar
Å omkransa båra eller urna med vakre blomar er ein tradisjonell måte å vise respekt for den avlidne og takksemd for levd liv. Kondolanseblomar formidlar omtanke og medkjensle når ord ikkje strekk til. Blomeleverandørane våre er fagfolk og kunstnarar som pregar seremoniane kanskje meir enn nokon andre.
Val av blomar og fargetema gjev moglegheit for eit personleg preg på ei vakker avskjedsstund
Krans
Pris inkluderer sløyfe
fargar
storleik etter ønske.
leverandør,
Forslag til sløyfetekster
Alltid kjærlig god og snill, aldri deg vi glemme vil
Den som er elsket blir aldri borte
Du glemmes ei
Elsket og savnet. Hvil i fred.
En kjærlig hilsen
En siste kjærlig hilsen
Et kjærlig farvel
Fra ditt liv så lett vi finner, gode, rike, vakre minner
Fred
Fred i Jesu navn
Fred med ditt minne
Fred over minnet
Guds fred
Hvil i fred
Høyt elsket – dypt savnet
I evig takknemlighet
Kjære er minnene
Kjært er minnet
Med kjærlighet (og takk for alt du var for oss)
Minnene lever
Minnes i kjærlighet
På gjensyn
Salig er de døde som dør i Herren
Siste hilsen
Sov godt kjære…
Takk
Takk for all glede
Takk for all godhet
Takk for alle gode stunder og lyse minner som vi har
Takk for all din kjærlighet og glede
Takk for alt
Takk for alt du var/har vært for oss
Takk for gode minner kjære…
Takk for all varme og smil du gav oss
Takk kjære… for alt du har vært for oss
Takk og farvel
Velsignet være ditt minne
Verdens beste bestemor/bestefar/mamma/pappa
Vi glemmer deg aldri
Vi møtes igjen
Vi var så glad i deg (og savner deg)
Hjarte
Eit dekorert hjarte eller pute kan ofte verta gitt av born eller barnebarn.
Vegledande pris
inkl sløyfe og kort:
40cm 2 300
48cm 3 000
60cm 3 800
Asymetrisk 5 000
Alle dekorasjonane kan leverast i fargar og storleik etter ønske.
Val av leverandør, fargar, blomar og storleik kan endra prisen
Andre blomeprodukt
Bårebukett
Alle dekorasjonane kan leverast i fargar og storleik etter ønske.
Val av leverandør, fargar, blomar og storleik kan endra prisen
Minnealbum
Blomar gitt til seremonien er ein fin måte å visa omsorg og trøyst på. Dei uttrykker kjensler og er ei siste helsing til den avdøde. Når dagen for gravferdsseremonien kjem er mange pårørande slitne og opplever ofte å ikkje hugse så mykje detaljar frå seremonien. Kven som gav blomar og kva dei sa med helsinga på kort/sløyfe kan etterpå vere uklårt.
Me fotograferer alle blomar og helsingar gitt til seremonien, og set dei opp i et minnealbum. Her kan me og inkludera dødsannonsa frå avisa, programheftet og anna.Arbeidet med dette og eit trykt album er alltid med i oppdraget (kr 850,-), og så kan de velge å bestille fleire album i etterkant om de vil det.
Desse kostar då kr 400,- pr stk.
Gravmonument
Vår leverandør Eide stein er Norges største bedrift innan bearbeiding av stein, og deira lange håndverkserfaring i steinfaget gir oss fagleg tryggleik. På dei fleste gravplassane må ein venta ei tid etter gravlegging før montering av gravminne. 4-6mnd er vanleg. Leveringstid er normalt ca 4veker.
Om de ynskjer det kan me bistå dykk med utforming,bestilling og montering av gravmonument.Ved personleg vegledning syt me for at utforminga av steinen vert akkuratt slik de ynskjer. På nettsida vår finn de Eide stein sitt store utval av steinar. Har de sett eit gravminne de likar på ein gravplass eller hjå ein anna leverandør tek me gjerne utfordringa med å levere tilsvarande stein - og me matcher prisen. Om de heller ynskjer ein heilt unik stein bistår me gjerne med teikning av utforming etter dykkar ynskje. Transport og montering er alltid inkludert i prisane. Me står og til teneste med navnetilføyelse, oppussing, beplantning/stellavtalar og oppretting av eksisterande gravminne.
Bedinnramming
Skriftplater
Skriftplater kan vera eit godt alternativ for å prege fleire navn på ein gravstein.Dette kan til dømes vera aktuelt om urna etter avdøde skal setjast ned i jordlaget over ei eksisterande grav, eller ved symbolske flyttingar. Skriftplatene lagast i ulike materialer, men det vanlegaste er støypte bronseplater.
Bronsedekor
Me har bronseprodukter frå PILLA på lager. Desse er av høg kvalitet, tåler vestlandsværet godt og held seg like fine i mange år.
Bedet framfor gravminnet kan rammes inn med eit enkelt rammesett, eller med bedplater i ulike utformingar.
Ståle: 969 08 140 stale@verdiggravferd.no
Helge: 969 23 240 helge@verdiggravferd.no
Thomas: 906 52 282 thomas@verdiggravferd.no
Me iVerdig gravferd står til teneste med alt det som er naudsynt for at de skal få ta avskjed på ein verdig måte, der alt det formelle blir ivaretatt.
Ha låg terskel for å ringja oss om de lurar på noko - når som helst. Me er her for dykk - før, under og etter gravferda