Hubro 3/07

Page 7

Gaute Velle forskar på effekten av klimaendringar blant anna med fjørmygg som modellorganisme. Det er svært få som kan etterprøve hans forsking. Å jukse er uaktualt. – Det ville rive grunnen under arbeidet mitt, seier han.

Juks og gråsoner Forskarsamfunnet fortel om sunne tilstandar og omfattande sjølvgransking i kjølvatnet av Sudbø-saka. Trass i at presset om å publisere i meritterte tidsskrift gjer det meir fristande å fuske.

› Ny tid for etikken ‹ TEKST: Hilde K. Kvalvaag

FOTO: thor brødreskift

Då Sudbø-saka sprakk angjekk det alle i det norske forskingsmiljøet. Jon Lekven, som er leiar for Regional komite for medisinsk og helsefaglig forskningsetikk for Vest-Norge, seier at Sudbø-saka var ein vekkar. – Det sentrale med Sudbø-saka var at medarbeidarane i prosjektet aldri hadde oversikt over totaliteten i datamaterialet, og kunne difor vanskeleg oppdage kva som ikkje stemte. Dette er ei veldig viktig lekse. Den mest positive følgja av denne tragedien er at det har auka medvitet om at ein skal kjenne til alle delar av datamaterialet. Alle forskarar bør kjenne og halde seg til Vancouver-reglane, seier Lekven, som er professor i eksperimentell kirurgi ved Universitetet i Bergen, Jon Sudbø gjennomførte prosjekta sine utan å gå gjennom den regionale forskingsetiske komiteen. I det tilfellet komitéen for SørNorge. – Men eg trur ikkje dei hadde stoppa han, seier Lekven. Den regionale forskningsetiske komiteen vurderer prosjekt før dei blir sett i

gong, men har inga oppfølging av prosjekta dei godkjenner. – Her er det eit hol i kontrollen av forskinga, og vi er avhengige av integriteten til forskarane. Det er blitt hevda at noko av forklaringa på den totale systemsvikta i Sudbø-saka, ligg i at leiinga mista oversikta i villniset av søknader og prosedyrar forskaren må igjennom for å få forske. Men det held ikkje å skulde på det, meiner Lekven. – Villniset er neppe heile forklaringa ettersom det var eit aktivt og planlagt lureri av medforfattarane frå Sudbø si side. Gjennom Sudbø-saka oppdaga styresmaktene at dei ikkje hadde noko organ for å handtere slike alvorlege saker. Dette førte til opprettinga av eit nasjonalt utval som skal handsame saker der det er mistanke om fusk. Utvalet er leia av jusprofessor ved UiB, Johan Giertsen. Frå 1. juli 2007 krev dessutan den nye etikklova at eitkvart prosjekt der menneske er involvert skal godkjennast av ein forskingsetisk komité.

Nye reglar Også i det matematisk-naturvitskaplege miljøet har Sudbø-saka fått ringverknader. – For å unngå slike patologiske tragediar som i tilfellet Sudbø, er det viktig at vi er opne i diskusjonen om data. Vi må ha ei form for internkontroll der vi til dømes kan vite at instrumenta som forskarane seier dei har brukt faktisk eksisterer. Det er også veldig viktig med journalføring av forskingsdata. Dette seier professor ved UiB, Dag E. Helland, som er leiar for Den nasjonale forskningsetiske komité for naturvitenskap og teknologi (NENT). I desse dagar kjem det ut nye forskingsetiske retningsliner for NENT. Her vil det bli stilt klarare HUBRO 3/2007 •


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.