« F or nokre vart
den seksuelle revolusjonen ei frigjering. Men for andre vart det eit angrep på livet dei hadde levd »
TEMA
SEKSUELL IDENTITET
Seksualiteten til ei peparmøy Synnøve Finden var ei peparmøy. Ho gifta seg aldri, men heile sitt vaksne liv delte ho med ei anna kvinne. Har me grunn til å hevde at ho var lesbisk? TEKST: gudrun urd sylte FOTO: synnøve finden asa
Nemner me ordet peparmøy i dag, ser me for oss ei stram, tilkneppa og gjerne snerpete eldre dame. Ei som aldri fekk seg mann. Ei attergløyme.
10 • HUBRO 2/2008
Men peparmøyene frå slutten av 1800-talet var like gjerne kvinner som valde å leve eit annleis liv. Eit liv utanfor dei borgarlege institusjonane som ekteskap og moderskap. Dei var tidlege karrierekvinner. Synnøve Finden (1882–1957) som me i dag kjenner frå eit ostemerke, var ei slik. I 1928 opna ho sin eigen ostefabrikk i Oslo.
Utenkeleg kvinnesex Mot slutten av 1800-talet var det ikkje uvanleg at kvinner levde i parforhold med andre kvinner. Livslange kjærleiksforhold, som til dømes Synnøve Finden og Pernille Holmen hadde. – I dag ville me sagt at dei var lesbiske. Men dei levde i ei tid då kategoriane homo
og hetero endå ikkje var allment kjend. Peparmøyene er eit godt døme på korleis seksuell identitet er kulturelt konstruert, seier Tone Hellesund, forskar ved Rokkansenteret. I doktorgraden sin frå 2002 forska ho på peparmøyene, dei single borgarlege kvinnene, i perioden mellom 1870 og 1940. Homoseksualitet som omgrep vart først funne opp kring midten av 1800-talet. I første omgang var det menn i mannlege parforhold som vart råka av mistankar om homoseksualitet. Ugifte kvinner kunne leve saman i parforhold. Dei vart inviterte til middag og julefeiring som eit par. Men at kvinnene hadde eit seksuelt forhold var utenkeleg i samtida.