"Perler På En Snurr" - Firda Tidend 21.mai 2014

Page 1

Sider - fredag_SIDEMAL ODD 21.05.14 14.14 Side 16

Tips oss når det skjer noko! REDAKSJON: Tlf. 57 86 87 90 57 86 87 91 Fax: 57 86 87 99

EKSPEDISJON: Tlf. 57 86 87 80 57 86 87 81 Fax: 57 86 87 89

Epost: redaksjon@firdatidend.no annonse@firdatidend.no Solglimt Trykkeri:Tlf. 57 86 87 80

MARKNADSAVD.: Tlf. 57 86 87 94 Mob. 950 32 501 atle@firdatidend.no

TEKNISK AVD.: Tlf. 57 86 87 84 teknisk@firdatidend.no

www.firdatidend.no Einkvar idiot kan overleve ei krise. Det er kvardagen som gjer at ein kjedar seg i hel. Anton Tjechov

Operaperler på museet

Eivind Kandal, som no studerer til master opera i København, kjem heim med eiga førestilling og gruppa ”Operativet”. Onsdag 11. juni held dei konsert i Frislidlada på Nordfjord Folkemuseum. – Vi gledar oss stort, seier Eivind. Førestillinga heiter ”Perler på ein snurr” og er ein komedieopera. Eivind Kandal(tenor) frå Gloppen, Bernt Ola Volungholen (baryton) frå Hedmark og Torstein Kollevåg frå Bergen utgjør operagruppen ”Operativet”, som set opp mindre operaførestillingar. På kvart prosjekt har dei med seg forskjellige gjestesolistar, alt etter kva type opera eller oppsetting dei gjer.

Perler på ein snurr Eivind og Bernt Ola studerte saman på Operahøgskolen i Oslo men er nå flytta til København for å studere vidare på sine master innan opera. Duoen har lenge gjort duettoppdrag og mindre førestillingar og sommaren 2012 var dei med på urframføringa av den norske operaen ” Querinioperaen” på Røst. Dei hadde to av hovudrollene og denne vert sett opp igjen på nytt i år, dei skal også til Kirsten Flagstadfestivalen i juni og Midtåsen barnefestival i juli. I fjor sommar turnerte gruppa i Sogn og Fjordane med stor suksess. Etter mange positive tilbakemeldingar kjem gruppa på nytt tilbake til fylket for å spreie opera ut til folket. Dei har med seg to solistar, Caroline Wettergren (sopran) og Kathrine Amdam Eckholm (sopran) også frå Operahøgskolen i Oslo. Førestillinga vert spelt på heimstadane

Sett&Høyrt

æ Konsert i Frislidlada 11. juni æ Eivind Kandal og ”Operativet” kjem heim

Berre eitt i pluss Småbrukarlaga i Sunnfjord har lagt tilbodet i jordbruksoppgjeret inn i rekneark og fått fram utslaga for åtte gardsbruk av ulik storleik og type i Jølster, Førde og Fjaler. Når 2,6 prosent er lagt inn i prisstigning på diesel, gjødsel og andre driftsmidlar på garden, går berre eitt gardsbruk i pluss. Eitt kjem praktisk talt ut i null. Dei andre går mellom 2500 og 17.500 kroner i minus. – Landbruksminister Sylvi Listhaug ha gått i lang skule i PR-byrå, men her held ikkje framstillinga hennar mål. Det er ikkje sant at bøndene i snitt får like mykje i lønsvekst som sjukepleiarane og andre lønsgrupper, seier Rune Nydal til Firda.

Liten hump velta fly Her er songarane som skal glede publikum med kjende og ukjende operanummer, Bernt Ola Volungholen – baryton, Kathrine Amdam Eckholm – sopran, Caroline Wettergreen – sopran og Eivind Kandal – tenor. til dei som er med i gruppa: lokala er små, intime scener, bygdehus, galleri og museum. ”Perler på ein snurr” er ein komedieopera basert på kjende ariar, duettar og ensemble frå dei flottaste operaene vi kjenner.

Syr saman høgdepunkt – Vi bind saman ariar, duettar og ensemble frå ulike operaer til ei heilskapeleg førestilling, vi brukar høgdepunkt frå operaene og syr dette saman med eigenskriven dialog. Samtidig som publikum får høyre kjende melodiar, vil vi også vise fram mindre kjent materiale for å vise at det finns mykje flott materiale der ute, som kanskje ikkje er så kjent, seier Eivind Kandal. Han gledar seg til å kome til heimfylket og spele fire førestillingar der.

– Først er det Lifjorden som står for tur. Der gjer vi ei intimførestilling for ca 100 stk. Det var ei magisk oppleving i fjor og vi håpar på fullt hus i år. Ein av publikum der sa at det var det største han hadde opplevd. Vi spelar også i Åfjorddalen i Hyllestad. Deretter er det Åmot Operagard som står for tur. Vi er spente på å spele der og gledar oss til å samarbeide med Steinar Sørli og Yngve Brakstad, som driv garden. Eg var der i januar på synfaring og det såg svært lovande ut. Samtidig gjorde eg ein minikonsert på gardsrestauranten deira medan eg var der, fortel Eivind.

Sandane høgdepunkt – Onsdag 11.juni spelar vi i Frislidlada på Nordfjord Folkemuseum på Sandane. Dette blir

høgdepunktet på turnèen for min del. I fjor spilte vi i heimbygda mi Kandal, i Galleri Skarstein med stor suksess. Der var det så mykje folk at vi måtte setje inn ekstra stolar, benkar og sofaer i siste liten for å få plass til alle, smiler Eivind. – Det er heilt utruleg fantastisk at det er så mange som vil kome og oppleve opera! I år må vi difor finne eit større lokale og museet ville gjerne huse oss. Vi har eit samarbeid med museet slik at dei held opne utstillingane sine for publikum før førestilling, i pausen og etterpå. Der håpar vi å spele for eit større publikum, seier Eivind Kandal og legg til at dei gledar seg masse og håpar dei kan gje desse lokalsamfunna ei god oppleving.

Reidar Svalheim i Jølster skulle tysdag teste den nye flystripa han har laga til mikroflyet sitt. Det gjekk nesten bra. – Alt gjekk i grunn fint heilt til nasehjulet trefte ein hump, fortel han til NRK Sogn og Fjordane. Mikroflyet har toppfart på 215 kilometer i timen og plass til to personar. Heldigvis var det langt frå toppfart då landinga skjedde. – Vi sto praktisk talt i ro. Men dei sto på vippen. – Vi stod og vippa, og så tippa flyet. Det var då vi banna, seier Svalheim.

Jubileumsfilm i Innvik Over 200 personar såg jubileumsfilmen ”Innvik i mai” i Heimlund 17. mai. Filmen viser kvardag og fest i bygda i både levande film og stillbilde, og vart godt motteken blant publikum. Det er førebels ikkje sett opp fleire framsyningar, men Steinar Hilde i Filmdigitalisering No seier at det er mulegheiter for framsyningar i Filmdigitalisering No sine lokale. – Vi har ei god filmhistorisk atmosfære i vår kino, som er eit rom kombinert med filmteknisk museum, seier Hilde til Fjordingen.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.