"Gler oss stort til operaframsyninga" Ytre sogn avis 06.06.14

Page 1

6

FREDAG 6. JUNI 2014

–Vi gler oss stort til operaframsyninga måndag kveld, seier frå venstre Bjarne André Lekva, Victoria Bårøy, Anne Marit Løvø, Ragnhild Rine Hofland og Magnhild Hofland i Lifjorden bygdelag.

Midlar til serviceskyss

Balestrand (215.000 kroner), Hyllestad (150.000), Gulen (180.000) og Solund (120.000) er blant kommunane i fylket som får godtgjerdsle til serviceskyss i 2014. Det vedtok Hovudutval for samferdsle på møtet i førre veke. Dei vedtok også å auke eigendelen på serviceskyssen frå 15 til 25 kroner per tur frå 1. juli 2014.

Nytt styremedlem i Fjord1

– Gler oss stort til operaframsyninga I fjor tok songarkvartetten Lifjorden med storm. Måndag er dei tilbake med ei ny framsyning, og eldsjelene i Lifjorden bygdelag er klare for ein ny operafest i ungdomshuset på Kleiva. – Vi gler oss stort, seier dei til Ytre Sogn. Vegar Volle

vegar.volle@ytresogn.no

Å ha operaframsyning i Lifjorden var det ikkje nokon av dei fastbuande som hadde tenkt var mogleg. Ikkje før Torstein Kollevåg i fjor tok kontakt med Hyllestad kommune og spurde om det hadde vore mogleg å få til i Lifjorden.

Ikkje tilfeldig

Kollevåg si bestemor kom frå Lifjorden, og han har vore her på ferie mange gonger. –Lifjorden var såleis ikkje tilfeldig valt, seier Ragnhild Rine Hofland. Ho bur i Lifjorden, er i slekt med Kollevåg og tok imot utfordringa. Kollevåg er til dagleg tilsett ved Den Norske Opera og Ballett i Oslo, og står som produsent for framsyninga «Perler på en snurr» der Eivind Kandal, Bernt Ola Volungholen, Kathrine Amdam Eckholm og Caroline Wettergren står på scena. Med på laget har dei pianist Jacob Burhøi.

Viss skepsis

Det er Kollevåg og aktørane på scena som står som arrangør av konserten, medan Lifjorden bygdelag leiger ut huset og står for serveringa. –Etter at Kollevåg hadde kontakta kommunen tok eg ein ringerunde for å høyre om folk ville vere

Torstein Kollevåg, som har røter i Lifjorden, er produsent for framsyninga «Perler på en snurr» der Eivind Kandal, Bernt Ola Volungholen, Kathrine Amdam Eckholm og Caroline Wettergren står på scena. Med på laget har dei pianist Jacob Burhøi. Her ser vi songarane under ei øving. (Foto: Torstein Kollevåg) med på å få dette til. Og folk var positive, sjølv om det også var ein viss skepsis til at vi skulle ha opera i Lifjorden, seier Ragnhild og smiler. Magnhild Hofland stadfestar at ho aldri hadde tenkt at opera kunne vere aktuelt i den vesle bygda med om lag 80 fastbuande. –Men vi tenkte: greitt, vi kan vere med og lage til mat og hjelpe til, legg Magnhild til. Når det kom ein ny førespurnad frå Kollevåg om operaframsyning i år også var dei ikkje i tvil. –Det vi fekk oppleve i fjor var skikkeleg flott. Det var ein komisk opera med mykje god underhaldning, og songarane er skikkeleg gode, seier Magnhild Hofland.

Operatallerken

I tillegg til Ragnhild og Magnhild er Anne Marit Løvø, Victoria Bårøy, Grethe Johannessen, Berit Hovland, Bjarte Hovland og Bjarne André Lekva med og lagar til operafesten. –Vi tenkte gjennom kva meny

vi skulle ha. Pølse med brød høver ikkje saman med opera, så vi laga det vi kallar «operatallerken», eller tapas som mange seier. Vi baud også publikum på velkomstdrikk då dei kom, fortel dei. I år har bygdelaget fått skjenkeløyve, men utover det blir det små endringar på opplegget frå i fjor. –Det fungerte fint i fjor, og då gjer vi det stort sett på same måten i år. Det krev ein del organisering å gjere alt klart. Salen har plass til om lag 100 tilhøyrarar, og maten må vi jo lage til på førehand. Sal av mat vil føregå i pausen som ikkje skal vere lenger enn 20 minutt, sidan songarane ikkje bør ha for lang pause av omsyn til røystene sine, fortel Løvø.

Aktivt bygdelag

Ytre Sogn møtte fem av medlemmene i Lifjorden bygdelag tidlegare i veka, og det er liten tvil om at det er eit aktivt lag vi har med å gjere. –Det er jo kjekt at huset vårt blir

brukt, og at Lifjorden blir sett på kartet. Vi har ein del aktivitetar elles i året også. Snart er det tid for sommarfest, om hausten brukar vi å ha krabbefest, i vinter hadde vi juletrefest for første gong på mange år og det var så vellukka at vi truleg skal ha det komande jul også. Dessutan leiger vi ut huset til selskap av ulike slag, slik som bryllaup, barnedåp, konfirmasjon og bursdagar, og vi har hatt grendapub med quiz, seier dei. –Den årlege basaren vår i påska er den viktigaste inntektskjelda vår, og er grunnlaget for at vi kan drive bygdelaget og halde ungdomshuset på Kleiva i stand, seier leiar Bjarne André Lekva. Av relativt nye tiltak som er gjort med huset kan vi nemne det flotte inngangspartiet, nye høgtalarar, nye gardiner, og eit ekstra toalett som vart montert i fjor slik at huset no har to.

Paradis på jord

–Alt må jo gjerast på dugnad og då blir det slik at vi tek litt no og litt då. Men vi har eit godt samhald, lever i det vi kallar eit paradis på jord, og når hyttefolket er her om somrane blir folketalet dobla, fortel dei. –Ingen av oss hadde noko tilhøve til opera frå før, men alle som var her i fjor gjekk smilande heim. Og det er mange som har spurt om det ikkje blir opera i år også. Vi ser verkeleg fram til framsyninga måndag kveld. Tidlegare i veka var det få billettar att til framsyninga i Lifjorden. Operakvartetten kjem også til Åfjorddalen bygdehus tysdag, og det blir såleis to operaframsyningar i Hyllestad kommune denne gongen. Kvartetten skal også ha framsyningar på Åmot operagard og fleire andre stader i landet.

Fylkeskommunen (biletet) spelar inn Lars Birkeland som ny kandidat til Fjord1-styret. Det er generalforsamlinga i Fjord1 som gjer det formelle valet av nye styremedlem. Birkeland er konsernsjef i den svenske apotekkjeda Kronans Droghandel Apotek AS og har tidlegare vore administrerande direktør i Apotek1 i Noreg. Han er fødd i 1964 og er utdanna siviløkonom frå University of Rhode Island i USA. Han har leiarerfaring og -kompetanse innan rekneskap, finansiering og investering. Han har også erfaring frå fleire tunge styreverv og sit no i styret for Pocos Retail, Alchemy Trading AS og Ennte AS. Sogn og Fjordane fylkeskommune eig 59 prosent av Fjord1, medan selskapet Havila-fjord AS eig resten.

Stipend til kunstnarar

Hovudutval for kultur har tildelt kunstnarstipend til fem kunstnarar i fylket, kvart på 30 000 kroner. Det er også tildelt eit etablerarstipend på 50 000 kroner. Dei som har fått kunstnarstipend er: • Gerd Endestad, Vågsøy • Lillian Samdal, Fjaler • Anne Viken, Gaular • Arnfinn Kolerud, Selje • Linda Gytri, Stryn. Etablerarstipendet er gått til fotografen Oddleif Apneseth, Gaular.

Har ikkje fornya

Aurland kommune har ikkje fornya avtalen med krisesentret i Voss, og kommunen er dermed ikkje tilknytt noko krisesenter for tida. Kommunen har no teke kontakt med krisesentret i Sogn og Fjordane og krisesenteret for Bergen og omegn, og bedd om tilbod på kjøp av tenester frå eit av desse sentra. Kven dei vel å inngå samarbeid med blir eit politisk val basert på innhenta tilbod og faglege vurderingar.

- di lokalavis!


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.