"Perler på en snurr" - Ytre Sogn Avis 2014

Page 1

8

FREDAG 31. JANUAR 2014

Inviterer til samarbeid med næringslivet

Kan tape vekst

Statssekretær Paul Chaffey inviterer næringslivet til samarbeid for å styrke den digitale kompetansen i samfunnet.

–Førde som handelsby er under press. Det bør ikkje berre uroa Coop, men og politikarane, næringslivet og innbyggarane, seier Arild Meisterplass, dagleg leiar i Coop Vest Eigedom AS til Firda. Han meiner at omsetjingstala syner at Førde ikkje er slagkraftig lenger. Veksten kan gå til regionane sør og nord for fylket. Svaret ligg i ein handelspark på Brulandsvellene, perfekt plassert ved nye E39 og ikkje lenger unna sentrum enn 1,5 kilometer.

Hensikten er at flest mogeleg innbyggarar kan bruke digitale offentlege tenester og delta på nettet, heiter det i ei pressemelding frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. –Vi har som mål at alle innbyggarane skal kunne bruke offentlege tenester på nett.

Næringslivet sit med solid kunnskap om den digitale kompetansen til brukarane, kva som krevst for at dei skal ta i bruk digitale løysingar og kvar skoen trykkjer. Eg er opptatt av dialog med bransjen og korleis vi i fellesskap kan styrke den digitale kompetansen i samfunnet, seier Chaffey. Gjennom prosjektet Digital deltaking 2017 tar departementet sikte på å etablere ein felles møteplass for næringsliv, frivillige aktørar og statlege verksemder som jobbar med å styrke

den digitale kompetansen til innbyggarane. Hensikten er å utveksle kunnskap og erfaringar med kompetansehevande tiltak. Under eit møte med næringslivet kom det fram at fordi folk kjenner seg utrygge vel dei å ikkje bruke digitale løysingar. Mangel på mellom anna klart språk og standarisering av løysingar er ei anna årsak. Fleire aktørar driv kompetansestyrkande arbeid i dag, og ser gevinstar ved eit felles offentleg og privat initiativ på området.

I juni blir det ei ny operaframsyning i Lifjorden, med den same kvartetten som hadde suksess i fjor. Frå venstre: Kathrine Amdam Eckholm (sopran), Bernt Ola Volungholen (baryton), Caroline Wettergren (sopran) og Eivind Kandal (tenor). (Foto: Torstein Kollevåg)

Ambulanseplanen på mars-møtet

Styret i Helse Førde skulle i utgangspunktet få fylkesplanen for ambulansestruktur til vedtak på møtet i april. –Eg håpar vi får ambulanseplanen på mars-møtet, men eg kan ikkje love no at planen er ferdig til styremøtet i mars, seier Jorunn Ringstad, leiar i styret for Helse Førde til Sogn Avis. Styreleiaren legg ikkje skjul på at saka om ambulansestrukturen kan bli tøff, for styret må prioritere og gjere politiske vedtak innanfor dei økonomiske rammene.

Byvandring med Lærdal i tankane

Operasuksessen kjem attende til Lifjorden I fjor vart framsyninga «Trylledrikken» ein stor suksess i eit fullsett ungdomshus i Lifjorden. I år kjem songarane attende med nytt program. – At vi måtte attende til Lifjorden sa seg sjølv, seier produsent og manager Torstein Kollevåg til Ytre Sogn. Det er Kollevåg si tilknyting til Lifjorden som gjer at grenda i Hyllestad kommune er i ferd med å etablere seg på operakartet. I år kjem ensemblet med ei ny framsyning kalla «Perler på en snurr». Bernt Ola Volungholen, Eivind Kandal, Caroline Wettergreen og Kathrine Amdam Eckholm utgjer kvartetten som får tonefølgje av pianist Jacob Burhøi. I fjor gav dei Lifjorden ein solid opptur med framsyninga «Trylledrikken».

Årleg hending –Vi fekk fantastisk gode attendemeldingar i Lifjorden i fjor, og det sa seg sjølv at vi må ha framsyning der i år også, seier Kollevåg til Ytre Sogn og legg til at dei har eit håp om å gjere dette til ei årleg hending. Songarane er no ferdig utdanna og treng naturleg nok oppdrag for å

ha inntekter av yrket sitt. –Viss vi kan få til ein fast sommarturné vil det kunne vere bra i så måte, seier Kollevåg.

Best på lokalmat

Opera til folket Turnélista er ikkje ferdig spikra, men at det blir framsyningar i Lifjorden i juni er på det reine. I tillegg skal Åmot operagard vere stad for framsyningar 12. og 13. juni «Perler på en snurr» tek utgangspunkt i alt som finst av opera. –I fjor tok vi utgangspunkt i to operaframsyningar, men i år hentar vi arier og duettar frå mange ulike operaer og knyter det saman til ei framsyning. Publikum vil få servert smakebitar frå kjende operaer, men også frå opera som er meir ukjend for folk flest. Målet vårt er å få opera ut til folket, og vise at opera ikkje er så vanskeleg å tilnærme seg som ein nokre gonger kan få inntrykk av. Vi brukar humor som ein viktig basis, samstundes som det musikalske skal ha høg kvalitet, seier Kollevåg.

Tidleg og seint Eivind Kandal (tenor) er frå Gloppen og det er lagt opp til at «Perler på en snurr» skal spelast også i heimkommunen hans.

Bilete frå Lærdal gjer at vi kan sjå føre oss korleis Ålesund-brannen verkeleg var, sa Sindre Nakken under byvandringa. Sist veke vart det på nytt arrangert byvandring i Ålesund, til minne om brannen som råka byen for 110 år sidan, skriv Sunnmørsposten. –Vi feirar ikkje bybrannen i Ålesund. Vi markerer den eine historiske hendinga som har påverka byen vår aller mest, sa Nakken. I Nedre Strandgate las han frå rapporten om brannen som raskt fekk tak og spreidde seg i rasande fart. I dag kan vi faktisk sjå for oss korleis dette var. Vi har akkurat sett det i Lærdal, sa han.

Det er produsent og manager Torstein Kollevåg si tilknyting til Lifjorden som gjer at grenda i Hyllestad kommune er i ferd med å etablere seg på operakartet. (Foto: Nina Karud) –I fjor var vi også på Sunnmøre og i Hedmark. Volungholen kjem frå Vallset i Hedmark, og vi hadde framsyningar både der og i Hamar. Truleg blir det framsyningar på desse stadane også i år, men turnéen vil bli delt noko opp sidan songarane også har andre oppdrag i sommar. Såleis kjem vi til å framføre «Perler på en snurr» både tidleg og seint på sommaren, seier Kollevåg.

Magisk oppleving I ungdomshuset i Lifjorden er

det plass til om lag 100 i salen. –Publikum i Lifjorden var heilt spesielt. Det var ei magisk oppleving. Difor tek vi sikte på å ha to framsyningar der i år, og satsar på at det er mogleg å fylle ungdomshuset to gonger, seier Kollevåg og legg til at aktørane fekk ein giv av å opptre i Lifjorden. –Ein av dei eldre tilhøyrarane fortalde oss at operaen var det største han nokon gong hadde opplevd, fortel Kollevåg. Vegar Volle vegar.volle@ytresogn.no

Bakar-Jon sin butikk i Byrkjelo legg lista høgt. – Nokre er gode på bakeridelen, andre på lokalmat, men ingen er gode på begge deler. Det skal vi bli. Bakar-Jon skal bli best i landet på kortreist mat, seier Geir Espe og Rune Økland i Coop Vest til Firda Tidend. I fjor sommar overtok kjeda den tradisjonstunge bakeri- og daglegvarebutikken til Jon og Åse Myklebust. Bakeriet er i drift som før medan butikkdelen er omdanna til selskapslokale og reindyrka lokalmatbutikk som er fyrtårnet til Coop Vest si satsing på lokalprodusert mat.

Meir øl på polet

Kinn bryggeri har fått ytterlegare to typar gjennom nålauget. Det er Prestesonen og Gamleguten som no er å finne i bestillingsutvalet til Vinmonopolet. Det er ølbloggen Godt i glasset som melder dette.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.