Vekstvilkaar utdrag

Page 1

Innhold i. Klosterbok ii. Folkeparkbok iii. Klosterøyabok iv. På Øygarden tar dei vare på folk v. Søstrene i Porsgrunn vi. Stikk fingeren i jorda vii. Hagelaget ved Hovedøen Kloster viii. Hagemobilitet, eit adopsjonsprosjekt ix. Dakkeseter tar vare på folk og fe

i. Klosterbok


ifte n

Klosterbok

3.6b

3.4b

3.2b

3.0b

2.8b

2.6b

2.4b

2.2b

2.0b

1.8b

1.6b

1.4b

1.2b

1.0b

0.8b

Ka led

ons

ke d

ekk er &

Os

lor

Tel e (15 mark 00 su mil pra l–10 kru 00 stal mil ene Ga l. a o.l bb r) ro, am fib olit t Gr a (119 nitt g 0– neis 113 0m ill. a Gr r) ani (10 tt ø 50 yeg mil ne l. a is An r o (92 rtosi ) t 5m t ill. a Gr r) a (10 nitt 00 –9 20 mil l. a r)

4

0.6b

3.6b år før klostra finst

3.4b år før klostra

664m år før klostra finst

600m år før klostra er

550m år før klostra sym

enkle celler.

finst celler som gjer

eit enkelt dyr, ein svamp

Hengsø og Klosterø dekt

enkle blautdyr over det

fotosyntese.

i urhav over Sør-Aus-

av urhav.

som skal bli klosterøyer,

tralia.

over det som skal bli hagar.

0.4b

0.2b


6

Klosterbok

Det levande har ikkje skal. Skal trengs ikkje. Ikkje noko må haldast unna. Berre tid er av betydning. Tid kjem. Tid tar av den tid som alt levande har. Mellom blaute dyr finst ikkje luft. Lag på lag med daude, blaute dyr, lagar botnen av grunnen. Utvikling gjer at blautdyr får skal. Vi kallar det vekst.

desse går frå passasjen Huk, gjennom austre Kongeskogen, via Bygdøy Sjøbad til Hengsåsen. Ca. 8000 år før dette møtet, som lesaren skal få høyre om, er Oslofjorden 200 meter høgare enn det som ein i dag kallar havoverflata. 200 m.o.h. tilsvarar det øvste punktet i Oslo kommune. Holmenkollåsane inkluderte.

——

——

500 millionar år før klostra får blautdyr skal. Skaldyr er ein mangslungen fauna av artar. Alle sine skal fulle av kalk. Dei døyr. Ramlar til botnen av hav. Born av hav blir pressa saman. Sedimenterte bergartar får kalsium og mineral. 440 år før Hageselskapstiftinga rører jordskorpa på seg. Sjøbotn som blir Hengsø og Jomfruland og Porsgrunnsfjorden byrjar den faldinga som skal gi ryggar. Dei blir som skal bli Hengsø og Jomfruland. Begge er åsryggar, begge morenar, dyttande store massar grunn framfor seg. På Hengsø er grunnen oseansk fossil. Jomfruland er stein. Undersjøiske åsar frå sørvest til nordvest. Mellom åsane: låge område. 290 år før det som skal bli eit møte i noko som skal bli eit hagelag, sprekk jordskorpa under Oslofjorden. Den blir fleire blokker. Nokre blokker søkk. Nokre stig. Mellom dei som stig og søkk, er sprekker. Frå sprekkene piplar lava. Lava størknar, blir bergartar sterkare enn sedimentære artar. Dei er høgdedrag i landet. Ein av

Men så smeltar landisen. Landmassen stig med fleire millimeter i året. Bronsealderen er ei av desse tidene då landskapet endrar seg særleg. Bygdøy er ein skjærgård av øyer. Arealet av kvar øy blir større. Hengsø er ei av øyene i skjærgården. Men sjølv om Hengsø er omgitt av sjø, er ho ikkje isolert. Til det har Oslo blitt for mykje av eit senter. Sjølv skjærgården ei busetting å telje med i vurderinga av Oslo by. ——

In medias res, primo prosjekt, i tida av Kyrie Eleison, av Rekviem og Passionata, på skjærtorsdag, Hovedøen, finnst benediktinarar, som bur berre steinkast frå Bygdø og Hengsø, men som like gjerne kunne ha vore ved Skien, ikkje Oslo. Innanfor murane av monetariet er tilhøva like. Langfredag er berre timar unna. Tiandetimen er kommen, og mørkret får vere. Krusifikset får vere, men dekka til. Tabernakel står urørde, som gullfarga stavar og ornamentikk, som myrraen,


8

Klosterbok

røykelse, alt gullfarga, glitrande. Berre eit tomt skal er kyrkja no. Berre takhøgda, grunnplana, og dei latinske orda, som blir mumla, viser at det er eit katolsk, heilag rom.

ein og annan veldig stor stein. Sjølv dei store steinane klarar nonna. – Hit, seier ho, og så kjem andre nonner dit. Nonner klarar seg utan karfolk. Ingen løft er for tunge. Om eitt løft er for tungt for ei nonne, då kallar ho på venner, som hjelper henne. Sosiale måtar å gjere ting er naturlege. Å hjelpe einannan er automatisert. Dei kallar det ikkje “teneste” eller å “skulde den andre ei teneste”. Å stille opp for einannan er det sjølvsagte, er normalen. At eg problematiserer dette i dag, er moderne.

——

Post påske, primo ventetid før pinse. Ho er tidleg i år, både pinsa og påska. Men det kler klimaet. Sola er tidleg. Telen går. Ikkje ein flekk av snø att, berre strimer av irrgrønt, krokus og snøklokker der i ly av steinane. Og bortanfor steinane der vender munkane jorda. Luft kjem til jord. Rom kjem til hagen. Landet eitt av potensial, som nonna går inn i, lagar senger av. Mens ho venter på Kristi Himmelfartsdag, lagar han jordhaugar som ho klappar flate, og drys gjødsla jord over. Ho legg spaden varsamt over jorda, som om det var hovudet til eit nyfødd born. Nokre drys av gjødsla jord, og så, til slutt, vatn. Ikkje for mykje, men nok til å binde jord til jord.

——

Mellom gulrøter plantar nonner løvstikke. Mellom neper, persille, og mellom kålrøter, dill. Det er korte røter mellom lange røter, og eit nettverk av røter som nyttar grunnen – heilt ned dit jord møter berg. I dei andre retningane er hagen nytta frå klostervegg til klostermur. ——

——

Klosterøygeiter spis opp klostergraset. Dei spis opp tofrøblada planter, og vil til urtene. Men då kjem nonnene og seier stopp. Stopp er ikkje nok. Nonnene held geitene unna med makt ei stund, mens dei bygger steingard. Steinen hentar dei frå rundt klosteret, her og der ligg det framleis att steinar frå då klosteret vart bygd. Store steinar. Steinar som er passe store, som ei nonne kan bere heilt aleine. Men så

Sigurd Jordsalfar vil ha 6000 menn med seg mot Byzants. 6000 norske menn, som han må ha stønad frå han som no er konge, og frå kongeriket, til å gjennomføre. Han treng pengestønad. Han treng også lov, heilt og fullt, til å ta så mange karar bort frå eit Noreg der Oslo har tre tusen innbyggarar. Det er for diplomati og fredsarbeid, seier Sigurd. Når det ikkje held som argument, legg han til: og for å finne planter og urter som er viktige for klostra våre. Sigurd og


10

Klosterbok

karane hans reiser. Dei er med på å tråkke opp ein autostrada frå Europa til Byzants. Dei handlar, røvar eller finn silke, gull, azur; alt dette som folka i klostra i Noreg ønskjer seg, finn dei i aust, Asia, Byzants. Det er framleis mange år til Hildegard von Bingen skal lage det ein kallar kunst. Dei har ikkje enno kunnskap om denne form for handverk, den som Sigurd og gutane drar med seg vestover. Velstand tar dei også med seg. Ein aukande rikdom hos aristokratiet, i kongehusa, og klostra. Handelen blir større, kontakten større. Silke, særleg, blir merket på at nokon har reist austover. Dei har det med; islendingane er gode til å reise, som far til Snorre, ikkje Sturla, men fosterfaren, Jon Luftsson, som reiser frå han er tre år. Alt han kan, han Jon, det kjem frå Paris, sa dei. Men sanninga er at det kjem frå Konstantinopel. Til Klosterøya, Skien, Hovedøen, Oslo, Island:

gras. Gras går over små kvadrat av stein. Steinene under torva under symregrønt gras, auker i tal oppetter elva. Mot normalt, tenkjer dei som ror, og tenkjer at det må vere eit særskilt land, dette som blir meir attråverdig for busetjarar, oppetter elva, vekk frå den sørlege Oslofjorden, den som framleis er salt, som framleis har livet av fjorden i seg. Men som har fordelene frå syden. Sola om sommaren. Men noko enno betre ventar der oppe: Elva snor seg, etter kvar sving dukkar nye småhus opp på breidden. Så opnar elva seg. Bak elva opnar landet seg. Eit strekk av flatland mellom åsene. Ei klynge av hus, der, med tun i mellom. Ein heil, liten landby: Husklynga er ei lita øy omringa av små åkrar. Herfrå går ei bru over til ei øy av tre, berg, og stein som samlar seg til ein orden. Ordenen er rekker av steiner, i sirklar. Sirklane blir til hus, husa til eit kloster. Rundt det heile; ein låg mur, ein som openbart er på veg til å bli høgare. Eit heilt nytt kloster, med reine steinar, reine liner, og store gluggar i veggane. Dei vurderer alderen på husa etter vindauga. Omvendte U’ar er teiknet på eit utvekla samfunn. Høge vindauge. Høg teknologi. Dei tilreisande legg årane i båten. Båten fare som han vil. Auga deira er fiksa på vindauga, før dei reiser over heile steinkomplekset. Særleg mykje dveler dei ved overgongane: Der berg blir til stein og steinrøys blir til hus. Slik er det også med overgongen frå eit villniss ved vatnet, via ei rekke av buskar til porten, og skimtet av ordna plantebed bak murane. Men så kjem båten forbi utløpet av

——

Fjorden møter elva. Straumen blir enno sterkare. Dei jobbar med årane, og sett langskipets spisse pil rett vest. Båtens spisse pil kjem på rett veg, kjem inn i ein god straum, ein som båten kan sigle med, ikkje kjempe mot. Dei ror godt på, til limbo er krossa. Kjem inn i straumen. Susar ned straumens smale sug. Stille, sklir båten mellom bratter av skogskledte åser. Roarane har aldri sett så mykje så tett skog i sit liv. Ikkje eingong den overgrodde Hengsøen har så mange tonar grønt, på eit stykke land. Land er dekt av


12

Klosterbok

stryket, den som blir til eit lite vatnfall, frå Hjellevatnet over dei. Over eit vatn, under ei elv, ved munning av ein kanal – der blir bøner messa frå titals kvinner; kvar og ein av dei lågt og audmjukt, og berre når dei saman syng, er songen mektig. Dei syng i otta, og til tiande. Og når sola har gått ned, då samlast dei til måltid. Lesaren les, mens ho får litt vin, ispedd vatn. Mens lesaren les, spis nonner sit mål: brød, men ikkje meir enn eit brotstykke; den store og den vesle får det same stykket. Den store får ikkje meir, då storleiken er hennar svakleik. Den vesle får like mykje, då også ho har gjort sin del av arbeidet. Og alle har dei tålemot med kvarandres svakleik; om det er storleiken eller måten med drikka: For berre ein kvart liter vin, seier skrifta, skal kvar søster ha kvar dag. Det meiner ein er nok. Og det gjeld å ha nok, men ikkje for mykje: Som kjærleiken; som forhold som er så lett å setje i gong, men som er så vanskeleg å få til å vare, å få til å vare, veit dei, som har funne gode grunnar til å velje kjødeleg kjærleik vekk. Slik er det også med spirar. Dei er lett å få til å spire. Men å halde vekstar er det også med spirar lett å få det til å spire. Men å halde vekstar sterke nok for hausten, det er ikkje lett.

Lunt hjellevatn renn over i Skienselva. Skienselva renn over i fjorden. Fjorden har form som ein flamme. Flammetuppen går opp i landet. I det innste av fjorden er det varmt og lunt. Ein lys, lys søndagsmorgon, 1285, og første gong formelt, men neppe første gongen, eigentleg, vaknar Hertug Haakon ved sida av Prinsesse Euphemia, og stryk handa over kinnet hennar, mens den andre handa rekk tak i noko bak han, han tøver litt med den handa; handa bak ryggen, stikk handa i skuffen; til han endeleg får grep om dette som han skal gi henne, morgongåva etter dette giftemålet. Prinsessa skjønner vel kva som skjer, og grublar; vil det ha edle steinar, eller berre vere gull? Vil det vere for ein finger, eller for eit heilt, lite handledd? Men! Hertug Haakon, seineare Kong Haakon V. Magnusen drar berre eit stykke papir fram, legg ein liten rull pergament på dyna framfor si fru: eit skjøte Værsågod, seier han og, forærer hende Bygdø med Tilliggende.

——


14

Euphemia er ah så sjuk, sjuk som berre søstrene kan forholde seg til; og dei kjem, med sine remediar, tinkturar og urtar, med salver og sprit, og gjer det så vidt lettare for henne å forlate denne verda, Euphemia, og gjer det også så vidt lettare for dotra å klare sorga etterpå. Hertuginde Ingeborg skjenker så Bygdøen attende til klosteret – «med Hengsø og Oksenøer, som ligger derhos, og Bækkelagets Fiskeri». Bygdø omgitt av sjø. Men hovedøymunkar lever likevel i tida si, veit vel kva som skjer utanfor klostermurane sine; at det oppe i Nidaros har gått brann i katedralen, då sender cisterciensarane tilskot til å reise domen opp att. Når det i Bergen brenn i byen, då sender birgittinarmunkane pengar vestover. Landet stig. Havet søkk. Hengsø og Bygdø blir eitt land. Hengsengen er den lange armen, den som held det som før var øyer, saman. Berre biskop Jens Nilssøn, på visitasreiser, siglar helst, mellom Fornebusund, Rolfssund, til kloster.

Klosterbok


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.