Tidsskriftet A4/2016

Page 38

teknologisk framgang Etter kvart som folk strøymde til byane, blei det meir og meir press på utbyggjarar. Folk skulle ikkje berre ha ein plass å bu, dei skulle òg ha ein plass å jobbe, ein plass å handle og muligheita til å ha ein plass å slappe av. Bygningane måtte igjen romme meir, bli høgare (skryterett) og helst bli mykje billigare. Stål er eit tungt material og for å nå nye høgder måtte nok ein gong tenkehatten på. Armert betong blei oppfunne allereie på 1850-talet, men pga. manglande kunnskap om utrekning var det ikkje før utpå 1900-talet at dei vart tatt i bruk for fullt. I dag blir dei fleste skyskraparar bygga i ei blanding av betong og armert betong. Når ingeniørane no hadde funne det perfekte material, var det berre nokre få andre problem som sto i vegen: Usikker grunn, heiser, frakt av betong, arbeidskraft, heisekranar, trykkforskjellar, vind, klima, osb, osb. Sa eg få? Eg meinte mange, veldig mange. Det verka som om to nye problem dukka opp kvar gong dei løyste eitt, men igjen, innovasjonen aukar kvar gong nokon vågar å tenke stort, det er pengar å tene og/eller menneske er i ferd med å døy.

I 2019 er det planlagt avduking av Kingdom Tower i Jeddah, Saudi Arabia. Tårnet skal med sine 1000 høgdemeter bli verdas høgste, åtte gonger høgare ein Noreg sitt stusselege bidrag, og ti gongar høgare enn Nidarosdomen. Du kan liggje Kingdom Tower ned på sørsida av Elgseter bru og toppen ville då ligge i enden av Prinsens Gate. Det er ganske mange trappetrinn. Som med krig og pest, trur mange at utfordringane vi løyser i eigedom og andre profittbaserte områder kan hjelpe oss å forstå og forbetre andre ‘nysgjerrigheitsbaserte’ områder. Ei løysing på det å frakte fleire hundre menneske opp 1000 m på under femten min kan til dømes vere karbon, då betong blir for tungt og må erstattast med noko lettare for at dette skal kunne skje. Karbon kan kanskje etterkvart hjelpe oss over kilometersgrensa og ut i verdsrommet ved hjelp av romheisar, noko fem år gamle meg hadde vore ganske gira på. For så vidt 21 år gamle meg òg. #GiOssRomheisar2k16. 38

ANE SOFIE KJELLAND


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.