Tussane på Kråkeneset

Page 1

Tussane p책 Kr책keneset Eit lokalsegn fr책 Bykle

Skreve av Anne Margrete Bj책en Illustrert av Tove Hertzberg




Tussar: I gamle dagar trudde dei på tussar og troll. Tussar var nokre små gråkledde underjordiske vesen som levde ute i naturen og skjulte seg for menneske. Men dei var alltid nære. Mange segner fortel at tussar og menneske hjelpte kvarandre. Eit anna namn kan vere fjøsnissen. Han var òg liten og grå med raud lue. Ein tuss. Ein kunne også kalle dei dei underjordiske. Og dette trudde mange på.


Tussane p책 Kr책keneset Eit lokalsegn fr책 Bykle Skreve av Anne Margrete Bj책en Illustrert av Tove Hertzberg


Kråkeneset er ein stad ved Sæsvatnet mot Bjåen i Bykle kommune. Her var det seterdrift i gamle dagar. Det var alltid godt med gras på vollen, men kyra lika seg ikkje på støylen. Dei var alltid så urolege der og ville ikkje kvile. «Tussane bur her,» sa dei gamle. Og fleire hadde sett dei.


Det var vinter. Gamle Såvi på Bjåen hadde vore til Vinje . No ville han heim med det han hadde kjøpt. I sekken hadde han kaffe og sukker og noko godt til borna. Det var ikkje ope veg over fjellet i gamle dagar. Dei måtte gå på ski når dei skulle hente mat eller møte familie og vener.




Såvi ville gå over isen. Det var stuttaste vegen heim. Det var greiast også for der gjekk ei løype som han kunne følgje. Då såg han ein som gjekk framom seg. Han såg ryggen på ein liten kar med raud lue. Det var han som laga skispora.


Såvi meinte det var ein reinsdyrgjetar som gjekk framom han. Han kjende att ganglaget. Han hadde sikker vore og sett etter reinsdyrflokken. Ved Kråkeneset vart plutseleg spora borte. Han såg ikkje meir til karen heller. «Kvar hadde han tatt vegen?» Såvi skjøna ingen ting.


Han kom heim til Bjåen og gjekk innom hytta til reinsdyrgjetaren. «Kvar har du vore?» spurde Såvi. Nei, han hadde ikkje vore ute heile dagen. Det hadde heller ikkje dei andre gjetarane. Då skjøna Såvi at det var ein av tussane han hadde sett.


«Tussane bur på Kråkeneset ,» sa dei gamle. Og fleire hadde sett dei. No visste Såvi det òg for han hadde sett ein.

Munnleg kjelde: Sigurd Bjåen, 2019


Så var det ein vinterdag for nokre år sidan. Ragnhild og den kvite hunden hennar, Storm, var på ski i lia bak Kråkeneset. Då høyrde ho nokon som prata og ropa og lo og hadde det moro. Dei var så glade. Kva var dette? Ho kikka både opp og ned lia, men ho såg ingen.

På same tid var far hennar, Sigurd, i fjøset på Hemlemoen. Han var ute ein tur for å hente ein spade. Då høyrde han slik lyd og høg latter på den andre sida av vatnet. «Så pratsame Ragnhild og Storm er i dag,» tenkte han og gjekk inn i fjøset att.



Då Ragnhild kom heim, fortalde ho kva ho hadde høyrd. «Var det ikkje du som prata og tulla med Storm då?» spurde Sigurd. «Nei, eg har ikkje sagt eit ord på heile turen, eg,» svarte Ragnhild. Så rart dette var! Kva var det både Ragnhild og Sigurd hadde høyrd? Den dag i dag kan dei ikkje skjøne kven som hadde det moro ved Kråkeneset. Det kunne vel ikkje vere tussane?



Segnet om tussane og Bykle kyrkje: Dette trudde dei òg då dei ville byggje kyrkje i Bykle : den gamle, kvite , vesle, fine kyrkja . Dei ville byggje den ved Skarg i Nordbygda. Tømmeret dei hadde hogd til kyrkja, la dei ved tomta dei ville bruke. Om natta blei tømmeret flytta frå Skarg til den plassen kyrkja har i dag. Dette var rart. Då trudde dei at det var tussane som hadde vore på ferde og flytta alt tømmeret. Kan det vere sant, tru? Det var i alle fall framsynt. Tomta ved Skarg ville truleg vore neddemt i dag.



“Tussar var nokre små gråkledde underjordiske vesen som levde ute i naturen og skjulte seg for menneske. Men dei var alltid nære. Mange segner fortel at tussar og menneske hjelpte kvarandre.”


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.