__MAIN_TEXT__

Page 1

F j e l l re i n s k u l e n Fjellgardane - natur, kultur, identitet og stadeigenhet R agn h ild B jĂĽ e n & Tove H er tz b er g Hovden i Setesdal


f j e l l re ins ko len.no


Vinden susar over dei kvite slettene og det lange h책ret vaiar i vinden. Dette er jenta fr책 Fjellgardane p책 Hovden. I ryggen har ho fleire generasjonar med sterke kvinner og menn. Den kvite vinden har alltid vore der og gjort fjellfolket sterke. Fjellgardsjenta har noko p책 hjarta som ho vil fortelje deg


Kva er Fjellgardane? Dei øvste gardane i Bykle; Bjåen, Breive, Hovden, Ørnefjell, Geiskelie. Det var bedarkrinsen ned til Berdalsbru. Skulekrinsen var Bjåen, Hovden og Breive. I det som no er Hovden sentrum, Hovdebru, var det lite før Hovdehytta opna der i 1916. I dag er det Hovden ein av Sør-Noregs største turiststader, særleg om vinteren. Kommunen har i underkant av 950 fastbuande og 2500 hytter og fritidsbustader. I feriane er folketalet mangedobla. Kor synleg er kulturen, historien i Fjellgardane? Me har eit kulturelt landskap og ein særeigen natur i lokalområdet vårt. Men med reiseliv, turisme, løypenett og krav om utvikling forsvinn dette fort. Mange av kvalitetane, som også er grunnlaget for den «stillferdige kulturen», vert fort usynlege. Fjellgardane, med si historie, sin kultur og dei menneska som har levd her før, har vore tett samanknytt med naturen. Det vert difor vanskeleg å tale om «natur» utan å ta med «kultur», og omvendt. Og kor finn ein alle forteljingane? Kven kan fortelje dei i dag?

Eit vindauga til identitet


Desse momenta gjer at me, Tove og Ragnhild, har eit sterkt ynskje om å uvikle Fjellreinskulen. Reinen er viktig, både historisk og i dag, som verneføremål og som kulturarv. Det vert sagt at reinen er ein «paraplyart» tar ein vare på området til reinen tar ein også vare på fleire artar. På same måte meiner me at ordet «Fjellrein» femnar vidare om fjellet; med både kultur og natur, historie og forteljingar. Me ynskjer at dei som veks opp her, dei som bur her og dei som besøkjer oss, skal sjå og forstå samanhengane mellom historien, kulturen og fjellet i dag. Og dermed vera betre rusta til å ta vare på området i framtida. Kunnskap gjev respekt, historie og forteljingar kan vera med på å gje stolthet og identitetskjensle.

Tekst; Ragnhild Bjåen Bilder og illustrasjoner; Tove Hertzberg Grafisk produksjon; Tove Hertzberg Historiske bilder fra Bykle kommunes bildearkiv. Opphav Åsne Bjåen, Bjørgulv Hovden og Setesdalsmuseet Opplag 500 stk.


Korleis kom reinen til heiane våre? Før istida var reinen utbreidd over store delar av Europa. Reinen har vore det viktigaste næringsgrunnlaget til menneske i Europa frå mange tusen år attende. I grotter i Sør-Frankrike finn ein måleri frå 30000 år sidan, der dei har måla det dei levde av. Arkeologiske undersøkingar visar at hovudføda i lange periodar var rein, i tillegg gav reinen materialar til reiskap og klede. Ettersom isen trekte seg attende etter siste istid, for omlag 10000 år sidan, fylgde reinen etter. Og med den folk som veida og jakta på reinen. Sidan då har reinen vore ein viktig ressurs for fjellområda og fjellfolka. Ein kan finne mange kulturminne knytt til fangst og jakt på rein, også i våre eigne heiar.


I tillegg har tamreindrifta ført vidare mykje av kunnskapen om reinen i seg sjølv, og ikke minst kor mykje av reinen som kan nyttast til mat, klede og reiskap. På slutten av 1800 talet var reinen i store fjellområde utrydda og fortrengt av jakt og fangst. I denne tida vart det også fleire som etablerte seg med tamrein i dei sørlegare fjellområda. Fleire av villreinstammene i dag er difor etterkomarar og oppblanda med tamrein frå den tid. I Setesdalsheiane helt tamreindrifta fram til 1979.


F j ellet s ĂĽtte ĂĽ rs t i d er


Reinen er spesiell i norsk fauna av di han lever i flokk, med tydeleg flokkåtferd, og han er ein nomade - han brukar leveområdet sitt ulikt gjennom året. Reinen trekkjer på vèret, det vil sei han trekkjer mot vinden. Då veit dei mykje om kva som ligg føre dei. I tillegg har dei trekk gjennom året, til dei ulike områda dei brukar gjennom årstidene. I tillegg er reinen ein ekspert på å optimalisere beitesøket sitt. Dei går der dei vil få att mest mogleg energi til minst mogleg kostnad. Reinen er avhengig av å kunne bruke store område for å overleve og få dekt primærbehova sine, sidan leveområdet har så begrensa næringstilgong i store delar av året. Bruken av eit område går også i syklusar på fleire tiår. Ein må difor sikre at reinen har nok areal, også til å endre bruksmønsteret. Bruken endrar seg i takt med beiteslitasje og snotilhøve, og syklusane gjer at lavmatter og beitet får vekse til att etter fleire år med slitasje. Dette er ei viktig tilpasning til dei harde levevilkåra reinen har. Når ein fylgjer reinen gjennom året, ser ein at reinen har åtte «årstider». Samane, som tradisjonelt har levd med rein i generasjonar, har delt året inn på same måte. Samane kallar dei åtte årstidene vinter, vårvinter vår, vårsommar, sommar, haustsommar, haust og haustvinter.

D ese m b e r - fe b ru a r : Vi nter Fe br u ar - m ars: Vå r v i nter Apr i l - m ai l : Vår M a i - j u n i : Vårs o mma r J un i - au g u s t : S o mma r Augu s t - s e p te mber : Ha u stso mma r O k to b e r - n ovember : Ha u st N ove m b e r - d e sember : Ha u st v i nter


Vinter

Vinteren er ei utfordrande tid for reinen. Veksling mellom kulde og mildvèr, nedising av beita og mykje sno, gjer at det er vanskeleg for reinen å finne nok mat. Dyra går på sparebluss, og brukar av feittreservane dei har i kroppen. Det er om å spare energi og vera mest mogleg i ro. Flokken delar seg oftast etter at bukkane har felt geviret, i november-desember. Då går bukkane for seg i mindre flokkar, medan simlene og ungdyra framleis held mest saman.


Vårvinter

Dette er den mest kritiske tida for reinen, særleg simlene. Kroppsreservane er no på det lågaste, framleis er vèr- og beitetilhøva vanskelege, og likevel skal simlene førebu seg til kalving. Det er i denne tida fosteret veks mest. Dersom simlene ikkje har nok næring å gje til fosterutviklinga, «kastar» dei fosteret. Simler som har kasta vil også felle geviret tidlegare enn dei andre. Dagane er litt lengre, men ofte er det mykje sno og dei må trekkje lenger for å finne mat. Det er då dei avblåsne rabbane som er lettast å finne lav og lyng på. I mars varmar sola litt meir, det tinar litt der snolaget er minst, føret er betre og det er lettare å flytje seg.


Vår I april byrjar tåflekkane å koma fram, det er lettare å finne lav og lyng. Dagane er lengre og lysare, og beiteperioden er lengre. Kring 15.mai byrjar kalvinga. Simleflokken trekkjer til kalvingsområda før kalvinga byrjar. Dei ynskjer å vera mest mogleg i ro, og er ekstra utsette for uroingar i denne tida. Kalvingsområda ligg som regel sør- eller vestvendt, det er viktig for simlene å kunne trekke ned til dei fyrste grøne spirene så fort som mogleg. Men kalven må kunne fylgje med, og ein ser at kalvingsområda ofte har ein tydelig høgdegradient med kort avstand frå snødekte område til område som har tidleg framvekst av grøne beite. Bukkane trekkjer gjerne heilt ned i dalføra, til dyrka mark, gamle støylsvollar og der det fyrste graset og lauvet kjem. Bukkane er meir uredde i denne perioden, og held seg i mindre flokkar.


Vårsoar Dette er ei tid der spirene kjem, men i høgfjellet ligg snoen enno og det er framleis lite å beite på. Men dei fyrste grøne vekstane er næringsrike og gjev eit sårt trengande tilskot av protein. Nettane er omtrent like lyse som dagane, og dei brukar det meste av døgnet til beiting. Simlene passar godt på kalven sin. Dei treng mykje næring for å produsere mjølk til kalven sin. Reinsmjølk er svært næringsrik og har ein høg feitt- og proteinprosent. Men med eit langt underskot på næring krev det mykje å koma i energiballanse att.


Soar Den største utfordringar for reinen om sommaren er insekt. Varme somrar med mykje fluge er svært plagsame for reinen. Reinsflokkane kan verte svært urolege på dagar med varme og sol, og får ikkje nok tid til å beite og drøvtygge. Tidleg morgong og kveld kan vera den beste tida på døgnet å beite på. Om dagen står dei ofte på snofonner eller innmed vatn, og trekkjer opp i høgste nutane der det er meir svalt og meir vind, og dermed mindre fluge og insekt.


Haustsoar Dette er kan hende den beste tida på året for reinen, iallefall næringsmessig. I fjellet er plantene i bløming, og vegetasjonen er framleis næringsrik og grøn. Reinen gjer seg klar for brunst og paring. Simle- og bukkeflokkane søkjer kvarandre. Dei trekkjer gjerne ut av sommarbeiteområdet. I Setesdal Austhei er i dag kryssinga av Rv. 45 nordover eit sikkert teikn. Men ein ser også at vegen er eit stort hinder for bruken av området. Med oppdemming og hytteområde er det ikkje mange fredelege passasjar å finne for reinen, og dei kan bruke fleire dagar på kryssinga av vegstrekninga. Det same ser ein når dei skal sørover om våren. Og så kjem jakta. I perioden frå 20.august til 30. september så er det reinsjakt. Fjellet vert oppsøkt av jegerar, og det kan vera vanskeleg for reinen å finne ro. Særleg i terreng med mange jegerar, og der det er flatt og ope. I tillegg er det ei populær tid for fjellvandrerar. Dette er ofte den tida det er mest folk i fjellet i løpet av året, og område kring turistløyper og turisthytter kan òg verke som eit stengsel for reinen.


Haust Ut i oktober er brunsten og paringa over, og det vert ei rolegare tid. Men det meste av vegetasjon i fjellet er avblømd og gulna. Røtane til starr, torvmyrull og andre grasartar inneheld mykje opplagsnæring, og er eit viktig tilskot om hausten. Likeeins det som framleis er grønt, som snoleier med musøyra og grasdekte leger der sauer har beita om sommaren. Der held graset seg friskare ut over hausten.


Haustvinter Kanskje er dette dei mest stille månadane for reinen. Det er mørkt, dagane korte, vèret og føret kan skifte mellom full vinter og bart og pøsande regn. Men det er lite folk i fjellet på denne tid. Lite som urorar. Reinen er på veg til vinterbeita. I Setesdalsheiane er det nordover. I november - desember feller bukkane geviret.


Fjellga rdskvin n en e – k ve n v a r d e i ? Nokon var lukkelege trass harde liv. Nokon var botnlause einsame. Nokon levde til dei var hundre år. Nokon døydde i barsel. Nokon mista sine kjære alt for tidleg. Born, kjæraste, sysken, ektefelle. Nokon fekk store slekter etter seg. Nokon vaks opp hjå andre enn sine eigne foreldre. Nokon tok på seg å ta seg av familien. Nokon var fødd her. Nokon kom langvegsfrå. Dei fleste måtte ta vanskelege val. Dei fleste ba om styrke. Stillheten kring deg. ”Du høyrer meir der stillheten er større”. For nokon var stillheten for stor. For andre vart den trøysta. Ingen stad å gøyme seg i det opne landskapet. Ein fekk styrke til å stå i det. Vissheten om at noko er større enn ein sjølv. Vissheten om at du er en del av noko større enn deg sjølv. Det gav meining. Det gjev meining. Veglaust.Vèrhardt. Einsamt. Kva sat dei att med? Kva gav dei vidare? Kunnskap. Samhald. Solidaritet. Individualisme. Gjestfrihet. Raushet. Fridom Vinden bles over flottene – himmelen er høg. Du står godt som det er – men me er sterkare saman. Du kan kjenne både sola si omfamning og vinden sin bøygde tak. Du står sterk oppreist i landskapet.


Vi llrei ns t a m m a i S ete sd al R y f y l k e

Villreinstamma i Setesdal Vesthei- Ryfylkeheiane er Europas sørlegaste villreinstamme. Stamma har noko kontakt i nord med Vil l re in s på t amma i S etesda l Ves t heiR yfylkeheiane stamma Hardangervidda. I nordaust vekslar dyra i bruken av er Eu ro p as i sSetesdal ø r l ega Vestheiste v i l l rei n sta mm e.og Stnordre ammadel har fram leis områda Ryfylkeheiane av Setesndalo k oAusthei. u t ve ksl i n g med v i l l rei n stam ma i S etesd al aust hei o g m o t H arda n ger v i dda . Villreinstamma i Setesdal Vesthei- Ryfylkeheiane møter frå naturen si side store utfordringar i kampen for å overleve. Dette skuldast Vil l re into e ntilhøve: er fjel l ets n o ma de o g er t ilp assa vand r ing over særleg s to re o m råde på l ei t etter bei te eller t rek k m ot k alvings oLite m råd p å vå ren(. reinen Sto remå sadifor ma nbeite hengand e leveom lav iavinterbeita på planter som erråd e er fordøye) dtunge i fo r nåau dsy nt fo r sta mma si n evne t il å over leve. I Vinterbeita er yofte S e te s d al R yf l ke vanskeleg fin n v i fotilgjengelege r ei n stor dpga. el kmykje ar r igog grhardpaunnfjell kka snø og nedising av beita. d e r my k j e a rea l h a r l i ten nær ingsmessigverd i for v il l re in e n . Osea n i sk påver k n a d gir lite lavb eiter og m ed f are fo r at ten e over i sa rstore n ed område på v i nteren. I slikei p er iod ar er Trongen til bei å vandre er eit særdrag villreinen leve på.at Store område dsin e t måte avg j eå ra n de v i l lsamanhangande rei n en k a n t rek ke uteri difor rand områd a naudsynt for at villreinstamma skal overleve. fo r fin n e b ei te. U tbyggi n g av u l i ke for mar for insfrast r ukt u r ( ve g ar, va ssk ra f t mv.) dei si s te 50 – 100 åra har avgre n s a t re k k mo gl egh ei o ten e ma nge st ad er.

F jell rein sku l e n og a rbe i de t t i l u ts tillin g a e r s tø tta av B yk le kommune . Bros j y re r og tr y k k e r s tø tta av ve rd iskapi n gsp ro s j e k t e t de r ve rne o m r åd e s ty re t e r p ro s je k teig ar

Profile for tove  Hertzberg

Fjellreinskulen  

Fjellreinskulen  

Advertisement