Layout TL7 LB 2 11. korr
12-01-09
13:21
Side 33
«Eg veit det!» roper Stellan med den håse stemmeskifte-røysta si. «Moa med dei fine puppane! Vesle, flinke Moa Persson!»
Øveord: potteskår
E GS
IN
R DE
R VU
Plutseleg blir Samuel heit av sinne. Ingen får prate om Moa på den måten. Aller minst den stygge, ekle storebroren hans. Utan å tenke seg om tømmer han kruset i hovudet på Stellan. Den varme, søte teen renn nedover håret og ansiktet på Stellan, og inn under den kvite, nyvaska T-skjorta. «Drittunge!» skrik Stellan. Idet han reiser seg opp, veltar stolen rett på Missi. Katta tar eit hopp opp i vindaugskarmen. Der veltar ho ein av mor sine potteplantar. Som sjølvsagt går sund. Potteskar og våt jord blir spreidde over heile kjøkkengolvet. «Ro ned, no gutar!» brøler far. «No blir du igjen og tørkar opp!» roper mor. Men kven ho meiner, er det ingen som forstår. Ingen høyrer på henne.
R LA
P EM
KS Oppgaver til sidene 32–33: 1 Skriv ordet speil på nynorsk. 2 Skriv det nynorske ordet for hemmeligheter. 3 Skriv adjektivet som beskriver hvordan genseren til Samuel var. 4 Skriv to spørresetninger fra teksten.
33