Page 1

AR PL EM KS SE G

IN ER D R VU


Ebba Sporstøl

Tuba Luba VU

Lesebok 2

ER

D

R

Illustratør: Harald Aadnevik Nynorsk

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

3 Tell forlag


© Tell forlag as 2004 3. opplag 2006 Teikningar: Harald Aadnevik Ragnhild Heggedal: side 22ø, 54, 71, 110 (små teikningar) Omslagsdesign og grafisk formgiving: Lisa Wagle Trykk: PDC Tangen AS Omsetjing til nynorsk: Nikolai Nelvik Spørsmål og kommentarar til denne boka kan sendast til Tell forlag a.s, Nilsemarka 5C, 1390 Vollen, tlf. 66 78 09 18 e-post: tell@tell.no www.tell.no ISBN 82-7522-218-4 Nynorskutgåve

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Det må ikkje kopierast frå denne boka i strid med åndsverklova eller i strid med kopieringsavtalar med KOPINOR, interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. Kopiering i strid med lov eller avtale kan føre til erstatningsansvar og inndraging og kan straffast med bøter eller fengsel.

2


Forord

I denne leseboka blir du kjend med Marit, Kåre, Knut og Nemo, og du får lese om berømte menneske og båtar, dyr og fiskar. Du vil merke at det blir meir og meir morosamt å lese fordi du blir flinkare og flinkare til det. Snart er du heilt proff. Men det kjem ikkje av seg sjølv. Du må øve og øve. Rådet mitt er:

VU

Ebba Sporstøl Ålesund, november 2003

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

1 Les boka fem gonger, minst ein gong for ein vaksen. 2 Snu boka og fortel nokon kva du har lese, utan å sjå på teksten. 3 Dersom du ikkje skjønar alle orda, vil du kanskje finne dei blant øveorda. Det er sikkert nokon som kan forklare orda for deg. 4 Svar på spørsmåla og gjer oppgåvene.

3


Innhald

side 5

Karneval

side 18

Sjå syner

side 30

Vårvers

side 39

Kåre i London

side 40

16. mai

side 69

VU

Kyrkjetårnet

Vassvers

R

Skuta Fram

side 110

SE

Per møter nykken

side 103

G

Gjedda i sivet

side 97

IN

Flåtar og sivbåtar

side 93

ER

Vikingskip

side 78

D

Selen Nemo

side 76

side 116

AR

PL

EM

KS

4


Kyrkjetårnet

Øveord: skjedde havgapet kyrkjeklokkene klang

Dette er ei historie om noko som skjedde for over seksti år sidan. Ho handlar om ei jente som heitte Marit. Marit budde på ein liten stad ute i havgapet.

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Marit budde like ved kyrkja. Kyrkjeklokkene ringde kvar søndag. Marit syntest klokkene hadde så fin klang.

Spørsmål: Når skjedde dette? Kvar budde Marit?

5


Ho ønskte ho kunne få kome opp i tårnet og sjå på når kyrkjeklokkene ringde, men det var strengt forbode å gå dit. Ein gammal mann som var kyrkjetenar, passa på at ingen fekk kome opp i kyrkjetårnet.

Øveord: ringde kyrkjetenar tunge fornuftig bråbestemde gangen på gløtt

ER

D

R

VU

Ein søndag morgon stod Marit utanfor kyrkja. Ho ville høyre på klokkene. Kyrkjetenaren kom som vanleg. Han låste opp den store, tunge kyrkjedøra og gjekk inn.

Inne i gangen var det tre dører. Ei av dei stod på gløtt. Marit lista seg bort og kika inn.

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

Marit var ei fornuftig jente som sjeldan fann på noko gale. Men no bråbestemde ho seg for å snike seg inn. Det kunne ikkje vere så farleg! Ho gjekk varsamt opp kyrkjetrappa. Det var ikkje eit menneske å sjå. Ho klarte å få opp den tunge døra, og smatt inn i gangen.

Spørsmål: Kva gjorde Marit ein søndag morgon? Kva bråbestemde Marit seg for? Oppgåver: Skriv dei samansette orda som har ordet kyrkje på plass først. Skriv tre ord som har vokalen ø i seg. 6


Her byrja ei lang trapp. Marit skjøna at trappa gjekk opp til klokketårnet. Ho såg seg fort rundt. Det var framleis ikkje eit menneske å sjå.

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Marit lét døra varsamt att etter seg og tok til å gå oppover trappa. Ho klatra oppover og oppover. Endeleg var ho oppe. Ho var komen inn i eit lite rom utan vindauge. I enden av det vesle rommet heldt trappa fram. Marit sneik seg bort dit og kika opp. Der fekk ho auge på klokkene, to store og tre små. Så store dei var, så fine og blanke!

Øveord: klokketårnet framleis oppover blanke akkurat

AR

PL

EM

KS

Akkurat da høyrde ho nokon som gjekk over golvet. Å, det var kyrkjetenaren!

Spørsmål: 1 Kva fekk Marit auge på? 2 Korleis såg klokkene ut? 3 Kven gjekk over golvet? 4 Kva skjedde med klokkene?

Oppgåver: Skriv fire av dei orda som er verb. Skriv fire av dei orda som har vokalen o i seg. 7


G

IN

ER

D

R

VU Spørsmål: Kva bestemde Marit seg for? Kva gjorde klokkene? Oppgåve: Skriv dei to orda som har språklyden ng i seg. 8

AR

I det same tok klokkene til å kime. Å, så sterk lyden var! Marit måtte halde seg for øyra. Klokkene kima og kima. Klokkene kima lenge.

PL

EM

KS

SE

Marit drog seg fort tilbake. No hadde ho nesten vorte oppdaga. Ho bestemde seg for å gøyme seg under trappa. Ingen kom til å finne henne der.

Øveord: oppdaga kime – kima


Med eitt vart det heilt stille. Frå kyrkja kunne ho høyre orgelet. Gudstenesta var i full gang. Marit visste at ho kom til å vare ein heil time. Etterpå skulle kyrkjeklokkene ringje litt igjen.

VU

SE

G

IN

ER

D

R

Marit kika forsiktig fram. Var kyrkjetenaren der enno? Han skulle vel ned i kyrkja og høyre på presten? Men nei da, kyrkjetenaren sette seg i trappa. Han tok fram ein matpakke og ein termos.

AR

PL

EM

KS

Marit sat musestille under trappa. Etter ei stund reiste kyrkjetenaren seg og gjekk opp til klokkene. Marit våga seg fram og kika opp. Kyrkjetenaren heldt på pusse klokkene. Han pussa og gnei på dei til dei vart blanke og fine. Spørsmål: 1 Kvar sette kyrkjetenaren seg? 2 Kva tok kyrkjetenaren fram? 3 Kva gjorde kyrkjetenaren med klokkene?

Øveord: orgelet presten matpakke termos musestille

Oppgåver: Skriv dei seks orda som har bokstaven k på plass først. Skriv orda som fortel korleis klokkene såg ut etter all pussinga. 9


ER

D

R

VU

Marit kunne ikkje kome seg vekk Øveord: utan at kyrkjetenaren oppdaga henne. klemt snuble Endeleg kima klokkene igjen. hjelp Denne gongen var det berre nokre dørhandtaket korte klemt. Snart kom kyrkjetenaren. Han gjekk tungt nedover trappa og vart borte. Marit venta enda ei god stund. Til slutt tenkte ho at det var klart. Ho skunda seg nedover dei bratte trappestega. No måtte ho ikkje snuble. Endeleg var ho nede.

EM

KS

SE

G

IN

Ho tok i døra, men fekk henne ikkje opp. Døra sat bom fast. Ho var låst! Da vart Marit redd. Ho sparka i døra og skreik om hjelp. Ho rista i dørhandtaket og hylte. Men det var ingen som høyrde henne.

AR

PL

Marit bestemde seg for å gå opp i kyrkjetårnet igjen. Kanskje kom nokon gåande forbi kyrkja? I så fall kunne ho rope til dei. Spørsmål: Kvifor fekk ikkje Marit opp døra? Kva gjorde ho?

Oppgåver: Skriv dei verba som fortel kva Marit gjorde for å få opp døra. Skriv dei verba som fortel kva Marit gjorde da ho ikkje fekk opp døra. 10


R

VU

Denne gongen gjekk Marit heilt til topps. Ho gjekk dit klokkene hang. Når ho først var her, ville ho jammen sjå litt nærmare på dei. Klokkene var kjempestore. Dei måtte vege minst tusen kilo. Dei var nok tunge å dra att og fram.

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

Marit gjekk bort til luka og kika ned. Det var ikkje eit einaste menneske å sjå. Det blåste og regna. Marit oppdaga ein kikkert som hang ved luka. Ho tok kikkerten og såg utover. No såg ho tydeleg havet og alle øyane. Marit såg utover til badeplassen og alle skjera. Der hadde ho vore fleire gonger i sommar. Det hadde byrja å blåse og regne. Øveord: No gjekk bølgjene høgt. til topps kjempestore Dei var kvite på toppane. kilo Det blåste nok opp til storm. kikkert Spørsmål: Kor mykje veg klokkene? Kva hang på ein krok?

tydeleg skjera kvite på toppane

Oppgåver: Skriv orda som skildrar vêret. Skriv fire av dei orda som har bokstaven h på plass først. 11


VU

G

IN

ER

D

R

Med eitt fekk Marit auge på ein liten, mørk ting ute ved eit av skjera. Det var ein båt der ute! Han berre dreiv av stad. Hadde han fått motorstopp?

AR

PL

EM

KS

SE

Marit stilte inn kikkerten enda ein gong. Ho kunne ikkje sjå om det var nokon i båten. Men så fekk ho auge på flagget. Det var flagget til legebåten! Det var dokter Tansem som var der ute i bølgjene. Det var ein som hadde vorte sjuk ute på ei av øyane. Tansem var nok på veg ut på sjukebesøk. Marit skjøna at Tansem måtte ha Øveord: motorstopp hjelp straks. Spørsmål: Kva såg Marit ute ved eit av skjera? Kven var det som var i båten? Oppgåver: Skriv fire av dei orda som har bokstaven ø i seg. Skriv kva orda skjera, kikkerten, flagget og øyane er like i. 12

legebåten sjukebesøk skjøna straks


VU

KS

SE

G

IN

ER

D

R

Men kva kunne ho gjere? Kyrkjeklokkene! Torde ho å bruke dei? Folk fekk bli så sinte som dei berre ville. Legen måtte ha hjelp der ute. Det ville ikkje vare lenge før båten vart slengd opp på eit skjer!

AR

PL

EM

Midt i tårnet hang eit tjukt tau ned frå klokkene. Marit tok eit godt tak i det og drog alt ho orka. Klokkene gav frå seg eit tung slag. Marit drog igjen, og no tok klokkene til å kime. Dei kima sterkare og sterkare.

Spørsmål: Kva kom til å skje dersom ikkje legen fekk hjelp? Kva gjorde Marit?

Øveord: orka

Oppgåver: Skriv fire av dei orda som er verb. Skriv fire av dei orda som er substantiv. 13


G

IN

ER

D

R

VU

Marit fekk vondt i øyra av den sterke lyden. Men ho heldt fram med å dra. Marit sveitta, og det verkte i armane. Det svei i hendene, men Marit slutta ikkje før nokon tok henne hardt i armen, og ei røyst ropa inn i øyra hennar: «Kva er det du finn på, din slyngel?» Først da slutta Marit å ringje. Der stod det tre menn med sinte ansikt. Dei var rasande og ville vite kva ho heldt på med.

AR

PL

EM

KS

SE

Marit sprang bort til luka, tok kikkerten og gav han til ein av mennene. «Sjå, legebåten!» ropa ho. «Dokter Tansem går rett på skjeret der ute.» Mannen reiv til seg kikkerten og tok til å speide utover.

Spørsmål: Kvifor fekk Marit så vondt i øyra? Kven kom opp i kyrkjetårnet? Oppgåver: Skriv dei to orda som er særnamn. Skriv dei fire verba som har diftongen ei i seg. 14

Øveord: slyngel rasande speide


«Jammen har jentungen rett,» ropa mannen. «Her må det hjelp til litt brennfort!» Dei tre mennene storma ned trappa og vart borte. Marit fall saman på golvet. Ho var heilt utsliten. Armane var som to blylodd.

Øveord: brennfort blylodd skuldra stamma dokteren mumla oppdaga

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Marit kjende ei tung hand på skuldra. Det var den gamle kyrkjetenaren som stod der. Marit såg skremd på han. Men han såg ikkje sint ut. «Eg meinte ikkje å gjere noko gale. Eg ville berre sjå klokkene i tårnet,» stamma Marit. «Ta det med ro, eg har høyrt kvifor du brukte klokkene. Du ville redde dokteren frå å drukne. Du kan vere stolt av deg sjølv,» sa kyrkjetenaren. «Men korleis kom du deg inn i tårnet?» Marit måtte fortelje heile historia om korleis ho lurte seg inn, og kvifor ho ikkje kunne kome ut att. «Det var visst ei meining med dette,» mumla kyrkjetenaren. «Det var berre du som oppdaga kva som heldt på å skje med båten til Tansem. Oppgåve: Skriv fire av dei orda som er samansette ord. 15


Øveord: meldinga varsla

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Blir han berga no, kan han takke deg for det.» Kyrkjetenaren fekk Marit på føtene, og saman kom dei seg ned alle trappene og ut i frisk luft. Det var godt å kome ut. Dei gjekk ned på kaia for å høyre korleis det var gått med legebåten. Snart kom meldinga om at legen og båten hans var berga.

Dokter Tansem hadde vore ute på ei av øyane. Der var det ein liten gut Spørsmål (til denne og førre sida): 1 Kven kom opp i tårnet? 2 Kva lurte kyrkjetenaren på? 3 Kven kom på besøk til Marit? Oppgåver: Skriv orda som har diftongen øy i seg. Skriv tre av dei orda som er samansette ord. 16

AR

PL

EM

KS

Nokre dagar seinare kom dokter Tansem på besøk til Marit. Han hadde høyrt historia om korleis Marit hadde varsla med kyrkjeklokkene.


AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU

som hadde vorte sjuk. På vegen heim Øveord: hadde båtmotoren plutseleg stoppa. båtmotoren nærmare Dermed hadde båten drive nærmare pinneved det farlege skjeret. redningsskøyta Tansem hadde trudd at alt håp var ute. halde auge med blunka Han berre venta på at båten skulle bli slått til pinneved. Men da hadde redningsskøyta plutseleg dukka opp og berga han. Tansem hadde med seg ein presang til Marit. Det var ein stor, flott kikkert. «Du treng ein slik kikkert, du som er så flink til å halde auge med folk,» sa Tansem og blunka til Marit.

Spørsmål: Kva fekk Marit i presang? Kvifor meinte Tansem at Marit hadde bruk for ein kikkert?

17


Karneval

D

R

VU

På den vesle skolen øvst i dalen er det liv og røre sjølv om det er langt på kveld. Musikken står på for fullt. Spøkjelse, troll, prinsesser og indianarar dansar samba. To hekser, ein cowboy og tre kaninar hoppar og sprett oppe på scenen. Det er karneval på skolen.

Øveord: fullt cowboy marsjere polonese pizza vestibylen papirblomstrar

KS

SE

G

IN

ER

Alle elevane har gledd seg lenge til dette. Kvar gymtime etter jul har dei øvd seg på å danse samba og marsjere polonese. Gjett om dei er vortne flinke! Alle har hatt det kjempegøy!

AR

PL

EM

No har nokre av foreldra kome med pizza. Dei har kledd seg ut dei òg. Somme er kokkar, og andre er bakarar. Ute i vestibylen står borda klare. Dei er pynta med grøne papirdukar, ballongar og store papirblomstrar. Spørsmål: Kven dansar samba? Kva har elevane gjort i gymtimane etter jul? Oppgåver: Skriv verba som fortel kva elevane gjer på scenen. Skriv ordet som har bokstaven z i seg. 18


KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU AR

PL

EM

Etter all dansinga smakar det godt med mat og brus. Alle er sveitte og varme. Dei som har sminka seg, har fått svarte render i ansiktet. Men det gjer ikkje noko. Da ser dei berre enda rarare ut! Spørsmål: Kva et og drikk dei? Kva har dei som har sminka seg, fått i ansiktet?

Oppgåve: Sjå på biletet. Skriv orda som viser kva barna har på hovudet. 19


Når alle er ferdige med å ete, går dei inn i gymsalen igjen. Der er det nesten mørkt. Berre nokre stearinlys lyser oppe på scenen. Det er skummel musikk i høgtalaren. No er det spøkjelsestime!

Øveord: scenen høgtalaren herregarden ballongdans spetakkel rundt rekordfart

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Elevane set seg tett saman i ein ring på golvet. Det er litt skummelt. Men slik skal det vere i ein spøkjelsestime. Dei får høyre om den blå dama som viser seg på den gamle herregarden. Dei får høyre om spøkjelset på setra. Alle liker å høyre slike nifse historier. Det er liksom ikkje så farleg når dei sit så mange saman.

AR

PL

EM

KS

Til slutt blir lyset slått på igjen. Det er tid for ballongdans. Alle ballongane i taket blir sleppte ned. No er det om å gjere å smelle så mange ballongar som mogleg. Det blir eit frykteleg spetakkel. Ballongane smell. Elevane hyler og hoppar rundt. Ballongane blir øydelagde i rekordfart. Spørsmål: Kva skjer i spøkjelsestimen? Kva er ballongdans? Oppgåver: Skriv ordet som fortel korleis musikken er i spøkjelsestimen. Skriv dei to verba som fortel kva elevane gjer når ballongane smell. 20


AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU Oppg책ve: Sj책 p책 biletet. Fortel kva slags kostyme barna har p책 seg. 21


IN

ER

D

R

VU

Slik held dei på til klokka ti. Da er karnevalet slutt. Foreldra skundar seg inn i vestibylen for å hente barna sine. Spøkjelse, cowboyar, prinsesser og troll strøymer ut. Til slutt er det berre lærarane og far til Knut i 2. klasse som er att.

AR

PL

EM

KS

SE

G

Faren har leita etter Knut i garderoben og i klasserommet. Han har spurt klassekameratane hans, men ingen har sett Knut. Lærarane tek til å leite. Dei veit at Knut sat ved bordet og åt pizza, men etter det har ingen sett han. Alle rom og gangar på skolen blir undersøkte. Men Knut er søkk borte. Kvar i all verda har Knut gjort av seg? Spørsmål: Når er karnevalet slutt? Kven er borte? Oppgåve: Skriv ordet som har bokstaven z i seg. 22

Øveord: vestibylen undersøkte


Knut er som sokken i jorda. Faren ringjer heim for å høyre om Knut er der. Men Knut er ikkje komen heim. Enda ein gong leitar dei gjennom heile skolen frå kjellar til loft. Dei ropar på Knut i alle rom. Dei sjekkar alle skap og kott. Han kan ha vorte innelåst. Men ingen Knut dukkar opp.

Øveord: gjennom innelåst dukkar opp kuldegrader ytterklede garderoben

R

VU

KS

SE

G

IN

ER

D

No tek dei vaksne til å bli redde. Kan Knut ha gått ut? Det er mange kuldegrader ute, og Knut har ikkje ytterklede på seg. Jakka og støvlane hans er i garderoben. Er han ute i denne kulda, kan han fryse i hel.

AR

PL

EM

Til slutt gir lærarane og faren opp. Dei blir einige om å ringje til politiet. Politiet veit korleis dei skal leite etter nokon som har vorte borte.

Spørsmål: Kvar leitar dei etter Knut? Kvar er jakka og støvlane til Knut? Oppgåver: Skriv seks av dei orda som har bokstaven h på plass først. Skriv dei verba som fortel kva dei vaksne gjer for å finne Knut. 23


Politimannen dei snakkar med, lovar at politiet skal kome med ein gong. Han vil vite korleis Knut ser ut, og kva slags klede han har på seg. Det er greitt å vite dersom dei må etterlyse han. Sjølv om dei vaksne er veldig engstelege, må dei le litt. Politiet må nemleg leite etter ein kvit kanin!

Øveord: etterlyse engstelege nemleg stillongs kinna schæferhund

D

R

VU

EM

KS

SE

G

IN

ER

Knut hadde ei flott kanindrakt på seg: kvit stillongs, kvit genser med hette, og på hovudet hadde mor hans festa store, fine kaninøyre. Nasen var svart av sot, og kinna var raude.

AR

PL

Det varer ikkje lenge før ein politibil med blålys svingar opp framfor skolen. Ut kjem to politimenn og ein stor schæferhund. Dei vil undersøkje skolen saman med hunden. Hunden heiter Rex. Han legg seg pent ned og ventar. Spørsmål: Kva vil politimannen vite om Knut? Kva heiter den hunden politimennene har med seg?

Oppgåver: Skriv seks av dei orda som har dobbeltkonsonant i seg. Skriv fire av dei orda som har bokstaven k/K på plass først. 24


D

R

VU G

IN

ER

Rex er ein svært lydig hund. Han er opplært til å leite etter folk som har kome bort.

Spørsmål: Kva fekk Rex lukte på? Kva kjem far til Knut med?

AR

PL

EM

KS

SE

Dersom heller ikkje Rex finn Knut, vil politimennene tilkalle fleire folk. Raudekrossen og Heimevernet hjelper alltid til når folk blir borte. Men først skal Rex prøve seg. Far til Knut kjem med jakka som hang i garderoben. Rex snusar ivrig på jakka. Politimannen seier: «Søk!»

Øveord: lydig opplært tilkalle

Oppgåver: Skriv orda som er særnamn. Skriv ordet som har bokstaven x i seg. 25


Øveord: vimsar forundra bjeffe

R

VU

Rex går i ring ute i vestibylen nokre gonger. Så set han kursen mot garderoben. Der snusar han rundt. Han vimsar frå plass til plass. Så set han seg rett framom knaggen til Knut, gir frå seg eit lite bjeff og ser forundra opp på politimannen. Politimannen klappar og rosar Rex. «Flinke Rex!”» seier han. «Søk meir!»

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

Rex set i gang igjen – ut av garderoben, inn i vestibylen. Der tek han ein ny runde. Her er det mykje å lukte på. Men så er det akkurat som om Rex bestemmer seg for kvar han vil leite. Han spring inn i gymsalen. Framfor døra til det store kottet med alle sakene som elevane bruker i gymtimen, tek han til å bjeffe kraftig.

Politimannen ber ein av lærarane låse opp. Rex bykser inn, set seg framom alle mattene som ligg stabla oppå kvarandre, og uler. Oppgåver: Skriv orda som har bokstaven h/H på plass først. Skriv verba som fortel kva Rex gjer. 26


Øveord: samanrulla forskrekka behald

IN

ER

D

R

VU AR

PL

EM

KS

SE

G

På toppen ligg den største matta samanrulla. Rex tek sats og hoppar opp på henne. Da kjem det eit hyl derifrå, og eit par lange, kvite øyre stikk fram frå rullen. Så kjem eit møkkete, forskrekka fjes fram. Det er Knut! Alle jublar og ropar! Takk og pris! Der er Knut i god behald. Spørsmål (til denne og førre sida): 1 Kvar i garderoben set Rex seg ned? 2 Kvar tek Rex til å bjeffe? 3 Kva hoppar Rex opp på? 4 Kven kjem fram frå rullen? Oppgåve: Skriv substantiv som passar til biletet.

27


Knut tek til å gråte. Han er redd! Han skjønar ingen ting av alt oppstyret. Far hans styrtar fram og dreg han ut av matta. Knut får ein god klem. Faren fortel at dei har leita etter han i fleire timar. Karnevalet er slutt for lenge sidan.

Øveord: oppstyret styrtar fram gjerne kviskrar

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Politimannen som eig Rex, spør om ikkje Knut vil klappe hunden litt. Rex er svært stolt over å ha funne han. Han vil gjerne ha ein klapp som takk for hjelpa. Knut tørkar tårene og går nølande bort til Rex. Han strekkjer handa varsamt fram. Rex lograr med heile kroppen og sleikjer handa hans. Knut klappar Rex på hovudet og kviskrar: «Takk for at du fann meg!» Så må Knut fortelje kvifor han krabba inn i matta.

Spørsmål: Kva gjer far til Knut? Kva gjer Rex når Knut vil klappe han? Oppgåver: Skriv orda som har bokstaven m på plass sist. Skriv seks av dei orda som har dobbeltkonsonant i seg. 28


Øveord: endar

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Det hadde vore litt skummelt å sitje i den mørke gymsalen. Han hadde sete ved sida av Jan og Jonas frå 4. klasse. Dei hadde erta og plaga han. Derfor hadde han krope vekk frå dei og inn i kottet. Døra hadde stått på gløtt. Matta hadde vore akkurat som ei hole. Der hadde han leika at han var ein kanin som gøymde seg for to jegerar. Han hadde lege musestille. Til slutt hadde han sovna. «Når Knut søv, kan huset ramle ned over hovudet på han utan at han vaknar,» seier far til Knut og ruskar han i håret.

AR

PL

EM

Ingen er sinte. Dei vaksne hadde vore veldig redde for Knut. Derfor er dei berre glade for at han har dukka opp i god behald. Karnevalet endar godt til slutt.

Spørsmål: Kven hadde Knut sete ved sida av? Kva hadde Knut leika inne i matta? Oppgåver: Skriv orda som har bokstaven o i seg. Skriv dei tre orda som er særnamn. 29


Sjå syner

Øveord: jobben vondt køyrer gjere midt held gøymer

Tidleg ein måndag morgon er Olsen på veg til jobben. Han er veldig trøtt. Det vesle barnet hans har skrike og vræla nesten heile natta. Barnet har hatt så vondt i øyra.

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Olsen køyrer sakte og varsamt. Heldigvis er det fint vêr. Han sit og tenkjer på alt han skal gjere når han kjem heim i ettermiddag. Brått dukkar noko svært og grått opp midt i vegen. Olsen trør inn bremsene. Bilen sklir bortover asfalten og held nesten på å velte.

AR

PL

Stakkars Olsen gøymer hovudet i hendene. Han lèt att auga og lurer på om han drøymer. Olsen kikar forsiktig ned på føtene sine. Spørsmål: Kva vekedag er det? Kvifor er Olsen så trøtt? Oppgåver: Skriv orda som har diftong i seg. Skriv dei to orda som har bokstaven æ i seg. 30


AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Olsen ser ei blå bukse. Han har altså ikkje pyjamasbukse på seg. Olsen ser eit par svarte sko med søleflekker. Han har heller ikkje tøflar på seg. Olsen plar ikkje sove med bukser og sko på seg. Da må han vere vaken! For å vere sikker klyper han seg hardt i armen. Det gjer skikkeleg vondt! «Au!» seier Olsen. «Eg er vaken. Men det som står midt i vegen, er da ein … Nei, eg må sjå syner.» Olsen ristar fortvila på hovudet. Varsamt rettar han seg opp og ser ut av vindauget. «Nei, du store alpakka!»

Spørsmål: Kva farge var det på buksa til Olsen? Kva for eit land trur du Olsen bur i?

Øveord: bukse pyjamas sove for å vere sikker skikkeleg midt

Oppgåver: Skriv orda som har bokstaven p i seg. Skriv fire av dei orda som har dobbeltkonsonant i seg. 31


Det står ein svær, grå elefant midt i vegen med snabelen lyfta. «Det finst ikkje elefantar i Noreg,» seier Olsen høgt. «Eg er i Noreg. Eg er korkje i Afrika eller i Asia. Eg søv ikkje. Eg trur ikkje at eg ser syner.

Øveord: snabelen korkje

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU Spørsmål: Kva står midt i vegen framfor bilen til Olsen? Kva seier Olsen? Oppgåve: Skriv orda som er særnamn. 32


Kva skal eg gjere? Ingen vil tru meg når eg fortel at det står ein lys levande elefant i den stille, rolege Bekkevegen.

Øveord: trakkar skjelvande alarmsentral

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Tenk om elefanten veltar bilen min eller trakkar han flat! Eg har ikkje noko val. Eg må ringje til politiet!» Olsen finn fram mobilen sin, og med skjelvande fingrar slår han 112. «Det er politiet, alarmsentralen,» svarar det straks. «Eg heiter Olsen og står midt i Bekkevegen. Framfor meg står ein svær elefant og stengjer vegen. Eg er ikkje galen. Eg ser ikkje syner! De må tru meg!» ropar Olsen inn i telefonen.

AR

PL

«Ta det med ro! Vi veit at det du seier, er sant! Vi er der om nokre få minutt. Berre bli sitjande roleg inne i bilen din. Elefanten er ikkje farleg. Spørsmål: Kva for eit nummer slår Olsen på mobilen sin? Oppgåver: Skriv ordet som fortel kor stor elefanten er. Skriv det substantivet som har med tid å gjere.

33


Vi har nettopp fått melding frå sirkus Arnardo om at ein av elefantane har stukke av. Sirkuset er i nærleiken av Bekkevegen.»

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Gjett om Olsen blir glad! Dei trur på han. Han har ikkje vorte galen. No er han ikkje redd for å sjå på elefanten. Olsen synest elefanten er flott. Men han er glad for at det ikkje er ville elefantar i Noreg. Elefanten flyttar seg til grøftekanten. Der er det høgt og saftig gras. Det har elefanten lyst på. Han tek snabelen sin rundt ein stor grastust og dreg han opp. Så dyttar han heile grastusten i munnen og gomlar nøgd.

Øveord: nettopp melding nærleiken saftig grastust gomlar verkeleg

AR

PL

Olsen synest det er gøy å sjå på elefanten. No veit han at det er ein verkeleg elefant og ikkje ein draumeelefant. Olsen rullar ned vindauget på bilen, slik at han kan sjå betre. Spørsmål: Kva heiter sirkuset elefanten kjem frå? Kva dyttar elefanten inn i munnen? Oppgåver: Skriv orda som fortel korleis graset er. Skriv orda som er særnamn. 34


Med eitt stoppar ein politibil bak han. Ut av bilen hoppar to personar med fargerike klede. Dei spring bort til elefanten. Dei ropar og veivar med armane. Elefanten lyftar snabelen og set i eit brøl. Det er akkurat som om han seier: «Kjekt å sjå dykk att!»

Øveord: fargerike kjekt

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU

No ser Olsen at det er ei dame og ein mann. Dei to klappar og stryk på elefanten. Men veit du kva elefanten gjer?

Spørsmål: Kven spring bort til elefanten? Kva gjer dei to personane? Oppgåve: Skriv verba som fortel kva dei to personane frå sirkuset gjer. 35


Han tek varsamt snabelen sin rundt livet på dama og lyftar henne opp på nakken sin. Når han har fått henne på plass, gjer han akkurat det same med mannen. Så går elefanten rett mot bilen til Olsen. I snabelen har elefanten ein kvit konvolutt.

Øveord: varsamt konvolutt svær biltaket paddeflat augneblink luntar

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Olsen blir redd igjen. «Elefanten er så svær, han er kjempesvær! Dersom han set den eine foten på biltaket og trør ned, blir bilen paddeflat,» tenkjer Olsen. Men elefanten gjer ikkje det. Han stikk snabelen inn gjennom bilvindauget, legg snabelen ein augneblink på hovudet til Olsen og slepper den kvite konvolutten ned i fanget hans. Så vender han baken til Olsen og luntar bortover vegen med dei to sirkusfolka på ryggen.

Spørsmål: Kva gjer elefanten med dama? Kva legg elefanten i fanget til Olsen? Oppgåver: Skriv orda som har diftong i seg. Skriv seks substantiv som passar til biletet. 36


D

R

VU AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

Olsen sukkar letta. Han synest det er bra at elefanten går sin veg. Ein av politimennene kjem bort til han og spør om alt er i orden. «Vil du melde elefanten til politiet,» spør politimannen høfleg. «Han skremde deg visst fælt!» Da tek Olsen til å le. Han ler og ler. Han får nesten ikkje stoppa. «Korleis skal de få plass til den svære elefanten i fengselet dersom eg melder han?» Olsen sluttar å le. Han blir svært alvorleg. Spørsmål: Kva spør politimannen om?

Øveord: politimennene melde høfleg fengselet alvorleg

Oppgåver: Skriv fire verb som passar til biletet. Skriv orda som har bokstaven d/D i seg. 37


«Den elefanten skremde meg verkeleg. Men eg vil ikkje melde han. Han meinte ikkje å skremme meg. Han var berre ute på ein liten morgontur. Han ville ha friskt gras til frukost. Takk for at de kom og hjelpte meg så fort. Takk for at de trudde på meg.»

VU

KS

SE

G

IN

ER

D

R

Olsen opnar den kvite konvolutten som elefanten hadde gitt han. Der låg det fire billettar til sirkusframsyninga same kvelden, billettar til dei finaste plassane. Olsen ser lenge på billettane. Så ristar han på hovudet. «Nei takk. I kveld skal eg berre slappe av.»

AR

PL

EM

Olsen held billettane fram og viser dei til politimennene. «Desse kan de få. Eg kjem ikkje til å bruke dei. Eg har fått meir enn nok sirkus for ei stund!»

Spørsmål: Kva vil elefanten ha til frukost? Kva er det i den kvite konvolutten? Oppgåver: Skriv verba som fortel kva Olsen gjer. Skriv ordet som har bokstaven k på plass sist. 38

Øveord: hjelpte konvolutten slappe av


Vårvers Himmelen er klar og blå, vår og varme skal vi få. Kan du kjenne at det angar sol og jord og lune bakkar? Vekk med skjerf og vinterfrakkar!

R

VU

Vekk med skøyter, ski og spark! Herje rundt i skog og mark utan tunge plagg og støvlar. Kroppen blir så sterk og modig, glad og sprek med masse blod i.

AR

Sidsel Mørck (til nynorsk ved Nikolai Nelvik)

PL

Klinke kuler, kappe land, grave fram ei løvetann. Dagane blir altfor korte, for han sprengjer bringa nesten, vår- og lys- og leikefesten.

EM

KS

Det er fælt å vaske opp, tørke pent av skål og kopp. Hendene vil heller snikre hytte eller fuglekasse. Hendene vil leike masse.

SE

G

IN

ER

D

Føtene finn ikkje ro, lengtar etter fotballsko lengtar etter mål og dribling. Det er fælt å sitje inne med ei keisam lærarinne.

Øveord: angar dribling lærarinne fuglekasse kappe land leikefesten

39


KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU Kåre i London

AR

PL

EM

Kåre har pakka kofferten sin. Han skal til London. Han skal reise saman med gamle fru Olsen. Ho er mormor til ein gut som heiter John. Kåre skal bu hos han og foreldra hans. Kåre har fått turen som ein premie. Spørsmål: Kvar skal Kåre reise? Kven skal Kåre reise saman med? Oppgåve: Skriv ti substantiv som passar til biletet. 40

Øveord: kofferten London premie


Ein dag i vår hadde det teke til å brenne i huset til fru Olsen.

Øveord: oppdaga kjøkkenvindauget telefonkiosken brannstasjonen verandadøra brannmennene

D

R

VU

Kåre hadde sparka fotball utanfor huset hennar. Han hadde vore heilt åleine. Ingen av dei andre på laget hadde kome. Med eitt hadde han oppdaga at det kom røyk ut av kjøkkenvindauget til fru Olsen.

EM

KS

SE

G

IN

ER

Kåre hadde banka på vindauga og ringt på døra, men ingen hadde opna. Da hadde Kåre sprunge ned til telefonkiosken og slått 110, telefonnummeret til brannstasjonen. Etterpå hadde han kome seg inn i huset til fru Olsen ved å knuse vindauget i verandadøra.

AR

PL

Han hadde funne fru Olsen sovande i ein stol i stua. Heldigvis hadde han klart å vekkje henne. Han hadde nesten fått henne ut av huset da brannmennene dukka opp. Spørsmål: Kva for eit telefonnummer hadde Kåre slått? Korleis hadde Kåre kome seg inn i huset til fru Olsen?

Oppgåver: Skriv minst fem av dei orda som har bokstaven b på plass først. Skriv minst tre samansette ord. 41


Fru Olsen syntest Kåre fortente ein kjempeflott premie. Premien vart altså ein tur til London. Fru Olsen og Kåre hadde vorte godt kjende etter kvart. Kåre hadde vore litt redd for fru Olsen. Ho hadde verka både sinna og sur. Men no var ho berre snill og hyggeleg. Ho heiter Ella til fornamn.

Øveord: fortente kjend fornamn

VU

Spørsmål: Kva var fornamnet til fru Olsen? Oppgåver: Skriv særnamna. Skriv kva alle særnamna er like i. 42

AR

Kåre hadde vore hos Ella nesten kvar ettermiddag etter skoletid.

PL

John snakka litt norsk. Mor hans var frå Noreg. Men Ella visste at Kåre ville like seg betre i London dersom han kunne litt engelsk.

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

Ella hadde fortalt Kåre mykje om John. Kåre syntest nesten han kjende han alt. Kåre hadde skrive eit brev til John. Der hadde han fortalt litt om seg sjølv. Han hadde skrive brevet på engelsk. Ella hadde hjelpt han litt med det. Det var mange ord Kåre ikkje hadde lært enno.


Dei hadde snakka litt engelsk kvar gong. Ella syntest han var flink. Ella hadde ei fin bok om London. Guidebok stod det utanpå boka. Her står alt ein turist treng å vite om London. «Du blir kalla turist når du kjem til ein framand stad og gjerne vil bli kjend,» sa Ella.

Øveord: guidebok turist visste gjerne pass raudna Storbritannia fødd

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Ingen på skolen visste at Kåre skulle til London i ferien. Læraren hans hadde lurt på om kan skulle ut og reise i ferien. Ho syntest han hadde vorte så flink i engelsk. Men Kåre hadde ikkje sagt noko. Han hadde berre raudna og sett ned i pulten.

AR

PL

EM

Kåre hadde vore hos politiet og fått eige pass. Det måtte han ha for å kome inn i Storbritannia. London er hovudstaden i Storbritannia. Passet såg ut som ei lita, raud bok. Inne i passet var det eit bilete av Kåre. Namnet hans, kvar han var fødd og når han hadde fødselsdag stod der òg. Spørsmål: Kva heiter hovudstaden i Storbritannia? Kva er eit pass? Oppgåver: Skriv kva to ting orda pult, pass og politi er like i. Skriv kva orda snakke, reise og vite er like i. 43


Far til Kåre køyrer dei til flyplassen. Han hjelper Ella med å sjekke inn koffertane. Resten klarer dei sjølve.

Øveord: sjekke inn utanlands billettane

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Kåre viser fram passet sitt. Alle som skal reise til utlandet, må gjere det. Ella held orden på alle billettane. Endeleg får dei sleppe inn i flyet. Dei har fått fine plassar. Kåre sit ved vindauget. Han har fått god mat og fleire små boksar med cola.

Spørsmål: Kva er det far til Kåre hjelper dei med? Kva må Kåre vise fram før han går inn i flyet? Oppgåver: Skriv substantiv som passar til biletet. Skriv verb som passar til biletet. 44


Ella kosar seg med kaffien. Far hadde kjøpt fleire blad til han. Men det er så mykje å sjå på, både nede på bakken langt, langt under dei og inne i flyet, at Kåre ikkje får tid til å ta fram blada.

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Med eitt får alle det travelt med å rette opp stolryggene sine og rydde saman aviser og blad. Flyvertinnene samlar inn koppar, glas og colaboksar. Dei nærmar seg flyplassen. Dei skal lande om ti minutt!

PL

EM

KS

Ella og Kåre går ut av flyet. Dei har landa på ein av dei største flyplassane i verda. Flyplassen heiter Heathrow. Her landar det fly frå heile verda.

AR

Øveord: kjøpt blad travelt flyvertinnene nærmar seg Heathrow skjønar

Kåre er glad for at han ikkje reiser åleine. Han skjønar ikkje korleis Ella finn vegen. «Vi må først finne staden der koffertane kjem inn,» forklarer Ella. Spørsmål: Kvifor les ikkje Kåre i blada? Oppgåver: Skriv ordet som har bokstaven c på plass først. Skriv fem av dei orda som har dobbeltkonsonant i seg.

45


Øveord: skilta koffertar koffertband skjerm

ge

ga Lug

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Ho les på skilta som heng ned frå taket. Ella peikar opp på eit av skilta. Der står eit engelsk ord, «luggage», og det er bilete av to koffertar. «Luggage tyder bagasje,» forklarer Ella. No skjønar Kåre korleis dei skal finne fram. Han hjelper Ella med å sjå på alle skilta.

AR

PL

EM

KS

Endeleg kjem dei inn i ein stor hall. Her er det koffertband på rekkje og rad. Ella stoppar under ein skjerm som ser ut som eit tv-apparat. «No må vi sjå etter ordet Oslo,» seier Ella. Kåre les: «Roma, Helsinki, Madrid, Paris, Tokyo.» Endeleg ser han Oslo med eit åtte-tal etter. «No kjem nok koffertane våre snart,» seier Ella. Spørsmål: Korleis finn Ella vegen på flyplassen? Kva ser dei i den store hallen?

46

Oppgåver: Skriv dei særnamna som er like i at dei er namn på byar. Skriv eit av dei engelske orda du ser på skilta. Skriv kva ordet tyder på norsk.


Endeleg byrjar band nummer åtte å gå rundt. Koffertar og bagar kjem sakte sigande mot dei. Jammen er det mange like koffertar. Men snart får både Kåre og Ella tak i sine. Dei må gjennom tollen. Der må dei vise fram passa sine igjen. Så kan dei gå ut i enda ein stor hall.

Øveord: byrjar tollen viftar plakatar kjenner springande

VU

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

Der er det også mange menneske. Det ser ut som om dei leitar etter nokon. Somme viftar med plakatar som det står namn på, andre står der med blomster eller flagg. Med eitt får Kåre auge på tre personar som viftar med norske og engelske flagg. Han kjenner dei att. Han har sett dei på bilete hos Ella. Det er John og foreldra hans.

AR

PL

Dei kjem springande mot dei. Alle tre klemmer og klappar på Ella. Så snur dei seg mot Kåre og tek han i handa og seier: «Welcome to London, Kåre!» Spørsmål: Kva slags flagg viftar dei med? Korleis kjenner Kåre att John og foreldra hans? Oppgåver: Skriv tre verb som fortel kva John og foreldra hans gjer. Skriv kva ting vi kan ha kleda våre i når vi er ute og reiser.

47


ER

D

R

VU AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

Mor til John ler litt og seier på norsk: «Unnskyld oss, du skjønar sjølvsagt ikkje alt det vi står her og bablar om på engelsk. Vi gløymde oss heilt bort. Vi må snakke sakte og tydeleg dersom du skal forstå oss. Velkomen skal du vere. Eg er Else. John veit du kven er. Far hans heiter Ryan. Han kan ikkje snakke norsk. Men John kan snakke litt. Spørsmål: Korleis må John og foreldra hans snakke engelsk for at Kåre skal forstå? Kva heiter far til John? Oppgåver: Skriv substantiv som passar til biletet. Skriv fire verb som passar til biletet. 48

Øveord: unnskyld sjølvsagt bablar


Vi har gledd oss slik til å bli kjende med deg.»

Øveord: kjende tunnel dagslyset forundra marker landsbygda akkurat

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Else tek eit godt tak i Kåre. Ryan tek koffertane, og Ella tek John i armen. Dei skal finne eit tog som går frå flyplassen til London. Toget kjem nesten med ein gong. Dei køyrer i ein tunnel ei stund, men så kjem dei opp i dagslyset. Kåre ser forundra ut. Her er det grøne marker, nokre få hus og ingen menneske å sjå. Det var ikkje slik han trudde London såg ut.

AR

PL

EM

KS

Ella skjønar nok kva han tenkjer, for ho seier at det tek nesten ein time før dei er inne i London. No er dei langt ute på landsbygda. John tek fram ein bunke med kort. «Har du fotballkort?» spør han. Kåre ser forundra på John. John har akkurat slike fotballkort som han har i sekken sin. Det var rart! Spørsmål: Korleis reiser dei frå flyplassen til London? Kor lang tid bruker toget inn til London? Oppgåver: Skriv ordet som fortel korleis markene ser ut. Skriv namnet på ein fotballspelar du har høyrt om.

49


Kåre finn fram korta sine. Han har norsk tekst på korta sine, John har engelsk tekst på sine. Elles er korta heilt like.

Øveord: tekst prøver stasjon

ER

D

R

VU

Kåre og John har fått noko å snakke om. Kåre prøver å bruke så mange engelske ord han berre kan. John prøver å bruke så mange norske ord han kan. Kåre synest dei klarer seg bra. Snart har dei funne ut at dei liker same slags mat, same fotballag og same musikk. Kåre synest John er veldig grei.

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

Snart er dei midt i London. Her er det høge hus på alle kantar. Gatene er fulle av bilar og bussar. «Her skal det bli spennande å rusle rundt saman med John,» tenkjer Kåre. Toget stansar på ein stasjon som heiter Kensington. Her skal dei gå av.

Spørsmål: Kva er fotballkorta til John og Kåre ulike i? Kvar stansar toget? Oppgåve: Skriv substantiv som passar til biletet på side 51. 50


AR PL EM KS SE

G IN ER D R VU

51


Det er kort veg frå stasjonen til huset Øveord: der John og foreldra hans bur. stasjonen annleis Kåre må sjå seg rundt. inngangsdøra Her er det mykje som er annleis enn i Noreg. Husa står tett i tett. Dei er gamle, men ser veldig fine ut, nesten som Slottet i Oslo. Alle husa har ein liten hage framfor inngangsdøra. Her er det høge, gamle tre og blomstrar.

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU Spørsmål: Kva har alle husa framfor inngangsdøra? Oppgåve: Skriv substantiv som passar til biletet. 52


Kåre ser på gateskilta. Dei er nesten som skilta heime i Noreg. Men teksten som står på skilta, er på engelsk. Det er mange bilar i gatene. Bilane køyrer på venstre side av vegen. Det gjer dei ikkje i Noreg.

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Tenk, her i London er Kåre ein utlending. Ingen snakkar norsk med kvarandre. Her betaler ingen med norske pengar. Her er det ingen norske aviser og blad i kioskane. Her er det ingen norsk mat i butikkane og på kafeane. Ingen barn her har norsktimar på skolen. Kåre må smile for seg sjølv. No er han i utlandet.

AR

PL

Den første kvelden i London er veldig koseleg. Else dekkjer eit fint bord på det store kjøkkenet. Ho har laga nydeleg mat. Øveord: Spørsmål: På kva side av vegen køyrer bilane? Kvifor har ikkje dei engelske barna norsktimar på skolen?

gateskilta utlending kvarandre kioskane utlandet

Oppgåve: Skriv eit av dei engelske gatenamna. 53


Fordi ho eigentleg er norsk, er maten nesten den same som den Kåre får når dei har gjester heime. Alle snakkar sakte, slik at Kåre skal forstå. Ella og Else omset til norsk når Ryan og John bruker for vanskelege ord.

Øveord: eigentleg omset gjesterommet ryddig blir letta trivast skin

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Ella skal bu på gjesterommet. Inne på rommet til John har dei sett inn ei ekstraseng til Kåre. John har eit stort, fint og ryddig rom. Det er god plass til to der. Med eitt seier John: «Ser du kor ryddig det er her? Eg har rydda i to dagar for at det skulle vere fint til du og bestemor skulle kome! Eg liker ikkje å ha det slik!» Kåre blir letta da han høyrer det. Her kjem han til å trivast!

AR

PL

Kåre er trøtt og søv som ein stein heile natta. Da han vaknar, skin sola ute. John er ikkje i senga si. Kåre ser på klokka. Ho er over ni. Ella bankar på døra og stikk hovudet inn. Spørsmål: Kvifor snakkar dei så sakte? Kvar skal Ella bu? Oppgåver: Kva vil det seie «å sove som ein stein»? Skriv tre ord som fortel om rommet til John. 54


ER

D

R

VU SE

G

IN

«Frukosten er klar! Håper du er svolten.» Kåre kjem seg opp og kler på seg i full fart. Ella sit åleine på kjøkkenet.

AR

PL

EM

KS

Else og Ryan er på jobb. John er på skolen. Han har ikkje sommarferie før i juli. Ella og Kåre skal på sightseeing åleine. Ella orkar ikkje å gå så mykje. Derfor har ho ringt etter ein drosje. Alle drosjebilane i London er like. Øveord: Dei er svarte og ser gammaldagse ut. kjøkkenet sightseeing Inne i bilen er det veldig god plass. Spørsmål: Kvar er John? Kva har Ella ringt etter?

orkar drosje gammaldagse

Oppgåve: Skriv substantiv som passar til biletet. 55


I tillegg til baksetet er det to klappsete bak framsetet. Det er ei glasrute mellom sjåføren og passasjerane. Kåre synest drosjen er tøff.

ER

D

R

VU

Drosjen stoppar på ein stor, open plass som heiter Piccadilly Circus. Her går dei av. Ella betaler og seier takk for turen. Det vrimlar av folk, bilar og bussar. Kåre tek eit godt tak i armen til Ella. Her er det best å halde saman.

Øveord: tillegg klappsete sjåføren passasjerane vrimlar etasjar sightseeing billettar

Spørsmål: Kva farge har bussen? Kor lang tid tek bussturen? Oppgåver: Skriv eit anna ord for drosje. Skriv korleis dei engelske drosjane ser ut. 56

AR

Dei går bort og kjøper billettar. Kåre vil sitje i andre etasje. Der er det best utsikt.

PL

EM

KS

SE

G

IN

Litt lenger oppe i gata ser dei ein raud buss. Bussen har to etasjar. «Det er ein sightseeingbuss. Han tek med turistar rundt i London. Turen tek to timar,» seier Ella. «Det er ein tur som passar godt for oss to.»


D

R

VU KS

SE

G

IN

ER

Ella er godt kjend i London. Ho peikar og fortel Kåre om alle dei kjende bygningane og stadene dei køyrer forbi. Nokre av stadene har Kåre høyrt om før, men dei fleste er heilt ukjende for han. Kåre prøver å følgje med så godt han kan.

AR

PL

EM

Med eitt stoppar bussen framfor ein kjempestort slott. «Her bur dronning Elizabeth. Det er den dama det er bilete av på pengesetlane,» seier Ella. «Slottet heiter Buckingham Palace. Akkurat no er det vaktskifte. Øveord: Spørsmål: Kven bur i Buckingham Palace?

ukjende dronning vaktskifte

Oppgåve: Skriv substantiv som passar til biletet. 57


Det vil seie at alle vaktene som har passa på dronninga og slottet i føremiddag, skal bytast ut med nye vakter. Jammen er vi heldige som får med oss det.»

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Ein flokk med vakter kledde i flotte uniformer kjem marsjerande saman med eit musikkorps. Alle vaktene har raud jakke, lue av bjørneskinn, gevær og blanke støvlar. Framfor slottet står det oppmarsjert ein annan flokk vakter, nøyaktig lik dei vaktene som kjem. Soldatane helsar på kvarandre og byter plass. Dei nye vaktene stiller seg opp framfor slottet. «Dette er akkurat som eit skodespel,» synest Kåre.

AR

PL

Kåre og Ella er inne i London nesten kvar dag. Dei dreg på båttur på den store elva Themsen, som renn gjennom London. Øveord: Her får dei sjå mange kjende bygningar. uniformer Spørsmål: Kva har vaktene på hovudet? Kva heiter elva som renn gjennom London? Oppgåve: Skriv orda som fortel korleis uniformene til vaktene ser ut. 58

marsjerande musikkorps bjørneskinn Themsen


Dei køyrer under mange bruer. Dei er på fleire museum. Dei er i Madame Tussauds vokskabinett. Det er eit hus fullt av voksfigurar som føresteller kjende menneske. Dronning Elizabeth og mange andre står der i voks. Figurane ser nesten levande ut.

Øveord: museum Madame Tussauds vokskabinett voks Hamleys idrettsplass

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Ein føremiddag handlar dei i ein av dei største leiketøysbutikkane i verda. Butikken heiter Hamleys. Kåre har aldri sett så mange leiker på ein gong. Her er alt han kan tenkje seg. Om ettermiddagane når John kjem heim frå skolen, er Kåre saman med han og kameratane hans. Dei spelar som regel fotball på ein stor idrettsplass. Kåre lengtar slett ikkje heim. Han snakkar med mor og far i telefonen fleire gonger. Spørsmål: Kven føresteller voksfigurane? Kva heiter ein av dei største leiketøysbutikkane i verda?

Oppgåver: Skriv namna på dei leikene du ville ha kjøpt hos Hamleys. Sjå på biletet av dronning Elizabeth. Skriv kva ho har på seg. 59


Dei er nok litt redde for han. Men Kåre har det kjempegøy.

VU

Det er laurdag – den siste dagen i London. Ryan, John og Kåre skal på fotballkamp. Kåre gler seg. Fotballstadionet har han sett mange gonger på tv heime i Noreg. Arsenal skal spele mot Chelsea. Kampen byrjar klokka tre.

Øveord: fotballkamp stadion tribunane

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

Før dei går inn på stadionet, gir Ryan Kåre eit kort. «Dersom vi blir borte frå kvarandre, møtest vi her.» Han peikar på eit høgt hus rett over gata. «Adressa står på kortet.»

Spørsmål: Når byrjar fotballkampen? Kva står det på kortet Kåre får av Ryan? Oppgåver: Skriv nokre «fotballord». Skriv særnamna. 60


VU

Arsenal vinn heldigvis. Alle menneska som står saman med Kåre, liker det. Spørsmål: Kva for eit lag vinn? Oppgåver: Skriv verb som fortel kva Kåre gjer på fotballkampen. Skriv verb som fortel kva menneska på biletet gjer. Skriv namnet på fargane på det engelske flagget.

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

Ryan har fått fine plassar til dei. Stadionet er kjempestort. Det er mykje folk på tribunane. Dei syng og ropar. Alle er visst i godt humør. Kampen blir spennande. Kåre held med Arsenal. Han brølar og skrik akkurat like mykje som alle dei andre på tribunen. Han har aldri hatt det så morosamt på ein fotballkamp før.

Øveord: tribunane spennande menneska

61


AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Dei hoppar og dansar. Øveord: Dei slår kvarandre på skuldrene. hoiar gå heim Dei syng og hoiar. Kåre hoiar med! stadionet Fotballkampen og festen er over. humør No vil Kåre gå heim. få auge på Alle vil ut av stadionet på same tid. Sjølv om alle på tribunen framleis er i godt humør, dyttar og trengjer dei på. Kåre ser etter Ryan og John, men klarer ikkje å få auge på dei. Han vil stoppe for å leite etter dei, men klarer det ikkje. Han blir berre dytta framover.

Spørsmål: Kvifor klarer ikkje Kåre å stoppe og sjå seg omkring?

62

Oppgåver: Skriv ord som fortel kva folk gjer etter kampen. Skriv kva desse orda er like i. Skriv to ord som har kort å-lyd, og som blir skrivne med bokstaven o.


Folk pressar og skuvar. Han må følgje med anten han vil eller ikkje. Snart står han på utsida av stadionet. Han veit nesten ikkje korleis han kom dit. Ryan og John er ikkje der. Han er heilt åleine.

Øveord: utsida hendene bygningen tvers byrjar

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Kva skal han gjere no? Han stikk hendene i lomma og ser seg godt omkring. «Dersom vi blir borte frå kvarandre, møtest vi ved den store bygningen tvers over gata,» hadde Ryan sagt. Men Kåre ser berre ein stor, open plass på den andre sida av gata. No blir Kåre redd.

Med eitt kjenner han noko i lomma. Det er kortet han fekk av Ryan. Det hadde han gløymt.

AR

PL

EM

KS

Kåre byrjar nesten å gråte. Her er han heilt åleine i London. Han veit ikkje korleis han skal finne John og Ryan.

Spørsmål: Kvifor blir Kåre redd? Kva kjenner Kåre i lomma si? Oppgåver: Skriv fire verb. Skriv kva orda plass, lomme, bygning og stadion er like i. 63


VU

KS

SE

G

IN

ER

D

R

Kåre dreg kortet opp av lomma. Der står det ei adresse. Er det adressa til møteplassen deira, tru? Men korleis kjem han dit? Kåre ser seg fortvila omkring. Da får han auge på ein politimann.

AR

PL

EM

Kåre spring bort til politimannen. Han bukkar og seier på engelsk: «Unnskyld, kan du hjelpe meg? Eg har gått meg bort.» Sjølv om han både stotrar og stammar, skjønar politimannen han.

Spørsmål: Kva står på kortet? Oppgåver: Skriv med engelske ord det Kåre sa til politimannen. Skriv verb som fortel kva Kåre gjer. 64

Øveord: møteplassen fortvila bukkar stotrar stammar


AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Kåre rekkjer fram kortet med adressa Øveord: på til politimannen. oppover «Du er komen ut på feil side av stadionet,» forundra skuldra seier politimannen og peikar oppover. Kåre må ha sett veldig forundra ut. Politimannen tek eit godt tak i skuldra hans. Han vil følgje han til adressa på kortet. Politimannen pratar og ler og er veldig hyggeleg. Men han snakkar altfor fort. Kåre seier berre: «yes» og «no».

Spørsmål: Kva gir Kåre til politimannen? Kven vil følgje Kåre til møtestaden? Oppgåver: Sjå på biletet og skriv dei orda som viser kva politimannen har på seg. Skriv kva desse orda er like i. Skriv dei engelske orda som tyder ja og nei.

65


Med eitt kjenner Kåre seg igjen. Der står John og Ryan òg. Dei ser veldig urolege ut. Kåre ropar og vinkar til dei. Politimannen følgjer Kåre heilt bort til dei. Kåre bukkar djupt og seier «thank you».

Øveord: kjenner uroleg bukkar forklaring ruskar

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Politimannen snakkar med Ryan og får ei forklaring på kvifor dei kom frå kvarandre. Så ruskar han Kåre i håret og går sin veg. Ryan er veldig lei seg for at dei vart borte frå kvarandre.

Spørsmål: Kva seier Kåre til politimannen? Oppgåver: Skriv orda som har bokstavane kv på plass først. Skriv orda som har bokstaven b på plass først. 66


«Men kampen var kjempefin. Eg trur vi fortener eit besøk på McDonald’s!» seier Ryan.

Øveord: fortener brosjyrar postkort

Alt tek slutt ein gong. Kåre og Ella har vore i London i to veker. No må dei reise tilbake til Noreg.

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Kåre har teke mange bilete med det nye fotoapparatet sitt. Han har teke med seg billettar, kart, brosjyrar, rekningar og postkort. Han har kjøpt små presangar som dei heime skal få.

Spørsmål: Kva har Kåre, John og Ryan fortent? Oppgåve: Sjå på biletet og fortel kva Kåre har fotografert. 67


Det er vanskeleg å få att kofferten. Han har visst handla for mykje.

Øveord: juleferien feire jul

Kåre synest det er trist å reise frå John, Ryan og Else. Men i juleferien kjem dei til å møtast igjen. Else, Ryan og John har bestemt seg for å feire jul saman med Ella i Noreg. I mellomtida kan dei skrive brev til kvarandre.

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU Spørsmål: Kvifor er det vanskeleg for Kåre å få att kofferten? Når skal Kåre møte John, Ryan og Else igjen? Oppgåver: Skriv verb som fortel kva menneska på biletet gjer. Skriv særnamna. 68


16. mai

Øveord: skapdøra sløyfer nystroke marsjere rullestol

R

VU

Sofie gruar seg slik til i morgon. Da er det 17. mai. Ho har fått nye klede. Dei heng klare på skapdøra. Nye, flotte sløyfer til å ha i håret har ho også fått. Flagget står nystroke i vasen på bordet. Men Sofie gruar seg. Ho vil helst hoppe over heile 17. mai.

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

På skolen har dei øvd på alle songane dei skal syngje. Dei har laga ei flott fane. Dei har øvd på å marsjere i 17. mai-tog. Klassen skal til byen i år. Der skal dei marsjere saman med alle dei andre skolane. Dei er store nok til det no. Men det er det Sofie gruar seg til. Sofie sit i rullestol. Ho kan ikkje gå. Det er noko gale med føtene hennar. Spørsmål: Kva har Sofie fått til 17. mai? Kvifor gruar Sofie seg til 17. mai?

Oppgåver: Skriv verb som fortel kva klasen har gjort til 17. mai. Skriv orda som har diftongane ai og øy i seg. 69


ER

D

R

VU Øveord: heime fortauskantar

I morgon må ho sitje og sjå på at dei andre marsjerer av garde. Spørsmål: Når blir Sofie sint og lei seg? Kva vil Sofie så gjerne gjere? Oppgåver: Skriv substantiv som passar til biletet. Skriv orda som har diftong i seg. 70

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

Sofie har alltid sete i rullestol. Med den kjem ho seg fram både heime og på skolen. Men ofte stoppar trapper og høge fortauskantar henne. Da blir Sofie sint og lei seg. Ho vil så gjerne gjere akkurat det same som dei andre i klassen.


Mor trur det blir for mykje folk og for stor trafikk. Sofie vil ikkje klare å kome seg fram. Dessutan får ho ikkje sjå noko av det som går føre seg, seier mor. Sofie veit at mor har rett. Men det hjelper ikkje. På 17. mai går alle barn i Noreg i tog. Berre ikkje ho, Sofie!

Øveord: dessutan går føre seg Dyreklubben trening

VU

KS

SE

G

IN

ER

D

R

Mor kjem inn til Sofie. Ho ser så glad ut. «Janne frå Dyreklubben ringde. Ho treng folk til å pynte og rydde til 17. mai,» seier mor. «Eg har tid, så dersom du vil vere med, kan vi dra med ein gong.»

AR

PL

EM

Sofie er ofte i Dyreklubben. Ho får ri på ein av hestane dei har der. Janne plar gå ved sida av og halde hesten. Da går hesten roleg og fint. Rideturane er fin trening for Sofie.

Spørsmål: Kven ringjer til mor? Kva er god trening for Sofie? Oppgåver: Skriv særnamna. Skriv verba som fortel kva Janne treng hjelp til. 71


bjørkekvister overalt vogna kusken teip

G

IN

ER

D

R

VU

På Dyreklubben er dei i full sving med å hengje opp flagg og bjørkekvister. Det blir feia og rydda overalt. Janne tek Sofie med seg bak låven. Der står ei fin hestevogn. Ei slik vogn som dei køyrde med før folk fekk bil. Det er plass til fire personar i vogna. Det må to hestar til for å dra henne. Kusken skal sitje bak på eit eige sete og styre hestane derifrå. Vogna skal pyntast til 17. mai. «Ho skal vere med i toget i morgon,» fortel Janne.

AR

PL

EM

KS

SE

Janne tek fram ei eske. I eska er det papirblomstrar og flagg. Ho vil ha hjelp av Sofie til å få alt på plass. Sofie tek ein og ein ting ut av eska, set teip på og gir det til Janne. Janne festar alt godt fast på vogna. Når dei er ferdige, har dei fått ei flott 17. mai-vogn.

Spørsmål: Kven skal sitje bak på eit eige sete? Kva skal dei pynte vogna med? Oppgåver: Skriv orda som har vokalen ø i seg. Skriv fem ord som har dobbeltkonsonant i seg. 72


R

VU Sofie har ikkje høyrt ordentleg etter. Ole skal få vere med! Spørsmål: Kven skal gå først i 17. mai-toget? Kor mange sete treng Ole?

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

«Vi skal køyre nesten først i 17. mai-toget. Først går tre politimenn, så kjem 17. mai-komiteen med dei store flagga, og så kjem vi med vogna vår,» seier Janne nøgd. «Ordføraren skal sitje i vogna. Ole, som braut begge beina i slalåmløypa i vinter, skal få plass. Han treng to sete. Han kan ikkje bøye beina på grunn av gipsen.» Janne seier ikkje meir. Ho ser berre lurt på Sofie. Øveord: komiteen nøgd slalåmløypa gipsen ordentleg

Oppgåve: Sjå på biletet og fortel korleis hestevogna ser ut. 73


SE

G

IN

ER

D

R

VU AR

PL

EM

KS

Sofie synest det er urettferdig. Ole kjem til å bli frisk og rask igjen. Neste år kan han gå i tog. Sofie får tårer i auga. Janne skjønar nok kva ho tenkjer, og seier fort: «Den siste plassen går til ei jente som er veldig flink til å pynte gamle hestevogner.» Spørsmål: Kven skal få den siste plassen i vogna? Oppgåve: Skriv verb som fortel kva menneska i vogna gjer. 74

Øveord: urettferdig hestevogner


Sofie set i eit gledeshyl. «Dette skulle vere ei overrasking. Vi tek med Ole, slik at du slepp å vere åleine med ordføraren,» seier Janne.

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU

«Det er kjempesnilt. Eg får vere med i toget og køyre i den finaste hestevogna i byen! Gjett om eg gler meg til i morgon!» «Flott!» seier Janne. «Alle barn i Noreg bør gle seg til 17. mai!»

Spørsmål: Kvifor får Ole vere med i vogna? Kvifor gler Sofie seg til 17. mai no? Oppgåver: Skriv orda som har bokstaven ø i seg. Skriv verba som står i notid. 75


Vassvers Vatn i alt, varmt og kaldt. I havet og fjorden og tjernet og sjøen, i fossen og elva og isen og snøen.

VU

Vatn i alt, varmt og kaldt. I enga og bakken og skogen og parken, i blomsten og treet og stilken og barken.

IN

ER

D

R

Vatn i alt, varmt og kaldt. I små mandarinar og store melonar, i søte bananar og sure sitronar.

AR

PL

EM

KS

SE

G

Vatn i alt, varmt og kaldt. I årer og kjertlar og blærer og tarmar, i hovud og mage og føter og armar.

76


VU

IN

ER

D

R

Vatn i alt, varmt og kaldt. I løver og tigrar og hestar og stutar, i fuglar og fiskar og jenter og gutar.

KS

SE

G

Vatn i alt, varmt og kaldt. I røyret og slangen og kjelen og panna, i kummen og karet og koppen og kanna.

AR

PL

EM

Vatn i alt, varmt og kaldt. I brødet og smøret og mjølka og teen, i steika og sausen og søndagsgeleen.

Vatn i alt, varmt og kaldt. Av alle slags sjefar på jorda vår er det vatnet som kanskje bestemmer mest her. (til nynorsk ved Nikolai Nelvik)

Sidsel Mørck

77


R

VU ER

D

Selen Nemo

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

Da ein fiskar frå Ålesund drog opp fiskegarna sine, høyrde han med eitt ein rar lyd. Lyden var som eit lite pip. Lyden kom frå ein liten selunge som låg og flaut like ved fiskegarna. Litt lenger borte låg ein vaksen sel. Han låg heilt stille. Han var død. Det var nok mor til selungen. Fiskaren tok den vesle ungen opp i båten. Han hadde ikkje hjarte til å reise frå han. Ungen var liten og tynn og veldig svolten. Øveord: Spørsmål: Kva høyrde fiskaren? Oppgåve: Skriv substantiv som passar til biletet. 78

fiskegarna vaksen hjarte


Men korleis skal ein liten selunge stellast og matast? Det visste ikkje fiskaren.

Øveord: stellast og matast visste god idé sjefen hjelpt heim

D

R

VU

Men så fekk han ein god idé. Han ringde til akvariet i Ålesund. Sjefen på akvariet visste mykje om selungar. Han hadde hjelpt slike ungar fleire gonger. «Kom med ungen så fort du kan. Eg trur eg kan hjelpe han,» sa han.

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

Sjefen på akvariet klarte å berge den vesle selungen. Han tok ungen med seg heim til huset sitt. Selen fekk bu i badekaret.

Spørsmål: Kven ringde fiskaren til? Oppgåve: Skriv ord som passar til biletet. 79


Selungen var altfor liten til å vere åleine på akvariet. Sjefen måtte gi han mat kvar tredje time.

Øveord: treivst selskapssjuk kafeen

Maten var mjølk med tran og sukker. Seinare fekk han sild, masse sild. Selungen fekk namn òg. Han fekk namnet Nemo.

G

IN

ER

D

R

VU

Nemo voks og treivst. Snart vart han for stor for badekaret. Han flytta inn på akvariet. Sjefen tok han med ned til sjøen kvar dag. Der fekk han trene seg på å vere ute i det kalde vatnet og fange fisk.

AR

PL

EM

KS

SE

Han fekk mat av sjefen kvar dag og var ofte inne i akvariet. Nemo var selskapssjuk. Ein dag kom han inn i kafeen der alle turistane sat og åt. Dama i kafeen visste ikkje korleis ho skulle få han ut att. Ho gav han like godt ein is. Ho la isen på golvet. Nemo sleikte han i seg. Spørsmål: Kva slags mat fekk Nemo? Kva fekk Nemo av dama i kafeen? Oppgåver: Fortel kva ein turist er. Skriv verb i fortid som fortel kva Nemo gjorde. 80


D

R

VU Det likte Nemo veldig godt. Han kom alltid til kafeen når det var mykje folk der. Nemo vralta til og med inn i sjølve akvariet.

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

Gjett om det smaka godt! Frå den dagen kom Nemo inn i kafeen nesten kvar dag. Nemo vart berømt. Han vart kjendis. Avisene tok bilete av Nemo, og tv filma han. Nemo vart kjend over heile Noreg. Det kom til og med ei dame frå Italia som ville lage ein spennande film om Nemo.

Spørsmål: Frå kva for eit land kom dama som ville lage film om Nemo?

Øveord: gjett kjendis Italia alltid vralta

Oppgåver: Skriv ord for ulike iskremsortar. Skriv ord som viser kva ein kan kjøpe på ein kafé. 81


Her oppførte han seg som om han var ein guide. Han ville vise fram det flotte akvariet.

Øveord: oppførte seg guide glefse gjerne klødd

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Nemo åt sild og fekk klem, klapp og kos. Men sjefen var alltid der og passa på Nemo. Da Nemo var to år, hadde han vorte ein vaksen sel. Av og til var han i dårleg humør. Da burde folk passe seg! Nemo kunne både glefse etter folk og bite dei. Da måtte han gå ut og ta seg ein symjetur. Nemo fekk ikkje kome inn før han var blid igjen.

PL

EM

KS

Nemo har vorte fire år. Framleis kjem det mange menneske til akvariet. Dei fleste vil helse på Nemo. Nemo viser seg gjerne fram.

AR

Ein dag blir sjefen på akvariet sjuk. Han er borte frå jobben i to månader. Nemo saknar han fælt. Han får sild kvar dag, og han blir klappa og klødd, men det er ikkje heilt det same. Spørsmål: Kvifor måtte Nemo gå ut av akvariet av og til? Oppgåver: Skriv orda som har dobbeltkonsonant i seg. Skriv to verb som står i fortid, og to verb som står i notid. 82


Nemo leitar etter sjefen kvar dag. Han er i dårleg humør og freser til folk som vil klappe han.

Øveord: kvar dag freser einsam teke vegen

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Sommaren blir varm og fin, og det kjem ikkje så mange menneske på besøk til akvariet. Folk vil heller bade og sole seg. Nemo kjenner seg veldig einsam. Ein dag er han borte. Vekene går. Ingen Nemo er å sjå. Kvar har han teke vegen?

Spørsmål: Kvifor kjenner Nemo seg så einsam? Oppgåve: Skriv seks ord som har dobbeltkonsonant i seg. 83


Sjefen blir frisk att. Han kjem tilbake til akvariet. Han blir veldig lei seg da han ikkje finn Nemo der.

Øveord: langt ringjer gjett vassa sjøkanten i sitt ess oppfører seg

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Ein dag får sjefen ein telefon frå ei dame. Ho fortel at ho har sett Nemo. Nemo var på badestranda på Giske. Giske er ei øy ute i havet, ikkje langt frå akvariet. Fordi det er så godt og varmt, er det mykje folk på stranda. Dama som ringjer, hadde lege og sola seg. Gjett om ho skvatt da Nemo med eitt dukka opp ved sida av henne!

AR

PL

EM

KS

Nemo hadde vralta rundt og helsa på alle. Han hadde leika saman med barna ute i sjøen. Han hadde spruta vatn på folk som vassa i sjøkanten. Nemo hadde vore i sitt ess. Dama er heilt sikker på at ingen andre selar enn Nemo oppfører seg slik.

Spørsmål: Kven ringde til akvariet? Kva hadde Nemo gjort på badestranda? Oppgåve: Skriv fem av dei orda som er verb. 84


VU

KS

SE

G

IN

ER

D

R

Neste dag dreg sjefen ut til øya der Nemo er. Det er overskya og litt regn i lufta. Derfor er badestranda tom. Berre dama som ringde, er der. Ho har lova å vise sjefen kvar Nemo hadde leika og vist seg fram.

AR

PL

EM

Sjefen står på stranda med ein stor pose full av fersk sild. Han ser ikkje Nemo nokon stad. Derfor tek han til å rope på Nemo. «NEMOOO! NEMOO! Kom og få sild!» Sjefen ropar og hoiar om att og om att. Spørsmål: Korleis er vêret den dagen sjefen dreg ut til øya? Kva har sjefen i posen?

Øveord: overskya fersk hoiar

Oppgåve: Skriv verb som passar til biletet. 85


ER

D

R

VU PL

EM

KS

SE

G

IN

Med eitt dukkar eit gråsvart, lite hovud opp ute i bølgjene. Det må vere Nemo som kjem i full fart inn mot stranda. Sjefen klappar i hendene. Han blir så glad når han endeleg får auge på Nemo.

AR

Det vesle dyret kjem heilt opp i strandkanten. Da blir sjefen litt usikker. «Er det Nemo som kjem, eller er det ein annan sel?» Spørsmål: Kva gjer sjefen når han får auge på Nemo? Oppgåve: Skriv orda som fortel korleis Nemo ser ut. 86

Øveord: få auge på usikker


ER

D

R

VU SE

G

IN

Nemo har ikkje så mørk pels. Bartane hans er heller ikkje så kvite.

AR

PL

EM

KS

Sjefen klør seg i håret og ser litt forvirra ut. Men så kjem han på at selane skiftar pels ein gong i året. Det er nok derfor Nemo ser litt annleis ut. Nemo har i alle fall kjent att sjefen. Han snurrar rundt i sjøen og ser veldig glad ut. Men opp av vatnet vil han ikkje. Spørsmål: Kor ofte skiftar selane pels?

Øveord: bartane forvirra skiftar annleis i alle fall

Oppgåve: Sjå på biletet og skriv eit verb som fortel kva sjefen gjer. 87


AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Sjefen tek av seg skorne, Øveord: rullar opp buksene gjensynsglede går ned på høgkant og vassar ut til Nemo. Nemo hoppar opp og ned. Han sym rundt og rundt sjefen. Snakk om gjensynsglede! Sjefen tek fram posen med sild. Han gir Nemo ei og ei sild. Dei går ned på høgkant. Til slutt tømmer sjefen resten i gapet til Nemo.

Spørsmål: Kva gjer sjefen med posen med sild? Oppgåve: Skriv tre substantiv som passar til biletet. 88


Han bøyer seg ned, og Nemo gnir Øveord: snuten sin mot nasen hans, igjen og igjen. småskjenner klissvåt Sjefen småskjenner litt på han. oppdaga «Din fantegut, stikke av på denne måten.» Han klappar Nemo og kosar med han.

IN

ER

D

R

VU

Sjefen og Nemo kosar seg saman i fleire timar. Til slutt er sjefen klissvåt. Nemo er sliten av all leikinga. Sjefen må reise tilbake til byen. Nemo viftar med halen og sym sin veg. Han set ikkje kursen mot akvariet. Nemo sym ut mot det opne havet.

AR

PL

EM

KS

SE

G

Sjefen snakkar med dama som hadde oppdaga Nemo på stranda. Ho liker Nemo veldig godt. Ho lovar å sjå etter Nemo. Dersom han dukkar opp, skal ho gi han sild og leike litt med han. Sjefen er nok litt lei seg for at Nemo ikkje vil vere med tilbake til akvariet. Sjefen veit ikkje kvifor Nemo drog sin veg. Spørsmål: Kvar sym Nemo? Oppgåver: Skriv dei to orda som har diftong i seg. Skriv fem av dei orda som er verb.

89


ER

D

R

VU EM

KS

SE

G

IN

Nemo må ha mykje stell og omsorg. Han er heilt tam og har vorte van med menneske. Sjefen håper at alle som er så heldige å få helse på Nemo, er snille mot han og ikkje plagar han.

AR

PL

På akvariet i Ålesund saknar dei Nemo. Alle som kjem dit, spør kvar Nemo er. Vekene går. Hausten kjem. Sjefen på akvariet trur at Nemo har slått seg saman med andre selar. Kanskje han har fått seg ein kjærast? Spørsmål: Kva håper sjefen? Oppgave: Skriv dei to orda som fortel om tid. 90

Øveord: omsorg

tam kjærast


Ein mørk, kald haustmorgon kjem dama på kafeen på jobb som vanleg. Akkurat idet ho opnar døra, smett eit dyr inn rett framom henne. Dama trur ikkje sine eigne auge. Det er Nemo! Kvar kjem han frå?

Øveord: trur ikkje sine eigne auge gjerne storkose beundre

D

R

VU

Nemo vraltar inn som om han slett ikkje hadde vore borte. Han legg seg rett ned framfor disken. Det er ikkje tvil om at han gjerne vil ha ein is.

KS

SE

G

IN

ER

Dama er ikkje sein om å finne fram ein stor, lekker is til han. Nemo sleikjer han i seg. Den isen smakar visst godt! Så vil han inn i sjølve akvariet. Der legg han seg på det varme golvet. Han strekkjer seg ut og ser ut til å storkose seg.

AR

PL

EM

Nemo fer ut når kvelden kjem. Men frå no av kjem han tilbake kvar morgon. Nemo lèt seg fotografere og beundre av turistane akkurat som før.

Spørsmål: Kva årstid er det når Nemo kjem tilbake? Kvar legg Nemo seg ned? Oppgåver: Skriv orda som har vokalen ø i seg. Skriv orda som har diftong i seg. 91


Rett nok liker han ikkje å bli klappa av framande. Da freser han litt. Alle er glade for å ha Nemo tilbake. Men kva skjer til sommaren? Dreg han av garde på ny ferie, skal tru?

Øveord: av garde

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU Spørsmål: Kva gjer Nemo når han blir klappa av framande?

92


Vikingskip

Øveord: vikingskip gravhaugar kurs hende seglande

I Oslo er Vikingskipshuset. Der er det tre vikingskip som er over tusen år gamle. Skipa vart gravne ut frå nokre store gravhaugar.

AR

Island, Grønland og Nord-Amerika vart oppdaga av menn som kom seglande med vikingskip.

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU

For tusen år sidan var det mange slike skip langs kysten vår. Dei som brukte desse båtane, vart kalla vikingar. Vikingane la ut på lange reiser med skipa sine. Dei fann vegen ved å sjå på sola og på stjernene. Av og til kom dei heilt ut av kurs på grunn av storm og uvêr. Da kunne det hende at dei kom til øyar og land som dei ikkje kjende frå før.

Spørsmål: Kvar ligg Vikingskipshuset? Korleis fann vikingane fram på havet? Oppgåver: Skriv særnamna. Skriv kva orda kyst, øyar og land er like i. 93


ER

D

R

VU SE

G

IN

Det må ha vore modige menneske. Tenk å dra ut på det store havet i open båt!

Saman med ein flokk menn drog Leiv Eiriksson ut for å finne landet. Spørsmål: Kvar budde Leiv Eiriksson?

94

AR

PL

EM

KS

Leiv Eiriksson heitte ein norsk viking. Han budde på Grønland. Far hans hadde oppdaga den øya og busett seg der. Vikingane visste at det var eit stort land langt vest i havet.

Øveord: modige flokk


ER

D

R

VU Mange ville vere med dei tilbake. Både kvinner og barn vart med. Spørsmål: Kvifor var det nye landet mykje finare enn Grønland?

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

Vi veit ikkje kor lenge dei leita, men ein dag fann dei eit nytt land. Landet dei kom til, var mykje finare enn Grønland. Det var mykje fisk i sjøen og i elvane. I skogane var det mange ville dyr. Det var mykje gras til husdyra. Dei reiste heim og fortalde om det spennande landet.

Øveord: husdyr spennande

95


Øveord: tydde grasmark gjette hendt

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Dei kalla landet Vinland. Ordet vin på vikingspråket tydde grasmark. Dei bygde seg hus og hadde nok tenkt å bli i det nye landet. Men plutseleg var alle saman borte. Ingen har høyrt noko meir frå dei. Ingen veit kva som skjedde. Kanskje vart dei jaga vekk av nokon som hadde budd der mykje lenger? Vi veit ikkje, men mange har prøvd å gjette kva som kan ha hendt. For nokre år sidan fann vi restar etter husa deira. Men svaret på gåta om kvifor dei vart borte, har ingen funne enno.

Spørsmål: Kva vart det nye landet kalla? Kva tyder ordet Vinland? Oppgåver til sidene 94, 95 og 96: Skriv særnamna. Skriv to ting som orda oppdaga, fann og bygde er like i. 96


Skuta Fram

Øveord: Nordpolen prøvde i hel

På Nordpolen er det berre is og snø. Det er frykteleg kaldt der. Likevel har mange menneske vore på Nordpolen.

ER

D

R

VU

For 120 år sidan hadde ingen vore der. Da var alle einige om at ingen menneske kunne klare å kome seg dit opp. Dei som prøvde det, ville anten kome bort i all isen eller fryse i hel.

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

Men i 1893 var det likevel ein som meinte at han skulle klare å kome seg til Nordpolen. Den mannen heitte Fridtjof Nansen.

Spørsmål: Kva heitte mannen som ville til Nordpolen? Oppgåve: Skriv det du veit om isbjørn. 97


Han var veldig flink til å gå på ski. Han hadde gått tvers over Grønland på ski. Det var det heller ingen som hadde trudd gjekk an. Så da Nansen ville til Nordpolen, var det tolv menn som ville vere med han på den spennande reisa.

Øveord: spennande skrudde braka knaka

ER

D

R

VU

Nansen fekk bygd ei heilt ny skute. Ho vart bygd slik at ho tolte å segle gjennom tjukk is utan å bli slått sund. Båten fekk namnet Fram.

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

Nansen og mannskapet hans segla så langt dei kunne opp mot Nordpolen. Men til slutt stoppa isen dei. Isen skrudde og pressa på Fram. Det braka og knaka i skuta. Men det gjekk som Nansen hadde håpa. Fram vart ikkje skrudd ned av isen. Tvert imot vart skuta pressa oppover. Til slutt låg Fram oppe på isen som ein bolle på eit fat.

Spørsmål: Kva heitte skuta til Nansen? Kor langt kom Nansen? Oppgåver: Skriv orda som fortel kva isen gjorde med skuta Fram. Skriv fem ord som har dobbeltkonsonant i seg. 98


AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU Oppg책ve: Skriv substantiv som passar til biletet. 99


No meinte Nansen at dei sakte, men sikkert ville drive av stad til Nordpolen. Isen låg ikkje stille. Han dreiv nordover. Nansen og mennene hans måtte vere svært tolmodige. Dei hadde rekna ut at det ville ta minst to år før dei kom til Nordpolen.

Øveord: tolmodige temperaturen studerte vêrmelding

AR

I byrjinga av det andre året i isen skjøna Nansen at dei likevel ikkje kom til å drive over Nordpolen.

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Mennene arbeidde kvar dag. Dei målte temperaturen i lufta og i havet. Dei studerte vêr og vind. Mykje av det Nansen og mennene hans fann ut, blir framleis brukt når det skal lagast vêrmeldingar. Nokre av mennene gjekk på jakt. Dei skaut både isbjørn og sel. Slik heldt dei på i nesten 1 1/2 år. Fram var like heil og fin.

Da ville Nansen gå dit på ski. Det var nesten 70 mil att til Nordpolen.

Spørsmål: Kor lang tid meinte Nansen det ville ta å drive til Nordpolen? Kva bestemde Nansen seg for å gjere etter to år i isen? Oppgåver: Skriv kor mange gonger du finn ordet dei/Dei. Skriv orda som har bokstaven n/N på plass først. 100


Saman med ein mann som heitte Johansen, og fleire hundar, la han ut p책 den lange turen. Det gjekk mot sommar. Fram kom seg ut av isen og segla tilbake til Noreg. Nansen og Johansen kom ikkje tilbake til skuta.

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU 101


Dei kom heller ikkje heilt fram til Nordpolen. Men dei kom lenger mot nord enn nokon andre hadde vore.

Øveord: Sørpolen Polarmuseet

D

R

VU

Det vart så tøft i isen og kulda at dei ikkje kunne halde fram. Nansen og Johansen klarte å kome tilbake til folk. Dei segla med ein annan båt heim til Noreg. Tre år hadde dei vore borte.

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

Fram var like god. Skuta vart brukt til enda ein tur mot Nordpolen. Seinare var det nokon som drog med Fram til Sørpolen. Det var ein lang tur på den andre sida av jorda. Fram klarte det òg. I dag står båten på Polarmuseet i Oslo. Det ligg ikkje langt frå Vikingskipshuset.

Spørsmål (til denne sida og den førre): Kven la ut på skituren til Nordpolen saman med Nansen? Kvar er Fram i dag? Oppgåver (til denne sida og den førre): Skriv særnamna. Skriv substantiv som passar til biletet. 102


Flåtar og sivbåtar Når vi skal reise langt, bruker vi fly. Med fly kjem vi fort og greitt fram. Men kva gjorde folk som levde for fleire tusen år sidan?

Øveord: raskaste tryggaste

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Vi veit at folk alltid har segla eller rodd på elvar, sjøar og hav. Det var den raskaste og tryggaste måten å kome seg fram på. Men korleis båtane såg ut, og korleis dei vart laga, veit vi ikkje så mykje om. Vi veit heller ikkje kvar folk drog, og kor langt dei reiste.

Spørsmål: Kva har folk alltid segla eller rodd på? Kvifor har folk alltid segla eller rodd? Oppgåve: Skriv spørjeorda. 103


Øveord: visste gravkammer sta Peru landsbyen

G

IN

ER

D

R

VU

Ein mann frå Noreg som heitte Thor Heyerdahl, ville finne ut noko om desse reisene. Heyerdahl visste mykje om korleis folk levde for lenge, lenge sidan i Asia og Amerika. Han hadde funne gravkammer med fine teikningar på veggene. Mange av teikningane var av store flåtar. Heyerdahl var heilt sikker på at folk hadde reist over dei store hava for lenge, lenge sidan. Men nesten ingen var einige med han. «Det var ikkje mogleg,» sa alle som skulle vite noko om slikt.

EM

KS

SE

Men Thor Heyerdahl var sta. Han ville vise at det lét seg gjere å reise langt ut på havet på ein slik flåte som han hadde sett bilete av.

AR

PL

Thor Heyerdahl vart kjend med nokre menn i Peru. Dei visste korleis slike flåtar vart bygde. I landsbyen mennene kom frå, hadde dei alltid hatt flåtar. Spørsmål: Kvar hadde Thor Heyerdahl sett bilete av flåtar? Kva ville Heyerdahl vise? Oppgåve: Skriv særnamna. 104


AR PL EM KS SE

G IN ER D R VU

Kon-Tiki

105


Dei bygde flåtane på same måten som forfedrane deira hadde gjort. Flåtane vart bygde av eit spesielt treslag som heiter balsatre. Mennene laga ein slik flåte til Heyerdahl. Flåten vart akkurat som på dei gamle teikningane. Flåten var stor, med ei lita hytte midt på.

Øveord: forfedrane treslag balsatre Polynesia forfølgde skylde

VU

vart ei spennande reise. fekk storm og uvêr på turen. vart forfølgde av hai. heldt på å bli skylde over bord.

106

AR

Spørsmål: Kva heiter treslaget som flåten vart bygd av? Kva slags fisk følgde etter dei?

PL

Det Dei Dei Dei

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

No måtte Heyerdahl vise at det var mogleg å segle med flåten, som han kalla Kon-Tiki. Han måtte segle langt. Han måtte reise frå Peru til nokre øyar som heitte Polynesia. Han måtte reise tvers over Stillehavet. Heldigvis slapp han å reise åleine. Han fekk med seg fem menn.


Men det verste var at ingen visste om dei ville greie å kome fram. Tenk om Heyerdahl hadde teke feil! Han meinte at vinden og straumane i havet hadde hjelpt menneska til å finne Polynesia for to tusen år sidan. Slik skulle dei også finne vegen no.

Øveord: straumane hjelpt Raroia

IN

ER

D

R

VU

Heldigvis fekk Heyerdahl rett. Etter 101 døgn i sjøen kom dei fram til øya Raroia i Polynesia. Alle om bord var friske. Ingen hadde teke skade av den lange turen over havet på ein flåte av balsatre.

AR

PL

EM

KS

SE

G

Frå den dagen var Thor Heyerdahl berømt. Alle ville høyre om turen over Stillehavet. Aviser over heile verda skreiv om turen. Heyerdahl laga ein film og skreiv ei bok.

Oppgåve: Skriv verb og substantiv som passar til biletet. 107


R

VU

Nokre år seinare drog Heyerdahl over Atlanterhavet med ein båt som var laga av siv. Båten var bygd slik at ein kunne sjå bileta frå gravkammera i Egypt. Den båten heitte Ra. Båten var kalla opp etter solguden Ra i det gamle Egypt. Heyerdahl drog frå Marokko i Afrika. Han kom vel fram til Sør-Amerika. Den turen tok berre 57 dagar.

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

Heyerdahl bygde enda ein båt av siv. Denne gongen vart båten bygd slik dei hadde laga båtar i Babylon, landet mellom dei store elvane som heiter Eufrat og Tigris. Den båten fekk namnet Tigris. Han vart kalla opp etter elva Tigris. Sivbåten Tigris frakta Heyerdahl og elleve andre menn over Indiahavet. Dei kom fram til Somalia i Afrika

Spørsmål: 1 Kven var båten Ra kalla opp etter? 2 Kor lang tid tok turen frå Marokko til Sør-Amerika? 3 Kva for eit hav segla dei over for å kome til Somalia? Oppgåve: Skriv særnamna. 108

Øveord: solguden Ra Marokko Babylon Somalia


Øveord: bevist sterke modige

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU Tigris

AR

PL

EM

Thor Heyerdahl hadde bevist at folk kunne reise langt med både flåtar og sivbåtar for fleire tusen år sidan. Havet frakta folk dit dei ville, berre båtane var sterke nok og menneska modige nok. Spørsmål: Kva hadde Thor Heyerdahl bevist? Oppgåve: Skriv verb og substantiv som passar til biletet.

109


Gjedda i sivet Inne i skogen låg ein stor innsjø. Rundt innsjøen var det fleire hytter. Om sommaren var det alltid mange menneske som bada og sumde i det klare, friske vatnet.

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Nede i vatnet var det også eit yrande liv. På botnen krabba det kreps. Småfisk hoppa og spratt. Åbor og aure og mort var det mykje av. Den største av alle fiskane i sjøen var gjedda. Gjedda slukte alt ho fekk tak i. Svolten var ho visst alltid. Til og med andungar som var på symjetur, vart tekne av gjedda. Ho fekk aldri nok.

Øveord: innsjø yrande liv småfisk gjedda andungar symjetur gøymde seg gøymestader

AR

PL

EM

KS

Gjedda gøymde seg inne ved land. Inne i det tette sivet som voks rundt heile sjøen, var det mange fine gøymestader. Det var nesten uråd å få auge på gjedda når ho låg heilt stille. Fargane på gjedda gjekk i eitt med sivet. Alle i sjøen var redde for den store gjedda. Ingen var store og sterke nok til å ta henne. Gjedda voks og voks og vart større og sterkare for kvart år som gjekk. Spørsmål: Kva slags fisk var det i innsjøen? Kvar gøymde gjedda seg? Oppgåver: Skriv adjektiva. Skriv fem verb. 110


AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Ein dag midt i sommarferien var ein mann Øveord: frå ei av hyttene ute og fiska. midt Han hadde teke til å fiske tidleg fiskelykke aurar om morgonen. åborar Mannen hadde hatt god fiskelykke. unnagjort Fire aurar og seks åborar hadde han fått. skylje Han gjorde fisken i stand til steiking fiskeavfallet medan han sat i båten inne ved land. klissete fiskeblod Det blir alltid litt søl av det. Derfor var det godt å få det unnagjort. Her nede var det vatn nok til å skylje vekk alt fiskeavfallet. Da mannen var ferdig med å gjere opp fisken, stakk han hendene i vatnet. Hendene hans var klissete og fulle av fiskeblod. Brått sette mannen i eit brøl. Han kjende noko skarpt som reiv i fingrane hans. Det gjorde frykteleg vondt.

Spørsmål: Kva slags fisk hadde mannen fått på kroken? Kvifor stakk mannen hendene i vatnet? Oppgåver: Skriv dei samansette orda. Skriv dei to orda som har vokalen ø i seg. 111


VU

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

Han fekk hendene opp i ein fart. Den eine fingeren hans var nesten riven av. Han silblødde. Borte i sivet såg mannen ein mørk skugge. Det var ei kjempegjedde som slo med halen og vart borte. Mannen måtte til lege og sy fleire sting. Legen sa at han hadde vore heldig. Han kunne ha mista heile fingeren.

AR

PL

Det vart fort kjent at det var ei stor, blodtørstig gjedde i innsjøen. Gjedda burde no for første gong passe seg. No var det mange som ville ha tak i henne. Men det visste ikkje gjedda. Ho hadde aldri passa seg for noko som helst. Spørsmål: Kvifor måtte mannen til lege? Oppgåve: Skriv substantiv som passar til biletet. 112

Øveord: silblødde skugge blodtørstig burde visste


VU

G

IN

ER

D

R

Mannen som nesten hadde mista fingeren sin, var nok den ivrigaste til å få tak i gjedda. Kvar morgon gjennom heile ferien prøvde han å få den svære gjedda på kroken, men utan hell.

AR

PL

EM

KS

SE

Ein grå, regnfull laurdagsmorgon sat mannen i båten sin. Han speida som vanleg etter gjedda. Gjedda sumde berre ei lite stykke unna. Ho var frykteleg svolten. Ho hadde berre slukt ein liten mort til frukost. Da fekk gjedda med eitt auge på ein ny, liten mort. Som eit lyn var ho borte ved morten. Før morten fekk sukk for seg, Øveord: var han fanga i munnen til gjedda. ivrigaste Gjedda var også nøgd. No ville ho symje speida bort til sivet og fordøye maten. mort Spørsmål: Kva hadde gjedda ete til frukost?

nøgd fordøye

Oppgåver: Skriv fire verb. Skriv fire adjektiv. 113


Men kva var det gjedda hadde fått tak i? Det var ingen vanleg mort. Det stakk frykteleg i munnen. Gjedda hadde bite på ein fiskekrok. Gjedda ville innover i det trygge sivet.

Øveord: frykteleg vasspruten streta imot krigsdansen

IN

ER

D

R

VU

Gjedda var fanga. Men neimen om ho ville gi seg utan kamp! Gjedda slo med den kraftige halen sin så vasspruten stod. Ho hivde seg hit og dit, men dess meir ho streta imot, dess fastare sat kroken. Sakte, men sikkert vart gjedda dregen mot båten.

AR

PL

EM

KS

SE

G

Gjedda lét seg dra med ei lita stund, men så byrja ho på den ville krigsdansen igjen.

Spørsmål: Kva trudde gjedda ho hadde fanga? Kva skjedde når gjedda kjempa imot? Oppgåve: Skriv verba som fortel kva gjedda gjorde for å kome seg laus. 114


Mannen i båten vart nesten redd da han såg korleis gjedda kjempa for å kome seg laus. Ho måtte ha enorme krefter.

ripa overmannen kjempefisken berømt

ER

D

R

VU

Men mannen var like sta som gjedda. Han ville ha henne opp i båten, koste kva det koste ville. Mannen visste ikkje kor lenge han hadde kjempa med gjedda, men endeleg fekk han henne over ripa. Han slo kjempegjedda i hovudet. Han våga ikkje å ta gjedda heilt opp i båten før han var sikker på at ho var død.

Øveord: koste kva det koste ville

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

Endeleg var kampen slutt. Gjedda hadde møtt overmannen sin. Gjedda var ei av dei største som nokon gong var teken. Ho var nesten to meter lang og vog over 25 kilo. Mannen fekk teke eit bilete av kjempefisken. Det biletet kom i avisene og på tv. Gjedda vart berømt til slutt.

Spørsmål: Kor mykje vog gjedda, og kor lang var ho? Oppgåver: Skriv ordet som har bokstavane kv på plass først. Skriv substantiv og adjektiv som passar til biletet. 115


Per møter nykken

Øveord: lengste kjempebrei elvebreidda drukna

Den lengste elva i Noreg heiter Glåma. Mange bekker og små elvar renn ut i Glåma. På ein liten stad som heiter Årnes, møter Glåma elva Vorma. Saman med den elva blir Glåma kjempebrei og stri.

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Akkurat der dei to elvane møtest, budde det ein gut som heitte Per. Huset han budde i, låg berre nokre få meter frå elvebreidda. Mor og far hans var alltid redde for Per. Dei var redde for at han skulle ramle i elva og drukne.

Spørsmål: Kva heiter den lengste elva i Noreg? Oppgåve: Skriv tre ord som har to d-ar i seg. 116


Per var berre seks år. Han kunne ikkje symje. Derfor fekk dei to storesystrene hans streng ordre om å passe godt på Per.

Øveord: storesystrene ordre nyfiken oppdagingsturar våga

D

R

VU

Systrene heitte Anne og Randi. Det var ikkje så lett å passe på Per. Han var så nyfiken. Han drog ofte på oppdagingsturar. Per syntest ikkje slike turar var noko spennande dersom nokon skulle passe på han. Derfor stakk han ofte av frå systrene sine.

EM

KS

SE

G

IN

ER

Anne og Randi vart så leie av å leite etter Per. Han lurte dei heile tida. Dei fekk aldri fred. Alltid måtte dei ut og leite etter han. Til slutt vart Anne og Randi einige om å skremme Per slik at han aldri våga å gå ned til elva åleine.

AR

PL

Anne og Randi tok med seg Per ned til elva. Jentene sette seg ned og tok til å glane ned i vatnet. Per lurte fælt på kva dei såg på. «Vi ser etter nykken,» sa Randi.

Spørsmål: Kvifor måtte storesystrene til Per alltid passe på han? Oppgåve: Skriv ordet som har to m-ar i seg. 117


D

R

VU ER

«Vi har akkurat høyrt dagsnytt i radioen. Det vart sagt at det var oppdaga ein nykk i Glåma nede ved Årnesbrua!»

G

IN

Øveord: dagsnytt smågutar fossen

AR

PL

EM

KS

SE

Per visste ikkje heilt kva ein nykk var. Jentene gav seg til å fortelje: «Nykken er eit troll som bur i elvar og vatn. Han et smågutar til frukost. Får han auge på ein gut nede ved elva, sym han i rasande fart mot land. Han hiver seg framover, tek tak i føtene til guten og dreg han ned i vatnet. Så tek han guten under armen og sym nedover Rånåsfossen. Under fossen er det ei hole. Spørsmål: Korleis visste Anne og Randi at det var ein nykk i elva?

Oppgåver: Skriv særnamna. Skriv tre ord som har kort å-lyd som blir skriven med bokstaven o. 118


Der stengjer han guten inne. Guten må ete masse fisk kvar dag. Når guten er vorten stor og feit, et nykken han.»

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Per høyrde på med open munn og trillrunde auge. Han lurte på om dette var sant. «Vi har jo høyrt det i radioen,» sa Anne. «Klart det er sant!» Per sette seg ned og såg utover elva han òg. Anne og Randi peika ut ein stad der elva var ekstra stri. «Der ute er nykken. Ser du straumkvervlane i vatnet? Det er nykken som lagar dei kvervlane. Han ligg nede på botnen og berre ventar på at det skal dukke opp ein einsam, liten gut.» Det var siste gongen Per våga seg ned til elva åleine!

Øveord: trillrunde stri straumkvervlane bjørketre dermed

AR

PL

Randi og Anne slapp å leite etter Per nokre dagar. Han heldt seg langt borte frå Glåma. Per bygde hytte i toppen av eit stort bjørketre. Dermed kunne dei både sjå og høyre han. Spørsmål: Kvar vart gutane stengde inne? Kvar bygde Per hytte? Oppgåve: Skriv tre ord som har språklyden ng i seg.

119


ER

D

R

VU KS

SE

G

IN

Ein dag midt i sommarferien bad mor Randi og Anne om å gå ned til elva og plukke blomster. Mor venta gjester og ville pynte opp i stua.

Spørsmål: Kvifor ville mor ha ein blomsterbukett? Oppgåve: Sjå på biletet og skriv substantiv som passar til. 120

AR

PL

EM

Det hadde regna heile natta. Mor sa at dei måtte ta på seg langstøvlar. Det var så vått i graset. Per ville vere med han òg. Han lova å oppføre seg ordentleg og halde seg langt unna elvebreidda. Anne og Randi fann mykje blomster.

Øveord: langstøvlar ordentleg elvebreidda


ER

D

R

VU AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

Dei vart opptekne med å lage ein stor, fin blomsterbukett til mor. Per tusla rundt for seg sjølv. Med eitt høyrde dei eit vræl. Anne og Randi for opp. «Kvar var Per?» Dei kasta frå seg blomstrane og sette av stad ned til elvebreidda. Der fekk dei auge på Per. Han hadde rutsja ned den bratte skråninga og stod ute i elva. Skråninga var leirete og glatt, Øveord: reine rutsjebanen, var det.

Spørsmål: Kvar var Per?

blomsterbukett vræl rutsja leirete rutsjebanen

Oppgåve: Skriv dei samansette orda. 121


SE

G

IN

ER

D

R

VU

Per hadde slutta å skrike. Øveord: Han stod og stirde stivt framfor seg. stirde stivt Han prøvde å seie noko, men da vart arme råd skikkeleg tak munnen hans full av vatn. brennkvikt Randi og Anne visste ikkje si arme råd. omsider Korleis skulle dei få tak i Per? sølespruten Randi byrja å skli varsamt nedover skråninga. «Spring etter far!» skreik ho til Anne. «Eg skal prøve å halde han fast. Spring fort!» Anne sette av garde det fortaste ho kunne. Randi kom seg heilt ned til Per. Ho bad han om å rekkje ut handa. Men Per rørte seg ikkje. Randi fekk tak i håret hans og tok eit skikkeleg godt tak. Så tok ho til å hyle og skrike. Her måtte ho få hjelp litt brennkvikt.

AR

PL

EM

KS

I mellomtida hadde Anne fått tak i far. «Nykken held på å ta Per!» ropa ho. Først trudde far at ho berre tøysa. «Kva er det de leikar no?» spurde han og tok til å le. Men omsider skjøna han at dette ikkje var nokon leik. Stakkars far sprang så han heldt på å miste pusten. Han høyrde hyla frå Randi og sklei ned skråninga så sølespruten stod. Spørsmål: Kva skreik Randi til Anne? Kven var det Anne meinte heldt tak i Per? Oppgåver: Skriv to ord som har diftong i seg. Skriv dei orda som har vokalen ø i seg. 122


AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Far hoppa ut i vatnet og fekk lyfta Per opp. Øveord: Det var i siste augneblinken. Randi hadde ikkje fossen klart å halde han stort lenger. min santen dukka opp Far fekk Per og Randi opp på tørt land. Da fekk Per røysta att. Han tok til å hylskrike. Mellom hikstane ropa han: «Nykken var nede i vatnet og helt fast føtene mine. Han heldt på å symje til Rånåsfossen med meg! Han tok støvlane mine!» Og min santen, der stod Per i graset utan støvlar! Støvlane var borte. Dei dukka aldri opp att!

Spørsmål: Kven trudde Per det var som heldt fast i føtene hans? Kva for ein foss ville nykken symje til? Oppgåve: Skriv dei orda som har konsonanten p/P i seg. 123


AR PL EM KS SE

G IN ER D R VU

God sommar!

124

Profile for Tell forlag

Tuba Luba 3 Lesebok 2 (NNO)  

Lesebok 2 for 3. trinn i norskverket Tuba Luba. Nynorskutgåve.

Tuba Luba 3 Lesebok 2 (NNO)  

Lesebok 2 for 3. trinn i norskverket Tuba Luba. Nynorskutgåve.