










Samandrag
Forsamlingshuset «Heimen» har vore ein institusjon i bremangerbygda i over 100 år. Bygget har husa kino, forsamlingshus, konsertar, revyar, debattar, kunstverkstad, eldrekafè, ungdomsklubb, frisør, snikkarverkstad og kunstutstilling for å nemne nokon. Eigarskap og husdrifta har vore gjennom ulike organisasjonar og private eigarar. No er drifta i hovudsak avvikla, og huset lagt ut for sal.
Det nyetablerte initiativet «Stiftinga Kulturhuset Heimen» har til formål å overta huset, setje det i stand, og igjen gi bremangerbygda eit levande kultur- og trivselshus
Gjennom et breitt samarbeid med kommune, næringsliv og andre frivillige organisasjonar ynskjer stiftinga å leggje til rette for tilgjengelege eigna lokalitetar for kreativ og sosial utfolding, samt også arrangement i stiftinga sin eigen regi. Den ideelle stiftinga skal syte for tilskot, gåver og prosjektmidlar til varige oppgraderingar av bygg, samt ei sunn og inkluderande drift som har eit langsiktig perspektiv.
Prosjektet søker i denne omgang om støtte og tilskot til;
- Erverv av hus
- Brannsikring
- Byte av tak
Parallelt med oppgradering blir driftsmodell etablert og aktivitet initiert i huset.
Formål
Formålet med prosjektet «stiftinga kulturhuset Heimen» er å ivareta og vidareutvikle mange av aktivitetane huset tidlegare har gitt tilbod om. For å nå dette målet lyt bygningsmassen overtakast og naudsynt oppgradering settast i verk.
I det store biletet handlar formålet om å leggje til rette for å gi innbyggjarar og besøkande i Bremanger i alle aldrar sosiale, kulturelle og givande opplevingar. Dette gir grobotn for bulyst, ny kunnskap, optimisme, hindre utanforskap og knyte sosiale band.
Den umiddelbare nærleiken til nærmiljøanlegget i Bjørsvika og oppgradert uteområde for Hauge Oppvekst vil truleg også gi langt fleire fysiske utfoldingar ved opphald i og kring kulturhuset Heimen Dette har eit folkehelseperspektiv.
Prosjektorganisering
«Stiftinga Kulturhuset Heimen» driftast som ei stifting.
Stiftinga er etablert med eit styre beståande av 5 frivillige personar. Styret er breitt samansett av ulik kompetanse innan til dømes tømrarfag, born og unge, prosjektleiing, energieffektivisering og kulturliv, og alle med eit felles engasjement for lokal utvikling. Vedtektene opnar for supplering ved behov.
Ei sunn og varig driftsform betyr også at frivillige blir avlasta med bruk av profesjonelle aktørar for fag som til dømes rekneskap og reinhald. Tyngre vedlikehald og oppgraderingar gjennomførast i hovudsak gjennom utlysing av anbod og innleige av eksterne føretak.
Styret planlegg også undergrupper der ytterlegare frivillige vil kunne engasjerast for oppgåver knytt til drifta.
Aktørane som alt no signaliserer framhald eller nyetablering i kulturhuset har også frivillige i sine organisasjonar, til dømes Bremanger Kino AS, Saniteten, Pensjonistlaget, Nye Bremanger osv.
styret stiftelse
teknisk bygg husdrift sponsor og tilskot regnskap
Behovsvurdering for tiltaket
Sluttproduktet med eit levande kulturhus kan ikkje undervurderast viktigheita av i Bremangerbygda. Det er svært få uformelle møteplassar i ytre Bremanger, og tilbod som kino, ungdomsklubb og utstillingar er mangelvare. Med vestlandsklima er det mykje vind og vær utandørs, og det er i dag spesielt lite å tilby ungdom innandørs for dei som ikkje deltek i organisert kulturliv eller idrett. Bremangerbygda har nyleg fått eit viktig tilskot med treningssenteret Frysa Gym på Iglandsvik Næringspark. Eit opent kulturhus på Hauge kan vidare vere eit arnestad for mange nye aktivitetar som gir både arrangerte og uformelle møteplassar.
For å nå sluttproduktet med eit levande kulturhus er det samstundes naudsynt med erverv av bygningsmasse og gjennomføre tekniske oppgraderingar. Det er tidlegare utarbeida brannkonsept som ikkje er gjennomført, dette må snarleg gjennomførast og har ein kostand. Samstundes må tryggleiken ivaretakast og skiferheller og snø ikkje ramle ned, og taket treng generelt ei oppgradering. Dette er vurdert til å gjevast høgast prioritet og er løfte inn i dette prosjektet.
Klima og miljø
Det blir gjennomført energikartlegging av bygningen. Oppgraderingar blir gjort med tanke på energieffektivisering, i samråde med energirådgivarar. Oppvarming vil i hovudsak vere luft-til-luft varmepumper. Avfallshåndtering er etter kommunal kjeldesortering, eventuelt byggningsavfall blir sanert etter gjeldande regelverk.
Den sentrale plasseringa på Hauge i Bremanger, med umiddelbar nærleik til barne- og ungdomsskule, kulturskule, bibliotek, basseng, idrettshall, utandørs park og leikeområde, idrettsanlegg, musikkbinge, øvingsrom for korps og kor, sandstrand, badeplass, småbåtanlegg, butikk og servering gjer at biltransport mellom dei aller fleste aktivitetar og fritidstilbod er unødvendig.
Teknisk løysing eksternt og overordna planføringar
I kommunale reguleringsplanar legg ein opp til ein arealbruk for området som samsvarar med tiltenkt bruk, og føyer seg også godt inn i Bremanger kommune sin nyleg vedtekne samfunnsplan. Prosjektet sine tiltak er prosjekterte av byggmeister.
Gangfelt frå Hauge Oppvekst til Spar Bremanger er planlagt rett framfor kulturhuset og snarleg tiltenkt gjennomført i kommunen sine traffikktryggleiksplanar, noko som gir inngangsparti og uteområde betre trafikksikring.https://innsyn.onacos.no/bremanger/pluss/wfdocument.ashx?journalpostid=20220134 32&dokid=1474376&versjon=1&variant=A&

https://bremanger.kommune.no/tenester/planar-og-hoyringar/planar/reguleringsplanar/reguleringsplan-hauge.35440.aspx

https://bremanger.kommune.no/_f/p2/i3aaa43f9-43c6-41a8-b029-4f7b03eaabec/bk_kommunedelplan_samfunn.pdf
Når det gjeld parkering tek stiftinga kulturhuset Heimen sikte på å vidareføre kommunal avtale om bruk av kommunale parkeringsplassar utanom skuletid.


Viser til eige vedlegg.
Avhending og drift
De tiltenkte fysiske tiltaka kan gjennomførast parallelt med arbeid med oppskalering av ordinær drift. Styret til stiftinga vil vere ansvarleg for både gjennomføring av oppgradering og drift.
Tidsplan
Prosjektetablering X
Finansiering forprosjekt, teikning og byggjesøknad X
Tilbodsinnhenting X X
Finansiering X X
Brannsikring X X
Utvendig
Innvendig
Parallell driftsfase X
Utfordringar
Ei utfordring kan vere å mobilisere tilstrekkeleg dugnadskraft i enkelte periodar. I tillegg, sjølv om bygningsmassen er gjennomgått av fagpersonell, kan eldre bygg by på ekstra tiltak undervegs i prosjekt. Sunn økonomi og låg lånegrad, samt godt samarbeid med næringsliv og eit vakent blikk for tilskotsordningar er avbøtande tiltak for å kunne handtere uventa forhold. Fagkompetanse på bygg og anlegg hos dei ansvarlege er også eit av tiltaka for å vere budd på utfordringar.
Suksesskriterier
Det er høg måloppnåing dersom prosjektet medfører fleire givande opplevingar og møter mellom menneske.
I det store bildet er det eit suksesskriterium dersom tiltaket gir auka bulyst i bremangerbygda, folkehelsegevinst, hindre sosial utanforskap men også som ei brikke i eit større utviklingsbilete i kommune og lokalsamfunnet.
Vidare utløyst utviklingspotensiale
Med ei levande «Stifting Kulturhuset Heimen», saman med oppgradering av uteområde Hauge Oppvekst og opparbeiding av gjennomgåande fortau på Hauge, kan området saman med Bjørsvika Nærmiljøanlegg kunne vere eit område som blir ein populær møteplass for alle aldrar. Det skjer også etableringar med servering på Hauge, noko som kan gi fin vekselverknad med kulturhuset Heimen.
Dersom andre lag, organisasjonar, kommune og føretak opplev lokala i Kulturhuset Heimen som attraktive for utfolding av aktivitet og liv, vonar stiftinga at snøballen kan rulle vidare også gjennom andre organisasjonar sine paraplyar.
Skisser av tiltenkt romfordeling og tiltenkt aktivitet i «Heimen».
Bileta på høgre sider er slik huset står tomt i dag. Til venstre viser rominndeling og tiltenkte aktivitetar. Ein del er stadfesta, ein del er i sondering og forhandling.























Kulturhuset Heimen si plassering i ytre Bremanger, Hauge sentrum. Ein ser nærleiken til det oppgraderte området ved Hauge Oppvekst og Bjørsvika Nærmiljøanlegg.


Bremanger februar 2024 «Stiftinga Kulturhuset Heimen» org. nr. 933 095 665