UTVALTE ARBEIDER
Bygningsvern: Tingstua
Transformation: Sprawl
Hei!
Eg er 26 år gamal og kjem frå Sotra, ei øy i havgapet vest for Bergen. Her regner det oftast sidelengs og bølgjane er store og kvite.
Eg er ei nyutdanna arkitekt frå NTNU og er spent på kva framtida har å by på. Med eitt års praktikanttid i Omega Areal og KOI Fargestudio har eg utforska design frå detaljar til fargepalettar. Medan mi tid som byggesakshandsamar i Kvinnherad kommune har gitt meg innsikt i offentleg forvaltning. Eg har trua på arkitektur som omfamnar historie og kultur, samt at det er med på å forme ei berekraftig framtid.
Utanom å arbeide kreativt med arkitektur og anna handtverk trivst eg aller best å synge i kor! Å syngje gjev meg mykje glede og inspirasjon til arkitektfaget. Eg likar å utfordre meg sjølv musikalsk med krevande klassiske og samtidsverk.
Vår 2023 || 10. semester
Masterkurs: Bygningsvern
Veileder: Jon Ivar Nordsteien
Vår unge bygningsarv
Korleis tileigne ung bygningsarv ny verdi for å auke livslaupet?
Oppgåva tar for seg ein heilt ordinær skule bygd i 1968 i tettstaden Husnes. Gjennom kartlegging av det eksisterande og ved stillferdig transformasjon har eg utforska kva moglegheiter som ligg i det estetiske, tekniske og romlege i bygningen.
Det er stadig meir fokus på korleis vi skal handsame ung bygningsarv. Mange bygg frå det førre århundre er ikkje verdsett i dag. Slik situasjonen er må ein tenkje nytt om dei ressursane vi allereie har.
Korleis kan ein tileigne kvalitetar til lite attraktive bygningar, så dei blir meir verdsett og tatt vare på i framtida?
Hage og drivhus
Det blir etablert eit drivhus som vert eit møtepunkt for barna og bebuarane, og som er ei sone for matproduksjon, avslapping og leik. Drivhuset har store skyvedører som gjer at ein kan opne opp delar av fasaden ut mot hagen der det er frukttrær, bærbusker, samt hønsehus og leikeareal.
Det er også lett adkomst til Opsangervatnet i aust der det går ein tursti til gapahuk, grill- og badeplass.
Barnehage og omsorgsbustadar
FELLESAREAL BARNEHAGE
OMSORGSBUSTADAR
Det er behov for både barnehageplassar og omsorgbustader i Husnesområde. Dermed når barneskulen får nye lokaler kan denne samlokaliseringa vere med på å skape nye kvalitetar til omgjevnandane. Både barnehage og omsorgbustader kan plasserast utan store endringar i konstruksjon og form i den eksisterande bygningsmassen.
Undarheim skule, Røsslandsvegen 5
Arkitekt: Knut Eide
Bygd: 1967-1968
Program: Barneskule
BYA: 4000 m2
Det er vedtatt at Undarheim skule skal slåast saman med fleire av skulane sør i Kvinnherad og det planleggasje eit nytt skulebygg. Undarheim skule vil dermed få eit nytt føremål som vart utgangspunktet for masteroppgåva.
Resultatet av arkivsøk, stadsanalyse, bygningsanalyse, tilstandsanalyse og verdivurdering er dokumentert i registreringsrapporten. Rapporten har vore eit heilt naudsynt verktøy for å ta gode val i prosjekteringsfasen.
Etter ferdigstilling av rapporten vart avgjerdsla tatt om å samlokalisere omsorgsbustader og barnehage i bygningen. Ved å ta eit djupdykk i temaa som omhandlar nettopp helse, omsorg og barn har prosjektet fokusert på korleis krysningen av disse programma vil førekomme.
Base i barnehage
Undarheim barnehage blir ein basebarnehage der barna har ein fast base dei oppheld seg i, medan fleire funksjonar blir delt mellom basane, som ved å ha felles temarom t.d. drivhus, musikkrom, gymsal og bibliotek.
Omsorgsbustad
Sjølvstendige omsorgsbustader er bustader eller leilegheiter som har alle bustadfunksjonane ein normalt ville hatt, men som er universelt utforma og tilrettelagt for at det skal kunne bli gjeven omsorg.
Snittperspektiv omsorgsbustadar og drivhus
Prosjektet byrja med produksjon av ein omfattande bygningsrapport om bygninger som inngår i Ørland kommune si plan for flytting av verneverdige hus frå raud støysone til Brekstadbukta småhusområde. Oppmåling- og registreringsarbeidet vart gjort i løpet av eit 2-veker langt feltarbeid på Ørlandet i august - september 2022.
Føremålet med rapporten var å ha eit breitt grunnlag
av forståing og kunnskap om det eksisterande før prosjektering av ny situasjon og restaurering av bygget tok fatt.
Vi ynskjer å bidra til at Tingstua ikkje rivast, men flyttast og gjenbrukast. I ljos av dette vil Tingstua bli bustad, og får eit tilbygg som husar våtrom og andre nødvendige funksjonar.
Grunna utviding av den militære flybasen på Ørlandet, har forsvaret gått til innkjøp av nye kampfly. Støyen frå dei nye kampflya vil vere så alvorleg at det over tid vil vere helsefarleg for folk å bu i nærleiken. I 2015 byrja derfor forsvarsbygg eit omfattande arbeid med å innløyse dei påverka bygningane. Tingstua er eit av disse, og skal på grunn av dette flyttast til eit nytt anlagt bustadområde på Brekstad. Her vil verneverdige hus flyttast og satt saman til tun i kombinasjon med nye bustadhus.
Inngrepsskjema
Lagt til Tilbakeførast Utbetrast Flyttast
Etter flytting vil Tingstua gjennomgå nokre endringar. Blant anna vil det anleggast ny innvendig trapp. Det vil gjeninnføras eit hol i laftveggen frå kjøkkenet til midtkammerset. Dette inngrepet moglegjer kommunikasjon mellom dei to etasjane, utanom skitten og kaldare sone. Tingstua har òg fått eit tilbygg som huser våtrom, i form av vaskerom og bad, samt eit soverom i 2. etasje.
Ørlandet, brekstadbukta
Gnr/Bnr: 169/109 (69/15)
Noverande bruk: Står tomt
Føreslått bruk: Bolig
Tingstua er ei lafta tømmerkasse i to etasjer, kledd med tømmermannspanel og lektepanel, saltak med skifertekking og midtpostvindauge. Den står som ein del av eit firkanttun på Hårberg på Ørlandet.
Vi ynskjer å ta vare på bygningsvolumet, og ikkje skifte ut meir enn naudsynt. På grunn av dette er blant anna ikkje Tingstua etterisolert, men har heller fått andre energi forbetrande tiltak, som refundamentering, isolert himling i 2. etasje og kopla vindauge. Vi har også forsøkt å tilpasse og innpasse funksjonar i tilbygget, heller enn omvendt. På grunn av dette er Tingstua tilbakeført til bustad, og har på same tid fått eit tilbygg som løyser tekniske utfordringar.
Detalj vegg, golv og fundament
Eksisterende vindusspross
Eksisterende sidekarm 177mm
Eksisterende midtpost
Eksisterende glassrute
Ny isolerrute
Ny koblet ramme
Eksisterende ramme 30mm x 50 mm
Eksisterende underkarm
Toleranse
Eksisterende horisontal utvendig gerikt
Eksisterende tømmervegg
Eksisterende innvending panel
Eksisterende sokkellist
Eksisterende gulvbord ~ 100mm x 30mm
Eksisterende gulvbjelke ~ 140mm x 120mm
Nytt stubbeloftsfyll
Nytt bord
Ny list
Ny dampsperre
Nytt lag med glassopor
Ny dampsperre
Ny vindsperre
Ny drenerende masse
Jordlag
Ny betongsokkel
Tilbakeførte masser
Ny drenerende masse
Nytt drenerende rør
Ny avretningsmasse
Detalj vegg, tak og kopla vindauge
Eksisterende fasettskifertak
Altaskifer ~ 350mm x 350mm
Nye lekter ~ 20mm x 40mm
Nye sløyfer ~ 24mm x 40mm
Ny takpapp
Eksisterende takås ~ 160mm x 140mm
Eksisterende taksperre ~ 57mm
Eksisterende undertak ~ 150mm
Ny vindsperre
Ny lektelist ~ 11mm x 36 mm
Pappspiker
Nytt takfotbeslag
Nytt forkantbord
Ny takrenne
Koblet vindu, 1:1
Ny tetningslist
Tilbakeført rammeprofil
Ny tetningslist Ny nedfresning
Ny klemlekt
Ny celluloseisolasjon ~ >200mm
Ny dampsperre
Eksiterende vekselpanel 100mm x 10mm
Eksisterende taklist
Eksisterende tømmervegg
Eksisterende panel 2. etasje
Eksisterende sokkellist 2. etasje
Autumn 2021 || 7. semester
Gent, Belgium
Master Studio: La Cuillette / The Gathering
Professors: Tomas Ooms & Robin Schaeverbeke
S
P R A W L
Introducing in-between spaces in common housing blocks to create a different way of living.
Sprawl or urban sprawl is the rapid extension of the geographic extent of cities and towns. This is exactly what we can categorize the area around Gent Watersportbaan to be. Sprawl also indicates the way of distributing third space in the three individual buildings along Jubileumlaan which was the starting
point of the ambition to create co-living bounded by third space.
By sprawling the apartments and third space on each floor different atmospheres could be created and spaces naturally divided.
Third Space
There is established almost half and half division between private and shared space per floor without reducing the amount of units in the building. The large third space will give an added value to the dwellers, by giving space to recieve guests, office space, or just a fireplace to get warm and cosy around.
Hopefully these spaces will invite people to gather and meet their neighbours in both harmony and conflict more than in a standard housing block.
Liminal Space
The entrances is withdrawn and raised by a small step to make a threshold for the dwellers between the private and the shared.
The ceiling height is generally low in the housing blocks, opening up between two and two floors will give an airy and light feeling to parts of the structure. Which will be a contrast to the otherwise intimate spaces in the building.
Jubileumlaan 416, Gent
Architect: Jules Trenteseau
Built: 1959-1969
Style: Modernistic - functionalistic
Existing units: Approx 270
Co-living is a growing phenomenon. It can give extra quality to apartments and reduces the footprint of people by the sharing of space and functions. It could be one route to reach a sustainable development in housing. The ambition is to create third space between apartments in existing housing blocks to generate a different way of living together.
“Third space are designed to encourage social interactions, to create unique touch down spaces, to foster connectivity and creativity, and to make use of space otherwise left unprogrammed.”
- Peter Damsgaard
Unveiling the Potential
Amidst the bustling cityscape, a forgotten gem from the 1960s stood tall, its concrete facade weathered by time, but still exuding an aura of timeless elegance. Many passersby saw it as just another relic of the past, waiting to be torn down and replaced with something newer. But there were those who saw the potential, the beauty, and the stories hidden within its walls.
By repurposing abandoned buildings into diverse third spaces, we can create dynamic and inclusive environments that foster creativity, connectivity, and community. These adaptations not only breathe new life into forgotten structures but also enhance the overall quality of life for residents in the surrounding areas.
The demolition of modern concrete buildings poses significant climate-related challenges and implications. These structures, once considered icons of modernity, now find themselves at the center of environmental concerns due to their energy-intensive construction methods and high carbon footprint.
The climate issue of demolishing modern concrete buildings demands urgent attention and action. By prioritizing adaptive reuse, embracing deconstruction, and adopting sustainable construction practices, we can mitigate the environmental impact and contribute to a more sustainable future for our planet. Hopefully more people will see the values hidden in these buildings in the future!
Vår 2019 || 6. semester
Kurs: Komplekse bygg
Professorar: Steffen Wellinger & Geir Brendeland
Partnere: Eline Bye & Sigrid Strandvoll
Industri på NYhavna
NYHAVNA er i søkelyset. Målet har vore at området skal utviklast til ein aktiv, bærekraftig og fremtidsretta sentrumsbydel med bymessig bebyggelse. Store ord? Eller ein kul utfordring?
Med omtanke for eksisterande bebyggelse og historie, samt eit ynskje om at Trondheim skal vere ein foregangsby for dagens utfordringer har vi valt å prosjektere industrilokaler som også skal vere tilgjengeleg for publikum å
besøkje. Industri er ein viktig del av Nyhavna. Vi meiner at industri kan og bør vere ein del av bybildet, men industrien på Nyhavna i dag er inadvendt og stenger byen ute. Klarer vi kombinere industri og byliv?
Vi har valt å jobbe med ein generell industritypologi, som er fleksibel til ulik matproduksjon, der det i denne oppgåva vart gått i dybden på tang- og tareproduksjon.
Industrihall
Den eksisterande industrihallen har blitt løfta opp på ei teglsteinsbase. Hallen er uklimatisert, så det plasserast inn punktvise små oppvarma strukturar inne i hallen der dei finare produksjonsareala held til. Mesaninen med tilgong frå kontorbygget er eit område der besøkande har moglegheit til å observere korleis produksjonen går føre seg utan å vere til bry for dei ansatte.
Hovudinngang
Gamalt møter nytt i denne samankoblande delen av bygget som inneheld hovudinngang samt tilgang til mesaning og industrihall. Her har du kaféen på venstre side, industrihallen på høgre, mens det under mesaninen er areal til forelesningar, kurs og andre samlingar.
Kobbesgate 12
Byggeår: 1970
Typologi: Industrihall og kontorbygg
Areal: 1 600 m2
Kan vi kombinere industri med byliv?
Den eksisterande industrihallen på tomta blir transformert til å tjene ein moderne generell industri. Hallen blir kobla på eit nytt kontorbygg med ei offentleg førsteetasje samt ei ny mesanin i hallen. Besøkande kan følgje med på produksjonen, ete i kaféen eller kjøpe lokalproduserte produkt i butikken.
I tilknytting til dei offentlege areala inne er det etablert eit generøst utanomhusområde som er lagt til rette for uteservering på kafeen, eit nedtrappa badeområde med gode solforhold og sauna.
Produksjon Kontor
LAB
Kjøkken og ansatt Kafé, butikk og publikum
Offenteleg areal Adgangskontrollert
Eksisterande Nytt
2. etasje
Forskning og utvikling LAB + 40 arbeidsplassar
5 m2 pr. person
3. etasje
Eigna for 1-3 bedriftar 48 arbeidsplassar
6 m2 pr. person
4. etasje
Fragmentert - ein eller fleire bedriftar 30 work stations
> 6 m2 pr. person
5. etasje
Eigna for to bedriftar 40 arbeidsplassar
5 m2 pr. person
Haust 2018 || 5. semester
Kurs: Byplan
Professorar: Marcus Schwai & Jacob Tigges
Partnere: Åshild, Eirin, Yngvild & Lillian
ValentinVy
Eksamensoppgåve i byplankurset 5. semester var situert på Valentinlyst i Trondheim. Oppgåva var å skape ei utopisk byplan for eit veksande område. Vi satt som premiss at folketalet ville auke med 100 000 mennesker dei neste 50 til 100 åra. Derfor jobba vi med fortetting og romdanning ut frå bygga som allereie eksisterte på tomta. Vi prøvde å fortette bærekraftig, slik at kvalitetane på staden ikkje ville synke med tilføring av nye bygg.
Vår utopiske ide var basert på ei realistisk bydelsplan som ville gli saman med det eksisterande og skape nye bygde miljø med eit livleg byliv.
Vi hadde spesielt fokus på tiltak som skulle hjelpe å integrere dei nye tilflyttarane, ved å lage gode offentlege rom både ute og inne som ikkje var forbruksbasert.
For å gjere friluftsliv og fysisk aktivitet lett tilgjengeleg, samt auke det økologiske mangfalded i byen, etablerer vi eit samanhengande grøntdrag som forbinder parkar og marka med kvarandre. Der veger blir ein barriere vil det byggast grøne bruer over slik at det skal vere mogleg å røyra seg uforstyrra gjennom heile beltet. I møte mellom fotgjengar og bilist, vil fotgjengar ha førsterett. Disse korridorane vil vere omringa av bustadar som vil auke tryggleiken for dei som bruker areala på kveldstid.
Bydelssentre
Vi rekner med at folkesetnadsauka i Trondheim vil vere rundt 100 000, altså ei 50% auking. Vi ynskjer å møte veksten ved å fortette blant eksisterande bebuing, slik at ein bevarer matjord og natur.
Ved å etablere fleire bydelssentre kan ein få til gode omgjevnadar som tilbyr det ein treng til kvardagen tett på der ein bur. Valentinlyst er imidlertid eit av dei meir opne områdane i Trondheim, så det er naturleg at ein noko større del av fortettinga skjer her, enn i andre delar av byen.
Valentinlyst
Før: 4 mennesker per 1000 m2
Etter: 11 mennesker per 1000 m2
Gjennomsnittsareal per person: 25 m2
Valentinlyst er eit lite verdsatt område i Trondheim i dag. Å tenkje seg at innbyggertalet auker frå 3000 til 10000 var det som inspirerte oss til å finne løysinger som integrerer nye bygninger i området uten å redusere det grøne preget, samtidig som lokalidentiteten styrkes.
Våre viktigste grep var å introdusere ein grøn korridor som knytta saman dei eksisterande grøne områdane på staden med andre parker i Trondheim. Vi konsentrerte dei offentlege områda langs ei gågate som fører til bydelstorget. Sidan ingen bygg på Valentinlyst blir riven i dette forslaget var det eit mål å tilpasse mange ulike bygningtypologiar, utan at det skulle gå på bekostning av det eksisterande.
Typologiar
KVARTAL
Kvartalane er satt saman av ulike bustadblokker, som gjerne kan vere teikna av ulike arkitekter for å sikre at gateløpet ikkje blir monotont. Bygga er plassert slik at bygårdane får eit halvprivat uterom. Typologien kan egne seg for deling, som kan utformes ved å ha fellesareal for hele bygget i første etasje, eller ved at bueiningane i kvar etasje kan dele på nokre av fasilitetane.
BLOKKER
Blokkene med ei bredde på under 8 meter kan byggast mellom og rundt eksisterande bygg, uten å forstyrre bustadane som allereie finst. På Valentinlyst plasserast dei rundt terrasseblokkene som står der i dag, og definerer felles utearealer som er beskytta frå trafikk og støy. Dei skaper også et tydelegare gateløp. Den tynne bygningskroppen gjer at bustadane får mykje lys inn i alle rom.
Store deler av Trondheim består av einebustadstrøk, og for å håndtere folkesetnandsauka blir ein nødt til å finne ein strategi for å fortette disse områda. Det er fleire strategiar ein kan bruke for å få høgare utnytting av arealet. Bygge inntil, bygge mellom, dele opp eksisterande store bustader til mindre og fleire einingar og ein kan til dømes etablere tun, der ein deler på uteareala.
REKKEHUS
Rekkehusa som står på valentinlyst i dag er bevart, og noko av areala rundt er utnytta ved å legge til fleire rekkehus. Kvart rekkehus får ein liten privat hageflekk, medan resten av uterommet er felles. Her er det moglegheiter for urban dyrking, lekeplassar o.l. Slik kan bebuarane sjølv sette preg på gateløpet.
Inkluderande byrom
Torget vil bestå av eit samfunnshus, ein mathall, og vil ha tett tilknyting til den grøne korridoren. Torget vil vere ein stad ein kan opphalde seg utan å måtte kjøpe noko. Samfunnshuset kan inkludere tilbod som språkkafé, bibliotek, festsal og kino. Mathallen vil bli ein arena der både små og store, ferske og erfarne lokale aktørar kan selje råvarer og matrettar. Mathallen er plassert slik at den er innbydande både frå parken og gågata. Dørene kan opnast på langsida slik at det blir ei forlenging av torget. Vasspeilet i sentrum av plassen vil ha fontener om sommaren og bli forvandla til skøytebane om vinteren. Det blir moglegheiter for å setje opp bodar som kan nyttast til alt frå loppemarknad og issal om sommaren til kakaosal og skøyteutleige om vinteren.
Noko av næringa som tidlegare fanns i kjøpesenteret vil spreie seg ut i dei første etasjane i gågata. Dei har fått ein romsleg takhøgd i første etasje slik at areala vil vere lett anvendelege for fleire ulike aktørar. Inngangar til bustadane blir plassert langs gata for å auke tryggleiken.
Parken vil vere ein samlingsstad for bebuarane i området, der folk om sommaren kan mate endene i vatnet eller høyre på eit lokalt band som spelar konsert i amfiet ved solnedgangen. Om vinteren vil folk kunne ake ned den bratte bakken, drikke kakao rundt bålpanna og sjå den vakre utsikta over fjorden i nord. Ein kan også sitje og sjå på juleførestillinga for born frå den lokale teatergruppa i amfiet.
KOI Fargestudio
Stilling: Praktikant
Periode: vår/sommar 2021
KOI Fargestudio har eit mål om å bidra med ei målretta og effektiv bruk av farger i urbane rom, arkitektur, interiørarkitektur, produktutvikling og grafisk design.
Gjennom å vere parktikant på dette kreative kontoret lærte eg mykje om korleis ein fargesetjer og vel materiale til prosjekt på ein elegant måte.
Under er bilete av baren Hammerhai som eg fekk vere ein del av å utforme.
TreStykker
Byggeår: 2020
Stad: Vaterlandsparken
Workshopen TreStykker vart i arrangert av Landskaparkitektur i Ås påske og sommar 2020. Der det var prosjektert og bygga ei trepaviljong med det passande temaet Avstand
Paviljongen vart bygd til Vaterlandsparken sentralt i Oslo. Parken er eit belasta område i byen og det var dermed fokus på å skape rom som ikkje skapte konfliktar i området. Trekonstruksjonen bestod av samanfletta trebjelker til buktande benker og bord, med kontrasterande lukka kassar til dei grøne sedumplantane.