Studvest nr 24 2015

Page 24

24

30. september 2015

STUDVEST

KULTUR

75 år med konsertar og øl

GALLASTEMNING. Eldre og yngre ASF-medlem samla seg for mimring av 75 år på Verftet laurdagskveld. F.v bak: Erle Flage Vimme, Hanna Kolb, Thea Kinstad Sjølie, Hanne Haavik, Lasse Nikolai Simonsen, Kristine Elida Høgalmen. F.v framme: Knut Kristiansen, Daniel Manne, Andrè Granli, Tollef Ladehaug, Erik T. Andersen.

Med utspring frå Studentersamfunnet blei Aktive Studenters Forening ein uakademisk arena for studentane i Bergen. I år har dei drive i 75 år. Tekst: JANNE MERETE BØYUM jmb@studvest.no Foto: VILDE L. BLOM

vlb@studvest.no

– Studentersamfunnet er kanskje dei eldste, men ASF er studentlivets mor, seier Tollef Ladehaug, tidlegare medlem av Aktive Studenters Forening (ASF). ASF blei starta i 1940 då studentane ville ha ein organisasjon som arrangerte alt det andre rundt studentlivet, det uakademiske samanlikna med Studentersamfundet. – Dei starta med diskusjonar og debattar, og internfestar for medemmane av ASF med lokale artistar, og så utvikla det seg til slik det er i dag, seier Lasse Nikolai Simonsen, leiar av ASF.

Om det var det han tenkte på då han skreiv under er derimot usikkert. – Eg blei sjenka full og fekk ein kontrakt i handa. ASF har og vert med på å starte fleire andre organisas-

Øl i Puddefjorden Tollef Ladehaug var medlem i ASF i ti år, frå 1990 til 2000, og har mange gode minner frå tida si der. – Det er mange som ikkje greier å kople om øltankane heilt rett. Så det er faktisk opp til fleire gongar at fleire tusen liter med øl har rent ned i Puddefjorden. Det er alltid gøy å tenke tilbake på, seier Ladehaug. I følgje han er ASF den organisasjonen med mest historie, men som er dårligast på å skrive det ned. – Du hadde jo dei to lysteknikarane som hadde eit privat nachspiel. Dei satte på røykmaskin, hadde led-light bar og leikte Darth Vader. Det var gøy heilt til brannvesenet kom, legg han til.

jonar som Larmonien, BSI, Hulen, Kvarteret, og ASF si internavis som seinare blei Studvest. – Eg opphaldt meg på Kvarteret halvparten av studietida mi, seier Ladehaug, som studerte administrasjon og organisasjon på Universitetet i Bergen (UiB).

Sosial organisasjon ASF handlar ikkje berre om å arrangere konsertar. – Eg er ikkje berre med for å jobbe. Eg er og med for den sosiale omgangskretsen, seier ASF-leiar Simonsen.

Vener av Hulen I helga var det blant anna ikkje berre ein, men to, konsertar med Susanne Sundfør, då den første blei utsolgt på ikkje mange minuttane. – Eg skjønna det ikkje. Ingen

av oss har noko formell utdanning i å arrangere konsertar, også kjem slike store artistar til oss på den lille scena vår. Det er veldig gøy, seier ASF-leiar Simonsen. På nittitalet var det og

Studentersamfunnet er kanskje dei eldste, men ASF er studentlivets mor Tollef Ladehaug, tidligere ASF-medlem

kjente namn på lista over konsertar arrangert av ASF, som blant anna Seigmen og Screamin` Jay Hawkins. – Vi fekk nokre band til å spele på Hulen ganske tidleg i karriera si, og då dei vart superkjente kom dei framleis tilbake til Hulen for å spele. Og det for ein mindre pris enn andre stader. Ein slags «venner av Hulen»pris, seier tidlegare ASF-er Ladehaug. Forrige veke var det 75-års jubileumsfeiring. – På onsdag hadde vi den tradisjonelle Onsdagshulen, og konsert med Backstreet Girls.

Deretter to konsertar med Susanne Sundfør, og på laurdag avslutta vi med Helhus på Kvarteret. ASF hadde og ein galla for noverande og gamle medlemar på USF Verftet laurdag kveld, før dei reiste på Helhus. – Det blir dei typiske talane, utnemne folk som har tatt ekstra iniativ og slikt. ASF er ikkje noko utan folka som gjorde det så bra, seier Ladehaug.

AKTIVE STUDENTERS FORENING

• For studentar i Bergen. • Har hatt to formål frå byrjinga: • 1. Vere ein studentforening, og • 2. Gi studentane eit utanomfagleg tilbod. • Byrja med å invitere til debatt, foredrag og dans i Klubben. • Er i dag Bergens største studentdrevne konsertarrangør og held til på Det Akademiske Kvarter.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Studvest nr 24 2015 by Studvest - Issuu