18
STUDVEST
I eit medtatt kollektiv i Rosenbergsgate bur Silje Myrseth, Ida Vasstrand, Thea Wiig og tre til. Dei hengjer alt dei finn på veggane.
Ida: –Leilegheita var herpa då eg flytta inn, eg leigde eit rom usett. Den var fylt med dritt, vi brukte oste høvel for å skrape matrestar av kjøkk endiskane. Vi hadde 13 steikepanner og ingen kunne brukast, vi fann også ein do som var ute av drift. Vi trudde dusj kabinettet var frosta, men då vi vas ka det blei det så blankt at ei av jentene gjekk på det.
Tekst og foto: SESILIE BJØRDAL
Silje: – Eg har ikkje stole skiltet, eg fann det på bakken og plukka det med meg. Det må vel vere greitt?
Silje: – Merka i taket er agurkar. Vi konkurrerte om kven som kunne få flest til å henge fast ved å kaste dei opp, no sit dei som støypt.
Thea: – Vi hengjer opp ting folk har gløymt igjen, vi har til dømes ein sko på veggen. Ida: – Geværet kom av seg sjølv unde ein fest, trur eg.
Ida: – Nøklane låg igjen etter ein fest, kanskje nokon kjen ner dei igjen i avisa? Vi hang dei uansett på veggen.
Ida: – Folk har kome og gått. Ein gang flytta det plutseleg inn ein hund, den var rasist og hata born. Den måtte sjølvsagt flytte ut.
Ida: – Mykje har forsvunne gjennom tidene. To gan gar har folk kome inn og stole ting. Ein tjuv tok alle toalettsakene til ein av guta ne, alle tampongane mine, kjøttdeig og nokre verdisaker.
Thea: – Alle har vore på fest her, eg var her då eg var 17 år. Ida: – Ein av mine kollegaar på 45 år meinte ho hadde vore her då ho var 20.
Thea: – Bilda er alle tatt i lei legheita, og er av alle som har budd her og deira vener. Folk som er på besøk finn alltid nokon dei kjenner på veggen. Det er rundt 200 bilde på veggen.
Studvest jakter på de rareste, morsomste, stiligste og styggeste rommene byens studenter oppholder seg i. Bor du eller noen du kjenner der? Send mail til tips@studvest.no, da vel!