Studvest nr 3 2016

Page 10

10

17. februar 2016

DEBATT TWITRA YTRINGAR Sigrid Sollund @NRKSigrid “NRK flytter fra Marienlyst, skriver Nettavisen. De ansatte informeres i løpet av dagen.” Da later jeg som om jeg ikke vet inntil videre. Justervesenet @justervesen Kjære Lånekassen. Øk stønaden. Studenter har ikke engang råd til skolebøker etter å ha kjøpt splitter nye MacBook Pro’s og iPhone 6. Anders Høglund ‫‏‬ @Andershoglund Du vet du bor i et bra land når hovedoppslaget i alle medier er at TV-Norge er tilbake i stuen din. Gudmund Hernes ‫‏‬ @gudmundh Ukens quiz: Hvem er statsminister i Norge? 1. Sylvi Solberg? 2. Erna Listhaug? 3. Erna Solberg? Martin Årseth ‫‏‬ @MartinArseth «Hva gjør en sylinder?» Eg er veldig for at mange må ta humanistisk utdanning, men desse folka på Blindern må ta seg ein luftetur. prinsesse Ragnhild @prinsesseR Dagens temasang er “og det blir rusakutten” på lørdagspizzasangmelodien. Ole Svarthumle ‫‏‬ @svarthumle Eg kjem aldri til å slutte å seie mandarin. De kan like gjerne byte namn no, så slepp de å gjere det seinare. Torger Kielland ‫‏‬ @Patentmann1 “Jordmor” skal heretter hete “jordforelder”, helsesøster skal hete “helsesøsken”. Dette for å gjøre yrkene mer attraktive for menn. @ Venstre Karina Asbjørnsen @karinaasb Etter fire klagebehandlinger må velforeningen sies å ha fått prøvd sin sak. På tide å belite seg, for å si det på bergensk. #jekteviken Jacob Mæhle ‫‏‬ @JacobMaehle Vanvittig nok viser det seg altså at mange studenter vil jobbe med studier på søndager. Men hva med annerledesdagen?

STUDVEST

STUDVEST.no/meninger Leserinnlegg: Maks 2500 tegn Kronikk: Maks 4500 tegn Send til debatt@studvest.no Frist for leserinnlegg fredag kl 16

Hæ? Kva er eit depositum? JARDAR BRUUN TEIGEN Jussformidlingen

Som tilsett i Jussformidlingen kjem ein dagleg i kontakt med frustrerte studentar. Desse studentane er ofte i tilnærma væpna konflikt med utleigaren sin, og ein vanleg årsak til dette er håplause depositumsordningar. Men kva er eigentleg eit såkalla depositum? Og er det verkeleg slik at eit depositum skal finansiere utleigar sin ferietur til Gran Canaria? Sommaren 2011 flytta underteikna til Bergen. Som førstegongsstudentar flest var eg seint ute med å skaffe meg hybel. Eg enda difor opp i eit gamalt murhus frå 1800-talet, midt i smørauget - nemleg ytre Minde. Blant alle lumskheitane i leigekontrakten vart det avtalt ei forskotsleige i staden for eit vanleg depositum. Dersom utleigar hadde vore ei sjarmerande gamal dame hadde eg sjølvsagt ikkje brydd meg nemneverdig om dette i ettertid, men utleigar var ein seriøs aktør - i den grad dette eksisterer på leigemarknaden. Depositumet såg eg aldri igjen, og pengane gjekk etter alt å dømme tapt for billeg tax freevin. I ettertid har eg skjønt at eg ikkje er aleine om å ha traumatiske minner kring dette med depositum. Sleipe depositumsordningar avtalast nemleg med like jamne mellomrom som regnet melder sin framkomst i elles vakre Bergen. Eit depositum er eit pengebeløp som leigetakar sett inn på ein åtskild bankkonto for å sikre utleigar mot leigetakars nachspielpåfunn. Dei fleste ser nok behovet for ei slik ordning, då det ikkje er grenser for kva studentar finn på når klokka bikkar midnatt. Problemet er at det er særs enkelt for utleigar å utnytte leigetakarar på dette feltet. Dei vanlegaste formane for frekke depositumsordningar er forskotsleige, kontantar i ein koffert og depositum betalt til utleigar sin private konto. Som alle veit, risikerer ein då at desse pengane går til å finansiere dei herlegaste drinkar på Grabbarna Grus for utleigar. Dette er både kjipt for lommeboka til studentar

og ulovleg etter husleigeloven. Det følgjer nemleg av husleigeloven at eit depositum skal setjast inn på ein «særskilt konto» i leigetakar sitt namn, hjå ein bank med vanlege rentevilkår. Depositumet skal med andre ord setjast inn på ein konto som verken Jørgen Hattemakar eller Kong Salomo rår over.

ein til og med krevje forseinkingsrenter på dette beløpet, noko som kjem godt med for ein lunken studentøkonomi. Dersom ein til dømes har betalt eit irregulært depositum på kr 10 000 i august, vil ein ha krav på om lag kr 521 i forseinkingsrenter i mars. Desse pengane kan ein bruke til å finansiere ein kvart bytur for ein BI-student, eller fem byturar for ein HF-student.

Sleipe depositumsordningar avtalast nemleg med like jamne mellomrom som regnet melder sin framkomst i elles vakre Bergen. Både forskotsleige og overføringar til utleigar sin private konto utgjer dermed irregulære depositum, med den konsekvens at leigetakar når som helst kan krevje å få pengane tilbakebetalt. Og som om ikkje det var nok, kan

sentrum blir dette likevel aldri oppdaga. Dei som faktisk oppdagar ein slik feil bør ta kontakt med utleigaren sin for å krevje det irregulære depositumet tilbakebetalt. Om ein vil leike litt Harvey Specter kan ein i tillegg slenge på ein referanse til husleigeloven §§ 3-7 og 3-5. Dette bør få einkvar huseigar til å skjelve i buksene, slik at problemet løyser seg sporenstreks. Ein køddar nemleg ikkje med depositum.

I ei ideell verd blir slik urett oppdaga allereie ved kontraktinngåinga mellom leigetakar og utleigar. Ettersom studentar flest har like lite kunnskap om rettigheiter i leigeforhold som dei har om å køyre bil i Bergen

European Master in Health Economics and Management Helsesektoren trenger samfunnsvitere!

Aktiviteten i helsetjenestene vil øke med 5070 prosent fram til 2060. Dette stiller krav til profesjonell analyse- og ledelseskompetanse.

Har du en BA-grad innen samfunnsvitenskap og kan tenke deg en relevant jobb innen helseadministrasjon og økonomi, søk på: European master in health economics and management - en mastergrad utviklet av fire ledende europeiske universitet.

Søk innen 1. mars: uio.no/hem-master


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Studvest nr 3 2016 by Studvest - Issuu