20
19. august 2009
KULTUR
STUDVEST
KJENDE COLDPL AY- OPPVARMAR
•
Onsdag (19.8) inntar Coldplay Koengen, men oppvarmarane er ikkje små namn på plakaten. Dagen etter å hatt eigen konsert på Ole Bull Scene, spelar nemleg White Lies på same scene som britane. White Lies er blant anna kjend for hiten «To Lose My Life». I tillegg vil dei lokale heltane Datarock dukke opp. Ettersom konserten er utseld for lenge sidan, vert oppvarmarane meir ei gledeleg overrasking enn ein siste sjanse til å oppleve britane.
Uteliv.
Strøymer til uteplassane Fadderveka lokkar mange fadderbarn til uteplassane, likevel tapar dei pengar. Tekst: Tekst: JANNE G. SøRGULEN og THOMAS COOK Foto: Line Andreassen silseth
Berre frå Universitetet i Bergen (UiB) var det i førre veke 5 000 ferske studentar involvert i fadderveka. Denne veka strøymer studentar frå Høgskolen i Bergen og BI til utestadane. Men ingen av aktørane ler heile vegen til banken.
EIGENREKLAME The Scotsman lukkar spritsalet i to veker når dei opnar dørene for fadderborn. Studentprisar gjer òg at Scotsman ikkje reknar med topptal. – Prisane gjer at vi taper litt pengar. Men fadderveka er òg ein veldig god måte for oss å få vist fram utestaden for nye studentar, seier
– Besøkstala går i vêret, men det er òg ein kostnad ved å ha faddergruppene innom. Marius Larsen, klubb-manager Metro
dagleg leiar Thomas Arildsen. – Sommarperioden er veldig roleg, medan salet knallar til når studentane kjem tilbake. Vi har hatt køer på over 100 meter. Heile fadderveka har vi ope for 18-åringar, fortel Arildsen.
SKJERPA KONKURRANSE Klubb-manager ved Metro, Marius Larsen, har gjort seg dei same erfaringane. Konkurranse mellom utestadane meiner han derimot òg
Fem på Høyden
Tor Fredrik Thobru (20), historie- og kulturfag 1. – Eg har brukt omtrent 200 kroner sidan tysdag, og vil bruke rundt 250 kroner totalt. 2. – Det er nok drikkepress, men eg kjenner det ikkje sjølv.
ÉIN TIL. Nina Moéll Pedersen (f.v.), Hilde Gretland Andersen og Ragna Vik, er nokon av dei som har sørga for auka trafikk og skjerpa konkurranse mellom uteplassane.
har sitt å seie. – Under fadderveka krigar aktørane meir om pris enn elles i året. Vanleg pris på ein øl er 62 kroner, medan vi til dømes torsdagen under fadderveka har hatt 15 kroner halvliteren, seier Larsen og held fram: – Besøkstala går i vêret, men det er òg ein kostnad ved å ha faddergruppene innom. Ingen tener på dette. Det handlar meir om å verte best likt blant studentane og få vist seg fram.
Han peiker på at Metro ville hatt meir å tene på fadderveka om dei berre hadde ope fredag og laurdag.
fungerande skjenkeansvarleg ved Kvarteret, Thomas Peter Calder.
5 000 KRONER
I motsetnad til tidlegare, har Kvarteret i år inngått eit samarbeid med faddergruppene, og har såleis nytt godt av inntoget av øltørste førsteårsstudentar. – Før har august vore ein roleg periode for oss, men etter at vi tok kontakt med faddergruppene for å få dei til å leggje pub-til-pubrunda innom oss, har vi hatt god
Utestaden til Kvarteret, NG2, hadde budsjettert med ei fadderveke som skulle gi rekordforteneste. Ein auke har det vore - utan at tala er svimlande. – I førre veke selde vi for til saman nesten 170 000 kroner. Samanlikna med ei vanleg veke er dette rundt 5 000 kroner meir, seier
SAMARBEID
trafikk, seier Calder. – Allereie onsdag i førre veke var øltanken tom, to dagar etter fadderveka starta. Tanken rommar rundt tusen liter, seier Calder. – Vil du seie fadderveka er ei velsigning for utelivsbransjen? – Desse to vekene trur eg heile Bergen tener godt på. Alle studentane kjem tilbake og er gjerne ute og drikk kvar dag, avsluttar skjenkeansvarleg.
1. Kor mykje har du brukt/ventar du å bruke i løpet av fadderveka? 2. Kjenner du eit drikkepress?
Thomas Bjørnestad (20), geografi 1. – Eg har ikkje brukt så mykje. Kanskje 2-300 kroner. Eg skal ikkje vere med på resten av fadderveka, så det vert ikkje meir. 2. – For nokon er det heilt sikkert drikkepress, men ikkje for meg.
Anniken Solbue (19), midtaustenkunnskap 1. – Uvisst, men eg tippar det er under 1 000 kroner. 2. – Eg følgjer straumen, og dei drikk. Det er for så vidt eit drikkepress, men det skjer ikkje mot min vilje.
Henriette Olsbø Frøyen (19), filosofi årsstudium 1. – Eg har ikkje brukt pengar på alkohol enno. Eg drikk ikkje. 2. – Har ikkje fått vere med på fadderveka, sidan eg har hatt så mykje å gjere. Så eg veit ikkje om det er noko drikkepress.
Solfrid Elise Johansen (19), sosialantropologi 1. – Eg har ikkje brukt pengar på alkohol enno. Eg likar ikkje så godt å drikke. 2. – Eg ser jo at det er veldig mykje drikkepress i sjølve fadderveka.