STUDVEST
Magasin
15
7. november 2007
Portrett. Han har latter som levebrød og beina godt planta på jorda. Gustav Nilsen er kanskje Noregs beste imitator, men vil ikkje gi slepp på draumen om å bli popstjerne. Tekst: Gunn Evy Auestad. Foto: Sean Murray.
Musikalsk gladlaks DET HØLJAR NED mellom dei sju fjell. Folk hastar forbi over Torgallmenningen med målretta blikk under heva paraplyar. Inne på Rick’s riggar dei istand til klubbkveld og uroar seg over at ruskeværet kan føre til låge besøkstal. Ute i regnet står Gustav Nilsen. Med bassen og gitaren på ryggen og ei bekymringslaus mine under den våte topplua. – Skal vi gå ein tur? spør han, tydeleg uaffektert av vestlandsveret. Eg kimsar og skottar ned på habitten min. Han tar avslaget pent. Heldigvis. Gustav fekk sitt gjennombrot som komikar i 2004, då han stakk av med Komiprisen i kategorien «årets nykommar». I grunnen tykkjer han det er rart at det finst ein slik pris her i Noreg, ettersom humormiljøet er svært så lite, men det rår inga tvil om at det var stas å vinne. – Trofèet står heime på peishylla det, nikkar han oppspilt på godt bevart toten-dialekt. SIDAN DEN GONG har det berre gått oppover
for den livsglade komikaren. I ettertid har han samarbeidd med kjende fjes som Lisa Tønne, Terje Sporsem, Steinar Albrigtsen og Maj Britt Andersen. Han har lenge vore å høyre som Onkel Børre i «Nitimen» på P1. No inntar han tv-skjermen også, både på NRK og TV2: om ein snau månad med «Julenøtter» på TV2 saman med Kristian Ødegaard, og til neste år ser det ut til at han kjem med eigen humorserie om heimstaden Toten, som skal visast på NRK. Men Gustav snakkar ikkje så mykje om sin eigen suksess. Han pratar i veg med liv og lyst om popstjernedraumen som forblir ein draum, og om den trygge oppveksta på idylliske Toten. Klysete primadonnanykker er atterhaldt parodieringane av Petter Stordalen og Morten Harket. Smilet til Gustav sjølv er langt ifrå tilgjort. Og han har mykje å smile for, denne jordnære karen. Dei siste fem åra
har han hatt latter som levebrød og feriering som hobby, og med det lid han inga naud. Det er gode tider for komikarbransjen. – Folk er meir kjøpekraftige enn nokon gong, vi brukar enormt mykje pengar på tull og tøys, heldigvis, seier komikaren. TULL OG TØYS var det derimot lite av i ung-
domstida til Gustav. Han tok draumen sin om å bli popstjerne på ramme alvor, og bytta tidleg ut dataspeling med gitar-klimpring og bass-øving. Han var 11 år og gjekk i 5. klasse då han entra scenen for første gong, og etter å ha framført «Last Christmas» av Wham framføre ein fullsett gymsal var det gjort. Visjonen om å bli popstjerne var så levande at han droppa vidare skulegang etter gymnaset til fordel for musikken. – Men du blei aldri popstjerne. Kva skjedde? Han stussar litt over spørsmålet. Det stripete skjerfet som tidlegare var surra rundt halsen, rullar han rastlaust inn til ein liten bylt i handa. Om igjen og om igjen. – Eg har vel eigentleg aldri gitt heilt slepp på artistkarrieren. Det var tøff eg ville vere, ikkje tullete, seier han omsider og borar blikket ned i bordplata. Bedrøva og opprømt på same tid. Men etterkvart som åra gjekk hadde karrieren ennå ikkje fått det etterlengta avsparket som han hadde håpa på. Det var på europaturné med bandet sitt som 27-åring at han først innsåg at popstjernedraumen byrja å slå sprekkar. 30 års-krisa var forut for si tid og inntrefte tre år for tidleg. Den fekk han til å endre kursen. – Eg var stressa på den tida. Ting gjekk ikkje slik eg hadde venta, og eg følte meg for gammal til å prøve meg på talentiadekonsept som Idol. DAGENS GUSTAV er langt ifrå stressa.
Energinivået er høgt og han er nyfiken på
CV GUSTAV NILSEN
10 KJAPPE
• 31 år.
• Kva brenn du for? Musikken.
• Stand up-komiker • Fra Toten, bor nå i Oslo. • Vinnar av Komiprisen i kategorien «årets nykommar» i 2004, og nominert til Stå-opp prisen. • Dukkar jamnleg opp som Onkel Børre i «Nitimen», «Reiseradioen», «HumorXtra» og andre P1-program.
• Største forbilde Ari Behn. Ein mann med litt talent og masse sjarm som tar det langt. • Verste uvane Eg er ein skikkelig kakemons. Marsipan og blautkaker er dei største freistingane. • Favorittreisemål Thailand.
det meste, men mannen er nøgd med sin livssituasjon. Han er evig optimist og ser ikkje lenger på alder som ein trussel. – Det er viktig å vere ung til sinns. Sjølv skal eg følgje Petter Stordalen sitt eksempel, og leve som ein 25-åring når eg er 45, seier 31-åringen med glimt i augo. Showet på Rick’s er i gong, Gustav er kveldens høgdepunkt og sist i elden. Krølltoppen blir applaudert fram av eit spent publikum, og med seg ut på scenen har han gitaren. På breid totendialekt startar han showet med ein parodi av seg sjølv som håplaus pubertetsgut på sjekkaren. Det var manko på damer for Gustav i tenåra. Det var bassen han var best på den gong, og hadde lite å stille opp med mot «gutta med gitar»: – Men for å sei det slik, seier han og drar til med eit fiffig riff,– det har blitt litt meir etter kvart.
Harald Eia og Bård Tufte Johansen har begge stor status hjå Gustav. Popstjernedraumen er lagt til sides. No fantaserer han om «Team Nilsen», eit samarbeid med dei to. Den første desember er han å sjå i «Julenøtter», og røper at han blant anna skal imitere Kurt Nilsen, med spesialstøypte tenner for anledninga.
Ungkaren nektar ikkje for at scenetekke har betra draget på damene, men singel er han likevel. Han vrir seg på barkrakken og stikk handa ned i jakkelomma for å hente seg ein Fisherman. Med latter i stemmen forklarer han at dei ligg laust i lomma, og gestikulerer liksom kor sært det ville blitt å by meg på ein. Mangel på make kjem ifølgje han sjølv av at det har vore mykje fokus på jobb, og at han framleis ikkje har funne den rette. – Harald Eia sa eingong at han var irritert over at han fann seg dame før han blei kjendis. Ein stig jo fort i gradene med litt celeber status. Eg trur eg skal lære av Eia sine feil, seier han spøkefullt.
HAN SIT GODT FRAMOVERLENT i sofaen i hotellresepsjonen, medan han varmar hendene rundt kaffikoppen. I det siste har han reist Noreg rundt og hatt standup show saman med komikar-kollega Terje Sporsem. Talet på reisedagar i året tel godt over hundre. Han skildrar livet i underhaldningsbransjen som hektisk men gøy, og tar seg til pondusen som for å vise at det også er ulemper med ein slik livsstil. – Det blir mykje øl og lite trening når eg og Terje er ilag, seier han og kikkar syndefult ned i det tomme ølglasset han nettopp sat til livs. Ein telefon til Sporsem bekreftar at det blir mykje øl, men mest på han sjølv. – Gustav er av den typen som blir full på eitt glas. Han er som ei jente i ein guttekropp, tåler lite alkohol og er nokså forfengeleg, seier Sporsem med ein ertande tone. Han røper at Gustav var svært så sjalu då Sporsem dansa av seg overflødige kilo under innspelinga av underhaldningsprogrammet «Skal vi danse». – Vi har eit konkurranseforhold når det gjeld trening. Ellers er Gustav ein av mine beste vener og min kommande forlovar, legg Sporsem til. Sjølv fortel Gustav at han er glad i skog og mark, og at han prøver å gå seg ein tur så ofte det lar seg gjere. Han ser på seg sjølv som ein prototypisk totning, som likar å nyte den idylliske heimbygda frå ein båt på Mjøsa. Men tida i Oslo har også sote sitt preg: – Eg er nok ein urban totning.
• Toppen av lykke? Forelskelse. Å ligge i sola eller stå på snowboard kjem på ein god nummer to.
• Optimist eller pessimist? Kjempeoptimist! Ein kjem langt med eit positivt livvsyn og ei go tru på seg sjølv.
• Favorittsitat «Du er itte den fineste je har sett, men itte den styggeste hell», Halvor, deltakar i BigBrother 2004
• Kva gjer deg forbanna? Ekskona til broder`n.
Eg har vel eigentleg aldri gitt heilt slepp på artistkarrieren. Det var tøff eg ville vere, ikkje tullete.
• Kva gjer du helst på fritida? Tar sol...Ånei, det var visst Kristian Valen det.
• Beste tv-program «The Simpsons» og «American Dad».