Det er laurdag føremiddag på biblioteket i Hotell Norge, dagen etter disputasen på Sydneshaugen. På bordet framfor oss ligg ei doktorgradsavhandling på over 500 sider, med den lange tittelen «Social development and political progress in two traditions. A conceptual and Comparative Analysis of Western and Arab-Islamic Ideas of Social and Political Change and Improvement». Bak boka sit Lars Gule. Han har fortalt oss om avhandlinga, som for ein stor del handlar om utvikling. Ser ein i vestleg tradisjon annleis på utvikling enn i ein arabisk-islamsk tradisjon? Korleis ser vi på menneskerettar og demokrati i dei to tradisjonane? Kva ligg eigentleg i omgrepet utvikling? – «Alle», både i vestleg og arabisk-islamsk tradisjon - ønskjer i dag utvikling, meiner Gule. – Men av di omgrepet er så uklart og normativt kan ein legge kva ein vil i det, og då vert utviklingsmåla også politiske. Slike mål kan det verte usemje og konfliktar om, forklarer han, og peikar på viktigheita av å få avklara kva som ligg i omgrepet. Sjølv tek han til orde for at ein bør utvide det flate målet om økonomisk vekst, og heller nytte auka respekt for menneskerettar og utvida demokrati som indikator for utvikling.
FRAMSTEGSOPTIMIST – Eg trur tanken om menneskerettar har ein eigen logikk. Så fort han har vorte planta ein stad er han ustoppeleg, seier Gule. Han forklarer at slik han ser det heng utviklinga av menneskerettar på den eine sida saman med samfunnsmessige behov for å legitimere staten sitt styre. Då er det naudsynt å ta høgde for ein del av individa sine behov og interesser, som i mangt og mykje kan utrykkast som menneskerettar. Men i tillegg til dette meiner framstegsoptimisten Gule at tanken om menneskerettar er noko som kan vandre frå medvit til medvit, frå hovud til hovud, og verte utvikla i seg sjølv. Vert ideane internaliserte i mange nok medvit, vert dei ei samfunnsmessig kraft som kan tvinge fram realisering av fleire menneskerettar enn ein hadde frå før. – Om vi frå vår ståstad ser attende på historia er det ikkje ei urimeleg tolking at vi har hatt ei kontinuerleg utviding og fordjuping av menneskerettar og demokrati, seier Gule, men legg til at dette ikkje er tale om ei enkel, rettlina auke. – Det går i rykk og napp, med fleire tilbakesteg. Dei verste har vi nok hatt i Vesten med nazismen og stalinismen. I mange delar av verda slit ein framleis med autoritære og totalitære diktatur, som til dømes i Irak, slår han fast, og stemma legg seg straks i eit engasjert
toneleie.
DEMONSTRERER
asjonar der makt er einaste middel. Han støttar humanitær intervensjon. – Som generalsekretær i Human-Etisk Forbund burde eg vel strengt teke ikkje seie dette, men den mellomalderske katolske kyrkja sin tanke om rettferdig krig, har mykje for seg. Irak er vår tids mest brutale regime. Ein valdeleg aksjon for å styrte Saddam Hussein er berettiga. Men no skjer det på feil premissar.
Vi spør korleis han ser på Irak-konflikten. Den ferske doktoren, som hittil har site roleg attendelena i sofaen med korslagde armar, kjem heilt fram på kanten. – Vi har eit diktatur på den eine sida, og ei imperialistisk supermakt på den andre sida, og presterer å kalle det ei kulturkonflikt, seier COWBOYINSPIRERT PRESIDENT han, og meiner det er feil å hevde at ein melFleire kriterium må ligge til grunn før ein kan lom arabisk-islamske land og Vesten har ei kalle ein krig rettferdig, presiserer Gule. Han uoverkomeleg og uløyseleg konflikt av denne opererer med eit utvida forsvarsomgrep, der typen. det å verne menneske mot overgrep fell inn– Fokusering på kulturmotsetningane vert under dette. For at ein militær aksjon mot Irak ein sjølvoppfyllande profeti. Grunnen til at skal vere rettferdig, må motivet hovudsakleg mange trur det er ein kulturkonflikt heng savere å gjere tilhøva betre for den irakiske beman med at det, på den eine sida i hovudsak folkninga, meiner han. Og då ikkje berre på er muslimar frå land i den tredje verda, medan lang sikt, men òg på kort sikt. Berre FN har, det på den andre er mest kristne, i eit meir slik Gule ser det, legitimitet til å sette i gong «moderne» vestleg land. Når partane medvite dette. Ein slik krig må utspelar på desse kultur- og «Som generalsekretær i førast med proporsjonale religionsskilnadane er det Human-Etisk Forbund burde middel. Det vil vere meifor å mobilisere eiga beeg vel strengt teke ikkje seie ningslaust å bombe landet folkning og allierte. Dette dette, men den mellomalattende til steinalderen. er farleg av di det gir konderske katolske kyrkja sin – Rettferdig krig inneflikten eit vidare og djupare tanke om rettferdig krig, har ber altså at ein ikkje gjer omfang, meiner Gule. mykje for seg. Irak er vår meir skade enn naudsynt. – Men når det ikkje er tids mest brutale regime. Det er all grunn til å misei kulturkonflikt, kva er det Ein valdeleg aksjon for å tenke amerikanarane sin då? styrte Saddam Hussein er krigspolitikk for å ikkje – Ei klassisk makt- og berettiga. Men no skjer det oppfylle desse krava, legg interessekonflikt. Saddam på feil premissar.» han tørt til, og har lite til freistar auke makta si i reovers for det han kallar ein gionen, mellom anna ved å «triggerhappy» og cowboysikre kontroll over oljepriinspirert amerikansk president. sar, og trur han kan bli viktig i verda gjennom Samarbeid mellom al-Qauida og Saddam ein slik politikk. Hussein avviser han tvert. Masseøydeleggingsvåpen oppfattar han - Om to kjeltringar handlar i same butikk som eit særs viktig middel for å nå måla sine. betyr ikkje det at dei har med kvarandre å gjeUSA, særleg med den noverande leiinga, ser re. CIA og FBI har leita etter ein link mellom desse «interessene» og ambisjonane som trugsdesse i lang tid utan å finne noko viktig. mål mot den amerikanske dominansen i Konstellasjonen er då òg heilt ulogisk. På den Midtausten og jamn oljeflyt til låge prisar. – USA har ein uvanleg arrogant måte å sjå eine sida står ein diktator som let andre kjempa for nasjonen sine - i røynda Saddams eigne interessene sine på. Kva hadde skjedd om vi gjorde krav på å markere våre interesser på det - interesser, som inntil nyleg har leia eit sekulært regime, på den andre sida har vi Osama amerikanske kontinentet slik dei gjer i denne bin Laden, ein puritansk-fundamentalistisk resituasjonen? At Saddam Hussein utgjer ein ligiøs fantast og terrorist. trugsel mot USA sine moralske legitime og relevante interesser er sludder. Motiva for ein 800 GRAM SPRENGSTOFF krig er heilt galne, slår Gule fast. Religiøs fantast er det vel neppe nokon som RETTFERDIG KRIG har kalla humanetikaren Gule, men terrorist er Utanfor hotellet skal Torgallmenningen om få ei nemning som har vorte nytta. Som 22-åring timar fyllast av demonstrantar. Gule har tenkt vart han arrestert på flyplassen i Beirut med å ta del, men presiserer at det ikkje er som 800 gram sprengstoff på seg. Året var 1977 og naiv antikrigsmotstandar. Han er humanitær sympatien låg hjå «Den demokratiske fronten hauk, seier han. Sjølv om han legg stor vekt for Palestinas frigjøring». Han har seinare teke på dialog, er han heilt klar på at det finst situavstand frå handlinga.
– Er det rett å kalle deg terrorist? – Nei. For det første kom eg, som alle veit, aldri så langt at eg fekk brukt sprengstoffet til noko. For det andre er terrorisme per definisjon eit angrep på tilfeldige og uskuldige menneske med den intensjonen å spreie frykt. Motivet mitt den gongen, og det målet eg eventuelt hadde valt, ville ikkje vore terroristisk, forsikrar Gule. Han fortel at både ein undergang i TelAviv, eit bustadfelt og eit hotell i Jerusalem som vart nytta av israelske etterretningsfolk, var foreslått for han som mål. – Dei to førstnemnde var heilt uaktuelle. Det ville ha vore terrorhandlingar. Når det gjeld hotellet hadde ikkje «mine» palestinarar sikre nok informasjonar om når og kvar etterretningsfolka oppheldt seg på hotellet, til at det kunne forsvarast, seier Gule, og fortel at han den gongen var innstilt på å gjennomføre ein symbolsk aksjon. – Om eg hadde reist i det heile. Det var ikkje bestemt det heller. Men eg hadde vel freista gjere noko i sympati med palestinarane, som i 1977 var i krig med israelarane, og framleis er det, legg han til.
Å FORSTÅ TERRORISME Når vi spør om terrorisme kan forsvarast er svaret kontant. – Nei. Uansett korleis ein snur og vender på det, er terrorisme moralsk forkasteleg og aldri berettiga. Men dette betyr ikkje at vi ikkje kan prøve å forstå terrorisme. Å la vere å gjere ei analyse av fenomenet er også moralsk forkasteleg. Om vi verkeleg visste for ein situasjon palestinarane lever i, hadde ikkje spørsmålet vi stiller oss vore kvifor palestinske ungdomar vert sjølvmordsbombarar, men kvifor ikkje fleire av dei vert det. Okkupasjonen av Palestina er terrorismeavlande. Ariel Sharon er moralsk medansvarleg for terroren når han ikkje trekkjer seg attende. Å skulde på ein Yassir Arafat i husarrest er fullstendig meiningslaust, seier ein gestikulerande Gule. Han er engasjert på mange felt, og i den nyleg avlagde doktoravhandlinga er det fleire spørsmål og anslag han kunne tenkje seg å jobbe vidare med. – Særleg spørsmål knytte til menneskerettane, forsvaret og grunngjevinga for dei hadde vore interessant å sjå meir på, seier han, og håper på sikt å kome attende til forskinga. Men først skal Lars Gule, sjølverklært humanitær hauk og tidlegare redaktør i Studvest, sitte tre år til som generalsekretær i HumanEtisk Forbund. – Ja, vi får sjå etter den tid, smiler han. S
Tekst: MARIA PARR/maria.parr@student.uib.no Foto: ERIK REITAN/bilbane@hotmail.com
13