9 minute read

Jesus frå Nasaret s

Jesus frå Nasaret

I år les vi 2022 i kalendrane våre, på datamaskinane og smarttelefonane. Som ein indirekte anerkjenning av at uansett kva ein trur om Jesus, så er han så viktig at han deler tidsrekninga vår i to delar.

Advertisement

Dei fleste som veks opp i Noreg treff på mannen frå Nasaret i løpet av livet. Enten ein vil eller ei. Kanskje har du sett ein Jesus som er lys i huda med brun blondt hår og mager, hengande på ein kross på eit bedehus? Kanskje har du møtt på ein smilande Jesus med born på fanget på ei søndagskule i barndommen? (Truleg lys i huda med brun blondt hår også her). Du har kanskje høyrt ein prest i ei kyrkje gjere sitt beste for å hjelpe deg forstå kvifor det Jesus sa framleis er viktig den dag i dag? Eller kanskje du gjer ditt beste for å unngå bedehus og kyrkjer, men likevel treff du på mannen frå Nasaret i musikken, i litteraturen, i kunsten, eller på filmlerret. Vi let oss inspirera av andre som har lagt ut på reise for å lære meir om denne mannen, og tek den lange køyreturen over Strandafjellet til Sykkylven i eit forsøk på å bli litt klokare på Jesus. I sentrum av Aure tek Vidar Hovden, høgskulelektor ved Institutt for religion og livssyn ved Høgskulen i Volda, imot oss på sitt «off campus» kontor. - Det kjem veldig ann på kor i landet ein budde. Jerusalem var på den tida ein moderne by med mykje hellenistiske påverking. Jesus vaks opp i Nasaret som var meir eller mindre ein stor gard, eller ein liten landsby. Kanskje budde det 200 menneske der. Nasaret er ikkje omtala i nokre skriftlege kilder frå tidleg romersk tid eller før, ei heller i det gamle testamentet eller hos den jødiske historieskrivaren Josefus. Her var det nok berre bondeliv og mykje hand til munn. Nord Israel kor Nasaret låg var på den tida eit uroleg område. Det var ein del jødar som skulle hive romarane ut, og dreiv på mange måtar eit «gutta på skauen» opplegg der. Romarane var litt i alarmberedskap opp i nord Israel på grunn av dette, det var eit uroleg område. For å si det sånn, Jesus hadde sett ein del krossfestingar før han sjølv blei krossfesta. Vi har nedteikningar av ein hending der nokon jødiske menn hadde brote seg inn i eit romersk våpenlager. For å statuere eit eksempel krossfesta romarane tusen jødiske menn langs ein veg som det gjekk mange menneske forbi. Dette skjedde like i nærleiken til der Jesus vaks opp. Han vaks opp i eit ganske valdeleg samfunn.

Her på kontoret har Vidar rigga seg godt til med alt han har trengt for fjernundervisning under pandemien. To dataskjermar, webkamera og mikrofon. Bokhyllene er naturleg nok fulle av bøker om ulike teologiske emnar. Eit elektrisk keybord / orgel står langsmed den eine veggen, og på motsett side av rommet frå arbeidspulten står ein sofa og eit lite bord med kaffi og kjeks på. Gjennom glaset kan vi sjå lette krusningar på Sykkylvsfjorden denne gråe vårdagen med lett regn i lufta. Over vegen ser vi Sykkylven kyrkje. Eit tydeleg teikn på at orda til mannen som i løpet av sitt liv tala til færre tilhøyrarar enn kva ein halvpopulær norsk influensar når ut til i løpet av ei lita veke, har late seg høyre gjennom år tusen og over landegrenser. Det seiast at ein kan tyde storleiken på eit skip ut frå kor store bølger det lager, om Jesus var eit skip som segla på Sykkylvsfjorden denne dagen ville det vore meir enn berre krusningar på den. Det er langt frå regntunge fjordar på Sunnmøre til solsteiken i Galilea kor Jesus levde. Naturleg nok er samfunnet vi leve i ganske så annleis enn Galilea rundt starten på tidsrekninga vår. Og ein kan undras korleis samfunnet Jesus levde i var.

Jesus på krossen, utsnitt frå altertavla i Norddal kyrkje.

«Jesus Walks» rappet Kanye West i 2004. Uansett kvar vi har treft på Jesus, i kyrkjeleg samanheng eller i populærkulturen, lagar vi oss eit personleg bilete av kven denne fyren var. Kven var Jesus? - Han var ein jødisk rabbi som levde rundt starten av vår tidsrekning. Vi veit ikkje frykteleg mykje om han historisk sett. Han er først og fremst omtalt i evangelia vi har i bibelen. Også er han mellom anna omtalt av den jødiske historikaren Josefus og ein romersk historieskrivar Tacitus. Han virka som omreisande skriftlærd og trakk til seg store mengde menneske. Det gjekk rykte om at han lækte sjuke. Vi veit ganske sikkert at han blei krossfesta. Vidar tek ein slurk av kaffikoppen og held fram. -Dei som følgde han, dei kristne, påstod at han sto opp frå dei daude. Det kan man jo ikkje bevise. Men uansett korleis ein snur og vender på det så er det jo verdt å merke seg at oppstoda fekk ein så klar plass i den kristne læra så tidleg. Nokon meiner at det berre kan være ein grunn til dette.

«For det var like dumt den gongen å påstå at nokon hadde stått opp frå dei daude som det er i dag. Det var like utruleg då som no. Når dei gjorde oppstoda til hovudpoenget med trua deira er det ein indikasjon på at dei må ha opplevd noko»

Ikkje berre var påstanden like utruleg då som no. Den var også mykje farlegare. Av alle apostlane var det berre ein, Johannes, som ikkje leid martyrdøden. Peter til dømes vart hengd opp ned på ein kross under keisar Nero si regjeringstid. Å vere Jesu etterfølger var ikkje eit lukrativt karriereval. Men sjølv om dei første kristne mildt sagt møtte motgang var trua på at Jesus hadde stått opp påfallande levedyktig, og etterkvart blei den som kjend til kristendommen som vi har den dag i dag. Dei fire evangelia vi finn i bibelen; - Evangelia etter Matteus, Markus, Lukas og Johannes, skildrar Jesu liv og virke. Korleis står de seg samanlikna med andre antikke kjelder? - Den Jesus som evangelia beskriv gir veldig god meining ut frå det vi veit om samtida. Han er historisk truverdig. Dei siste tretti åra har evangelia som historiske kjelde fått høgare status enn kva dei hadde tidlegare. Dei er truverdige, dei er ikkje lausrivne frå samtida. Samtidig er dei ikkje nøytral historieskriving. Men det seier jo også til dømes evangelisten Lukas sjølv i starten på evangeliet. Vi har på mange måtar teke Jesus ut av den jødiske samanhengen. Men Jesus var jo jøde, og snakka det språket dei snakka der og brukte referansar som dei var kjende med. Av og til burde vi kanskje stoppe opp og tenke at hans bodskap primært var for hans samtidige, og sekundært til oss. Eg trur vi gjer lurt i å gjere oss kjend med den tida han verka i, og prøve å finne referansane hans og universet han snakka inn i, kulturen han var en del av. Evangelia gir oss nokre hint om korleis Jesus blei oppfatta på i samtida si. Somme såg på han som ein omreisande helar. Somme omtala han som profet.

Jesus i Getsemane hage, altertavla i Sylte kyrkje.

Profetar var ikkje berre sånne som såg inn i glaskuler og sa noko om framtida. Dei var samfunnsrefsarar. I dag kunne vi kalla dei aktivistar. Jesus var ein slik. Han gjekk i rette med dei som hadde makt og med det religiøse leiarskapet og tempel institusjonane. Vi les i evangelia om at han velta borda i tempelet. Det kan ein samanlikne med å brenne flagg på torget i Bagdad, det var ei veldig politisk lada handling. Det var Jesus sin dom over tempelinstitusjonen og kva den hadde blitt. Du har vore litt inne på at han samla folk rundt seg som omreisande skriftlærd og helar. Kva var det viktigaste i forkynninga hans og kvifor er dette med at han hela menneske så synleg i evangelia? - Hovudpoenget i Jesu forkynning var at Guds rike er nær. Og kva betyr det? Eg skreiv masteroppgåva mi om det, så eg må forsøke og forkorte meg. I vår tankegang er Guds rike noko diffus, for oss handlar det ofte om sakramenta og den Heilage ande. Og når vi døyr så er det eit Guds rike der framme og oppe. Men Jesus snakka om Guds rike på jødisk grunn, og for han var det ein jødisk kategori. Det handla om håpet om at Gud igjen skulle bli konge på jorda. Ja, at Gud igjen skulle fylle jorda med sin herlegdom som profeten Jesaja hadde snakka om. Jorda skulle bli skapt på ny. Ein tidsalder her på jorda med berre glede og fred. I og med Jesus og hans komme hadde nyskapingskreftene begynt å virke. Dette var mellom anna synleg gjennom at Jesus leka folk og kasta ut vonde ånder. Jesu gudsrike forkynning er ulik frå det som har skjedd opp gjennom kyrkjehistoria. Det jødiske håpet var ikkje å få komme til himmelen når man døyr. Det jødiske gamaltestamentlege håpet som Jesus tok utgangspunkt i når han forkynte, var håpet om at skaperverket skulle gjenopprettast, lekast og skapast igjen. Og at vi menneske skulle få vere med på det. Det var ein mykje meir jordnær forkynning. Korleis pregar Jesu liv og lære samfunnet vårt den dag i dag? - Det har blitt sagt at ein kan gjerne lese bibelen utan å lese Shakespeare. Men ein kan ikkje lese Shakespeare utan å ha lest bibelen. Jesus og kristendommen har satt enorme spor i samfunnet vårt. Det finn vi att i språket vårt, i rettstenkinga og i den etiske tenkinga. Menneskesynet vårt er på mange måtar prega av det kristne menneskesynet. Den britiske agnostikaren Tom Holand skriv mykje om dette. Han er imponert over korleis kristendommen har påverka europeisk kultur. Framleis er Jesus eit slags ideal for mange. Måten han behandla menneska på, måten han sto opp mot dei som sat med makta har inspirert og inspirerer mange. Vi ville nok opplevd Jesus som ubehageleg samfunnsengasjert i dag. Korleis trur du dei som hadde høyrd og opplevd Jesus i Galilea ville opplevd møte med den Jesus som blir presentert i norske kyrkjer i 2022? - Eg trur dei ville synes han var for åndeleg. For dei var nok Jesus meir til stades i tida han levde i.

«Vi ville nok opplevd Jesus som ubehageleg samfunnsengasjert i dag»

Apropos Jesus og samfunnsengasjement. I går var ein mildt sagt dårleg dag. Russland har som kjend invadert Ukraina i førgårs, og i tillegg la FN fram ein ny dyster rapport om klimaet i går. Kva for eit håp kan vi ta med inn i verda i 2022 frå Jesus? - Eg trur Jesus viser oss korleis vi skal vere menneske i verda, slik Gud tenkte det. Menneske som engasjerer seg i verda. I den jødiske opphavsfortellinga vart menneska sett til å regjere over jorda, dyrke og passe hagen. Bibelsk sett er vi her for å ta vare på verda og kvarandre. Skape samfunn og få verda til å blomstre. Det er fortellinga som Jesus talar ut i frå. Og han vil vise oss på ny kva det betyr å vere menneske i verda. - Martin Kristoffersen