3 minute read

Olsok i Valldal s

Olsokfeiring i Valldal har vore viden kjend og eit godt besøkt arrangement. Olsok si historie er snart 1000 år gamal.

Historia:

Advertisement

Olav Haraldsson døyde i slaget på Stiklestad 29.juli i 1030. Han møtte bondehæren i Trøndelag, som sto under Tore Hund og Kalv Arnesson si leiing. Olav sin hær var mindre enn halvparten så stor som bondehæren, og han døyde som kjent i dette slaget, berre 35 år gamal. Allereie året etter vart Olav kåra til helgen av kyrkja, som då ennå var ei kyrkje under leiing av paven i Roma. Til og med Olav sine fiendar slutta seg til denne kåringa, og var einige om at han var ein Guds mann. Tore Hund, som ga Olav dødsstøyten med spydet sitt, var ein av desse. Han hadde eit stygt sår på armen sin, og då han stakk kongen, fekk han noko av kongens blod på sitt sår. Då vart såret hans lægt. Vi veit ikkje kva som skjedde med Tore Hund etter det, anna enn at han drog i pilegrimsferd til Jerusalem. Han enda antakeleg sine dagar i det heilage landet. I mellomalderen vart Olav ein av dei største helgenane i heile Europa. Mange kyrkjer vart kalla opp etter han. Den første på Orknøyene så tidleg som i 1035. Helgendyrkinga var sterk, også i Noreg, i mellomalderen. Då reformasjonen kom til Noreg i 1537, vart helgendyrking forbode, og det vart ikkje lov å feire Olsok nokon stad i Danmark/Noreg.

Heilag Olav i Valldal:

Men – i Valldal, denne bortgøymde bygda på Sunnmøre, gjorde dei truleg det likevel. For i Valldal hadde Olav sett djupe spor etter at han rømde gjennom dalen i begynnelsen av januar i 1029. Snorre fortel detaljert om denne ferda, og dei første mirakla som Snorre fortel om rundt Olav, dei skjedde ved Alstad og Grønningsæter. Særs mange segn og myter og historier om Olav vaks fram her, og Olsok vart truleg feira i Valldal til langt utpå 1600 talet, kanskje lenger. Olav reiste ein kross på toppen av Korsbrekka, bak kyrkja på Sylte, og denne krossen har bøndene i bygda sørga for like til vår tid. Den krossen som står der i dag vart reist i ca 1850, og er ein jarn-kross på toppen av ei slank søyle av stein.

Olsokfeiringa i Valldal:

Olsok-feiringa i Valldal har i dei siste 100 åra hatt forskjellige former. Den siste helga i juli har vore ei stor helg der mykje har skjedd. Dei siste to tiåra har det vorte tradisjon å ha ei Olsokgudsteneste på Alstad. På Alstad er det eit naturleg amfi, der det er fint å samle folk, og å ha kyrkjekaffi med godt fellesskap etterpå. Astor Furseth har brukt å vise folk Olavskjelda og Olavshelleren, stader der Olav kvilde seg, og han har fortald historiene om desse stadane. I år igjen vil vi ynskje alle velkomne til Olsokgudsteneste på Alstad siste søndagen i juli, på den staden der Olav, ifølge Snorre, var i to-tre dagar i 1029. Denne historia kan ein lese om i boka som Astor Furseth har skreve: Heilag-Olav i Valldal. - Morten Gravdal

Program for Olsok-helga

Torsdag 28. juli: Konsert i Sylte kyrkje med keltiske og Irske songar og melodiar Fredag 29. juli: På kvelden: Olsokgudsteneste i Rosekyrkja i Stordal.

Laurdag 30. juli: Sunnmørsjekta Anna Olava går inn Storfjorden og legg til på Sylte. Dei kjem medan Olsokarrangementet som idrettslaget har, går føre seg på kaia. På ettermiddagen går passasjerane frå Anna Olava, saman med andre interesserte, til Sylte Kyrkje og høyrer eit foredrag om Olav den Heilage i Valldal. Dei som vil, kan vere med opp Korsbekka og sjå Olavskrossen der etter det. Søndag 31. juli: Klokka 08.00 startar ei gruppe pilegrimar frå kaia i Valldal. Det vert ein stopp i kyrkja på Sylte, eller ved Olavskrossen, der det vert sin kort seremoni ved starten av pilegrimsleia. En guide vil vere med i dette fylgjet og fortelje om historiske stader og om sagn: Om Gullakoppen, om Messehytta på Syltemoa, om Døving kapell mellom anna. Klokka 11.30 kjem dei fram til Rem (ca.10 km framme i dalen). Her startar ei pilegrimsvandring med opp mot 100 deltakarar. Denne er ca. 3 km, og på denne strekninga er det sett opp 4 krossar, og ved kvar av desse vert det ein stopp der vi syng ei salme og har nokre ord om det å vere pilegrim. Klokka 13.00 er det Olsok-gudsteneste på Alstad. Dette er ei friluftsguds-teneste med kyrkjekaffe etterpå. Det vil også verte mogleg å sjå Olavs-kjelda og Olavshellaren og høyre historia knytt til desse stadane. Meir info kjem på www.kyrkja.no/storfjorden