2 minute read

Stadig på farten mellom sju kyrkjer og ti kyrkjegardar s

Stadig på farten mellom sju kyrkjer og ti kyrkjegardar

Dan Høglund og Nils Morten Grønningsæter er alltid på farten, med til saman146km mellom dei ulike kyrkjene i fellesrådsområdet er det aldri godt å vite kor og når ein treff på dei to trivelege karane.

Advertisement

Vi treff Dan og Nils Morten på kyrkjegarden på Sløgstad (Stranda) ein dag i slutten av mars. Dei har nettopp kome frå Stordal kor dei gjorde klar ei grav til gravferd i morgon. Her på kyrkjegarden har ein gravstein velta, slik dei ofte gjer på våren når veret vert varmare og snøen smeltar. No må steinen rettast opp.

- På våren er det mykje som skal gjerast klart etter vinteren. Gravsteinar som skal rettast opp, rydding etter vinterens stormar kor greiner har føyke overalt. Om det er ein kald vinter med mykje tele er det ofte ein del overvatn å hanskast med. Men denne vinteren var jo mild så da slapp vi den utfordringa i vår. Også er det store spørsmålet kvar vår, når «opnar dykk vatnet på kyrkjegardane». Svaret er som kvart år, så raskt som råd er når faren for frost er over.

Kommentaren og latteren sitt laust mellom Dan og Nils Morten. Med ansvar for 7 kyrkjer og 10 kyrkjegardar vert det mange timar i bil og på ferja saman. Det gode humøret er godt å ha med både i bilen og i kyrkjene. I tillegg til å jobben som utearbeidarar i fellesrådet gjer dei også vedlikehald på kyrkjene saman med kyrkjebygansvarleg Karsten Ødegård. - Ein del av jobben vår som folk ikkje ser er det alt dette tekniske i kyrkjene. Til dømes falske brannalarmar til alle døgnets tider. Plutseleg er dei eit kjølerom som ikkje funkar som det skal. Ja, det kan vere mykje styr med dette.

Av og til byter karane ut finstasen som dei kallar arbeidskleia sine, med ein dress då dei også er kyrkjetenarar. Dei møter på heile spekteret i livet. Frå gleda i dåpen, konfirmasjonar og bryllaup, til sorga i gravferder. - Vi gjer vårt beste for å møte dei vi treff i gravferder, eller på kyrkjegardane til kvardags med verdigheit. Ein kyrkjegard er ein spesiell stad kor folk kjem med sorga si, det har vi stor respekt for. Gravsteinen har no vorte retta opp att. Karane skal vidare på si ferd langsmed fjorden denne marsdagen. Det er også noko som må fiksast i Sunnylven kyrkje. Det er vanskeleg å vere fleire stader på ein gong, men Dan og Nils Morten klarar det nesten kvar einaste dag. Ovanfor F.H. Dan Høglund og Nils Morten Grønningsæter

- Martin Kristoffersen