Puttemagasinet 2025

Page 1


STORD FOTBALL

Lukke til med Puttefestivalen!

Velkomen til Aker Solutions Puttefestival 2025 –fotballglede på Vikahaugane

Kjære spelarar, trenarar, frivillige og heiagjengar – hjarteleg velkomen til den 36 utgåva av Aker Solutions Puttefestival her på Vikahaugane.

150 lag er påmeldt til årets festival, og med over 600 frivillige i sving er dette det største arrangementet i regi av Stord Fotball Det seier mykje om både engasjementet og gjennomføringsevna til klubben, og ikkje minst om den sterke dugnadsånda som pregar lokalsamfunnet vårt

For mange førsteklassingar er dette aller første møte med organisert fotball, berre dagar etter skulestart. Det gir arrangementet ein heilt spesiell verdi. Her legg de grunnlaget for idrettsglede, fellesskap og kanskje venskap for livet.

Som ordførar vil eg nytta høvet til å løfta fram verdien av Fair Play Det handlar ikkje berre om reglar, men om respekt – for motspelarar, dommarar, lagkameratar og publikum Det handlar om å vere ein god medspelar, både på bana og i livet.

Eg vil òg takka alle som er med og støttar festivalen – frå store selskap som Aker Solutions, som har vore med i mange år, til lokale verksemder som stiller opp med sponsing, premiar, dugnad eller andre bidrag For mange mindre bedrifter er støtta ekstra imponerande målt i innsats og prosent av omsetning De er alle ein viktig del av suksessen

Lukke til med kampane, og velkomen til fotballfest på Vikahaugane!

Med sportsleg helsing

Sigbjørn Framnes

Ordførar i Stord kommune

STUDALEN

Haga

Lukke til med Puttefestivalen!

Det er ei stor glede for Aker Solutions å igjen få vera med som støttespelar for Puttefestivalen – ei turnering som år etter år samlar dei yngste fotballspelarane, frivillige og publikum til ein herleg og sjarmerande fotballfest

At Puttefestival no blir arrangert for 36 gong, er eit imponerande døme på krafta i frivillig innsats, lokal forankring og ekte engasjement for barn og idrett. Aker Solutions har fått vere med som støttespelar i mange av desse åra – lenge før mi tid som verftsdirektør – og det er me stolte av og takksame for.

Mange barn får sitt aller første møte med organisert fotball på nettopp denne cupen Puttefestivalen handlar om mykje meir enn fotball Her lærer barn å vera ein del av eit lag, å heie på kvarandre og å glede seg over både eigne og andre sine prestasjonar. Dei lærer å takle både siger og tap, og dei får oppleve kor viktig fair play og gode haldningar er – på bana og i livet elles.

For Aker Solutions er det viktig med eit sterkt og godt lokalsamfunn Me veit at samfunn med gode fritidstilbod og trygge møteplassar for barn og unge legg grunnlaget for både trivsel og utvikling

Og for oss som verksemd er det ein del av samfunnsansvaret som stor arbeidsgjevar å støtte opp om denne typen tiltak.

Eg vil takke alle som er med og gjer denne festivalen til ei oppleving for livet – ikkje minst dei mange spelarane som stiller opp med innsatsvilje, smil og speleglede

Lukke til med turneringa!

Arve og dei gode hjelparane

Dei er limet og drivkrafta i klubben. Dei som aldri stikk seg ut, men alltid er på plass. Dei usynlege hjelparane som tek tak i ting andre vegrar seg for, og passar på at den raude tråden i klubben alltid vert bevart.

Familien Havnerås er nærast synonymt med Stord Fotball, og har i ei årrekke vore toneangivande for klubbdrifta

– Eg byrja i 1999, då Brita starta på fotball, fortel den tidlegare fitjarbuen Arve Havnerås, som har vorten ein bauta for jente- og damefotballen på Stord

Rundt bordet sit familiefaren saman med kona

Aud Litlabø, svingersøstera Eva Litlabø, svogeren Dag Sagenes og eldstedottera Brita Havnerås

Saman er dei alle aktive i Stord Fotball

– Det skal vera kjekt å spele mot Stord, innleiar Arve.

Ulik fartstid

Fartstida i klubben varierer frå person til person. Søstrene Litlabø er blant dei som er kommen inn i seinare tid, etter å ha lagt bak seg eit langt dugnadsliv i handballmiljøet

– Eg byrja i 2018, då klubben starta reisa mot å bli ein kvalitetsklubb, fortel Aud, og legg til:

– Sidan den gang har eg bidratt inn mot økonomi, arrangement og styret

For næraste nabo, og søster, Eva, var det først etter pandemien ho meldte seg på i fotballmiljøet for fullt.

– Eg har alltid fått vore med å følgd opp døtrene mine i idretten, men etter pandemiåra har eg vorten ekstra aktiv i arrangementskomiteen, fortel Eva, som no har ansvar for alt kioskarbeidet på kampdag

Svogeren til Arve, Dag Sagenes, er den som har lengst historie i klubben, og er framleis med når det trengs.

– Eg har vore trenar for laga til begge døtrene mine, og har hjelpt der det trengs opp gjennom åra i båe arrangementskomiteen, som speaker og ved Puttefestivalen.

Ynskjer du å bli med på dugnadslaget? Ta kontakt på e-post: post@stordfotball no!

Brita, Aud, Eva, Dag og Arve lovar å ta deg godt imot!

ELDSJELER: Desse har du garantert sett ein laurdags føremiddag på Stord Stadion.
LANG FARTSTID: Dag Sagenes fortel om borteturane med hydrofoilen frå tida faren, Dagfinn Sagenes, spela for Stord.
GOD KJENSLE: Banksjefen Arve og kona Aud har engajsert seg i idretten i ein mannsalder.
Foto og tekst: Ole Litlabø Eikenes

Dugnad skapar ting

Brita er 1992-modell, og var lenge aktiv med fotball sjølv Ein skade i ungdomsåra snudde opp ned på alt

– Eg fekk ein skade på vidaregåande, rundt 2009, noko som gjorde at eg måtte gi meg

– Det var då eg byrja å engasjere meg gjennom dugnad Slik kunne eg vera med likevel, fortel den 33-år gamle Stord-patrioten.

Saman har heile gjengen til felles at dei er aktive i arrangementskomiteen, og er ofte å sjå i gule vestar båe før og etter A-lags kampar

– Ein skal lika å komma på besøk til Stord Det skal vera ei god ramme, fortel Arve, og held fram med:

– Berre det å sjå at born kosar seg, og at alt går slik det skal, er ei fantastisk kjensle.

For søstrene Litlabø er kjensla av å gjere noko bra for andre, med på å gjere alle dugnadstimane verdt det.

Samstundes påpeikar dei at arrangementskomiteen også inneheld store klubbnamn som Kjetil Skulstad, Nina Sleen og Oddvar Skard, for å nemne nokre

– Ein ser det betyr mykje for borna, berre det å vera ballhentarar eller å stå i kiosken, fortel Eva, før ho vert avløyst av søstera:

– Folk er positive og set pris på dei gode rammene. Dugnaden skapar ting, legg Aud til.

High-five og klapp på skuldra

Ein vanleg kampdag på Stord Stadion byrjar som oftast to timar før

– Eg brukar å komme før spelarane, gjerne to timar før kampstart Då set me i gang med oppgåvene som må gjerast, fortel Brita.

Arbeidsfordelinga, og kven som kan stille, vert meldt frå om i ein messenger-kanal, i vekene i forkant Eva sender ut lister til laga om kven som skal vera ballhentarar og stå i kiosken, medan Aud passar på rekneskapen.

Når

– Somme gonger vert det Kjetil og Arve som vert ballhentarar, fortel Brita, medan resten ler seg ferdig Vidare fortel dugnadsgjengen om samhaldet og dynamikkane slike arrangement gjer for klubben. For kampdag på Vikahaugane handlar ikkje berre om tre poeng og festfotball, men også noko fint og større.

– Berre det å få ein high-five, og ein klapp på skuldra frå ein på A-laget betyr mykje for dei yngre, fortel Brita

– Spelarane forstår gjerne ikkje kor stort det er, men dette bygger klubb, og skapa ei viktig binding mellom dei yngste og eldste i klubben vår, legg Eva til.

Takk frå klubben

Stord Fotball vil setja ord på takka: Utan familiar som Havnerås hadde ikkje kampdagar eller arrangement som puttefestivalen vore dei same Når me et vaflar, nyt rykande kaffi og ser ungar score sine første mål, er det fordi nokon har lagt til rette

Brita
KAMPDAG:
Stord herrene har kampdag spelar Brita og Eva to av dei viktigaste rollene, av banen.

Foto og tekst: Ole Litlabø Eikenes

Unggutar bankar på døra til fotballflaggskipet

Sesongen er over halvspelt, og herrelaget har allereie begynt å sanke poeng for hausten i 3 divisjon

Plasseringa er komfortabel, og kampane stort sett spennande og jamne. Generasjonsskiftet og tilkomsten av assistenttrenar, Kjell Petter Neset, har kasta lysare skyer over Stord Stadion denne vårsesongen. Med ambisjonar og stordom for framtida, er det fleire vaskeekte stordgutar som no bankar på herrelagsdøra

– Det er tyngre økter og meir utfordring her oppe Det gjeld å følge med, fortel Nicklas Brady-Vikene

I lære hos Ytrøy og Magnussen

Saman med Brage Skjold Olsen og Jonas Lindeflaten Zanetti har dei alle til felles at dei er 16 år, nettopp ferdig med ungdomsskulen og yngst i herrelagsgarderoben på Vikahaugane

No går dei i lære hos eldre og meir rutinerte A-lag spelarar som Kristian Magnussen og Stian Habbestad Ytrøy.

– Eg føler me er vorten betre allereie, dei eldre er flinke til å lære bort kunnskap, seier Olsen.

Til trass for at dei trenar og spelar litt med A-laget, er 2009-modellane også med på det svært lovande G16-lagt til Stord, under trenarlegenda Leif Didrik Steensohn

– Me byrja å trene med A-laget på nyåret, nesten heilt parallelt, fortel Zanetti

– Det vert gjerne benken på A-laget, og sjølv om me trenar saman med dei, blir kampkvardagen ofta saman med G16, fortset Vikene.

LOS BLANCOS: Brage Skjold Olsen, Jonas Lindeflaten Zanetti og Nicklas Brady-Vikene er 16 år, og får no prøva seg på A-laget Foto: Ole L Eikenes

Ser moglegheiter heime

Alle karane er stordgutar tvers gjennom, og har allereie rokke å bli varm i trøya i garderoben til fotballflaggskipet i Sunnhordland Saman hoppa dei bukk over juniorlaget, og førte opp nok ei referanse på at det gror godt i klubbens yngre rekker

Til hausten byrja Olsen og Vikene på Stord idrettsfag, medan Zanetti tek fatt på bygg og anlegg, rett over vegen. Sjølv meiner dei det tilbodet dei får tilrettelagt i Stord er vel så godt som andre stadar.

– Trenings- og kampkvardagen me har no er svært god, fortel Olsen, samstundes som dei to andre nikkar seg einig

Vikene har tidlegare vore innom både akademiet i Brann og Haugesund, her han i sistnemnde klubb også hadde med seg Zanetti Likevel, falt valet på å halde fram i Stord

– Det vert langt å reise, og lite fritid, understreka Zanetti. Før Brady legg til:

– Ein kan bli vel så god i eigen klubb!

Gyllen 2009-årgang

Hovudtrenar, Robin Øvrevik, har jobba i Stord Fotball i ei årrekke og meiner det byrja å bli ein dårleg bevart løyndom at det gror godt i dei yngre rekkene i klubben. Sjølv har han stålkontroll på kva som ligg i vente dei kommande åra

No håpar han at fleire og fleire ungdommar ser verdien av å halde fram utviklinga i moderklubben

– Me har eit godt tilbod for dei ungdommane som vel å gå vidare på skule på Stord, og som ønskjer å ta steg på fotballbanen.

– Eg er trygg på at ein får nok av utfordringar, og at me syr saman eit godt opplegg, samstundes som ein held på dei trygge rammene, seier halsnøybuen

Om dei tre læregutane frå 2009årgangen fortel han følgande:

– Det dreiar seg om tre treningsvillige karar, samstundes som kvalitetane deira er litt forskjellige

2009-årgangen er eit svært lovande kull i klubben, og kan minne litt om den tidlegare 2005-årgangen, her ein får tilkomst av mange talent på same tid

– Vikene merkar ein har målteft i seg, Zanetti kjem til liks med Olsen inn med kapasitet og spennande ferdigheiter med ball, avsluttar Øvrevik.

GYLLEN ÅRGANG: 2009-årgangen i Stord Fotball er svært lovande, og det er venta at fleire får prøve seg på A-laget allereie til hausten Foto: Ole L Eikenes

K A D E M I E T

Har du ein 9‐åring som elskar fotball og vil trena meir?

Subshore Akademiet tilbyr ekstra kvalitetstrening for gutar og jenter i alderen 9–12 år No opnar me dørene for 2016‐kullet – første gong desse kan bli med på moroa!

Dette får du

Ein eller to økter i veka (tysdag & freda

14.00–14.30: brødmat i Fotballsto 14.30–15.30 tysdag / 16.00 fredag

Dyktige trenarar: Jon André Røyrane & Fokus på meistring, teknikk og spelgle

Sosialt fellesskap med spelarar frå hei

Fyll ut søknadsskjemaet på stordfotball.no eller skann QR‐koden

Pris og praktisk

2 økter/veke: 700 kr pr. månad

1 økt/veke: 450 kr pr. månad

Skyss: 50 kr pr. månad (ikkje Langeland/Leirvik sk

Treningssett‐eigenandel: 300 kr

Kontakt: Robin Øvrevik · robin@stordfotball.no · 971

NY NY NETTSIDE

Ny nettside og banekalender skal gjer kvardagen enklare for alle i Stord Fotball.

Stord Fotball har teke på seg ei heilt ny digital drakt med stordfotball no I samarbeid med det lokale byrået Zpirit AS har me utvikla ei ny nettside som samlar alt på éin plass og gjev klubben ein meir oversiktleg og framtidsretta plattform.

No finn du raskt det du treng med nokre få trykk, banar, informasjon, kontaktinformasjon til våre lag og anna relevant informasjon.

Banekalenderen – pulssenteret til klubben

Hjartet i den nye nettsida er den nye banekalenderen Gjennom Hoopit-løysinga vert alle kampar synkroniserte automatisk frå iFIKS, medan faste treningstider ligg inne på førehand. Skal laget ditt halda ei ekstratrening, eit foreldremøte eller kanskje feira sesongavslutninga? Då er det berre å logga inn, velja ønskja tidspunkt og lagra – reservasjonen vert synleg for heile klubben med ein gong

Enklare kvardag for store og små

Om du er trenar som sjekkar garderobetider eller banekapasiteten, kanskje ein sponsor som vil vita når neste heimekamp vert spelt, finn du svara raskare enn nokon gong Nettsida sin tydelege hovudmeny leier deg til sportsplan, baneoversikt, puttefestivalen, prosjekt, relevante skjemaer og anna nyttig informasjon – og ikkje minst til alle lagsider med kontaktinformasjon til lagleiarane

Dette kjem!

Lanseringa er berre starten Målet er at nettsida etter kvart skal fyllast med meir innhald frå dei ulike laga meir video og bilete trenarblogg og fagartiklar.

Har du lyst til å bidra med tekst, foto eller video?

Ta kontakt med klubbens mediegruppe – dei vil svært gjerne høyra frå deg

Bilete og tekst: Chris F. Lunde

Dei som tok sats i Stord

Det er ingen tvil om at det gror godt i Stord Fotball, og i klubbane rundt omkring i Sunnhordland

Spelarutviklinga har vore god og møysommelig over tid, noko som visar til resultata. Frå borne- og ungdomsår, der mange har vore innom tilbod som talentskulen, teknikkskulen og jenteløftet, har fleire tidlegare Stordspelarar teke stas opp og fram i toppfotballen i Norge.

Nokre har spela i Stord frå ungt av, medan andre har komme i seinare tid, for å utvikle seg vidare og ta nye steg.

Namn: Thorstein Hildal

Noverande klubb: Lysekloster

Posisjon på banen: Kantspelar

Draktnummer: 21

Beste ferdigheit: 1 mot 1 situasjonar

Favorittrett: Kebab frå Heiane

Favorittspelar: Neymar jr

Beste minne frå tida di i Stord Fotball?

Mitt beste minne i Stord Fotball er nærast umogeleg å velje Eg har vore mange år i klubben og ser tilbake på ma fine augneblink Likevel vil eg trekke fram tida mi på juniorlaget, saman med ein krutsterk gjeng Det var ei fin tid me spela veldig fin fotball, og toppa det heile med å bli krinsmeistrar i 2021-sesongen

Kva betydde Puttefestivalen for deg når du var yngre?

Puttefestivalen var noko av det eg alltid gleda meg mest til Her fekk me spela heile dagen, og eg hugsar ekstra g at kampane mot Trott og Solid var spesielt viktige, her var berre siger godt nok Likevel var stundene utanfor ba vel så viktige, då me fekk lommepengar til pølse, brus og ein is for å fylla på litt energi Puttefestivalen er nok alltid kjem til å hugse, og etter mi meining noko av det aller kjekkaste ein kan oppleva som ein ung fotballspelar!

Namn: Malvin Ingebrigtsen

Noverande klubb: Lyn 1896

Posisjon på banen: Midtstoppar og defensiv midtbanespelar

Draktnummer: 25

Beste ferdigheit: Hovudduellar

Favorittrett: Biff med ris, asparges og bernaisesaus

Favorittspelar: Martin Ødegård

Beste minne frå tida di i Stord Fotball?

Dei beste minna har eg frå ungdomstida mi i Stord Me hadde eit veldig godt lag som var med på fleire kule cupar, og me var ein stor kompisgjeng Mange av dei omgåast eg framleis mykje med den dag i dag Eg vil særleg trekka fram dei tre åra eg var med på Dana Cup og Gothia Cup som dei beste minna frå den tida

Kva betydde Puttefestivalen for deg når du var yngre?

Det var sommarens høgdepunkt for meg, hugsar eg Først og fremst fekk ein spela mange kampar, men like kjekt var det mellom kampane, då ein kunne vera sosial med dei andre på laget – og ikkje minst bli betre kjend med dei som i seinare tid har blitt gode venner frå dei andre laga me møtte

Namn: Einar Hjellestad Iversen

Noverande klubb: Åsane Fotball

Posisjon på banen: Potet

Draktnummer: 5

Beste ferdigheit: Duellspel

Favorittrett: Biff

Favorittspelar: Steven Gerrard

Beste minne frå tida di i Stord Fotball?

Det må vera då me reiste på turneringar om sommaren Spesielt første sommaren me reiste ned til Dana Cup er noko eg ser tilbake på som eit sterkt minne

Kva betydde Puttefestivalen for deg når du var yngre?

Puttefestivalen var noko spesielt, for det var første gangen me spelte kamp saman med laget, som sjølvsagt var veldig spennande Slik eg hugsar det, spela me seks kampar og vann fem av dei, det første året Eg hugsar framleis at me tapte den siste kampen mot eit lag frå Langeland, etter at dommaren blåste av kampen fleire minuttar for tidleg!

Foto: Privat
Foto: Lyn 1896
Foto: Åsane Fotball
Tekst: Ole Litlabø Eikenes

Namn: Jone Halleråker Jensen

Noverande klubb: Vard Haugesund

Posisjon på banen: Midtstoppar og back

Draktnummer: 21

Beste ferdigheit: Dra av press og pasningsfot

Favorittrett: Sushi

Favorittspelar: Midtstoppar og back

Beste minne frå tida di i Stord Fotball?

Det er heilt klart då me vann over FKH i Noregsmeisterskapet, her eg hadde målgjevande pasning og skåra på straffe i straffekonken

Kva betydde Puttefestivalen for deg når du var yngre?

Eg hugsar Puttefestivalen var eit sosialt høgdepunkt som born Her fekk ein spela mange kampar mot mykje forskjellig motstand

Namn: Ida Mortensen Natvik

Noverande klubb: Stabæk Fotball

Posisjon på banen: Kantspelar

Draktnummer: 11

Beste ferdigheit: Hurtigheit og fotballforståing

Favorittrett: Taco

Favorittspelar: Neymar jr

Beste minne frå tida di i Stord Fotball?

Det er 100 % alle folka i og rundt klubben, og opplevingane eg har fått vera med på då me har dratt på cup med laget Eg er stolt over at eg kjem frå Stord Fotball

Kva betydde Puttefestivalen for deg når du var yngre?

Puttefestivalen byrja å bli ei stund sidan no, men eg trur det var den første turneringa me var med på Det var her eg fann ut at fotball var morosamt, og noko eg kunne tenke meg å fortsette med!

Namn: Emma Jønsson

Noverande klubb: Viking

Posisjon på banen: Målvakt

Draktnummer: 1

Beste ferdigheit: Rekkevidde og ballbehandling

Favorittrett: Taco

Favorittspelar: Eg har vell eigentleg aldri hatt ein spesiell favorittspelar, men eg lét meg inspirere av at damefotballen vart større og større og at fleire kunne leve av det!

Beste minne frå tida di i Stord Fotball?

Eg følar meg heldig som har fått vore med på veldig mykje morosamt saman med Stord Nokre av høgdepunkta må sjølvsagt vera å vinna Norway Cup og Dana Cup Elles må eg sei samhaldet på laget, og det å berre få vera saman med sine beste venner heile tida

Kva betydde Puttefestivalen for deg når du var yngre?

Det var vell mi første turnering saman med Stord-laget Puttefestivalen har alltid vore eit godt initiativ for dei yngre, her ein får kosa seg med fotball og skape gode minner Det legg grunnlag for vidare utvikling

Namn: Jonas Skjerven Valland

Noverande klubb: SK Brann

Posisjon på banen: Midtstoppar

Draktnummer: 5

Beste ferdigheit: Leiarskap

Favorittrett: Pizza

Favorittspelar: Markus Haaland

Beste minne frå tida di i Stord Fotball?

Det må vera alle dei kjekke turneringane som Dana Cup, Norway Cup, Gothia Cup og Brøndby Cup som eg har fått vore med på Ein kamp mot Osterøy på Ekebergsletta, der me vann på straffar etter ein høgdramatisk kamp, må vera noko av det eg hugsar aller best Kva betydde Puttefestivalen for deg når du var yngre?

Puttefestivalen var alltid høgdepunktet om sommaren, då eg var yngre Ekstra stas var det alltid under premieutdelinga, då Arve Havnerås bydd opp til dans og musikk

Foto: Vard Haugesund
Foto: Stabæk Fotball
Foto: Viking
Foto: SK Brann

Namn: Hanna Mehammer

Noverande klubb: FK Fyllingsdalen

Posisjon på banen: Litt overalt, men mest back/vingback for tida

Draktnummer: 14

Beste ferdigheit: Pasningsfot

Favorittrett: Sushi

Favorittspelar: Caroline Gram Hansen

Beste minne frå tida di i Stord Fotball?

NM-kampen mot Vålerenga og samhaldet me hadde i laget

Kva betydde Puttefestivalen for deg når du var yngre?

Eg har aldri vore på Puttefestivalen faktisk, men hugsar at cup alltid har vore veldig kjekt

Det er stas å sova samen på skule, gå rundt å sjå på kampar og bli kjend med andre folk!

Namn: Markus Helland Tislevoll

Noverande klubb: Sandviken

Posisjon på banen: Venstreback og midtstoppar

Draktnummer: 5

Beste ferdigheit: Trykk og intensitet

Favorittrett: Ein god biff er det lite som slår!

Favorittspelar: Wayne Rooney

Beste minne frå tida di i Stord Fotball?

Eg har mange gode minner som dukkar opp når eg tenker tilbake på tida mi i Stord

Fotball, likevel er nok alle dei bra folka i og rundt klubben det som sit sterkast i minne

Kva betydde Puttefestivalen for deg når du var yngre?

Eg har faktisk aldri vore med på Puttefestivalen før då eg er frå Fitjar, og er mest kjend med Larsen-cup!

Namn: Nina Vestbøstad

Noverande klubb: FK Fyllingsdalen

Posisjon på banen: Midtbanespelar

Draktnummer: 13

Beste ferdigheit: Duellstyrke

Favorittrett: Hjortebiff med fløytegratinerte poteter

Favorittspelar: Synne Eide Bjørnebøle

Beste minne frå tida di i Stord Fotball?

Fotballcupar var alltid spennande! Alt frå Puttefestivalen som liten, til å reise på Dana Cup og Norway Cup i seinare år Opprykket til 2 divisjon med damelaget og sigeren i Norway Cup er mine to største høgdepunkt Eg ser tilbake på ei fantastisk tid i Stord Fotball

Kva betydde Puttefestivalen for deg når du var yngre?

Puttefestivalen var alltid eit høgdepunkt, og det var alltid stas å få spela kampar på Vikahaugane som liten Me spelte mot masse forskjellige lag og spelarar som eg både har spelt på lag med og i mot i seinare år

Namn: Synne Eide Bjørnebøle

Noverande klubb: Åsane Fotball

Posisjon på banen: Kant- og midtbanespelar

Draktnummer: 8

Beste ferdigheit: Viljestyrke

Favorittrett: Taco

Favorittspelar: Aitana Bonmatí

Beste minne frå tida di i Stord Fotball?

Mitt beste minne frå tida i Stord har vore det å vinna Norway Cup Det å oppleva noko så stort saman med gode lagvenninner var heilt spesielt

Kva betydde Puttefestivalen for deg når du var yngre?

Puttefestivalen var eit høgdepunkt for meg i barndommen Det var alltid god stemning, og festivalen gav meg tidlege minner om lagkjensle, spenninga med å møta andre gode lag, og gleda av å vera ein del av noko større.

Foto: FK Fyllingsdalen / NTB
Foto: Privat
Foto: Privat
Foto: Privat

Namn: Cille Nilsen

Noverande klubb: Rosenborg Ballklubb

Posisjon på banen: Midtbanespelar

Draktnummer: 22

Beste ferdigheit: Teknikk

Favorittrett: Pizza

Favorittspelar: Messi

Beste minne frå tida di i Stord Fotball?

Det må vera sigeren i Sør Cup med 2006-gjengen

Kva betydde Puttefestivalen for deg når du var yngre?

Puttefestivalen var ein cup eg alltid gleda meg til Det vart alltid kjekke kampar, sosialt og ei tid for å ha det morosamt med gode venner

Namn: Mikkel Kalvenes Hope

Noverande klubb: FK Haugesund

Posisjon på banen: Back

Draktnummer: 25

Beste ferdigheit: Viljestyrke, løpskraft og treningsvilje

Favorittrett: Pizza eller burgar

Favorittspelar: Messi

Beste minne frå tida di i Stord Fotball?

Mitt beste minne må bli 3 -plassen i Dana Cup frå 2017 Kva betydde Puttefestivalen for deg når du var yngre?

Puttefestivalen var mest aktuelt i åra før eg fylla ti år, og eg huska tilbake på kor morosamt det var å møte andre lag og spela mange kampar Det vart sagt at det var tap og vinn med same sinn, men slik var det aldri for meg!

Namn: Martin Alvsaker

Noverande klubb: FK Haugesund Posisjon på banen: Kantspelar

Draktnummer: 39

Beste ferdigheit: Skotfot, fart og målteft

Favorittrett: Sjømat (krabbe, reke, fisk)

Favorittspelar: Hazard og Ronaldo

Beste minne frå tida di i Stord Fotball?

Dei beste minna mine er frå tida mi med 2005-gutane, her mange var kompisar frå barndommen Me var eit godt lag, vann mykje, og toppa det heile med å vinne krinsfinalen eine året

Kva betydde Puttefestivalen for deg når du var yngre?

Puttefestivalen hugsar eg alltid bydde på mykje folk, kjekke kampar, hoppeslott og mykje is og brus

Namn: Alva Farstad Skåla

Noverande klubb: Arna-Bjørnar

Posisjon på banen: Midtstoppar og spiss

Draktnummer: 3

Beste ferdigheit: Pasningsfot og speleforståing

Favorittrett: Sushi

Favorittspelar: Kevin De Bruyne

Beste minne frå tida di i Stord Fotball?

Mine beste minne frå Stord Fotball må vera frå Adidas Cup og Sør Cup med 2006-laget Turneringane var fylt med mykje god fotball og flotte prestasjonar på banen, god stemning, latter og glede – og sjølvsagt blei pokalane med heim!

Kva betydde Puttefestivalen for deg når du var yngre?

Puttefestivalen var ein cup ein alltid såg fram til! Då var alltid stemninga på topp, med masse folk og kjekke aktivitetar for ein kvar. Men det kjekkaste var å spela fotball, skåra mål og vinna kampar!

Foto: FK Haugesund
Foto: Rosenborg Ballklubb
Foto: FK Haugesund / NTB
Foto: FK Fyllingsdalen / NTB

Namn: Andreas Brakedal Eide

Noverande klubb: Vard Haugesund

Posisjon på banen: Midtbanespelar

Draktnummer: 19

Beste ferdigheit: Målfarleg og bidreg til målpoeng

Favorittrett: Mamma sin heimelaga pizza

Favorittspelar: Steven Gerrard

Beste minne frå tida di i Stord Fotball?

Då må eg dra fram sigeren mot FKH i Noregsmeisterskapet

Kva betydde Puttefestivalen for deg når du var yngre?

Det var ei kjekk helg med mykje fotball saman med kompisane mine i Trott Me fekk mogelegheit til å spela mot andre lag enn berre dei på øya, noko som var spennande og nytt, sjølv om det var kampane mot Stord som sjølvsagt betydde aller mest

Namn: Sander Østraat

Noverande klubb: HamKam

Posisjon på banen: Målvakt

Draktnummer: 1

Beste ferdigheit: Rekkevidde og god med begge bein

Favorittrett: Pappas pizza

Favorittspelar: Iker Casillas

Beste minne frå tida di i Stord Fotball?

Det beste minne med Stord var nok når me vant krinsfinalen, og me hadde eit veldig godt kull Det har også vore mange kjekke turneringar, her Notodden-elitecup kanskje heng høgast Dana Cup, då halve laget fekk omgangssjuka, er og noko eg minnast i ettertid sjølv om det ikkje var så kjekt der og då

Kva betydde Puttefestivalen for deg når du var yngre?

Puttefestivalen var eit høgdepunkt, og noko eg minnast frå starten av karrieren Eg tenker attende på fantastiske dagar med fotball frå morgon til kveld, og det var utruleg morosamt Det var også ein veldig fin sosial arena

Namn: Ida Holm Neset

Noverande klubb: Bodø/Glimt

Posisjon på banen: Midtbanespelar

Draktnummer: 11

Beste ferdigheit: Overblikk

Favorittrett: Taco

Favorittspelar: Messi

Beste minne frå tida di i Stord Fotball?

Eg har utruleg mange gode minner frå tida mi i Stord, med mange kjekke opplevingar gjennom oppveksten Det var alltid kjekt å reisa på cup om sommaren, og det var eit av høgdepunkta kvar sesong Men dersom eg skal trekka fram eitt spesielt minne, må det bli NM med J16, då me kom heilt til semifinalen Det var stort og heilt fantastisk gøy! Kva betydde Puttefestivalen for deg når du var yngre?

Puttefestivalen var noko av det kjekkaste i oppveksten! Det var alltid stas å møta nye lag, og spela mange kampar på kort tid Me hadde eit godt lag, vann mykje og kjende verkeleg på meistringskjensla som inspirerte oss vidare Puttefestivalen såg me alltid fram til!

Namn: Selma Notland Bjørkelund

Noverande klubb: FK Haugesund

Posisjon på banen: Midtstoppar og back

Draktnummer: 5

Beste ferdigheit: Duellstyrke og presis pasningsfot

Favorittrett: Pizza

Favorittspelar: Maren Mjelde

Beste minne frå tida di i Stord Fotball?

Mitt beste minne frå tida i Stord Fotball handlar for meg om samhald og det å spela på lag Det å vinne Sør Cup og det komma til finalen i Dana-cup står også sterkt Eg hadde også eit bra år på damelaget til Stord, og syns eg utvikla meg som spelar der Kva betydde Puttefestivalen for deg når du var yngre? Eg likte kjempegodt å vera på cup, og Puttefestivalen var ei kjekk turnering, her eg framleis har medaljen I seinare tid har eg og vore på dugnad under Puttefestivalen

andre spelarar som også

Foto: Vard Haugesund
Foto: Hamkam
Foto: Bodø Glimt
Foto: FK Haugesund

Meistring– kjensla som byggjer sjølvtillit

Meistring handlar om augeblikket når du me som ein gong var vanskeleg, plutseleg sit.

Det kan vera den presise førsteberøringa, eit frispark frå 16‐meteren eller ei solid blokkeri slike stunder veks sjølvtilliten, og spelaren fo arbeid løner seg

Meistring kjem steg for steg: frå å læra riktig lesa spelet og fatta gode val på sekundet M inspirerer oss til å setja nye mål, hjelpa lagka lukkast og aldri gi opp sjølv når motstanden StordFotball ser me meistring som motoren utviklinga – for enkeltspelaren, for laget og f heilskap. M e i s t r i n g .

Tekst: Chris F. Lunde / Foto: Nina Barek Sørli

Glede– drivkrafta bak kvar pasning

Gledaerdenfyrstegrunnentilatmesnørerpåossfotballskoa. Hoskiniansiktettilsjuåringensomdriblarsinfyrstemotspelar,ogismila tilforeldrasomheiarfråsidelinja.

Nårmekjennergledepåbana,tørmeåleika,feilaogprøvaigjen–og nettoppdålærermemest.Gledasmittar:eitjubelbrølettereitmålløftar heilelaget,ogeitfelleslatterutbrotettereinkomisktabbeløyseropp spenninga.

IStordFotballergledeikkjeberreeitresultatavsuksess;hoersjølve føresetnadenforåtrivast,utviklasegogskapaminnersomvarerlenge etterdommarenharblåseavkampen.

Tekst: Chris F Lunde / Foto: Silje Ottesen

Tekst: Chris F Lunde

Foto: Silje Ottesen / Monica Korsvik Sætre

Samhald.

Samhald– limet som held laget saman

Samhald i fotball handlar om å stå skulder ved skulder, uansett om me leiar eller ligg under Når kvar spelar kjenner at dei er viktige for fellesskapen, vågar dei å strekkja seg litt lenger – for ballen, for laget, for kvarandre. Samhald viser seg i små handlingar: ein high‐five etter ein god takling, ein oppmuntrande klapp på skuldra når pasninga går feil, eller dugnads timar i kiosken sjølv om det regnar sidelengs. Det er då laget blir meir enn ein gjeng enkeltspelarar; det vert ein familie som deler både motgang og triumfar.

I StordFotball er samhald den stille krafta som gjer at me kjem tilbake kvar veke, blanke av søle men fulle av stoltheit.

Dana Cup 2025

Meistring, glede og samhald

Cup er mykje meir enn berre ei fotballturnering. For mange spelarar, trenarar og foreldre er det ei oppleving som set djupe spor – ikkje nødvendigvis på grunn av resultata, men fordi ho gjev rom for meistring, glede og samhald Desse verdiane er heilt sentrale, ikkje berre for trivsel, men òg for utvikling –både som lag og som enkeltpersonar

I DanaCup møter ein lag frå heile verda. Det gjev ei unik moglegheit til å måle krefter mot nye motstandarar, men viktigare: å lære, å kjenne på meistring og å utvikle seg. Å skåre mål eller vinne kampar er sjølvsagt stas, men dei sterkaste minna handlar ofte om noko heilt anna – den første taklinga ein vågar å gå inn i, det første målet etter mange forsøk, eller klemmen frå ein lagkamerat etter ein tøff kamp Det er meistring

Gleda kjem ikkje berre frå det som skjer på bana, men frå heile opplevinga. Me var 49 gutar frå STS2010 som var på DanaCup Å bu saman i ei heil veke, heia på kvarandre, lage internhumor, leikeslåst og oppleve fellesskap – det er dette som skaper ekte idrettsglede Smila etter kamp, latteren på kveldstid eller nervøsiteten før avspark – dette er minner som varer livet ut

Og så er det samhaldet.

I DanaCup vert det tydeleg kor viktig laget er

Alle har ei rolle

Nokon skårar mål, andre ryddar opp bak.

Nokon heiar frå benken, nokon trøystar etter tap

Me hadde med oss ein skadd spelar i troppen – han stilte opp til kvar kamp i fullt kamputstyr sjølv om han ikkje kunne spele.

Dette fellesskapet er grunnmuren i eit godt lag – og i eit godt miljø Når ein kjenner at ein høyrer til, vågar ein meir Og når ein vågar meir, opplever ein meir meistring Slik heng det saman

Det som kanskje gjorde aller sterkast inntrykk under årets DanaCup, var samhaldet på tvers av klubbane frå øya vår. Det oppstod ei heilt spesiell fellesskapskjensle mellom spelarar, trenarar og foreldre –uavhengig av klubbtilhøyrsle og draktfarge

Me kom frå ulike lag, forskjellige aldrar, med eigne treningskvardagar og interne mål, men under turneringa vart dette sekundært Me vart eitt stort lag Når eitt lag spelte kamp, møtte folk frå dei andre laga opp for å heia. Det var ein heilt naturleg ting å gjera – å stå på sidelinja og ropa fram kvarandre, uansett om det var Trott, Stord eller Solid som var på bana Dette gjekk òg begge vegar – støtte og heiing vart noko me gav til kvarandre utan å tenkja over det, og det skapte ei kjensle av å vere ein del av noko større

Det var som om me forstod at me alle representerte øya vår, fellesskapen vår og verdiane våre. Det er sjeldan ein ser så sterk samkjensle i fotballen, og det gjorde ei heilt vanleg turneringsveke til noko me kjem til å hugse lenge Dette samhaldet gav oss alle ei kjensle av å høyre til, og det var tydeleg at det ikkje berre handla om fotball, men om gleda over kvarandres innsats og prestasjonar For mange var det første gongen dei verkeleg opplevde kor mykje fellesskap kan bety, og det har gjeve oss ein ny dimensjon av motivasjon og samhald som me tek med oss heim.

I ein snap frå ei venninne på eit anna Stord‐lag fekk eg sjå ei av mødrene som er tilknytt laga våre, kome springande med eit Stord‐flagg for å heia – sjølv om me ikkje hadde kamp Eg kommenterte at «det er mor vår», og fekk til svar at «dei hadde lånt ho». For ordens skuld: Me er eit samlingslag frå Stord, Trott og Solid.

Me skulle verkeleg ønskje at me rakk å sjå og heia på alle laga frå øya medan me var der – for kvar og ein fortente støtte og applaus. Men sjølv om tida og kampoppsetta ikkje tillét det, veit me at me var mange som hadde lyst Og det seier mykje om kor sterkt samhaldet var DanaCup minner oss om kva som verkeleg betyr noko. Resultata kjem og går, men meistring, glede og samhald – både i laget og mellom klubbane våre –dei varer Og dei gjev oss motivasjon og inspirasjon til å halde fram

Alt dette til saman gjorde DanaCup til ein kjempesuksess for gruppa vår, og eg håpar me var med på å gje den kjensla til dei andre me fekk tid til å heia på òg

Eg håpar at gutar og jenter som kjem til Puttefestivalen skal få kjenna på denne gode cupkjensla når dei spelar og har det kjekt i lag med medspelarar og motspelarar Eg håpar at alle kan heia fram god fotball og ikkje berre resultat

Grilltelt / mat Kiosk Premieutdeling

Førstehjelp Toaletter Parkering

Bolletelt *Aktivitetar og hoppeslott er inne i nyehallen.

Aktivitetar*

Sekreteriat

Hoppeslott*

Til alle gode støttespelarar av lokalsamfunnet vårt!

Det er med stor glede me iår kan presentera barne‐ og ungdomsavdelinga vår i Puttemagasinet!

StordFotball handlar i stor grad om spelarane våre Som den største samlinga av born og unge i Stord kommune, har me ei viktig rolle i å skapa eit trygt og godt oppvekstmiljø. Det gjer me gjennom å etterleva verdiane våre: Meistring, Glede og Samhald. Og det ansvaret tek klubben på alvor Klubben – det er alle oss som er involverte i drifta: administrasjon, styrearbeid, politiattestar, oppstartsmøter, utdanning, materialforvaltarar, arrangørkomitear, trenarrettleiing, lagleiarar, trenarar – og mange fleire funksjonar som må til for at det store biletet skal henga saman. Alt dette skjer gjennom utallige frivillige timar frå engasjerte menneske som ser verdien og gleda i å bidra.

Spelaren står likevel i sentrum Gjennom FairPlay lærer me dei å visa respekt, jobba hardt og ta vare på kvarandre – verdiar dei tek med seg vidare i livet

StordFotball bind også regionen saman. I tillegg til seriespel arrangerer me: Løkkefotball,3’er‐turneringar, TINEFotballskule, Puttefestivalen, Romjulscupen og SubshoreAkademiet (9–12år). Slik skapar me aktivitet for alle, frå dei som spelar for moro skuld til dei som drøymer om toppnivå

Me har nyleg rusta opp Fotballstova med shuffleboard, dart og TV – ein sosial møteplass for både ungdom og senior. Å halda eit sterkt A‐lag er viktig; gode førebilete inspirerer dei yngste til å halda fram lengst mogleg.

Dette arbeidet kostar krefter og midlar Me er djupt takksame for sponsorane våre og alle som møter opp på kamp, stiller på dugnad ll d l t i å S k k it lokalsamfunn prega av kjærleik, tolera

Helsing

FrodeGravdalOlsen

StyreleiarStordFotball

STØTT STORD FOTBALL MED GRASROTANDELEN!

Design / oppsett / tekst: Chris F. Lunde
Tekst / foto: Ole Litlabø Eikenes

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Puttemagasinet 2025 by stordfotball - Issuu