StadMag juli 2020

Page 1

StadMag Informasjonsmagasin frå Stad kommune

Juli 2020

Kommunen var

«framme i skorne» side 12-13

Visjonen i den nye samfunnsplanen side 6-9

Nærturisme

#einstadistad side 24-25

Kjenner seg trygg side 22-23


Leiar

– Vi må endre oss for framtida. Ha energi og kraft til å vere ein stad som er endå betre for oss som bur her i dag og attraktiv for nye.

Kva kan vi skape saman? Samfunnet blir ikkje skapt frå toppen. Endring og utvikling skjer nedanfrå. Fordi folk vil noko, drøymer om noko, trur på noko. Difor er lokalsamfunn og lokal politikk viktig. I ein kommune som Stad er det nær sagt uendeleg med ressursar – viss vi dreg i lag. Magasinet du no les i, gir nokre smakebitar på alt som for tida skjer i nye Stad kommune. Ein kommune som strekker seg frå hav til fjell, med 9.500 innbyggjarar, 40-50.000 til i bu- og pendleavstand rundt oss og eit næringsliv som omset for over 4 milliardar kroner i året. Skal Stad vere ein stad folk ynskjer å bu i framtida, må vi klare å vere både jordnære og visjonære på same tid. Det må vere asfalt på vegane og flinke folk i omsorgstenestene. Men vi må også endre oss for framtida. Ha energi og kraft til å vere ein stad som er endå betre for oss som bur her i dag og attraktiv for nye. Til å vere eit fullgodt, men annleis, alternativ til eit liv i og rundt dei store byane. Med mangfald, rom for å vere seg sjølv, evne til å omstille seg til eit samfunn utan klimautslepp og med framtidsretta bedrifter og arbeidsplassar.

2

Informasjonsmagasin frå Stad kommune

Då kan vi ikkje berre «putle på». Vi må forstå verda rundt oss, vite kva vi vil og korleis vi kjem dit. Folk i Stad har vore distriktspionerar i 1000 år. Vi har bygd dei største skipa, vore sete for den fyrste bispen, dei fyrste skulane og det fyrste operahuset. Nyhenda om «Statens Hus i distrikts-Noreg» i Stad, er eit døme på kva det betyr å vere distriktspionér i vår tid. Det neste steget trur og håpar vi er Stad Skipstunnel. No skal vi lage den fyrste Samfunnsplanen for vår nye kommune. Då vil vi gjerne høyre di meining. Kva gjer Stad til ein god stad å vekse opp, bu og leve pr. i dag – kva må vi ta vare på? Kva bør vi arbeide for å endre dei neste åra? Kva er det viktigaste du kan bidra med for å gjere Stad til «verdas beste vesle stad»? Kva kan vi få til saman, som vi ikkje får til kvar for oss? Vi kan aldri bli størst. Men kanskje skal vi tore å strekke oss etter å bli «verdas beste vesle stad». Velkomen til å bli inspirert, og til å gje dine innspel til korleis vi skal skape ei ny framtid saman. Alfred Bjørlo, ordførar i Stad


Innhald Vil ha synspunkta dine

............................

side 4-5

Verdas beste vesle stad

...........................

side 6-9

.................................

side 10-11

............................................

side 12-13

Lågt konfliktnivå Statens hus

Vår sin butikk

.......................................

..............

side 16-17

...............................................

side 18-19

Jobb for to vart avgjernade BUA Selje

side 14-15

Innbyggjartorg

.....................................

Kjenner seg trygg

................................

side 20-21 side 22-23

#einstadistad . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . side 24-25 Bryggja som utviklingsområde . . . . . . . . . . side 26-27 Min Eigedom

.........................................

side 30-31

StadMag Utgjeve av Stad kommune. Magasinet vert distribuert til alle husstandane i kommunen. Tekst og foto: Jørn-Arne Tomasgard/JA Tomasgard Media AS Tekst og foto, «Min Eigedom»: Fjordabladet/Anna Wuttudal Framsidefoto: Joakim Vedvik Foto side 3 og siste side: Steinar Engeland Design: Byrr AS www.stad.kommune.no

Informasjonsmagasin frå Stad kommune

3


Ny samfunnsplan

Vil ha synspunkta dine på framtida i Stad

Overordna plan: – Kommuneplanen sin samfunnsdel er planen på toppen av alle vedtak som skal gjerast. Difor er han veldig viktig, fastslår strategisk planleggjar Cecilie Åshamar (t.v.) og kommunedirektør Åslaug Krogsæter.

Stad kommune ber om synspunkta dine på samfunnsplanen som er lagt ut til offentleg ettersyn. Er vi på rett spor? Kva drøymer du om for framtida? Formannskapet i Stad har vedteke å legge Kommuneplanen sin samfunnsdel 2020-2032 ut til offentleg ettersyn. No håpar kommunedirektør Åslaug Krogsæter og strategisk planleggjar Cecilie Åshamar å få innspel frå dei som bur i Stad gjennom sommaren. Planen ligg ute på høyring til 15. august. Krogsæter er tydeleg på at dette er ein plan som blir viktig for utviklinga i kommunen i åra framover. – Denne planen ligg på toppen av alt vi skal gjere. Han viser retninga for utviklinga vidare, slik at alle ressursane i lokalsamfunnet «kjenner kvarandre» og kan bli mobilisert til

4

Informasjonsmagasin frå Stad kommune

felles innsats. Alle andre planar, inkludert planar for arealbruk, vil springe ut av samfunnsplanen. Fellesnemnda sette retninga Samfunnsplanen er bygd på arbeidet som vart gjort i regi av Fellesnemnda for Eid og Selje som leia arbeidet med å skipe Stad kommune i perioden 2017-19, før Stad kommune vart formelt skipa 1. januar 2020. – Det vart gjort eit omfattande arbeid i prosessen som leia fram til Stad kommune, mellom anna gjennom folkemøte i alle skulekrinsane og eigne stad-analyser, så mykje i planen er godt forankra allereie. Men vi håpar å få tilbakemeldingar slik at vi kan sjå om vi er på rett spor, og korri-


I samband med at ordførar Alfred Bjørlo og varaordførar Siri Sandvik legg opp til utekontor ulike stader i kommunen gjennom sommaren, vil samfunnsplanen vere tema. Det blir også halde opne møte om planen i Selje, Leikanger, Bryggja og Nordfjordeid 10.-12. august.

gere kursen der det er nødvendig. Det er viktig for utviklinga av nye Stad kommune at vi no kjem raskt i gang med planarbeidet, seier Krogsæter. Folket sin plan Åshamar påpeikar at det er politikarane og dermed folket sin plan.

Alle synspunkt og innspel er velkomne, men denne «hugselista» kan vere greitt å ha med seg når du les planen og skal kome med dine innspel (du treng sjølvsagt ikkje meine noko om alt!):

Overordna spørsmål 1. Kva meiner du er bra i planen?

– Politikarane er valde av folket og politikarane skal vedta samfunnsplanen. Så dette er folket og dei folkevalde sin plan som vi i administrasjonen skal jobbe etter. Samfunnsmålet som planen byggjer på, er at Stad skal vere eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. Berekraftmåla til FN ligg til grunn for planen, og det er laga ein overordna arealstrategi som syner kva rolle ulike stader og område skal ha i Stad kommune. Eit sentralt punkt i planen er også framlegget til visjon ein ynskjer å strekkje seg etter: Verdas beste vesle Stad. – Skal Stad vere ein stad folk ynskjer å bu i framtida, må vi klare å vere både jordnære og visjonære på same tid, seier ordførar Alfred Bjørlo. Det må vere asfalt på vegane og flinke folk i omsorgstenestene. Men vi må også endre oss for framtida. Ha energi og kraft til å vere ein stad folk ynskjer å bu som eit fullgodt alternativ til dei store byane. Med mangfald, rom for å vere annleis og framtidsretta bedrifter og arbeidsplassar. Planen blinkar ut at Stad kommune skal ta ein nasjonal posisjon som «distriktspioner» - for å setje Stad på kartet og syne at vi ynskjer å vise veg for vekst og utvikling i distrikts-Noreg. – Samfunnsplanen er viktig også i forholdet til stat, fylke og andre offentlege instansar, sidan planen viser kva vi har bestemt oss for her, seier kommunedirektør Krogsæter. - Då skal dei ha respekt for det og bidra til at arbeidet blir gjort i fellesskap. Samstundes må alle tilsette i kommunen vite om dokumentet og gjere seg kjent med det, sidan det skal styre utviklinga. Kven kan uttale seg – og om kva? Planen blir lagt lett synleg på www.stad.kommune.no, med lenkje til elektronisk skjema der du kan melde inn synspunkta dine. – Du kan også sende e-post til kommunen, eller skrive brev. Det er ope for alle å melde tilbake, både privatpersonar, verksemder og frivillige organisasjonar, seier Åshamar.

2. Kva meiner du er ekstra viktig? 3. Kva meiner du bør endrast?

Meir detaljerte spørsmål 1. Kan du nemne tre ting som gjer Stad til ein god stad å bu/besøke/arbeide/drive næring pr. i dag – og vi må ta vare på og vidareutvikle? 2. Kan du nemne tre ting vi bør arbeide for å endre dei neste 10-12 åra for å gjere Stad meir attraktiv som ein stad å bu/besøke/arbeide/drive næring? 3. Korleis kan vi bidra til å løyse klimautfordringane og kutte klimautslepp her i Stad? 4. Kvifor skal unge og/eller unge vaksne velje å bu i Stad i 2030, framfor å flytte til/bli buande i ein større by? 5. Korleis kan Stad bli eit endå meir inkluderande samfunn tilrettelagt for deltaking for alle? 6. Kva er bra med å vere ung i Stad i dag? Kva skal til for at det skal bli betre å vere ung i Stad i 2030? 7. Korleis kan Stad vere eit godt samfunn å leve i heile livet – også i alderdommen? 8. Kva tenkjer du er det viktigaste du/din organisasjon/di bedrift kan bidra med for å gjere Stad til «verdas beste vesle stad»? Frist for innspel 15. august Alle interesserte kan uttale seg – både privatpersonar, frivillige lag og organisasjonar, interesseorganisasjonar, næringsliv og formelle høyringsinstansar.

Informasjonsmagasin frå Stad kommune

5


Visjon for Stad

Verdas beste vesle stad

6

Informasjonsmagasin frĂĽ Stad kommune


Visjonen i den nye samfunnsplanen er «Verdas beste vesle stad». – Det viser at vi har stor sjølvtillit, men samstundes er jordnære, meiner kommunedirektør Åslaug Krogsæter.

Har skapt ein visjon: «Verdas beste vesle stad» er den ambisiøse visjonen i den nye samfunnsplanen. Frå venstre Alfred Bjørlo, Janne Endal Andersson, Elin Paulsen, Åslaug Krogsæter, Cecilie Åshamar, Siri Sandvik og Kristine Dahl.

Informasjonsmagasin frå Stad kommune

7


Visjon for Stad

Jobbar med samfunnsplan: Frå venstre Cecilie Åshamar, Janne Endal Andersson, Siri Sandvik, Alfred Bjørlo, Åslaug Krogsæter, Kristine Dahl og Elin Paulsen.

Elin Paulsen og Janne Endal Andersson i Stad kommune har vore sentrale i arbeidsgruppa til kommunedirektøren som har arbeidd med visjon, verdiar og posisjon, eit av delemna i kommuneplanen sin samfunnsdel 2020-2032. Planen er no til offentleg ettersyn. – Vi byrja jobben allereie for eitt år sidan. Vi har jobba med visjonen i samband med innbyggjartreff og tilsettreff, og har involvert politikarane gjennom utvalsmøte og formannskap. Vi har brukt dei treffpunkta vi allereie har. Eg vil seie arbeidet er inspirert av og dedikert til folka i Stad kommune. Folka her er X-faktoren, det er dei som gjer det til ein bra plass, meiner Endal Andersson. – Det magiske skjer når alle er involvert og tek eigarskap til arbeidet. Hjeltnes-dikt Arbeidet vart lansert i formannskapsmøtet 11. juni, der Arne Hjeltnes avslutta med å lese opp sitt sjølvskrivne dikt om «Verdas beste vesle Stad», via videolink. Hjeltnes var også med på treffet for dei tilsette i Stad kommune i Operahuset Nordfjord i fjor haust der han inspirerte dei tilsette i arbeidet med verdiar og visjon.

8

Informasjonsmagasin frå Stad kommune

Elin Paulsen peikar på at samfunnsplanen er ein plan for å skape eit godt samfunn for dei som allereie bur her. – Klarer vi å gjere Stad til noko bra, vil det også bli attraktivt for andre å kome hit. Vi skal gjere Stad til ein så bra plass for dei som bur her, at andre også vil etablere seg. Skal mobilisere utviklingskraft Visjonen skal vise veg framover, samle og inspirere til felles utvikling og endring. Han skal gje krefter til alltid å ville nå lenger. Han byggjer på at Stad er ein liten stad i verda der du kan få det beste ut av livet – i kvardagen. Her finn du alt på ein stad av det du treng i livet. Kommunen er stor nok til å gje deg rom til å leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Samfunnet skal utviklast med utgangspunkt i kommunen sin eigenart, og ved hjelp av dette ta ein tydeleg posisjon som «distriktspioner». Stad kommune skal vere ein føregangskommune i distriktsNoreg. Posisjonen som «distriktspioner» skal kjenneteikne kommunen vår og det vi står for. Posisjonen skal engasjere og mobilisere utviklingskraft blant alle vi er avhengig av å ha med på laget. Stad har energi og kraft til å utvikle ein sterkare kommune og bidra til utvikling av Nordfjord og Vest-


land fylke. Energien som finst hjå innbyggjarane, naturgjevne føresetnader, kultur, historie og næringsliv er viktig for utviklinga. Skal ikkje idyllisere Kommunedirektør Krogsæter slår likevel fast at ein ikkje skal idyllisere. – Stad kommune er ikkje ein rein idyll. Her er mykje som kan gjerast betre. Vi må vidareutvikle oss til å bli meir mangfaldig, skapande og gje rom for alle. Men dette er ei øving der vi kan strekkje oss mot visjonen for å bli den beste versjonen av oss sjølv. Vi må gjere det å vere liten til ein styrke, der vi kan snu oss fort, ha lettare for å samhandle og ta vare på kvarandre. Sjølv om det også er mange utfordringar med å vere liten. Vi vil vere eit moderne samfunn med urbane kvalitetar, men samstundes med dei kvalitetane ein liten stad gjev. Vi er heldige som har plass og rom, samstundes som vi har alt vi treng i eit moderne samfunn. Det er det dette handlar om.

Stolt: Åslaug Krogsæter seier ho er stolt av at kommunen sjølv har kompetanse og ressursar til å lage ein slik ambisiøs samfunnsplan utan hjelp utanfrå.

Verdas beste vesle stad Stad står støtt. Det ligg i namnet. Støtt der fjord og fjell og hav skapar draumar om til liv. Gode liv med folk som held saman. Det er hender som må til for å halda. Sterke band. Nære hender til å stola på. Eit godt grep Rause hender som lyfter fram andre. Tar i eit tak. Skapande hender som har alltid har sett nye horisontar. Dristig. Og heilhjarta hender som du veit er der. Tryggleik Slik er me som kallar oss folka frå Stad. Den finaste villaste naturen. Alt i ein fjord. Det friske vatnet, deilig duft av eng og skog og lyd av hav. Hestehovar og rockegitar. Dei artige folka som stadig finn på nye ting. Lydar, smil og latter. Me likar slikt. Kultur heiter det visst. Gløym kvitt og svart og ditt og mitt. Og pjatt. For Stad står støtt. Med vikingblod. Alle våre nære, rause, skapande og heilhjarta hender bygger Stad. Kvar dag. No - som før. «Verdas beste vesle stad» Arne Hjeltnes

Informasjonsmagasin frå Stad kommune

9


God start

Trekkjer fram lågt konfliktnivå som gunstig for utviklinga At ein har forhandla fram løysingar som ein ynskjer, utan tvang, blir av sentrale kommunepolitikarar peika på som noko positivt i høve utviklinga i Stad kommune så langt.

Positivt så langt: Frå venstre Betty Hessevik, Geir Årvik og Paul Jacob Helgesen er samde om at godt arbeid i fellesnemnda i forkant har gjort arbeidet dei første seks månadene i Stad kommune enklare.

10

Informasjonsmagasin frå Stad kommune


Tek avgjerdene: Sjølv om innbyggjarane i Stad kommune blir tekne med på råd i høve samfunnsplanen, er det politikarane som har siste ordet og tek avgjerdene.

– At dette ikkje var noko tvang, men noko vi ville. Det har vore ein suksessformel. Det vart gjort mykje godt arbeid i fellesnemnda i forkant av samanslåinga, der samarbeidet mellom administrasjon og politikarar var godt. Det var med å gje utruleg godt samhald. Det har vore eit samhald og ei interesse av å få det til som har verka positivt inn. At administrasjonen har vore flink til å oppfatte politiske signal i forkant, trur eg også har vore viktig for samarbeidet, meiner Geir Årvik (H). I samband med kommunestyremøtet 18. juni samla vi dei tre formannskapspolitikarane Betty Hessevik (Sp) frå Bryggja, Paul Jacob Helgesen (Sp) frå Eid/Selje og Årvik frå Stadlandet for å oppsummere starten av Stad kommune, og snakke om utfordringar vidare. Økonomi og rekruttering Dragningar mellom ulike delar av kommunen som ein kanskje kunne frykte, har det ifølgje politikarane vore lite av. Årvik seier han heller ikkje har oppfatta misnøye med satsinga i Selje, sjølv om kommuneleiinga no sit på Eid. – Aktiviteten på kommunehuset i Selje er endra, men der er framleis god aktivitet. No vart samfunnet stengt ned rett etter at den nye førsteetasje der opna, så ein har ikkje sett endeleg korleis dette fungerer. Vi fekk ein skeiv start for den nye kommune på grunn av koronautbrotet og nedstengninga, men det positive vi har sett i samband med det, er at dei digitale løysingane fungerer godt. Dei nye måtane å jobbe på er gode. Det viktige er ikkje kvar ein sit. Årvik trekkjer fram økonomi og rekruttering som utfordringar i tida framover. – Som i alle distriktskommunar blir økonomi ei utfordring. På kort sikt har vi også ei rekrutteringsutfordring. Vi må satse på bulyst og infrastrukturtiltak, og mellom anna jobbe for å knyte oss nærmare til større stader som Førdeog Ålesundsregionen gjennom eksempelvis fjordkryssing. Byggjeklare tomter Betty Hessevik seier ho har oppfatta at folk i hennar heim-

bygd Bryggja er positive til arbeidet som er gjort så langt. – Eg synes vi har god flyt med tillit mellom politikarar, administrasjon og innbyggjarar. Administrasjonen er flink til å ta tak i og følgje opp innspel vi kjem med. Den største utfordringa vi har er vindmøllesaka på Stadlandet som vi i den nye kommunen har fått i fanget. Det er noko vi ikkje rår over sidan avgjerdene er tekne tidlegare. Ifølgje Hessevik er ei viktig sak for hennar heimbygd Bryggja å legge til rette for byggjeklare tomter. Ho meiner det ikkje er noko motsetnad mellom vekst i Nordfjordeid sentrum og utviklinga i bygdene. – Vi må utvikle begge deler. Nordfjordeid sentrum er snart fullt. Så er spørsmålet om vi skal byggje ned matjord eller satse andre stader. Det skjer til dømes mykje spennande næringsutvikling på Kalneset no. Hessevik peikar på at så lenge de finst pengar, er det lettare å unngå konflikter. – Dagen då vi må kutte blir det annleis. Vi må sørge for at tenestetilbodet til innbyggjarane blir minst mogleg råka, og følgje opp målsettinga om å utvikle heile kommunen. Gode oppvekstvilkår Paul Jacob Helgesen meiner ein viktig jobb blir å skape gode oppvekstvilkår for born og unge. – Så langt er det godt samarbeid og optimisme. Utfordringa blir å skaffe seg økonomisk handlingsrom vidare. Mykje er uklart om korleis økonomien blir. Vi må jobbe for å forankre semje om å skjerme tenester som handlar om barn og unge. Eg trur det blir ein nøkkel. Vi må sørge for at dei unge gjennom gode oppvekstvilkår skaper gode minne som gjer at dei vil etablere seg i kommunen vår i framtida. Det handlar om å byggje identitet. – For å oppnå dette må skuleverket, kommune, lokale lag og organisasjonar og næringsliv jobbe saman for å skape bulyst. Vi er ein langstrakt kommune, og det er viktig at vi skaper bulyst i heile kommunen frå inst inne til lengst ute med kysten. Då blir det ein viktig jobb å oppretthalde tenestetilbodet i alle delar av kommunen, meiner Helgesen.

Informasjonsmagasin frå Stad kommune

11


Distriktspionér

Distriktspionér: Linda Hofstad Helleland (H) fekk overrekt T-skjorte med påskrifta Distriktspionér av ordførar i Stad kommune Alfred Bjørlo. Her har distriktsministeren akkurat sleppt nyhenda om at det første Statens hus skal lokaliserast til Nordfjordeid. Det utløyste jubel.

Får Statens hus fordi

kommunen var «framme i skorne» Distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland seier Stad kommune blir første pilotkommune for Statens hus fordi kommunen har vist stort engasjement og gode planar. – Nøkkelen til suksess er at ein prøvar å få til noko, ikkje sitje og vente til ting skjer. Det er difor Stad er blitt pilotkommune for Statens hus. Det gler ein distriktsminister å komme til ein kommune som er så «framme i skorne». De går inn i planane med ei slik kraft at de lukkast, sa Hofstad Helleland (H) då ho kunngjorde at Stad blir den første av fire pilotkommunar i Noreg til å teste ut ei samlokalisering av statlege institusjonar. Kunngjeringa skjedde i samband med at statsråden vitja Nordfjordeid 15. juni, og kom medan ho stod på scena i Operahuset. Dei tre andre kommunane var ikkje valde ut då Stad vart lansert som den første.

12

Informasjonsmagasin frå Stad kommune

Kraftsenter Hofstad Helleland seier ho har stor tru på samlokalisering, både med omsyn til å knyte statlege instansar tettare saman slik at ein kan oppnå effektivisering, og at ein kan flytte statlege arbeidsplassar ut i distrikta. – Kvifor skal ein sitje på kvar si vesle tue når ein heller kan jobbe saman? Skal stader i distrikts-Norge gjere seg attraktive, må ein i tillegg til vekstkraftig næringsliv slik de har her i Nordfjord, også ha ein arbeidsplass nummer to for familiar som ynskjer å etablere seg. Det kan dette medverke til, trur distriktsministeren. – Klarer ein å skape kraftsenter for utvikling der dei digitale


Lett å rekruttere: Monica Mundal, kontorleiar ved Skatteetaten avdeling Nordfjordeid (nr. to frå venstre), fekk svært mange godt kvalifiserte søkjarar då ho lyste ut stillingar. Dei andre på biletet f.v. Alfred Bjørlo, Terje Breivik, Linda Hofstad Helleland, Åslaug Krogsæter (kommunedirektør Stad) og Kristine Dahl (kommunalsjef samfunnsutvikling Stad).

Feira: Det vart feiring med alkoholfri champagne i sommarvarmen utanfor Operahuset etter at statsråden kunngjorde at Stad får Statens hus. Framme frå venstre Frida Melvær (stortingsrepresentant), Linda Hofstad Helleland (distrikts- og digitaliseringsminister), Alfred Bjørlo (ordførar Stad kommune). Bak frå venstre Tore Hjelle (Stad Høgre), Terje Breivik (parlamentarisk leiar Venstre), Jon Frogner (Stad Venstre).

tilhøva også ligg til rette, gjer det at staten ser på statlege arbeidsplassar på ein annan måte. Kanskje skal vi flytte ut arbeidsplassar? Sidan Stad kommune heile tida har vore ein pådrivar for tanken om Statens hus, er det naturleg at de blir den første piloten som blir peika ut. Vi kjem ikkje med ei fiks ferdig løysing, dette er noko vi må utvikle saman i fellesskap. Lett å rekruttere Statsråden vitja først Skatteetaten i samband med besøket i Stad kommune. Der informerte kontorleiar Monica Mundal om utviklinga med robotar som jobbar med nasjonale oppgåver frå Eid. Samstundes som robotane gjer standardisert arbeid, kan dei tilsette konsentrere seg om meir fagleg utfordrande arbeidsoppgåver. Mundal opplyste at det har vore lett å rekruttere godt utdanna arbeidskraft til Nordfjordeid. – Då vi lyste ut stillingar sist, fekk vi så mange gode søkjarar at vi fekk lov å tilsette ein ekstra, opplyste Mundal. Argumentets kraft – Vi har i dag statlege arbeidsplassar som til dømes Jordskifteretten, Skatteetaten, NAV og Politiet. I dag sit dei spreidd. Fleire av dei har leigekontrakter som går ut med det første, så det høver godt å gå i gang med dette arbeidet no, seier Bjørlo. Korleis samlokaliseringa skal skje, er det for tidleg å seie noko om. Det er til dømes ikkje teke noko avgjerd kring spørsmålet om ein skal byggje nytt bygg eller leige eit eksisterande. Parlamentarisk leiar Terje Breivik i Venstre sa at Statens hus-tanken med moglegheit for utflytting av arbeidsplassar var noko som kom inn i regjeringsforhandlingar i samband med Granvollen-plattforma i byrjinga av 2019. – Dette kom inn som følgje av påtrykk frå ordførar Alfred Bjørlo i dåverande Eid kommune. Han brukte mykje tid og klarte å overbevise oss i Oslo om at dette skal satsast på. Det var argumentets kraft.

Vitja Sagastad: Distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland besøkte også Sagastad i samband med vitjinga på Eid.

På datasenteret: Linda Hofstad Helleland (t.v.) er også digitaliseringsminister og nytta høvet til å vitje Lefdal Mine Datacenter. Her saman med f.v. Jørn Skaane (dagleg leiar Lefdal Mine Datacenter), Terje Breivik (V), Mats Andersson (marknadssjef Lefdal Mine Datacenter), Bjørn Lødemel (dagleg leiar Sogn og Fjordane Næringsråd) og Alfred Bjørlo.

Informasjonsmagasin frå Stad kommune

13


Alle bidreg

«Vår sin butikk» spreier glede

Du blir glad av å gå inn på «Vår sin butikk» i Korsen på Leikanger og kjøpe deg ein skulebolle.

Gjer alle arbeidsoppgåver: Wibecke Hansen gjev vekslepengar tilbake til Ariel Haaland. Til venstre mamma Jessica Haaland med Nelly på armen. Bjørg-Elise Kongsvoll til høgre.

Det er fredag morgon på Stadlandet. På eit kjøken i andre etasje på skulen i bygda er Bjørg-Elise Kongsvoll og Wibecke Hansen i full gang med dagens bakverk, under kyndig rettleiing av Eli Thelen Sjåstad, også omtalt som «Sjefen». Når baksten er ferdig, kjem Victoria Brandal saman med Britt Sjåstad frå pleie- og omsorgssektoren for å frakte ferske bakevarer ut til verksemder i området. Dette er faste tingingar som går ut kvar fredag, slik at tilsette i verksemdene kan nyte velsmakande kaffimat før dei tek helg.

14

Informasjonsmagasin frå Stad kommune

Resten av baksten blir frakta til utsalet i Korsen til opninga klokka 13.00. Der styrer Bjørg-Else og Wibecke med alt frå å levere ut varer til kundane til å ta imot betaling. – Viktig å ta del i arbeidslivet «Vår sin butikk» er eit kommunalt dagtilbod starta for sju år sidan der psykisk utviklingshemma både produserer bakevarene og sel dei gjennom eige utsal. Her er det ope kvar torsdag og fredag. I tillegg lagar dei mat på bestilling andre dagar i veka for leveransar i lokalmiljøet. Det var Ranveig


På jobb: Wibecke Hansen (f.v.), Eli Thelen Sjåstad og Bjørg-Elise Kongsvoll i ferd med å sluttføre dagens bakst på kjøkenet dei disponerer på Stadlandet skule. Snart går ferske bakevarer vidare til bakeriutsalet i Korsen på Leikanger.

Velle Vedeld som fekk ideen og starta bakeriet for sju år sidan. Ho er framleis med annakvar onsdag. To dagar i veka har damene fri og er heime i sine eigne leiligheiter der dei er sysselsett med vasking og rydding. Tilbodet måtte stenge ned i samband med korona, men midt i mai opna dei forsiktig opp att, og fram mot sommarferien var dei tilbake for fullt. I sommar tek dei ferie, før det er vanleg drift att ved skulestart. Eli Thelen Sjåstad synes det er viktig at dei som har spesielle utfordringar i kvardagen tek del i arbeidslivet. – Eg kan ikkje få snakka nok om kor viktig det er at dei er med og bidreg i samfunnet. Det brenn eg verkeleg for. Alternativet er at dei sit heime og ser tv og et til dei bli sjuke, seier ho som har ansvaret for å følgje dei opp i bakeri og butikk. Thelen er tilsett i vaksenopplæringa i Stad kommune. Glade i å jobbe – Det er ingen grunnar til at dei ikkje skal bidra. Sjølvsagt må det vere tilrettelagt. Og dei som er her, likar å gjere ein innsats og føle seg nyttig. Dei er veldig ivrige og glade i å jobbe. Vi har veldig lite sjukefråver, for å seie det slik. Og tilbakemeldingane frå faste kundar er at dei set stor pris på at vi er her. Thelen Sjåstad er utdanna kokk og jobba i ti år med å lage mat på Selje Hotell, då Gerd Kjellaug og Harald Berge dreiv hotellet. Med ein fagperson i miljøet er ein sikra at baksten held den kvaliteten ein kan vente frå eit bakeriutsal. Dei er også underlagt krav frå Mattilsynet som må følgjast.

Både skulebollane og kanelsnurrane vi smakte, var av topp klasse. – Vi har ope utsalet torsdag og fredag. Dei dagane vi ikkje bakar, gjer vi førebuingar. Det går mykje tid med til å handle inn, måle opp og til anna planlegging. Folk støttar opp Ifølgje Thelen Sjåstad er folk flinke å støtte opp om bakeriet. – Stort sett sel vi ut alt, sjølv om det kan variere noko. Blir det noko til overs, frys vi det ned fersk og sel det som frysevarer. Alt blir selt til slutt. Noko kommersiell butikk i vanleg forstand er ikkje dette, sjølv om dei har alt frå heveomn til bakaromn, utsalsdisk, kassaapparat og kortterminal. Målet er å ha nok inntekter til å dekke kostnadene. Elles er dei ein del av det kommunale systemet. Bjørg-Elise Kongsvoll hadde som oppgåve å legge melis og kokosfyll på skulebollane då vi var innom bakeriet. Den jobben gjennomførte ho med stor iver. – Eg likar å jobbe med baking og å vere i butikken. Det eg likar minst er å rydde opp etterpå, men vi må gjere det også, innser ho. Jessica Haaland var innom bakeriet saman med borna Ariel (5) og Nelly (1) då vi var der. Dei er her kvar veke, fortel dei. – Vi likar tilbodet med å ha eit bakeri i bygda. Bollane er kjempegode, store og deilige. Og dei som jobbar her er veldig snille, seier Jessica.

Informasjonsmagasin frå Stad kommune

15


Rekruttering

Jobb for to vart avgjerande for heimflytting Katrine Solheim frå Haugen og Ingrid Hjelmeland frå Eid flytta heim til leiande stillingar i Stad kommune. Like viktig var det at mennene deira fekk jobb i næringslivet.

– Begge fekk jobbtilbod same dag! Då var det berre å flytte heim, seier Ingrid Hjelmeland. Sjukepleiaren byrja i jobben som assisterande einingsleiar i heimetenesta 1. mars. Sambuaren frå Stårheim fekk jobb som seljar hjå Norgesvinduet Bjørlo. Då var vegen kort heim frå Oslo der dei budde. Ingrid flytta frå Eid i 2012, og har mellom anna nytta åra i Oslo til å utdanne seg til sjukepleiar og jobbe tre år på Ullevål sykehus. – At begge fekk jobb, var avgjerande. Byggjer hus Nettopp jobbar for to vert trekt fram som ein nøkkel til å lukkast med tilflytting. Då er ein variert arbeidsmarknad av

16

Informasjonsmagasin frå Stad kommune

ein viss storleik avgjerande. Ingrid peikar på at flytting til ein mindre stad også kan gje karrieremoglegheiter. – Eg hoppa nok over nokre hakk på karrierestigen då eg fekk denne jobben i Stad kommune. Eg hadde ikkje fått same sjansen i Oslo med det første. Mange tenker nok at det ikkje finst relevante og spennande jobbar ute i distriktet, men det er nok ei feil oppfatning. Både i Stad og Nordfjord elles er det mange kompetansearbeidsplassar i det offentlege og i næringslivet. Førebels bur paret heime hjå foreldra hennar, medan dei ventar på at tomannsbustaden på Golvsengane skal bli ferdig.


Budde i utlandet Katrine flytta frå Haugen i 2003 etter ferdig vidaregåande skule. Medan Ingrid seier ho alltid såg føre seg å busetje seg på Eid då ho flytta ut, seier Katrine at det først er dei fem siste åra at dette er blitt eit stadig meir aktuelt alternativ. – Eg var open for alt då eg flytta. Etter vidaregåande reiste eg eit semester til Mexico. Eg reiste også seinare i MellomAmerika og Sør-Amerika. Men innimellom har eg vore tilbake og jobba. Eg har mange somrar bak med i heimetenesta. Ho utdanna seg til sivilingeniør på Universitetet i miljø- og biovitenskap på Ås. I samband med studieutveksling traff ho mannen Vincente frå Malaga som er arkitekt. Dei to har budd i Oslo, Sandvika og sist i Malaga i Spania før dei flytta til Haugen. 1. mai byrja ho i jobb som prosjektleiar for planarbeid innan strategisk samfunnsutvikling i kommunen. Mannen vart rekruttert av Kvernevik-gruppa som no satsar med base på Kalneset ved Bryggja. Der leiar han utviklingsarbeidet gjennom det nystarta selskapet Stadsutviklaren. Dei har to små born. Livskvalitet – Det var etter at vi fekk ungar at tanken om å flytte hit byrja melde seg. Eg har vakse opp her og veit kor bra det er. Eg ynskjer at mine ungar skal oppleve det same. Det handlar om livskvalitet. Katrine seier ho ikkje ser noko motsetnad mellom å busetje seg på Haugen og halde fram med å reise. – Vi er absolutt ikkje ferdig med å reise. Sjølv om det i småbarnsperioden vi er i no avgrensar seg naturleg. Begge fortel at dei allereie har nettverk av vener her, og at fleire vener har gjort det same som dei – flytta heim. – Eg føler det er ei bølgje av heimflytting no, seier Katrine. – Ei venninne av meg flytta heim og byrja i jobb her same dag som meg, fortel Ingrid.

Positiv stemning Dei seier det var med i vurderinga at dei hadde ein bra stad å flytte tilbake til, med kulturtilbod, handel og fin natur. – Her skjer mykje sjølv om det er ein relativt liten plass. Det er nær stader som Stryn og Måløy. Og vi kan både surfe og gå i fjella. Begge seier dei trivast godt i ny jobb. – Det er veldig god stemning på arbeidsplassen. Det er ein giv og ein positivitet rundt Stad kommune som vitnar om at dette er noko dei som jobbar her ynskjer å få til.

Komne for å bli: Rekruttering blir ei viktig oppgåve for nye Stad kommune i tida framover. To av dei som nyleg er rekrutterte er heimflyttarane Ingrid Hjelmeland (t.v.) og Katrine Solheim. Begge seier planen er å etablere seg og bli verande.

Informasjonsmagasin frå Stad kommune

17


Aktivitet og trivsel

Sjøsport sentralt for BUA Selje Med plassering i enden av Seljesanden ligg den nyopna BUA ideelt til for utlån av utstyr til vassaktivitetar. Stor interesse: Lokale ungdom var ivrige etter å kome inn og prøve ut det nye tilbodet på opningsdagen 26. juni.

Med plassering i enden av Seljesanden ligg den nyopna BUA ideelt til for utlån av utstyr til vassaktivitetar. BUA-ansvarleg i Selje Maria Helgesen stadfestar at dei har tenkt sjøsport i samband med planlegginga av det nye tilbodet. – I dette bygget var det eit sjøsportsenter på 1980-talet som mange hugsar. Vi håpar vi med dette tilbodet kan få tilbake noko av den same stemninga på finvêrsdagar, med musikk, folk, liv og røre, seier ho. Kajakkar, vasski, wakebord, SUP-brett, strandvolleyballar, våtdrakter, redningsvestar og Tube - ein oppblåsbar ring du sit på bak båt - er av det du kan låne gratis i BUA. Det eksisterer allereie eit liknande BUA-tilbod i Stad kommune, dette ligg i LA-senteret på Eid. – Vi samarbeider tett med BUA på Eid og Frivilligsentralen der. Erfaringane deira har vore nyttige i samband med etablering av BUA i ytre. Skal ein låne kajakk må ein ha våttkort og vere over 18 år. Lån av SUP, vasski, wakeboard og Tube krev at ein er 16 år og kan symje. Er ein under 16 år må ein ha ansvarleg lånetakar som skriv under eigenerklæring. Frivillige Bygget i sørenden av Seljesanden er kommunalt. Det er sanitæranlegg med toalett i den eine delen av bygget. Rommet der BUA er opna er fram til no nytta som lager. – Det ligg ideelt til rett ved stranda, og er slik sett ve-

18

Informasjonsmagasin frå Stad kommune

leigna. Det er litt lite, men vi ser på alternativ for korleis vi kan løyse den utfordringa. Det er ikkje berre utstyr til sjøsport du kan låne. Her er alt frå syklar med og utan elmotor, til lavvoar, telt, primus, soveposar, longboard og pennybord. BUA er ein nasjonal ideell organisasjon som jobbar for at born og unge skal få moglegheit til å prøve fleire og meir varierte aktivitetar. Det gjer ein ved å gjere det enklare å låne utstyr til sport og friluftsliv. BUA er organisert i eit nettverk av lag og organisasjonar i samarbeid med det offentlege. Den kommunale Frivilligsentralen har ei sentral rolle i BUA i Stad kommune. Gruppa Trivsel Selje og frivillig ungdom har meldt seg til å jobbe, pluss at Hove Aktivitetssenter får oppgåver. BUA-ansvarleg Maria Helgesen er kommunalt tilsett som dagleg leiar i Selje Frivilligsentral. I utgangspunktet er tanken at det skal vere ope frå 08.00 til 15.30 måndag til fredag. Dersom BUA ikkje er bemanna, kan ein henvende seg på innbyggjartorget i kommunehuset. Må ha brukarprofil Helgesen fortel at kommunen hadde ein del utstyr til utlån allereie gjennom tidlegare ordning. Dette er no på plass i BUA. I tillegg har ein fått stønad frå næringslivet til innkjøp av utstyr, mellom anna frå Sparebankstiftinga og Risk Bygg. – Vi har også søkt om midlar hjå lokalt næringsliv og


Skal styre BUA: Tre av dei som har oppgåver i samband med at BUA opnar ved Seljesanden. Rundt dei ser vi noko av utstyret som er til utlåns. Frå venstre Amalie Fure (frivillig), Maria Helgesen (BUA-ansvarleg) og Malin Fure (nestleiar ungdomsrådet i Stad og frivillig).

håpar dei vil sjå verdien av tilbodet slik at vi kan utvikle det vidare, seier Helgesen. Det nye BUA-tilbodet er i utgangspunktet tenkt til innbyggjarane i ytre delar av Stad kommune. Helgesen seier dei vil følgje standard retningsliner BUA har for utlån, med lokal tilpassing. Mellom anna er det grunn til å tru at ein del tilreisande, som det er mange av akkurat her, kan vere interessert i å låne utstyr.

– Alle norske innbyggjarar kan logge seg inn på nettstaden BUA.io og lage seg profil. Har du profil, kan du låne. Når det gjeld utanlandske turistar utan adresse i Noreg, kan dei bli lagt til som medlånetakar eller gjestebrukar, seier Helgesen og legg til at ein får meir info ved Selje Frivilligsentral eller på turistinformasjonen.

Språkpraktikant: Marah Alharstani skal vere språkpraktikant på BUA i Selje. Her saman med BUA-ansvarleg Maria Helgesen.

Informasjonsmagasin frå Stad kommune

19


Samlokaliserte tilbod

Innbyggjartorget er blitt ein møteplass

Dei tilsette ved innbyggjartorget på kommunehuset i Selje seier erfaringane med drifta så langt er gode. – Det er blitt ein møteplass, fortel bibliotekar Eli Eide Årevik. – Dei siste 14 dagane har det vore eit yrande liv her. Det er blitt ein heilt ny kvardag. I dei gamle lokala heldt biblioteket ope to dagar i veka. No er det ope kvar dag. Vi har opna eiga barneavdeling, og for tida arrangerer vi sommarles. Dette er ein digital lesekampanje for born frå 1.- til 7.klasse, med premiar. Det er blitt veldig populært, fortel bibliotekaren. Innbyggjartorget handlar kort fortalt om at ein har pussa opp lokalet og samordna kommunale tenester i første etasje i kommunehuset i Selje. Medan det tidlegare var inngang til kommunen på sida av bygget, er det no hovudinngang midt på der du blir møtt av ein resepsjon

20

Informasjonsmagasin frå Stad kommune

Jobbar saman: Eli Eide Årevik (t.v.) og Hannah Kristine Bjørke Lunde deler på arbeidsoppgåvene i resepsjonen på innbyggjartorget. Sjølv om dei begge har sine spesialfelt, tilpassar dei seg ulike arbeidsoppgåver.

med to tilsette. Her er det også turistinformasjon. Då vi var innom ein dag i sommar, var det kø av turistar i resepsjonen. Etter at tidlegare Selje kommune lenge var leigetakar i bygget, er det no eigd av Stad kommune. Fri wifi Ved sidan av eit rikhaldig bibliotek innover i lokalet, er det også fleire møterom og arbeidsplassar med gratis wifi. Her kan kommunalt tilsette, lag og organisasjonar, næringsliv eller andre kome og halde møte eller logge seg på nett for å jobbe.


Også Frivilligsentralen og eining for lokal samfunnsutvikling er på plass i lokala på gateplan. Andre kommunale arbeidstakarar har arbeidsplassar oppover i etasjene. Bak i lokalet er det laga til Sunniva-utstilling og pilegrimsstove som eit første steg i utviklinga av eit regionalt pilegrimssenter. Selje er peika ut som regionalt pilegrimssenter som ein av fire stader langs Kystpilegrimsleia frå Egersund til Trondheim. Forskningsprosjekt – Vi opna innbyggjartorget 10. mars og stengte ned att to dagar seinare på grunn av korona. Slik sett var vi uheldig med tidspunktet. Men no verkar det som folk byrjar oppdage at vi har opna att. Vi har fått eit visst inntrykk av korleis ting fungerer. Erfaringane er gode. Det er veldig kjekt å jobbe her, med mykje folk innom og ei positiv stemning, seier Årevik. Hannah Kristine Bjørke Lunde jobbar på innbyggjartorget i sommar. Ho kombinerer sommarjobben med feltarbeid i

samband med doktorgradsstudiar om pilegrimar, St. Sunniva og Selja. Prosjektet er ein del av eit større forskingsprosjekt ved Universitetet i Oslo som ser på pilegrimsstader i Noreg. Det er naturleg nok Selja kloster som er hennar spesialområde, og Selja som ein av 26 nøkkelstader langs Kystpilegrimsleia. – Eg er spent på kor mange som kjem hit som pilegrimar. Det ser vi mellom anna ved at det er laga til eit pilegrimspass der ein får stempel ulike stader. Då kjem dei hit for å stemple. Eg gjekk sjølv Sunnivaleia i fjor, fortel ho. Utfyller kvarandre Sjølv om Hannah ikkje hadde jobba så mange dagar på innbyggjartorget då vi var innom, hadde ho vore der lenge nok til å danne seg eit inntrykk av systemet. – Eg syns det fungerer veldig fint. Det er eit samspel mellom biblioteket og dei kommunale tenestene. Vi er to i resepsjonen som utfyller kvarandre.

Over t.v.: Turistinformasjon: Ekteparet Thor Kåre og Marit Kalvik frå Kristiansand skulle til klosteret og vidare til ein stad dei hadde sett på bilete der vegen gjekk i svingar nedover. Det må vere Hoddevik, konstaterte Hannah Kristine Bjørke Lunde. Eli Eide Årevik bak.

T.v.: Held til her: Innbyggjartorget er rett innanfor denne døra. Kommunen har kjøpt bygget i Selje sentrum der det tidlegare var skjortefabrikk. Oppe t.h.: Pilegrimssenter: Bak innbyggjartorget er det laga til pilegrimsstove og Sunniva-utstilling, som eit første teikn på at Selje er regionalt pilegrimssenter.

Informasjonsmagasin frå Stad kommune

21


Framtidas helsetenester

Kjenner seg tryggare med medisinsk avstandsoppfølging Kristen Sætre og Kari Englund er to av 11 som er med på pilotprosjektet medisinsk avstandsoppfølging i Stad kommune. Begge seier dei føler den digitale oppfølginga gjev auka tryggleik. – Eg har eit måleapparat med klemme som eg set fingeren inn i og måler oksygenmetting ein gong i døgnet. Målinga vert registrert automatisk på iPaden. Så svarer eg på seks spørsmål i det same programmet. Det er veldig enkelt og ikkje tidkrevjande. Sjølv er eg ikkje nokon erfaren brukar av teknologi, men dette klarer eg lett, fortel Kristen Sætre. Ipaden og måleutstyret får han låne av kommunen.

Nasjonalt program Sætre vart diagnostisert med sjukdomen kols for halvanna år sidan. I september vart han med i det nasjonale pilotprogrammet for velferdsteknologi der Stad er ein av seks norske kommunar. Det var Eid kommune som vart med i programmet, etter kommunereforma er det overteke av Stad kommune. Førebels er berre folk i Eid med på prosjektet, men tanken er at også folk i målgruppa i ytre delar av kommunen kan kome med. Effekten av spart tid og tryggleik vil vere høgare til lenger bort frå legekontoret du kjem. Nettopp bruk av digitalisering var ei uttalt målsetting i førearbeidet med den nye og langstrakte kommunen, der det er eit par timar køyretur frå Holmøyane i aust til Honningsvåg i vest.

Med i pilotprosjekt: Kristen Sætre har diagnosen kols og får oppfølging i eigen heim gjennom prosjektet medisinsk avstandsoppfølging. Sjukepleiar Kitt Rimstad jobbar med prosjektet i Stad kommune.

Skal fange opp endringar raskt Sætre viser eit diagram på ipaden som har utvikla seg over tid med måleresultata. Kurva er temmeleg bein og stabil. Det er bra. Tanken er at programmet skal fange opp endringar i sjukdomen raskt, og at ein skal vere i forkant med naudsynt behandling. – Det gjev meg tryggleik. I tillegg er det greitt at eg kan sitje heime og gjere dette, så slepp eg å springe på legekontoret støtt og stadig, seier han. Videolink til helsepersonell har Sætre førebels ikkje fått på sin ipad, men ifølgje Kitt Rimstad som jobbar med medisinsk avstandsoppfølging i Stad kommune, er dette også tilgjengelig i den nyaste versjonen av programmet Dignio. – Trygt også for familien Også Kari Englund nyttar ordet «betryggande» når ho skal fortelje om erfaringane sine med medisinsk avstandsoppfølging. Ho fortel at ho har hatt kols i snart 30 år.

22

Informasjonsmagasin frå Stad kommune

Tryggleik: Kari Englund fortel at den digitale oppfølginga i heimen gjer at både ho sjølv og døtrene kjenner seg tryggare.


– Eit problem for meg er at eg er plaga med lungebetennelse. Då blir eg veldig dårlig. Og lungebetennelsen kjem brått. I løpet av ein dag kan eg bli veldig sjuk. I tillegg har eg vanen med at eg gjerne ventar ein dag eller to med å gå til legen. Dette er også noko som uroar døtrene mine. Det er også trygt for dei å vite at eg får denne oppfølginga, seier Englund. – Eg har bede om å få sende inn målingar to gongar for dag, fortel ho. – Når eigenbehandlingsplanen er sett opp og godkjent, er tenesta knytt opp mot eit alarmsystem til helsepersonell, slik at dei blir varsla om avvik hjå pasienten. Dei målingane som Sætre og Englund tek heime vert sende til Oppfølgingssenteret som i dette prosjektet er plassert på Nordfjord legevakt. Det er med andre ord erfarne sjukepleiarar som våkar over dei målingane som pasientane gjer heime. Tanken er at vi skal oppdage forverring tidleg, seier Rimstad. 40 prosent av stillinga hennar som sjukepleiar i kommunen er knytt til arbeidet med medisinsk avstandsoppfølging. Eigenbehandlingsplan Kommunen arbeider med prosjektet på oppdrag frå Helsedirektoratet. Noverande prosjekt blir avslutta 30. juni neste år. Det overordna målet er å lage nasjonale retningsliner for korleis medisinsk avstandsoppfølging skal utførast. Helsepersonell gjennomfører ei kartlegging og lagar ein plan for individuell oppfølging saman med pasienten. Det blir utarbeidd ein eigenbehandlingsplan saman med fastlegen. Legen har det medisinskfaglege ansvaret. – I tillegg til pasientar med kols har vi med folk med diabetes, psykisk sjukdom og slike som måler blodtrykk, seier Rimstad. Ho seier prosjektet så langt verkar lovande, og ho trur denne måten å jobbe på er noko ein kan utvikle vidare i arbeidet med helsetenester.

Måler oksygen: Kristen Sætre viser måleapparatet han set på fingeren ein gong kvar dag for å måle oksygenmetting. Resultatet vert lagt automatisk inn på iPaden og sendt med eit tastetrykk til Oppfølgingssenteret på Nordfjord legevakt.

Ministerbesøk Fredag 26. juni vitja helseminister Bent Høie Stad kommune og legekontoret for å få ei orientering om arbeidet med det nasjonale pilotprosjektet. Stad kommune er ei av tre kommunar i Norge som gjennomfører medisinsk avstandsoppfølging i kombinasjon med pilotprosjektet Primærhelseteam. Primærhelseteam i fastlegepraksis består av fastlegar, sjukepleiarar og helsesekretærar, der teamet blir leia av ein fastlege. Hensikta med ei slik organisering er å tilby betre fastlegetenester til pasientar som treng det mest.

Helseminister Bent Høie. Foto: Borgos Foto AS

– Medisinsk avstandsoppfølging viser gode resultat for brukarane, og personar med kroniske sykdomar opplever auka mestring og tryggleik i kvardagen. Vi vil derfor fortsette å teste ut korleis avstandsoppfølging kan bli enda meir integrert i den ordinære helse- og omsorgstenesta, der fastlegen har ei aktiv rolle, seier helseminister Bent Høie. Han har stor tru på at kombinasjonen av dei to prosjekta er ein effektiv og god modell for drift av framtidig helseteneste.

– Dette er viktige skritt mot ei meir digital helseteneste der vi gjer det lettare å gje pasientar god behandling uansett kvar behandlinga vert utført. Lange avstandar, økonomi og utfordringar knytt til rekruttering av helsepersonell gjer det naudsynt å tenkje nytt om korleis ein skal gje gode og trygge helsetenester i framtida, seier Anne Ruth Botn Bjørlo som er prosjektleiar for Medisinsk avstandsoppfølging i Stad kommune.

Informasjonsmagasin frå Stad kommune

23


Reiseliv

Profilerer nærturisme gjennom

einstadistad # Emneknaggen #einstadistad er oppretta for å profilere lokale reiselivsaktivitetar i Stad kommune. – Tanken kom opp på grunn av korona, sidan reiselivet er blitt hardt råka. Det er mykje snakk om noregsferie denne sommaren. Vi har sett på kva ein kan gjere, til dømes knytt opp mot å feriere i eigen kommune, seier Arild Vonheim. Han byrja i jobben som rådgjevar for lokal samfunnsutvikling i Stad kommune 1. februar. – Vi byrja ramse opp kva aktivitetar som finst i kommunen, og fann ut at lista er lang. Som følgje av det kom ideen om hashtaggen #einstadistad opp.

#Einstadistad: Arild Vonheim viser Instagram-sida einstadistad på mobilen sin. Kontoen er oppretta for å profilere reiselivet i kommunen.

24

Informasjonsmagasin frå Stad kommune

Bilete gjennom Instagram Det er oppretta ei såkalla landingsside på internett med adressa www.einstadistad.no. Det er emneknaggen #einstadistad som fyller sida med innhald gjennom bilete publisert på det sosiale mediet Instagram. I praksis tek du eit bilete, merker det med emneknaggen #einstadistad, og deler det på Instagram. Då legg det seg på Instagram-profilen og nettstaden til einstadistad. Ved sidan av Vonheim sjølv har Magni Hjertenes Fluym ved Norsk Fjordhestsenter og Eli Førde Aarskog ved Sagastad vore med og fylt sida med informasjon om lokale tilbod. Hengekøye i premie Sida blir også linka opp til mellom anna nettstaden til Visit Nordfjord. Denne type marknadsføring gjennom bilete er reikna for å ha god effekt, det gjeld berre å skaffe seg følgjarar, få folk til å bruke emneknaggen og få folk inn på sida. Difor blir det kvar søndag gjennom sommaren trekt ut ein vinnar mellom dei som har nytta emneknaggen. Premien er ei hengekøye. – Vi har oppretta tenesta, så er det opp til brukarane å fylle


Aktivitetstilbod: Åse Huse i verksemda Ut av Huse er av dei som er med og fyller reiselivsproduktet i Stad kommune med innhald. Her frå guida kajakktur på Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet.

Idyll: På fine sommarkveldar som denne er det rein idyll å padle kajakk på Hornindalsvatnet.

– Då eg starta verksemda i april 2018, tenkte eg eigentleg meir kunst enn kajakk. Men på den tida jobba eg på Frivilligsentralen og hadde ansvar for tilrettelegging i samband med opning av BUA. Då kom det fram krav om våttkort for å låne kajakk på BUA. Eg sa ja til å halde kurs som gjev våttkort som ein del av verksemda. Og eg ser at marknaden der er stor og aukande. I alle fall i år når folk skal feriere i Noreg. den med innhald. Vi håpar både foreiningar, verksemder og privatpersonar vil nytte emneknaggen, for dette kan vere ein fin stad både å vise seg fram og for informasjon. Vonheim seier han har inntrykk av at det er stor turiststraum til kommunen for tida. – I alle høve når det gjeld camping, bubil og hytter har eg inntrykk av at det er stor pågang. Folk strøymer til kajakk Ei som byr på aktivitet for både dei som bur i kommunen og tilreisande, er Åse Huse gjennom verksemda Ut av Huse. For tida er det kajakkaktivitet som fyller arbeidsdagane. Men ho tilbyr både sal av eigen kunst frå atelieret på heimgarden i Heggjabygda, kunstkurs og guida turar i skog og fjell i regionen. Ho brukar sosiale medium aktivt.

Hornindalsvatnet – Det er både tilreisande og folk frå lokalmiljøet som nyttar tilbodet, ofte gjennom lag og organisasjonar. Du kan vere med på kurs, eller på guida turar dersom du allereie har våttkort. Aktiviteten rundt kajakk er blitt den største delen av verksemda, utan tvil. Det var ikkje heilt planen. Det er litt delt i sesongar, frå mars til oktober er det mykje kajakk. Om vinteren er det høve til å drive med andre ting. Huse ser ikkje noko ulempe i å drive ei slik verksemd med base i Heggjabygda, der ho har Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet, som nærmaste nabo. – Så lenge du driv med det du likar, er ikkje lokasjon alltid det viktigaste. Tingingane skjer på internett, og kajakkane flyttar vi rundt på tilhengar dit aktiviteten er.

Informasjonsmagasin frå Stad kommune

25


Næringsliv

Har stor tru på

Bryggja som utviklingsområde Oskar Kvernevik i Kvernevik-gruppa grunngjev den storstilte satsinga til verksemda på Kalneset med potensialet Bryggja har som knutepunkt for logistikk.

– Vi såg at for vår verksemd og den marknaden vi opererer i, er Bryggja eit logistisk knutepunkt. Det er kort i alle retningar, til Vågsøy, Eid, Vanylven, Bremanger, Selje og Stadlandet. Vi såg at her kan vi få effektiv drift. Og vi trur andre verksemder også vil sjå dei same moglegheitene, seier Kvernevik. – Ser vi rundt oss er det mangel på denne typen utviklingsareal for større næringar. Vi tenkjer oss ein næringspark for industri med produksjon og administrasjon, og har stor tru på at vi kan skape utvikling og mange nye arbeidsplassar her. Ein fordel her er også at det er usjenert, vi er ikkje til hinder for nokon. Eg vil takke lokalbefolkninga på Bryggja for den gode mottakinga vi har fått, og kommuneadministrasjon og politikarar for god hjelp og velvilje. Ekspanderer kraftig Det var i november 2019 det vart kjent at maskinentreprenøren Kvernevik samlar aktiviteten på industriområdet på Kalneset der Sibelco tidlegare skipa ut olivin frå Lefdal Gruve. Verksemda har ekspandert kraftig den siste tida, og vaks ut av tunet i Kvernevika på Flatraket der faren til Oskar, Oddgeir Kvernevik, grunnla familieverksemda på 1970-talet. Dei har overteke eit 130 mål stort området med kai og eit 1000 kvadratmeter stort industribygg etter Sibelco. Kvernevik har overteke alle forpliktingane til Sibelco på området, og festeavtalen med grunneigarane er vidareført i 80 år. Oskar Kvernevik fortel at det allereie er stor aktivitet på området.

26

Informasjonsmagasin frå Stad kommune

Landemerke: Området på Kalneset er eit landemerke på vegen mellom Eid og Måløy. No er det ny aktivitet her.

– Næringslokala er leigde ut, og vi har to supplyskip i opplag ved kaia. I juli kjem eit tredje skip i opplag. Vi har spanande ting på gang, og er i dialog med fleire samarbeidspartnarar, men det er for tidleg å gå ut med detaljane. Stadsutviklaren Kvernevik har i samband med satsinga skipa selskapet Stadsutviklaren AS med arkitekten Vicente Ferrando i leiarrolla.


Fantastisk stad: Frå toppen av eine tanken Sibelco tidlegare nytta til lagring av olivin har ein utsikt over ein storslagen natur. Frå høgre Oskar Kvernevik (anleggsleiar og eigar), Marius Svoren (prosjektleiar/ingeniør) og Lars Endre Myklebust (arbeidande styreleiar). Dei lovar å legge flid i utviklinga av området slik at det fell inn i den fine naturen på ein god måte.

Næringsareal: Dette 1000 kvadratmeter store bygget ved kaia er no leigd ut.

Han er godt i gang med masterplanen som vil gje retning for utviklinga av området. Stadsutviklaren jobbar også med utviklinga av Almenningen 1 på Eid, eit bygg Kvernevik har kjøpt og skal utvikle til næring og bustader. Selskapet tek på seg utviklingsprosjekt også utanfor Kvernevik-systemet. Kvernevik har dessutan kjøpt Måløy-verksemda UNU i løpet av det siste året, og er såleis posisjonert både som maskinentreprenør og byggentreprenør.

Oskar Kvernevik bur i Hjelmelandsdalen og køyrde forbi Kalneset til jobb kvar dag. Så tok han rett og slett ein telefon til leiinga i Sibelco og spurte om det var mogleg å ta over området. Timingen var god, sidan Sibelco konsentrerer satsinga si om Åheim der det er store olivinførekomstar i dagbrot. – Det er ikkje ofte det dukkar opp ei slik moglegheit, då må ein berre gripe den.

Informasjonsmagasin frå Stad kommune

27


Folkemeining

Fem på gata Kva synes du om den nye kommunen?

28

Barakhi Tesfay

Jon Rasmus Langeset Vik

– Det er bra. Når vi samarbeider og snakkar saman, går alt mykje betre. Eg har budd her i seks år no, og har hatt ein del med kommunen å gjere. Eg veit at det er blitt ein ny og større kommune, men har ikkje merka nokon store endringar. Kommunekontakta mi, Katrine, er den same, og ho er veldig grei. Ho er som ei mor for meg.

– Naturen er framleis fin, men namnet… Eg bur i Stryn og skulle gjerne sett at fleire var med i ein stor kommune. Nordfjord burde samla seg til ein stor region, der sjølvsagt Hornindal også var med. Vi har ei sterk merkevare i Nordfjord som kunne blitt endå sterkare om vi gjekk saman. Skal vi overleve, må vi tenke annleis enn vi har gjort tidlegare.

Informasjonsmagasin frå Stad kommune


Stian Bjørkedal Skårhaug – Jau, eg synes det er eit samarbeid som viser gode tendensar. Eg er med i brannvesenet og der ser eg at vi allereie har fått til eit godt samarbeid. Vi hadde for så vidt godt samarbeid før samanslåinga også, men no er vi knytt endå tettare saman, og det er bra. Eg trur det kan vere smart med mindre einingar i Selje, Eid og på Stadlandet som er knytt saman av felles administrasjon.

Olga Pavlova

Malene Lyngmo

– Eg syns det er veldig bra og positivt. Vi kan skape noko saman når vi står skulder ved skulder. Gjennom heile livet har eg hatt som motto at vi er sterke når vi står saman og jobbar mot felles mål. Det føler eg høver godt også for Stad kommune. Haldninga mi er at når vi jobbar saman, kan vi flytte fjell. Vi kan få til mykje meir enn når vi står åleine.

– Eg tenkjer at det er bra med større einingar og at ein samarbeider. Eg kjenner sjølvsagt til at vi er blitt Stad kommune, og veit at vi har verksemder på kysten som er store innan fiskeri. Men eigentleg har eg ikkje tenkt så mykje på at vi er blitt ei del av ein større kommune. Sjølv føler eg meg ganske upåverka av endringane.

Informasjonsmagasin frå Stad kommune

29


Digitale tenester

Min Eigedom Stad kommune har oppretta ei ny digital teneste «Min Eigedom», der du finn informasjon om eigedomen din samla på ein stad.

Stad kommune jobbar iherdig med å digitalisere tenestene. Dei som har jobba med å få «Min Eigedom» på plass er frå venstre: Fagleiar på kart og oppmåling, Odd-Harald Heggen, konsulent på økonomiavdelinga Ole Morten Erviksæter og ingeniør på kart og oppmåling, Roy Cato Hopland. Innbyggjarane vil enkelt få tilgang til tenesta Min Eigedom ved å logge seg på portalen med Bank-ID.

Fagleiar på kart og oppmåling, Odd-Harald Heggen forklarer at i «Min Eigedom» får du tilgang til dei opplysningane om eigedommen din som kommunen har tilgjengeleg, mellom anna kart, arealgrenser, adresser, heftelser, kommunale avgifter, feiing og tilsyn og avlesingar på vassmålingar. Det er Heggen som saman med konsulent på økonomiavdelinga Ole Morten Erviksæter og ingeniør på kart og oppmåling, Roy Cato Hopland har jobba med å få på plass denne løysinga. Hopland presiserer at Min Eigedom er for dei som har ein grunnboksregistert eigedom. Heggen opplyser at dei jobbar inn mot Nomil for å også få inn opplysningar om slam og renovasjon. Samordnar eigedomsskatt Konsulent i økonomiavdelinga, Ole Morten Erviksæter opplyser at dei jobbar med å samordne grunnlaget for eigedomsskatt i Stad kommune. Eid og Selje er nokså like, medan Bryggja har hatt ei litt anna tilnærming. Frå 01.01.2021 skal Stad kommune ha eit samordna takstgrunnlag for eigedom-

30

Informasjonsmagasin frå Stad kommune

skatt. Dette vil det kome nærmare informasjon om seinare i 2020. Opplysningar om takst og skatt vil også verte ein del av Min Eigedom i frå 2021. Loggar på med Bank-ID Så om du lurer du på når feiaren kjem på besøk neste gong, kor mykje du må betale i gebyr eller kva som gjeld av grenser og kart for din eigedom så kan du gjennom kommunen si heimeside finne all denne informasjonen om din eigedom. Gjennom portalen Min Eigedom loggar du deg på med Bank-ID og finn all relevant informasjon knytt til eigedomen samla på ein stad. Ei slik sjølvbetent løysing er eit viktig steg i arbeidet med digitalisering av kommunale tenester. Via denne tenesta kan du også gi tilbakemelding til kommunen, til dømes om noko er feil. Effektivisering Løysinga vil spare dei tilsette i kommunen for mykje tid, då ein no kan redusere tal på telefonar og e-post med spørsmål knytt til innbyggjaren sin eigedom.


Min Eigedom vil berre gje deg innsyn i dei eigedomane du eig sjølv. Ønsker du innsyn i andre eigedomar eller område, må du framleis ta kontakt med kommunen. Mi side Etter kvart vil du også kunne få tilgang til statlege data om din eigedom. Min eigedom vil på sikt inngå som ein del av «Mi Side»-løysinga – som er eit eige «rom» på nett for deg som innbyggjar, bedrift eller tilsett i Stad kommune, der all kontakt med det offentlege vil vere samla. Stad kommune skal etter planen lansere Mi Side i løpet av 2020.

Jobbar med E-torg Fagleiar Odd-Harald Heggen fortel at Stad kommune også jobbar med å få på plass e-torg. Det skal bli ein nettbutikk der du kan til dømes kjøpe digitale kartdata, arealopplysningar, digitale plandata, situasjonsplan og områdeanalyse når det passar for deg. Det blir lagt opp til sjølvbetjeningsløysingar innanfor byggesak, med mellom anna digitale nabovarsel. ‒ Digitaliseringa handlar om å legge til rette og yte betre service til innbyggjarane. Dette er tenester som er under kontinuerleg utvikling, seier Heggen. E-torg vil skal etter plan vere klart for bruk i haust.

Kort veg til hjelp Stad kommune satsar på 24/7 forvaltning der du vil finne informasjon og få utført tenester på nett til alle døgnets tider. I tillegg er staben på innbyggjartorga på plass for å hjelpe deg og gje rettleiing på dagtid, om du skulle ha behov for å ta kontakt. Unni Hermansen og Mariann Navelsaker er to av dei du møter om du tek kontakt med Stad kommune pr. telefon og e-post.

– Den viktigaste oppgåva vår er å formidle god og korrekt informasjon til innbyggjarane i kommunen, seier konsulent Mariann Navelsaker. Nettsida og innbyggjartorga er første døra inn til kommunen sine tenester. Vi jobbar kontinuerleg med å digitalisere tenester for å gjere det enkelt og effektivt for deg som innbyggar. Vår oppgåve er å rettleie deg om du skulle trenge det. Stad kommune har eitt felles telefonnummer og ei e-postog postadresse, slik at du ikkje skal vere i tvil om korleis du kontaktar kommunen. Alle får svar Dei som jobbar på innbyggjartorget samarbeider godt med

alle einingane i kommunen. Vi ønsker å gje deg hjelp tilpassa ditt behov. Er det spørsmål vi ikkje kan svare på med ein gong, undersøker vi og gjev tilbakemelding i etterkant. Alle skal få svar, avsluttar Mariann. Kontakt info: post@stad.kommune.no Tlf.57 88 58 00 Postadresse: Stad kommune Rådhusvegen 11 6770 Nordfjordeid Nettside – www.stad.kommune.no

Informasjonsmagasin frå Stad kommune

31


Trygt i hamn

www.stad.kommune.no


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.