StadMag 2022

Page 1

StadMag

Informasjonsmagasin frå Stad kommune

Desember 2022

Les meir om:

Urbant landbruk side 20-21

Sentrumsutvikling side 18-19

Statens hus side 16-17

Bærekraftig cruise side 28-30

Demokratiet er ikkje sjølvsagt side 12-13

Velkomne til Stad

Det har vore tre krevjande år. Det er ikkje gjort i ei handevending å slå saman korkje kulturar eller organisasjonar. Men vi vil hevde at vi har klart det.

Vi er ein svært langstrakt kommune, som strekker seg frå inst ved Hornindalsvatnet til ytst ved Stadhavet. Med mange små og litt større bygdesamfunn der folk har engasjement og glød for nettopp si bygd og sitt lokalsam funn. Dette er umåteleg viktig for at vi kan få til god utvikling og for at vi kan leve gode liv. Og det får vi til – når vi dreg i lag.

Det er krevjande tider, med krig i Europa og strammare økonomi både for privatpersonar, bedrifter og samfunn. Dette merkar vi også her hos oss. Kanskje kan vi ikkje gjere alt vi vil så raskt som vi vil. Men det kjem, om vi berre tek oss litt tid, og fortsett å samarbeide godt.

Og litt av nøkkelen for å lukkast er den sterke drivkrafta vi har her hos oss. Med frivillege og innbyggjarar med sterkt engasjement for å

skape trivsel og meiningsfulle liv. Med eit næ ringsliv som er offensivt og nyskapande og i mange tilfelle heilt i verdsklasse. Med ein kom mune med høge ambisjonar og eit solid plan verk som rammer for alt ein gjer. Og med generelt høg tillit mellom folk.

På dei neste sidene kan du lese meir om noko av alt det som skjer her i Stad, frå små prosjekt til gigantprosjekt som Stad skipstunnel. Som alle på sin måte bidreg til at vi kan leve gode og meiningsfulle liv og få til utvikling her hos oss.

Og vi har alltid rom for fleire. Om du er her al lereie eller om du lurer på å komme. Om du vil arbeide, bu, vere frivillig, starte bedrift, stu dere, surfe, gå på tur eller vere lokalpolitikar. Vi har alltid rom for deg og bruk for deg.

Difor seier vi velkomne til Stad!

Gunnar Silden, ordførar og Siri Sandvik, varaordførar

2 Informasjonsmagasin frå Stad kommune
Politisk leiing
I desse dagar er det tre år sidan vi vart Stad, ein ny kommune. No kan vi seie velkomne til Stad. For no har vi verkeleg blitt ein kommune.
Informasjonsmagasin frå Stad kommune 3 StadMag Utgjeve av Stad kommune. Magasinet vert distribuert til alle husstandane i kommunen. Tekst og foto: Jørn-Arne Tomasgard/JA Tomasgard Media AS Framsidefoto: Camilla Monsen Design: Byrr AS www.stad.kommune.no Innhald Oklafondet side 4-5 Kommunedirektøren side 6-7 Trygt og godt i Stad (BTI) . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . side 8-9 Leve heile livet side 10-11 Demokratiet side 12-13 Fem på gata side 14-15 Statens hus side 16-17 Sentrumsutvikling side 18-19 Urbant landbruk side 20-21 VAO-planar side 22-23 Søholmen side 24-25 Friluftsliv . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . side 26-27 Cruise side 28-30 Nye aktivitetsområde side 31 Stad skipstunnel side 32-33 Nordfjordrådet side 34-35 Foto: Helle Frogner

Stadutvikling

Oklafondet bidreg til finansiering av dagsturhytte på Stadlandet

Ei ny dagsturhytte i Lia ovanfor Leikanger er av tiltaka som får midlar frå Okla fondet. 268.000 kroner frå fondet medverkar til at dagsturhytta kan byggjast.

Stad kommune vil motta årlege kompensasjonsmidlar for Okla vindkraftverk på Stadlandet frå Falck Renewables Vind AS. Det er politisk vedteke at kompensasjonsmidlane skal brukast innanfor det geografiske området som per 1. aug. 2022 har postnummer 6750, det vil seie Stadlandet. I år er det sett av 1,45 millionar kroner til fordeling frå fon det. Det vil bli kring 1,1 millionar kroner til fordeling årleg. Då søknadsfristen var ute 5. oktober, var det kome inn 15 søknader.

Trivselstiltak

Leiar i trimgruppa i Stadlandet IL Lars Helge Honningsvåg seier dei 268.000 kronene dei får frå fondet er med på å sikre finansieringa av dagsturhytta. – Vi fekk ideen om at vi på Stadlandet også vil ha ei slik dagsturhytte som det er mange av i kommunar i Vestland og Rogaland. Det handlar om trivsel og at både fastbuande og tilreisande skal ha ein stad å gå til med enkel tilkomst. Stien opp til Lia der dagsturhytta er tenkt plassert, startar ved skulen. Det blir enkelt for skule og barnehage å nytte tilbodet. Den to kilometer lange turen tek 30 60 minutt for ein vanlig turgåar. Dagsturhytta blir eit nytt tilbod i saman

heng med oppvekstsenteret, der det frå før mellom anna er fotballbane, tennisbane og skatepark. Det er også småbåt hamn like ved der stien opp til dagsturhytta startar. Og det er enkelt å få parkert bilar ved skuleområdet, seier Hon ningsvåg. Han fortel at det er inngått avtale med grunnei gar. Ein føresetnad er at det vert gjeve byggeløyve. – Det er bra vi får noko att for ei vindkraftutbygging mange på Stadlandet ikkje ynskte, og at det går til tiltak i lokalmi ljøet som skaper trivnad, meiner Honningsvåg. Dagsturhyt tene inneheld mellom anna nynorsk bibliotek, og dei er opne for alle.

Spelemidlar, tilskot og dugnad Honningsvåg skildrar området der dagsturhytta er tenkt plassert som flatt og greitt med god utsikt over Leikanger, Stadhavet og nordover til Vanylven. Det går stiar vidare til Lundebrekkhornet og Geitahornet.

– Staden er lun samanlikna med ein del andre aktuelle sta der. Og området rundt hytta eignar seg godt til å setje opp telt.

Prosjektkostnaden på 1.092.500 kroner blir i tillegg til dei 268.000 kronere frå Oklafondet finansisiert med 462.000

4
Informasjonsmagasin frå Stad kommune
Lia Stadlandet: Planlegg dagsturhytte her: Arild Vonheim i Stad kommune (t.v.) og Atle Skrede i Vestland fylkeskommune i Lia ovanfor Leikanger der det er planar om dagsturhytte. Hytta blir finansiert med midlar frå Oklafondet. Skrede var mannen som kom opp med ideen om dagsturhytter, og han har vore sentral i gjennomføringa av prosjektet. FOTO: LARS HELGE HONNINGSVÅG

kroner i spelemidlar, tilskot frå Eviny 50.000, tilskot frå Sparebanken Sogn og Fjordane 100.000, og momskompen sasjon 212.500 kroner. Inkludert i prosjektet er også dug nad.

Klar sommaren 2023

– Dagsturhyttekonseptet er eigd av fylkeskommunen, og det er eit krav at det er kommunen som eig hytta. Kommu nen, Stadlandet IL og Vestland fylkeskommune samarbei der om prosjektet. Stadlandet IL skal ta seg av drifta, seier Arild Vonheim. Han har saman med Torfinn Myklebust an svar for prosjektet for Stad kommune. – Målet er å få hytta ferdig i løpet av sommaren 2023. Ut gangspunktet då prosjektet med dagsturhyttene starta, var at kvar kommune i gamle Sogn og Fjordane skulle ha ei dagsturhytte. Då Eid og Selje slo seg saman, hadde kvar av kommunane eiga dagsturhytte, slik at vi i dag har to dags turhytter i Stad kommune. Difor ligg det ikkje inne midlar i budsjettet til ei tredje dagsturhytte, men på grunn av løyv ingane frå Oklafondet, får vi det til likevel, seier Vonheim. Han seier kommunen har sendt ut tilbod til aktuelle pro dusentar om å gje tilbod for bygging av hytta.

Vurdert 20 ulike stader Honningsvåg i Stadlandet IL seier dei i utgangspunktet vur derte ulike lokasjonar.

– Vi hadde kring 20 forslag til lokasjon, og såg i utgangspunk tet på nokre meir avsidesliggjande stader. Men vi fekk råd om å tenkje meir på parkering, nytteverdi og om ein skulle legge mest vekt på å gje eit tilbod til fastbuande eller turistar. Vi bestemte oss for at det viktigaste er at det blir eit tilbod for dei som bur her. Først tenkte vi på eit område litt lenger nede, men då Atle Skrede frå fylkeskommunen var her, ville han gå litt lenger opp og sjå. Då fann vi denne staden i Lia som han meiner er godt eigna. Det kan vere bra å få auge utanfrå til å sjå på noko vi som bur her ser kvar dag, påpeikar Honningsvåg. Han fortel at han sjølv har vore på alle dags turhyttene i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Stadlandet idrettslag og Stad kommune ønskjer å takke grunneigar Lillian Berstad som stiller grunn (tomt) til dis pensasjon til dagsturhytta.

Fylkeskommunen ynskjer å knyte dagsturhytteprosjektet til kulturminne, og i Lia er det murar etter ei gamal torvhytte der det vart skore torv. På turen opp går ein gjennom myr og lyngvegetasjon som er karakteristisk for Stadhalvøya. Dei som kan søkje om midlar frå Oklafondet er lag og forein ingar, stiftingar, organisasjonar, verksemder og kommunen. For bedrifter og kommunen blir støtta gitt til prosjekt med ålmennyttig formål eller arrangement som fell inn under til skotsformene. Søkjar må ha eit organisasjonsnummer.

Desse får midlar frå Oklafondet:

Dagsturhytte Stadlandet, Stad kommune: 268.000,-

Dagsturhytte Stadlandet, uteområde, Stadlandet IL: 20.000,-

Orkidèklubben: 20.000,-

Skateløa, Pinsemenigheta Filadelfia: 150.000,-

Søknad om lagsvåpen til rekrutteringsskyttarar, Stadlandet Skytterlag: 38.000,-

Ny aktivitetspark ved tennisbane på Stadlandet, Stadlandet IL: 160.000,-

Idrettshall på Stadlandet, forstudie, Stadlandet IL: 90.000,-

Aktivitet og sosialt fellesskap for eldre i bygda, Stadlandet pensjonistlag: 102.654,-

Gapahuk langs veg opp til Okla Vindpark, Trivselsplassen i Borgundvåg: 125.346,-

Stadlandet idrettslag og Utegruppa Aktiv Ute: 300.000,-

Trygt friluftsliv langs strendene på Stad, Stad sjøredningsklubb: 20.000,-

Vidareutvikling av Anyday, Saltnwax As: 30.000,-

Auge som ser, Natur til inspirasjon: 26.000,-

Informasjonsmagasin frå Stad kommune 5
Dagsturhytta på Risnakken i Selje har namnet Sjøglytt. Inne i dagsturhytta finn ein m.a. nynorsk bibliotek.

– Vi må sjå kva vi har og samarbeide for ei berekraftig framtid

Lovar sentrumsutvikling: Åslaug Krogsæter meiner eit sterkt kommunesenter er avgjerande for heile Stad kommune. Ho lovar å prioritere arbeidet med ein ny sentrumsplan.

Foto: Sol Fure

Sjølv om ting er vanskelege, så har vi evna å sjå framover både i organisasjonen og i det politiske miljøet. Vi driv ikkje med omkampar, men prøver å finne handlingsrom for både drift og utvikling. Vi veit at dei organisasjonane/verksemdene som lukkast best er dei som forstår og fortolkar sin eigen situasjon og klarer å skape synergiar gjennom samhandling med andre. Vi veit også at dei som lukkast best er dei som klarer drift, utvikling og endring samstundes. Vi har etablert ein vel fungerande organisasjon med forpliktande og kollektivt lei arskap, og vi har laga ein ambisiøs samfunnsplan som er styrande og driv oss framover i lag. Håpet er då at vi alltid vil klare å handtere og tilpasse oss nye situasjonar og utfordrin gar.

Rentene går opp og finansmarknadene er på veg ned. Det på verkar også vår kommuneøkonomi i sterk grad. Vi må i tida framover prøve å redusere behovet for nye låneopptak då gjelda vår er høg målt mot inntektene våre. Men dette betyr ikkje at vi ikkje kan gjere det på eit seinare tidspunkt, seier kommunedirektøren om status for Stad kommune i inngan gen til 2023.

6 Informasjonsmagasin frå Stad kommune Kommunedirektøren
Kommunedirektør Åslaug Krogsæter meiner ein har klart å styrke organiseringa og tenestetilbodet i Stad kommune. Ho førebur innbyggjarane på omstilling og naudsynte prioriteringar i ei økonomisk krevjande tid.

Pandemi, skipstunnel, hotell

Etter kommunereformen der Eid, Selje og Bryggja vart til Stad kommune frå 1. januar 2020 har det ikkje mangla på utfordringar og store saker å ta tak i.

– Vi gjekk rett inn i ein pandemi, i tillegg har vi hatt store saker i ytre å handskast med som Stad skipstunnel og tilrettelegging for nytt hotell i Selje. Dette arbeidet måtte prioriterast fordi det er tidskritisk. Tilrettelegging for tunnel og hotell handlar om meir enn pliktene våre overfor private og statlege aktørar. Det handlar om å prøve å skape ringverknader for heile samfunnet gjennom tilrettelegging og samskaping.

Det har teke mykje av kapasiteten og vi har måtte prioritere ned anna. Til dømes nye planar for Nordfjordeid sentrum er noko av det vi har måtte skyve på. Hadde det ikkje vore for Stad skips tunnel, hadde vi nok jobba med Nordfjordeid sentrum tidlegare. Men vurderinga er at skipstunnelprosjektet er så viktig og vil få så store ringverknader, at vi har hatt fullt fokus på det.

Livskraftig og trygt

Krogsæter viser til samfunnsmålet for den nye kommunen: – Vi har eit samfunnsmål som seier at vi skal vere eit livskraftig og trygt samfunn der vi dreg ilag. Det føler eg vi oppfyller. Sjølv om det kan vere usemje om prioriteringar, føler eg ikkje det er omkampar om kommunestrukturen. Det er ein stor styrke for oss. Vi har ein velfungerande organisasjon uten store utfordrin gar å løyse, og vi har eit politisk miljø som trekkjer i same retning. Det er høg tillit mellom politikk og administrasjon. Det var det også i Eid, ikkje i like stor grad i Selje. Så det meiner eg er ei bet ring.

– Vi ser også av vi som heilskap scorar høgare i målingar av tillit mellom innbyggjarane og kommunen. Vi scorar lågare på tillit i ytre enn indre, men samstundes er tilliten til kommunen i ytre på veg opp.

Krogsæter meiner utvikling av ein felles organisasjon som jobbar for heile kommunen, og mykje godt gjennomført planarbeid, er faktorar som har vore vellukka i Stad kommune.

– Det har vore jobba veldig godt med planarbeid for heile kom munen. Dette er ein jobb ein ikkje ser så godt førebels, men som legg grunnlaget for utviklinga framover. Der var det også eit et terslep i ytre som vi har jobba godt for å ta att.

Vil prioritere Nordfjordeid sentrum

Kommunedirektøren trekkjer fram ei aktuell problemstilling der det er forventningar om at tilbod, til dømes innan kultur, skal vere på same nivå i heile kommunen.

– Det er vanskelig å få ei rask løysing på dette sidan tilbodet var ulikt i kommunane som slo seg saman. Slike ting vil ta tid. Ein må hugse at dersom ein skal jamne ut raskt slik at tilbodet blir likt i ytre og indre, må tilbodet på Eid bli dårlegare. Det ynskjer vi ikkje. Eg trur vi må gjere det slik at tilboda får utvikle seg til det betre i alle delar av kommunen over tid.

Krogsæter er tydelig på at sentrumsutviklinga på Nordfjordeid ikkje må stoppe opp.

– Det blir viktig i tida framover. Vi må ha eit sterkt senter, viss ikkje vil heile kommunen tape.

Ho seier kommunereformen tilfeldig fall saman med at eksiste rande planar for Nordfjordeid sentrum var realiserte, og at pan demihandtering og andre tunge saker gjorde at ein ikkje umiddelbart kom i gang med nye planar.

Står på trygg grunn

– Eit poeng for meg, er at problemfokuset ikkje må ta overhand. Vi må sjå kva vi har og at det er bra. Vi har ein trygg grunn å stå på. Så skal vi sjølvsagt ikkje slå oss til ro med det, men jobbe med å løyse dei utfordringane som ligg der. Eg har eit slagord som seier «Det løner seg å like verkegleheita». Eg trur vi alle må skrue ned forventningane i tida som kjem. Alle skal få gode tilbod, men det kan til dømes hende skuleborn i ytre må køyre til Åheim for å få symjeopplæring, slik situasjonen er med økonomien for tida. Krogsæter seier renteoppgangen gjer at kommunen har 30 mil lionar mindre i frie inntekter til drift årleg. Pengane må finnast ein annan stad.

– Sist år salderte vi kommunebudsjettet med midlar frå disposi sjonsfond. Når finansmarknadene går nedover, minkar fonda. Bruk av midlar frå fond til drift må opphøyre, for dei pengane varer ikkje lenge. Om vi ikkje snur, vil vi ikkje ha ein økonomiplan som blir godkjent. Då mister vi handlefridomen og hamnar på Robek lista. Dit vil vi ikkje.

– Naudsynt med endringar Krogsæter seier ein må halde roa og ikkje få panikk. – Vi skal ikkje krisemaksimere, men det er naudsynt å sjå på en dringar. Det betyr ikkje at ikkje folk skal få eit godt tilbod, men ein må tåle å sjå ting på nye måtar. Det vil ordne seg, men kanskje ikkje på same måten som før. Vi må hugse på at vi framleis «sit på den grøne grein» og har det utruleg godt her. Ser ein seg rundt i verda, så er nauda hjå oss forholdsvis lita. Velstanden har auka i fleire tiår. Vi ligg på eit veldig høgt nivå. Det vil vere mogleg å halde fram å leve gode liv, men det er samstundes viktig å ta inn over seg at når heile verda blir påverka av krise, vil vi bli påverka også. Vi må relatere oss til andre.

– Kommunen skal vere med som tilretteleggar og medhjelpar slik at andre kan gjennomføre idear og satsingar. Kommunen kan ikkje i alle tilfelle vere aktøren som gjennomfører.

Stad kommune er alle folka som bur her. Vi som innbyggjarar er den viktigaste ressursen på alle måtar. God energi, frivilligheit, omsorg, støtte og pågangsmot er ting vi ikkje kan måle i kroner. Denne «kontoen» er solid i Stad kommune, men er kapital vi i felleskap må jobbe for å oppretthalde og styrke.

Informasjonsmagasin frå Stad kommune 7

Trygt og godt i Stad

Samhandlingsmodellen Betre Tverrfaglig Innsats (BTI) skal sikre gode førebyggjande tiltak på eit tidleg stadium for barn og unge som har det vanskeleg.

Den såkalla BTI modellen er ein samhandlingsmodell som skal styrke den samanhengande innsatsen i tenester retta mot barn, unge og familiar som det er knytt ei bekymring til. Det skal vere trygt og godt for barn og unge å vekse opp i Stad kommune. Av og til oppstår det likevel utfordringar og vanskar som gjer at ikkje alle har det så bra. Kva gjer du dersom du lurer på om eit barn eller ein ungdom treng hjelp? Det er her BTI modellen skal vere til hjelp, gjennom å bidra til tidleg innsats, samordna tenester og foreldreinvolvering.

8 Informasjonsmagasin frå Stad kommune Oppvekst
Foto: Helle Frogner

Nasjonalt prosjekt

BTI er eit nasjonalt satsingsprosjekt der kommunar kan søkje om midlar frå Barne , ungdoms og familiedirektoratet (Bufdir). Stad kommune har fått 950.000 kroner i midlar til eit forprosjekt som det no er jobba med i nærmare to år. – Målet med prosjektet er å skape eit verktøy som skal kome born og unge til gode ved at vi er tidleg ute på lågast mogleg nivå der det er bekymring for at barnet ikkje har det bra. Vi har ei styringsgruppe og ei prosjektgruppe som jobbar med modellen. Desse to åra har det handla om kartlegging. Vi har no også fått innvilga vidare midlar til implementering som vi planlegg å starte med i 2023, seier Katrine Skinlo, einings leiar i bu og miljøtenesta i Stad kommune.

Ho sit i styringsgruppa for prosjektet saman med kommu nalsjef for oppvekst og opplæring Harald Sivertsen, kommu nalsjef for helse og omsorg Barbro Lonvga og kommune direktør Åslaug Krogsæter.

Ei prosjektgruppe med einingsleiarar for ulike fagområde har hatt åtte arbeidsmøter årleg der dei har jobba med kartlegg inga.

Kartleggingsmålingar

Siw Hege Noste, tilsett i Bu og miljøtenesta, er koordinator for prosjektet med ansvar for å samordne arbeidet mellom styringsgruppe, prosjektgruppe og KoRus Vest Bergen som er ekstern rettleiar i kartleggingsfasen. Dei bistår kommu nane i Vestland fylke med bl.a. kompetanse innan områda fol kehelse og førebygging, tidleg innsats og rusarbeid.

– I forprosjektfasen kartlegg vi status i kommunen, og går gjennom verkemiddel og verktøy vi har i dag for å jobbe med barn og unge. Mot slutten av året skal vi presentere ein pro sjektrapport, seier Noste.

– I 2021 gjennomførte vi ei nullpunkt kartleggingsmåling. I 2025 skal vi gjere ei ny kartleggingsmåling for å sjå utviklinga. Dette får vi hjelp til av KoRus Bergen.

Verktøy til hjelp

Vi har mange gode ressursar for barn og unge i Stad. Betre tverrfagleg innsats skal sikre at vi tilsette jobbar saman om den det gjeld for å bidra til ei god utvikling, på eit tidleg tids punkt. BTI er eit verktøy som hjelper oss å sette ting i system slik at vi kan bli enda betre.

Alle skal vite kva dei skal gjere om dei er uroa for eit barn. Vi tenkjer at det skal ha forebyggjande effekt. Med tidleg, rett og god hjelp, kan vi hindre at barn og unge veks seg inn i større vanskar, seier Skinlo.

Prosjektgruppa er breitt samansett av representantar frå ak tuelle einingar i alle delar av kommunen. Medlemmer i pro sjektgruppa er Ellen Rundereim (rektor Selje skule), Evy Hagen (styrar Leikvang barnehage), Anett Munch Oen (leiar psykososialt kriseteam), Peder Felde (rektor Eid ungdoms skule), Dag Inge Dæmring (rektor Hjelle skule), Irene Svidal (sosialpedagogisk rådgivar Nordfjordeid skule), Katrin Bals nes (konsulent barnevernet), Karoline Hildenes (rådgivar

Saman for ein god oppvekst: Ei styringsgruppe og ei prosjektgruppe har jobba i nesten to år med prosjektet Betre Tverrfaglig Innsats (BTI). Her er store delar av prosjektgruppa samla i samband med møte i slutten av oktober. Frå venstre Peder Felde (rektor Eid ungdomsskule), Irene Svidal (sosialpedagogisk rådgivar Nordfjordeid skule), Ellen Rundereim (rektor Selje skule), Evy Hagen (styrar Leikvang barnehage), Anett Munch Oen (leiar psykososialt kriseteam), Dag Inge Dæmring (rektor Hjelle skule), Katrine Skinlo (einingsleiar bu- og miljøtenesta), Siw-Hege Noste (prosjektkoordinator bu- og miljøtenesta) og Katrine Rydland Nautvik (sakshandsamar opplæring og integrering).

NAV), Katrine Rydland Nautvik (sakshandsamar opplæring og integrering), Britt Tomasgard (fagleiar helsestasjon) og Silje Myklebust (styrar Kjølsdalen Montessoribarnehage).

– Eg opplever at skulen i dag har oppdaterte system for å handtere slike problemstillingar. Men alt kan bli betre. Den nye modellen sikrar rutinane. Det blir eit godt reiskap også for foreldre. Her blir det tydeliggjort korleis ein skal koble inn dei rette instansane og få hjelp. Ingen skal kjenne på at dei sit med ansvaret åleine, seier Dæmring.

– Eit flott prosjekt. I skulen i dag har vi allereie retningsliner i bekymringssaker, men når det gjeld samarbeid med andre instansar har vi hatt litt å gå på. Det gjer dette prosjektet noko med, seier Felde.

Bygd på samfunnsplanen Prosjektet er bygd på prinsippa i samfunnsplanen til Stad kommune, der eit mål er at vi vil skape endå betre samhand ling og tverrfagleg innsats for born og unge som vekst opp i kommunen. I samfunnsdelen i kommuneplanen står det at vi skal «Arbeide for ein lukkeleg barndom, og sikre at alle barn i Stad får ein trygg og tilpassa oppvekst i eit inkluderande fel lesskap, med eit mangfaldig barnehage , skule og fritidstilbod, der dei kan få nytta og utvikla evnene sine og bli sjølvstendige menneske med god psykisk og fysisk helse».

I kommuneplanen er samskaping saman med heilskaplege og effektive tenester, med den enkelte i sentrum, sentrale tema. BTI er eit av fleire tiltak sett i verk for oppnå målset tinga om dette.

Informasjonsmagasin frå Stad kommune 9

Frivilligheit og samskaping

Reform gjev hjelp til å «leve heile livet»

Aktivitetar sett i gang gjennom kvalitetsreforma «Leve heile livet» bidreg til å gje seniorar eit meiningsfullt og godt liv.

– Mykje av aktiviteten er der allereie, enten det er idrettslag, bygdelag, sanitetsforening eller pensjonistlag. Strikkekafé, basar eller medlemsmøte er møtepunkt som er med og gir livskvalitet. Så kan vi vere med og koordinere aktiviteten i eit større system, seier Torheim. Reformen er i regi av Helse og omsorgsdepartementet og vart sett i gang i 2018. Kommunar som har laga ein plan i samband med reformen, kan søkje om midlar til tiltak dei vil gjennomføre.

Frivilligsentralen:

Astrid Grete Torheim er dagleg leiar for Frivillig sentralen på Eid. Maria Helgesen har tilsvarande rolle i Selje. Dei samarbeider.

Dagleg leiar i Eid Frivillig sentral, Astrid Grete Tor heim, brukar omgrepet «seniorressurs» når ho omtaler aktivitetar i Stad som synleggjer målsettinga i Leve heile livet reforma. – Vi kallar det seniorressurs i staden for eldrebølgje, fordi gruppa 65+ er ein stor ressurs. Formålet med reformen er å skape eit aldersvennleg samfunn, skape akti vitet og felleskap, gode opplevingar kring mat og måltid, god helsehjelp og god sa manheng i tenestene. Frivilligsentralane i Stad arbeider særskilt med aktivitet og fel leskap, og med å mobilisere seniorressur sane. Det er viktig at folk held seg aktive og er samfunnsnyttige. Frivilligsentralen kan hjelpe til med å koordinere og finne aktivi tetar. Vi har to Frivilligsentralar i Stad kom mune, i Eidsgata 9 på Eid og i Selje kommunehus. Vi samarbeider og har mange av dei same pro sjekta begge stader, seier Torheim. Mange i Stad kommune jobbar med reforma. Rune Engeseth, rådgjevar i avdeling for strategi og samordning, koordinerer arbeidet.

Hjelp til å meistre livet

Målet er at alle eldre skal få betre hjelp og støtte til å meistre livet. Vi blir stadig fleire eldre og vi lever lenger. For mange vil pensjonisttilværet vare nesten ein tredel av livet. Difor må vi sørge for at det blir meiningsfullt både for den enkelte og for samfunnet.

– Inaktivitet og einsemd er folkehelseutfordringar. Vi ser spe sielt etter pandemien at det å kome seg ut blant folk har ein stor verdi. Det kan vere å gå tur, trene, gå på kafé, gå på Ope rahuset enten som publikum eller frivillig, kino eller ete vafler med kvarandre. Å leve heile livet er viktig også inne på om sorgsinstitusjonane, seier Torheim.

Datastova Datakurs for seniorar er eit slik aktivitetstiltak. Vi var med då rettleiar Åsmund Kyrkjeeide inviterte til det første av fire datakurs for ei ny gruppe. Kurset blir halde i datastova på Fri villigsentralen i Eidsgata. 11 personar i aldersgruppa 65+ av begge kjønn var samla for å gi og få råd om korleis ein skal manøvrere i ei stadig meir digitalisert verd. Når denne gjen gen er komne gjennom kurset har om lag 30 personar fått innføring og oppdatering i bruk av digitale verktøy. Det er lett å bli forvirra i jungelen av Apple, Android, PC, Mac, smarttelefon og nettbrett. Samstundes gjer digitaliseringa at mykje viktig informasjon er å finne bak innloggingar som til dømes BankID. Bank, Altinn, Helsenorge og NAV er døme på nettstader ein stadig treng å logge inn på.

Eldreressurs

Instruktør Kyrkjeeide er sjølv i gruppa eldreressurs. Den pen sjonerte læraren fortel at han nærmar seg 80 år, men stiller opp som frivillig for å hjelpe til med datarettleiing.

– Dette er eit kurs der vi byrjar med det heilt grunnleggjande. Vi startar på null med å slå på datamaskina, PC en eller nett brettet. Den største utfordringa er kanskje å nå dei som ikkje er her, dei som verkeleg treng hjelp. Vi veit at det er mange som ikkje vågar å kome. Men det er berre å kontakte oss, her får alle den hjelpa dei treng uansett kunnskap på førehand, seier Kyrkjeeide.

– Eg melde meg på fordi eg har late dette med data skure og gå, og overlate det til kona. Då kjem ein bakpå med ein gong, innser Kåre Øvreberg (80). Saman med kona har han flytta til Eid frå Vanylven på sine eldre dagar. Han fortel at dei til

10 Informasjonsmagasin frå Stad kommune

Sterk og stødig: Irene Wedvik og Bodil Sønderland er begge pensjonistar og blant instruktørane i «Sterk og stødig» på Nordfjordeid. - Kjekt og meiningsfullt å bidra med aktivitet og eit sosialt fellesskap, bekreftar dei begge.

bringar mykje av tida om sommaren i Finnmark der kona er frå, og ein del av vinteren på Gran Ca naria. I om lag fem månader av året er dei på Eid. Det er hans måte å «leve heile livet» på. – Når eg er her, brukar eg Operahuset mykje, og eg går turar.

– Flott å vere til hjelp

Borghild Kjørstad (70) er ein av instruktørane på datakurset. Ho sit i styret i Seniornett, ei organi sering med link til Frivilligsentralen med formål å få seniorar på nett.

– Det er ikkje det at eg kan alt så godt sjølv. Eg er ein vanleg brukar. Men om eg har noko å lære frå meg, synes eg det er flott å kunne vere til hjelp. Dette er noko alle har nytte av å kunne, enten det er innlogging for helseinformasjon, kjøp av billet tar til kultur eller reise.

Kjørstad fortel at ho er sjølvgåande når det gjeld å fylle livet med meningsfullt innhald.

– Eg likar veldig godt hagearbeid. Der utfaldar eg meg. Så brukar eg symjehallen, biblioteket og kul turtilboda.

Frivillig: Åsmund Kyrkjeeide i blå gensar er pensjonert lærar og jobbar som frivillig med dataopplæring for andre seniorar. Her er han i samtale med Kjell Haug land (t.v.) og Einar Sivertsen. Borghild Kjørstad til høgre. I bakgrunnen Per Magnus Myklebust og Reidar Sørland.

Sterk og stødig

Ein annan aktivitet ein har sett i gang i samband med reforma er «Sterk og stødig» der 10 frivillige har vore på instruktørkurs for å halde treningar med øvingar for styrke og balanse. Her er grupper på gang på Barmen, Bryggja, Nordfjordeid, i Selje og Holmøyane. På nyåret blir det truleg fleire grupper. Instruktørane er utdanna med midlar Eid og Selje Frivilligsentral fekk i 2021. Praktisk gjennomføring er det fysio og ergoterapitenesta i Stad kommune, frisklivssentralane i Stad og dei nyutdanna frivillige in struktørane som står føre.

Har du lyst til å vere ein seniorressurs eller delta på aktivitet? Alle har ressursar i seg som ein har glede av å bruke. – Vi er viktige for kva randre på ulike måtar, og det er ofte lite som skal til for at vi kan bety mykje for andre. Det er i dei små kvardagslege tinga og i fellesskap vi kan hjelpe fleire til å leve gode liv heile livet, avsluttar Astrid Grete Torheim.

Kontaktinformasjon til Frivilligsentralane i Stad kommune Eid: Eidsgata 9, tlf. 41460042 Selje: Selje kommunehus, Nabben 80, tlf. 95869223

Informasjonsmagasin frå Stad kommune 11

Demokratiet

er ikkje sjølvsagt

I verdssamanheng er vi vitne til at ein autoritær stat angrip det unge demokratiet Ukraina. Og vi hugsar storminga av den amerikanske kongressbygningen i januar 2021 då val resultatet ikkje gjekk den vegen aksjonistane ynskte. Kva har så dette med lokaldemokratiet i Stad kommune å gjere? Faktisk ein heil del.

– Det som skjer ute i verda, viser at vi ikkje kan ta demo kratiet som styreform for gitt. Vi må hegne om det, og ta ansvar for det. Den beste måten kvar og ein av oss kan gjere det på, er å stille oss til disposisjon og jobbe for demokra tiet, seier Geir Årvik, gruppeleiar for Høgre i Stad kommu nestyre.

Kommuneval neste haust 11. september 2023 er det kommune og fylkestingsval, noko som betyr at eit nytt kommunestyre skal veljast. Nokon kan kanskje vegre seg for å stille på liste av frykt for tidkrevjande møter og faren for å bli «skyteskive» i sosiale medium. Men gruppeleiarane Geir Årvik (H), Siri Sandvik (Ap) og Paul Jacob Helgesen (Sp) kan også fortelje om in teressante prosessar for å utvikle kommunen dei bur i, moglegheit til å påverke, og godt samarbeidsklima politi karar imellom, og mellom politikarar og administrasjon.

Lokaldemokratiundersøkinga som vart lagt fram i april 2022 viser at Stad kommune scorar over landssnittet på dei fleste av dei undersøkte områda pålitelegheit, ansvar, borgarnærleik og effektivitet. Sjølv om tilliten til kommu nen i ytre er lågare enn i indre, aukar tilliten også i ytre. Dette viser at grunnlaget for lokaldemokratiet i Stad kom mune er bra.

Dugnad for demokratiet

Varaordførar Siri Sandvik seier grunnen til at ho stilte seg til disposisjon for politisk arbeid i 2007 var at ho følte eit ansvar for å vere med på det ho kallar dugnaden for demo kratiet.

– Å vere lokalpolitikar er ein dugnad. Eg seier ikkje at alle har ei plikt til å stille seg til disposisjon. Mange er enga sjerte på andre områder som også er viktige for demokra tiet. Men eg trur at for å få eit best mogleg lokaldemokrati,

er det bra at flest mogleg stiller seg til disposisjon. For at det skal fungere godt, er det bra å ha med folk i alle aldrar, av ulikt kjønn og med ulik bakgrunn.

Sandvik fortel at hennar veg inn i lokalpolitikken var å melde seg inn i Arbeidarpartiet. – Inngangen var tilfeldig. Eg byrja tenkje på at det var på tide å melde seg inn i Ap. Etter at eg hadde meldt meg inn, gjekk det ikkje lenge før eg fekk ein telefon om å stille på liste. Eg sa ja, på vilkår av at eg stod langt nede. Det er vel det dei fleste seier. Eg vart vara, og sat fast i eit utval. Eg møtte ganske mykje samstundes som eg fekk ein mjuk start. Men det var også litt frustrerande fordi eg ikkje var med heile tida. Eg fann ut at skulle eg først vere med, var det berre å «gønne» på.

– I lokalval fungerer det i praksis slik at alle på lista har dei same sjansane, om ein ser vekk frå plassane som er kumu lerte på toppen. Det handlar om at mange nok kryssar av ved namnet ditt. Og det er noko du kan klare å påverke om du ynskjer det.

Sandvik ser at det kan verke skremande å engasjere seg po litisk. Ho meiner ei løsying er å ta det steg for steg. – Det er ikkje slik at du er på høgda første gongen. Men til meir du held på, til meir interessant blir det. Det skjer ei utvikling og du ser at alt heng saman med alt.

– Lærerikt og gjevande Paul Jacob Helgesen er medeigar i verksemda Segel, og inn ser at det er krevjande å kombinere eit liv som politisk aktiv med å vere næringsdrivande.

– Men eg har likevel lyst å halde fram med å kombinere ar beidet for å utvikle ein god arbeidsplass og ei sterk verk semd med å vere folkevald. Eg vil framsnakke det å vere folkevald med å seie at det er utruleg lærerikt og gjevande. Du er med og gjer ein skilnad. Skal vi ha eit levande demo krati, er vi avhengig av at folk er med. Ser vi rundt oss i verda, ser vi at demokratiet ikkje er sjølvsagt. Vi må passe på det heile tida, seier Helgesen. Han peikar på at det kan vere krevjande for enkelte å setje av tid til politisk arbeid, til dømes sjølvstendig næringsdri vande og småbarnsforeldre.

12 Informasjonsmagasin frå Stad kommune Lokalt engasjement
I ei tid der demokratiet som styreform er under press, seier sentrale politikarar i Stad at dei kjenner på eit ansvar for å engasjere seg i lokalpolitikken.

Geir

Årvik:

Geopolitikk og lokaldemokrati: I tillegg til å vere lokalpolitikar er Geir Årvik leiar for verksemda UniformPartner i Selje, der han har stått midt i geopolitiske utfordringar siste året. Han påpeikar at demokrati ikkje er sjølvsagt og at ein må hegne om det.

Siri Sandvik: I oppgåveutval: Siri Sandvik (Ap) er med i oppgå veutvalet som skal arbeide med ny strategisk plan for Nordfjordeid sentrum. Det er ein ny måte å jobbe for at politikarane skal ha større påverknad på utviklinga. Det er eit døme på at lokaldemokra tiet er i stadig utvikling.

– Eg trur det er viktig at vi organiserer demokratiet på ein slik måte at alle har høve til å vere folkevald. Noko som også kan vere litt frustrerande er at du går til val på eit partipro gram med saker du gjerne vil gjennomføre. Så kjem du inn i kommunestyret og opplever at ei uendeleg mengde saker kjem på ei sakliste, og du har nok med å handtere dei sa kene som kjem til deg. Ei løysing på det er at du må prøve å ta tak i saker du ynskjer å setje på agendaen.

Oppgåveutval ny måte å jobbe på Både Helgesen og Sandvik er med i eit oppgåveutval som skal arbeide med ny strategisk plan for Nordfjordeid sent rum. Oppgåveutvalet skal levere eit diskusjonsnotat som summerer opp utvalet sine diskusjonar omkring temaet «Næringslivets betyding i eit levande og berekraftig Nord fjordeid». Strategiarbeidet skal munne ut i eit strategisk plandokument med klare føringar for det seinare arbeidet med arealplanar for Nordfjordeid.

Helgesen seier han ser fram til dette arbeidet, og han trur det er ein god måte å jobbe på.

– Det gjev oss eit betre høve til å jobbe politisk enn om vi fekk ein ferdig utarbeidd plan servert.

Helgesen oppmodar folk som legg ut stygge kommentarar eller latterleggjer politikarar på sosiale medium til å tenkje seg om.

– Det er viktig at alle går i seg sjølv og tenkjer at dei som er i lokalpolitikken er der fordi dei har gode intensjonar. Ein ser at ein del vegrar seg for å vere med i lokalpolitikken fordi dei stiller seg for hogg, og dette har nok auka på med utbreiinga av sosiale medium der kven som helst bak tas taturet kan skrive kva som helst. Eg vil heller oppmode dei bak tastatura til å stille på liste og ta ansvar sjølv. Også po litiske aktørar kan vere skarpe i kantane. Men ein kan ikkje vere redde.

Paul Jacob Helgesen:

Næringsdrivande: Paul Jacob Helgesen (Sp) er medeigar i selskapet Segel, men klarer å balansere næringsverksemda med å vere folkevald. Han mei ner lokaldemokratiet må organiserast på ein slik måte at alle delar av folket har høve til å vere med.

Dreg saman Geir Årvik var med i kommunepolitikken i Selje før han den siste perioden har vore med Stad kommunestyre. Han seier han har gjeve partiet beskjed om at han stiller seg til dis posisjon for ein ny periode, men at han ikkje er ordførar kandidat. Det er same beskjed som både Sandvik og Helgesen seier dei har gjeve sine respektive parti. – Drivkrafta mi er først og fremst at eg er engasjert i utvik linga i lokalsamfunnet eg lever i. Eit motto vi vart samde om i samband med utviklinga av den nye kommunen, er at Stad kommune skal vere eit livskraftig og trygt samfunn der alle dreg ilag. Det forpliktar. Alle kan skrive på Face book frå sofaen, men der dei verkelege avgjerdene blir tekne, er i kommunestyresalen, påpeikar Årvik.

– Det som er artig med lokalpolitikk er at du samarbeider på tvers av politiske parti og med administrasjonen for å kome fram til gode avgjerder. I lokalpolitikken er det ofte andre politiske strukturar enn på nasjonalt plan. Konstel lasjonen med Høgre, Venstre og Ap som vi har i Stad, er ikkje så vanleg, men hjå oss fungerer det.

Oppmodar til engasjement Årvik viser også til den geopolitiske situasjonen når han oppmodar folk i Stad til å engasjere seg politisk. – Sjølv om Ukraina sjølvsagt har ei heilt anna historie enn oss med eit yngre demokrati, er det eit døme på at vi ikkje kan ta demokratiet for gitt. Den beste måten å jobbe for de mokratiet på, er å engasjere seg i det. Han medgir at det er krevjande å vere med og ta tøffe av gjerder som til dømes budsjettkutt. – I slike krevjande situasjonar tenkjer eg at det faktisk er betre å vere inne og vere med og påverke kvar det skal kut tast og ikkje kuttast, enn å stå på utsida.

Informasjonsmagasin frå Stad kommune 13

Fem på gata

Ingrid Oselie Nausdal Kjølsdalen

1. – Eg synest det er kjempefint her. Du har alt. Vi har den nydelege Eidsgata og Sjøgata nedanfor. Det er ein vinn vinn situasjon med kjøpesenteret og gata. Vi er flinke å sam arbeide.

2. – Det første eg tenkjer på er enkle ting som fleire benkar der ein kan setje seg for å sjå på den fine gata vår. Og fleire bosspann. Eg synes vi må halde handelen i sentrum, ikkje byggje ut over alt. Vi må prøve å bruke eksisterande lokaler. Eit spreidd sentrum vil ikkje vere bra. Eg vil ikkje ha for mykje fortetting heller. Vi må ha dei opne romma vi har. Ein ting eg også synes kan bli betre er samanhengen mellom Eidsgata og Sjøgata. Det hadde vore stilig med ein flott portal som bind gatene saman.

Paulina Palubicke Stårheim

1. – Det er fint her, ein vakker plass. Det er god energi her. Eg er opprinnelig frå Gdansk i Polen og var på besøk med vener her. Så likte eg meg så godt at eg fekk lyst å flytte hit. No har eg budd litt over eit halvt år på Stårheim. Nordfjordeid er plassen eg dreg til for å handle i det daglege. Eg har ei dotter på sju år, og vi reiser også hit for å leike og gå tur. Det er veldig bra at det er fine leikeplassar for born her. Vi brukar å leike i klatreparken ved kyrkja og i Sagaparken. Dei tilboda brukar vi mykje.

2. – Her er gode fritidsmoglegheiter for born, mykje betre enn i Polen der eg kjem frå. Men det kan godt bli endå fleire leike plassar. Når eg får vener på besøk frå Polen, saknar eg litt fleire restaurantar å velje mellom og fleire stader å kjøpe suvenirar. Butikkane som sel suvenirar er som regel stengt. Eg elskar å bu her. Det er ein liten by som eg håpar kan vekse å få endå fleire restaurantar og butikkar. Det er framleis ein del ting du må til større byar for å få tak i.

14 Informasjonsmagasin frå Stad kommune Folkemeining
Det blir jobba med ein ny sentrumsplan for Nordfjordeid. Vi har spurt fem tilfeldige personar vi møtte på gata kva dei synes om Nordfjordeid sentrum og kva dei meiner kan bli betre.
1. Kva synes du om Nordfjordeid sentrum?
2.
Kva kan bli betre?

Ann-Kristin Langeland

Nordfjordeid

1. – Eg synes det er blitt veldig fint slik dei har bygd det opp. Sagaparken er til dømes blitt eit veldig fint område der vi går ofte tur. Eg har vakse opp på Eid og synes plassen har endra seg til det betre. Ein føler seg trygge her. Her er mange tilbod og det er fine aktivitetar for ungane. Vi har to små born, det er bra at det er mange leikeplassar og store friområde her.

2. – Eg synes ein kan fortette meir i sentrum der det er mogleg. Då kan vi ut vikle sentrum i det området det er i dag. Pappa driv gard på Langeland og eg håpar vi kan behalde markene slik at vi kan produsere mat.

Øyvind Haugland Hjelmelandsdalen

– Eg synes det er veldig fint i sentrum, i alle fall i Eidsgata. Sjøgata er fin den også, men den ber meir preg av kjøpesenter. Eidsgata er nydeleg med butikkane i dei gamle husa. Det er kjekt for folk når dei kan gå frå butikk til butikk i gata. Men utfordringa er at i ein hektisk kvardag er det kjappare for folk å stanse på ein parkeringsplass og gjere handelen raskt unna.

– Vi må prøve å få fleire til å starte opp aktivitet i gata. Det er nokre tome lokale vi må prøve å fylle med ting vi ikkje har her frå før. Det er det som er utfordringa. Lokala i dei gamle husa er ikkje i store firkanta lokaler slik det er i nybygg. Men det er absolutt mogleg å få til ting. Ein må kanskje tenke litt annleis enn berre på økonomi. På Mini bakeriet og Aske har vi stort fokus på å ha det gøy på jobb. Å trivast kan ikkje målast i pengar. Sjølv om det sjølvsagt også må vere økonomi i det ein held på med.

Jan Tvinnereim Hopland

1. – Eg likar meg veldig godt her. Her har du alt mogleg samla på ein plass. Eg likar også folka her. Det er hyggjeleg betjening på butikkane. Rett og slett god atmosfære. Sjølv bur eg om lag midt mellom Eid og Stryn, så slik sett er det hipp som happ kvar eg reiser. Det blir litt begge vegar. Men det er helsetenester her som eg brukar mykje. I fjor var eg 53 gongar på sjukehuset. Då kombinerer eg med å handle.

2. – Det kunne godt vore ein liten bybuss her som gjekk rundt heile sentrum slik at ein kunne gå på og stige av der ein ville. Det kunne gjerne vere ein elbuss. Slik det er no er det vanskeleg for oss som ikkje er så spreke til beins å kome oss opp til den andre delen av sentrum. Det går berre ein buss frå Hopland og det er skulebussen som går 07.45 og tilbake 14.30. Eg kan ta ein sjukehusbuss frå busstasjonen direkte opp på sjukehuset. Viss ikkje humpar eg meg bort til sentrum med krykka mi. Ein kan sjølsagt ynskje seg betre kommunikasjonar mellom bygdene, men eg skjønar eigentleg at det er slik, for vi bur ikkje akkurat i tjukkaste Oslo.

Informasjonsmagasin frå Stad kommune 15

Ser stor synergieffekt i Statens hus

Statens hus prosjektet på Nordfjordeid i regi av Stad kom mune er eit av fire pilotprosjekt i samband med at regjeringa som del av fornyinga av norsk distriktspolitikk vil prøve ut ein ny modell i distrikts Noreg. Dei andre kommunane som er valde ut til å vere pilot er Orkland, Narvik og Lyngdal. Målet med piloten er at små og mellomstore avdelingar av statlege etatar samarbeider tettare med kvarandre og skaper større statlege fagmiljø på mindre stadar.

Piloten skal identifisere og teste ut område som kan føre til effektivisering, tenesteinnovasjon og utvikling. Ein skal kart legge og vurdere gevinstar ved fysisk samlokalisering. Og ein skal utarbeide og teste ein modell knytt til lokalisering av statlege arbeidsplassar, rekruttering, desentralisert utdan ning og klynge og næringsutvikling.

Slutten av 2024

Forprosjektet vart gjennomført i perioden oktober 2020 til januar 2021, med Stad kommune ved assisterande kommu nedirektør Kristine Dahl som prosjektleiar. Deltakarar var BUFdir, NAV Vestland, Vest politidistrikt, Politidirektoratet, Skatteetaten, Skattedirektoratet, Statens vegvesen, Statsbygg, Fylkesmannen i Vestland, Vestland fylkeskommune og Stad kommune. Det har i tillegg vore etablert ei lokal arbeids gruppe for å få innspel frå lokale aktørar.

Statens hus blir leigetakar på åremål i tilpassa lokaler eigd av ekstern næringsaktør.

Hans Thomas Solheim, prosjektleiar i Stad kommune, seier det er gjennomført ei prekvalifisering der ein skisserte over ordna krav. Interesserte aktørar måtte svare ut krava.

– Statsbygg er leigd inn av kommunen som rådgjevar i pro sjektet for å blant anna bistå med utarbeiding av konkurran segrunnlag og gjennomføring av konkurransen. Ni aktørar har vist interesse for prosjektet. Det vil bli eit arealbehov på 1400 1700 kvadratmeter. Målet er å skrive kontrakt i juni

2023, og at etatene flyttar inn i slutten av 2024. Basert på er faringane til Statsbygg er dette realistisk.

– Spanande arbeid I byrjinga av november møtte om lag 20 personar i prosjekt gruppa til eit første møte på Nordfjord Hotell for å diskutere gjennomføring og retning. Alle dei lokale etatane var repre sentert.

Gruppeleiar for Skatteetaten på Nordfjordeid Kristin Vik Sparvath og leiar for NAV på Nordfjordeid Bodil Førde seier dei har stor tru på prosjektet. – Det er veldig spanande å jobbe med eit slikt prosjekt, der vi skal prøve å få til noko retningsgivande for utvikling av tils varande prosjekt andre stader. Slik vi har forstått det, er det vi som er komne lengst av dei fire pilotane. Av og til kunne vi ønskje at vi hadde nokon andre å sjå til, men samstundes er det også spanande å vere den som skal finne ut av ting. Vi er i ferd med å «kna» det litt og prøve å finne ut kvar vi kan få ut effektar. Vi ser absolutt moglegheiter, seier Sparvath. Ho trekkjer fram ID kontroll som eit felt der Skatteetaten samarbeider med politiet. – I samband med avdekking av falsk pass eller ID samarbei der vi med politiet. Blir vi samlokalisert, vil samarbeidet kunne gå lettare.

Samarbeid mellom etatane Førde i NAV viser til skatt og gjeldsproblematikk som eit felt der både Skatteetaten, NAV og Politiet kan ha nytte av å vere samlokalisert.

– I samband med til dømes restskatt kan det oppstå gjelds problematikk som gjer at vedkomande blir fanga opp av NAV, og kanskje må namsmannen i regi av Politiet også involverast. Det er døme på at etatane i mange tilfelle har arbeidsoppgå ver som kan forenklast om ein sit saman, meiner Førde. – Så vil ein også få ein effekt med ein del fellesrom og støtte funksjonar. Til dømes pauserom, møterom og garderobar. Po

16 Informasjonsmagasin frå Stad kommune
Pilotprosjekt
Aktørar som skal inn i Statens hus ser store moglegheiter for synergieffektar når Skatteetaten, NAV og Politiet blir samlokalisert.

litiet har ein del spesialfunksjonar dei treng eigne løysingar for. Også når det gjeld publikumsmottak er det litt uavklart. Vi er i ein prosess der ting må mod nast.

Sparvath meiner det vil gje alle etatane eit løft å kunne flytte inn i moderne, tilpassa lokaler.

– Samlokaliseringa vil gje moderne lokale utforma med tilpassa løysingar for nye måtar å jobbe på, mel lom anna når det gjeld digitalisering.

Prøvar å få inn distriktshub

Ifølgje Solheim vil Statens hus samlokalisere 50 60 statlege arbeidsplassar, om ein reiknar talet på ar beidsplassar etatane har på Nordfjordeid i dag. I tillegg jobbar vi med å få inn ein distriktshub, som arena for eit enda breiare samarbeid, der vi tenkjer at det kan vere plass til både andre statlege arbeids plassar og andre næringar.

Under: Skal inn i Statens hus: Medarbeidarar frå lokale etatar samla i samband med det første møte i prosjektgruppa for å diskutere gjennomføring og retning for Statens hus på Nordfjordeid. Frå venstre: Petter Kvinge (Politiet), May Britt Henriksbø (Skatteetaten), Lisbeth Engesæter (Politiet), Bodil Førde (NAV), Monica Mundal (Skatteetaten), Kristin Vik Sparvath (Skatteetaten), Katrine Skrede (NAV), Hans Thomas Solheim (Stad Kommune), Richard Rusdal (NAV), Elise Hestenes Fjelle (NAV), Hildegunn Olsen (Skatteetaten), Marianne Løvlid (Skatteetaten) og Marius Nordseth (Politiet).

Over: Stad kommune jobbar tett med dei tre andre Statens hus-pilotane i Noreg. I haust inviterte Kommunal- og moderniseringsdepartementet alle pilotane til felles erfarings samling der Stad kommune var vertskapskommune. Kommunane har ulikt innhald i pilotane, men vi har mange felles problemstillingar det er nyttig å sjå på saman, seier Kristine Dahl, prosjektleiar for Statens hus i Stad. Her saman med prosjektleiarane frå Narvik (Ståle Eilifsen), Orkland (Ingvill Kanestrøm) og Lyngdal (Marius Thoresen).

Informasjonsmagasin frå Stad kommune 17

Innbyggjarane medverkar i sentrumsutvikling

Sambruk mellom skule og idrett, kompakt eldretilbod, tilrettelegging for ny næring, fortetting, landbruksinteresser. Det er tema som skal belysast i samband med utvikling av ny sentrumsplan for Nordfjordeid.

Stad kommune har starta arbeidet med å utvikle ein strategisk plan for Nordfjordeid. Det strategiske arbeidet skal orientere om kva forhold og problemstillingar som vi må og kan løyse no, og kva som kan løysast seinare. Strategiarbeidet skal munne ut i eit plandokument med klare føringar for det seinare arbeidet med arealplanar for Nordfjordeid, inkludert nytt næringsområde i nærleiken av sentrum.

Stad kommune ønskjer at mange stemmer blir høyrde i samband med arbeidet med denne strategisk utviklingsplanen. I den sa manheng skal det gjerast innbyggjarundersøking og næringsun dersøking, og det er sett ned eit mellombels oppgåveutval med representasjon av politikarar og personar med ulik kompetanse og erfaring. Det strategiske arbeidet er planlagt gjennomført dei nærmaste månadene.

Skuleområdet

Utvalet skal levere eit diskusjonsnotat som summerer opp utvalet sine diskusjonar omkring temaet «Næringslivets betyding i eit le vande og berekraftig Nordfjordeid». Notatet skal gi innspel til det vidare politiske arbeidet med sentrums og næringsutvikling og vere ein peikepinn på kva tema det er særleg viktig å få belyst, di skutert og tatt stilling til.

Dei som skal sitje i oppgåveutvalet er Synnøve Aabrekk, Gro Gjer devik, Cecilie Bjørlo, Reidun Sunde, Ove Kjøllesdal, Ove Bjørlo, Knut Tore Nes Hjelle, Ole Mathias Nes, Bjørn Myklebust, Roger Bergset, Siri Sandvik, Paul Jacob Helgesen, Gunvald Ludvigsen, Ståle Sandal og Betty Hessevik.

Skule og idrettsområdet på Nordfjordeid er noko av det som skal inn i sentrumsplanen. Dette er eit kompakt oppvekst og skule miljø med barnehagar, barne , ungdoms kultur og vidaregåande skule, samt folkehøgskule og idretts og kulturinstitusjonar in nanfor ein radius på 250 meter. Samla er det vel 1400 born og unge i området ein ordinær vekedag.

Idrett og skule

Eid Idrettslag har signalisert eit ønskje om å samlokalisere mest mogleg av sin aktivitet for undergruppa Eid IL Fotball, fortrinns vis i skule og idrettsområdet. Fotballen er i dag spreidd over tre ulike lokasjonar i Nordfjordeid sentrum.

Eid IL, Stad idrettsråd og Stad kommune er samde om at ein vil utgreie moglegheitene for å samlokalisere Eid IL Fotball i endå større grad på heile skule og idrettsområdet, og utgreie poten sialet for meir sambruk av eksisterande bygg.

18 Informasjonsmagasin
frå Stad kommune
Vårt
Nordfjordeid

– Vi ser det som strategisk viktig at områda rundt idrettshallen, idrettsparken og skulane i Eid blir utvikla gjennom ein sambruk, slik at området er godt tilrettelagt for barn og ung dom både i skulen og på fritid, seier kommu nalsjef for kultur og samfunn Astrid Paulsen.

Leiar Ståle Sandal i Eid IL ønskjer planarbei det velkomen og meiner det blir avgjerande for retninga den sentrumsbaserte idretten skal ta.

– Planen blir heilt avgjerande retningsgivande for oss som jobbar med idretten. Vi har ei ut fordring med anleggsutvikling, og eg føler vi er blitt hengande etter nabokommunane dei siste åra, seier Sandal. Eid IL Fotball har eit prosjekt Sandal om talar som «gryteklart» i området mellom Eid Idrettspark og Eid ungdomskule.

– Det er snakk om klubbhus for Eid IL kombinert med undervis ningsrom for ungdomsskulen, og med tribunar i bakken ned mot bana. Får vi til dette vil vi ha ein stadion vi kan vere stolt av. Og vi får samla aktivitet i eit område der born og unge vankar. Det er nemnt bruk av dagens Eid stadion til næring. Men då må vi i så fall ha noko til erstatning. Vi jobbar også med planar for ein fot ballhall med sjuar eller niarbane som vi trur kan vere mogleg å finne areal til i området. Skal vi planlegge for 11 arbane, trur eg vi må ut av sentrum. Det er slike ting vi må sjå på i planarbeidet, seier Sandal.

Tenkjer samlokalisering

Rådgivar Arild Vonheim i Stad kommune skal jobbe med kartlegg ingsarbeidet opp mot idretten. Han seier samlokalisering og sam bruk er ein tankegang som går att i arbeidet så langt.

– Vi må sjå på kor idretten ønskjer å vere lokalisert, og behova framover. Fleire peikar på at vi må sjå idrett og skule i samanheng, og at vi må samlokalisere idretts og skulebygg. Fotball har eit sterkt ønskje om å samle lokasjonar som no er på tre ulike stader. Vi må også sjå dette i samanheng med utvikling av hestemiljøet. Trafikksituasjonen ved skulen er eit stadig tilbakevendande tema.

Det er også noko vi må sjå på i ein større heilskap i samband med sentrumsplanen. Vi må ta omsyn til det som allereie ligg her, og sjå kva vi kan få til av utvikling innanfor dei rammene, seier Von heim. Han seier Stad idrettsråd er ein aktiv bidragsytar i arbeidet, og at Rune Schanke Eikum i Tinkr bidreg i utviklingsprosessen. Oppgåveutvalet blir ein test på ei ny nærdemokratisk ordning. Va raordførar Siri Sandvik (Ap) får ei sentral rolle i utvalet. Ho har tru på arbeidsmetoden.

– Eg trur vi skal få til ein ny god måte å jobbe på, med ulike aktø rar, politikarar og administrasjon i samspel. Dette er noko vi kan gjere også i andre samanhengar. Det er ein måte for folk å enga sjere seg i demokratiske prosessar utan at dei må binde seg opp for fire år som kommunestyrepolitikar. Her er det snakk om ein prosess som går over nokre veker.

– I arbeidet må vi sjå på kvar vi har ledig areal i og ved Nordfjor deid sentrum. Vi må sjå på moglegheitene for fortetting. Kva vil vi ha i sentrum og kva kan vi ha i randsona. Vi må sjå på kommuni kasjon, på korleis vi legg til rette for gåande og syklande, og kans kje for elbussar. Saman med handel er idretten ein viktig del av dette. Det same er landbruk som er ei viktig næring i området. Skal vi ta matjord, må vi flytte det til ein annan stad, slik at ikkje matjordarealet blir redusert.

– Sentrum for alle

Leiar Lars Svein Drabløs i Stad eldreråd seier det er teke initiativ til å samle eldrerådet, Stad råd for menneske med nedsett funk sjonsevne og Stad ungdomsråd til eit møte om sentrumsutvikling. – Det handlar om å tilpasse sentrum for alle. Dei unge har sine samlingspunkt på skule og idrettsarenaer, samstundes treng vi møtestader i sentrum for eldre og folk med nedsett funksjons evne. Det er viktig å skape møteplassar der folk kan treffast, for vi ser at det er ei stor utfordring med einsemd og at mange lever isolerte liv. God samfunnsplanlegging og utvikling av miljø der eldre kan bu i fellesskap omgitt av folk med kompetanse innan eldreomsorg, vil vere avgjerande. Vi har gode døme på det med Elvebøen og Fossevegen. Det viser seg at når eldre vil flytte frå eigen heim, vil dei flytte sentralt og vere saman med andre. Det må vi legge til rette for, seier Drabløs.

Informasjonsmagasin frå Stad kommune 19
Innspelsmøte: Stad eldreråd og Stad råd for menneske med nedsett funksjonsevne samla for å diskutere og gje innspel til arbeidet med ny strategisk utviklingsplan for Nordfjordeid sentrum. - Det handlar om å tilpasse sentrum for alle, seier Lars-Svein Drabløs, (utvalsleiar i Stad eldreråd i midten av bilde). Frå venstre Bent Inge Borgund (medlem i Stad råd for nedsett funksjonsevne), Siri Sandvik (varaordførar/leiar for oppgåveutvalet) og til høgre Cecilie Åshamar (samfunnsplanleggar Stad kommune).

Samskaping

Fått låne gartneri:

Prosjektet Urbant landbruk har fått låne lokale i Torheim Gart neri. Planen er etter kvart å flytte til sentrum slik at det blir lettare tilgjengeleg. Frå venstre Mira Kreis, Kjartan Haaland, Hanne Østvik og Anne-Britt Andersen.

Prosjektet Urbant landbruk er kome i stand som følgje av at Stad kommune er med i det treårige nasjonale pilotpro sjektet Den samskapande kommunen. Telemarksforsking, konsulentselskapet TINKR og Norde Follo kommune er andre involverte i prosjektet der målet er å skape grøne møteplassar saman med innbyggjarane.

Ansvarleg for prosjektet i Stad kommune, Arild Vonheim, fortel at ein så langt har fått 400.000 kroner til å starte opp aktiviteten, og lovnad om 450.000 kroner til vidare utvik ling. Det er Vestland fylkeskommune som finansierer akti viteten.

Drivhus i sentrum

Planen som ligg føre er å byggje eit drivhus med hage for grønnsaksdyrking.

– Vi er ei gruppe på 15 personar så langt, og ser for oss at vi kan få med endå fleire når vi flyttar aktiviteten til sent rum. Målet er at fleire skal engasjere seg.

Vi vil prøve å skape ein stad der vi viser døme på ulike artar vi kan dyrke på Vestlandet. Her kan vere bikube, hum lehotell, frukthage og kultivering av vestnorske raudlista planteartar. I kombinasjon med gapahuk og utekjøkken kan det vere ein plass både skule og lag og organisasjonar kan nytte.

Får vekstane dei dyrkar Prosjektet vil ikkje la seg realisere for løyvingane som er komne så langt, men Vonheim seier kommunen ikkje har sett av eigne midlar.

– Vi har allereie ein del utstyr vi har kjøpt inn for dei første pengane vi fekk. Det kan enkelt flyttast vidare. Meininga er at deltakarane i prosjektet skal utforme anlegget. Dei er fri villige og arbeidet er dugnadsbasert. Betalinga kjem i form av at dei tek med seg vekstane dei dyrkar heim til eige bruk. Vi skal også søkje om meir midlar, slik at det ikkje skal gå utover den ordinære drifta i kommunen.

– Prosjektet tek utgangspunkt i å løyse utfordringar saman med innbyggjarane. Ein skal formidle kunnskap om lokal mat, og dyrke mat. Samstundes skal det vere ein møteplass for gamle og nye innbyggjarar i kommunen. Ein stad der ein kan møtast for felles interesse.

Prosjektet har fått disponere Torheim Gartneri gratis sidan oppstarten. Ein er i dialog om å halde fram avtalen ein vin ter til.

– Planen er at vi skal ta det nye anlegget i bruk våren 2023. Vi håper vi får med oss enda fleire innbyggjarar i det vidare arbeidet. Du treng ikkje kunne noko om dyrking frå før for å vere med. Det er nok å ha lyst å lære og ønske å vere i eit positivt fellesskap med andre.

20 Informasjonsmagasin
kommune
frå Stad
FOTO:

Urbant landbruk gjev samhald og trivsel

Ei gruppe på 15 personar har jobba med samskapingsprosjektet Urbant landbruk sidan våren 2021. Snart er planen å flytte aktiviteten frå Torheim Gartneri til Nordfjordeid sentrum.

Sosial møtestad

Ulf Rugumayo Amundsen har ansvaret for Urbant landbruk. Han fortel at han ytta til Eid for to år sidan og at han har engasjert seg i prosjektet sidan han er agro nom og har jobba med liknande tidlegare.

– Eg var med i Vie anleggslandbruk i fire år då eg budde i Førde. Eg hadde bakgrunnen og fekk vite om prosjektet då eg var i kontakt med Arild i samband med eit fotooppdrag, seier han.

Amundsen fortel at for han har prosjektet vore ein sosial møtestad.

– Ein må stå på og gje av seg sjølv om ein skal få vener. Det er ikkje alltid enkelt. Eg har fått kon takter og det er sosialt. Gjennom prosjektet er eg mellom anna dratt med vidare i eit forsøk på å få liv i ein jazzklubb.

40 tomatsortar

Amundsen fortel at dei dyrkar 50 ulike sortar krydderurter, 40 ulike tomatsortar og 17 papri kasortar.

– Folk skal kunne kome og sjå variasjon, ikkje berre raud, grøn og gul paprika.

Han fortel at dei første sesongen fekk bra avling av ulike sortar paprika, chili og agurk. Men tomatavlinga slo feil.

– Denne sommaren var dårleg for grønnsaksdyrking på Vestlandet. Det var to månader med temperatur under 15 grader, og nokre netter der det var ned mot 4 grader. Det var ikkje mogleg å dyrke tomatar. Vi trudde vi skulle få 600 700 kg tomat, men enda opp med 25 kg.

Er med i Urbant landbruk: Her er nokre av deltakarane i Urbant landbruk samla med eit utval vekstar dei dyrka fram første sesongen. Biletet er teke i Torheim Gartneri der dei har halde til. Frå venstre Marie-Lou Bldn, Karina Dahlum, Mr. og Mrs. Bldn (foreldrene til Marie-Lou som bor i Frankrike), Ylva Sofia Berglund, Audhild Skår.

FOTO: ULF RUGUMAYO AMUNDSEN/URBANT LANDBRUK

Følg prosjektet eller ta kontakt om du har lyst å vere med. Facebook: Drivhusgruppa - Urbant landbruk/Stad

Informasjonsmagasin frå Stad kommune 21

Klima, helse og tryggleik

VAO-planar dannar grunnlag for trygg handtering

Gjer den usynlege jobben: Stian Johansen, prosjektkoordinator for vatn, avløp og overvatn, er ein av 12 medarbeidarar på kommunalteknikk i Stad kommune som er med og gjer jobben med å sikre godt drikkevatn og opne avløp. – Det er ikkje alltid enkelt sidan systema i stor grad ligg nedgravd under bakken.

– Vi har no ferdigstilt eit langvarig planarbeid på vatn, avløp og overvatn, noko eininga med fagleiar Koen Vanac ker i spissen har jobba med i to år. Det har vore eit lærerikt og omfattande arbeid, som har gjeve oss god tilstandsvur dering på eksisterande kommunal infrastruktur, samt iden tifisert behovet for naudsynte investeringar i åra som kjem, seier Hilde Hovden, einingsleiar kommunalteknikk.

Arbeidet med vatn, avløp og overvatn er mellom anna vik tig med omsyn til å sikre seg mot effektar av klimaendrin gane, og det er viktig for miljø og helse.

Tre temaplanar

Dei tre planane er utarbeidd i samarbeid med Norconsult. I planane vert det påpeika at vatn, avløp og overvatn er grunnleggande delar av infrastrukturen i samfunnet vårt. Dersom dette ikkje er på plass, er det lite som kan byggast

og drivast. Det er lagt opp til at tiltaka innan vassforsyning, avløp og overvatn skal innarbeidast i økonomiplanperio den for 2023 2034, der tiltaka innan vatn og avløp går over sjølvkost. Kommunen har rolle som forvaltingsmynde, an leggseigar og tenesteleverandør.

– Det er veldig bra at vi har ferdigstilt planarbeidet, også på overvatn. Dette er ein ny plan som har gjeve oss ei viktig tilstandskartlegging, og vi ligg her i forkant samanlikna med andre kommunar vi har snakka med. I takt med kli maendringar, vil dette være eit godt utgangspunkt for auka innsats på området, seier Hovden.

Risiko for miljøet

Det overordna målet for avløpshandteringa er at alle skal vere tilknytt eit velfungerande avløpssystem med gode løysingar for oppsamling, reinsing og utslepp av avløps

22 Informasjonsmagasin
kommune
frå Stad
Nye temaplanar for vassforsyning, avløp og overvatn (VAO) legg grunnlaget for trygg handtering fram mot
2034.

vatn. Private avløp med dårleg reinsing utgjer ein risiko for miljøet. Det er også viktig at ein framover vurderer framtidsretta løysingar som fordrøyning og infiltrasjon, framfor at store ned børsmengder går rett i eksisterande leidnings nett.

Det er særleg i Nordfjordeid sentrum det er på peika stort skadepotensial og utfordringar knytt til overvatn. Framover er det avgjerande at or ganisasjonen har nok og riktig kompetanse på fagfeltet. I område med kvikkleire må kommu nen ha eit særleg fokus på god overvasshandte ring.

Lekkasje

i aldrande leidningsnett

Det er lekkasje av vatn i leidningsnettet fleire stadar. I enkelte delar av kommunen er lekka sjen rekna til mellom 40 60 prosent av produ sert vatn. Lekkasjesøk og stegvis fornying av det kommunale leidningsnettet vil vere god øko nomi for kommunen og godt for miljøet. Kom munen har elles ein del kvalitetsutfordringar på drikkevatn samla sett. Særleg er dette knytt til tal bakterier i sommarsesongen. Stian Johansen, prosjektkoordinator for vatn, avløp og over vatn, er ein av dei som jobbar med å sikre innbyggjarane i kommunen godt drikkevatn og opne avløp. Han ønskjer pla nane velkomen.

– Det er viktig å få belyst tilstanden og få prosjekt inn på bud sjettet. Det er eit aldrande anlegg, og mykje tid går med til å rette feil som oppstår, seier han. Vi møter han saman med to kollegaer på jobb i Myklebuståsen.

Viktig styringsdokument

– Planane vert viktige styringsdokument for oss dei neste 10 12 åra. Økonomi og handlingsdel knytt til planane skal no vedtakast i politisk handsaming. Ei godkjenning her vil legge føringane for eit naudsynt løft knytt til nye anlegg på avløpssida både i Selje og på Nordfjordeid, modifisering av eldre høgdebasseng på vass sida, og ein auka innsats på leid ningsfornying og overvasstiltak. Reint drikkevatn, funge rande avløps og overvasshandtering er kanskje noko vi tek for gitt i eit etablert velferdssamfunn som vårt, men det kjem ikkje av seg sjølv. Vår innsats, samt kontinuerleg utvikling på VAO er avgjerande i ein kvardag med gamle anlegg og ald rande leidningsnett, i eit samfunn med endra klima og au kande smittepress, seier Hovden.

Arbeidet med fornying og utvikling er allereie i gang.

– Når det gjeld tiltak av nyare dato har vi eit rimeleg nytt vassverk på Nor med ny hovudvasskjelde for om lag 3.500 personar i kommunesenteret, der også Heggjabygda og tid legare Leivdal vassverk er kopla på. Vi har fått utført dam sikring på Fossane, og har med det ei fullverdig reservevassløysing for kommunesenteret Nordfjordeid. Vi har utført damsikring ved Selje vassverk, og skal i 2023 ut føre damsikring ved Kaldekloven vassverk (Haugen). Dette er framtidsretta arbeid som sikrar vassverka våre for fram tida.

Breiband til alle gir større tryggleik På infrastrukturområdet opplyser elles prosjektleiar Svein Otto Melheim i Stad kommune at ein no er inne i siste fase med å byggje ut breiband til alle husstandar. – Vi har jobba med fleire prosjekt for breiband til heimen opp gjennom åra, og er no inne i siste fase med fire prosjekt for å sikre breiband til heile kommunen. Vi reiknar med å bli ferdig første halvår 2023, då har alle innbyggarane i Stad kommune tilgjengeleg fiber. Dei siste utbyggingsområda er Kjølsdalen og bygdene vestover mot Lefdalsbygda. Her er Enivest leverandør. Vidare har vi Rimstaddalen og Fagerlia der Telenor er leverandør. Gjennom ein eigen utbyggingsav tale mellom Telenor og Stad kommune om utbygging av ba sestasjonar for mobilnett fekk Rimstaddalen 5G samstundes. Det prosjektet er ferdig. Vidare har vi Drage, Hoddevik, Elt vik, Seljeøya og Røyset på nordsida av Barmen. Det vanlege er å grave ned kablar i grøfter, i prosjektet på Seljeøya og Bar men er det i tillegg nytta sjøkabel. Her er Nettstar leverandør. Nyleg var vi ferdig med Heggjabygda, Holmøyane Skrede, Hennebygda og Lote der Enivest er leverandør. Fiber til Na velsaker og Furefjerding er levert med oppgradert radiolink frå Enivest.

70 prosent nyttar tilbodet Melheim opplyser at om lag 70 prosent av innbyggjarane vel å nytte seg av tilbodet om fiber når det blir tilgjengeleg. Statleg og kommunal medfinansiering av prosjekta er på cirka 20 millionar kroner. Samla Investering er 30 millionar kroner. Totalt er det utbygd om lag 250.000 meter med fiber som går i luft, bakke, vatn og sjø.

Prosjekta er finansiert gjennom søknadsmidlar frå Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit, NKOM, i samarbeid mellom kommune og fylkeskommune.

Informasjonsmagasin frå Stad kommune 23
Reservevasskjelde på Fossane: Stad kommune har i haust sluttført arbeidet med damsikring på Fossane, reservevasskjelda for Nordfjordeid. Frå høgre Einar Hessevik (prosjektleiar Stad kommune), Bjørn Joakimsen (fagansvarleg Norconsult), Hilde Hovden (einingsleiar kommunalteknikk), Kjell Inge Elde (prosjektleiar Veidekke). I bakgrunnen Per Bøen (arbeidsleiar kommunalteknikk Stad kommune). Foto: Stad kommune

Badeliv: Det er brygge på Søholmen der småbåtar kan legge til. Staden er populær fine sommardagar, både blant lokale og tilreisande båtfolk.

ALLE FOTO: BRYGGJA UTVIKLINGSLAG

Held naturperla Søholmen fin

Bryggja Utviklingslag nyttar søknadsmidlar frå fylkeskommunen til å halde friluftsområdet Søholmen i hevd. Dugnadsinntekter frå arbeidet blir også brukt på andre gode formål i bygda.

Dei siste åra har Bryggja Utviklingslag vore pådrivar for å for valte statlege eigde Søholmen som eit attraktivt friluftsom råde, med god hjelp av den lokale 4H klubben Hei og hå 4H. Leiar i Bryggja Utviklingslag Øystein Hessevik seier midlane dei får gjennom arbeidet med Søholmen er viktige for drifta i laget.

– Alt arbeidet på Søholmen blir gjort på dugnad. Mykje av tida brukar vi til å slå graset på markane med beitepussar, og til å sage ned skog med motorsag. Vi held stiane opne, tek ansvar for kaia, vedlikehald av bord og benkar, og har elles ein del prosjekt for å utvikle Søholmen til ein kjekk stad å vere. Mel lom anna har vi laga sandvolleyballbane og sett opp toalett bygg. No planlegg vi å byggje tak over murar som står att der, slik at ein har ein stad å gå under om det byrjar regne. Vi skal også setje opp informasjonstavle.

Jobbar etter forvaltningsplan

Hessevik fortel at han sjølv enda opp som leiar i Bryggja Ut viklingslag nettopp gjennom engasjementet for Søholmen.

– Eg har alltid likt meg der. I ungdomen var det ein stad vi brukte å samlast, for å bade, spele volleyball, brenne bål og vere sosiale saman. Der fekk vi vere i fred. Ungdomar samla seg og det var litt festliv. Gjennom engasjementet for Søhol men kom eg i kontakt med Bryggja Utviklingslag og tok etter kvart på meg jobben som leiar, fortel han.

Leiaren i utviklingslaget fortel at dei fekk 50.000 kroner i midlar etter søknad i fjor, året før fekk dei 80.000 kroner. Summane varierer alt etter kva utviklingsprosjekt det gjeld.

– Vi søker fylkeskommunen om prosjektmidlar gjennom kommunen. Så utfører vi dugnaden, rapporterer tilbake om arbeidet og får ut mid lane frå fylkeskommunen. Til nokre prosjekt, til dømes volleyballbana, har vi søkte midlar andre stader også.

Prosjekta det blir søkt midlar til, er i tråd med ein forvaltningsplan som vart laga for nokre år siden.

Viktig inntektskjelde

– Pengane er ei viktig inntektskjelde for Bryggja Utviklingslag. Timane vi jobbar dugnad blir inntekt til laget. Desse pengane kan vi også bruke til andre tiltak i bygda som kjem alle til gode, forklarer Hessevik.

Utviklingslaget driv mellom anna nettstaden Bryggja.no. Hes sevik fortel at dei har skipa til motorsagkurs – eit nyttig tiltak både for skogrydding på Søholmen og i andre samanhengar.

Søholmen er eit område ved fjorden like nedanfor Fjordly med ungdomssenter, barnehage og Holmely Omsorg og Ret reat.

Hessevik seier barnehagen er av dei mest aktive brukarane av området.

– Det er ein fin stad å gå tur, mellom anna opp til ein liten kolle dit det går fin sti. Og det er fint å tenne bål.

24 Informasjonsmagasin frå Stad kommune
Bulyst

Sandvolleyball:

Var småbruk

Ifølgje historia til staden vart småbruket på Søholmen drive med eit par kyr, nokre sauer, griser og høner. Lars Eirikson Runshaug og Anne Olsdotter Gjesdal kjøpte Søholmen i 1905 for 400 kroner. Dei hadde seks born, fem jenter og ein gut. Guten heitte Olav. Han overtok småbruket og budde der åleine. Søholmen vart sikra som friluftsområde med statlege midlar i 1976.

Hessevik seier området er ein del brukt, men at det er plass til fleire.

– Spesielt på sommaren er det mykje brukt, mellom anna som badeplass. Det er fint å stupe frå svaberga eller frå brygga. Men vi prøvar å reklamere litt slik at det skal bli endå meir brukt. Det er plass til fleire der. Det er mellom anna ein fin stad å slå opp telt. Kjem ein med bil er det berre å svinge av

ved Fjordly, parkere bilen på ein eigen parkeringsplass rett før senteret, og gå stien eit par hundre meter forbi. Då er du på Søholmen. Det er ålmenta som eig området så her kan kven som helst vere. Staden er lett tilgjengeleg berre du veit om han.

– Ein del kjem også med båt og legg til ved brygga på Søhol men. Fjordlandskapet endrar seg på Bryggja. Vi har meir skjergard, så det kjem ein del båtfolk frå lenger inne i fjorden.

Om du ikkje har vore på Søholmen, bør du ta turen og opp leve det flotte nærområdet vi har her på Bryggja. Kjøp gjerne med deg noko godt frå Bakerie og nyt ein ettermiddag her saman med nokon du er glad i.

Meir info om Søholmen finn du på www.bryggja.no

Informasjonsmagasin frå Stad kommune 25
Engasjert: Øystein Hessevik er leiar i Bryggja Utviklingslag. Ein av aktivitetane ein kan halde på med på Søholmen er volleyball. Bana er eit av prosjekta som er skapt med utviklingsmidlar.

Held strendene reine for marint avfall

Strandryddinga er ein del av programmet Rydd Norge Vest land, der målsettinga er å rydde kysten for plast. Sommaren 2022 blei det rydda godt i området Liberholmen, Ytre Drage, Indre Fure og Myresanden. Det vart rydda bil dekk, ståltønner, isopor, plastflasker, plastkanner, tau og garn. Samla vart 11.980 meter kystlinje rydda for avfall. Det vart samla 977 kg avfall, tilsvarande 12,3 kubikkmeter. Totalt vart det brukt 88 timar på rydding. 77 prosent av avfallet var plast, av det store mengder isopor.

Friluftsrådgivar Anna Kobbeltvedt i Fjordane Friluftsråd er med og organiserer strandryddingane. – Vi organiserer det

Friluftsskule: Surfing i Hoddevik var ein del av programmet for borna som var med på friluftsskulen i regi av Fjordane Friluftsråd i Selje 24.-26. juni. Foto: Ruben Soltvedt

som turrydding der alle deltakarane er med og går tur, vi held felles mat og alt av utstyr som trengs til ryddinga. Vi er av hengig av frivillige som stiller opp og ryddar. På strandrydd ingane i Stad opplever vi god respons, med ildsjeler som brenn for å halde strendende reine for avfall, fortel Kobbelt vedt.

Skuleturné

Fjordane Friluftsråd arbeider også med skular på ulike trinn. – Vi gjennomfører Skuleturné for havet saman med Natur vernforbundet i Sogn og Fjordane. Turneen starta hausten 2021 og har hatt stor suksess. I løpet av skuleåret 2022 2023 skal vi fortsette turneen og besøke kommunar som tilhøyrer «gamle» Sogn og Fjordane. Vi driv med alt frå undervisning om plasten sitt miljøproblem og marin forsøpling i klasse rommet, til å ta med elevane på faktiske ryddeaksjonar i strandsoner og vassdrag. Kombinasjonen av teori og praksis gir elevene god innsikt i miljøproblemet sin kompleksitet både lokalt og globalt.

Fleire klasser i Stad kommune har allereie delteke på oppleg get. Det er flott å sjå at plastrydding og miljøarbeid engasjerer elevane. Det er ei god kjensle for elevane å forstå at ein er med å bidra inn i eit viktig arbeid for nærmiljøet og havet vårt.

26 Informasjonsmagasin frå Stad kommune
Fjordane Friluftsråd har hatt strandrydding på kysten og friluftsskule i Selje og Eid i sommar. Stad er ein av seks medlemskommunar i friluftsrådet, med rydding av marint avfall som hovudområde.
Miljødugnad

Nasjonalt ryddeprogram

Rydd Vestland er finansiert gjennom Handelens miljøfond, Miljødi rektoratet og medlemskommunene. Fire profesjonelle ryddarar er med. Målet er å rydde 40 prosent av ytre kystlinje. Fjordane Friluftsråd har hovudkontor på Hardbakke i Solund. Det er 7080 prosent finansiert av prosjektmidlar, til dømes frå Handelens Miljøfond. Ifølgje nestleiar i friluftsrådet Lasse Lund, som også er skipper og leiar i Skjergardstenesta i friluftsrådet, utgjer prosjektmidlar 14 millionar kroner av driftsbudsjettet, medan driftstilskot frå medlemskommunar, fylkeskom mune og staten gjennom miljødirektoratet er to millio nar kroner.

– Vi har eit reiknestykke som viser at verdiskapinga for kommunane er 9,7 gongar det dei betaler inn, på grunn av prosjektmidlane vi søker om. Om ikkje kommunane hadde dette tilbodet, måtte dei teke ansvar for arbeidet på andre måtar. For kommunane er det ein gunstig måte å organisere rydding av marin forsøpling på, mei ner Lund.

Han seier friluftsrådet har samla inn 325 tonn marint av fall etter at dei starta opp i 2017. Avfallet blir lever til god kjent avfallshandtering.

Interkommunalt

Etter oppstarten i Solund har mange nabokommunar kobla seg på prosjektet. Forutan Stad og vertskommunen Solund, er Bremanger, Askvoll, Kinn og Stryn med. For Stad kommune sin del er den årlige medlemskontingenten om lag 150.000 kroner. Va raordførar Siri Sandvik er med i styret.

– Vi er no ti tilsette, to av dei i Florø, resten i Solund. Vi har ønske om å utvide til fleire kommunar i nærområdet, seier Lund. Han nemner Gloppen, Sunnfjord, Høyanger, Fjaler, Hyllestad og Gulen som kom munar ein ynskjer med.

Lund seier folk som har lyst å engasjere seg i rydding av marint avfall kan ta kontakt med dei. Det finst mykje informasjon på nettstaden www.fjordanefr.no.

– Vi kan gje råd om korleis ein skal gå fram, og hjelpe til med å hente avfallet. Blir vi samde om ein stad å plukke det opp, kan vi kome med båten og ta det med. Vi har også ei teneste for innsamling av vraka båtar som, enn så lenge, er gratis. Det betyr at folk kan ringe oss så kan vi kome og hente båtvrak.

Friluftsskule

Sjølv om rydding av marint avfall er hovudaktviteten til friluftsrådet, skipar dei også til andre aktivitetar med mål om å ta naturen i bruk på ein berekraftig måte. Eit satsingsområde er friluftsliv.

Anna Kobbeltvedt fortel at dei har skipa til ti friluftsskular i sommar, to av dei i Stad kommune. 24. 26. juni skipa dei til friluftsskule i Selje med utgangspunkt i Hoddevik og parken i Selje sentrum. 12. 14. juli var det tilsvarande friluftsskule i Eid med base ved Hornindalsvatnet og Fellesanlegget Tua. Tilbodet er gratis for deltakarane. Friluftsskulen er eit dagstilbod for born og unge i kommunen, med mål om å gje gode opplevingar i og med naturen. Det skal vere ein positiv introduksjon til friluftsliv, med fokus på kjekke aktivitetar og haldningsskapande arbeid.

Frivillige: Mange lokale ryddarar møter opp for å hjelpe Fjordane Friluftsråd med strandrydding. Her Miriam Friberg i ryddeaksjon. Foto: Anna Kobbeltvedt, Fjordane Friluftsråd Skuleturné: Thea Båtevik er fagleiar for Marin Forsøpling i Fjordane Friluftsråd. 20. oktober var 7. klasse v/Nordfjordeid skule samla på Flatraket for undervisning om plast som miljøproblem for å delta på ryddedugnad.

Planlegg for berekraftig cruise

Landstraumsanlegg der cruiseskip til kai kan hente straum, og bussar og småbåtar kan lade, er under planlegging på Nordfjordeid.

Stad kommunestyre løyvde i kommunestyremøte i juni 2022 kr 200.000 for arbeid med ein cruisestrategi. Denne skal bygge på metodikken for «Merket for berekraftig rei semål». Merkeordninga er eit styringssystem for at reise mål skal arbeide mest mogleg berekraftig. Som hjelp har Innovasjon Norge utvikla verktøyet «Berekraftig reisemål». Merkeordninga er både ei sertifisering og ein strukturert arbeidsprosess fram mot godkjenning. Sentralt i ordninga er ein standard som skal innfriast. Reiselivet må i proses sen samarbeide med både kommune og andre lokale aktø rar.

Kommunen tek initiativet, men treng å ha med seg næringa, og det skal leggast opp til brei medverknad undervegs i planarbeidet.

Landstraum

Styreleiar Ivar Myklebost i Plug Nordfjord AS, eit selskap eigd 50 50 av Seawalk Nordfjord AS og Eviny, seier plan legging av landstraumsanlegg til cruisenæringa er kome langt.

– Det vi jobbar med er eit anlegg der cruiseskip kan hente straum medan det ligg til kai. Samstundes tenkjer vi oss at det skal leggast til rette for lågspent lading slik at bussar og småbåtar skal kunne ladast. Vi har allereie tilgang til ein del straum på kaia sidan det tidlegare var slakteri og meieri der. Med det eksisterande systemet har vi nok straum til å sikre straum til båtane i sommarmånadene, men ikkje ut over vinteren. Sidan sentrum har førsteprioritet har vi fått beskjed med Linja om at vi må ha inn ein kabel til for å sikre straum også i vinterhalvåret, seier Myklebost. Han omtalar kommunen som ein god støttespelar i prosjektet. Kommu nen har også ein eigarpost i Seawalk Nordfjord AS. Ifølgje styreleiaren har sjølve landstraumsanlegget eit bud sjett på 80 85 millionar kroner. Grøfta med den ekstra ka balen vil medføre eit tillegg på kring 8 millionar kroner. – Vi har allereie fått tilsagn på rett i underkant av 20 mil lionar kroner i stønad frå Enova, slik at vi har noko å starte opp med. Resten av investeringa må selskapet finansiere. Planen var at vi skulle ha anlegget klart til inneverande se song. Men på grunn av to år med pandemi måtte det utset

28 Informasjonsmagasin frå Stad kommune Samfunnsutvikling
Verda kjem til Eid: Cruiseskipet AIDAnova til kai ved Seawalk Nordfjord i oktober. Skipet går på nedkjølt naturgass, LNG, noko som skal redusere CO2-utsleppa med 25 prosent samanlikna med eit dieselskip. I tillegg blir det 85-90 prosent mindre NOx. Vi ser korleis passasjerane går i land via seawalken.

jast. Vi er klare til å gå i gang. Det er eit års leveringstid på trafoane, seier Myklebost. Planen og håpet no er at anlegget skal kunne takast i bruk i 2024 sesongen.

Eviny eigde Plug AS har allereie landstraumsanlegg i drift i Bergen, der dei leverer straum til skip til kai, slik at dei kan stenge motorane og re dusere utslepp til luft. Eit tilsvarande anlegg vart opna i Ålesund i haust. – Nyare skip er lagt opp for å kunne lade med landstraum. Ikkje alle skip har det førebels, men det er ein del som blir bygd om no. Etter kvart vil alle ha moglegheit til å lade med landstraum. Næringa har interesse i å kutte utslepp, og det ser også ut til å bli billigare for dei å lade frå land enn å ligge på diesel, seier Myklebost.

Førebur strengare miljøkrav Dagleg leiar Arild Åshamar i Sea walk Nordfjord seier selskapet fø rebur seg på ei framtid med reduserte utslepp frå cruisenæringa. I Geirangerfjorden og Nærøyfjorden, fjordar på verdsarvelista til Unesco, er 2025 siste sesong der det er lov for cruiseskip å gå på fossilt drivstoff. – Vi må tilpasse oss utsleppskrav. Vi er førespegla dei same krava som Geiran ger og Flåm frå 2030. Det er ikkje tvil om at vi må følgje med på trenden og tilpasse oss stren gare miljøkrav. Dei nyare skipa på Nordfjordeid går på LNG, det vil seie gass.

Til dømes gjeld dette AIDAnova. Desse skipa har mykja lå gare utslepp enn dei eldre. Vi ser også at stadig fleire byg gjer om med batteripakkar slik at dei blir hybride og kan gå på både batteri og diesel. Det tek ti år frå eit skip vert sett i bestilling til det er i drift, så det er lange linjer. Næ ringa må få litt tid til å omstille seg, meiner Åshamar. –Etter kvart vil det nok bli restriksjonar på kva skip ein tek imot.

– Stad kommune skal jobbe aktivt for å nå dei internasjo nale klimamåla og arbeide for at vekst og utvikling skjer in nanfor naturen sine tålegrenser og staden sine føresetnader. Ei satsing på reiseliv krev at vi har gode pla nar som gjev oss rammer og retning for vidare utvikling. Cruisestrategien må utformast saman med næringslivet og lokalsamfunnet elles, seier Kristine Dahl, assisterande kommunedirektør i Stad kommune. Arbeidet med den nye planen vil starte opp i første del av 2023.

Dagleg leiar i Seawalk Nordfjord Arild Åshamar er klar på at vi må følgje trenden og tilpasse oss strengare miljøkrav.

Samfunnsutvikling

50 skip i 2022

Åshamar oppsummerer 2022 sesongen som veldig bra.

– Vi har hatt 50 skip inne. Det var meldt inn 53, eitt melde avbod ute med kysten på grunn av vind, to andre snudde inne i fjorden av same årsak. Om vi reiknar med at skipa i gjennomsnitt har hatt 70 prosent belegg, har grovt reikna 128.000 cruisepassasjerar kome til Eid i 2022. Det trur eg er eit realistisk tal, seier Åshamar.

Han trur om lag 40 prosent av passasjerane dreg vidare på utflukter til stader som Hellesylt Geiranger, Loen Skylift, Briksdalen, Vestkapp, Selje, Harpefossen, Tvinnefossen og Sandane Folkemuseum.

– Om lag 60 prosent blir att i Nordfjordeid sentrum, og tek turar til stader som Sagastad og fjordhestsenteret. Vi har denne sesongen leigd inn ein batteridriven buss som frak tar folk rundt i sentrum, fortel han om tiltak ein allereie er i gang med på vegen mot ei framtid med reduserte utslepp.

– Vi kunne nesten ikkje vore meir uheldig med opninga av Seawalk Nordfjord enn vi var sidan vi fekk to år med pan demi rett etterpå. Men vi fekk testa anlegget i 2019 seson

Gatevandring: Guida turar der cruiseturistane får innsikt i historia til Eid, er eit populært innslag på ein cruisedag.

gen, og har hatt ein veldig god sesongen i år. Åra med pan demi heng framleis att, men vi får god hjelp av bankane og statlege garantiordningar, så vi skal kome oss gjennom dette, seier Åshamar.

Han fortel at 79 skip er melde inn til 2023 sesongen.

Gode tilbakemeldingar

Den daglege leiaren på cruisekaia fortel at tilbakemeldin gane er gode frå både cruiseselskap, passasjerar og næ ringsdrivande i sentrum.

– Eid er eit ope sentrum med god plass og nærleik til alt. Tilbakemeldinga er at det eignar seg svært godt til å ta imot cruiseturistar. Det blir ikkje trangt sjølv om 6.000 men neske kjem i land. Vi får også tilbakemeldingar frå dei næ ringsdrivande i sentrum om at turistane legg att pengar.

Tal Sagastad har offentliggjort viser at dei har besøk av rundt 20 prosent av passasjerane ved kvart anløp. Rekord dagen var 16. august då AIDAnova var på besøk og 1.366 gjestar vitja vikingsenteret. Samla vitja kring 30.000 Saga stad i 2022.

30 Informasjonsmagasin frå Stad kommune

Samspel skapar

gode aktivitetsområde

Ved skulen på Flatraket er dei i ferd med å ferdigstille akti vitetsparken med klatreløype, hinderløype, kanonballbane, stor sklie, trampoline og belysning. Alt er med på å legge til rette for fysisk aktivitet. Stephan Lexau har vore FAU leiar dei tre åra anleggsutviklinga har pågått, og sentral i arbeidet. – Eg må seie at samarbeidet i prosjektet har vore strålande. Prosessen starta med at vi tok kontakt med ein leverandør som kom med forslag til korleis vi kunne gjere det. Så tok vi det opp i FAU og involverte elevrådet og dei tilsette ved sku len. Kanonballbana var mellom anna noko som kom i stand etter tilbakemelding frå elevrådet. Vi har fått god hjelp frå kommunen når det gjeld råd og gjennomføring. Det er lagt ned stor dugnadsinnsats, og vi har fått økonomisk stønad frå verksemder på Flatraket og i Måløy. I tillegg har vi fått spe lemidlar, og økonomisk stønad frå kommunen, seier Lexau. Totalt har aktivitetsparken på Flatraket ein prosjektkostnad på 1,56 millionar kroner. Det er søkt om spelemidlar for tre ulike prosjekt i aktivitetsparken, totalt 691.000 kroner. Lexau seier prosjektet i tillegg er fullfinansiert med private midlar, kommunale midlar og dugnad med ein femdel kvar.

Aktivitetsløype

På Stadlandet er det sist fullførte prosjektet ei aktivitetsløype rundt heile skulen med totalt 10 12 apparat. Desse kan bru kast både enkeltvis eller samla som ei hinderløype. Rektor Stig Ågedal Mortensen ved Stadlandet skule seier løypa er mykje i bruk både til kroppsøving, i friminutt og på fritida. Både born og vaksne brukar løypa. I sommar vart det skipa til konkurranse i løypa i samband med Sommaraktive Stadt. Ifølgje rektor tek løypa anslagsvis to tre minutt om du er i god form og spring alt du klarar. – Løypa vart fullført før sommaren og er mykje brukt. Skulen ligg midt i bygda på Leikanger, så her er mykje aktivitet også utanom skuletid. Frå før er her mellom anna fotballbane med kunstgras, sandvolleyballbane, ballbinge og skatepark. Akt vitetsløypa supplerer det gode tilbodet som allereie er her.

Vi har eit sterkt og godt samarbeid med det lokale idrettsla get. Det har mellom anna vore gjort mykje dugnad, seier Ågedal Mortensen.

Han seier prosjektet er finansiert av spelemidlar, Oklamidlar, dugnad og lån.

Krav til dokumentasjon

Ifølgje rådgivar Anna Karete Bjørlo i Stad kommune som mellom anna bidrege med rådgjeving i arbeidet med spele middelsøknader, har aktivitetsløypa ved Stadlandet skule ein prosjektkostnad på 1,1 millionar kroner. 300.000 kroner av summen er dekka av spelemidlar.

– Det er mange krav og vilkår for tilskot frå spelemidlar, og det er strenge krav til dokumentasjon. Vi kan bidra med råd gjeving mot spelemiddelsøknad og gje gode råd for korleis ein skal gjennomføre slike prosjekt. Mellom anna er det krav i reglementet for spelemidlar at apparata skal vere godkjent for å ta imot spelemidlar. Det handlar om at det må vere knytt opp til fysisk aktivitet. Vanlege leikeapparat er ikkje godkjent for spelemidlar, forklarar Bjørlo.

Kan få 50 prosent spelemidlar På Flatraket skule er det delt opp i fleire nærmiljøanlegg og kvart anlegg kan få inntil 50 prosent tilskot frå spelemidlar, opptil maksimalt 300.000 kroner. – Kommunen sine erfaringar med å samarbeide med lag og organisasjonar på denne måten er gode, og kommunen er alltid open for nye samarbeid. Når eit lag eller ein organisa sjon står bak prosjektet opnar det seg også fleire mogleghei ter for finansiering av prosjektet, då desse kan søkje ideelle stiftingar om tilskot til prosjektet. Det kan ikkje kommunen. Ein kan dele opp og utvikle som fleire prosjekt, noko som kan gi meir i tilskot frå spelemiddelordninga, forklarar Bjørlo.

Stårheimsparken ved Stårheim skule er eit anna døme på ak tivitetsområde utvikla i regi av lokale krefter på kommunal grunn. Prosjektet vart opna hausten 2020.

– I tillegg til aktivitetsområde ved skular er tilsvarande om råde i byggjefelt aktuelt å utvikle på same måte, til dømes i samarbeid med velforeningar.

Informasjonsmagasin frå Stad kommune 31
Anlegga er komne på plass etter godt samspel mellom lokalmiljø og kommune.
Bulyst
Aktivitetsløypa rundt Stadlan det skule. Apparata blir brukt både enkeltvis til klatring og som hinderløype. FOTO: STADLANDET SKULE

Planar for næringsutvikling ved skipstunnelen tek form

Næringsområdet på Moldestad, ved tunnelinnslaget i Molde fjorden, på Lesto, i Kjøde og på Stadlandet er under planlegging med bruk av tunnelmasser frå Stad skipstunnel.

Prosjektleiar Terje Skjeppestad i Kystverket seier arbeidet med Stad skipstunnel er i rute, og at dei jobbar for å få to talentreprisen ut i marknaden på anbod i byrjinga av 2023.

– Vi håpar på anleggsstart første halvår 2024. Sjølve an leggsfasen vil truleg pågå i om lag tre fire år. Så skal ein del tekniske installasjonar på plass, seier Skjeppestad. Han byrja i jobben som prosjektleiar for Stad skipstunnel 3. au gust i fjor. Skjeppestad er utdanna maskiningeniør og har bakgrunn frå leiing av store prosjekt innan olje, gass og bane.

Han fortel at Kystverket i løpet av året han har jobba med prosjektet har bygd opp ei arbeidsgruppe på åtte ni perso nar som jobbar med skipstunnelen. I gruppa er økonom, controller, anleggssjef, kontraktsansvarleg, kommunika sjonsansvarleg og ulike støttefunksjonar. Multiconsult er i tillegg leigd inn av Kystverket for å jobbe med planarbeid i samband med skipstunnelen. – Det er mykje som skal på plass i løpet av kort tid. Regule ringsplanane i regi av kommunane i regionen er noko av det som skal på plass. I utgangspunktet er det kommunane Stad, Kinn og Vanylven som har prosjekt som involverer massehandtering. Men det er no også meldt inn eit tiltak i Sande kommune.

Åtte millionar tonn masse

Tunnelen mellom Moldefjorden og Kjøde blir 1,7 kilometer lang. Volumet av fast fjell som skal takast ut er cirka tre mil

lionar kubikkmeter, tilsvarande cirka åtte millionar tonn sprengt fjell. Høgde mellom botn og tak blir 50 meter, breidde mellom veggene 36 meter. Seglingshøgda blir 33 meter. Konstruksjonen av skipstunnelen består av delar og element som er kjent i bransjen. Utfordringa er at det er få, om nokon, samanliknbare prosjekt der alle element er samla. Estimert kostnadsramme er cirka 3,4 milliardar kro ner eksklusiv meirverdiavgift.

Slik det ser ut skal tunnelen drivast med konvensjonell sprenging med tunnelborerigg og pallerigg. Det vil i praksis seie at ein først sprenger ut ein avsats over havnivå der bo reriggen står og jobbar. Først vil det etablerast forskjerin gar, eller tunnelmunningar, på kvar side av fjellet. Tunneldrivinga vil bli gjort etter same prinsipp som for bygging av fjellhallar.

Stor interesse frå entreprenørar Då Kystverket skipa til den første leverandørkonferansen, var interessa stor. 170 deltakarar var innom den digitale seansen. Det var alt frå store internasjonale konsern til norske aktørar og moglege lokale underleverandørar. Skjeppestad seier dei kjem til å arrangere ein leverandør konferanse til, i slutten av januar 2023.

Ifølgje dagleg leiar i Stad Eigedomsutvikling KF, Svein Otto Melheim, har Stad kommune jobba hardt for å få på plass

32 Informasjonsmagasin frå Stad kommune
Stad skipstunnel

Tunnelportalen mot nord i Kjøde slik Kystverket ser for seg at det skal bli når prosjektet er ferdig.

ILLUSTRASJON: KYSTVERKET

planar slik at ein kan nytte tunnelmassar til næ ringsutvikling.

– Eg trur vi har sett verdsrekord i planarbeid. Ein reguleringsplan tek vanlegvis tre år, vi gjer det på eitt år. Vi driv og jobbar for fullt med planverket. Vi jobbar med planar i samarbeid med Multiconsult, som er Kystverket sin plan konsulent for rigg og anleggsområdet med et terbruk næring i Kjøde, Lesto og ved tunnelportal Moldefjorden, seier Melheim. Han seier dei kommunale reguleringsplanane er i rute for å kunne ta imot masse når tunnelarbei det startar.

Skapar ringverknader

Prosjekta ein jobbar med er å legge til rette for reiselivssatsing ved tunnelportalen i Moldefjor den, næringsområde på Lesto, næringsområde på Moldestad i samarbeid med Pelgia, to næ ringsområde i Kjøde der det er planar om kai i tilknytning til det eine, samt det private selska pet Stad Molo. Her vurderer kommunen under gitte føresetnader å gå inn med tre millionar kro ner i aksjekapital.

– Når det gjeld tunnelportalen i Moldefjorden, jobbar vi med ein forretningsmodell for reiseliv i eit tett samarbeid med Ingvill Flo i PwC. Det er viktig å få det inn i denne fasen når vi jobbar med reguleringsplan, slik at føresegnene opnar for tiltak. I samband med det er det lagt opp til eit anleggs og riggområde til entreprenøren. Når tunnelen er ferdig, skal området tilbakeførast slik gjeldande plan ligg føre, og vi skal overta arealet. Multiconsult jobbar med dette for Kystverket, og også Link Arkitekter er leigd inn til dette arbeidet. Det er snakk om eit areal på til saman seks sju dekar på eine sida av tunnelinnslaget i Moldefjorden, der planen vil opne for å setje opp bygningar for kafé, of fentleg toalett, visningssenter og overnatting. På andre sida av tunnelinnslaget vil det bli to til fire dekar med areal for kontorfasilitetar, seier Melheim.

I Lesto på same sida av tunnelen, litt lenger ut mot Selje, er det inngått intensjonsavtale med Kystverket om å fylle eit næringsareal på 30 40 dekar. Her er det planar om næ ringsareal for sjørelatert næring, med fleirbrukskai og fis kerihamn.

– Kystverket tek kostnaden med utfyllinga og med infra struktur framlagt til tomtegrensa. Området må rassikrast, noko som er kostnadsreikna til sju åtte millionar kroner. Her har vi gjort vurderingar i samarbeid med NVE, og det blir vurdert enten rasvoll eller fanggjerde. Det er ikkje av klart om dette er tiltak Kystverket må gjere i samband med

Terje Skjeppestad er prosjektleiar for Stad skipstunnel i Kystverket. Her er han i Kjøde. Tunnelinnslaget er planlagt i bakgrunnen. Skjeppestad seier arbeidet er i rute, og han trur anleggsstart blir i byrjinga av 2024, om alt går etter plan.

anleggsarbeidet eller om vi må gjere det etterpå, seier Melheim.

Samarbeid med Pelagia Næringsområdet på Moldestad blir eit samar beid med fiskeriverk semda Pelagia, der Pelagia fyller ut 10 15 dekar og forlenger kaia si til 180 meter, medan Stad kommune fyller ut 30 40 dekar til næ ringsområde. – Dette næringsområdet er tenkt til klyngebasert marin og maritim næring.

På andre sida av tunnelen, i Kjøde, er det inn gått ein intensjonsavtale med Kystverket om at dei skal bruke eit 60 70 dekar stort areal i nærleiken av kraftstasjonen til anleggs og riggområde i anleggspe rioden, med etterbruk for næring. – Det vil seie at vi overtek det tilrettelagt som næringsareal med framlagt infrastruktur når anlegget er ferdig. I tillegg blir det eit næringsområde ved sjøen på 10 20 dekar med kai som vi også tek over når anlegget står ferdig. Dette blir etablert i anleggsperioden for å frakte utstyr sjøvegen. – Vi tek også over beredskapsvegar inn til tunnelportalen i Kjøde, der Kystverket har lova å byggje småbåthamn med cirka 50 plassar. I dette området er det moglegheiter for lo kalt initiativ innan reiseliv og stadsutvikling.

Stad Molo og Årsheim Næringspark På Leikanger på Stadlandet er det store prosjektet i sam band med skipstunnelen Stad Molo, som er eit privat tiltak. Her er planen at moloen i eine retninga skal gå frå nærings område på Nedre Sjåstad der Stad Næringspark allereie ligg i dag. I andre retninga skal det gå ei moloarm frå om rådet der verksemda Per Stave held til. Moloen blir open på midten slik at skipstrafikken kan kome inn. – I tilknytning til molen på Nedre Sjåstad er det tenkt å legge til rette for 80 dekar næringsareal inklusiv molen. Det er også planar om å fylle ut næringsareal i samband med moloen på Stave, men her står att ein del avklaringar. Det same gjeld for det privat næringsområdet Årsheim Næ ringspark i regi av Stad Allianse. Dette er eit initiativ for til rettelegging av reiselivskonsept og næringsareal, seier Melheim.

Informasjonsmagasin frå Stad kommune 33

Nordfjord står saman som region

Rådgivar og koordinator i Nordfjordrådet Elisabeth Birkeland Hatlenes seier ho opplever stor vilje til samarbeid i regionen. – Vi står sterkare og får lettare gjennomslag om vi er samla, seier ho.

– Det skjer veldig mykje bra for tida. Oppgåver vi ikkje lukkast med åleine, må vi samarbeide om. Vi har både Nordfjordrådet og kommunedirektørnettverket som fungerer godt. Det er viktig at vi lukkast med dei samarbeida vi går inn i. Og vi må finne nye samarbeid, seier Birkeland Hatlenes. Ho fortel at arbeidsoppgåvene hennar er å følgje opp politiske vedtak og jobbe administrativt. I haust var ho med og skipa til samling av alle ungdomsråda i nordfjordregionen i Gym men.

– Det er eit viktig perspektiv å skape ein kultur for samarbeid frå innbyggjarane er unge. Som region treng vi å stifte kjenn skap til kvarandre og til regionen vi bur i. Det er ein måte å skape fellesskapskjensle på, både til noverande og framtidige samarbeid.

Ho påpeikar at vi er ganske mange om vi står saman. – Kommunane i Nordfjordrådet med Stad, Stryn, Gloppen, Bremanger og Kinn har 43.000 innbyggjarar. Då reiknar vi med heile Kinn.

– Avgjerane samarbeid

Leiar Per Kjøllesdal og nestleiar Anne Kristin Førde i Nord fjordrådet meiner kommunane i Nordfjord er heilt avhengige av å jobbe saman på overordna nivå for å få til utvikling. – Det er heilt avgjerande at vi jobbar saman. Viss ikkje får vi ikkje til noko. Det viser dei siste åra tydeleg. Til dømes har vi store fellesoppgåver i vidaregåande skule, inkludert yrkes opplæring og vaksenopplæring, seier Kjøllesdal. Han er ord førar i Stryn, kommunen som for tida har leiarvervet i Nordfjordrådet. Dette er eit verv som går på omgang. – Vi har ein kjempejobb å gjere med kompetanseutvikling i regionen, og å vise fram kva regionen vår har å by på. Det kan vi gjere betre saman, seier Førde, ordførar i Bremanger. Sjølv bur ho i Sunnfjord delen av Bremanger, på Hauge. Det er byg dene på nordsida av Bremangerlandet, med stader som Ål foten, Davik, Rugsund og Berle, som blir definert til Nordfjord, medan Hauge, Kalvåg og Svelgen er geografisk plassert i Sunnfjord. Også Kinn ligg både i Nordfjord og Sunnfjord, der Måløy delen ligg i Nordfjord. Førde meiner ein kan samar beide i fleire retningar.

Større tyngde saman – Klart at i store saker er vi tent med å leggje samla tyngde bak i møte med stat og fylkeskommune. Kan vi snakka som ei samla eining får vi større tyngde. Så kan vi samarbeide i andre retningar også, i saker der det er naturleg, meiner Førde. Dei to viser til samarbeid om NAV, reiseliv, vidaregåande opp læring og samferdsle som område der ein har gode resultat å vise til. Ein har også samarbeid i kommunale sektorar som til dømes oppvekst, helse og brannvern. Eit godt døme på samarbeid er lærlingordninga i Nordfjord Opplæringskontor med forgreininga Nordfjordakademiet som jobbar med re kruttering. Inviro jobbar for desentralisert høgare utdanning. – Vi er samde om ein felles kommunal NAV strategi, og har kome fram til ein felles uttale til Nasjonal Transport plan om Strynefjellsvegen. I fylkesvegplanen valde vi ein førsteprioritet per kommune, noko som resulterte i at alle førstepriori teringane kom med. Det er døme på resultat vi har oppnådd med godt samarbeid i Nordfjordrådet den siste tida. Så vil det alltid vere saker der vi er usamde. Men la oss vere usamde då i dei sa kene. Vi kan ikkje la det gå utover samarbeidet i dei sakene der vi er samde, meiner Kjøllesdal.

Skape

kultur for samarbeid Kjøllesdal peikar på at dei største konkurrentane for kommunar og tettstader i nordfjordregionen kanskje heller er storbyar enn den nærmaste naboen. – Den største konkurrenten for handelen i Nordfjord er kanskje Moa.

Elisabeth Birkeland Hatlenes er rådgivar og koordinator i Nordfjordrådet.

34 Informasjonsmagasin frå Stad kommune Nordfjordrådet

Jobbar godt saman: Representantane for Nordfjordrådet fortel om godt samarbeidsklima mellom kommunane i Nordfjord for tida. Frå venstre koordinator og rådgivar Elisabeth Birkeland Hatlenes, nestleiar Anne Kristin Førde og leiar Per Kjøllesdal.

Ungdomsråda i Nordfjord: Onsdag 26. oktober var fem ungdomsråd i Nordfjord samla på Eid. Her er dei på scena i Gymmen.

Ordførarane i Nordfjord representerte Nordfjord som ein samla region under Framtidsf ylket si karrieremesse i Bergen i 2022. F.v. Ola Teigen (Kinn kommune), Anne Kristin Førde (Bremanger kommune), Gunnar Silden (Stad kommune) og Leidul Gloppestad (Gloppen kommune).

Per Kjøllesdal var ikkje tilstades på foto.

Handlar vi her i regionen heller enn å reise ut, er vi med å styrke regionen vi bur i. Dei to leiarane i Nordfjordrådet møtte alle ungdoms råda i nordfjordkommunane då dei var samla i Ope rahuset og Gymmen i slutten av oktober. – Mykje av det vi driv med i Nordfjordrådet handlar om born og unge. Å samle ungdomsråda på denne måten er viktig for å bygge ein kultur for godt sam arbeid, meiner Førde.

Felles arbeidsmarknad – Vi har også kommunedirektørnettverk og ulike kommunalsjefnettverk som fungerer godt. Vi treng ikkje finne opp hjulet sjølv kvar gong, seier Kjøllesdal. Førde peikar på utviklinga av betre kommunikasjonar in ternt i arbeidsmarknadsre gionen som eit viktig arbeid der nordfjordkom munane har felles inte resse i å jobba saman.

– Kjem det ein familie og skal busetje seg, handlar det ofte om å skaffe jobb til to. Det er kanskje ikkje råd å få jobb til begge same stad, då er det viktig med enkel kommunikasjon til nabokom munen.

Informasjonsmagasin frå Stad kommune 35

Slik kan du følgje med i lokalpolitikken i Stad

Stad kommune ønskjer engasjerte innbyggjarar og vi inviterer til dialog og medverknad. På kommunen si nett side kan du følgje med på politiske møte* direkte eller i opptak , her finn du møtekalender, kva saker som blir behandla og informasjon om korleis du formelt og uformelt kan fremme dine synspunkt. Her finn du også over sikt på politiske parti, medlemmar, kven som sit kommunestyret, ulike råd og utval og kontaktinfo til desse.

Korleis kan du fremme eit synspunkt?

Kontakt ein politikar! Har du ein god idé om korleis vi kan utvikle Stad kommune?

Ta kontakt med kommunestyret. Dette kan du gjere ved å sende e post til ein representant i kommunestyret.

Ta kontakt med eit utval! Du kan også kontakte medlemmar i dei ulike utvala våre. Samarbeid gjerne med eit av desse om du har politiske saker som du ønskjer å utfordre kommunestyret på.

Besøk eit gruppemøte!

Dei politiske partia har gruppemøte der dei førebur politiske saker som skal handsamast. Alle partia tek imot engasjerte innbyggjarar som ønskjer å gje kort informasjon om eit tiltak.

Møteplan Stad kommune 2023

*Direktesending via KommuneTV gjeld kommunestyret, finansutvalet og formannskapet.

Jan Feb Mars April Mai Juni Sept Okt Nov Des Formannskapet 2. 16. 27. 8. 7. 19. 16., 30. Kommunestyret 9. 23. 4. 15. 14. 26. 14. RÅD OG UTVAL

Administrasjonsutvalet 2. 27. 7. 30. Finansutvalet 27. 8. 19. 16., 30. Ungdomsrådet 30. 13. 24. 5. 4. 16. 27. Eldrerådet 30. 13. 24. 5. 4. 16. 27.

Råd for menneske med nedsett funksjonsevne 30. 13. 24. 5. 4. 16. 27. Utval for areal og eigedom 31. 14. 25. 6. 5. 17. 28.

Utval for kultur, samfunn, idrett og næring 10., 31. 14. 25. 6. 5. 17. 28. Utval for helse og omsorg 1. 15. 26. 7. 6. 18. 29. Utval for oppvekst og opplæring 1. 15. 26. 7. 6. 18. 29.

Sakene til møta er tilgjengelege på Stad kommune si nettside ei veke før møta. Møtestad for kommunestyret, finansutvalet og formannskapet er kommunestyresalen i rådhuset på Nordfjordeid. Øvrige møte har ikkje fast møtestad men vert fordelt i ytre og indre del av kommunen.

www.stad.kommune.no

Vår kommune!