Page 1

Nett og nydelig i neglisjé K V I N N EU N D E R TØY ET HA DD E i mellomkrigstida gjennomgått store endringar om ein samanliknar med nokre tiår tilbake, og den nye moten var å finne i dei mange strikkehefta – strikka i tynt ullgarn. Sjølv om undertøy lenge var noko ein ikkje skulle snakke om – det blei gjerne omtala i finare vendingar som «benklær» eller «unevnelige» – har også intimplagga vore gjenstand for motesvingingar og spegla samfunnsideal og sosial status opp igjennom historia. Mens kvinnene i dei finare kretsane på kontinentet gjekk i både krinolin, korsett og mamelukkar på midten av 1800-talet, gjekk dei fleste norske kvinner framleis utan noko som helst under stakken. Det blei sett på som moralsk forkasteleg at ei kvinne skulle ha på seg noko som kunne minne om ei bukse. Det var ikkje før heilt på slutten av 1800-talet at det blei allment blant norske bondekvinner og arbeidarkvinner å bruke underbukser. Saman med underbuksa som gjekk nedom knea, var det på overkroppen vanleg med ei korterma undertrøye i ull, så eit linnet, som var ein slags singlet eller kort underkjole,

51


Sommerens suksess «Det er glimrende passform i disse håndstrikkede badedraktene – De kan se sommeren trygt i møte hvis De strikker Dem en av dem.» KVI NNER OG KL ÆRS STR IK K E BO K , CA . 1947–1951

58

P LAG G T IL B A D IN G O G S TR A N D L IV fekk mykje plass i strikkehefta. I løpet av første halvdel av 1900-talet utvikla strandlivet seg frå å vere ei eksotisk og eksklusiv avkopling for borgarskapet, til å bli folkekultur. Ideen om at ein av helsemessige årsaker skulle reise ut av byen og til sjøen for å sole seg på stranda, kvile ut og bade i sjøen, vaks fram i det norske folkemedvitet i 1930-åra. Og kva var vel meir behageleg å ha på seg når ein skulle boltre seg i bølgene enn elastisk strikk? Strikka tekstilar hadde lenge blitt brukte til symjing, då elastisiteten gjorde dei både behaglege og flatterande. Maskinstrikk utgjorde mesteparten, men spesielt i 1930og 1940-åra var det og vanleg med handstrikka badetøy. Coco Chanel var med på å etablere denne trenden då ho i 1924 designa handstrikka unisex badedrakter som kostyme til dansarane i balletten Le Train Bleu, som blei svært

59


FÅR DE VONDT I SKULDRE OG ARMER AV Å STRIKKE ELLER BLIR DE NERVØS AV DET? Da gjør De noe galt. Først og fremst må De sitte riktig. Sitt i en stol med god støtte i ryggen, men ikke med så trange armlender at De må løfte albuene for å ikke sjeneres av dem. Skuldrene skal være avslappet og overarmene skal henge avslappet ned langs overkroppen. De holder albuene bøyd nær kroppen og bevegelsene når De strikker skjer vesentlig i håndledd og fingre. Sitter De i en stol med trange armlender må De løfte albuene for å komme klar

av stolen og De vil stadig irriteres av at strikkepinnene skubber borti den. Løftede albuer anstrenger overarmene og skuldrene og må unngåes. Man må ha bevegelsesfrihet når man strikker og man må ikke strikke på spreng for å få noe ferdig på kortere tid enn det egentlig fornuftigvis lar seg gjøre. Da blir man nervøs og strikkingen blir ikke det avkoblingsarbeid det bør være, men et nervøst jag til liten glede for dem selv og Deres omgivelser.

A LETTE BUL L’S ST RI KK EBOK , 1954

62

63


OPPSKRIFTER

64

65


Ermeløs herrepullover Slippover, eller ermeløs pullover som plagget også blei kalla, var del av kvardagsantrekket. Slippover var i bruk på kontoret, på tennisbanen og til og med i skisporet. Denne oppskrifta er henta frå Mønster-Tidendes Strikkebok. Det står ikkje årstal i boka, men truleg er den frå 1935–1936. Bolen i originaloppskrifta er altfor kort for den moderne mann som ikkje så ofte bruker bukser med høgt liv. Me har derfor gjort den lengre. Bolen er også sett på rundpinne i staden for å strikke framstykke og bakstykke kvar for seg.

STØRRELSE: M MÅL • OVERVIDD: 80 cm • HEIL LENGD: 70 cm GARN: Ca. 400 gram Mirasol frå Du Store Alpakka, grå fargenr. 2008 PINNAR: Rundp. nr. 3½ og rundp. (80 cm) nr. 4. + hjelpep. og ermep. nr. 3½ STRIKKEFASTHEIT: 22 m. x 30 p. med mønster på p. nr. 3 ½ = 10 x 10 cm MERKNAD: Mønsteret kan delast på 10

68

Mønsteret 1., 2., 4., 5., 6., 8. p.: 2 vr., 2 r. 2 vr., 9 r., 2 vr., 2 r., 2 vr., 2 r. Gjenta heile runden. 3. p.: 2 vr., 2 r., 2 vr., sett dei 3 neste m. på ein hjelpep. som skal haldast framfor arbeidet, strikk dei 3 neste m. r., strikk så dei 3 m. på hjelpep. r. og deretter dei 3 neste m. r., 2 vr., 2 r., 2 vr., 2 r. Gjenta heile runden. 7 p.: 2 vr., 2 r., 2 vr., sett 3 m. på ein hjelpep. som skal haldast bak arbeidet, strikk dei 3 neste m. r., strikk så dei 3 m. på hjelpep. r. og deretter dei 3 neste m. r., 2 vr., 2 r., 2 vr., 2 r. Gjenta runden ut.

69


Bolen Legg opp 230 m. på rundp. nr. 3½. Strikk vrangbord (1 r., 1 vr.) 8 cm. Byt til p. nr. 4 og start med mønster. Marker starten på mønsteromgangen med ein tråd i ein anna farge. Strikk mønster til arbeidet måler 46 cm. Del arbeidet i to = 115 m. på kvar side. Pass på at flettemønsteret vert plassert symmetrisk på kvar side. Så skal bakstykket strikkast.

er det 42 m. på kvar side av den felte m., og dei to sidene skal strikkast kvar for seg. Strikk mønster fram og tilbake, men fell 1 m. på kvar p. som byrjar i halssida til det er 32 m. igjen på p. Når ermeholet er like stort som på bakstykket skal det fellast 8 m. på kvar p. som byrjar i ermesida fire gonger. Strikk den andre sida på tilsvarande måte.

Bakstykket

Montering

Hald fram med å strikke mønster, men det må no strikkast fram og tilbake. Fell til ermehol slik: Fell 6 m. i byrjinga av kvar av dei første to p. Fell så 5 m. i byrjinga av dei to neste p., og så 4 m. på dei to p. etter det = 85 m. Strikk til arbeidet måler 70 cm. Fell til skulder 8 m. i byrjinga av dei 8 neste p. Fell så dei resterande m. i eitt.

Press arbeidet forsiktig på vranga med strykejern og fuktig klut. Sy pulloveren saman i skuldrene. Start nedst i ermeholet og ta opp ca. 140 m. rundt heile med ermep. nr. 3 ½. Strikk vrangbord rundt (1r., 1 vr.) 2 ½ cm. Fell av. Strikk den andre ermekanten på tilsvarande måte. Så skal det strikkast ei lang remse til kanten i halsen. Legg opp 140 m. på rundp. nr. 3½. Strikk vrangbord (1 r., 1 vr.) fram og tilbake 2½ cm. Strikk 2 m. saman i begge endar av kvar p. Fell av. Sy dei to endane fint saman slik at remsa blir til ein ring. Fest så halsremsa til vesten med knappenåler, men pass samstundes på at skøyten med saumen blir plassert heilt nedst i halsopninga (sjå bilete). Sy fast.

Framstykket Fell til ermehol slik som på bakstykket. Strikk deretter 4 cm mønster, målt frå byrjinga av ermefellinga. No skal halsopninga lagast (start frå rettsida): Strikk 42 m. mønster, fell 1 m., strikk dei resterande m. på p. i mønster. No

70

71


Jumper i mønsterstrikning Den perfekte husmora skulle ikkje berre bake, vaske, stryke og koke. Ho skulle også med enkelheit og eleganse kunne sy og strikke dei vakraste plagg til heile familien. Til seg sjølv strikka ho kanskje ein jumper i mønsterstrikk med sløyfe og hekla knappar, slik som denne me fann i Vi strikker enda – eit gratistillegg til Kvinner og Klær nr. 6, 1941. Ingen endringar er blitt gjort i frå originaloppskrifta, utanom at me har utelatt sløyfa. Dei som ønsker denne, finn likevel framgangsmåten nedst i oppskrifta.

STØRRELSE: M MÅL • OVERVIDD: 80 cm • HEIL LENGD: 48 cm • ERMLENGD: 56 cm GARN: 250 g Huldra frå Hillesvåg Ullvarefabrikk, sjøgrøn fargenr. 8021 PINNAR: Rundp. nr. 3 og 3 ½ + hjelpep. STRIKKEFASTHEIT: 24 m. x 34 p. med mønster på p. nr. 3 ½ = 10 x 10 cm MERKNAD: Bolen kan strikkast på rundp. om ein ønsker i staden for å strikke framstykke og bakstykke kvar for seg. Tilpass då mønsteret. TILBEHØYR: 4 knappar (om ein ikkje vil hekle dei sjølv slik som på originalen)

90

Mønsteret 1., 3., 5., 7., 9., p.: 2 r., *1 k., 2 r., 2 r. saman, 2 m. vridd r. saman (dvs. at det strikkast i det bakarste maskeledd), 2 r., 1 k., 2 r. Gjenta frå * p. ut 2., 4., 6., 8., 10. p.: vr. 11.–14. p.: r. (rillestrikk)

91


Bakstykket Legg opp 110 m. på p. nr. 3 og strikk vrangbord fram og tilbake (1 r., 1 vr.) 8 cm – avslutt med ein p. på rettsida. Skift til p. nr. 3 ½ og strikk neste p. på vrangsida slik: Strikk 2 vr. i første m. og deretter 9 vr., 2 vr. i neste m. og deretter 9 vr. – gjenta dette heile p., men avslutt med 8 vr. og 2 vr. i siste m. = 122 m. totalt på p. Start på mønsteret (frå rettsida). Mønsteret skal repeterast totalt 6 gonger. Fell så til ermehol: 4 m. i byrjinga av dei neste 2 p., og deretter 1 m. i byrjinga av kvar p. til det er 102 m. igjen. Strikk deretter 24 p. til med mønster. Skift til p. nr. 3 for å strikke skulder i perlestrikk (dvs. avvekslande 1 r., 1 vr. på første p., og på dei følgande p. strikk r. over vr. og vr. over r.) Strikk 24 p. perlestrikk. Fell så 7 m. av gongen på byrjinga av dei neste 8 p. Fell dei resterande m. rett av.

Framstykket Strikkast som bakstykket opp til ermeholet skal fellast. Fell 4 m. til ermehol på neste p. frå rettsida, og strikk samstundes til det står igjen 65 m. på p. Sett desse m. på ein hjelpep., og fortsett på andre sida. Kvar side av framstykket skal no strikkast for seg for å lage halsopninga. Fell samstundes vidare til ermehol med 1 m. på annankvar p. til det står igjen 47 m. Strikk 24 m. til med mønster. Skift deretter til p. nr. 3, og gå over til perlestrikk. Etter 7 p. perlestrikk, skal ein felle 1 m. i byrjinga av kvar p. frå halssida til det er 30 m. igjen på p. Fell av til skulder med 7–7–7–9 m. No skal den andre sida av framstykket strikkast. Start inn mot midten, og fell av 8 m. Strikk dei resterande m. i mønster og deretter i perlestrikk som på den andre sida. Fell til ermehol og til skulder som på den andre sida.

Ermer Legg opp 62 m. på p. nr. 3 og strikk 40 p. vrangbord fram og tilbake. Skift til p. nr. 3 ½ og mønsterstrikking. Auk

92

samstundes med 1 m. i kvar side, kvar 6. p. til det er 102 m. på p. Strikk ferdig det påbyrja mønsteret + to heile mønster til. Fell så av 4 m. i byrjinga av dei neste 2 p., og deretter 1 m. på byrjinga av kvar p. til det er 82 m. igjen. Fell så 1 m. på begge sider av kvar p. til det er 38 m. igjen. Fell av dei resterande m. i eitt.

Knappar og sløyfe Dei 4 knappane skal heklast. Bruk ei heklenål som er litt liten for garnet, slik at knappane blir faste. Start med 4 luftm. Hekle så rundt med fastmaskar, i det det heklast om begge dei vassrette maskeledd. Auk i annankvar m. til ein har den ønska størrelsen på knappen. Deretter heklast det 3 omgangar med 1 fastm. i kvar m. Tråkle gjennom ytste maskeledd på m. i siste omgang og snurp saman til ei lita kule. Det kan vere lurt å fyll knappen med noko før den snurpast saman. Sy knappane fast på venstre framstykke. For dei som vil ha sløyfe, kan den strikkast slik: Legg opp 7 m. på p. nr. 3. Strikk perlestrikk fram og tilbake til remsa er ca. 15 cm, fell av. Strikk ei remse til på same måte.

Montering Press dei ulike delane forsiktig på vranga med strykejern og fuktig klut. Ta opp 41 m. langs venstre side av splitten framme med p. nr. 3. Strikk 16 p. perlestrikk og fell av. Ta opp 41 m. langs høgre side av splitten. Etter 8 p. perlestrikk skal ein strikke knapphol slik: Strikk 5 m., *fell 2 m., strikk 7 m. perlestrikk. Gjenta frå * p. ut. På neste p. legg ein opp 2 nye m. over kvart knapphol. Strikk 7 p. perlestrikk. Fell av. Sy skuldersaumane. Ta opp 93 m. langs halsopninga med p. nr. 3 – start og slutt 1 ½ cm frå kantane framme. Kragen strikkast i perlestrikk. Auk med 1 m. i begge sider av 3. p., og deretter på kvar 4. p. til det er 107 m. Strikk 2 p. til. Fell av. Fest knappane. Fest dei to remsene i perlestrikk i kvar side av halsopninga slik at ein kan knyte ei sløyfe.

93


Kjole med hvite border Slik skulle småjentene sjå ut i 1946, året då denne oppskrifta var å finne i Norsk Dameblads Strikkebok. Puffermer og folder var populært, og kjolane nådde vanlegvis ned til midten av låra eller til knea. Kjolane blei gjerne brukt i kombinasjon med kvite knestrømper. I originaloppskrifta skulle denne kjolen vere raud, men me har strikka den i blå. Me har heller ikkje sydd på dei kvite pyntestinga, men for dei som ønsker å gjere dette, finn ein framgangsmåten nedst i oppskrifta.

STØRRELSE: 2–3 år MÅL • OVERVIDD: 58 cm • HEIL LENGD: 45 cm • ERMLENGD: 15 cm GARN: Ca. 250 g Tynn alpakka frå Du Store Alpakka, jeansblå fargenr. 177 PINNAR: Rundp. nr. 2 og 3 (60 cm) STRIKKEFASTHEIT: 27 m. x 35 p. med glattstrikk på p. nr. 3 = 10 x 10 cm MERKNAD: Vær merksam på at dette er ein vid modell, om ein ønsker ein smalare kjole bør ein tilpasse ved å redusere talet m. noko. TILBEHØYR: 3 knappar

120

Bolen Legg opp 300 m. på rundp. nr. 3, og strikk 3 omg. glattstrikk. Strikk så 2 m. saman og 1 k. – gjenta dette heile omg. så det blir laga ei holrad. Hald fram med glattstrikk til arbeidet måler 32 cm. Del så arbeidet i to. Sett den eine delen på ein tråd. Fortsett med den andre delen ved å strikke fram og tilbake, framleis på rundp. 3. Fell av til ermehol med 5–1–1–1 m. i kvar side. Strikk vidare til arbeidet måler 34 cm, og strikk så 2 og 2 m. saman over heile p. = 67 m. (Pass på å gjere dette litt stramt, for kjolen skal skikkelig snurpast saman så det blir fine folder.) No skal framstykket strikkast.

Framstykket Skift til rundp. nr. 2 og strikk rettstrikk (riller) fram og tilbake 6 p. Strikk så 6 p. glattstrikk. Gjenta desse 12 p. 2 gonger til = 36 p. i alt.

121


Fell til halsopning slik: Strikk 25 m., fell 17 m., strikk 25 m. Fortsett på eine sida: Fell no 1 m. mot halsen på annankvar p. til det er igjen 21 m. Fell av til skuldra: start frå rettsida, fell av 7 m. og strikk resten av p. ut. Strikk tilbake. Gjenta det same 2 gonger til. Strikk den andre sida på same måte.

Bakstykket Strikkast som framstykket, men her skal det også lagast ei opning for knappar. Når dei 6 første p. er strikka, skal arbeidet delast i to med 33 m. på eine side og 34 m. på andre sida. Strikk dei to sidene kvar for seg med vekselvis 6 p. rettstrikk og 6 p. glattstrikk. Fell til hals og skuldrer som på framstykket. (Fell dei 17 m. til hals fordelt på venstre og høgre side av opninga, med felte 8 m. på sida med 33 m. og felte 9 m. på sida som har 34 m.)

Ermer Legg opp 54 m. på rundp. nr. 2. Strikk 6 p. glattstrikk fram og tilbake. Auk så på neste p. masketalet til det dobbelte = 108 m. Strikk ermet på same måte som bærestykket, med vekslande 6 p. rettstrikk (riller) og 6 p. glattstrikk. Strikk 5 cm. Fell så 5 m. i byrjinga av dei 2 første p. Fell så 3 m. i byrjinga av dei to neste. Så skal det fellast 1 m. i byrjinga av kvar p. til det er 50 m. igjen. Strikk 2 og 2 m. saman over heile p. Fell av dei siste 25 m. Strikk det andre ermet på same måte.

Montering Press alle delane forsiktig på vranga med strykejern og fuktig klut. Sy kjolen saman i skuldrene og sy i ermene.

122

Brett opp kjolen nede, slik at kanten nedanfor holrada kjem på innsida, sy fast. Hekl halskant slik: Start øvst ved opninga bak. Stikk heklenåla inn i ein av strikkem. i hjørna og hekl ein kjedem. Hekl så 3 luftm. og så ein kjedem. ned i ca. 4. strikkem. frå kjedem., hekl så 3 nye luftm. og ny kjedem. etter ca. nye 4 strikkem. – gjenta dette rundt heile halskanten. Snu og hekl slik tilbake: 1 fastm. i kjedem., ca. 5 fastm. rundt luftmaskebogen, 1 fastm. i kjedem., ca. 5 fastm. rundt luftmaskebogen vidare rundt til ein er tilbake der ein starta. Lag knapphol i ryggopninga slik: Start i hjørna bak ved halsopninga. Hekl 3 fastm. ned i dei 3 følgande strikkem. langs opninga nedover i ryggen. Hekl så 9 luftm., hopp over 1 strikkem. og hekl 3 nye fastm. i dei følgande 3 strikkem., så 9 luftm. igjen. Det er luftm. som blir hemper til knappane. Hekl 3 slike hemper og avslutt med fastm. i dei resterande strikkem. Snu arbeidet og hekl fastm. tilbake over fastm. før luftmaskebogen. I luftmaskebogane heklar ein ca. 11 fastm. slik at hempa blir passe fast. Hald fram med fastm. til der ein starta. Til slutt heklar ein ei rad med fastm. i strikkem. på knappesida for også å få ein fin kant her. Sy så i dei 3 knappane på denne sida.

Kvite sting på bærestykket Finn ein rest med kvitt garn (gjerne i same garnkvalitet som sjølve kjolen), og sy kastesting – eit sting i kvar maske midt i dei rettstrikka stripene (rillene).

123


Kniplinger Drakter, kjolar – ja heile aftanantrekk var vanleg å strikke for hand i 1930-, 1940- og 1950-åra. Det var ikkje den ting flittige damehender ikkje kunne trylle fram! Dette elegante settet med genser og skjørt var å finne i Norsk Dameblads Strikkebok i 1947. Av endringar i forhold til originaloppskrifta er bolen på genseren blitt nokre cm lengre, og me har ikkje sett i skulderputer. I staden for å strikke skjørtet i fire delar har me sett det på rundpinne.

STØRRELSE: M MÅL GENSER • OVERVIDD: 94 cm • HEIL LENGD: 58 cm • ERMLENGD: 35 cm MÅL SKJØRT • LIVVIDD (MED STRIKK I): 66 cm • HEIL LENGD: 65 cm GARN: Ca. 350 g til genser og 350 g til skjørt, Huldra frå Hillesvåg, lys turkis, fargenr. 8104 PINNAR: Rundp. nr. 2 og 3 (80 cm) STRIKKEFASTHEIT: 24 m. x 34 p. med mønster på p. nr. 3 = 10 x 10 cm MERKNAD: Mønsteret kan delast med 12. Bolen kan settast på rundp., men pass då på å tilpasse mønster og masketal. TILBEHØYR: Ein 2 cm brei strikk til å ha i midja på skjørtet

132

Mønsteret 1. p.: 5 r., *1 k., løft 1 m. laus av, 2 m. saman, trekk den lause m. over, 1 k., 9 r. Gjenta frå * og slutt med 5 r. 2. p. og alle andre p. frå vrangsida: vr. 3. p.: 3 r., *2 m. saman, 1 k., 3 r., 1 k., løft 1 m. laus over, 1 r., trekk den lause m. over, 5 r. Gjenta frå * og slutt med 3 r. 5. p.: som 1. p. 7. p.: r. 9. p.: 2 m. saman, *1 k., 9 r., 1 k., løft 1 m. laus av, 2 m. saman, trekk den lause m. over 11. p.: 2 r. *1 k., løft 1 m. laus av, 1 r., trekk den lause m. over, 5 r., 2 m. saman, 1 k., 3 r. Gjenta frå * og slutt med 2 r. 13. p.: som 9. p. 15. p.: r. 16. p.: vr. Gjenta desse 16 p.

133


GENSER Bakstykket Legg opp 100 m. på rundp. nr. 2 og strikk vrangbord (1 r., 1 vr.) fram og tilbake 8 cm. Auk på siste p. av vrangborden til 121 m. Skift til rundp. nr. 3 og mønsterstrikking. Når arbeidet måler 35 cm, skal det fellast til kvart ermehol med 7–1– 1–1 m. Når ermeholet måler 19 cm, skal det fellast til kvar skulder med 11–11–12 m. Dei midtarste m. fellast så av i eitt.

Framstykket Legg opp 110 m. på rundp. nr. 2 og strikk vrangbord lik bakstykket. Auk på siste p. til 133 m. Gå over til rundp. nr. 3 og mønsterstrikking. Når arbeidet måler 35 cm, fellast det til kvart ermehol med 13–1–1–1 m. Når ermeholet måler 14 cm, skal dei 19 midtarste m. fellast til halsopning. No skal dei to sidene strikkast kvar for seg. Fell så 1 m. på kvar p. frå halsopninga til det er igjen 34 m. på p. Strikk vidare utan å felle til arbeidet måler 20 cm frå ermefellinga. Fell så til skulder med 11–11–12 m. Strikk den andre sida på tilsvarande måte.

Ermer Legg opp 80 m. på rundp. nr. 2 og strikk vrangbord (1 r., 1 vr.) fram og tilbake 2 ½ cm. Auk på siste p. av vrangborden til 85 m. Skift til rundp. nr. 3 og mønsterstrikking. Når arbeidet måler 10 cm, fellast 4 m. på kvar side og deretter 1 m. i byrjinga og slutten på kvar 3. p. til fellinga måler 12 cm. Då fellast det på annankvar p. til fellinga måler 15 cm, og på kvar p. til fellinga måler 17 cm. Fell av.

134

Montering Press dei ulike delane forsiktig på vranga med strykejern og fuktig klut. Sy saman skuldrene, og sy deretter i ermene. Til sist syast underermssaumen og sida i eitt. Plukk opp ca. 112 m. rundt halsen med p. nr. 2 (pass på at det blir god plass til å få genseren over hovudet, ikkje strikk stramt.) Strikk 2 ½ cm vrangbord. Fell av.

SKJØRTET Start nede på skjørtet. Legg opp 440 m. på rundp. nr. 3. Strikk 8 p. rett (rillekant) fram og tilbake, denne kanten syr ein saman til slutt når skjørtet er ferdig. Så skal ein byrje å strikke rundt. Strikk ein omg. r. På denne omg. skal ein samstundes etter 109 m. strikke ei markeringsm. (vr.), gjenta dette 3 gonger = 4 markeringsm. Følg så mønsteret, det er det same som på genseren bortsett frå at annankvar omg. no strikkast rett i staden for vr. Fell 1 m. på kvar side av markeringsm. kvar 8. omg. (midt i mønsteret på 8. omg.). Fell av til det er 69 m. igjen i kvart felt. (Arbeidet bør no måle ca. 42 cm, viss ikkje strikk vidare til ein når dette målet utan å felle). Fortsett deretter fellinga kvar 8. omg. til det er 47 m. i kvart felt. No skal skjørtet måle ca. 65 cm. Strikk så 10 omg. r., 1 omg. vr. til brettekant og så 10 omg. r.

Montering Press arbeidet forsiktig på vranga med strykejern og fuktig klut. Brett ned falden i midja og sy den fast. Sett i ein ca. 2 cm brei strikk. Sy saman kanten nedst på skjørtet.

135


Litt vaske-ABC I K K JE AL L E S TR IKKEP LAG G bør vaskast på ullprogram i vaskemaskin. Her kjem derfor nokre gode råd frå Alette Bull’s Strikkebok frå 1954 om korleis ein vaskar strikkeplagg på ein mest mogleg skånsom måte.

Hva de ikke skal gjøre: 1) La ikke strikkete plagg bli for skitne. 2) Legg ikke strikkete plagg i vann på forhånd. 3) Bruk ikke sterkt virkende oppløsende vaskemidler. 4) Gni og vri ikke. 5) Heng ikke til tørk og legg ikke til tørk på radiatorer o. l. 6) Bruk ikke vann over 40° C. 7) Vask ikke hvite eller lyse plagg i vann de har vasket noe annet i før. Hva de skal gjøre: 1) La vaskeprosessen gå hurtigst mulig for seg og arbeid med lett hånd. 2) Bruk lunkent vann, mild såpe eller såpepulver o. l. beregnet på finvask. Beveg plagget med forsiktighet i vannet og trykk skummet igjennom og skyll i flere vann av samme temperatur som det vann De vasket i. Løft plaget sammenklemt opp av vannet så vanntyngden ikke strekker det. 3) Rull plagget inn i et frottéstykke og trykk mest mulig vann ut av det. Rull det ut igjen og legg det til tørk på aviser dekket av et frottéklede. Form det i den fasong plagget skal ha og legg papir imellom ermer, rygg- og forstykke o. l. slik at ikke 2 lag strikket stoff ligger direkte på hinannen og tørker. Da kan man risikere at det ene lag farger av på det annet, hvis det er flere farger i plagget. Fasongen på et strikket plagg kan reguleres under tørkingen ved at man «samler» f. eks. ermene så de ikke blir for lange og strekker i vrangbordene så disse blir smale og lange og elastiske. Likeledes strekker man ut plagget der det trenger mer vidde og lengde og «samler» der det skal være smalere og kortere. 194

4) Press det nesten tørre plagget med fuktig klede og passe varmt jern. Damp bare forsiktig over vrangbordene, hvis de overhodet bør røres. Det er en vurderingssak. Sømmene på plagget presses pene og flate. 5) Kniplingstr. ting og mønsterstrikkete plagg hvor mønsteret skal være opphøyet og utpreget, må presses meget forsiktig på vrangen og må ligge på tykt, blødt underlag. Enkelte fine kniplingstr. ting kan før de er helt tørre spennes ut på et klede og ligge til tørk uten å presses eller dampes. Vask av kulørte plagg i flere fargesammensetninger: Her er det fare på ferde. Garn bør helst prøves om det er fargeekte før man strikker av det. Man kan da strikke en liten prøvelapp sammensatt av de forskjellige farger og prøve om fargene holder. Da må man selvfølgelig være varsom med vasken (se ovenfor). Vasken må i alle tilfelle gå hurtigst mulig for seg og under skyllingen kan man ha litt salt i vannet (ca. 1 kopp til 10 liter). Ganske lite eddik i skyllevannet klarner fargene. Dytt godt med papir inn mellom lagene slik at ikke 2 lag strikket flerfarget stoff ligger på hinannen. Ellers gjelder samme regler som overfor nevnt. N B . ! E R DE I T VI L om fargene holder så send heller plagget til rensing (men gjør oppmerksom på at det må renses, ikke vaskes) eller rens det selv i et av de rensemidlene man får i handelen og følg da bruksanv. nøye. I det hele tatt er det av viktighet å følge vaskeanvisningene på de forskjellige vaskemidler, da disse er uteksperimentert av fagfolk.

195

Vintagestrikk  
Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you