1 minute read

TEATER OG DIGITALISERING I

Hausten 2021 starta Teater Vestland (TVL) for alvor utforskinga av teater og ny teknologi. TVL inviterte Nordland Teater (NT) med i prosjektet. Teateret ønskte ny kunnskap og å utforske nye måtar å jobbe på.

Ny teknologi har alltid ført teateret i nye retningar. Det er mange som seier at Shakespeare skreiv aktene sine like lange som dei lengste stearinlysa i samtida, slik at dei kunne byte ut stearinlysa mellom aktene når dei spelte på slottet. Då lyskastarane kom, revolusjonerte det kunstforma vår. I vår tid utviklar teknologien seg raskare enn i nokon annan tidsperiode i menneskeheitas historie.

Advertisement

Teater og digitalisering I var difor ei utforskning av kva verktøy som er tilgjengelege og ei kartlegging av moglegheiter. Prosjektet var lagt opp med både fysiske samlingar og digitale møteplassar.

Gjennom ein Open Call inviterte TVL og NT med seg fem scenekunstnarar i prosjektet: Mari Hesjedal (scenograf, dramatikar og regissør), Frode Gjerløv (regissør og skodespelar), Raymond Corrado Knutsen (skodespelar), Nini Kjeldner (regissør) og Viola Otilie Tømte (skodespelar).

Målet var tredelt:

1. Kartleggje digitale moglegheiter og teste verktøy i forhold til kunstnarlege uttrykk og drift

2. Oppleve verk som nyttar ny teknologi

3. Gjere djupdykk i emne via fagkompetanse og diskusjon

Det eittårige prosjektet vart gjennomført med støtte frå Utvikling Kulturinstitusjonar og avslutta i 2022. Teater og digitalisering I var særs vellukka, og difor gjekk Teater Vestland og Nordland Teater vidare med eit nytt prosjekt.

This article is from: