1 minute read

PODKAST: BAK MASKA

Teater Vestland sin podkast har fått tittelen Bak maska, og det er nett det vi vil; komme bak det du ser ved første augekast og snakke oss varme om kunstforma vi elskar.

Advertisement

Podkasten Bak maska vart starta i 2021, og i 2022 spelte vi inn fem episodar. Podkasten har utvikla seg til ei flate for å «nerde» om scenekunst. Det er i stor grad teatersjefen som set agendaen og inviterer til dialog.

Målet med Bak maska er å ha eit rom med dei som brenn for å skape gode teateropplevingar for alle som er interesserte i å høyre meir om teater. Kva driv dei som skapar teater- opplevingane vi inviterer publikum til å komme og sjå?

Kva er ambisjonane for framsyningane? Bak maska tar temperaturen på scenekunsten og kunstnarane som skapar den.

Podkasten er produsert av Rakkar og distribuert via Sprei, den lokale innhaldsplattformen i Sunnfjord. Ein kan òg høyre den på strøymetenester som YouTube og Spotify.

This article is from: