1 minute read

Kommunen sine verkemiddel i klimaarbeidet

Kommunen har viktige roller i klimaarbeidet gjennom si rolle som samfunnsutviklar, myndigheitsutøvar, tenesteytar, innkjøpar, eigar og driftar. Strategiane i klima- og miljøplanen skal etterlevast gjennom ein eller fleir av desse rollane.

• Gjennom innkjøpsmakt ved offentlege innkjøp kan kommunen bidrege betydeleg til innovasjon og klimasmarte løysingar.

Advertisement

• Samfunnsplanlegging og arealplanlegging etter plan- og bygningsloven er eit svært viktig, langsiktig verkemiddel i klimaarbeidet. Dette gjev kommunen ei rekkje verkemiddel for styring av utbygging, bilbruk og parkering, tilrettelegging for kollektivtransport-, gåandeog syklande, sette krav om ladestasjonar, og ivareta karbonrike areal.

• Samfunnsutviklar-rolla inneber at kommunen kan leggje til rette for medverkingsprosessar i lokalsamfunnet, bidra til nettverk og samarbeid mellom lokale aktørar og drive aktivt kommunikasjons- og koordineringsarbeid.

• Fysisk tilrettelegging gjer at innbyggarar og næringsliv kan ta klimavennlege val i kvardagen, spesielt innan mobilitet.

Tenesteområda i kommunen har hatt ulikt fokus på klima- og miljø, og det er difor stor variasjon i kunnskap om temaet. Klima- og miljøplanen er første ledd for å skape eit felles kunnskapsgrunnlag og sette klima- og miljøarbeidet i system. Planen inkluderer ikkje alle klima- og miljøproblemstillingar kommunen møter i dagleg drift og utviklingsprosjekt, men den skal fungere som eit utgangspunkt og vera retningsgjevande for avgjersler. Regjeringa og Miljødirektoratet utarbeider stadig vegleiarar for korleis ein skal ta klimavennlege val i ulike situasjonar, og desse må brukast aktivt som eit supplement til klima- og miljøplanen.

This article is from: