2 minute read

Stadutvikling, arealbruk og transport

3.4 Stadutvikling, arealbruk og transport

Med hjelp av kommuneplan, kommuneog sektordelplanar og reguleringsplanar skal kommunen bygge lokalsamfunnet. Framtidig planlegging og utbygging må ta omsyn til klimaendringar som er i gang, og sikre klimatisk berekraft i framtidige satsingar. Når nye buområde skal bli etablert, må det skje mest mogleg klimaeffektivt. Dvs. at bygg skal sette så lite klimafotavtrykk som mogleg. Det skal takast omsyn til fare for flaum, jordskred og andre skadelege naturhendingar, og det må ha så låge transportkostnadar som mogleg. I praksis er dette fortetting i bustadområde, lokal sentralisering og plassering av lokal infrastruktur og service i nærleiken av der folk bur. Reduksjon i bilbruk for å kome til og frå arbeid, for å frakte born til og frå aktivitetar og likande, vil vera utslepps sparande. Det vil óg vere fornuftige tiltak ut frå eit folkehelseperspektiv.

Advertisement

Målet er effektiv arealbruk og miljøvenleg transportsystem som er knytt mest mogleg opp til kollektivknutepunkt. Dette er ei utfordring i kommunar med lågt folketal og spreidd busetnad.

Tilrettelegging for miljøvenleg transport, som el-bil og el-sykkel, kan kompensere for store avstandar og spreidd busetnad.

Vi har stor gjennomgangstrafikk, der vegtrafikken er den største kjelda til klimagassutslepp i Skjåk kommune, med over 57% i 2021. Den største delen av utsleppa stammar frå tunge køyretøy, med heile 84% i 2021.

Det er ingen tvil om at utsleppa frå tungtransporten må adresserast for å få ned klimagassutsleppa, og dette er ei utfordring som ikkje aleine kan løysast i Skjåk – det må løysast i samarbeid med nasjonale og regionale myndigheiter og næringsaktørar.

I Meld St. 13 (2020-2021) er det lagt fram verkemiddel for å halvere dei ikkje-kvotepliktige utsleppa frå transportsektoren innan 2030. Dei nasjonale myndigheitene jobbar for å redusere utsleppa frå tungtransport, mellom anna gjennom å fase inn fleire køyretøy med låge eller ingen utslepp og ta i bruk meir klimavenleg drivstoff i fossile køyretøy.

Delm L 1

Skjåk kommune skal legge til rette for ei klimavennleg areal- og sentrumsplanlegging som skapar korte avstandar og berekraftig sentrumsutvikling.

Delm L 2

Skjåk kommune legg til rette for miljøvenlege bu- og byggeformer.

Delm L 2

Skjåk kommune skal leggje til rette for at talet på elektriske og nullutsleppsbilar aukar i kommunen.

Dette Skal Vi Gjere For N M La

Skjåk kommune skal:

• Saman med andre aktørar skape eit levande sentrum med mangfald av grøne møteplassar.

• Redusere nedbygging av karbonrike areal som skog, myr og våtmark, og samstundes sikre artsmangfald, for å unngå ytterlegare utslepp av klimagassar.

• Bevare og styrke det biologiske mangfaldet i kommunen.

• Etter bruksbehov primært byte ut bilar til fossilfrie bilar. Unntak vil gjelde omsyn til

• sikkerheit, behov for lang rekkevidde og hurtig påfylling av drivstoff.

• Legge til rette for og utforske transportreduserande tiltak og klimavenleg transport i teneste, som for eksempel el-syklar.

• Legge til rette for utlån- og deleordningar av elbilar og andre elektriske køyretøy.

• Vera ein pådrivar og leggje til rette for at lokalt næringsliv skiftar ut bilparken sin med nullutsleppskøyretøy.

• Legge til rette for lading på kommunale- og private arbeidsplassar.

• Redusere transportbehovet gjennom heilskapleg bustad-, areal og transportplanlegging.

• Arbeide for å etablere ladestasjon for tungtransport i Skjåk.

• Prioritere tiltak som aukar bruk av kollektiv transport, sykkel og gangveg.

• Legge til rette for grøne transportløysingar for reiselivet.

This article is from: