Færøyane

Page 1

OTTAR FYLLINGSNES HARALD HOGNERUD

FOTO:

Det er noko rart med Færøyane – om lag som med dalen me reiste til i sommar­ferien som born. Vitjar du øyriket og lèt det gå nokre år, hugsar du berre strålande solskinsdagar frå dette regnlandet.

FÆRØYANE

Slik skildrar Ottar Fyllingsnes sin fascinasjon for Færøyane, dei gjestmilde øyane langt vest i havet. ­Saman med fotograf ­Harald Hognerud opnar han døra på vidt gap til historie, kultur og kvardag i eit samfunn ikkje så ulikt Noreg. 18 grøne øyar, med eineståande vakker natur, som stadig fleire turistar finn vegen til.

9788279592464

Velkomen til Færøyane!

9 788279 592464

Med heile 48 kapittel, og mange vakre foto­grafi, er boka ein kultur­historisk vegvisar med stor tematisk breidd for den som vil vita meir om ein liten, men ­spennande øynasjon.

FÆRØYANE OTTAR FYLLINGSNES

• FOTO: HARALD HOGNERUD


Trøllanes Mikladalur

Gjógv Eiði Tjørnuvík

Viðareiði

KALSOY

KUNOY

Saksun

Haraldssund

Syðradalur

Fuglafjørður

Klaksvík

EYSTUROY Syðrugøta Skála

STREYMOY Hósvík

Gásadalur

Lamba

Kollafjørður

Runavík Toftir Nes Æðuvík

VÁGAR Sandavágur Miðvágur

rð u

Sørvágur

r

Bøur

Hoyvík

f jø

MYKINES

Norðoyri

Norðragøta

Streymnes Hvalvík við Áir

Kvivík

Norðdepil Borðoy

Kunoy

Funningur

Húsar

Vestmanna

VIðOY

a

st

Tórshavn

fjø

Argir

Gamlarætt Kirkjubøur

S ko

pun

ður

HESTUR

Skopun

NÓLSOY

f jør

ur

Nólsoy

o ya r

KOLTUR

He

Nóls

g Vá

arf

j ø rð

ur

SANDOY

Sandur

Skálavík

S kúv

o ya

Húsavík Skarvanes Dalur

fjø

r

SKÚVOY

ur

Fæ r -

STÓRA DÍMUN

Øya n e Su

Sandvík

ðu

ro

ya

rf

Hvalba

LÍTLA DÍMUN rð

ur

Tvøroyri Froðba Fámjin

SUðUROY

Hov

Vágur

Porkeri Nes Lopra

4 Sumba Akraberg

FUGLOY

Hattarvík Kirkja

SVÍNOY


Innhald

Utkant i utkanten 13 Velkommen heim! 19 Tórshavn – verdas navle 27 Den store olsokfesten 39 Fødde med årer i hendene 57 «Me er jo nordmenn!» 63 Dei første færøyingane 67 Ein nasjonal helt – Sigmund Brestisson 71 Bispesete med viktig plass i historia 81 Den mektige husfrua  89 Dreiv til havs, kom til Færøyane 93 Den norsk-danske eventyraren  101 Sjørøvarar og tyrkargraver  105 Nasjonalhelt og kvaddiktar  109 Prestefrue og femme fatale  115 Utkantpresten  121 Eit svært religiøst samfunn  129 Eit kardemommeland?  135 Kampen for språket  139 Sjølvstendestriden  145 Ein venleg okkupasjon  149 Kingo-kor og vikinggrav  155 J. F. Kjølbro – baptist og kapitalist  161 Den store boksamlaren  165 Fyrvaktaren på Mykines  173 Det storslegne fuglefjellet  183 Fuglemannen på Nólsoy  187 Bønder som treng helikopter  193 Tradisjonsmat og strikkevarer  201 Frå torvtaking til den andre verda  207 William Heinesens hus  213 Lyden av Færøyane  219 Den færøyske musikkbølgja 225 Legenda Hanus G. Johansen  229 Dei mange kunstnarane  233 Eventyrar og «blåmålar»  237 Grindakvalfangsten  243 Kvalfangarane frå Noreg  251 Dei mange ulukkene på havet  255 Reis til Noreg, ten pengar  259 Krise i kystfisket  263 Makrellkrig og lakseeventyr 267 Fiskebåtreiar med stor suksess  273 Den verste krisa  279 Færøyane i Danmark  285 Målet er å auka folketalet  289 Fann ikkje olje 295 Strålande minnebok 299 Litteraturliste  302 Notar 303


16


17


18


VELKOMMEN HEIM!

T Ó R S H AV N . Flyet frå Bergen til Færøyane tek om lag halvannan time. Set du den eine passarspissen i Bergen, og svingar den andre over Tórshavn, passerer han Brønnøysund like etterpå. Så langt er det til Færøyane! På Færøyane skiftar vêret før du får snudd deg. Vaknar du opp til skodde og regn, kan det henda at sola smiler mot deg før du får i deg frukosten. Men når sommarnatta er på sitt mørkaste, det er stiv kuling og bølgjene slår høgt og hardt, er det fort gjort å missa trua på eit smertefritt møte med Færøyane. Den siste resten av innflyginga opplever me som dramatisk, og aller verst er det siste minuttet før landing. Flyet pendlar kraftig både frå side til side og opp og ned i flyretninga. Brått kjennest det som om nokon tek tak i oss og kastar oss halvt på tverke mot øya nede i det svarte havet. Me skimtar flystripa like under oss. Brått roar flyet seg, og me landar trygt og godt. Dei reisande takkar med ein dundrande klappsalve, nett som på dei heseblesande Syden-turane i gamle dagar, og me klappar me òg. – Velkommen heim, helsar kapteinen like etter landinga. Me undrar oss om helsinga gjeld berre færøyingane, eller vender han seg til oss òg – me som er nordmenn og fjerne slektningar? På flyplassen i øyriket heng det ein stor plakat som syner ein vêr med store horn framfor ein blå buss, og bodskapen er tydeleg: It’s sheep and easy by bus. Varselet gjeld heile Færøyane, ikkje Tórshavn spesielt, for i den færøyske hovudstaden reiser folk gratis med bybussane. Maken til sjenerøsitet finst ikkje i mange andre byar kringom på kloten. Dei fleste av passasjerane vert henta denne uvêrsnatta, og på flybussen er me åleine med ein familie – ein mann frå Færøyane med kone frå Sunnmøre og to born. Termometeret i bussen viser 13 grader ute, og det bles kraftig. På Færøyane regnar det tre av fire dagar i året, men sjeldan mykje. For < Både ved Froðba og Hov finst det stor­slegne ­formasjonar av søyle­basalt.

19


24


heitte det i den regntunge oppsummeringa i avisa etterpå, men likevel lokka festivalen nærare 6000. Trass i vêret er turiststraumen til øyane aukande. Stadig fleire vil oppleva noko som er annleis – og dei er villige til å ta med litt skodde, regn og kjølig vêr på kjøpet. National Geographic har til dømes plassert Færøyane øvst i fleire kåringar. I 2007 tok magasinet for seg 111 øysamfunn over heile kloten, og meir enn 500 ekspertar som var vane med berekraftig turisme, vart bedne om å rangera øyane med omsyn til miljømessig og økologisk kvalitet, sosial og kulturell integritet, tilhøva for historiske bygningar og arkeologiske tomter, men også framtidsutsiktene. Det enda med at Færøyane kom på toppen av lista følgd av Azorene, Lofoten og Shetlandsøyane. I 2015 følgde National Geographic opp med å be lesarane om å kåra det beste reisemålet, og nok ein gong hamna Færøyane øvst på lista.

< Klatrarar som tok seg opp på klippen Trøll­­konu­fingur på Vágar for nokre år sidan, fekk mykje merksemd.

25



handverkarar dit. Blant smuglarane var det både skottar og irar, og dei medverka til at mange færøyingar fekk kjennskap til engelsk. I 1801 budde det framleis ikkje meir enn 500 personar i Tórshavn, og det var ein tidel av heile det færøyske folket. I fleire tiår var folkeveksten liten, og i 1846 døydde eit halvt hundre av dei 800 innbyggjarane av meslingar. Etter at handelen vart fri i 1856, var det pengar å tena til dømes på eksport av klippfisk, og Tórshavn opplevde kraftig vekst. Det eine handelshuset etter det andre skaut opp, og mange fiskefartøy vart sende til Islands og Grønlands kystar. Sidan har byen ekspandert fort, og folketalet er dobla mange gonger. I dag er Tórshavn ein velståande by med moderne utsjånad. Det er hus i alle storleikar og alle fargar. Overraskande mange av dei nye er bygde i tre på tradisjonelt vis, og somme har torv på taket. Byen har spreidd seg langt utover og innlemma fleire nabokommunar. Dei gamle husa i dei smale gatene er ein attraksjon, men på 1970-talet stod dei i fare. Det var planar om å byggja ein færøysk Manhattan-liknande bydel, og tanken var at høghusa skulle stå sentralt. Det vart lyst ut ein arkitekturkonkurranse for området, men heldigvis sigra fornufta. Den kjende færøyske forfattaren Gunnar Hoydal, som seinare vart byarkitekt, vann saman med Birthe og Thorkel Dahl, og dei historiske bygningane vart berga. Tinganes er ein levande bydel, samstundes som Færøyanes hovudstad er ein moderne by med handel, industri og administrasjon. Her er det både skular, universitet, blømande kulturliv og mange restaurantar. Litt lenger oppe i den smale gata finn ein kontoret til statsministeren, eller lagmannen, og til landsstyret – som er den færøyske regjeringa. Lagmannen held til i eit raudt, gammalt pakkhus med torvtak i ei lita, trong hellelagd gate. Rundtom ligg fleire andre raudmåla trehus, og litt lenger oppe ligg den tjørebredde Skrivarstova, den brune Snikkarstova, Barnastova, Boyggjarstova, Tummasarstova, Bartskerarstova – og alle har dei namn som har ei historie å fortelja. Her ligg også Kina-husa – to låge hus som er kalla opp etter Niðara Kina og Ovara Kina, og som fekk det eksotiske namnet frå den gongen grunnarbeidet vart gjort. Grunn­ arbeidarane grov og grov, men dei enda i eit botnlaust hol, som tilsyne­ latande gjekk gjennom jordkloten og heilt til Kina. William Heinesen har fargelagt Færøyane på mange vis, blant anna ved å kalla dei «Guds grøne påfunn i Nord-Atlanteren». «Meir grønt er gresset ingensteds», skreiv Henrik Wergeland om Noreg, men han kom < På Tinganes er gatene gamle og tronge, og i huset med torvtak held lagmannen – eller ­statsministeren – til.

33


46


47


60


61


66


DEI FØRSTE FÆRØYINGANE

F U N N I N G U R . Ein overskya maidag stoggar me bilen nede ved sjøen i den vesle, vakre bygda Funningur heilt nord på Eysturoy. Me nyt synet av fjorden og bygda og ikkje minst den tradisjonelle vesle, svarte kyrkja med kvitt spir, kvit mur og steingard rundt. Før i tida stod kyrkjene på Færøyane opne, men så dukka det opp tjuvar som stakk av med kollektbøssa og andre verdfulle ting. Difor er dei fleste kyrkjedørene stengde no om dagen, men me trykkjer likevel ned dørklinka, og døra går opp. Me går inn, og ved altarringen sit ei eldre kvinne med kvitt, hekla sjal på ein trebenk. Ho pussar ein sjuarma lysestake, og når kvinna får høyra at me er norske, smiler ho og fortel at det var her i Funningur at den første nordmannen gjekk i land i år 825: «Grímur Kamban!» Også Færøyingasoga fortel om denne første nybyggjaren: «Grímur Kamban var den første som busette seg på Færøyane. Det var i Harald Hårfagres dagar då mange flykta for Haralds valdsvelde. Nokre busette seg på Færøyane, men andre søkte til andre aude land.» Men kom Kamban til Færøyane i 825, var det før Harald Hårfagres tid. Mykje tyder på at han ikkje kom strake vegen frå Noreg. Tilnamnet Kamban er keltisk og tyder «den halte», og det finst fleire keltiske ord i færøysk. Kamban kan med andre ord ha vore ein skandinavisk nybyggjar frå Hebridane eller Irland. I det 9. hundreåret gjekk det stadig fleire ekspedisjonar vestover frå den norske vestkysten. Det var først emigrasjon til Orknøyane og Shetland, sidan til Færøyane og til slutt til Island. Kanskje var det veksande folketalet heime i Noreg årsaka til flukta mot vest, men fleire reiste på grunn av konflikt med Harald Hårfagre då han freista å samla landet. Hårfagres dårlege behandling av folk førte ei bølgje av norske vikingar vestover på slutten av 800-talet. Stadnamna, som er knytte til nokre av dei eldste buplassane her på < Det har vorte hevda at her i Funningur, kom den første nordmannen, Grímur Kamban, i land i år 825.

67


138


KAMPEN FOR SPRÅKET

T Ó R S H AV N . Det færøyske språket er i slekt med både islandsk og dei

vestlandske dialektane, og du ser det straks etter at du har landa på flyplassen. Der heiter det «koma» for innreise og «fráferð» for avgang. På same vis har færøyingane sørgd for å skapa mange nyord med ein særeigen, færøysk sveip. Møter du ein «nevaleikari» på Færøyane, bør du ikkje utfordra han utan vidare, for då har du møtt ein boksar. I meir enn 300 år vart det ikkje skrive færøysk på Færøyane, men dei har erobra sitt eige språk att, og i dag er det sjølvsagt at folk både snakkar og skriv færøysk. No lærer færøyingane både færøysk og dansk i skulen, og for ein nordmann er det ofte lettare å skjøna ein færøying enn ein danske som snakkar dansk. I fleire norske bøker er det skrive at færøysk er lett å forstå for folk med kjennskap til vestlandske dialektar. Det har vorte hevda at ein færøying og ein sogning eller setesdøl kan snakka saman på kvart sitt mål og «forstå hinanden til fuldkommelighed», men det er ikkje heilt sant. Ein nordmann skjønar somme færøyske ord, men har store vanskar med å skjøna samanhengen. I perioden frå 800 til 1300–1400 vart det norrøne språket snakka relativt einsarta i alle område med norske kolonisatorar. Nordmennene hadde med seg norsk språk og kultur, tradisjonar og institusjonar, men folket på øyane utvikla etter kvart eit sjølvstendig språk. Mangelen på skriftlege kjelder var ei av dei største hindringane for studiet av det tidlege språket på Færøyane. Dei eldste språklege restane er frå eit par runesteinar. Dessutan er det brukt færøysk i lovtillegget Sauebrevet frå 1298. Frå byrjinga av 1400-talet finst det eit par brev der dei færøyske språktrekka er så markante at ein kan byrja å snakka om færøysk som eit sjølvstendig språk.11 < Jóannes Patursson (1866-1946) hadde skrive­ stove og bibliotek på Kirkjubøur, og derifrå sette han fart i kampen både for sjølvstende og det færøyske språket.

139


174


175


kjem den eine etter den andre turdeltakaren. Ute i havskodda stikk toppen av Lítla Dímun opp – som sukkerklumpen or ei kvit kake. Klippeøyane Stóra Dímun og Lítla Dímun er dei to minste færøyske øyane. Namna er keltiske og tyder store og vesle tind. Den «litla» øya er under ein kvadratkilometer, medan den «stora» er på tre rutekilometer. Stóra Dímun er som ei stor klippe som stig loddrett opp or havet med eit tynt lag mold og leire som smør på skalken. På den vestlege delen av Stóra Dímun stuper fjellet 400 meter rett i havet, og i nord ligg den frittliggjande klippen Øssurdrangur, der vikinghovdingen Øssur Havgrimsson skal vera gravlagd. På Lítla Dímun har det aldri budd folk fast, men på Stóra Dímun har folk klort seg fast heilt tilbake til dei eldste tider. Kongsbonden som budde der i 1584, hadde 648 sauer og 23 kyr. Årleg vart det fanga 15 000 fuglar og sanka 5000 egg på øya. Lítla Dímun er kjend for gode fiskeplassar, men båtane måtte heisast langt opp i det bratte fjellet for å unngå at dei vart knuste av vêr og vind. Tidlegare vart også fe, kjøt og større ting halt opp eller ned med heisverk. Lítla Dímun var kongsjord til 1851, men då kjøpte bønder frå Hvalba og Sandvík øya, og det skal ha lønt seg bra takka vera sau, fugl og egg. Tidlegare beita den korthåra, brune, færøyske sauerasen her, men han døydde ut. Vil ein sjå denne sauen i dag, kan ein ta turen innom museet Føroya Fornminnissavn i Tórshavn. Der finst det tre av dei utstoppa. Stóra Dímun er som ein festning, og det kunne vera eit gode den gongen sjørøvarane herja. Segna fortel at Sigmundur Brestisson, som kristna Færøyane, held til her om sommaren. Når vêret var godt, var det kanskje fiendar i færøysk farvatn, og då galdt det å finna seg ein trygg stad. Berre to stader er det mogleg å ta seg opp på Stóra Dímun. Det er ein gard på øya, og bustadhuset er verna med tjukke steinmurar, som gjev ly mot vinterstormane. Her har menneske levd og verka sidan landnåmstida. Om vinteren har dei levd som i fengsel, og det kunne gå månader utan samband med omverda. Øya er nemnd fleire gonger i skriftlege kjelder heilt frå vikingtida. I Færøyingasoga vert det fortalt at brørne Brestir og Beinir vart drepne på veg frå Stóra Dímun til Lítla Dímun. Ei anna segn fortel den sørgjelege soga om Annika, som gav ektefellen eiter av di ho var kjær i ein gardsdreng. Segna om Annika kan ein lesa i Jakob Jakobsens bok «Sagnir og Ævintyr». Annika vart dømd til døden for mord og hor, men ville ikkje lata seg fanga og sette menn

194

> I 2002 bestemde Eva úr Dimun og Jógvan Jón Petersen seg for å busetja seg på Stóra Dímun, og sidan har dei budd der.


195


242


GRINDKVALFANGSTEN

F U G L A F J Ø R Ð U R . Vanlegvis fortel verken aviser eller radio på Færøyane om grindadrap, men morgonen etter den store olsokfeiringa kjem varselet. Klokka vart over fire før me kom oss i seng, men då me skrur på radioen i titida, vert det meldt om grindadrap i Fuglafjørður. Me hiv oss rundt og ringjer nummeret til det første bilutleigefirmaet me kjem over, men ingen svarar. Me ringjer til alle som leiger ut bil i Tórshavn, men det er like fåfengt. På grunn av olsokfeiringa er byen halvdaud, og det verkar som om mange ventar med å opna geskjeften til ut på ettermiddagen. Til slutt får me kontakt med ein mann i eit utleigebyrå, som først ikkje har ein einaste ledig bil, men me endar opp med ein liten, dyr doning. Eit par timar etter at me høyrde meldinga på radioen, stoggar me bilen på høgda med flott utsikt over Fuglafjørður. Det er overskya, fjella er grågrøne med skodde rundt toppane, og rett nedanfor ligg nyslege jordbruksland. Inne ved kaiane ligg nokre fiskebåtar, og ute i fjorden eit stort fiskeoppdrett. Det ryk frå ein stor skorstein på kaien langt der inne i vågen. Tvilen, som har gnege dei siste milene, veks seg endå større. Fekk me med oss det rette namnet på fjorden denne spesielle morgonen? Var det Fuglafjørður – eller Fugloyarfjørður? Folk har teke feil av desse fjordane før, og det fekk fatale følgjer. Det skjedde då «Sauternes», best kjent som «The Christmas Ship», kom til Færøyane 6. desember 1941. Skipet var fylt med forsyningar til den britiske hæren. Vêret var dårleg, og på grunn av feil i kommunikasjonen mellom kapteinen og Naval Headquarter på Skansin i Tórshavn, ankra skipet opp i farleg farvatn i Fugloyarfjørður, medan hovudkvarteret trudde dei var i den langt rolegare Fuglafjørður. Neste dag var skipet eit vrak. Alle om bord drukna, medan folk i bygda Kirkja på Fugloy hjelpelaust følgde tragedien frå land. Vêret var så dårleg at dei måtte venta til dagen etter før dei kunne setja ut båt. Frå den grøne høgda mellom Norðragøta og Fuglafjørður speidar me < Etter grindadrapet i Fulgafjørður låg det att 267 dyr på stranda.

243


Takk

Det har teke mange år å få denne boka ferdig, men utan gode råd og rettleiing frå mange gode hjelparar, hadde ho ikkje vorte til. Difor takkar eg hjarteleg alle Færøyane-kjennarane som har lese manuset og kome med gode innspel både om form og innhald. Ein stor takk til ekspert­ ane ­Beinta i Jakupsstovu, Lars Moa, Jógvan H. Gardar og Jan Kløvstad. Like­eins takkar eg alle dei andre som har lese og kome med konstruktive kommentarar. Men aller viktigast har færøyingane vore. Dei har stilt opp, invitert oss inn og fortald sine historiar. Boka kunne aldri vorte til utan dei. Det er berre å vona at ho kan føra til å auka interessa for Færøyane og folket som bur der ute. Får ein litt godver, og kjem ein færøyingane litt inn på livet, er det berre «hailt fantastiskt» på øyane i Nord-Atlanteren. Ottar Fyllingsnes

Boka er gjeven ut med støtte frå Det faglitterære fond, ­institusjonen Fritt Ord og Letterstedtska föreningen. Grafisk design: Silje Nes Font: Farnham Text, Pseudonym Papir: Munken Lynx 130 g Trykk: GPS Group, Slovenia © SKALD 2016 e-post: forlag@skald.no www.skald.no ISBN 978-82-7959-246-4



OTTAR FYLLINGSNES HARALD HOGNERUD

FOTO:

Det er noko rart med Færøyane – om lag som med dalen me reiste til i sommar­ferien som born. Vitjar du øyriket og lèt det gå nokre år, hugsar du berre strålande solskinsdagar frå dette regnlandet.

FÆRØYANE

Slik skildrar Ottar Fyllingsnes sin fascinasjon for Færøyane, dei gjestmilde øyane langt vest i havet. ­Saman med fotograf ­Harald Hognerud opnar han døra på vidt gap til historie, kultur og kvardag i eit samfunn ikkje så ulikt Noreg. 18 grøne øyar, med eineståande vakker natur, som stadig fleire turistar finn vegen til.

9788279592464

Velkomen til Færøyane!

9 788279 592464

Med heile 48 kapittel, og mange vakre foto­grafi, er boka ein kultur­historisk vegvisar med stor tematisk breidd for den som vil vita meir om ein liten, men ­spennande øynasjon.

FÆRØYANE OTTAR FYLLINGSNES

• FOTO: HARALD HOGNERUD


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.