__MAIN_TEXT__
feature-image

Page 14

Førstehjelp og personleg beredskap – KOR LANG TID TEK DET FØR AMBULANSEN KJEM DER DU BUR? DERSOM SVARET, SLIK DET ER PÅ SITT BESTE I OSLO, ER ÅTTE MINUTT, PLAR EG SEIE «PRØV Å HALDE PUSTEN I ÅTTE MINUTT». DÅ SKJØNAR ALLE AT OM DU GJER DET, ER DU DØD. DET TYDER AT DU OG EG MÅ TA INITIATIV.

UNDERSØKING AV PERSONAR SOM ER SKADDE OG/ELLER BEVISSTLAUSE Dei første minutta er avgjerande for korleis det kjem til å gå med pasienten. Difor er det viktig at du undersøkjer pasienten systematisk, ringjer etter hjelp og set i verk naudsynte livreddande tiltak.

President i Røde Kors, Sven Mollekleiv

14 2017

Kva motiverer deg til å lære deg førstehjelp? Familie, vener eller andre nære som skader seg eller vert sjuke? Alle har ei plikt til å hjelpe andre menneske i naud. Lær deg førstehjelp. Arranger eit kurs på jobb eller gå med familien. Det kan vere avgjerande for om nokon vil overleve ein kritisk situasjon. På eit førstehjelpskurs vil du lære deg kva du skal gjere i kritiske situasjonar, og behandle skadar som til dømes brot, blødingar, fallskadar, klemskadar og så vidare. Kvar dag skader menneske seg på jobb og i private situasjonar. Meir enn 2 500 menneske fell om med akutt og uventa hjartestans kvart år utanfor sjukehus. Berre 1–2 % overlever. Her kjem nokre tips på nokre viktige område ein bør ha fokus på når det gjeld livreddande førstehjelp.

Få raskt oversyn over dette: • Kva har hendt? • Er pasienten vaken? • Pustar han normalt? • Korleis er huda? Ein god hugseregel for undersøking av bevisstlause pasientar er BLÅS: B – bevisstheit L – luftvegar Å – åndedrett S – sirkulasjon

Var på jobb, fall plutseleg om med akutt hjartestans! Ein person som var til stades på oljemessa ONS i Stavanger i fjor i samband med jobb, fekk oppleve sitt livs verste mareritt. Brått og uventa fall han om med akutt hjartestans. Førstehjelpsinstruktør Øyvind Byre var heldigvis på rett stad til rett tid då denne mannen fekk hjartestans. – Eg høyrde eit brak og såg at ein mann hadde falle om. Han blødde kraftig frå hovudet. Ein person hadde sprunge fram til han og halde han i handa. Mannen heiv etter pusten. På det tidspunktet var det vanskeleg å konstatere om det var gisping eller tung pusting. Men så fekk han spasmar. Det var umogleg å få kontakt med pasienten. Byre forstod at noko alvorleg var på gang, og tippa mannen over på ryggen for å sikre frie luftvegar. Han ropte på kollegaene sine, som henta hjartestartar. – Eg sette i gang med hjarte- og lungeredning. Etter 30 trykk fekk eg hjartestartaren, fortel Byre. For å få frie hender til å nytte hjartestartaren, bad han nokre av dei andre til stades om å overta hjarte-/lungeredninga. Ingen melde seg frivillig. Byre ønskjer ikkje å kritisere nokon. Han veit at mange kjenner seg usikre i ein kritisk situasjon som dette.

VARSLING AV HENDINGAR TIL 113 Når du kjem ut for ein situasjon som krev førstehjelpshandling, eller i situasjonar der du er usikker på kva du skal gjere, bør du varsle 113 om dette. Set mobiltelefonen din på høgtalar og følg desse prinsippa når du varslar: • • • • •

– Sjølv om mange har lært førstehjelp, har dei aldri praktisert. Nettopp difor er det viktig å ta repetisjonskurs jamleg, påpeiker førstehjelpsinstruktøren. Situasjonen på ONS løyste seg ved at Byre tilbaud «hurtigopplæring» i hjartekompresjonar til eit av vitna. Dimed kunne han ta seg av hjartestartaren, som straks analyserte pasienten og tilrådde å gje støyt. – Etter sjokket heldt vi fram med 30–2 i eit minutt. Då byrja mannen å puste igjen, fortel Byre. Nokre minutt seinare kom ein lege til staden. Pasienten vart frakta til sjukehuset og alt står bra til med han no. (Kjelde: Røde Kors-avisen, utgåve nr. 2, november 2016, Rogaland)

Hald roa. Kven ringjer? Kvar ringjer du frå? Kva har hendt? Gje ei nøyaktig skildring av situasjonen og eventuelt kor mange personar som er involverte.

AKUTT HJARTESTANS Dersom ein person er bevisstlaus og ikkje pustar normalt, har personen mest truleg hjartestans. Når hjartet stoppar å pumpe, opphøyrer all sirkulasjon av blod og oksygen til organa våre. For å auke sjansen for å overleve, er det uansett årsak viktig å kome raskt i gang med god hjarte-/lungeredning, og kople til hjartestartar så tidleg som mogleg. For kvart minutt som går, minskar overlevingssjansen med 10 % dersom ein ikkje gjev god hjarte-/lungeredning i kombinasjon med bruk av hjartestartar.

Profile for Sogn og Fjordane Røde Kors

Røde Kors-avisa 1/2017  

Møt våre frivillige hjelparar i snø og blest, på biblioteket, med symaskin og tråd, med høge ambisjonar, i kommunestyresalen, med 30 brystko...

Røde Kors-avisa 1/2017  

Møt våre frivillige hjelparar i snø og blest, på biblioteket, med symaskin og tråd, med høge ambisjonar, i kommunestyresalen, med 30 brystko...

Advertisement