Velkommen til Seljord


visitseljord Frå kultur til villmark!


Dag Jenssen


#sjøormen #toppturer #campinglivet #villmark

#bondekultur #mytisketelemaek #dyrskun


visitseljord Frå kultur til villmark!
Dag Jenssen
#sjøormen #toppturer #campinglivet #villmark
#bondekultur #mytisketelemaek #dyrskun
Brosjyra du nå har i handa, er eit verktøy for deg som besøker eller planlegg ein tur til Seljord! Bruk brosjyra til inspirasjon og informasjon, skann QR-koder og få all input du treng for ditt opphald her hos oss. Me i Visit Seljord vil treffe deg der du er - på nett!
Mobilen er dagens turistguide og denne brosjyra er første steg mot full oversikt, ein fysisk brosjyre som samlar spanande digitalt innhald, men som også i seg sjølv skal vere ein fryd for auge.
Håpar me høyrer frå deg på våre SoMe, me er spent på korleis ditt opphald blant fjella har vore!
Omtale frå besøkande
QR for video
Tar deg til reels (videoar)
på Instagram
QR for IG - guide
Opningtider/anna info
Tar deg til tips og info
Bruk kamerafunksjonen på mobilen din, sikt den lille firkanten på kameraet inn på koden som tar deg til den aktuelle sida/ guide/video/SoMe.
Hugs! Ikkje alle mobilar har skannefunksjon på kameraet, då kan ein enkelt laste ned ein av fleire appar for å lese QR-koder.
www.visitseljord.no
Her er du omringa av dramatisk natur med fjell og skog på alle kantar. I Seljord kan du bu på unike overnattingsstadar, smake på lokal mat, leve tett på naturen og oppleve inspirerande kunst og kultur. Seljord byr på eit breidt utval av butikkar i sentrum og festivalar i løpet av sommaren.
- Velkommen til eit idyllisk gardsbesøk med eigenprodusera iskrem
Sentralt i bygda Seljord i Telemark, ved det vakre Seljordsvatnet, ligg Nordigard Bjørge Gjestegard. Garden har eit allsidig dyrehald med blant anna telemarkskyr, hest, høns, påfugl, sau, geit, kalkun, ender, lama, kaninar og katt.
Hels på dyra på garden!
Telemarkskyri er garden si stoltheit. Det er kun 333 avlskyr att av rasen, fordelt på 98 besetningar. 10 av dei står i fjoset på Nordigard Bjørge!
Dei har ein liten flokk sauer på garden av rasen gamalnorsk sau (villsau). Rasen blir ofte kalla villsau då dei går ute heile året utan menneskekontakt, men her på garden er dei tamme og kontaktsøkande.
Det er 2 hestar på garden. Det er Welsh Mountain-ponnien Pippo og Shetlandsponnien Tini. Desse blir alle bruka i ponniridning, som er ein populær aktivitet.
Velkommen til gards!
”Beste is, kyri, og folket en kan møte, så her må en stoppe og nyte!”
Torsdag – sundag alle helger i juli og første i august frå 11.00 – 17.00
@NordigardBjorge @bjorgebesoksgard
- Bærekraftig ‘off grid’ Glamping oppleving
Bortgøymd i urørt natur, med utsikt til Skorvefjell, finn du eit lite paradis kor du har moglegheit til å koble av skjermen og koble på tilstedeværelse og natur.
Du ynskjes velkommen til ein yogaøkt, eit dagsbesøk, ein helgeretreat eller ei ukes unik oppleving! Alt etter kva som passar deg og dine ynskjer. Me tilbyr også vanleg overnatting i glamping telt for dei som ynskjer det. Hos oss finn du bærekraftig livsstil med fokus på nærleik til naturen, miljøvennleg overnatting, yoga, kortreist mat og imøtekommande vertskap.
”I am a big fan. Such lovely owners. Amazing and very skilled yoga classes. Beautiful glamping location. So well taken care of. You can tell they care about the nature and their guests. So much love for detail. Highly recommended to stay with them”
Svevetelt med nydleg utsikt
Hengekøyeskog
Morgonyoga: 08.00 – 09.30
Yoga helger / retreats
Plantebasert, kortreist, økologisk mat
Elvebad, skogsvandring og toppturer m.m.
Velkommen til Hagabrekka Wanderland!
@wanderlustyogaland @wanderlust_yoga
Seljord kunstforeining ynskjer velkomen til årets sommarutstilling KVINNEMYTEN samt særutstilling av Kai Fjell og nokon av Helene Fjell sine foto.
KVINNEMYTEN
I denne utstillinga skal me formidle ”MISS” story i ”HIS” story; Kvinna si historie i ei mannsdominert kunstverd. KVINNEMYTEN presenterer 23 ulike samtidskunstnarar som presenterer si tolking gjennom foto, fotografi, måleri, teikningar, grafikk, skulpturar og installasjonar.
Hovudutstillar: Kai Fjell (1907 - 1989)
Tema: ”Kai Fjells kvinneperspektiv møter kvinnemyten”. Familien har tunet han bygde opp av gamle hus i Flatdal.
Velkommen på utstilling!
Ope 24. juni - 31. juli
Kvar dag kl. 12.00 - 17.00
Brøløsvegen 4, 3840 Seljord
Ta kontakt:
Tlf: 944 63 288
Mail: seljord.kunstforening@gmail.com
@kunstloven
Kunstsamlinga på Sneie viser keramiske arbeid, teikningar, grafikk og måleri. Eva er mest kjend for sine landskapsmåleri med ein stram og fast komposisjon og ein begrensa fargepalett. Ho fann sine motiv både ute i Europa, i Danmark, Storbritannia, Spania, og heime i Noreg. I dei siste åra var det Telemark og særleg fjellheimen i Åmotsdal som gjekk att i bileta hennar.
Torstein Rønjom (1908-1969) vart født og vaks opp i Åmotsdal. Han kom frå ein handverksfamilie og var rosemålar, møbelsnekkar og treskjerar. Familien flytte til Porsgrunn i 1955 og Rønjom byrja som dekoratør og designar på Porsgrunds Porselænsfabrik. Han vart spesielt kjent for arbeidet med å omsetje den tradisjonelle rosemålinga til porselenet. Slik vart han ein viktig formidlar av denne kulturarven gjennom tradisjon og fornying. Utstillinga om Torstein Rønjom visast på Handverkstunet.
Hilde Vemren f. 1953, vaks opp i Porsgrunn og byrja som lærling på Porsgrunds Porselænsfabrik då ho var 16 år. Ho utdanna seg vidare til keramikar og seinare til målar ved SKA i Oslo. Vemren vart kjent som ein Matisse-inspirert stillebenmålar og ein framifrå kolorist. Ho har eit frodig, vitalt og fargesterkt biletspråk. Bruk av dekorative element, mønster og dristige fargekombinasjonar, ofte med klare referansar til kunsthistorien, samt bruk av objekt og gjenstandar knytt til Porsgrunn og oppveksten på 50-talet kjenneteiknar hennar kunst.
dagsturhytte
kunst langs vegen landhandel spennande ariktektur kulturlandskap
sykkelstiar myter og segn
Sogevegen er ein flott, alternativ rute gjennom det vakre landskapet i Hjartdal og Seljord, krydra med spanande sykkelavstikkarar og stoppepunkt. Namnet speglar innhaldet langs vegen. Både infrastruktur og aktørane langs vegen har fokus på forteljingar – forteljingar om kva som har skjedd, forteljingar gjennom kunst og kulturlandskap, og forteljingar om korleis me framover kan ta vare på alt me har rundt oss og behalde mangfaldet.
Ta deg tid på sykkelturen gjennom Hjartdal, Svartdal og Flatdal. La landskapet leie deg og nyt den mektige naturen. Følg elva Hjartdøla inn den tronge og mystiske Ambjørndalen, sjå ur og nutar som reiser seg frå dalbotnen og elva som renn ut i stille, mørkt vatn i Flatsjå. Hjartdal Nordbygd og Svartdal er ein del av dei mest verdifulle kulturlandskapa i Noreg. Her finn du enger av villblomar, lauvingslier og eit artsmangfald utanom det vanlege. I nutar, skogar, haugar og dalar finns det gygrer og troll, tusser og huldre. Det seier i alle fall folk her. Sogn og forteljingar knytt til landskap og stadnamn er ein viktig del av oppleving her i bygdene. Trollbindande natur og det vakre blå ljoset har leia ein straum av kunstnarar til Telemark og Flatdal. Nutheim blei sjølve samlingsstaden, kunstnarhotellet som ga inspirasjon og arbeidsro. Ta deg tid til ei lunsjpause her, vertskapet deler gjerne familiehistoria om Nutheim og segn frå bygda. Andre fine stoppestader langs ruta er Bygdemylla i Hjartdal, der du kan ta deg eit bad i fossen, lauvingslia på Myljom-To med dei vakre styvingstrea, og spinneriet i Svartdal der du kan kjøpe med deg lokalprodusert garn.
Camping og Friluftsenter ligg i idylliske omgjevnader ved sør-austenden av Seljordsvatnet. Me tilbyr ein rekke aktivitetar for vaksne og born.
På Telnessanden kan du bade på ei av dei lange sandstrendene, gå tur på halvøya, eller ta ein topptur i nærområdet.
Våre hytter har fullt utstyrt kjøkken med oppvaskmaskin. Soveromma har sengetøy (dyne, pute-trekk og laken må tas med!). Bad med WC, dusj og vaskemaskin. Stue med peis og satellitt-TV. Stor plen med uteplass, hagemøbler og grill.
Hyttene ligg usjenert og vakkert til på ein halvøy med bilveg heilt fram til hytta.
Me ynskjer deg hjartleg velkommen til å tilbringe tida di med oss her på Telnessanden Camping og
friluftsenter! Du kan reservere plass ved å kontakte oss via telefon/epost.
Garvikstrondi 920, 3840 Seljord
Tlf 47 350 52 990
post@telnessanden.no
Garvikstrondi Camping ligg på vestsida av Seljordsvatnet. Ca. 10 km frå Seljord og ca. 20 km frå Bø i Telemark.
Me har aktivitetar for liten og stor. Badestrand med badebrygge, vanntrampoline og stupetårn er eit sjølvsgat val om vêret er fint.
Leikeplass og andre aktivitetar uansett alder og vêr. Om du vil leige båt for fiske, har me lokale kjentmenn med kompetanse for val av område og fiskeutstyr.
Me har 22 hytter og leilegheiter til leige.
Låverestauranten er open gjennom heile sommaren med alle rettigheiter.
Skulle du/dykk vere interessert i å besøke ei eller fleire av dei mange turistattraksjonane som finns i Telemark, vil me meir enn gjerne vere behjelpelege med forslag og råd til reisemål.
”Fantastisk flott campingplass.Særdeles hyggelig personale, rent og pent. Flotte bademuligheter og et rolig sted for store og små.”
Garvikstrondi 540, 3840 Seljord
Tlf: 35052912 / 91844337
post@garvikstrondi.no
Seljord Camping og badeplass er det perfekte utgangspunktet for å utforske Telemark!
Frå Seljord Camping kan du ta kortare eller lengre utflukter og oppleve fantastisk natur og historiske stader, enten du likar å bruke beina eller køyre ein tur. Me kan hjelpe deg å planleggje ferien i Telemark slik at du får eit spanande og minnerikt opphald. Campingplassen ligg fint til det ved Seljordsvatnet. Der kan du både symje og speide etter den sagnomsuste sjøormen.
Om du vil overnatte i hytte, telt, hengekøye, bobil eller campingvogn, så finn du heilt sikkert ein fin plass her hos oss. Me har også utleige av SUP, tråbåt, kajakk, kano og robåt. De er velkommen til å ta turen innom oss når det måtte passe.
”Tusen takk for et kjempehyggelig opphold. Dere er gode gammeldagse verter med super service og smil som er ekte. Vi kommer igjen. Ikke ble dere skremt av 4 motorsykler på tur heller. Hjertelig takk for super service”
Manheimstrondi 61, 3840 Seljord
Tlf 47 976 91 444
post@seljordcamping.no
Man - ons 09 - 16:30
Torsdag 09 - 18
Laurdag 09 - 14
Man-fre 06-22
Laurdag 07-22
Sundag 08-22
Sjå heimeside for opningstider.
Velkommen!
Klær til damer og herre. Interiørtekstil i andre etasje.
Alt til bilen, mat og drikke for ein kvar smak.
200 kvadratmeter med brukt, antikk og retro.
man - fre 7-16:30
torsdag 7-18
laurdag 9-14
9-18 (15)
Eigne tider for Meny.
Sjå eigen side for Telesenteret
Velkommen til Seljord Hotel, eit lite og unikt hotell med lang historie frå 1850.
Byggmakker er ein av Noregs største byggevarekjedar.
Velkommen til Vest-Telemarks største kjøpesenter.
Har du spørsmål knytt til ditt besøk i Seljord? Kom innom turistkontoret på Telesenteret.
Izitrend er ein 2. generasjons frittståande motebutikk som befinn seg i vakre Seljord i Telemark. Du finn oss i sentrale lokale i sentrum, vis à vis Telesenteret. Her fører me klær og sko frå kjente og gode merker. Sidan me er en frittståande butikk kan me plukke fritt av det aller beste frå våre leverandørar. Det er ein eigen avdeling i butikken med størrelsar frå 42 til 58 i klesavdelinga, og i skoavdelinga forsyner me heile familien frå smått til stort. Me er også gode på store størrelsar i damesko, og også litt på herresida.
Me er spesielt opptekne av at du som kunde følar at me har deg og ditt behov i fokus når me hjelper deg med å finne sko og antrekk. Det vil si at me ynskjer å sjå at du er godt fornøgd og føler deg trygg på at du har gjort eit godt kjøp når du gjeng ut døra vår. Vår policy er at me skal vere ærlege – om du kanskje lar vere å kjøpe den gensaren som ikkje satt så pent på, eller ikkje kjøper det skoparet, fordi me saman finn ut at det ikkje var akkurat den modellen som oppfyller behovet du har akkurat nå – så er me trygge på at du kjem tilbake neste gong du treng noko til garderoben. Fordi du veit at du får god og ærleg hjelp av damene hos Izitrend.
”Var i denne butikken for første gang i dag og ble veldig positiv overrasket, nydelig butikk og hyggelige ansatte. Veldig godt utvalg i mote til damer til hyggelige priser, godt utvalg i sko til barn, dame og herre har de også!”
Måndag til fredag kl. 09.00-16.30
Torsdag kl. 09.00-18.00
Laurdag kl. 09.00-14.00
@ izitrendseljord @izitrend Besøk vår nettbutikk: www.izitrend.no- Ekte norsk tradisjonsmat laga med kjærleik frå botnen av.
Du finn oss strategisk plassera ved E134 i Seljord. Her har me holdt til sidan 1996 og serverer god heimelaga mat til vegfarande. Me kan tilby alt frå tradisjonsmat til a’la carte og andre internasjonale rettar.
Saman med Aarnes Kafeteria utgjer me Aarnesgruppen, og saman deler me lidenskapen for god, heimelaga mat, med røtter i norske tradisjonar.
Skal du ha stort eller lite selskap kan me bistå med alt frå smørbrød, snittar, kaker, koldtbord og middag. Våre dyktige faglærte kokkar bistår med anbefalingar og lagar maten til ditt selskap.
Me har 12 Tesla-ladarar, så hos oss kan du slappe av med ein god middag, mens bilen din gjer seg klar for fleire kilometer - velkommen til Sjøormen Kro!
Ikkje gløym å bruke vårt bonuskort, og få kvar 10. middag gratis. Bonuskortet kan brukas både hos oss og på Aarnes Kafeteria.
Frå 12. juni - 10. september har me ope måndag-fredag og sundag 09 - 20, laurdag 09 - 19. Resten av året har me ope måndag-fredag og sundag 09 - 19, laurdag 09 - 18.
sjoormenkro
- Me leverar kvalitetsprodukt innan peisar, piper, omnar, matomnar og utevarme.
Meer stolte av å tilby deg det beste innan varmeog peisprodukt, og me streber alltid etter å levere produkt av høgste kvalitet til våre kundar. Enten du ynskjer å skape ein koseleg atmosfære med ein peis, nyte varmen frå ein effektiv omn eller forbetre utandørsområdet ditt med utevarme, har me løysninga du treng.
I mai 2023 flytta me inn i splitter nye lokale langs E134 i Seljord. Her har me stor utstilling med mange av våre flotte produkt - kom gjerne innom for ein hyggeleg varmeprat.
I tillegg til ein flott varmebutikk har me ogå Noregs beste online varmebutikk, her kan du klikke heim din nye peis eller matomn - me leverar og monterar over heile Noreg.
Gjer heimen din til ein varm og innbydande stad med Seljordvarme - me ser fram til å hjelpe deg med å skape din draumeheim!
Me har Noregs beste online varmebutikk: www.seljordvarme.no
Du finn oss i nye lokaler i Dyrskuvegen 4. Me har ope måndag-onsdag kl. 10-16, torsdag-fredag kl. 10-18 og laurdag kl, 10-15.
Seljordvarme
seljordvarme
Speid etter Sjøormen i Seljordsvatnet. Kun ein kort gå- eller sykkeltur frå Seljord sentrum finn du det 17 meter høge Sjøormtårnet.
Fram mot tårnet er det påla trebryggje som buktar seg over våtmark fram mot tårnet, som ein orm.
Tårnet ligg vakker plassera ved Bjørgeøyan, heilt ute ved vatnet. I det fyrste rommet kan du sjå utover det store området med våtmark der det yrar av fugleliv i sommarsesongen. I det andre rommet ser du inn i dei enorme furukronene. Vidare kan du gå opp til toppen av tårnet - til eit større rom som vender mot fjella i aust og sør. Her er utsikta mot Seljordsvatnet og landskapet ikring særklasse. Og kanskje ser du sjøormen?
Sjøormtårnet er eit landemerke i kulturlandskapet i Telemark som du ikkje bør gå glipp av.
Visste du at det finnes skriftlege kjelder på at Sjøormen har blitt observert heilt tilbake til 1720-talet? Sjøormen i Seljordvatnet har vore observert med jamne mellomrom sidan då, og viste seg sist i 2021. Om sjøormen ikkje skulle vise seg så anbefalar me å kjøyre innom Sjøromen på Stodi, ved E134 mellom Seljord og Bø.
hattefjell
årnoteren
brennemonuten
bindingsnuten
bjørgenuten
ballongfararkoia
dansarsalen
grimaren
bringsåsnuten
valskarsnuten
Hans Inge HagenHamish More
Fornærmare beskrivelse av turane og mange fleire, last ned Fintur-appen!
Her finn du det meste av turar i område. I appen finn du gode beskrivelser av turane, blant anna varigheit, lengde, høgdemeter og kart. Alt du treng å vite om turen, rett på mobilen!
GOD TUR!
Det er eIn skjult skatt i Telemark, den ligg gøymt i dalen bak Seljord mellom STORE fjell. EIn liten veg tar deg høGT over bygda, men så må du gå resten av veGEN. Du går på eIn gamal veG kor du nesten fortsatt kan sJÅ hestAne og vognAne som tar seg opp dei bratte bakkAne. Og plutslEG dukkAr Hanakamjuvet opp som eIn oase i midten. Så vakkert og pittoresk. Du må bERRE stoppe opp og ta det heILE innover deg.
Nattope i sentrum
Eva Bull Holtes Museum
Kunstlåven - Sommarutstilling
Sjøormløp
DYRSKUPLASSEN
Seljordfestivalen
Maran Ata
Korsvei
Countryfestivalen
Dyrsku’n
30. juni kl. 09.00-22.00
17. juni - 13. august: kl. 11.00-18.00
24. juni - 31. juli: kl. 12.00-17.00
24. juni: kl. 10.00
05.-09. juli
10.-16. juli
17.-23. juli
26.-30. juli
08.-10. september