1 minute read

Sogevegen om Nutheim

Sogevegen er ein flott, alternativ rute gjennom det vakre landskapet i Hjartdal og Seljord, krydra med spanande sykkelavstikkarar og stoppepunkt. Namnet speglar innhaldet langs vegen. Både infrastruktur og aktørane langs vegen har fokus på forteljingar – forteljingar om kva som har skjedd, forteljingar gjennom kunst og kulturlandskap, og forteljingar om korleis me framover kan ta vare på alt me har rundt oss og behalde mangfaldet.

Ta deg tid på sykkelturen gjennom Hjartdal, Svartdal og Flatdal. La landskapet leie deg og nyt den mektige naturen. Følg elva Hjartdøla inn den tronge og mystiske Ambjørndalen, sjå ur og nutar som reiser seg frå dalbotnen og elva som renn ut i stille, mørkt vatn i Flatsjå. Hjartdal Nordbygd og Svartdal er ein del av dei mest verdifulle kulturlandskapa i Noreg. Her finn du enger av villblomar, lauvingslier og eit artsmangfald utanom det vanlege. I nutar, skogar, haugar og dalar finns det gygrer og troll, tusser og huldre. Det seier i alle fall folk her. Sogn og forteljingar knytt til landskap og stadnamn er ein viktig del av oppleving her i bygdene. Trollbindande natur og det vakre blå ljoset har leia ein straum av kunstnarar til Telemark og Flatdal. Nutheim blei sjølve samlingsstaden, kunstnarhotellet som ga inspirasjon og arbeidsro. Ta deg tid til ei lunsjpause her, vertskapet deler gjerne familiehistoria om Nutheim og segn frå bygda. Andre fine stoppestader langs ruta er Bygdemylla i Hjartdal, der du kan ta deg eit bad i fossen, lauvingslia på Myljom-To med dei vakre styvingstrea, og spinneriet i Svartdal der du kan kjøpe med deg lokalprodusert garn.

Advertisement
This article is from: