Sommarbrosjyre 2024

Page 1

SELJORD 2024 www.visitseljord.no

VELKOMMEN TIL SELJORD - SJØORMENS RIKE

Seljord er bygda som er mest kjend for Dyrsku’n, festivalar og ikkje minst Sjøormen i Seljordsvatnet. Seljord er trafikknutepunktet mellom aust og vest og handelssentrum for Vest-Telemark, med mange kafear og lokaleigde butikkar. Her kan du nyte strandliv og mange fine vandre- og sykkelruter i variert terreng. Seljord er ei bygd med stolte kunst- og kulturtradisjonar så her kan ein oppleve mykje fin kunst og eit nasjonalt kulturlandskap i Svartdal.

Seljord kommune bestend av tettstadane Seljord, Flatdal, Åmotsdal, Svartdal og Langlim. I heile kommunen har me mange toppturar og andre nærturar. Sjekk ut Fintur-appen.

ORMASJON

, 3840 Seljord /Norli på Telesentret visitseljord.no

visitseljord

visitseljord

Fintur-appen Dyrskun.no Seljord.kommune.no Book sauna 350 55 040

Seljord Kyrkje

Seljord kyrkje er ei steinkyrkje i romansk stil, bygd mellom 1150 og 1180 Kyrkja er vigsla av Heilag Olav. På nord-vest hjørnet er det hogge ut eit andlet som etter eit segn skal vere heilagkongen

Det er fleire segn og historiar knytt til Seljord kyrkje, og klart verdt eit besøk.

Omvisning i juli

Brøløsvegen 84, Seljord www.visitseljord.no

Nutheim Kunstsenter

Galleri Nutheim ligg i underetasjen på Nutheim Gjestgiveri. Det var naturleg å ha eit galleri her, sidan så mange kunstnerar er knytt til staden.

Det er omlag 3-4 årlege utstillingar i galleriet. I sommarhalvåret har Nutheim ein sommarutstillar i låven på andre sida av tunet.

Velkommen!

Flatdalsvegen 1283, Flatdal, tlf 35052143 www.nutheim.no

KUNST OG KULTUR

Kunstlåven - Seljord Kunstforening

TRÅD er tittelen på sommarutstillinga i år 10 samtidskunstnarar viser broderi, vev, silketrykk, keramikk, saum og installasjon. Alle med tråd som fellesnemnar. I 3. etasje vises utstillinga «Wool and Sheep around The North Atlantic Sea» som er eit samarbeid mellom Karin Flatøy Svarstad, Seljord husflidslag og Seljord Kunstforening.

Ope kvar dag, kl 11 00 – 18 00, 1 - 31 juli 2024

Kunstlåven i Seljord sentrum, tlf 94 46 32 88 www.seljordkunst.no

Seljord Hage

Seljord Hage skal vere til inspirasjon og glede mens du vandrar mellom blomar, grønsaker, urter, bær og frukt-tre.

I hagen kan ein lære om kretsløpet i naturen og berekraftig dyrking. I Seljord Hage blir hagearbeid bruka som verktøy for integrering, terapi og læring for mange ulike grupper menneske

Telespinn

Telespinn er eit småskala spinneri som produserer ull frå mohairgeiter som beiter i landskapet. Området er kjend for å ha ei rik kulturhistorie og levande tradisjonar.

Opningstider:

10.00-16.00 måndag-fredag 11.00-15.00 fyrste laurdag kvar månad

Blikavegen 22, Svartdal, tlf 35 70 94 00 www.telespinn.no

Hagen er ope for alle og tilgjengelig for rullestolbrukarar.

Eva Bull Holtes Museum 25 år

Måleri, grafikk og teikningar frå samlinga

Gjesteutstillar: Morten Slettemeås, måleri

Handverkstunet: Ein skog av trådar Borghild Telnes og Gry Grindbakken

16.juni – 11.august 2024

Ope kvar dag kl.11.00 – 18.00

Åmotsdalsvegen 1606, Åmotsdal

Facebook: Eva Bull Holtes Museum www.visitseljord.no

Mat & drikke i Seljord

I Seljord er det fleire kafear og spisestader å velje mellom Her får du alt i frå koselege små kafear til tradisjonsmat laga på lokale råvarer. Skann QR-koden på sentrumskartet for å få opp fleire spisetader i Seljord. Dei ulike spisestadene er markera med raudt i kartet.

MAT & DRIKKE/HANDEL

j

Shopping i Seljord

Seljord er handelssentrum i Vest-Telemark. Her finn du eit bredt utval av butikkar, og fleire handelsområde. Du finn handlemogegheiter i Seljord sentrum, Vekantunet, Seljord Næringspark og langs Brøløsvegen Skann QR-koden på sentrumskartet og sjå etter lilla punkt for handelsområde.

Aasmundsen Bakeriutsalg

Bakeriutsalet ligg langs Brøløsvegen i Seljord sentrum. Dei tilbyr ferskt bakverk kvar dag frå Aasmundsen bakeri i Flatdal.

På Aasmundsen Bakeriutsalg kan du nyte ein kopp kaffe og nydeleg bakst i hygglege omgjevnadar

Kafeen er open: 09.00 - 16.00 måndag-laurdag

Brøløsvegen 17, Seljord, tlf. 928 29 326

Du finn oss strategisk plassera ved E134 i Seljord. Her har me holdt til sidan 1996 og serverer god heimelaga mat til vegfarande. Me kan tilby alt frå tradisjonsmat til a’la carte og andre internasjonale rettar.

Opningstider:

Alle kvardagar frå 09 00-20 00 Laurdag 09 00-19 00

Ingrid Slettens veg 20, Seljord, tlf. 35 05 05 02 www.aarneskafeteria.no/sjoormen

Nutheim Gjestgiveri

Nyt eit betre måltid på Nutheim Gjestgiveri. Her serverast tradisjonell mat med fransk vri laga på lokale råvarer.

Rokk Kafé er ein koseleg kafe med god atmosfære midt i Seljord sentrum. Her er det leikekrok for dei minste og uteservering med leikeplass. Her serverast rundtstykker, baguettar, salatar, suppe, varme rettar samt kaker og kaffe I tillegg er det eit stort garnutsal her

Kafeen er open frå 10 00- 15 00 alle kvardagar og laurdag

Vekanvegen 4, Seljord, tlf. 90 36 91 75

Telesenteret

Velkommen innom Vest-Telemarks største kjøpesenter. Her finn du eit stort utval, det er enkel adkomst og stor gratis parkeringsplass.

Me er stolte av å ha mange faste lokale matleverandørar, og brukar det som er tilgjengeleg basert på sesongar Mange av oppskriftane har gått i arv frå mor til til dotter i fleire generasjonar.

Flatdalsvegen 1283, Flatdal, tlf. 35052143 www.nutheim.no

Utval: Apotek 1, Frøken Fin, Kea's Thaimassasje, Meny, Nille, Norli, Power, Senterkafe, Tango Frisør, Vest-Telemark Synssenter og Vinmonopolet.

Ope: 9-18 (15) Meny 8-21 (20) Sjå telesenteret no for Vinmonopolets opningstider

Rokk Kafé

1 Telesenteret

Brøløsvegen

Vekantunet 1 Sjøormen Kro

Charm´s Kinamat

Seljord Ferieland

Wassana Thaimat

Rokk kafè

Aasmundsen Bakeriutsalg

OVERNATTING TURTIPS

Bjørge Besøksgard

Seljord Kyrkje

Landstadmonumentet

Sterke-Nils steinen

Kunstlåven

“Tuft” skulptur

Dyrskuplassen/Marknadsplass

Sjøormtårnet 9Seljord Hage

SELJORD SENTRUM
HANDEL MAT & DRIKKE
til
1 2 Seljord Motell 3 Seljord Ferieland 4 Seljord camping Seljord Hotell 1 Sentrumsvegen 2 Bringsåsnuten 3 Kivledalen 4 Bjørgefjell 5 Raudkleiv
2
3
4
5
6
2
3
4
5
ATTRAKSJONAR Gå
kart
2
3
1
6
7
8

OVERNATTING

Seljord Hotel er eit ærverdig trehotell bygd i sveitserstil med ei historie så langt tilbake som i 1857. Hotellet er kjend for sin gjestfrie og hyggelge atmosfære.

Hotellet består av 27 rom, 2 møterom og koseleg restaurant med plass til 80 gjester Fri WiFi på heile hotellet

Brøløsvegen 18, Seljord www.seljordhotel.no

Garvikstrondi Camping

Garvikstrondi Camping ligg i naturskjønne omgjevnadar på vestsida av Seljordsvatnet.

Plassen ligg heilt ned mot vatnet og dersom du tør bade med sjøormen, kan me friste med eigen badestrand og vassaktivitetar for barn og vaksne

Me har 160 sengeplassar fordelt på hytter, leilegheiter og camping-vognar.

www.garvikstrondi.no

Seljord Camping og Badeplass inviterer deg til ein velfortjent pause frå stresset Det ligg ei atmosfære av avslapping og grillmat i lufta Sett deg tilbake og nyt sola! Dersom du likevel treng noko å finne på har me mange gode tips til deg!

Plassen ligg lett tilgjengeleg like ved Seljord sentrum med butikkar og attraksjonar. Berre eit steinkast ifrå hovudvegen mellom aust og vest: E134 og Rv36 som er hovudvegen frå Grenland til Vest-Telemark.

Me sjåast i Seljord!

Telnessanden Camping og Friluftssenter

I eit vakkert naturområde ved søraustenden av Seljordsvatnet, ligg Telnessanden Camping og Friluftssenter. Her finn du to store sandstrender på kvar sin side av vegen ut til Telnes-halvøya.

Campingplassen har mange drop-in plassar for telt, bobil og camping-vognar og tilbyr heilårsplassar med straum og moderne serviceanlegg. www.telnessanden.no

Ta i bruk sansane og nyt smak, historie, estetikk og ro på Nutheim

Nutheim, kunstnarhotellet i Telemark, er ope for deg som stikk innom for eit godt måltid, gjerne i kombinasjon med overnatting. Opplev Mytiske Telemark gjennom eit besøk, og kombiner gjerne med gardsbesøk, fottur i det bratte lendet, ridetimar eller målekurs på Nutheim.

Flatdalsvegen 1283, Flatdal, tlf. 35052143 www.nutheim.no

På HegnaLand finn du Noregs fyrste høgteknologiske og døgnopne daglegvarebutikk – Hegna Landhandel!

I vår fullsortimentsbutikk kan du handle akkurat når det passar deg Hos oss finn du også Hegna Camping, kor du kan nyte late dagar, med nærleik til elv, innsjø og fjell!

Du finn oss midt mellom Bø og Seljord, med kun 20 minuttar til Bø Sommarland. www.hegnacamping.no

Seljord Hotel Nutheim Gjestgiveri HegnaLand Seljord Camping

BADING, OPPLEVINGAR OG TURTIPS

Bading

Seljord er ein flott stad for å nyte naturen og ta seg eit bad ein varm sommardag.

I kommunen finn du fleire fine badeplassar: Seljord camping og badeplass

Telnessanden camping

Flatdal idrettsanlegg

Det finns også fleire små badeplassar langs Seljordsvatnet

Badeplassane i Seljord finn du på kartet når du skannar QR-koden på sentrumskartet.

Mytiske Telemark

La deg lokke til det indre av Telemark, vakker & mytisk natur - opplevingar for alle.

Møt forteljande vertskap, overnatt omkrinsa av nydeleg landskap, bli med på spennande guida turar og et lokalmat, alt på din tur i Mytiske Telemark.

Mytiske Telemark består av bedrifter frå bygdene Flatdal, Svartdal og Hjartdal

Sjøormtårnet og Sjøormen

Turtips i Seljord

Sjøormtårnet står på Bjørgeøyane ca. 1 km frå Seljord sentrum. Tårnet er bygd i tre og er 17 meter høgt med tre utkikksplattformer. Vegen ut til tårnet er bygd av tre på pålar ned i våtmark. Langs turvegen er det sett opp sitjebenkar Er du heldig ser du kanskje Sjøormen!

Du kan lese meir om sjøormen og Sjøormtårnet her: www.visitseljord.no

Kikkeskåp

Åtte kikkeskåp i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til utvalde soger om lokale kvinneskikkelsar.Felles for dei alle er at feleslåttar er knytt til sogene

På alle stadene er det montert ein benk, der folk kan sitje ned for å nyte ei annleis kunstoppleving i sogelandskapet

Heilt klart noko å ha på Bucketlista for Seljord!

www.visitseljord.no

Seljord er omkransa av mange høge fjell og er difor eit supert utgangspunkt for toppturar. Me har eit stort mangfald av vandreruter i kommunen. Her finn ein både ruter for barnefamiliar og dei meir vidarekomne. Kom til Seljord for flotte turopplevingar og oppdag Seljord til fots!

Skorve

Skorve er eit av dei høgaste fjella i Seljord, med to toppar, Gøysen (1370 moh) og Nordnibba (1365 moh). Under andre verdskrig styrta to fly på Skorve, som du fortsatt fin vrakrester frå. Ein må setje av ein dag til å bestige Skorve og er ein tur for dei meir vidarekomne.

Hanakamjuvet

Lett rundtur som er fin å gå med barn Undervegs kan du oppleve fossefall, juv og gode utsiktspunkt

Bringsåsnuten

Liten nut midt i Seljord sentrum med flott utsikt over Seljord. Lett tilgjengeleg og fin for barnefamiliar.

Bjørgefjell

Krevjande tur, men flott panoramautsikt over Seljord når du kjem til toppen

For fleire turar i Seljord og for turinformasjon om dei ulike turaneLast ned Fintur-appen!

www.mytisketelemark.no

SOGEVEGEN

Sogevegen om Nutheim

Sogevegen er ein flott, alternativ rute gjennom det vakre landskapet i Hjartdal og Seljord, krydra med spanande sykkelavstikkarar og stoppestader. Namnet speglar innhaldet langs vegen. Både infrastruktur og aktørane langs vegen har fokus på forteljingar og sogerforteljingar om kva som har skjedd, gjennom kunst og kulturlandskap, og om korleis me framover kan ta vare på alt me har rundt oss og behalde mangfaldet

Ta deg tid på sykkelturen gjennom Flatdal, Svartdal og Hjartdal. La landskapet leie deg og nyt den mektige naturen. Følg elva Hjartdøla inn den trange og mystiske Ambjørndalen, sjå ur og nutar som reiser seg frå dalbotnen og elva som renn ut i stille, mørkt vatn i Flatsjå Hjartdal Nordbygd og Svartdal er ein del av dei mest verdifulle kulturlandskapa i Noreg Her finn du enger av villblomar, lauvingslier og eit artsmangfald utanom det vanlege

I urar, skogar, haugar og dalar finns det gygrer og troll, tusser og huldre. Det seier i alle fall folk her. Sogn og forteljingar knytt til landskap og stadnamn er ein viktig del av opplevinga her i bygdene. Trollbindande natur og det vakre blå losjet har leia ein straum av kunstnarar til Telemark og Flatdal Nutheim blei sjølve samlingsstaden, kunstnarhotellet som ga inspirasjon og arbeidsro Ta deg tid til ei lunsjpause her, vertskapet deler gjerne familiehistoria om Nutheim og segn frå bygda. Andre fine stoppestader langs ruta er Bygdemylla i Hjartdal, der du kan ta deg eit bad i fossen, lauvingslia på Myljom-To med dei vakre styvingstrea, og spinneriet i Svartdal der du kan kjøpe med deg lokalprodusera garn

ARRANGEMENT

Nattope i Seljord 28. juni

Velkommen til Nattope i Seljord 28. juni!

Ein dag for heile familien med shopping, aktivitetar og underhaldning rundt om i Seljord sentrum.

Hold utkikk etter veteranbussen, som køyrar ei fast runde i sentrum Bussen kan du hoppe av og på undervegs langs ruta

Butikkane held ope til kl. 22.00 og kan by på mange gode tilbod.

Dyrsku’n 13.-15. september

Dyrsku’n er Noregs viktigaste møteplass for mat og landbruk, handel, politiske debatter, foredrag og rotekte opplevingar.

Velkomen til ei unik oppleving med handel frå over 800 utstillarar, lokalmat, dyr, handverk, kulturopplevingar, Nordens største tivoli og mykje meir

Seljordfestivalen 3.-7. juli

Velkommen til Noregs trivlegaste festival!

Få med deg herleg dansemusikk, bli med på dansekurs, vinsmaking og utfluktar i nærområdet.

Countryfestivalen 24.-28. juli

Countryfestivalen i Seljord er Nordens største countryfestival med eit 20-talls artistar, eit bredt utval av aktivitetar og 30.000 glade festivalgjester

Om du er ute etter ei veke med campingliv, ein dagstur eller nokon dagars hotellopphald, har me festivalpakker tilpassa ditt behov

Kjøp festivalpass på: www.seljordfestivalen.no

KVA SKJER I SELJORD?

Lyst til å få med deg det som skjer i Seljord utover sommaren og hausten?

Gjennom heile sommaren er det festivalar, arrangement og utstillingar i Seljord.

Gå til vår Kva skjer kalender på visitseljord no eller skann QR-koden under.

Les meir på: www.dyrskun.no

Tilbring ei helg med masse god countrymusikk, aktivitetar, dans og moro i Seljord!

Kjøpt festivalpass på: www.countryfestivalen.no

Tokke Vinje Fyresdal Nissedal Kviteseid Seljord Tinn Hjartdal Drangedal Nome Kragerø Notodden Midt-Telemark Skien Siljan Porsgrunn Bamble 6 1 3 5 2 8 7 4 SoriaMoriaSauna Telemarkskanalen Vest-TelemarkMuseum 3 2 1 www.visittelemark.no HeddalStavkyrkje 4 Jettegrytene 5 Gaustatoppen BøSommarland HamarenAktivitspark 8 6 7
Pedersen
Foto:KåreS
Foto VisitTeemark
Foto VisitTeemark Foto IamNordc Foto:TerjeRakke Foto YngveAsk Foto YngveAsk
Foto YngveAsk OPPLEV TELEMARK

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.