Gloppen Kommune

Page 1

Ei framtid i Gloppen?

ĂŠ Hugvik

dr Foto: Edvin An

Gloppen kommune


Gloppen kommune - ein jordnær og livskraftig samarbeidspartnar Gloppen kommune er – til liks med andre kommunar – ein stor arbeidsgjevar, som kan tilby eit mangfald av stillingar. På kommunen si heimeside – gloppen. kommune.no – finn du oversikt over alle ledige stillingar i kommunen. Gloppen kommune, her representert ved ordførar Anders Ryssdal og hans Volvo Amazon 1969-modell, ønskjer også å vere ein aktiv medhjelpar for dei som ønskjer å etablere seg som sjølvstendige næringsdrivande i Gloppen. Her samarbeider vi tett med Sandane Næringshage. Du finn kontaktinformasjon på siste sida i denne brosjyren, og sjølvsagt også på kommunen si heimeside.

ugvik dré H vin An

Ed Foto:


Foto:Oscar Andersen

På jakt etter arbeid? Sjølv om Gloppen kommune er den største arbeidsgjevaren i Gloppen, har vi fleire store private og andre offentlege verksemder, som jamt er på jakt etter nye medarbeidarar. Her er nokre av dei: • Bolseth Glass på Sandane • Brødrene Aa i Hyen • Firda vidaregåande skule på Sandane • Nordfjord Folkehøgskule på Vereide • Sogn og Fjordane Energi på Sandane • Tine Meieriet Vest på Byrkjelo • Eurofoto på Reed • Sparebanken Sogn og Fjordane på Sandane • Økonor Gloppen på Sandane og på Byrkjelo Du finn linkar til alle desse på nettsida www.gloppen.no

Foto: Reiel Haugland


Kom til Gloppen! - Vi tar folketalsutviklinga i Gloppen pĂĽ alvor, seier desse produktive damene.

Foto: Edvin AndrĂŠ Hugvik


Foto: Edvin André Hugv ik

Annemieke Koopmans og Heidi Aabrekk satsar på kunnskap og design med base og butikk i Gloppen.

www.gloppen.no Dette er ei nettside som ønskjer å marknadsføre Gloppen og glopparane på ein positiv måte. Legg sida inn som favoritt, og følg med på kva som skjer...


Foto: Aadne Gloppestad

Ikkje berre arbeid Livet er meir enn arbeid, og det skjer mykje i Gloppen som du kan vere med på når du har fri. Utanom dei store arrangementa som Norsk Countrytreff, Glopperock, Friluftshelga i Hyen, Gloppen Musikkfest, Sandane-dagane og Fjordblues, skjer det noko så godt som kvar einaste dag. Ikkje minst er tilboda mange for dei som vil halde seg i form. ”Halve Breim” er med på sirkeltreninga kvar onsdag. På nettsida www.gloppen.no finn du ein oppdatert aktivitetskalender som viser kva som går føre seg i Gloppen.


é Hugvik

dr Foto: Edvin An

Kvar vil du bu? Vi har ledige og byggeklare tomter i dei fleste delane av Gloppen, som t.d. her på Sande på Sørstranda. Dette er noko anna enn å sjå inn i veggen til naboen frå stoveglaset! På kommunen si heimeside finn du ei oppdatert liste over ledige tomtar, med prisar og oversiktskart. Servicetorget i kommunen hjelper deg vidare. Med jamne mellomrom er det hus til sals i Gloppen. Dette har dessverre kommunen ikkje noko samla oversikt over. Viss ikkje husa blir selde privat, er det som regel Sparebanken Sogn og Fjordane og Advokatane Lothe & Mardal som meklar hussal i Gloppen. Du finn link til begge desse på www.gloppen.no


Besøksadresse: Postadresse: Telefon: Fax:

Heradshuset, Grandavegen 9 Grandavegen 9, 6823 Sandane 57 88 38 00 57 88 38 01

E-post: Heimeside:

post@gloppen.kommune.no gloppen.kommune.no

Direkteadresser:

Ordførar Anders Ryssdal Telefon: 57 88 38 51 el. 977 06 880 E-post: ordforar@gloppen.kommune.no Rådmann Marit Elisabeth Larssen Telefon: 57 88 38 55 el. 997 24 798 E-post: marit.elisabeth.larssen@gloppen.kommune.no

Sandane Næringshage Besøksadresse: Postadresse: Telefon: Fax:

Sandane Senter, Krånavegen 5 Postboks 300, 6821 Sandane 57 00 92 00 57 00 92 01

E-post: Heimeside:

post@sandanenh.no www.sandanenh.no

Prøv oss!

Solglimt Trykkeri, 6823 Sandane

Gloppen kommune


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.