Page 1

Turforslag med ferje frå Nedstrand (Nokre av turmåla kan også nås med hurtigbåt, sjå eigne ruter på www.kolumbus.no) 1: Helgøy / Sjernarøy Ta med sykkelen eller bilen, og utforsk dei 7 Sjernarøyane som er knytta saman med bruer. Flott natur, koselege vegar og fine badeviker. I juli kan du gjere ein stopp på Handelsstedet Ramsvig der det er ein hyggelig sommarkafe. www.ramsvig.no 2: Nord-Hidle Denne øya har ikkje bruforbindelse med dei andre Sjernarøyane, men er like vakker! Fine turstiar, mange fornminner og for grupper er det mulig å få guiding på øya, og mat på gardsrestaurant og i pizzakjellar. Les meir på www.nordahidle.no

3: Hebnes Frå Hebnes kan du ta turen til Grytenuten, (863 moh) med ein av dei flottaste utsiktene i Rogaland. -du ser mellom anna Stavanger, Utsira, Ryfylkebassenget og Folgefonna. Ein staseleg varde kler den flotte utsikta godt. Set av 5-6 timar til turen. Det finst ulike stiar opp,les meir på www.ut.no 4: Jelsa Strandstaden Jelsa har blitt kåra til den vakraste plassen i Rogaland og er vel verdt eit besøk. Herfrå er det ein fin køyretur vidare til Sand. Ein kan velge å ta ein dagsrundttur lenger oppover Suldal, til Nesflaten (ein stad med mykje interssant historie) og vidare til Røldal der ein kan køyre E 134 tilbake til Nedstrand (event vidare austover)

5: Eidssund / Ombo Ombo er den største av øyane i Ryfylke, er svært kupert og har eit visst villmarkspreg. Høgaste toppen er Bandåsen, (513moh) med flott utsikt, til trass for at turen opp ikkje er spesielt lang. På Ombo er det fint å sykle eller plukke bær, og øya har eit rikt dyre-og fugleliv. 6: Halsnøy På øya Halsnøy finn ein tettstaden Skartveit som har ei stor båthamn, butikk og sommarkafe.

7: Foldøy Foldøy er ei flat, lita idyllisk øy midt i Nedstrandsfjorden. (Sjå bilete på framsida.) Her er få fastbuande, men mange hytter. Her finn du roen, enten du har med sykkel eller berre tar ein tur til fots. Foldøy har også eit natturreservat for sjøfugl.


8: Judaberg Judaberg er kommunesenteret i Finnøy kommune. Herfrå går det an å køyre via tunnell til Rennsøy / Stavanger. Det går også tunnell til øya Talgje. Begge øyane er flotte å oppleve både med bil og på sykkel.

9: Fogn Endestasjon for ferjesambandet. Her finn du turvegar og badeviker, museum, butikk og mange veksthus for tomater.

Ruteoversikt:

Opplev Ryfylke, øyar, fjord og fjell med ferjene MF FOLDØY og MF SJERNARØY

Sjå fullstendig rute for alle øyane på www. norled.no Hurtigbåt: Frå Nedstrand går det også hurtigbåt som kan kombinerast med ferje dersom du reiser utan bil. Rutene for denne finn du på www.kolumbus.no. Med hurtigbåten kan du også ta ein dagstur til Stavanger.

Om sambandet:

Finnøysambandet har blitt kalla “den siste melkeruta” i Norge, og er kanskje ein av dei vakaraste ferjestrekningane i landet. Sjølv om ein ikkje går i land ein einaste plass, er turen eit lite cruise i seg sjølv. Ta med niste og nyt turen i salongen, eller på dekk om veret er bra. Rogaland fylkeskommune har vedtatt å legge om sambandet frå 2021, så her er det viktig å reise før det er for seint! Ferja har ei eiga støttegruppe på Facebook Behald ferja Nedstrand-Hebnes-Foldøy-Jelsa, -lik gjerne sida og del bilete frå turen din!

Ferjebrosjyre skjerm  
Ferjebrosjyre skjerm  
Advertisement