Issuu on Google+


Innhald

1. Kva er teater. Kvifor sjå teater 2. Kort handlingsreferat frå romanen Sangen om den røde rubin 3. Oppgåver som eignar seg til førearbeid 4. Oppgåver som eignar seg til føre- og etterarbeid 5. Oppgåver som eignar seg til etterarbeid 6. Kompetansemål


Kva er teater?

Teater har eksistert i alle tider i alle samfunn over heile kloden. Det kan spelast på gata, ute i skogen, i alle slags rom og også i teaterbygningen. Det er mange forskjellige oppfatningar om kva teater er og kva det bør vere. Den greske filosofen Aristoteles (384– 322 f.Kr.) meinte at den fremste oppgåva for teateret var å formidle tragedien slik at publikum kunne lære å bli betre menneske og ikkje gjere dei same feila som den tragiske helten. I renessansekomedien skulle teateret først og fremst underhalde og få publikum til å le av dumheitene og fåfengda hos mennesket, og da særleg hos borgarskapen og makthavarane. Etter det moderne gjennombrotet kom realismen inn i teateret, som no skulle spegle verkelegheita og setje samtida under debatt. I den tidlege avantgarden på 1920–30-talet hevda mange teaterkunstnarar at teater først og fremst er visuell kunst der ljos, skuggar, form og farge er det viktigaste. Andre har brukt teater som eit pedagogisk og politisk verkemiddel for å opplyse og bevisstgjere publikum om aktuelle problemstillingar i samtida og om skeivheiter eller undertrykking i samfunnet. Teater kan ha alle desse funksjonane, og er alle kunsters kunst fordi det tek i bruk verkemiddel som ord, bilete, rørsle, dans, lyd, ljos og musikk for å gi uttrykk til kjensler, tankar og idear. Det som er spesielt for teater til skilnad frå andre kunstformer, er at det er kunst for augeblinken. Det skjer her og no i møtet mellom det som skjer på scenen, og publikum, og denne augeblinken kjem aldri att.

Kvifor sjå teater? Fordi teater ikkje er juks. Det er levande menneske av kjøtt, blod og nerver som vil formidle noko til oss anten dei lykkast eller ikkje. Fordi vi kan lære noko om historia, samfunnet og om oss sjølve. Fordi det set i gang vår eigen fantasi og skaparevna vår når vi tolkar det vi ser og høyrer der og da. Fordi teater er morosamt, levande, spennande, rørande, provoserande, irriterande, underhaldande, keisamt, farleg, djupt alvorleg og tullete. Fordi det kan få oss til å tenkje nye tankar og gi oss nye draumar.


Pedagogisk opplegg for arbeid med Sangen om den røde rubin. Oppgåvene er spesielt eigna for musikk og dramafag innanfor programområdet MDD Musikk, dans og drama.

Eit kort handlingsreferat frå romanen Sangen om den røde rubin (1956): Sangen om den røde rubin handlar om ein ung mann, Ask Burlefot, som reiser til Bergen for å studere ved Den Økonomiske. Før han kjem dit, har han jobba som lærar diverse stader i NordNoreg, og der har han blitt far til to barn som han ikkje har kontakt med lenger. Han er derfor klar for ein ny start, og, ikkje minst, den store kjærleiken. Ask trivst til ein viss grad med studia sine, men drøymer også om å leve av musikken, som fiolinist. Ask møter mange kvinner, men ingen av dei er den store kjærleiken han leitar etter. Så møter han Embla i Sosialistisk Studentlag. Embla er ei sjølvstendig kvinne som Ask beundrar, men han gjennomfører likevel sin planlagde motorsykkeltur til Frankrike. Dermed tek det noka tid før Ask og Embla møter kvarandre att, og Ask får fortalt kva han føler for henne. Romanen sluttar med at Ask og Embla giftar seg.


Oppgåver som høver før du ser framsyninga Parken står sentralt i Morten Borgersens dramatisering av Agnar Mykles roman ”Sangen om den røde rubin”. Parken er både rammehistoria og staden for alt som skjer. Hit kjem Ask Burlefot, ein søkjande ung mann. Ein mann med ei fortid. Ein einsam, ung mann på jakt etter den store kjærleiken.

1. Parken – Vising, rollespel eller komposisjon

Ta utgangspunkt i det vedlagte stillbiletet og lag ei vising, eit rollespel, eller improviser fram ein komposisjon som fangar stemninga du opplever ved det visuelle inntrykket du får. ¾ Oppgåva blir løyst i mindre grupper og avslutta med ei fellesframføring for klassen. Ein bør setje av 1–2 skoletimar til denne oppgåva.


2. Parken – Filmsnutt Ein hustrig, kald park. Ein benk, 2 personar på vandring Ta utgangspunkt i stillbiletet frå oppgåve 1 og definer grunnstemninga i biletet slik du opplever den. Gå inn i biletet. Du er i parken. Kven er du, og kvar er du på veg? Kjenner du personen som er framfor deg? Kva for lydar er det omkring deg nett i denne augeblinken? Utarbeid ein kort scene, med eller utan dialog, og filmatiser den. Rediger og legg på høvelege lydspor. Bruk autentiske lydar eller musikk som strekar under stemningsleiet og den emosjonelle karakteren i scenen. ¾ Oppgåva blir løyst i grupper på 4–6 elevar og avslutta med ei fellesvising for klassen. Ein bør setje av 1–2 skoletimar til denne oppgåva.

3. Parken – Vising Scene med 2 personar. Han og Ho. Ei sommarnatt på veg heim frå avslutningsballet hans. Han er ung, men likevel ein mann med ei fortid. Ho er målet for all hans lidenskaplege lengt. ASK (etter ein pause)

Skal vi sette oss? EMBLA

Mmmm ASK

Vent. Du kunne få flekker på kjolen din. (han tørkar av benken med lommetørkleet, dogga er så fuktig at han må vri det, han tørkar benken med stor ømheit, som han velsignar den) EMBLA

Takk. Det var snilt av deg. (Dei set seg, han legg det eine beinet over det andre, vippar med foten, skoen blir for framtredande og han har ikkje lakksko, han lener seg attover, strekkjer armene ut på toppen av benken, handa blir liggjande bak nakken hennar, Ask dreg handa til seg) ASK

Vil du ha en sigarett? EMBLA

Ja takk….. ASK

Er du trett?

EMBLA Det har vært en lang dag. Og natt. Klokken er to.


ASK

Hm….jeg er ikke noe søvnig. Vi kan jo sove lenge i morgen? EMBLA

Så mange vakre trær, vet ikke hva dette heter. Skal vi gå og se om svanene er våkne? Svaner er noe av det vakreste jeg vet. Det går forresten rykter på byen om at de allerede har fått egg med hverandre. Svanene er nok ikke å se. ASK

Fryser du? EMBLA

Å nei da

(”Så svelger han. Han ville så gjerne tatt sin kappe av og lagt om hennes skuldre, det er intet han heller vil enn å hylle henne inn. Men så fryser hun altså ikke. Nei. Nei” ). Sitat frå Agnar Mykle, Sangen om den røde rubin, Gyldendals Lanterne-bøker s. 11.) Bruk denne innleiande scenen som utgangspunkt for å utarbeide ei vising. Utform eventuelt scenen litt vidare. Korleis vil du at den skal ende? Dramatiser, og lag eventuelt lydkulisser til. ¾ Oppgåva blir løyst i mindre grupper og avslutta med ei fellesvising for klassen. Ein bør setje av 1–2 skoletimar til denne oppgåva.

Oppgåver som høver både før og etter at du har sett framsyninga 4. Kunstnardraumen – Dramatisering/monologarbeid/diskusjon Med sin lengt etter det fullkomne, den idealiserte kjærleiken og med si søkjande kunstnarsjel står Ask Burlefot fram som den typiske romantikar: Ungdommeleg søkjande, dregen mellom ulike forventningar, streving etter tryggleik og fotfeste, lengt etter den store kjærleiken, lengt etter å skape. 1 MANN (Doffen)

Har du noensinne sett deg i speilet? Du vil før eller siden komme til å skape noe. Du vil sannsynligvis kommer til å brekke nakken, men du vil ikke gi deg før du ligger der. Du har djevelen i kroppen. Du kommer aldri til å være fornøyd med å gripe midt på stammen, du kommer til å klatre høyt. Du er en barbar (Ask vil ikkje høyre). Du omgås med planer om å skape. Aldri tilfreds med det jevne, aldri tilfreds med det flate…. Ja vel. Gå hen og skap noe. Du vil bli avsindig ulykkelig. Fordi ingen har noensinne fått det som de ville. Men gå i gang. Hopp. Stup. (Ask vil gå). Men det er håp for deg, Ask. Jeg vil det skal være det….. Jeg er også av dem som vil utrette noe. Skape noe originalt. (tek notane frå lomma til Ask). Det du skaper, er bedre enn noe av det jeg noensinne har gjort. Men hva er hensikten?


Hva vil jeg ha igjen for det? Det finnes i verden høyst fem dramaer, fem malerier, fem musikalske verk som fortjener betegnelsen fullkommen. Alt det andre…Og når jeg aldri kan lage det fullkomne…? Når vi ikke kan lage det beste, hvorfor da lage noe i det hele tatt. ASK

Nei! Nei! Nei! Det nytter…. (fortvila, redd, går til angrep på mannen). Du må ikke si sånt! Det nytter. Hører du! Det nytter! Det skal nytte! Ta utgangspunkt i denne scenen, og utform ein monolog der Ask sin indre konflikt kjem til uttrykk. Vil han i svaret sitt til Doffen også kunne skimte sin eigen veg vidare? Dramatiser heile scenen og vis den for klassen, og/eller bruk dei utarbeidde monologane som utgangspunkt for diskusjon om kunstnaren og kva rolle kunsten har i samfunnet. Møter dagens ungdom dei same utfordringane som Ask? ¾ Tidsbruken for denne oppgåva kjem an på kva for ein av dei nemnde oppgåvetypane ein ønskjer å arbeide med.

5. Sitat frå Sangen om den røde rubin – Diskusjon I dramatiseringa av Sangen om den røde rubin seier Ask til Embla: ”Hvorfor skal vi absolutt vere nødt til å elske hver gang vi elsker?” Ho svarar: ”Det var jo en genial replikk? En hel moralsk revolusjon ligger gjemt i den. Den er mer verdt enn noen doktoravhandling.” Kva legg du i den utsegna? Diskuter i klassen, eventuelt i mindre grupper. ¾ Ein bør setje av ca. 15 minutt til denne oppgåva.

6. Sitat frå Sangen om den røde rubin – Diskusjon Både forfattaren Agnar Mykle og romanskikkelsen Ask Burlefot blir omtala som romantikarar, noko som blir synleggjort mellom anna gjennom dette sitatet: ”Kjærligheten er noe som andre ikkje vet om. Kjærligheten er en ensom ting.” Korleis tolkar du denne utsegna? Diskuter i klassen, eventuelt i mindre grupper. ¾ Ein bør setje av ca. 15 minutt til denne oppgåva.

7. Sangen om den røde rubin – Komposisjon Regissør Morten Borgersen har i si dramatisering av stykket lagt handlinga til ein park. Parken er fylt av draumar, sansar, lukter, lydar og begjær. Og ein raud rubin. Den er vakker og lysande. Den inneheld både vennskapen, kjærleiken og erotikken foreint i ein symbiose. Det ypparste i møtet mellom to menneske. Men den er svikefull og kanskje ikkje heilt oppnåeleg?


Korleis vil du gjennom musikk uttrykkje Ask sin lengt etter den raude rubinen? Skriv eit lite rubintema og arranger det for ei høveleg besetning. Spel inn komposisjonen og/eller framfør den for klassen. ¾ Tidsbruk for denne oppgåva kjem an på kor grundig ein ønskjer å gå inn i stoffet, og kva for rammer den enkelte læraren ønskjer å leggje for si elevgruppe. Minimumstid vil vere 1–2 skoletimar.

Oppgåver som høver etter at du har sett framsyninga 8. Kvinnene – Improvisasjon/rollespel Scene: Frysbilde. Ask sitjande på benk plassert i senter av scenen. Gunnhild, Embla, Molly, Wilhelmine plassert på kvar sitt punkt rundt han. Dei har alle fire vore intime med Ask, og dei representerer ulike kvinnetypar. Basert på inntrykk du har danna deg ved romanen og/eller teaterstykket du har sett, kva for tankar og kjensler trur du Gunnhild, Embla, Molly og Wilhelmine har rundt forholdet sitt til Ask? Ei etter ei lèt kvinnene oss (publikum) få eit kort innblikk i tankane sine. ¾ Oppgåva blir løyst i grupper på 5 og avslutta med ei fellesvising for klassen. Ein bør setje av ca. 1 skoletime til denne oppgåva.

9. Kjærleikens mysterium – Fordjupingsoppgåve komposisjon (Vg3) Dei romantiske ideala frå 1800-talet blir vidareførde utover på 1900-talet, mellom dei den såkalla realismen. Det er eit av hovudstraumdraga innanfor litteratur og målarkunst som i løpet av 1880-åra kjem opp som ein reaksjon på det drøymande og urealistiske preget som den romantiske kunsten hadde. I musikken blir tilsvarande straumdrag kalla verisme (”vero”= sann). Mellom komponistar som spinn vidare på ideala frå verismen, finn vi namn som Hanns Eisler (kjend mellom anna frå samarbeid med Bertolt Brecht) og seinere den amerikanske komponisten Leonard Bernstein). Scene med 2 personar. Ask og Embla, som har vore gift i 3 år. Ask står ved vindauget i eit lite takhusvære. Embla kjem inn og set seg ved arbeidsbordet sitt. Ho teiknar. Ho er vakker når ho arbeider. ASK (kremtar, så litt lågt)

Den parken. Jeg kan se den herfra. EMBLA

Hm? ASK

Den parken. Jeg kan se den herfra. EMBLA


Hvilken park? ASK

Den parken med svanene. EMBLA

Hvor vi gikk og spaserte den våren. Da du kom tilbake? ASK

Ja. Vi gikk der da også, om formiddagen. Men vi gikk der en gang før krigen også. En natt. En sommernatt, etter et avslutningsball på Den Økonomiske. Vi gikk en hel natt og pratet. Husker du? EMBLA (etter ein pause)

Gikk jeg en tur om natten med deg da? ASK

Mmm. EMBLA

Nei. Det kan jeg ikke huske. ASK (etter ein pause)

Nei. Det var nå heller ikke noe særlig betydningsfullt det vi snakket om. Du har fått i oppdrag å tonesetje sluttscenen i samtidsoperaen ”Kjærleiken er noko som andre ikkje veit om”. Oppdragsgivaren ønskjer at du tek stilmessig utgangspunkt i anten Leonard Bernsteins realistiske einaktarar frå 1950-åra eller i den europeiske musikkteatertradisjonen frå1940-talet. Du avgjer sjølv kva for besetning du ønskjer å bruke, men hovudrollene Ask og Embla skal syngjast av baryton og sopran. Stykket skal øvast inn og framførast i klassen. Det kan eventuelt lagast film og/eller lydopptak av produksjonen. ¾ Tidsbruk for denne oppgåva kjem an på kor grundig ein ønskjer å gå inn i stoffet, og kva for rammer den enkelte læraren ønskjer å leggje for si elevgruppe.

10. Teatermelding – Skriveoppgåve Teaterstykket ”Sangen om den røde rubin” er basert på Agnar Mykles namngjetne roman med same tittelen. I tillegg har dramaturg og regissør Morten Borgersen henta bidrag frå ”Rubicon” og ”Lasso rundt fru Luna” av den same forfattaren. Ei teatermelding skal ikkje vere for lang, og den skal gi uttrykk for di meining om stykket basert på kva du har sett, forstått og tolka. Begynn med ein presentasjon av stykket/oppsetjinga der du tek med namnet på stykket og dramatikar og regissør, scenograf, koreograf, etc. Dette er informasjon du finn i programmet. Sei så kort litt om sjanger og handling. Gi deretter ei beskriving av oppsetjinga med tanke på regi, scenografi,


bruk av dramatiske verkemiddel (musikk, lys, kostyme, rekvisittar etc.). Rund av med å seie noko om dramaturgiske grep, spelestil, samspel og rolleprestasjonar (mest for dramaelevar Vg3). Heilt til slutt bør du gi ei anbefaling, og du kan godt trille terning. Skriv ei teatermelding av Riksteateret si framsyning ”Sangen om den røde rubin”. Send gjerne meldinga på e-post til (skole@riksteatret.no), så den kan bli publisert på Riksteatret si nettside. ¾ Ein bør setje av 1 skoletime til denne oppgåva (+ eventuelt heimearbeid).

11. Sceniske og musikalske verkemiddel – Diskusjon eller skriveoppgåve Korleis er framsyninga bygd opp med omsyn til bruk av dramatiske verkemiddel? Drøft form, forteljarstil og regigrep. Korleis synest du at dei regimessige grepa fungerer? Gi grunngitte påstandar av positiv og negativ karakter. Kva var bra/ikkje så bra? Kvifor / på kva måte fungerte det / fungerte det ikkje? ¾ Ein bør setje av ca. 1 skoletime til denne oppgåva (+ eventuelt heimearbeid dersom oppgåva blir gjort skriftleg)

12. Musikken – Diskusjon eller skriveoppgåve I VG måndag 14. desember 2009 seier komponisten Kjetil Bjerkestrand dette: ”Musikk i teateret handler om en vesentlig ting: å poengtere en stemning. Kanskje kan det best defineres som en hørbar kulisse.” Saman med Anne Grete Preus har han komponert musikken til teaterversjonen av ”Sangen om den røde rubin”. I det same intervjuet seier Bjerkestrand seinare: ”Vi har ulike styrker som låtskrivere og komponister. Anne Grete er mer låtskriver enn meg og bruker små motiver. Min styrke er å bearbeide og manipulere musikk.” Korleis vil du beskrive musikken og rolla den har i denne oppsetjinga? Kva trur du komponistane har vektlagt i si tilnærming til stoffet? Kva funksjon har musikken i den dramatiske heilskapen i denne produksjonen? Korleis vil du beskrive lydbiletet i din favorittscene? Trekk fram ein scene der du synest det musikalske lydbiletet fungerte svært godt. Grunngi valet ditt. ¾ Tidsbruk for denne oppgåva kjem an på kor grundig ein ønskjer å gå inn i stoffet, og kva for rammer den enkelte læraren ønskjer å leggje for si elevgruppe. 13. Open slutt? – Diskusjon Både Agnar Mykle og Morten Borgersen lèt oss på ulikt vis sitje att med ei oppleving av ein open slutt. Korleis tolkar du slutten på dramaet? Kva skjer? Rekkjer Ask handa ut, og finn han i så fall det han leitar etter? ¾ Ein bør setje av ca. 15 minutt til denne oppgåva.


KOMPETANSEMÅL Oppgavesettet dekkjer til saman mellom anna desse kompetansemåla frå læreplanane for dramaog musikkfag innanfor programområdet Musikk, dans, drama: Programområdet MDD – musikk, dans, drama Vg1 • •

Vg1 • • • •

Vg1 • • •

Kompetansemål frå læreplanen i musikk, dans og drama bruke rørsle, kropp og stemme i høve til det sceniske rommet utvikle improvisasjon til scenisk form med utgangspunkt i ulike typar material, tema og tekster Kompetansemål frå læreplanen i musikk bruke instrumentet som eit individuelt musikalsk uttrykksmiddel framføre musikk i samspel med andre bidra aktivt til den musikalske fellesskapen bidra til den praktiske gjennomføringa av samspelaktivitetar Kompetansemål frå læreplanen i lytting beskrive og reflektere over eiga oppleving av musikk beskrive og reflektere over ulike musikalske uttrykk kjenne att og beskrive dei grunnleggjande elementa i musikken med utgangspunkt i klingande musikk og enkle notebilete

Programområdet drama Vg2 og Vg3 • • • • • • • • • • • •

arbeide ut monologar og dialogar og presentere dei i eige skodespelararbeid og samspel vise evne til rolleidentifikasjon og rollekarakterisering bruke sjangrar og meistre spelestilar frå ulike epokar bruke musikk, dans og andre sceniske verkemiddel i sjangerbestemt framsyningsarbeid analysere ein skodespeltekst og finne sjangerspesifikke drag ved ein tekst drøfte tilnærmingsmåtar til ulike sjangrar meistre grunnleggjande skodespelarteknikk og skape eit sjølvstendig uttrykk bruke grunnleggjande kunnskapar om regi i eige og felles produksjonsarbeid drøfte tilhøvet mellom produksjonskonsept og skodespelaren sitt arbeid gjere greie for bruk av ekspressivitet i skodespelaren sitt uttrykk utvikle monologar og dialogar og formidle dei som kunstnarlege uttrykk drøfte spelestil, verkemiddel og tilnærmingsmåtar

Vg2 og Vg3 •

Kompetansemål frå læreplanen i teaterproduksjon 1 og 2

Kompetansemål frå læreplanen i teater i perspektiv 1

analysere og tolke framsyningar og skrive teatermeldingar


Vg2 og Vg3 • • •

Kompetansemål frå læreplanen i teater og rørsle 1 og 2

bruke musikk og natur som inspirasjonskjelde bruke komposisjon og koreografi i kunstnarleg arbeid lage og framføre uttrykk med rørsle og handling i abstrakt, konkret og forteljande form

Vg2 og Vg3 Kompetansemål frå læreplanen i teaterproduksjon fordjuping 1 og 2 • • •

drøfte tilhøvet mellom innhald, dramaturgi, spelestil og scenografiske og tekniske verkemiddel bruke kunnskapar om dramaturgi, regi og spelestilar i ulike teaterformer drøfte kva ulike regival kan ha å seie for ein teaterproduksjon

Programområdet musikk Vg2 • • • •

Kompetansemål frå læreplanen i instrument, kor, samspel 2 formidle eit musikalsk innhald med eit personleg uttrykk gjere sjølvstendige musikalske val forme eit musikalsk uttrykk som leiar og deltakar i kor og ensemble leie framføringar med mindre kor/ensemble med publikum til stades

Vg2 og Vg3

Kompetansemål frå læreplanen i musikk i perspektiv 1 og 2

• •

beskrive og reflektere over eiga oppleving av musikk frå ulike sjangrar og epokar kjenne att sentrale instrument og besetningstypar i forskjellige musikalske sjangrar og epokar • drøfte karakteristiske drag og stilistiske verkemiddel i musikk • kjenne att og beskrive sentrale sjangrar, former og besetningar i musikk frå 1900 og fram til i dag • meistre eit relevant musikkfagleg omgrepsapparat • samanlikne og drøfte stildrag ved musikk frå ulike sjangrar eller stilarter Vg2 og Vg3 • • • • • • • • • • •

Kompetansemål frå læreplanen i musikk fordjuping 1 og 2

lage enkle komposisjonar arrangere musikk for mindre besetningar bruke digitale verktøy i harmonisering, arrangering og komponering delta i formidling av utøvande og skapande arbeid bruke digitale verktøy i formidling av utøvande og skapande arbeid arrangere musikk for ulike besetningar lage komposisjonar i ulik stil og med ulik karakter meistre korrekt notasjon og lage eit ferdigtransponert partitur bruke eit digitalt notasjonsprogram presentere og vurdere eige utøvande og skapande arbeid dokumentere eige utøvande og skapande arbeid ved bruk av digitale verktøy


skolemateriellMDDnynorsk