SognogFjordaneTurlag_Turmagasinet2019

Page 25

LUSTER TURLAG

Bildeillustrasjonen gir eit inntrykk av korleis den nye turisthytta på Tungestølen blir sjåande ut.

Nye Tungestølen Turisthytte Gjenoppbygginga av Nye Tungestølen Turisthytte er eit kjempeløft for eit forholdsvis lite turlag. No er bygginga endeleg i gang, og fredag 6. september kl. 13.00 vil HM Dronning Sonja opne turisthytta. OLE SCHANKE EIKUM, LEIAR I LUSTER TURLAG

Det var dramatisk då romjulsorkanen Dagmar i 2011 knuste hyttetunet til pinneved, men heldigvis vart det berre materielle skadar. Anne Mari Aaamelfot Hjelle utlyste ein arkitektkonkurranse, som Snøhetta vann i 2015. Dessverre gjekk Anne Mari så alt for tidleg bort i mars i år etter eit kort sju­ keleie, og vi skuldar ho stor takk for hennar initiativ til – og iherdige innsats for – oppattbygginga av turisthytta. Tungestølen er ein innfallsport til Jostedalsbreen, og eit knutepunkt for turar og brekryssingar over til nabodalføra. Hovudmålsetjinga er at Nye Tungestølen Turisthytte igjen vert ein levande møteplass for naturopplevingar og aktivitetar. Og mogelegheitene på Tungestølen er mange, som fotturar, bre­ vandring, klatring i is og fjell, terrengsykling, elve- og kajakkpadling, enkle rundturar i kulturlandskapet eller berre å slappe av i eit stølsmiljø med beitande dyr. Allereie på teiknebrettet har den nye turisthytta fått stor nasjonal og internasjonal merksemd. DNT har lange tradisjonar med å byggje god arkitektur med materialar og teknikk i tida, og den tradisjonen vert vidareført takka vere arkitektkonkurransen i 2015. Nye Tungestølen Turisthytte vert utforma som eit setermiljø i moderne drakt med eit tun på til saman ni hytter. Det er lagt vekt på at turisthytta skal ha eit godt kjøken som tilbyr god, lokalbasert mat. Første byggje­steg består av Felleshuset, Soveselet, Servicehuset og ei av småhyttene. Felleshuset har kjøken og matsal for 50 personar, mens Servicehuset vil ha funksjonar som dusj, toalett og tørkerom. Med Soveselet og ei av Småhyttene vil turisthytta kunne tilby 27 sengeplassar. Luster Turlag inviterer til opning fredag 6. september kl. 13.00, og HM Dronning Sonja vil delta. Dette er eit ope arrangement der alle er velkomne til å delta. Meir informasjon om arangementet vil etter kvart komme på Luster Turlag sine internettsider og Facebook.

Kring 200 møtte fram under grunnsteinsnedlegginga på Tungestølen i august 2018.

Teikninga viser korleis delar av Felleshuset kan bli sjåande ut innvendig.

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2019

25


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.