32 fine turar

32 fine turar
Denne boka om dagsturhyttene i Hordaland inneheld korte presentasjonar av 32 hytter og nærområde rundt hyttene. Boka er også vegvisar til distriktet hytta ligg i, og til sjølve hytta. For alle hytter er det opplyst kor høgt hytta ligg over havet, avstanden til hytta, og kor lang tid det tek å gå til kvar hytte, ein veg.
Dagsturhyttene er, som namnet fortel, ein stad å vitje på ein kort eller litt lengre dagstur, ikkje ein stad å overnatte.
Alle hyttene har lik utsjånad, men turane er svært ulike sidan avstand, terreng og plassering varierer stort. Alle hyttene har vedomn og solcellepanel, mange har toalett, og alle har eit turbibliotek med nynorske bøker.
Mange kommunar lagar arrangement i og rundt hyttene. På den måten spreier dei kunnskap om landskap og lokal kultur. Riksantikvaren har gitt støtte til fylkeskommunane i Rogaland og Vestland til informasjonsskilt om det kulturhistoriske landskapet rundt dagsturhyttene.
Både biblioteka, Den kulturelle skulesekken og Teater Vestland nyttar dagsturhyttene til arrangement. Kvar einskild kommune har valt tomt til sine dagsturhytter. Nokre hytter har korte tilrettelagte gangvegar, andre byr på ein halv times tur gjennom skog og mark, eit fåtal er fjellturar med litt krevjande terreng.
I fleire kommunar fører ulike stiar fram til hyttene. Som oftast er det kortaste veg som er omtalt i denne boka.
Når vi har gått til hyttene, er tidsbruken oppført som roleg normalt gangtempo. Det kan vere små avvik frå det som er oppgjeve på nettstader som dagsturhytta.no, ut.no og kommunane sine sider der hyttene er presentert. Dugnad og kommunal innsats endrar over tid tilkomstar, uteområda og tilboda rundt dei einskilde hyttene. På dei nemnde nettsidene finn du fleire detaljar om vegval, parkering og avstandar.
I tillegg til eigne observasjonar på turar til hyttene er opplysningar i boka henta frå mellom anna frå Store norske leksikon, Wikipedia, Grind.no, UT.no, dagsturhytta.no, kommunane sine nettsider, andre lokale nettsider, boka Opptur Hordaland, boka om dagsturhyttene i Sogn og Fjordane (digital versjon på vlfk.no), Vestland fylkeskommune og frå mange munnlege kjelder i hytteområda.
Dagsturhyttene syner kor vakkert det er i Vestland.
Mange av turane er fantastisk flotte.
Velkommen til dagsturhyttene!
BERGEN, SEPTEMBER 2024
Jan M. Lillebø, fotograf
Kjell Øvre Helland, tekstforfattar
ALVER Eldsbu ................................. 10–11
ALVER Sjøbua 12–13
ALVER Vardebu ............................. 14–15
AUSTEVOLL Adlesi ......................... 16–17
AUSTRHEIM Vardetangen 18–19
BERGEN Ådnabu ............................ 20–21
BJØRNAFJORDEN Borgabuo ......... 22–23
BJØRNAFJORDEN Vetlevardhytto 24–25
BØMLO Kurebu ............................... 26–27
EIDFJORD Aokanbu ...................... 28–29
ETNE Leiteshaugen 30–31
FEDJE Aurihophytta ...................... 32–33
FITJAR Tveitaslottet 34–35
KVAM Kvilekroken ........................ 36–37
KVINNHERAD Fagnabu ................. 38–39
MASFJORDEN Fjordblikk 40–41
MODALEN Olav Nygard bu ............ 42–43
OSTERØY Brakabu ......................... 44–45
SAMNANGER Prestakvilet 46–47
STORD Utsletteslottet ..................... 48–49
SVEIO Golfståvo .............................. 50–51
SVEIO Nipaståvo 52–53
TYSNES Miklastofa ......................... 54–55
ULLENSVANG Hovdakruno .......... 56–57
ULLENSVANG Ragdebu 58–59
ULLENSVANG Teglbu .................... 60–61
ULVIK Solhaug ................................ 62–63
VAKSDAL Fjordsyn 64–65
VOSS Klepp ..................................... 66–67
ØYGARDEN Larslibu ....................... 68–69
ØYGARDEN Rambua 70–71
ØYGARDEN Vetenbua .................... 72–73
FEDJE AUSTRHEIM
VARDETANGEN
AURIHOPHYTTA SJØBUA
ØYGARDEN
VARDEBU
MASFJORDEN
VETLEVARDHYTTO
VETENBUA BORGABUO
BJØRNAFJORDEN
AUSTEVOLL
MIKLASTOFA
Eldsbu 10–11
Sjøbua 12–13
Vardebu 14–15
Adlesi 16–17
Vardetangen 18–19
Ådnabu 20–21
Borgabuo 22–23
Vetlevardhytto 24–25
Kurebu 26–27
Aokanbu 28–29
Leiteshaugen 30–31
Aurihophytta 32–33
Tveitaslottet 34–35
Kvilekroken 36–37
Fagnabu 38–39
Fjordblikk 40–41
Olav Nygard bu 42–43
Brakabu 44–45
Prestakvilet 46–47
Utsletteslottet 48–49
Golfståvo 50–51
Nipaståvo 52–53
Miklastofa 54–55
Hovdakruno 56–57
Ragdebu 58–59
Teglbu 60–61
Solhaug 62–63
Fjordsyn 64–65
Klepp 66–67
Larslibu 68–69
Rambua 70–71
Vetenbua 72–73
ELDSFJELLET KNEISAR HØGT nord på Holsnøy. Du ser den særmerkte fjellkammen frå vide område. På toppen er det eventyrleg utsikt i alle himmelretningar.
Her ligg dagsturhytta Eldsbu, den av dei tre hyttene i Alver kommune som ligg høgast til fjells. Etter å ha passert Krossnessundbrua, kjem du til Frekhaug. Her har det vakse fram senterfunksjonar med butikkar og bustader. Du køyrer vidare til Rossland og tek av i retning Skjellanger. Her finn du ein stor og ny parkeringsplass. Det er viktig å få med seg at stien ikkje går opp frå sjølve parkeringsplassen, men tek ut frå den smale fylkesveg 564 vel 100 meter nord for parkeringsplassen.
Oppstigninga er bratt, særleg i starten. Den er likevel kort, og snøgt er du over tregrensa og får utsikt. Langt mot sør ser du Bergen sentrum. Landskapet er ope og snart er du oppe ved Varden på toppen av fjellet. Hytta ligg 100 meter lengre mot nord. Her 315 meter over havet ser du nordlege Øygarden og Radøy med øya Toska. Deretter er det blåne etter blåne mot nord og aust. Nærast på Holsnøy ser du ned på Storavatnet.
Fjellgrunnen er spesiell. Den harde bergarten heiter eklogitt og gjer at Eldsfjellet står mot nedbryting og dermed ragar opp over landskapet. Etter å ha passert toppen og dagsturhytta kan du vandra til den litt lågare toppen Veten, og vidare på småtoppar og fjellsletter på Holsnøy.
Høgde: 315 moh
Lengde: 1.3 km ein veg
Tid: 45 min
Andre opplevingar:
l Meland golfbane
l Io friluftsområde
l Padle i Storavatnet
Høgde: 5 moh
Lengde: 800 meter ein veg
Tid: 10-15 minutt
DU KAN KOME FRÅ Austrheim, eller frå sjøsida, men helst kjem du kanskje over Radøy. Smale bygdevegar slyngjer seg utetter. Inne på øya er det åsar og små vatn. Radøy har kupert terreng. Etter at du har passert Manger, opnar landet seg. Himmelen blir høgare og horisonten vidare. Då nærmar du deg startpunktet for turen til dagsturhytta på Byngja, ei av tre hytter i Alver kommune.
Eit skilt fortel at dette er eit friluftsområde. Du skal ikkje så langt ut som Bøvågen, men tek av mot Marøy.
Frå parkeringsplassen i Fløholmen kan du starte turen. Først 400-500 meter på graskledd kjerreveg. Du går rundt det vesle vatnet Pollen. Då kjem du til badeplassen. Her startar og den 250 meter lange trebrua som fører deg fram til hytta. Heile turen tek 10-15 minutt.
Byngja er ei halvøy, og dagsturhytta ligg på svaberg. Etter å ha passert hytta, kan du gå vidare på sti til sørenden av halvøya.
På eine sida ser du Byngjevågen, i nord og i sør. Mot vest ser du Hjeltefjorden og mot øya Toska. Nordlege del av Øygarden er også godt synleg, og lenger sør ragar Eldsfjellet med sin karakteristiske rygg.
Sjøbua ber namnet med rette der den ligg tett ved sjøkanten Det er lett å koma seg dit. Når du er komen ut, ser du holmar, knausar og lyng. Du har fin havutsikt i mange retningar.
Andre opplevingar:
l Bogatunet ved Manger
l Vestnorsk utvandringssenter
l Steinalderstien Rapeneset
I SENTRUM AV TETTSTADEN Lindås i Alver kommune kan du vandra i den vakre kyrkjeparken. Her utanfor kyrkja frå 1865 finn du skulpturar og andre minne som heidrar kvinner og menn frå Lindås.
Like ved kyrkja er det i seinare tid reist idrettshall med bibliotek, og i Lindås Nærsenter er det tenesteyting og butikkar.
Til startpunktet for turen til dagsturhytta kjem du ved å ta av fylkesveg 57, og følgje skiltinga til Lindås sentrum og vidare til Kolås.
Kolås bustadfelt ligg høgt og fritt med stor utsikt. Frå parkeringsplassen øvst i feltet og fram til hytta er det vel femten minuttar å gå. Det er opparbeidd fin grusveg heilt fram. Det stig litt bratt einskilde stader, men ikkje over lange strekk. 200 meter frå hytta deler turvegen seg, til venstre er dagsturhytta, til høgre Kolåsfjellet. Her kan ein gå rundtur via Vardebu.
«Med eit strålande utsyn til sjø og til land. Inn til fjell og til ytterste strand», heiter det i Songen til Lindås, skriven av Anders Spjeldnes.
Slik er det på Vardefjellet. Hytta har vid utsikt over store område i Nordhordland. Mot sør ser du grøne bøar, lyngheier, låge åsar og langt nede i horisonten skimtar du Eldsfjellet på Holsnøy. I vest er det utsyn mot Mongstad, og vidare over øyane ut mot havet.
Vardebu og nabohytta på Vardetangen i Austrheim ligg ikkje langt frå kvarandre. Vardebu gjev utsyn over naturlandskapet i Nordhordland. Frå Vardetangen ser du landet reise seg frå sjøen.
Høgde: 210 moh
Lengde: 1.2 km ein veg
Tid: 20 min
Andre opplevingar:
l Kolåsfjellet
l Lyngheisenteret på Lygra
l Kongshaugen på Seim
Høgde: 230 moh
Lengde: 2.3 km ein veg
Tid: 60 min
SIT DU PÅ TRESTUBBEN utanfor dagsturhytta i Austevoll, har du utsikt til mange øyar og til sjølve storhavet. Stubben er godt plassert, på dagar med fint ver er horisonten vid og utsynet fantastisk.
Austevoll har 667 øyar, 9 av desse hadde i 2022 fast busetnad. Ferjer og snøggbåtar knyter kommunen til omverda og bruer bind øyane saman.
Her er bakkelandskap, lyngheier og langt meir skog enn ein skulle tru. Austevoll er største fiskerikommunen i landet, her bur mange unge og aktive menneske. Bekkjarvik og Storebø er dei to største tettstadane, og Storebø på Huftarøy er kommunesenteret.
Ikkje langt frå Storebø ligg parkeringsplassen der du kan starte turen til fjellet Loddo. På Loddo ligg dagsturhytta i Austevoll. Du finn her eit omfattande nettverk av turar og løyper, og du kan kome til hytta frå ulike retningar.
Grusvegen opp frå den store parkeringsplassen ligg fint og naturleg i terrenget, og det er flust med benker å setja seg ned på undervegs. Etter ei stund går grusvegen over i traktorveg, og deretter i stiar. I terrenget går det villsau ute heile året.
Siste bakkane opp til hytta er bratte, men korte. I den eine løypa er det fleire tretrapper til hjelp. Også andre stader er det lagt ut trebruer som gjer det lett å gå.
Loddo på 244 meters høgde over havet er den naturlege toppen i det mest brukte turområdet i kommunen.
Og hyttenamnet, Adlesi, tyder rett og slett at hytta tilhøyrer alle, og kan nyttast av alle.
Andre opplevingar:
l Marstein fyr
l Bekkjarvik gjestehamn
l Steinevik naturreservat
DEN FINE GRUSVEGEN på 860 meter ned til hytta på Vardetangen gjer den til ei av dei mest tilgjengelege dagsturhyttene i Hordaland. Turen er lett, og tek 10-15 minuttar. Vardetangen snøggbåtkai ligg like sør for varden og hytta.
Til dagsturhytta i Austrheim kjem du ved å ta av frå fylkesveg 565 mellom Fonnes og brua over Fonnesstraumen.
Nede ved Vardetangen er det vakkert opparbeidd rundt hytta, med god tilkomst til hytte og toalett. Det står ein steinvarde her på det vestlegaste fastlandspunktet i Noreg.
Frå Vardetangen ser du den store og opne Fensfjorden framfor deg mot nord og vest. Nord for fjorden ligg Gulen, og litt lengre inn mot aust blir fjella i Masfjorden synlege. Nokre av dei 489 øyane og holmane i Austrheim kommune ser du mot nord-vest. Og du skimtar anlegga på Mongstad.
Vetar og vardar var gamle varslingsteikn. Vetar vart fyrte opp for å varsle om ufred. Vardar skulle vise veg. Dei vart plassert på utsiktspunkt for å vere lett synlege, slik som på Vardetangen.
Om lag 1,2 km unna finn du friluftsområdet Årvikane. Her er badeplass og sandstrand med toalett, gapahuk, grillplass og leikeapparat. Det går god tursti hit frå Vardetangen. Du kan også køyre til Tresvik og parkere der, så gå på køyreveg fram til badeplassen, om lag 400 m.
I nærleiken ligg Kaland, tettstad i Austrheim med senterfunksjonar og butikkar.
Høgd: 9 moh
Lengde: 0,9 km ein veg
Tid: 15 minutt
Andre opplevingar:
l Litlåsfjellet
l Årvika badeplass
l «Den indre farleia», kulturlandskap
BYFJELLA RUNDT BERGEN er ein fantastisk attraksjon. Mange meiner dei er det beste av alt det gode Bergen kan by på. Her er fjell, lier, dalar, sletter, vatn, vegar, stiar og hytter. Du finn både naturpark og villmark, fantastisk utsikt til byen, og idyllar med urørt natur.
Fjellområda i Bergen er meir enn dei sju bynære fjell. Heilt frå Trengereid i nord, via massivet rundt Gullfjellet, til grensa med Bjørnafjorden kommune i sør finn du flott turterreng.
Dagsturhytta i Bergen ligg i Arna. Arna, den austlege bydelen i Bergen, er både bygd og bydel, og eit knutepunkt for folk i omliggjande kommunar som Osterøy, Vaksdal og Samnanger.
Dagsturhytta i Bergen har fått namnet Ådnabu, «Ådna» er den lokale og gamle uttalen av Arna.
Hytta er plassert på eit lite platå under fjellet Skåldalsnipa på 350 meters høgd.
Parkering utanfor arbeidstid kan gjerast på Ådnamarka skule. Ruta frå skulen til starten på stien går på veg, og er merka med skilt. Sjølve stien byrjar på Arnatveit, frå Opptveitvegen. Først på skogsveg og over nokre bruer. Etterkvart blir det ganske bratt, det er nokså konstant motbakke heilt opp til hytta.
Det tar ein god halvtime opp frå vegen. Turen går gjennom granskog, vidare langs ein liten rygg med fleire gode utsiktspunkt undervegs.
Vel oppe er det strålande utsikt til Åsane, Osterøy og sørover mot Fana.
Dersom du ser godt etter, kan du og skimte dagsturhytta på Erstadfjellet på Osterøy.
Høgd: 350 moh
Lengde: 1,9 km ein veg
Tid: 45 minutt
Andre opplevingar:
l Tur til Arnanipa
l Redningshytten på Gullfjellet
l Espeland fangeleir
Høgde: 346 moh
Lengde: 1.5 km ein veg
Tid: 40 minutt
IKKJE LANGT FRÅ OSØYRO, i retning Hatvik, går vegen til Hegglandsdalen og vidare til Samnanger. Nokre hundre meter inn på denne vegen ser du den nye Borgafjell skule på venstre sida av vegen. Like ved skulen er det parkeringsplassar. Og her startar turen til den eine av dei to dagsturhyttene i Bjørnafjorden kommune, den som ligg på Borgafjell.
Borgafjell er eit populært turmål på Os, 353 meter over havet. Stien opp er tydeleg og velbrukt. Men den er bratt. 295 høgdemeter på 1200 meter til toppen. Her er parti der det er sett ut trapper og rekkverk til hjelp.
Undervegs kan du slå deg ned på benkane som er plasserte langs stien.
Etter den første bratte stigninga kjem du opp til ei glenne med stor utsikt over Bjørnafjorden og Osøyro.
På toppen er det fleire utsiktspunkt i ulike retningar. Sjølve hytta ligg litt forbi toppen, og har utsikt vestover og nordover. Du ser Lysefjorden og Fanafjellet, mot nord-vest Søfteland og fjellet Møsnuken. Treplattingen rundt hytta er ekstra stor.
Frå Borgafjell kan du gå vidare ned til Tøsdal eller til Møsnuken. Du kan også ta ein litt lengre rundtur ned att til Hjelle der du starta turen.
Utsikta er god til bygdene i Os og langs Bjørnafjorden i Fusa. Bortom den store og breie fjorden skimtar du Tysnes og fjella i Kvinnherad.
Os har fine strender, øyar og sund, men også fjordar og fjell. Dette er eit vakkert sommarland for mange feriegjestar frå Bergensområdet.
Andre opplevingar:
l Tur til Svinningen
l Oseana kunst- og kultursenter
l Tur til Lysøen
Høgde: 326 moh
Lengde: 1.9 km ein veg
Tid: 40 minutt
DEI MANGE FJORDANE deler Fusa og lagar lange strandlinjer. Bygdelaga ligg spreidd langs fjordarmar og viker. Fusa og Os utgjer Bjørnafjorden kommune, og nokre av bygdene som ligg ut mot den breie Bjørnafjorden er mellom dei vakraste i Hordaland.
Fusafjellet strekkjer seg på langs bak fleire av desse bygdene med utsikt mot Eikelandsfjorden. Du ser ferja krysse fram og attende mellom Venjaneset og Hatvik.
Fusa har òg store fjellområde som strekkjer seg mot aust, i retning Kvamskogen.
Eikelandsosen er senter i tidlegare Fusa kommune. Her ligg Fjord`n Senter med butikkar, servicebygg og kommunale tenester.
I Eikelandsosen, like etter brua over Eikelandselva i retning Tysse i Samnanger, ligg idrettsanlegget Fjorden Arena. Her byrjar stien til dagsturhytta, ut frå Stallabrotvegen. Først går den gjennom beitemarker og ope terreng før den vert brattare opp lia. Med jamne mellomrom får du utsyn ut mot fjorden og ned til Eikelandsosen.
Du stig snøgt, men her er ikkje brattare enn at barnehagen har nytta det som turmål. Dei 1900 metrane opp går mykje på stein og berg. På våte stader er det lagt ut heller.
Du kjem opp på eit lite platå med god utsikt til fjorden under, samstundes som du ser hytta like ovanfor. Her er fjellgrunn og furuskog, og det går stiar vidare forbi hytta, opp til Øyrane. Etter at hytta kom, nyttar langt fleire enn tidlegare dette terrenget som turmål.
Frå hytta på Koldal ser du Skjelbreidvatnet, Eikelandsheiane og den lange fjorden utetter mot ferjestaden Venjaneset.
Andre opplevingar:
l Tur på Fusafjellet
l Vinnes og Strandvik
l Holdhus kyrkje
HAVET ER ALLTID TETT PÅ det langstrakte øylandskapet Bømlo. Dette er eit variert kystlandskap med 1000 øyar og holmar. Dei største tettstadane er Svortland (Bremnes), Mosterhamn og Rubbestadneset. Røyksundkanalen og Kullseidkanalen går på tvers av Bømlo og sikrar gjennomfart. Siggjo er det velbrukte toppturfjellet som du ser frå mange kantar, og det høgaste fjellet på Bømlo.
Du finn både kultur og attraksjonar over heile kommunen, som til dømes Moster Amfi, Mostraparken og det særmerkte øysamfunnet Espevær. Her er spesielle og gamle handelsstader. I 2001 vart Bømlo landfast til Stord og Sveio gjennom bruer og ein lang undersjøisk tunnel.
Dagsturhytta ligg på øya Goddo, langt nord i kommunen. Om du køyrer dit, startar vegen som brei motorveg og endar som smal bygdeveg.
Du byrjar turen til hytta frå ny og stor parkeringsplass like etter at du har passert Urangsvåg og Kinnestraumen bru over til Goddo.
Du går i kupert natursti i kystterreng med heier, stein, lyng og einer. Fleire stader er det lagt ut trebruer.
Hytta ligg idyllisk til, med utsyn til sjø, men ikkje til sjølve storhavet. Det er mogeleg å padle kajakk, og deretter gå opp til høgdedraget der hytta ligg.
I nord ser du radaren som varslar ver. Mot vest er det fritt og litt luftig. På austsida, ved stien, er det eit lite vatn, Araskårvatnet. Landskapet er dominert av små fjellnabbar, avrunda kollar og steinformasjonar. Namnet Kurebu kan tyde på at dette er ein stad å gjera kur til nokon, men kanskje er det å søkje ly ei meir naturleg tolking av namnet.
Høgde: 42 moh
Lengde: 1.3 km ein veg
Tid: 30 minutt
Andre opplevingar:
l Tur til Siggjo
l Øysamfunnet Espevær
l Slåtterøy fyr
Høgde: 149 moh
Lengde: 1.5 km ein veg
Tid: 30–40 minutt
EIDFJORD HAR DRAMATISK NATUR. Her finst Hardangerjøkulen og ein stor del av Hardangervidda. Frå fallet i Vøringsfossen strekk dalføret seg til Øvre Eidfjord, og deretter til Nedre Eidfjord, tettstaden ved fjorden. Store skogkledde lier går rett opp til høge nutar. Mektige fjell er nær og tett på folk. Her er mange hytter og stor nasjonalpark. Det er eit yrande liv av turistar, spesielt om sommaren.
Frå sentrum i Nedre Eidfjord kan du sjå dagsturhytta i kommunen. Svært velplassert ligg den på Storehei, eit lite utspring i skoglia under Middagsnuten. På Lægreid, like ovanfor sentrum , startar turen. Her er det laga ny og opparbeidd parkeringsplass like ved dei to kyrkjene, den gamle frå 1309 og den nye frå 1981.
Du går gjennom tun og bustadfelt før traktorveg fører deg opp lia og heilt fram til hytta. Den nye og smale grusvegen snirklar seg fint og varsamt mellom trea.
Framme ved hytta har du vakker utsikt ned mot sentrum og langt utover fjorden. På fine dagar midtsommars kjem sola attende ute i fjorden seint på kvelden og skin opp lia der dagsturhytta ligg.
Frå hytta ser du gardane på flata på andre sida av elva Eio. Her, frå fjellet over Hæreid, stuper elver og bekkar ned frå høgdene. I synsranda oppover dalen i retning Hardangervidda ligg Eidfjordvatnet og Øvre Eidfjord, porten til Hardangervidda.
Folket i Eidfjord har gjennom namnekonkurranse bestemt at hytta skal heite Aokanbu, vår bu.
Andre opplevingar:
l Hardangervidda nasjonalpark
l Vøringsfossen
l Vandring i Simadalen
ETNE HAR STORE FJELLOMRÅDE og eit rikt nettverk av turruter. Folgefonna er ikkje langt unna, delar av nasjonalparken ligg i kommunen. Den lange Åkrafjorden strekkjer seg 32 kilometer innover i landet.
Etnesjøen og Skånevik er dei to tettstadane, begge mellom dei finaste fjordbygdene på Vestlandet. Etneelva er mektig og har i mange år vore ei god lakseelv.
Naboskapen med grannebygdene i Rogaland er omfattande, spesielt med Ølen.
Dersom turen til dagsturhytta byrjar i Etne sentrum, skal du først køyre 7-8 kilometer. Då er du komen høgt til fjells etter først ha følgd E 134 austover, og deretter køyrd Rusvegen, ein privat fjellveg der du betaler avgift.
Etne har plassert hytta si i fjellterreng, og området rundt Leiteshaugen er over tregrensa. Det kjennest høgt og fritt å vandra i dette gamle stølsområdet. Sjølve hytta ser du godt frå parkeringsplassen og mest heile vegen når du går. Den tronar på toppen av haugen. Det er ei særmerkt plassering der den står som ein flott trekant opp mot himmelen. Frå parkeringsplassen er det vel ein kilometer å gå, på grusveg. Dei 150 siste meter opp på haugen går i terreng. Slik sett er tilkomsten lett, men du må ta det med ro når du køyrer grusvegen opp til parkeringsplassen.
Nokre få hytter ligg spreidd utover, og her er skiterreng. Frå hytta ser du ned til bygda, men først og fremst har du i Etne åsryggar og dei knudrete og særmerkte fjella rundt deg.
Høgde: 593 moh
Lengde: 1,4 km ein veg
Tid: 30 minutt
Andre opplevingar:
l Tur til Langefoss
l Postvegen Etne-Skånevik
l Norsk motormuseum
LANDSBYEN VED HAVET opnar seg når ferja glir forbi halvøya Mulen og inn til Fedje. Først ser du kyrkja og nokre andre hus i sentrum. Inne i den gode hamna ligg husa tett. Dei er trygt i ly for dårleg ver og sterke vindar vest i havet. Her er vegar og bilar, industri og sjøfart, reiseliv og butikk, men tempoet på Fedje er roleg.
Naturen er både karrig og rik. Øya har mange fuglearter. Gås og havørn er ofte å sjå. Naturreservat dekkjer delar av øya. Terrenget liknar andre vestlege kystområde i Hordaland. Samstundes er det heilt sitt eige med det sterke lyset og den vide horisonten. Eit flatt landskap omgjeve av hav på alle kantar.
Torvmyrene lyser tydeleg brunt over store delar av øya som berre er på vel sju kvadratkilometer. Nokre stader er det brent av lyng og kratt for å gje betre beite for sauene. Gjennom variert terreng går Nordsjøløypa over Fedjemyrane i fleire ulike sløyfer.
I nord er trafikksentralen eit landmerke, i sør tronar Hellesøy fyr, bygd i 1855. Her sør på øya, med utsikt til fyret, ligg dagsturhytta. Aurihopen heiter området, rett ned for hytta ligg Aurihopenvatnet. Hytta ligg ikkje ved havet, men ein ser havet i vest frå hytta.
Det er minst tre ulike stiar fram til hytta, den lengste tek over ein time, den kortaste omkring 25 minutt. Frå Fyrsundet går den lettaste turen.
Fargen på hytta liknar fargane i naturen. Den veks nesten ut av terrenget og du må gå ganske nær for å få auga på den.
Hytta blir brukt av folket på Fedje, men er også vitja av dei som kjem med båt og ferje til dette særmerkte øysamfunnet.
Høgde: 20 moh
Lengde: 1 km ein veg (frå Fyrsundet)
Tid: 25 minutt
Andre opplevingar:
l Hellesøy fyr
l Nordsjøløypa
l Kræmmerholmen
FRÅ FERJESTADEN SANDVIKVÅG på nordenden av øya Stord er det kort køyretur vestover til Fitjar sentrum. Frå Fitjar sentrum er det heller ikkje lange turen langs fylkesveg 545 til parkeringsplassen ved Dalshaugane der du byrjar turen til Tveitaslottet, dagsturhytta i Fitjar.
Det er traktorveg heilt opp til hytta. Terrenget er lettgått. Undervegs må du over ei elv, og her tek stien ein sving inn i skogen før den kjem ut att ved brua.
Hytta Tveitaslottet ligg på ei høgde med framifrå utsikt mot låglandet vestover. Nærast er Storavatnet, Rydlandsgardane og andre fine bygdelag. Bømlo ligg i vest med fjellet Siggjo, og lengre nord ser du radaren på Goddo, like ved dagsturhytta på Bømlo.
Fitjar har øyar, holmar og skjær, og mot nordvest ser du nokre av dei 381 Fitjarøyane, eit fint område for padling. I nord skimtar du sørlege delen av Austevoll med Stolmen ytst og Selbjørn lengre inne.
Terrenget rundt hytta er våtmarker og furuskog. I området finst det mange gode stiar og ruter. Ein av turane går til Klovskardfjellet.
Det er mykje historie i området, Fitjar er nemnd i Snorres kongesagaer. Her har det budd folk i 3000 år. Det står ei statue av Håkon den gode i Fitjar sentrum, han som døydde etter å ha blitt såra i slaget ved Fitjar i 961.
Høgde: 160 moh
Lengde: 1.2 km ein veg
Tid: 25 minutt
Andre opplevingar:
l Håkonarparken
l Fitjarøyane
l Årskog museum
AVSTANDANE ER KORTE mellom bygdene Øystese, Norheimsund, Tørvikbygd og Omastrand. Litt forbi Norheimsund i retning Tørvikbygd kan du starte turen til dagsturhytta i Kvam. Du tek av fylkesveg 49, køyrer opp vegen til Tveit og til parkeringsplassen på Solhaug. Siste strekninga må det betalast litt for å køyre, og det er ein sommarveg.
Denne dagsturhytta ligg høgt til fjells. På Solhaug er du komen på 400 meters høgd, undervegs opp har du hatt flotte utsiktspunkt ned mot Hardangerfjorden.
Frå parkeringsplassen er det vel 200 høgdemeter opp til hytta ved Krokavatnet på 600 meters høgde. Turområdet er populært med løyper i ulike retningar.
Når du går frå parkeringsplassen, kjem den gamle røyrgata snøgt til syne. Den utnyttar fallet frå Krokavatnet ned til Kaldestad kraftverk sør for Norheimsund.
Nokre av partia i starten er bratte, men stien er god. Du kjem høgt, juni kan kjennast som vår her oppe, og det kan liggje snøfenner i stien. Sesongen er mellom april og oktober.
Utsiktspunktet med telefonmasta sør for hytta er mykje brukt som turmål. Du kan bruke båt og kanoar i vatnet nedanfor hytta.
Her er utsikt til ein krans av fjell, spesielt mot nord og aust. Det er idyllisk, med små fjellvatn og ulike fjellformasjonar på alle kantar. Fjellet Vesoldo ligg som eit landemerke i vest, høgt over fjorden mellom Norheimsund og Strandebarm.
Høgde: 600 moh
Lengde: 2.3 km ein veg (frå Solhaug)
Tid: 45 minutt
Andre opplevingar:
l Hardanger fartøyvernsenter
l Kunsthuset Kabuso
l Steinsdalsfossen
HER ER KYSTLANDSKAP med skogkledde øyar, holmar og sund. Store opne bygdelag strekkjer seg mot den breie fjorden. Halsnøy er den mest folkerike øya. Det er frodig på Fjelbergøy og på Varaldsøy.
Du kan vandre i variert terreng. Her er toppar med spektakulær plassering og fantastiske utsyn, nokre av fjella er bortimot alpine. Øvst opp ruvar ryggen av Folgefonna.
Kvinnherad har det meste og beste av alle typar natur og landskap på Vestlandet.
Kommunen strekkjer seg langt på begge sider av Hardangerfjorden. Rosendal er senter for administrasjon og turisme. Flest folk bur det i områda Husnes og Sunde.
Dagsturhytta ligg i den sørvestlege delen av denne vidstrakte kommunen.
Du kan anten nå den frå vestsida, opp den bratte og smale vegen frå Matre.
Lettare er det om du kjem frå Dimmelsvik gjennom Omvikdalen. Du tek av i retning Blådalen og vidare til Fjellhaugen. For mange er Fjellhaugen best kjent som skisenter, og området rundt dagsturhytta er mykje nytta om vinteren. Om du ikkje tek av til skisenteret og vegen til hytta, kan du køyre vidare opp Blådalen som strekkjer seg heilt opp til Folgefonna.
Å stige 200 høgdemeter opp til hytta frå den store parkeringsplassen i Fjellhaugen tek ein liten time. Største delen av turen går på blanding av tursti og traktorveg.
Du kjem til fjells her. Tidleg på sommaren kan det liggje isflak på Nautavatnet rett nedanfor hytta. Fagnabu ligg 685 meter over havet og er dermed den som ligg høgast av alle dagsturhyttene i Hordaland.
Høgde: 685 moh
Lengde: 2.8 km ein veg
Tid: 50 minutt
Andre opplevingar:
l Baroniet i Rosendal
l Folgefonna nasjonalpark
l Tur til Meldarskin
DELT MELLOM fjordar og fjellryggar ligg Masfjorden. Her er fjellovergangar ned mot Sognefjorden i nord, og ei lang fjordlinje mot Austfjorden og Fensfjorden i sør. Husa ligg spreidd utover, folk har god plass og mykje variert natur i Masfjorden.
Det er i den sørlege delen av kommunen du finn dagsturhytta. Du kan kome til den frå fleire kantar, men for mange er nok Austfjordvegen, fylkesveg 570, med avkøyring frå E-39 ved Eikefet-tunnelen i Alver den beste tilkomsten. Du køyrer i retning kommunesenteret Masfjordnes. Etter ei stund dukkar det opp hus, og Dyrdal er ein attraksjon med bekker og elver som overalt stuper ned frå fjellet.
Etter nokre fleire kilometers køyring kjem du til Kvingo. Først Sør-Kvingo og deretter Nord-Kvingo. Høgdedraget Melshovden ligg mellom vågane inn til Sør-Kvingo og Nord-Kvingo.
På Nord-Kvingo er det skilta avkøyring til hytta frå fylkesvegen. Turen startar ved godt opparbeidd parkeringsplass på Bakken. Du kan gå litt ulike ruter for å kome til hytta som ligg på Grøttneset mellom Nord-Kvingo og Mjanger.
Dei fleste vil truleg nytte den opparbeidde grusvegen som gjer det enkelt å koma seg heilt fram til hytta.
Etter ein liten halvtimes tur er du ved Fjordblikk.
Hytta ber namnet med rette der den er plassert på eit skogkledd utspring i fjorden, nesten i sjøkanten. Her er badestrand, og til hytta kan du også padle kajakk i det idylliske fjordlandskapet.
Høgde: 5 moh
Lengde: 1.4 km ein veg
Tid: 30 minutt
Andre opplevingar:
l Bjørn West museet
l Tur til Ådneburen
l Kabelferje i Duesund
DER OSTERFJORDEN MØTER MODALSELVA, ligg kommunesenteret Mo i Modalen. Modalen har få innbyggjarar, men mykje natur. Modalselva renn vakkert langs vegen gjennom dalen.
Elva har forma dalen, mest alle hus og gardar ligg på sletter langs elva.
På Mo er det butikk og båthamn i tillegg til kyrkje, skule og forsamlingshus.
Til Modalen kjem ein enten ved å ta av frå E 39 ved Romarheim, eller å kome frå Dale eller Voss gjennom tunnel via Eksingedalen.
For å kome til hytta må du køyre opp til Øvre Helland. Deretter tek du opp ein sidedal, til garden Nygard. Hytta ligg ved Steinavatnet på 500 meters høgd.
Frå Mo er det om lag to mil opp til parkeringsplassen. Siste kilometeren fram til parkeringa er på god anleggsveg.
Du kan gå til hytta langs begge sider av Steinavatnet, eller gå rundt vatnet. Begge vegane er skilta ved parkeringsplassen. Den kortaste ruta er tilrettelagt med fine steinheller og trebruer over myrer og bekkar. Området er det mest brukte turterrenget i Modalen både vinter og sommar. Frå hytta er det utsikt til to populære turfjell, mot aust og sør: Blånipa og Nåmdalsfjellet.
Hytta har namnet Olav Nygard bu. Lyrikaren Olav Nygard vaks opp på fjellgarden Nygard i Modalen. Bokhylla på hytta er rik på lokale bøker.
Modalen er ein viktig inngangsport til fjellområdet Stølsheimen som strekkjer seg frå Masfjorden i vest til Vossefjella i aust, på sørsida av Sognefjorden.
Høgde: 500 moh
Lengde: 1.1 km ein veg
Tid: 25 minutt
Andre opplevingar:
l Turar i Stølsheimen
l Fjellplatået Slottet
l Mostraumen
PÅ SØR- OG SØRVESTSIDA av Osterøy er det mange små bygdelag. Her er lunt, og mange har stor utsikt mot sør, til Garnes og Arna, og langt vest, over Knarvik i Alver kommune og mot havet. Bygda Hausvik ligg her med butikkar og triveleg sentrum. Litt lengre ute mot vest er tettstaden Valestrandsfossen med ferje til Breistein, her er slektsgarden til Ole Bull og ulike sentrumsfunksjonar for denne delen av øya.
Her kom det bru i 1997, med avkøyring frå E 16. Bruvik, nær klyngjehusa på Havråtunet, er siste større bygd på Osterøy før Sørfjorden går over i Veafjorden. Vidare strekkjer den seg med steile og skogkledde fjellsider nordover mot kommunegrensa til Vaksdal. Nær nordenden av øya, ved Kallestadsundet, fekk Osterøy bru alt i 1985.
Her er åsar, dalar og lune viker. Og fjord på alle kantar. I nord og vest er det Osterfjorden, i sør og aust Sørfjorden. Osterøy er kupert og variert. Du finn fjellsletter, toppar, utsikt, jord, skog, handverk og småindustri.
Mellom Haus og Valestrand, på Erstadfjellet, ligg Brakabu, dagsturhytta på Osterøy. Høgt og fritt, med fantastisk utsikt. Brake (einer) hadde folk på Osterøy og nærliggjande bygder i Nordhordland i fortid som byggjeskikk, eit vern for hus, oftast uthus, mot ver og vind.
Eit skilt ved hytta fortel om desse «kvardagskatedralane», hus dekka av brake. Toalettet like ved ber namnet «Brakado».
Fleire gode og velbrukte stiar fører til Brakabu. Enten frå Askeland med køyring gjennom Haus og Votlo. Eller frå Valestrand med avkøyring til Erstad litt utanfor Valestrand sentrum.
Høgde: 438 moh
Lengde: 1.6 km ein veg (frå Erstad)
Tid: 25 minutt
Andre opplevingar:
l Havråtunet
l Krossdalsvegen
l Tur til Brøknipa
MELLOM Vaksdal, Bjørnafjorden og Kvam ligg Samnanger kommune. I Samnanger er det både høgfjell og fjord. Delar av fjellområdet Kvamskogen ligg i kommunen. Gullfjellet ligg på grensa med Bergen kommune og fjellet Tveitakvitingen på Kvamskogen på grensa med Kvam. Her er også store fjell å gå på i retning Vaksdal og Voss. Alpinanlegget Eikedalen ligg i kommunen.
Dei fleste innbyggjarane bur langs Samnangerfjorden der Tysse er største tettstaden.
Når du har køyrt frå Trengereid over Gullbotn, og før du kjem til Bjørkheim, Haga og Tysse, ser du kyrkja i Årland. Her er det skilt som viser retning til dagsturhytta i Samnanger. Frå parkeringsplassen ved kyrkja startar turen.
Du vandrar på den idylliske Prestavegen gjennom Kvernesmarka. I gamle dagar delte Samnanger prest med Os, og det var denne vegen presten frå Os kom til kyrkja i Årland. I starten går du på asfalt, men Prestavegen er for størstedelen ein grusveg. Du passerer garden Søvik og har fleire fine utsiktspunkt mot Samnangerfjorden. Vegen er litt kupert, men ikkje verre enn at sprekingane frå Aadland Gards- og friluftsbarnehage ofte har sprunge med sine små sekker på lette føter fram til dagsturhytta.
Grusvegen går over i god sti som buktar seg fram i skogen. Brått er du ved hytta, Prestakvilet. Ei lang trebru tek deg over det siste myrpartiet. Hytta ligg mellom furu og bjørk nesten nede ved det flotte Kvernesvatnet der du kan låne kano.
Høgde: 45 moh
Lengde: 2 km ein veg
Tid: 30–40 minutt
Andre opplevingar:
l Turar i Eikedalen
l Tur til Tveitakvitingen
l Kulturløype til Nordvik
KOMMUNANE FITJAR OG STORD deler øya Stord. I Stord kommune, og særleg i sør og sør-aust, bur dei fleste innbyggjarane. Leirvik og Sagvåg er folkerike område i denne delen av kommunen. Sagvåg ligg nærast starten for oppturen til dagsturhytta på Stord.
Gode stiar fører opp på begge sider av Utslettefjellet. Både på vestsida og austsida er det bratt. Du stig 200 høgdemeter på 1100 meter dersom du startar på fotballbana ved Nysæter på austsida. Bratt, men litt slakare er det om du går opp frå vestsida, frå parkeringa ved Dyvik.
Oppturen går i variert og spanande terreng. Tidvis hoppar du frå stein til stein.
Hytta ligg i kanten av fjellet, rett under toppen. Den synes festa til fjellet, ja den veks nesten ut av snaufjellet, og har ei fantastisk plassering. Du synes du er høgare oppe enn 252 meter, landskapet er stein og fjell, her er luftig og fritt, utsikta er formidabel.
Frå hytta ser du bruene til Bømlo, fjellet Siggjo er landemerke i vest. Rett under ser du Sagvåg. I sør ligg Sveio, i søraust er Leirvik. Høge kraner tronar i horisonten, og langt inne mot aust reiser fjella seg, lengst unna skimtar du Folgefonna.
I tevlinga om namn på dagsturhytta vann framlegget Utsletteslått. I eldre tider vart det slått gras her mellom fjellnabbane. Utsletteslått vart til namnet
Utsletteslottet, eit namn hytta ber med rette.
Høgde: 252 moh
Lengde: 1.1 km ein veg (frå vestsida)
Tid: 35 minutt
Andre opplevingar:
l Sunnhordland museum
l Tur til Stovegolvet
l Skjersholmane, rundtur
HALVØYA SVEIO stikk ut med landtunger mot Bømlafjorden og inngangen til Hardangerfjorden. Heilt ytst, mot grensa til Rogaland, ligg Ryvarden fyr. Ein gong peika det ut lei for sjøfolket, i dag er det galleri og turistmål. Folket i kommunen bur spreidd utover med Sveio sentrum, Rophus og Førde som tettstader i ulike delar av kommunen.
Den sørlegaste kommunen i Vestland fylke har to dagsturhytter. Hyttene er like, men terrenget rundt hyttene er svært ulikt. Nipaståvo byr på vandring i natur.
Vegen til Golfståvo er som ein tur i parken. Nærare bestemt i golfparken som ligg like ved Sveio sentrum. Du kjem hit ved å ta av frå E 39 inn på fylkesveg 47. Parkeringa i Leitevegen er den same som for golfklubben.
Her er det bane med 18 hol, driven av Haugaland Golfklubb. Området er grønt og vakkert, omkransa av furuskog med fine grusvegar. Folk spaserer på kryss og tvers. Dei knappe to kilometerane frå parkeringsplassen ved klubbhuset i Leitevegen har få motbakkar, og grusvegen fører heilt fram til hytta. Tilkomsten er godt tilrettelagt i lettgått turterreng.
Til denne hytta kan dei fleste kome seg. Og her kan du bli ei stund. Utanfor hytta er det sett opp benker med utsyn til dei grøne markene på bana.
Høgde: 50 moh
Lengde: 1.9 km ein veg
Tid: 30 minutt
Andre opplevingar:
l Sveio golfpark
l Rex Garden naturpark
l Tur til Trollvassnipen
Høgde: 170 moh
Lengde: 2.3 km ein veg
Tid: 45–50 minutt
ETTER AT DU HAR snirkla deg på smal veg gjennom vakre naturlandskap kjem du til bygda Auklandshamn. Her kan du starte turen til dagsturhytta Nipaståvo. Startpunktet er like ved skulen i Auklandshamn.
Det tek litt lengre tid å gå til denne hytta, samanlikna med vegen til den andre hytta i Sveio, Golfståvo. Til gjengjeld går du på ein av dei vakraste naturstiane som fører til noko dagsturhytte. Her er idyllar med små vatn, myr, og skog. Stien er godt skilta. Den er lettgått. Tydeleg slyngjer den seg fint gjennom eit variert landskap. Her er lett kupert, men ikkje bratt.
Du er på veg mot toppen av Emberlandsnipen, 217 meter over havet. Den har gjeve namn til dagsturhytta Nipaståvo. Når du går frå Auklandshamn i nord, finn du hytta langs stien før du kjem til toppen av Emberlandsnipen. Du kan også gå til hytta frå sør.
Oppstigninga til hytta er slak, men utsynet er flott. Det er eit vestnorsk kystlandskap, med fjordar og øyar. Landet hevar seg, stig innover og mot aust. Over Bømlafjorden ser du fjellet Siggjo og tettstaden Mosterhamn. I nord er Leirvik på Stord, og mot aust fjella i Kvinnherad.
Andre opplevingar:
l Ryvarden kulturfyr
l Tur til Emberlandsnipen
l Tur til Dreng
TIL TYSNES kan du kome med ferje både frå nord og sør, og frå 1986 også frå aust gjennom fastlandssambandet på brua over Lukksundet. Det øyrike samfunnet nord i Sunnhordland har eit mildt kystklima og er eit populært utfartsområde, spesielt om sommaren. Mange i Bergensområdet har Tysnes som sitt ferieparadis. Båtliv er den mest naturlege aktiviteten, men øyane har også skog og fjell. Tysnessåta (752 meter over havet) er synleg frå store område.
Den største øya er Tysnesøya, og det er på vestsida av øya du finn dagsturhytta i kommunen. Våge er største tettstaden på Tysnes. Dersom du har passert den breie Bjørnafjorden med ferje, og er komen til Våge, er det kort køyretur til kommunesenteret på Uggdalseidet.
Her ved Kyrkjevatnet er det opparbeidd eit friluftsområde med flott turveg, gapahuk, benker, utegrill, bryggje, toalettanlegg og dagsturhytte. Myklestad heiter området her, og difor er Miklastofa hyttenamnet.
Hytta er lett tilgjengeleg. Du går 600-700 meter på grusveg til hytta dersom du startar på Uggdalseidet. Vegen går langs heile vestsida av Kyrkjevatnet, og du kan starte i nord eller sør. Du har utsikt til kyrkja og Uggdal på andre sida av vatnet. Du kan også ta turen rundt Kyrkjevatnet. Her er ofte folk å treffe, både ved hytta og langs turvegen.
Høgde: 24 moh
Lengde: 700 meter ein veg
Tid: 10–15 minutt
Andre opplevingar:
l Tur til Tysnessåto l Årbakka handelsstad l Tur til Hovlandsnuten
I LOFTHUS KAN DU setje deg på ein benk ved Sørfjorden og nyte store naturinntrykk. Over fjorden ser du den kvite kappa på Folgefonna som går over i bratte lier ned mot fjorden. Når du snur deg, ser du at elva Opo kastar seg ned frå Hardangervidda. Ser du godt etter, får du også auga på dagsturhytta i Lofthus, ei av dei tre dagsturhyttene i Ullensvang kommune.
Hovdakruno ligg på Hovden, eit utspring 470 meter oppe i lia, ein liten avstikkar frå stien opp på Hardangervidda.
Det tek ein times tid om du går frå sentrum av Lofthus til hytta. Først på veg, deretter skogsveg, og til slutt på sti. Det er bratt, men likevel lett å gå. For å kome til hytta tek du av frå stien som går opp på Hardangervidda. Då går du det siste stykket ut på Hovden, til hytta.
Mange turgåarar heldt fram turen opp mot den gamle ferdavegen til Vidda, gjennom Munketrappene. Her går du i Dronningstien, panoramaruta mellom Kinsarvik og Lofthus som er profilert gjennom HM Dronning Sonja sine turar.
Du får eit storslått utsyn straks du går framom hytta. Du ser ned på Noregs største frukthage, og frå hytta skal du ha utsikt til minst 12 000 frukttre. Du ser dei i lange rader på turen nedover lia.
Utsynet innover Sørfjorden er unikt og mellom dei mest kjente motiva for bilete av det vakre Vestlandet, med fonn, fjell, fjord og foss.
Bak hytta går det bratt opp til det som utgjer ein stor del av Ullensvang kommune, nemleg Hardangervidda.
Høgde: 470 moh
Lengde: 2.3 kilometer ein veg
Tid: 1 time frå Lofthus
Andre opplevingar:
l Dronningstien
l Komponisthytta
l Sidertur
TURISMEN KOM TIDLEG TIL ODDA. Soga fortel at dette var ein av dei mest populære stadane i heile Noreg og Nord-Europa. I 1904 var det ti hotell i Odda. Hardanger Hotell var den mest staselege hotellbygningen i landet. Store båtar kom inn Sørfjorden, rike turistar gjekk i land for å oppleve den dramatiske naturen.
Fossefalla skapte grunnlag for kraftkrevjande industri. Den kom, og dominerte lokalsamfunnet i mange tiår. Når røyken farga hotella i Odda sentrum grå, vart turistane etter kvart borte.
I dag lever turisme og industri saman i byen inst i Sørfjorden. Det skjer endringar både i industrien, i turismen og i kulturen. Ingen andre stader er som Odda. Du ser og kjenner på den historiske arven. Det styggvakre gjev området eit sterkt særpreg.
I fjellsidene på begge sider av Sørfjorden klamrar bustadfelt seg fast i bratte skråningar. Tett ved eit av desse bustadfelta, på austsida av sentrum, finn du dagsturhytta i Odda. Frå startpunktet øvst i Ragdelia tek det berre 5-10 minuttar å gå til Ragdebu. Ingen av dagsturhyttene i Hordaland har kortare distanse frå start til mål. Dersom du skal gå frå parkeringsplass, tek turen nede frå Odda sentrum ein dryg halvtime.
Hytta har stor utsikt nordover, ut fjorden, mot Eitrheimsneset, Tokheimsnuten og fjellsida i vest. Der oppe på toppen av dei høge fjella kan du skimte Folgefonna.
Ein brei og velbrukt skogsti går fram til hytta. Her er og fleire andre stiar til hytta og vidare opp fjellsida. Du er både nær og langt borte frå det pulserande livet nede ved fjorden når du tek den korte turen opp til skog og elvesus.
Høgde: 220 moh
Lengde: 0.7 kilometer ein veg (frå Ragdelia)
Tid: 10 minutt
Andre opplevingar:
l Tur til Trolltunga
l Kraftlaben vitensenter
l Tur til Bruarbreen
Høgde: 160 moh
Lengde: 700 meter ein veg
(frå Folgefonnvegen)
Tid: 10-15 minutt
NEDE I SENTRUM glir ferja fram og attende til Tørvikbygd. Her i Jondal, midt i Hardanger, er fjorden brei og utsynet vidt. På andre sida av fjorden ligg Norheimsund og Øystese.
Jondal sentrum har kvite sveitserhus og frodige frukthagar. Her har det lenge vore gjestgjevarstad og bygda har lange tradisjonar for båtbygging og jektefart.
Du finn Herand og andre fine bygder langs Hardangerfjorden. Jondal har ein unik tilkomst til Folgefonna, noko som trekkjer skituristar til bygda, ikkje minst om sommaren. Det er kort veg frå fjord til fonn, berre 19 kilometer.
Du har bilveg heilt fram. Aktivitetane på og ved breen omfattar både sport, turvandring og forsking.
Den store og vide kommunen Ullensvang har tre dagsturhytter, i Odda, Lofthus og Jondal. I Jondal ligg hytta tett på sentrum. Det er gangavstand til Teglhaug. Frå benken på toppen ser du fjorden og husa nede i Jondal sentrum. Rett bak utsiktspunktet ligg dagsturhytta.
Frå parkeringsplassen ved Folgefonnvegen er det ein kort, men bratt kneik opp. Når du sit i hytta, har du fin utsikt mot aust, i retning Krossdalen. Hytta ligg i eit skogsområde, furuskog og bjørk står tett inntil, og du ser høgfjell i det fjerne.
Fleire stiar fører opp frå sentrum. Teglhaug er eit mykje brukt turmål. I Jondal er det minst 35 turstiar. Fjordbygda har sidan 2008 hatt status som nasjonalparklandsby, områder som har spesielt god inngang til ein nasjonalpark, altså Folgefonna.
Andre opplevingar:
l Sommarskisenter
l Viketunet
l Helleristningar i Herand
ULVIK VIL ALLTID hevda seg godt i ei kåring av kva bygd som er den vakraste i Hordaland. «Perla i Hardanger» har hatt turisme i 150 år, og har det meste av det beste. Fine fruktgardar og slake lier strekkjer seg frå fjorden opp mot Hardangervidda og til høge fjelltoppar.
Kontrastane er store, frå is og snø på Hardangerjøkulen og ned til den frodige bygda heilt inst i Hardangerfjorden. Her er natur og kulturlandskap.
Du kan køyre vegen til gardane der dei produserer sider, og du kan bli betre kjent med diktaren Olav H. Hauge. Utvalet av bøker inne i dagsturhytta i Ulvik syner imponerande breidde av lokale forfattarar.
Hytta er lett å få auge på, og lett å kome til. Du ser den frå sentrum, over fjorden, på Hjeltnes, i området som blir kalla Åsen. Frå parkeringsplassen ved Holmen idrettsanlegg startar turen på asfaltert veg nokre hundre meter.
Deretter går stien inn på traktorveg opp i Åsen. Vegen held fram forbi hytta.
Området er mykje brukt som turterreng. Det er skilta rute frå idrettsplassen.
Frå hytta er det utsikt mot Brakanes, sentrum i Ulvik. Hardanger Produksjonsskule ligg tett ved. Du ser også gardane i Ljono, oppe i lia. Kvasshovden tronar i eine enden av fjellrekkja, lengre mot aust skimtar du Vassfjøro.
Høgde: 120 moh
Lengde: 1.3 km ein veg (frå idrettsanlegget)
Tid: 30 minutt
Andre opplevingar: l Frukt-og siderruter l Tur til Osa/Ossete l Haugesenteret
VAKSDAL KOMMUNE strekkjer seg heilt frå fjellbygdene øvst i Eksingedalen og Bergsdalen til grensa med Bergen kommune på Trengereid. Eksingedalen og Bergsdalen har vakker natur og levande bygdelag. I Bergsdalen møter du Vossafjella, Hamlagrø og Kvamskogen. Eksingedalen er innfallsport til Stølsheimen.
Sørfjorden følgjer austsida av Osterøy. Ved Stanghelle går den over i Veafjorden. Skogkledde lier stuper bratt ned, og på begge sider av fjorden ligg det øydegardar og kulturminne. I indre delen av fjorden er det drive tradisjonsrike næringar som fangst av laks og frakt av sand. Fjorden vert smal ved Stamneshella, og den endar ved Eidslandet, nedst i Eksingedalen. På nordlege enden av Osterøy høyrer bygdene Toskedal, Grøsvik og Gammersvik til Vaksdal kommune.
Vaksdal og Dalekvam er særmerkte tettstader med industri og tenestyting.
Daleelva renn ut i fjorden ved Stanghelle. Og her startar turen til dagsturhytta i Vaksdal. Du kryssar brua over Dalevågen og kjem til Tettaneset der det er parkeringsplass. Like ved ligg badestaden Agnavika.
I småkupert terreng med furuskog og myr går stien til hytta som ligg på fast fjell ved Veafjorden. Fjordsyn er eit godt namn. Her, like ved fyrlykta på Tettaneset, kan du sjå heile den store og beine Veafjorden. Du skimtar stabbesteinsvegen på Grøttå, rett over fjorden, på Osterøy. Det er gjort eit stort og frivillig arbeid med å restaurere vegen med 1750 stabbesteinar, bygd i 1911. Bak hytta, på Vaksdalssida, ser du Åsen. Lengre opp reiser Storafjellet seg. Nedanfor hytta er det svaberg og kort veg ned til fyrlykta på neset. Det er og mogeleg å kome til hytta frå fjorden.
Høgde: 20 moh
Lengde: 1.4 km ein veg
Tid: 30 minutt
Andre opplevingar:
l Tekstilindustrien på Dale
l Skipshelleren
l Turar i Eksingedalen
VOSSABYGDA ER VID OG VAKKER anten det er sommarsol eller vinterskodde. Frå høge fjell går langstrekte dalføre i ulike retningar før dei samlast på Vangen.
Voss er tradisjonar og jordbruk, men også bymessig tettstad. Her finst det meste og beste av kultur og vestnorsk natur.
«Der er det fagert å leva» heiter det i den nynorske utgåva av diktet «På Vossevangen der vil eg bu».
«Du vene Voss, du vene Voss!», skreiv rektor ved Voss Folkehøgskule, Lars Eskeland, i teksten til Vossasongen.
Kanskje var det utsikta frå folkehøgskulen si hytte rektoren skildra. Denne gamle hytta ligg rett ved sida av den nye dagsturhytta i Voss herad.
Dagsturhytta er plassert på ei open glenne i den skogkledde lia under fjellet Hanguren i området som blir kalla Klepp.
Du kan kome til hytta både ovanfrå, frå Hanguren, og på ulike stiar nedanfrå. Mange vil nok starte frå parkeringsplassen i enden av Raugstadvegen, på Heggjavad. Du kjem dit ved å snirkle deg oppover frå hovudvegen E 16, via småvegar og gjennom tunet på Raugstad. Etter kvart er du inne på god grusveg som fører fram til den opparbeidde parkeringa.
Så er det å gå den bratte oppstigninga på traktorvegen. Vegen er lett å finne.
Du går i store svingar oppover i lia, 270 meter med stigning, og vegen fører deg heilt fram til hytta. Om vinteren er her skispor, om sommaren tydeleg veg.
Vakker utsikt har du til Bordalen, Gråsida og Vangsvatnet.
Høgde: 600 moh
Lengde: 2.6 km ein veg
Tid: 1 time
Andre opplevingar:
l Bergsliløypa på Vangen
l Ekstremsport
l Mølstertunet
NÅR DU KJEM OVER Sotrabrua frå Bergen, er det kort køyretid før du svingar av fylkesveg 555 til Foldnes. Frå parkeringa ved den staselege Foldnes kyrkje går det fint opparbeidd veg til dagsturhytta Larslibua i Øygarden kommune.
Turen går i Kyrkjevegen, og etter ti minutts spasertur er du framme ved Larslibua. Her er flatt og lettgått, få andre dagsturhytter er så lett tilgjengelege som hytta i Foldnesmarka. Den er vakkert plassert ved eit lite vatn, skjerma av grantre, og har ei fin steinbru som fører bekken ut frå vatnet.
Her er fredeleg, sjølv om du ikkje er langt borte frå larmande trafikk og det store handelssenteret på Straume.
Gangvegen går vidare, forbi hytta, gjennom Foldnesmarka fram til budstadfeltet på Hjelteryggen, i alt 2.6 kilometer. Den blir litt brattare straks hytta er passert. Her er godt med veglys, og området er mykje brukt til turvandring og trening.
Langs vegen ser du lyng og myr. Grått og brunt dominerer i landskapet. Små vatn har knudrete fjellnabbar rundt seg, typisk for Sotra og andre kystlandskap i Hordaland. Drivande skyer kjem ofte inn frå Nordsjøen og skaper det spesielle lyset, gjerne saman med frisk vestavind.
Sotra og Øygarden har både bysenter, industri, fiske, landbruk og store budstadområder. Her er mange veleigna område for ulike naturopplevingar, ikkje minst finst det vakre kyststrekningar veleigna for padling og anna sjøsport.
Høgde: 20 moh
Lengde: 900 meter ein veg
Tid: 10-15 minutt
Andre opplevingar:
l Tur til Liatårnet
l Fjell festning
l Foldnes kyrkje
FRÅ SUND I SØR til Hellesøy i nord ligg storkommunen Øygarden langstrekt ut mot storhavet. By møter land, tradisjonelle jordbruksbygder og fiskarhamner ligg side om side med oljeindustri og store byggjefelt. Når du kjem langt nord i Øygarden, blir landet lågt og himmelen høg. Langt inne skimtar du byfjella rundt Bergen.
Bruer løfter seg over sunda mellom øyane nordover. Etter å passert Rong, nærmar du deg Blomvåg. Her ved kyrkja i Blomvåg i startar turen til Rambua, dagsturhytta som ligg lengst nord i Øygarden. Blomvåg er ein liten tettstad med god hamn og er kjent for historiske funn etter dyr som levde for tusenvis av år sidan.
Gjennom småkupert landskap på steingrunn og myr går turen vestover mot området Rambogen. Ein aktiv dugnadsgjeng har lagt ut trebruer og gjort stort arbeid med stien og hyttetomta. Når du etter ein liten halvtimes tur kjem til topps på høgdedraget, ser du også hytta. Den ligg innunder berget, litt i ly, men også tett på havet. Mykje arbeid er gjort med å få bort vatn, med sprenging og grøfting.
Utsynet er vidt i alle himmelretningar. I nord ser du industrien på Kollsnes, mot aust er nordenden av Askøy. Eldsfjellet tronar på Holsnøy, og landet reiser seg i Nordhordland.
Det er friskt her ute ved havet. Flagget på Ramborghøyden kan stå rett ut i vinden. Ikkje alltid er Nautøyna like synleg i vest. Likevel finst det lune viker og lundar i kystlandskapet. Du kan ta velbrukte rundturarar, til dømes til planteskogen litt lengre sør på Blomøyna.
Høgde: 40 moh
Lengde: 1.9 km ein veg
Tid: 35 minutt
Andre opplevingar:
l Kystpasset, turar i Øygarden
l Kystmuseet i Øygarden
l Stiar på Hellesøy
I SUND PÅ SOTRA ligg fjellet Veten, også kalla Førdesveten. Du kjem dit ved å køyre sørover på øya i retning Klokkarvik. Mange stiar fører opp til toppen frå dei ulike bygdene som omkransar fjellet sør på Sotra.
Du er komen til trubaduren Johannes Kleppevik sine heimetrakter. Går du opp frå Stranda skule på vestsida av fjellet, finn du straks en stor trekonstruksjon, ein gitar. Eit bilete av Johannes Kleppevik heng oppe i fjellsida. Ei natur- og kulturløype med «ord i spreke spor» følgjer deg som skrift på skilt langs stien.
Turen til Veten er ein real fjelltur. Her er stigningar, kollar, små kløfter og myrer. Nokre stader må du klatre litt, og tretrapper hjelper deg. Turen frå vestsida er litt brattare enn stien frå aust, frå Førde.
På toppen får du litt av eit utsyn. Horisonten er vid mot storhavet utanfor Sotra. Fjernt i nordaust ser du flya som tek av og landar på Flesland. Bak flyplassen skimtar du byen Bergen med hus og fjell. Går du litt vest for toppen, ser du ned mot bygdene på vestsida av søre Sotra. Mot sør er vegen kort til øyane i Austevoll. Du ser også Lerøy og Bjelkarøy i søraust.
På ein skrent finst minnesmerket etter flyulykka her i 1948 der 13 menneske miste livet då militærflyet mista kontrollen i skodde og flaug inn i fjellsida.
Litt sørvest for toppen ligg dagsturhytta Vetenbua. Øygarden kommune har dagsturhytte både ved sjø, i skogsterreng og på fjelltopp. Vetenbua er fjellhytta. Fronten er vendt mot sør. Vinden kan ta godt her oppe, men utsynet er fantastisk i alle himmelretningar.
Høgde: 285 moh
Lengde: 2,2 km ein veg (frå Stranda skule)
Tid: 60 minutt
Andre opplevingar:
l Landrovågen sjøbruksmiljø
l Nordsjømuseet i Tælavåg
l Glesvær, padling til Risøyna
Dagsturhyttene har fått tusenvis av menneske ut på tur. Hyttene er blitt nye møtestader, til kvardagsbruk.
Hyttene er gode som ly for ver og vind. Dei finst i nærområda, dei gjer det meir sosialt å vera på tur.
Slik styrkjer dei folkehelsa. Dei utviklar lokal kultur og lokal identitet.
Dei fleste hyttene er lett tilgjengelege.
Dei syner fram vakre stader og variert natur, og ikkje berre på Vestlandet.
Sommaren 2024 var det rundt 150 dagsturhytter i landet.
Atle Skrede hadde ideen om dagsturhytta og har drive prosjektet fram. Han arbeidde som seniorrådgjevar i Sogn og Fjordane fylkeskommune då tanken om dagsturhyttene tok form i 2016.
Målet var å byggje ei enkel hytte med lik utsjånad i alle kommunar. Denne skulle vere open for turgåarar, der dei kunne søkje ly og ete nista si. Hytta skulle fungere som ein møteplass i lokalmiljøet.
Først var planen å få teste ideen gjennom å byggje eit par hytter i Sogn og Fjordane.
Eigarstiftinga til Sparebanken Sogn og Fjordane foreslo å løfta prosjektet slik at kvar kommune i dåverande
Sogn og Fjordane fylke fekk tilbod om bygging av ei hytte.
Kommunane var positive til ideen om ei hytte i kvar kommune. Dei bestemte kvar hyttene skulle byggjast, fekk på plass avtalar med grunneigarar og organiserte dugnadsarbeid på tomt og sti. Kommunane har ansvar for drifta av dagsturhyttene.
Hyttene vart finansiert med spelemidlar, gåvemidlar, fylkeskommunale og kommunale ressursar. Vestland fylkeskommune har støtta kommunane med over 7 millionar kroner. Gåva til hyttene i Hordaland markerte felles identitet til det nye Vestland fylke.
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har støtta dagsturhytteprosjektet med om lag 10 millionar kroner.
Eviny støtta prosjektet med vel 3 millionar kroner til solcellepanel og lys i alle hyttene.
Folkebiblioteka har skaffa hyttene nynorske turbibliotek.
Denne samarbeidsmodellen, og krafta i samarbeidet, har gjort at alle partar opplevde at dei kom godt ut av prosjektet, at resultatet vart til nytte. Mange kjente ansvar og ære.
I Vestland fylke var det sommaren 2024 61 hytter i 42 kommunar. I Rogaland er det 28 tilsvarande hytter.
ROJO arkitekter i Trondheim vann i 2016 konkurransen om å gje form til dagsturhytta. Firmaet hadde lenge hatt tankar om å teikne denne typen bygg, fortel dagleg leiar Sondre Andvik. Hyttene fekk trekanten som grunnleggjande kjennemerke.
Hyttene er bygd i tre med takstolar, og har lånt formgrep frå teltet og gapahuken. Grunnforma på hytta er enkel, den er tydeleg, og lett å kjenne att uansett plassering i terrenget.
ROJO ynskte at hyttene skulle bli forlenging av landskap og topografi. Hyttene var modulbaserte og skulle ha eit lite og lågt fotavtrykk i naturen.
Dei skulle lett kunne setjast opp, og flyttast, utan store inngrep i landskapet. Arkitektane ynskte å unngå bygging av vegar, grøfter og kraftlinjer.
Hyttene kan tilpassast tomter i ulikt terreng. Sjølve
bygningskroppen blir ikkje endra sjølv om hyttene tilpassar seg lys og utsyn.
Hytterommet er i kontakt med naturen. Bruken av glas og store panoramavindaugo gjev dagslys. Innvendig furukledning gjev ei varm atmosfære i hyttene.
Stad Kystbygg på Stadlandet fekk i 2020 oppdraget med å byggje dagsturhyttene i Hordaland. Første hytta kom opp i Masfjorden seinsommaren 2020.
Firmaet har spesialisert seg på å bruke element i bygginga.
Hyttene blir bygd i produksjonshallen på Stadlandet. Hytta har fire modular. Modulane er høge, og difor vanskeleg å frakte med bilar. Ofte blir dei frakta med båt til kommunane, og deretter med helikopter til staden der dei skal monterast, fortel dagleg leiar Raymond Myren.
Etter montering brukar Stad Kystbygg 1-2 veker på ferdiggjering av hyttene på staden. Ofte hjelper eldsjeler frå lokalsamfunnet seinare til med tilrettelegging i og rundt hytta.
Områda rundt hyttene skal utviklast vidare som lokale møteplassar. Stikkorda er friluftsliv, kultur, kunnskap og inkludering. Breitt samarbeid og frivillig innsats er også viktige verdiar for utviklinga av dagsturhyttene.
Dagsturhyttene er blitt landemerke på Vestlandet. Suksessen har skapt ein ny kultur, ein ny måte å oppleve friluftslivet på.
Hyttene er på kort tid blitt allemannseige, noko folk snakkar om, dei er blitt «våre» hytter. Dagsturhyttene er nær nok, og alltid opne.
Hytter med godt tilrettelagt tilkomst:
l Alver, Sjøbua
l Austrheim. Vardetangen
l Masfjorden, Fjordblikk
l Sveio, Golfståvo
l Tysnes, Miklastofa
l Ulvik, Solhaug
l Øygarden, Larslibua
Takk for at du
l tek av deg sko før du går inn i hytta
l ikkje tek med deg dyr inn i hytta
l set bøker på plass og ryddar etter deg
l tek med deg søppel
l tek omsyn til andre gjestar
l etterlet berre ditt eige fotavtrykk
l respekterer reglar og lokale påbod for ferdsel
Deterikkjelovåovernatteidagsturhytta.
Boka er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Eviny og kommunane.
TEKST: Kjell Øvre Helland
FOTO: Jan M. Lillebø
UTFORMING: Ivar Høyvik
UTFORMING AV DAGSTURHYTTA-LOGO: Mette Grytten
TRYKK: Aksell trykkeri, Bergen
PAPIR: Edixion offset 150g
SKRIFT: Adelle Condensed
Meir om dagsturhyttene på www.vlfk.no/dagsturhytta
Med ei hytte i kvar kommune skal den gje eit mangfold av opplevingar. Terskelen for å vere fysisk aktiv i naturen bør ned. Her skal du kunne finne ly, møte andre, eller berre nyte utsikta. Dette er nemleg DI hytte, men også VÅR hytte.