Petrines Gjestgiveri -Heilt i 100

Page 12

JUNI

KONKURRANSE: MITT BESTE MINNE FRÅ PETRINES

Som nokre kanskje alt har lagt merke til, har vi spurt nokre av dei tidlegare gjestane våre om å dele eit minne dei har frå besøket hjå oss. Har DU eit minne du vil dele? Send det inn til oss og ver med i konkurransen om ein plass rundt bordet på den historiske middagen 27. august! Du kan velje mellom to format: 1) Skrive maks ei A4-side om minnet ditt eller 2) Lag ei digital forteljing i .mov- eller .aviformat eller liknande videoformat. Du må dele eit sjølvopplevd minne, men det kan godt vere frå tida det var sjukeheim her. Vi vil nytte historia på nettsida vår, eller på anna måte gjere ho offentleg. Om andre er med på bilda eller er omtalt, må du ha spurt dei om det er ok. Send historia til petrines@petrinesg.no innan midnatt 10. desember. Styret i Petrines er jury og vil kåre ein vinnar innan 1. januar.

HEILE SESONGEN

STAUDEDUGNAD

Vi drøymer om ein blømande og frodig hage! Har du ein stikling eller ein avleggar av ein staude eller ei busk frå din eigen hage, er vi veldig glade om du deler med oss. Vi spanderer ein kaffikopp i bytte om du kjem innom frå påske og ut sesongen  Vi tar imot alt, men blir sjølvsagt spesielt glade for alle gamle sortar, det vere seg urter, alle slag blomar, løkar -kva som helst. Fargepaletten bør halde seg innafor alle nyansar av rosa, lilla, kvitt, blått og grønt.

Vel møtt til eit kjekt jubileums-år, ein hektisk sesong og til å skape mange nye, gode minne frå Petrines!

Beste helsing

Susanne og alle på Petrines


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.