Page 1

Velkomen Heim til oss

Jubileumshausten 2016


PETRINES 1916-2016

JUBILEUMSARRANGEMENT

Hurra for oss, som fyller år!

For 100 år sidan sto den første aldersheimen i Norddal klar, bygd for midlar prestedottera Helene Petrine Hvidt testamenterte bort i 1913. Vi har feira gjennom heile året med ulike arrangement og no står haust- og julebordssesongen for tur! Du er sjølvsagt velkomen til å besøke oss med familie, vener og kollegaer utanom programmet, men ta helst med deg ein seks-sju stykker av dei  På siste sida finn du òg ein konkurranse der du kan dele ditt eige Petrines- minne med oss!


LAURDAG 22. OKTOBER

VILTMIDDAG

485, -

Vi serverar det beste viltverda byr på: rein, hjort og krede frå fjellheimen rundt oss. Start kvelden i Peisestova der det er fyr på peisen og noko vilt i glaset kl. 19, eller kom rett til bords kl. 19.30. Om du berre vil ha noko godt i glaset, er puben open 22-01. SØNDAG 23. OKTOBER

HANDARBEIDSSØNDAG

GRATIS

Ta med noko strikketøy eller anna handarbeid om du vil -det er ikkje obligatorisk i ha noko hendene denne søndagen  Uansett vert det triveleg lag, Agnieszka står for noko å bite i og kaffien står på heile dagen! Kom når du kan, gå når du vil. LAURDAG 5. NOVEMBER

HAUSTDUGNAD

GRATIS

På dugnadslaurdagen står vi får mat og drikke, og ei lang liste med ymse arbeidsoppgåver, og du gjer det du kan og vil. Det vert alltid ein kjekk dag i godt selskap, og vi kvitterer ut mykje godt arbeid. LAURDAG 26. NOVEMBER

UTRADISJONELL JULEBORDSBUFFET

450,-

Dette er julebordet for deg som ikkje vil «bruke opp» lukta av ribbe og kålrotstappe før det faktisk er jul. Vi lagar ein velsmakande buffet som smakar alt anna enn jul og dekker på til langbord i Restauranten. Men Juleølet frå Tonga må vi servere! 2.-16. DESEMBER

JULEBORD PÅ BESTILLING

ETTER AVTALE

I denne perioden kan de tinge tradisjonelt eller utradisjonelt julebord etter ønske. Vi setter fram buffet om de er fleire enn 25 personar, elles serverar vi på tallerken. Ring oss for å avtale tid og pris  LAURDAG 10. DESEMBER

JULEBORD OG FØRJULS PUB

450,-

Denne kvelden vert det julebordsbuffet med smakar av jul og tradisjon! Alle dei klassiske varme rettane som høyrer jula til, heimelaga sild, rull av ulike slag og sjølvsagt heimelaga brød og kaker.

MELD DEG PÅ

Alle arrangementa har påmelding seinast tre dagar før! Om du har lyst til å vere med er det fint om du melder deg på heller før enn seinare til anten telefon 922 34 820 eller epost petrines@petrinesg.no.


DEL DITT BESTE MINNE FRÅ PETRINES MED OSS OG VINN EIN MIDDAG FOR TO!

Som nokre kanskje alt har lagt merke til, har vi spurt nokre av dei tidlegare gjestane våre om å dele eit minne dei har frå besøket hjå oss. Har DU eit minne du vil dele? Send det inn til oss og ver med i konkurransen om ein middag for to! Du kan velje mellom to format: 1) Skrive maks ei A4-side om minnet ditt eller 2) Lag ei digital forteljing i .mov- eller .avi- format eller liknande videoformat. Du må dele eit sjølvopplevd minne, frå gode gamle dagar, eller frå i sommar. Vi vil nytte historiene på nettsida vår, eller på anna måte gjere ho offentleg. Om andre er med på bilda eller er omtalt, må du ha spurt dei om det er ok. Send historia til petrines@petrinesg.no innan 31. desember. Styret i Petrines er jury og vil kåre ein vinnar innan 30. Januar

PRISAR

Sjå nett-booking på Petrines.com eller ring oss for tilbod. Enkeltrom inkludert frukost frå kr. 1050,-, per person i dobbeltrom frå kr 700,-. Leilegheit på Norddalstunet startar på kr. 1590,- for første natta, og kr. 770,- per påfølgande natt utan sengetøy og frukost for inntil fire vaksne eller fem personar. Møterommet på Norddalstunet med alle fasilitetar har plass til inntil 30 personar. Vel møtt til innspurten i jubileums-året, vakre haustdagar og lun førjulsstemning på Petrines!

Beste helsing Susanne og alle på Petrines

Jubileumsprogram Petrines gjestgiveri heilt i 100 i haust  

Haustprogrammet for Petrines med viltmiddag, dugnadslaurdag og julebord -velkomen!

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you