Nyhendemagasinet 2012 nr. 3

Page 10

Tema

Kommuneplanarbeidet Arbeidet med å revidera kommuneplanen er i gong. Målet er å gjera vedtak i kommunestyret i juni 2013. Alle kommunar er pålagde å planleggja for kommunen som samfunn og som organisasjon. Kommuneplanen er eit omfattande dokument som skal gje føringar for mål, og kva retning politikarane ynskjer utviklinga i Øygarden skal ta. Kommuneplanen er delt i to bolkar, ein samfunnsdel og ein arealdel.

Samfunnsdelen av kommuneplanen

Samfunnsdelen vil femne om kommunen som tenesteytar og arbeidsgjevar. Sentrale problemstillingar vil og vera næringsutvikling, folketalutvikling og levekår for dei ulike gruppene i kommunen vår. Visjonar, mål og strategiar for arbeidet dei neste åra vil vera tufta på historisk utvikling og analysar av korleis livet for øygardværingane er no, m.a. gjennom levekårgranskingar. Samfunnsdelen er eit uttrykk for politiske ynskje for utvikling på mange samfunnsområde.

Arealdelen av kommuneplanen

Ofte er det arealdelen av planen som fører til mest debatt i lokalsamfunnet. Korleis skal me bruka kommunen sine areal for å oppnå det me ynskjer i samfunnsdelen? Kor skal me ha næringsareal? Kor skal me ha bustadar og landbruk? Kor skal folk få ha hytte, og kva område skal me setja av til fritidsaktivitetar, idrett, osb? I motsetnad til samfunnsdelen er arealdelen eit juridisk dokument, og difor bindande for kommunen når den er vedteken. Arealdelen er og underlagt overordna lover og føresegner, og må halda seg innafor dei grensene som er sette. Difor er det mange som skal uttala seg om denne delen. Innbyggjarane, fylke og stat skal ha eit ord med i laget før kommuneplanen kan vedtakast i kommunestyret. 10 Nyhendemagasinet Øygarden

Arealdelen av kommunedelplanen vil seie korleis dei flotte naturområda våre skal brukast og ivaretakast i framtida. Foto: Per Lande.

Prosessen

Planframlegget vart fremja for Planutvalet i septembermøtet, og er no lagt ut til offentleg høyring. Alle som ynskjer det kan koma med innspel eller endringsframlegg. For å få ein så god prosess som mogeleg for innbyggjarane vil ein frametter hausten halda krinsvise møte for å informere, og for å få reaksjonar på framlegget. Tid for møta vil verta gjort kjend gjennom pressa og på kommunen si heimeside.

Rong

Kommunestyret har vedteke at ein skal laga ein eigen plan for Rong og utviklinga der som eit sentrumsområde i kommunen. Denne planen vil og verta lagt ut til offentleg høyring.

Krinsmøte i samband med høyring om kommuneplan og kommunedelplan for Rongøy Det er sett opp følgjande førebels datoar i samband med høyring om revidert kommuneplan og kommunedelplan for Rongøy: • 29. oktober kl 1800 - krinsmøte for Toftøy • 30. oktober kl 1800 – krinsmøte for Blomvåg og Breivik • 31. oktober kl 1800 – krinsmøte for Alvheim, Hatten, Bakken og Hernar • 01. november kl 1800 – krinsmøte for Rongøy Alle møta vert i kantina, rådhuset på Rong. Det kan verta endring i desse datoane. Møta vert annonserte i Vestnytt, og på heimesida www.oygarden.kommune.no


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.