Nyhendemagasinet 2012 nr. 2

Page 12

Tema

Flyktningar i Øygarden Øygarden kommunestyre vedtok for perioden 2010-2012 å ta imot inntil 40 flyktningar. For perioden 2012-2014 er det vedteke å ta imot inntil 45 flyktningar. Dette er menneske som har fått varig opphald i landet, og som no skal skapa seg ein framtid i Noreg. Vi vil sjå litt på kor mange som er komne til Øygarden, og kva som vert gjort for å integrera dei. I 2010 vart det busett ti flyktingar, og i 2011 kom ytterlegare ni til Øygarden. I tillegg er det komne tre på familiegjenforeining. I 2012 har Øygarden teke imot fem born på gjenforeining med foreldre.

Busituasjonen for flyktningane Flyktningane vert for det meste busett i private bustadar. Ein kommunal bustad er og teken i bruk. Det er ønskjeleg med bufellesskap for to og to. Det vert ei utfordring for kommunen med omsyn til dei som får gjenforeining med familie. Det fører det med seg trong for nye bustadar. Husvære som er eigna for einslege kan vera vanskeleg å få tak i. Tilgong på private bustadar varierer og i vår kommune.

teknisk drift, reinhald og kyrkja. Arbeidsgjevarane ser på flyktningane som ein ressurs. Røynslene er gode, og særleg ser det ut til at tiltaka innafor pleie og omsorg har gjeve gode resultat. NAV har og lagt til rette for arbeidspraksis og AMO-kurs med norskopplæring. Det er skipa rådgjeving

Integrering Det er viktig at flyktningar vert integrerte i lokalsamfunnet så raskt som mogeleg. Øygarden har lagt til rette for denne prosessen gjennom mange tiltak. God språkopplæring er ein føresetnad for å lukkast. Norskopplæringa går over tre, fire og fem dagar i veka. I tillegg kjem elleve temamøter. Det er og etablert samtalegrupper ved helsestasjonen. Praksisplassar i arbeidslivet med ein til to dagar i veka er eit prioritert tiltak. Kommunale og private arbeidsgjevarar har samarbeidd om tiltaket. Det er oppretta praksisplassar i butikk, byggfirma, malarfirma, el-installasjonsfirma, mekanisk bedrift, og restaurant. Kommunen har lagt til rette for praksisplassar innafor omsorgstenester, 12 Nyhendemagasinet Øygarden

Illustrasjonsfoto.

for søking til vidaregåande skule, lærlingeplassar og høgare utdanning. Programmet for flyktningane går over to år. Det har som mål at den einskilde flyktning skal verta sjølvforsørgd og godt integrert i det norske samfunnet. Me skal ikkje leggja skjul på at det er utfordringar undervegs. Flyktningane er ulike som nordmenn flest med omsyn til alder, utdanning og yrkesbakgrunn. Vi må heller aldri gløyma at det er gode grunnar for at dei er flyktningar og har fått opphald. Det er ikkje vanskeleg å skjøna at å reisa frå alt som er kjent, familie og vener, til eit framand land, byr på vanskar som må overvinnast.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.